Innspel frå Den norske Forleggerforening



Like dokumenter
Frå lov til språkpolitiske retningslinjer i sektoren. Kor er me og kor går me?

Status og oversikt over det norske strategiarbeidet i UH-lova Johan Myking LLE/UiB

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

nye bøker i 2004

11. Bøker og bokomsetning

Trugar «teljekantsystemet» norsk som forskingsspråk?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Tiltaksplan

Vurdering av allianse og alternativ

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Landrapport - NORGE Situasjonen ved norske universitet og høgskoler. Møte i Nordisk parallelspråksnettverk Marielyst

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Les for livet - del 2 (Ref # )

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Kunnskapsdepartementet PB Oslo Oslo, 17. oktober 2014

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Høring - finansiering av private barnehager

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Spørjeskjema Nynorsk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

11 Eg i arbeidslivet

Til deg som bur i fosterheim år

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Begrepsundervisning. bidrag 0l å utjamne sosiale forskjellar når det gjeld borna si læring.

Kvalitet er målet med alt

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Forslag frå fylkesrådmannen

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Kvalitetsplan mot mobbing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Aurland kommune Rådmannen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10)

Emne: Norsk 1 (5-10) Kode: NO1 5-10E1

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

1. Mål med samhandlingsreforma

Omgrepet tilpassing i organisasjonsteorien

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Eit forskarblikk på prosjektet Sammen om brukerkunnskap

SOS3003 Eksamensoppgåver

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

14. Radio og TV. Liv Taule

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Nynorskopplæring i/for framtida. Kjell Lars Berge, professor i tekstvitenskap, Universitetet i Oslo k.l.berge@iln.uio.no

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Transkript:

Stortingsmelding om humanistisk forsking og utdanning Innspel frå Den norske Forleggerforening Den norske Forleggerforening ved Høyskoleutvalget er svært glade for at ein i dei kommande stortingmeldingane vil sjå på kvalitet i høgare utdanning og humanistisk forsking og utdanning. Innspela frå Den norske Forleggforening gjeld begge meldingane. Dei innspela vi her legg fram er så grunnleggande at det er vanskeleg å å plassere det inn under ei av dei fire overskriftene i invitasjonen. Det gjeld i første omgang fagintern relevans, men vil også påverke dei tre andre. Den norske Forleggerforening har to konkrete forslag som begunnes under. De er: Auke støtta i Lærebokutvalget fra ca. 5,4 millionar i dag, til ca. 10 millioner. At det blir utvikla insentiv- og belønningssystem som stimulerer til at tilsette i u&h-sektoren vil prioritere å skrive lærebøker på norsk. 1. Om Forleggerforeningen og høgskoleforlaga Den norske Forleggerforening er ein bransjeorganisasjon for forlag. Våre medlemmer representerer til saman nærare åtti prosent av bokomsetninga i Noreg. Forleggerforeningen tar hand om fellestiltak og service overfor medlemsforlaga, og har ei brei kontaktflate overfor styresmakter, organisasjonar og presse i inn- og utland. Dei akademiske forlaga som er medlemmer i Forleggerforeningen utviklar og publiserer forskingsbasert, norskspråklege lærebøker og digitale læringsressursar primært berekna for studentar ved norske universitet og høgskolar. Den norske marknaden er kjenneteikna ved fire store akademiske forlag og ei rekkje mindre. Det sørger for skarp konkurranse forlaga imellom, noko som sikrar effektiv produksjon og innovasjon, og bidrar til at norske universitet og høgskolar får tilgang til studiemateriell av høg kvalitet på papir og digitalt. At studentar ved norske universitet og høgskolar får tilgang til studiemateriell på eige språk, gir effektiv innlæring, og utgiving av studiemateriell på norsk er eit avgjerande bidrag for å sikre norsk som eit fullverdig samfunnsberande språk. Parallellspråklegheit er eit viktig prinsipp i høgare utdanning i Noreg. I det ligg det at norsk skal utviklast og ivaretakast som fagspråk og samfunnsberande språk, samtidig som engelsk skal takast i bruk som publiseringsspråk, og i undervisning, særleg på masternivå. Høg kompetanse i framandspråk står ikkje i motsetning til høg norskspråkleg kompetanse. I arbeidet fra idé til utgivelse bidrar forlagene til å foredle og kvalitetssikre tekster, og har gjennom dette opparbeidet en unik kompetanse på norsk fagterminologi, norsk fagspråk, vitenskapelig publisering og spørsmål knyttet til opphavsrettigheter innen UH-sektoren. Dette er en meget 1

ressurskrevende form for forleggeri. Markedet er fragmentert i mange ulike studier og fag, og porteføljene kjennetegnes av små opplag. Det stiller store krav til forlagenes effektivitet og kompetanse. Læremidla som blir utgitt blir altså foredlet gjennom utvelgelse og konkurranse i et marked, der akademiske forlag samarbeider både med private og offentlige aktører, og der det offentlige bidrar ved å legge til rette gjennom forutsigbare rammevilkår (moms, fastpris), og støtte der forlagene selv ikke makter å få til lønnsom produksjon (nynorsk, samisk, små fagområder). Universitets- og høyskolesektoren er tjent med en arbeidsdeling der forlagene tilbyr sin ekspertise, og det offentlige sørger for forutsigbare rammevilkår og sikrer en sunn konkurranse mellom kommersielle aktører. 2. Oppsummering Det er eit samfunnsoppdrag for norske universitet og høgskolar å sikre høg fagleg kompetanse innan alle sektorar av arbeidslivet i det norske samfunnet. I den forskinga og undervisninga som skjer i høgare utdanning, er det derfor i alle fag eit underforstått mål at kompetansen skal tilbake til samfunnet, ikkje berre i form av dyktige fagfolk på dei spesifikke fagområda/profesjonane, men også i form av generell allmennkunnskap. Dette gjeld alle fag, men i særleg grad dei humanistiske faga som forvaltarar av ei grunnleggande allmenndanning. Forskaras formidling av kunnskap om til dømes språk, religion, historie, medieuttrykk og kultur er viktigare enn nogon gong. I denne overføringa av kunnskap og innsikt tilbake til samfunnet, er språket heilt avgjerande. Derfor er det fleire vektige grunnar til å stimulere til produksjon av norskspråklege lærebøker/læremiddel for høgare utdanning i alle fag. Det første handlar om den samfunnsfunksjonen høgare utdanning har, det andre om å oppretthalde norsk som eit fullverdig samfunnsberande språk, og det tredje om kvaliteten i høgare utdanning. I tilbakeføring av kunnskap og innsikt til samfunnet er det viktig at dei som får si utdanning ved norske universitet og høgskolar får med seg eit norsk fagspråk ut i samfunnet, slik at dei kan kommunisere med omgivnadene og vere i stand til å formidle faglege innsikter på ein forståeleg måte. Eit norsk fagspråk vil her gjere ny kunnskap og innsikt meir tilgjengeleg i samfunnet generelt. Samtidig er utvikling av norsk fagspråk viktig i seg sjølv for å sikre norsk (bokmål og nynorsk) som fullverdige, samfunnsberande språk. Ny kunnskap, nye innsikter og ny refleksjon utfordrar dei språklege rammene våre og tøyer språket vårt. På nokre område nyttar ein i dag hovedsakeleg engelsk som fagspråk, på andre område har ein eit levande norsk fagspråk der forskarar utviklar terminologi og uttrykksmåtar på norsk. Denne utviklinga av norsk fagspråk er heilt avgjerande for å ha eit allmennspråk som held følgje med samfunnsutviklinga generelt, og samtidig i størst mogleg grad er tilgjengeleg for alle. I den samanheng er lærebøker på universitet og høgskolar særleg avgjerande for å halde oppe norsk terminologi og utrykksform, både i fagspråket og i allmennspråket. Kvalitet, både i forsking og utdanning, handlar om språkleg presisjon. Når det gjeld læringskvalitet og læringsutbytte, viser forsking at læring på eige morsmål har størst effekt. At det finst lærebøker og læremiddel på norsk vil altså i seg sjølv vere eit bidrag til å styrke kvalitetet i høgare utdanning og til å auke gjennomføringsgraden. Derfor meiner vi det er viktig å stimulere til produksjon av norskspråkleg lærebøker/læremiddel, ved å auke støtta i Lærebokutvalget for høyere utdanning, og å innrette finansieringsmodellen for høgare 2

utdanning slik at det blir attraktivt for vitskapleg tilsette å publisere lærebøker. 3. Dagens situasjon I dag er det særleg tre utfordringar utgiving av norskspråklege lærebøker/læremiddel står overfor. For det første førte omlegginga av gradsstrukturen frå grunnfag til bachelor til at tidlegare små, men over tid økonomisk berekraftige studentgrupper, blei erstatta av grupper så små at det ikkje lenger er økonomisk forsvarleg å utvikle pensumbøker. For det andre er den offentlege økonomiske støtta til utvikling og produksjon av lærebøker for små fag og studentgrupper historisk lav og for lav i forhold til behova. For det tredje og det er i dag det største hinderet for produksjon av norskspråklege lærebøker premierer ikkje finansieringsmodellen for høgare utdanning skriving av lærebøker. Etter det vi erfarer oppfordrar tvert om mange lærestader sine tilsette utelukkande til å bruke arbeidstid på arbeid som gir teljekantpoeng, og fleire institusjonar går så langt at dei forbyr sine tilsette å bruke arbeidstid på skrivinga av lærebøker. Universitet og høgskolar har både forsking og formidling som føremål, og har eit lovpålagt ansvar for å oppretthalde og utvikle norsk fagspråk. Mangelen på insentiv for å fremje formidling i lærebøker og fagbøker, har gitt ei truleg utilsikta - slagside som har gått ut over utvikling av norskspråklege lærebøker. I denne situasjonen trengst det altså etter vårt syn ei justering av verkemidla, slik at konsekvensane av finansieringsmodellen for høgare utdanning ikkje hindrar utvikling av lærebøker, men heller stimulerer til det. 4. Tilbakeføring av kunnskap til samfunnet I tilbakeføringa av kunnskap og innsikt til samfunnet er det viktig at dei som får si utdanning ved norske universitet og høgskolar får med seg eit norsk fagspråk ut i det norske samfunnet, slik at dei kan kommunisere med omgivnadene og vere i stand til å formidle faglege innsikter. Å formidle kunnskap om til dømes framandspråk, retorikk, medieutvikling, religiøse tendensar eller historiske linjer er eit krevjande og viktig arbeid samfunnet bør prioritere i større grad. 5. Sikre norsk (bokmål og nynorsk) som fullverdige, samfunnsberande språk Språkvitskapane inngår i humaniora, og her har norske universitet og høgskolar eit særleg ansvar for norsk språk. I Stortingsmelding 35 (2007-2008) Mål og meining blir det slått fast at er fag- og pensumlitteratur for høyere utdanning (bokgruppe 2) det strategisk viktigste feltet for å opprettholde norsk bokmål og nynorsk som samfunnsbærende språk. 6. Kvalitet i utdanning og forsking Når det gjeld kvalitet i utdanning - og for så vidt også i forsking - er eit presist og formidlande språk heilt avgjerande. Når det gjeld læringskvalitet og læringsutbytte, er det viktig at det finst gode lærebøker som maktar å formidle faglege innsikter på ein effektiv og presis måte, slik at studentane ikkje bruker tid på unødige fortolkingar, eller misforstår innhaldet. I arbeid med utgiving av 3

lærebøker, bidreg forlag til å bearbeide og tilrettelegge resultat frå forsking slik at det blir tilgjengeleg for studentar. Dette handlar ikkje berre om fagterminologi, men det handlar også om faglege uttrykksformer, det vil seie fagspråk i vid forstand. Forsking viser at læring på eige morsmål har størst effekt. Vi treng meir tid på å forstå ein engelsk tekst når engelsk ikkje er morsmålet (Karlgren og Hansen 2003; Hellekjær 2005, norsk studie), vi forstår meir når teksten er på morsmålet enn på engelsk (Söderlundh 2004, svensk studie), og vi hugsar 25 % mindre når vi les tekstar på engelsk (Guldbrandsen mfl. 2002). At det finst lærebøker og læremiddel på norsk vil altså i seg sjølv vere eit bidrag til å styrke kvalitetet i høgare utdanning. 7. Konkrete forslag Auke støtta i Lærebokutvalget fra ca. 5,4 millionar i dag, til ca. 10 millioner. At det blir utvikla insentiv- og belønningssystem som stimulerer til at tilsette i u&h-sektoren vil prioritere å skrive lærebøker på norsk. Her er det viktig å merke seg at begge desse verkemidla trengst parallellt. Forlag er heilt avhengige av støtte frå Lærbokutvalget for å kunne utgi lærebøker for små fag og små studentgrupper, og på nynorsk. For bøker på bokmål bidreg det til at det kjem ut fleire bøker, at fleire og mindre fagfelt blir dekte, og at det også kjem ut bøker på område der det er betydeleg konkurranse frå engelsk. For nynorskbøker er støtta heilt avgjerande. Samtidig må også vitskapleg tilsette ha anledning til og insentiv til å skrive slike bøker, og ikkje bli motarbeidd av eigen institusjon pga. teljekantsystemet, som berre gir insentiv til vitskapleg publisering. I dag stimulerer støtta frå Lærebokutvalet forlag til å utgi bøker, mens teljekantsystemet i praksis er til hinder for dette fordi det er svært vanskeleg å få vitskapleg tilsette til å prioritere lærebokskriving. Desse to verkemidla dreg altså i kvar si retning, og konsekvensen er at teljekantsystemet hindrar produksjon av lærebøker. For å styrke produksjon av norskspråklege lærebøker, er det heilt avgjerande at desse to verkemidla dreg i same retning - at forlag får støtte som gjer dei istand til å gi ut eit breitt spekter av lærebøker, og at vitskapleg tilsette får anledning til å skrive dette. Her minner vi igjen om det lovpålagte ansvaret norske universitet og høgskolar har for å opprettehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, slik det er knesett i St.meld. 25 (2007-2008) Mål og meining. Litteratur: Airey, J. 2009. Science, Language and Literacy. Case Studies of Learning in Swedish University Physics. Acta Universitatis Upsaliensis. Uppsala Dissertations from the Faculty of Science and Technology 81. Uppsala [online]. URL: http://publications.uu.se/theses/abstract.xsql?dbid=9547. Bogen, A. 2012. Domenetap i høyere utdanning. En analyse av pensumlitteratur i et utvalg utdanninger og utdanningsinstitusjoner i Norge. URL: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/35106/bogen_master.pdf?sequence=1. Guldbrandsen, P., T. V. Schroeder, J. M. og M. Nylenna 2002). Skjerm eller papir, morsmål eller engelsk: Når husker skandinaviske leger best hva de har lest? Ugeskrift for Læger (2002) (27). 4

Hellekjær, G. O. 2005. The Acid Test: Does Upper Secondary EFL Instruction Effectively Prepare Norwegian Students for the Reading of English Textbooks at Colleges and Universities. Oslo: University of Oslo. Karlgren, J. og Hansen, P. 2003. Cross-language relevance assessment and task context. Foredrag presentert på Advances in Cross-Language Information Retrieval. Third Workshop of the Cross- Language Evaluation Forum, CLEF 2002, Roma, Italia. Kristoffersen, G., M. Kristiansen og U. Røyneland. 2013. Landrapport Norge. Språkpolitiske grunnlagsdokumenter, internasjonalisering og parallellspråklighet i teori og praksis ved norske universitet og høgskoler. URL: http://nordiskparallelsprogsnet.blogs.ku.dk/files/2013/04/landrapport-norge_01.04.131.pdf. Norsk i Hundre. URL: http://www.sprakrad.no/upload/9832/norsk_i_hundre> pdf http://cip.ku.dk/pdf/publ/underviseres_holdninger_til_engelsk_som_undervisningssprog.pdf/. Schwach, V., S.S. Brandt og C.F. Dalseng. 2012. Det gikk pa engelsk og norsk, engelsk og norsk. En undersøkelse av språk i pensum på grunnivå i høyere utdanning. Rapport 7/2012. http://www.nifu.no/norway/publications/2012/nifu%20webrapport%207-2012.pdf Språkstatus 2012. Språkrådet 2012. (http://www.sprakradet.no/nb-- NO/Politikk-- Fakta/Spraakpolitikk/Sprakstatus/Sprakstatus-- 2012/) Stortingsmelding nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. URL: http://tinyurl.com/79ng68t. Stortingsmelding nr. 14 (2008-2009) Internasjonalisering av utdanning. URL: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-14-2008-2009-.html?id=545749 Söderlundh, H. 2004. Lika bra på engelsk? En undersökning av hur studenter i Sverige förstår kurslitteratur på svenska respektiva engelsk. Språk och Stil 14. 5