3692 Sauland Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett Møtedato: 28.04.2014 Møtestad: Tuddal skule Møtetid: Kl. 09:00 Fellestransport frå Kommunehuset kl. 08:30 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 22.04.14 Halldis Farstad Nilsen leiar Drøftingssaker. Sakliste Sak nr. Saktittel 003/14 GODKJENNING AV MØTEBOK 004/14 NAV TELEMARK - VERKSEMDSSTRATEGI I PARTNERSKAP MOT 2020
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Råd for eldre og menneskje med nedsett 28.04.2014 003/14 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-, K2- Arkivnr.: 14/1887 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå 03.03.2014 blir godkjent slik ho ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret Utval for levekår og kultur Råd for eldre og menneskje med nedsett BR BR 28.04.2014 004/14 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-020, K2- Arkivnr.: 14/1812 NAV TELEMARK - VERKSEMDSSTRATEGI I PARTNERSKAP MOT 2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 03.04.2014 NAV NAV TELEMARK - VERKSEMDSSTRATEGI I PARTNERSKAP MOT 2020 Vedlagde dokument: Dokument nr. 2 Saksgang: Rådet for eldre og menneske med nedsett gir uttale Utval for Levekår og Kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: I samarbeid med NAV-leiinga i Telemark tok rådmannsutvalet i KS Telemark i 2012 initiativ til å utarbeide ein verksemdsstrategi for NAV fram mot 2020 med hovudfokus på samarbeidsrelasjonen mellom NAV og den einskilde kommune i fylket. Verksemdsstrategien er utarbeidd av ei mindre arbeidsgruppe samansett av to rådmenn, to NAVleiarar og ein representant for KS BTV. Føresetnaden for at strategien skal ha den effekten som er ønskjeleg er at strategien har god forankring hos partane i partnerskapet. Det er difor ønskjeleg at alle kommunestyra tek standpunkt til strategien. Strategien har følgjande føremål: - betre levekåra for vanskelegstilte - bidra til økonomisk tryggleik - fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv samfunnsdeltaking - alle skal ha moglegheit til å leve og bu sjølvstendig
- utsette barn og unge skal prioriterast i eit heilskapeleg og samordna tenestetilbod - likeverd og likestillings skal fremjast, og tiltaka skal førebygge sosiale problem Vurdering: Verksemdsstrategien for partnerskapet NAV og kommunane bygger på status for dagens situasjon. Det setjast mål for kva ein skal oppnå mot 2020, og partane har eit felles ansvar for å nå måla. Partnerskapet er tenkt som ein arena for å få til gode resultat lokalt og regionalt, der verksemdsstrategien har ein overordna funksjon for å legge ambisjonane og peike på viktige prioriteringar. Med verksemdsstrategien som overordna verktøy skal det fastsettast lokale årlege mål for arbeidet basert på analyse av den faktiske situasjonen, og med NAV-statistikk, KOSTRA-tal og anna relevant materiale som hjelpemidlar. I strategien er det føreteke ei overordna prioritering, der behovet for å få flest mogleg i arbeid er høgast prioritet, og der ungdom under 30 år er fyrste prioritet. Ut over dette nemnast også mellom anna aktivitetskrav, auka gjennomføringsprosent i vidaregåande utdanning og tilrettelegging for å inkludere fleire med nedsett arbeidsevne. Verksemdsstrategien har preg av å vere eit godt gjennomarbeidd dokument. Vektlegginga av menneskeverdperspektivet ved at arbeid skaper sjølvstende og individuelt handlingsrom er gjennomgåande og i tråd med eit positivt menneskesyn. Ut frå dette er strtategien eit godt grunnlag for vidare arbeid med lokale målsettingar. RÅDMANNEN TILRÅR: Hjartdal kommune godkjenner verksemdsstrategien for partnerskapet NAV/kommunane i Telemark mot 2020. Saksordførar: