Strategiplan NFF Sogn og Fjordane 2020 2023 Evaluering 2019
Innleiing NFF lagar i desse dagar ny Strategiplan for 2020-2023. Planen skal leggast fram på Forbundstinget på Ullevål 07.-08.03.20 Intensjonen er at viktige arbeidsområde frå noverande plan held fram med auka fokus, dvs. klubbutvikling/kvalitetsklubb, landslagsskulen, jente og damesatsing, kompetanseutvikling trenar/leiar og trenarveiledarutdanning. I tillegg vil berekraft vere eit område. I og med den nasjonale er i prosess, ønskjer NFF Sogn og Fjordane å vente med eit endeleg strategidokument til planen er ferdig. Kretsstyre ønskjer å sette nokre konkrete utviklingsmål for vår krets, som retningsgjevande for vidare arbeid i 2020-2023. Til sist i hefte vil de sjå ei statusevaluering av dialogkorta 2019, som på sett og vis er ei evaluering av sesongen 2019. Det viktigaste for kretsstyre å formidle ved inngangen til ein ny planperiode er at utvikling er eit samspel mellom: NFF-krets-klubb, altså NFF mot felles mål 2
Satsingsområde-NFF Ingen endring på hovudsatsingsområda Kvalitetsklubb Klubbutvikling Leiar Trenar Dommar Klubbutvikling Kompetanse Jente og damefotball Spelarutvikling Fleire aktive utøvarar, trenarar og leiarar Landslagsskulen I tillegg fokus på; SAMFUNN OG BEREKRAFT SAMFUNNET OG BEREKRAFT Mål: Vi må legge til rette betre for frivillige. Arbeidet med berekraft skal gjere fotballen sine positive bidrag og effektar synleg men vi må også gjere tiltak på område vi kan bli betre på, t.d. innanfor klima og miljø. Vi skal aktivt jobbe med å implementere berekraftige løysingar og auke kunnskap i heile fotball-norge. Fotballen si berekraft er avhengig av engasjement og frivillige. Prioriterte prosesser: Synleggjere kva vi alt gjere av aktivitet og tiltak som tangere berekraftmåla. Konkretisere mål og ambisjona, for berekraft i forbund, kretsar og klubbar Samarbeide med kommersielle partnarar om relevant kompetanse, aktuelle tiltak og aktivitet. Arbeide aktivt for gode rammevilkår. Utvikle anlegg som stettar miljøkrav Vi må bli betre på myndigheitskontakt, der det er mogeleg og naturleg, sentralt og lokalt. JENTER OG KVINNER I FOTBALLEN Mål: Betre kjønnsbalanse, på og utanfor bana. Vårt mål er at alle som vil skal kunne spele fotball. Vi skal jobbe vidare med å utlikne kjønnsbalansen i organisasjonen. Vi har ein ambisjon om å auke jenteandelen av våre aktive spelarar. Vi skal også rekruttere og skulere fleire jenter og kvinner i verv og stillingar i klubb, krets og forbund. Særskilt leiarar, trenarar og dommarar. Prioriterte prosesser: Utvikle ein strategi for kvinnefotballen i Norge Legge til rette for tilbod til begge kjønn i flest mogelege klubbar Rekruttere fleire jenter og kvinner i forbund, krets og klubb Utdanne fleire kvinnelege trenarar, leiarar og dommarar Utvikle konkurransane og den sportslege attraktiviteten for dei beste talenta Styrke toppklubben si langsiktige sportslege satsing og utviklingsarbeid. 3
SPELARUTVIKLING Mål: Gje fleire spelarar moglegheit til å bli best mogeleg. Vi skal jobbe for at det skal vere tett samanheng mellom spelarutviklingsarbeidet som skjer i klubbane, kretsane, Landslagsskulen og i aldersfastlagde landslag. Vi skal sikre god systematikk og sportsleg samanheng i arbeidet. Det skal leggast individualiserte og tilpassa løp for våre største talent, og vi skal ha eit auka fokus på å sikre utvikling av spelarar som er født seint på året. God trenerutvikling er ein føresetning for god spelarutvikling. Prioriterte prosesser: Styrke samhandlinga mellom krets, klubb, Landslagsskulen, aldersfastlagde landslag Optimalisere spelaren sitt utviklingsløp i overgangen ung-vaksen Utvikle fleire og betre trenarar som ein føresetnad for god spelarutvikling Vidareutvikle Landslagsskulen som berande spelarutviklingsmodell i aldersgruppa 12-16 Utvikle ein klubbvariant av Landslagsskulen som bli integrert i Kvalitetsklubb KLUBBUTVIKLING Mål: Gjere klubbkvardagen betre og enklare. Bidra til at toppklubbane blir konkurransedyktige internasjonalt. Klubben er grunnmuren for all fotballaktivitet. Motivasjonen er konkurranse, fellesskap og idrettsglede. Ein klubb med god styring og struktur er ein føresetnad for kontinuitet på leiarsida og god rekruttering og utvikling for aktive. Kvalitetsklubbkonseptet er innført som verktøy for god klubbutvikling. Stikkord er struktur og kompetanse i nøkkelroller og i arbeidet med rekruttering av frivillige. Prioriterte prosessar: Styrke samspelet mellom NFF og klubbane i arbeidet med struktur og kompetanse i breiddeklubbene ved å vidareutvikle Kvalitetsklubbkonseptet Legge til rette for god leiaropplæring som sikrar rekruttering og kontinuitet på leiarsida Innføre sportslege standardar for toppklubbane på kvinnesida Tettare samhandling med toppklubbane, og interesseforeiningane TFK og NTF Bidra til toppklubbane (menn og kvinner) si langsiktige sportslege satsing og utviklingsarbeid, og sikre at arbeidet skjer med utgangspunkt i relevante internasjonale referansar LANDSLAGA: Mål: Styrke landslaga sin posisjon som flaggskip for NFF og optimalisere sjansane for at våre landslag skal kunne prestere på høgt internasjonalt nivå. Landslaga sitt viktigaste mål er å inspirere barn og ungdom som spelar fotball og begeistre heile det norske fotballpublikummet. Det målet nåast best ved at vi har landslag som presterer godt i internasjonale kampar og meisterskap. Det er naudsynt med ei styrking av landslagssatsinga for å legge til rette for at Norge skal delta og prestere i meisterskap framover. Prioriterte prosesser: Vidareutvikle eit leiande toppfotballmiljø med spisskompetanse på internasjonal toppfotball Vurdere landslagsaktivitet for fleire alderssegment Tettare og meir skreddarsydd oppfølging av våre største talent i samråd med klubbane Styrke rammene rundt landslaga sine heimekampar Tilgang på gode fasilitetar og standardar for førebuing til landskampar KOMPETANSE Mål: Utdanne og utvikle fleire og betre trenarar, leiarar og dommarar. Trenarar, leiarar og dommarar har nøkkelrollar i utvikling av fotball. NFF skal legge til rette for utdanning og vidareutvikling gjennom forbetring av kurs- og utdanningstilbod på alle nivå. Kompetente trenarar, leiarar og dommarar bidreg til at vi held våre aktive lengst mogeleg og til at dei utviklar seg til å bli best mogeleg. Vi skal jobbe for å utvikle topptrenarar til det høgste internasjonale nivå og bidra til utvikling av kompetente fotballeiarar som skal ivareta langsiktige strategiar i fotballen. 4
NFF si trenarutdanning skal møte profesjonskrava og vere blant dei beste i Europa. Det skal også fokuserast på etterutdanning, og samhandling med andre utdanningsinstitusjonar og individualiserte utviklingsløp. Prioriterte prosesser: Utvikle ein strategi for forbundet som utdanningsinstitusjon Styrke målet om ein sameint organisasjon gjennom digitaliseringsprosjektet til NFF Tilby klubbnære kurs ved å nytte breiddeklubbane sin kompetanse i utdanningsaktivitet Vidareutvikle NFF si trenarutdanning, profesjonalisere rettleiarapparatet og nytte digitale verktøy (e-læring) for å forbetre kommunikasjon og administrasjon av trenarkurs/utdanning. Etablere nye planer for utvikling og oppfølging av trenartalent Rekruttere fleire dommarar og vidareutvikle toppdommarar Gode løp for etterutdanning Styret i NFF Sogn og Fjordane NFF Sogn og Fjordane ønskjer at klubbane engasjerer seg i høve utviklinga av norsk fotball, og at vi i lag blir enno betre på måloppnåing. «NFF mot felles mål» handlar om felles innsats. Som styreleiar er det viktig å påpeike at kjerneaktiviteten er sport, i tillegg til å vere godt organiserte, ha gode anlegg og ha med alle, er det viktig å fokusere på sportsleg utvikling. Gode trenarar/godt utdanna trenarar i leiinga av våre senior og aldersfastlagde lag er viktig for å lage gode resultat og gode einskildspelarar. Det å ha toppspelarar, toppdommarar og topplag i og frå fylket er viktig. Våre klubbar må legge til rette for at dei som vil, kan nå langt. Vårt fokus på dei beste må ikkje gå ut over trivsel og kollektiv samhandling. Skal vi lukkast må det utøvast godt leiarskap, og praktisere «klubben er sjef». Tydelege og gode leiarar bør vere vårt varemerket. Vi treng gode sportsplanar, trenarar og trenarutviklarar som står fram og viser veg. Vårt beste verktøy er KVALITETSKLUBB, og fleire må vere med oss på utviklingsreisa mot nivå 1. Kretsstyret sitt mål for komande planperiode er at kretsen skal ha dei best skulerte leiarane og trenarane i landet, i barne- og ungdomsfotballen ønskjer vi å vere over sentrale krav. Kvar klubb bør ha ei kompetanseoversikt og ein plan, som sikrar at alle nivå i klubben har rett skulering. Kretsen har lagt vekt på å utvikle ein organisasjon av friviljuge og tilsette, som i stor grad skal hjelpe klubbane å nå mål i høve desse flotte utviklingsprosjekta. Dersom vi skal lukkast må samspelet krets og klubb vere tett og godt. Kretsen si oppgåve er å hjelpe klubbane med utvikling og kompetanse, og ikkje minst tilby organisasjonsutviklings prosjekt som Kvalitetsklubb, for å gjere klubbane gode og livskraftige. Vi har tru på utvikling gjennom samhandling og er opptatt av å skape gode møteplassar, vi nemner sonemøter, lagleiarmøter, fair play/miniputt kick off, kretstyre sine klubbesøk, miljø helg/ting/ osv. I tillegg kurs og fagsamlingar. Det at klubbane syner interesse utover daglege gjeremål og deltek, er avgjerande for å finne gode løysingar og halde opp kvalitet og aktivitet. Lukke til! Robert Endestad Leiar NFF Sogn og Fjordane 5
Felles innsatsområde 2020-2023 a) Styrke samarbeidsrelasjonen til Vestland fylke/vestland IK og NFF Hordaland b) Styrke samarbeidsrelasjonar krets-klubb, møtestadar og treffpunkt c) Fleire tilsette i klubb. Minst 6 nye klubbar bør ha DL/fagstilling i heil/deltid (50% +) d) 16 kvalitetsklubbar ved utgangen av 2023. 70 % av barn og unge skal vokse opp i ein kvalitetsklubb (ca. 2 nye klubbar pr. år) e) Talet på treningshallar og 11-ar hallar skal doblast frå 3 til 6 f) Relasjonsleiing, som grunnleggande metodikk på kurs og samlingar g) Kompetanse: Klubbstyre og lagleiarar skal så langt mogeleg ha Leiar 1 kurs Trenararkompetanse o 6-8 år, min. del 1 o 9-10 år, min del 2 o 11-12 år, min del 3 Ungdomsfotball, min grasrottrenar/ B lisens Trenarveiledarar i min. 16 klubbar h) Jente/damefotball. 5 % aktivitetsvekst på alle nivå (aktive, leiarar, trenarar og dommarar) KPI Nasjonale MÅL Landslagsskulen Vidareutvikle: Følgje opp nye retningslinjer for landslagsskulen Toppgruppe jenter/gutar (alt etablert i NFF S&Fj) Samarbeid Toppklubb-krets, t.d akademiklassifisering/nasjonale seriar Jente og damefotball Vidareutvikle: Kvalitetsklubbprosjektet med tanke på likestilling Sonemøter-dialog klubb med fokus på rekruttering Trenarveiledarprosjekt for jenter/damer (min. 6 klubbar) Toppklubbsatsing Fleire kvinnelege trenarar, leiarar og dommarar Klubbutvikling Vidareutvikle: 16 klubbar sertifisert ved utgangen av 2023, minimum 2 nye årleg. Skape gode møteplassar for Kvalitetsklubbane Styrke mentorkorps Styreinvolvering gjennom klubbmøter Leiarutdanning Vidareutvikle: Klubbstyremedlemmar og lagleiarar bør ha Leiar I kurs 6-8 Leiar 1 kurs årleg 6
1 stk Leiar II kurs/1 stk. leiar III kurs årleg Sonemøter 12 Kretsstyrebesøk i klubb årleg Trenarutvikling Drømmetrenaren, årleg tiltak Trenarveileder, årleg tiltak Kompetanseplanar-eit mål for kvar klubb Registrere rett kompetanse i FIKS Fleire jenter/dame trenarar Grasrot trenaren Ca. 500 på delkurs grasrottrenarkurs (min, 125 jenter) B- lisens spelarutvikling KPI kretsvise Mål Dommar 80 dommarar 70 rekruttdommarar 200 klubbdommarar Satse på Norcore-utviklingstiltak 25 klubbar med dommaransvarleg o Systematisk oppfølging klubb Inkludering/Integrering Søkje om og fordele midlar til klubbar som driv integrering Søkje om og fordele midlar til klubbar som driv inkludering Arbeide for at fleire miljø engasjerer seg Arbeide for at faste arrangement, t.d Byrkjeloleikane og landsturn. blir følgt opp Samfunnsarbeid Følgje opp nasjonalt Fair Play graogram, med lokale tilpassningar Arbeide med vidare med utviklingsavtale med idrettskrins/fylke Følgje opp samarbeid med Trygg Trafikk/Bama frukt og grønt /miljø og berekrafttiltak Anlegg Realisere fleire treningshallar og 11-ar hallar Rehabilitering Stette miljøkrav, samarbeid fylket Påfølgande sider, evaluering av; KPI Nasjonale MÅL 2019 KPI Lokale Mål 2019 7
KI 01 Kretsstyret 8
KI 02 Dommarutvikling 9
KI 03 Marknadsarbeid 10
KI 04 Inkludering og integrering 11
KI 05 Klubbutvikling 12
KI 06 Samfunnsarbeid 13
KI 07 Anlegg 14
KI 08 Administrasjon 15
KI 09 Organisasjon 16
SI 02 Utvide og styrke NFFs kapasitet til å gjennomføre grasrottrenerkurs 17
SI 03 Igangsette NFFs trenerveiledersatsing i klubb 18
SI 06 Kvalitetsklubb 19
SI 08 Jente og damefotball 20
SI 13 Landslagsskulen 21
22