RAPPORT MILJØUNDERSØKING



Like dokumenter
LIVET I FJÆRA. Illustrasjoner: Stein Mortensen. Tegnforklaring: Rød triangel indikerer en introdusert art.

RAPPORT MILJØUNDERSØKING

Havbrukstjeneten AS 7260 Sistranda

Tilsagn om konsesjon iht akvakulturloven om tillatelse til hold og dyrking av makroalger på landlokalitet Skjellvik i Gildeskål kommune

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Guide til spiselige alger

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING TILHØVE OG STABILITET TILTAK... 2

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Det søkes om et lokalitetsareal på 350 dekar for en årlig produksjon på 1750 tonn.

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s Vurdert område s 46

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Kulturhistoriske registreringar

Storåna, Sandnes kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

LOKALITETSKLASSIFISERING

MILJØOVERVÅKING NORDGULEN 2013/2014 Undersøkelse av gruntvannssamfunnet i Nordgulen. Elkem AS Bremanger Smelteverk

Lokalitetstilstand 1

Nynorsk. Innhaldsforteikning

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Havbrukstjenesten AS 7260 Sistranda

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 144/229 - deling av eigedom - Borvika -

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

HAVTARE AS - LOKALITET KJENESET - ETABLERING AV TAREPRODUKSJON I FLYTENDE ANLEGG

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

KULTURHISTORISK REGISTRERING

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Fylkesmannen i Hordaland fant 6 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

FAGLIG INNLEVERING ALGESONERING LINJEANALYSE AV ALGER I FJÆRA, NINA LARSEN, student nr

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Vestlandet ein stor matprodusent

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Statnett SF Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet, Suldal kommune Utlegging til offentleg ettersyn

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Strandsone. Lokalitet nr.: Dato: Marine Harvest AS avd. ST- Stamfisk

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN

Overvåking av makroalgesamfunn i fjordområdene i Hordaland 2014 R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 2077

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

Granvin herad Sakspapir

Rapport nr RESIPIENTGRANSKING MOMB LOKALITET VIKANE. Masfjorden kommune

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

DET NORSKE VERITAS. Rapport Marinbiologisk problemkartlegging i Nordgulen Strandsoneundersøkelse. Nordfjord vassområde v/ Gloppen kommune

SÆRUTSKRIFT - MELDING OM POLITISK VEDTAK - AVFALLSGEBYR 2015.

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

8. Museum og samlingar

VOLLASETRA I SUNNDAL

BESKRIVELSE AV ALGER

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 12/2,7 - fylling i sjø - Dalsjøen - Ølve - Kvinnherad kommune

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Risingskurs Luster 2012

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

10/ /K2-L32//AEM

Forbrukerrådets husleiekontrakt

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Synfaring av strandsona ved settefiskanlegget til Marine Harvest Norway AS, avd Herand i Jondal Kommune R A P P O R T. Rådgivende Biologer AS 1125

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Transkript:

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 1 av 48. RAPPORT MILJØUNDERSØKING MARINE HARVEST NORWAY BRUDEVIKA J.nr. 1519-09 STRANDSONEGRANSKING JUNI 2009 Matfiskanlegget ved Brudevika består av plastringar, her sett mot havet i nordvest. [foto JAHjuni09]

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 2 av 48. Innhald MILJØUNDERSØKING Oppdrag 3 Område og lokalitet 5-7 Gjennomføring 8 Bakgrunn 9-10 Observasjonar 11 A. Generelt Befaring i strandsona 11 B. Spesielt Prøvestasjonar 12-13 C. Åramstranda Referanselokalitet 14 Oppsummering Konklusjon 15 Vedlegg: Fotodokumentasjon Satelittfoto over Stad og ytre Sunnmøre, lokaliteten ved Brudevika avmerka med raudt [www.norgeibilder.no].

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 3 av 48. Oppdrag På oppdrag frå Marine Harvest Norway AS har utført ei enkel strandsonegransking av selskapet si matfisklokalitet ved Brudevika i Vanylven kommune. Granskinga er påkrevd og opplegget klarert av Fylkesmannen si Miljøvernavdeling i Møre og Romsdal i samband med søknad om utviding av matfisklokaliteten. si kontakt ved Marine Harvest Norway AS er Miljø- og myndighetskoordinator Arne Kvalvik. Opplegget inkluderer: Fotodokumentert gransking av strandsona med fokus på ulike typar ureining: o fysisk : flytande gjenstandar som driv i land (plast m.v.) o kjemisk : direkte/synleg påslag av kjemiske komponentar (feitt m.v.) o biologisk : status/endringsteikn på biologisk artsmangfald (makroalgar) Granskingsavgrensing: o Innanfor potensielt påverknadsområde : ref. dominerande straum og vind m.v. o Horisontalt : strandsona rett aust for anlegget, inkl. vika vest for Koparneset o Vertikalt : om lag frå marebek -beltet og ned til vasslina ved fjøre sjø o Redusert detaljnivå der det evt. er fysiske hindringar i strandsona o To prøvestasjonar innanfor område som er potensielt påverka av anlegget o Referansestasjon i upåverka område, lik eksponeringsgrad, lystilgong etc. o Stasjonar førehandsgodkjente og avmerka på kart (GPS posisjonsbestemt) o Andre potensielle utslepp/kjelder til ureining/eutrofiering blir også omtala Detaljgrad på stasjonsnivå: o Makroalgeflora (grov ruteanalyse ): arter, mengdefordeling etc. o Beskriving av søppel og anna ureining i strandsona: feitt, plast, kloakk m.v. o Foto av strandsona generelt og stasjonar spesielt (oversikt/detalj etter behov) Gjennomføring: o Feltarbeid: tidleg juni 2009 (må ha god start på makroalgevekst) o Oppfylgjande feltarbeid: til same tid i 2011 (etter utslakta 09-utsett av laks) Rapportering: o Oppsummering/konklusjon av evt. funn av ureining o Likskap/ulikskap mellom prøvestasjonar og referansestasjon o Vurdering av rimeleg/sannsynleg kjelde/årsak til evt. ureining (om mogleg)

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 4 av 48. Strandsonegranskinga er utarbeidd av og beskrive i brev datert 28. april 2009 (sjå vedlegg), og er på førehand godkjent av Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Rapporten gjev også ein kort oppsummering av produksjon av oppdrettsfisk på lokaliteten, dvs. total periode/produksjon, biomasseutvikling m.v. Foto av den granska strandsona sør for matfiskanlegget i Brudevika [foto JAH juni09]. Tlf.: 57 85 08 90 Fax.: 57 85 15 58 e-post.: post@fjordlab.no

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 5 av 48. Område og lokalitet Lokalitet Brudevika ligg yst i Vanylvsfjorden, like vest for Fiskå, i Vanylven kommune. Matfiskanlegget her, som tilhøyrer Marine Harvest Norway AS, har vore i drift sidan ca 1990. Kart frå området aust for Stad på Sunnmøre, lokaliteten i Brudevika er merka med pil [www.fiskeridir.no]. Vanylvsfjorden er ein stor og djup resipient, med 300 m djup midtfjords, noko minkande mot ein terskel på om lag 100 m djup i nord, dvs. vest for Sildevågen. Få andre oppdrettsanlegg er i Vanylvsfjorden, derav matfisklokalitet for torsk ved Furuholmen og Stokkeneset i søraust, matfisklokalitet for laks ved Beitveit og Lundebrekke i nordvest/sørvest, og landbasert påvekstanlegg for torsk ved Sighaug i sør. Lokaliteten Brudevika er relativt open og ubeskytta særleg for vindeksponering frå sør og nord. Kart frå yste (nordlege) del av Vanylvsfjorden, med Brudevika. [GarminMapSource6.9.2-BlueChartAtlantic8.0]

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 6 av 48. Målte verdiar for straum på lokaliteten er syner ein tydeleg overflatestraum langs land, dominerande i sør søraustleg retning, men også noko i nordaustleg retning (sjå straumrose under, ved 5 m djup). Straumroser frå måling av straum ved 5 m djup (venstre) og 15 m djup (høgre) ved anlegget på Brudevika. Basert på ein tydeleg overflatestraum langs land (nord/sør), med dominans av søraustleg retning, er det mest relevant å prioritere strandsonegransking søraust for matfiskanlegget på Brudevika: generell gransking + to prøvestasjonar. Men også strandsona i nord er inkludert: generell gransking her + ein prøvestasjon (sjå kart med innlagt straumrose og prøvestasjonar under). Sjøkart med innlagt straumrose (frå måling av overflatestraum, ved 5m djup) ved matfisklokaliteten i Brudevika. Prøvestasjonar i strandsona, søraust og nord for anlegget, er merka med raudt [GarminMapSource6.9.2-BlueChartAtlantic8.0].

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 7 av 48. Matfiskanlegget består av plastringar med god innbyrdes avstand mellom, noko som gjer at avfall frå anlegget (fôrspill/feces) blir godt fordelt i resipienten. Stålanlegg er meir kompakte, og lokalitetar med slike anlegg har vesentleg større risiko for punktbelasting. Detaljkart med matfiskanlegget i Brudevika. [Olex-M.Svoren/MHN] Historisk oversikt over produksjon av oppdrettslaks på lokalitet Brudevika 1 : 1997 1999: ca 1400 tonn produsert pr år (2340 MTB) ca 1 år brakklegging mellom generasjonene 2000 (juni-des.): 1123 tonn produsert (1347 tonn fôr, 2340 MTB) 2001 (jan.-aug.): 696 tonn produsert ( 835 tonn fôr, 2340 MTB) 2002 (mai-des.): 870 tonn produsert (1044 tonn fôr, 2340 MTB) 2003 (jan.-des.): 2272 tonn produsert (2726 tonn fôr, 2340 MTB) 2004 (mai-des.): 798 tonn produsert ( 957 tonn fôr, 2340 MTB) 2005 (jan.-des.): 2207 tonn produsert (2648 tonn fôr, 2340 MTB) 2006 (apr.-des.): 1135 tonn produsert (1362 tonn fôr, 3120 MTB) 2007 (jan.-nov.): 2861 tonn produsert (3433 tonn fôr, 3120 MTB) 2008 (apr.-des.): 2322 tonn produsert (2415 tonn fôr, 3120 MTB) 2009 (jan.-aug.): 2449 tonn produsert (3012 tonn fôr, 3120 MTB) 1 Ref. Jan Petter Kosmo, Feeding coordinator, Marine Harvest Norway AS region West.

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 8 av 48. Gjennomføring Granskinga som er rapportert her gjeld strandsona ved Brudevika. Strandsone ved Åram, er nytta som referanse. Stasjonar og område for strandsonegransking er beskrive i brev frå Fjord-Lab til Marine Harvest Norway, datert 28. april 2009. For å finne optimalt tidspunkt for strandsonegransking (dvs. lågvatn) er nettenesta Tidevann og vannstand for Norskekysten frå Statens Kartverk, Sjøkartverket, nytta: Tidevatn ved Brudevika (alle over) og Åram (til venstre) i perioden for strandsonegransking: Brudevika: 9. og 12. juni 2009 Åramstranda: 11. juni 2009 [http://vannstand.statkart.no] I den aktuelle periode var veret si verknad på vasstanden mest gunstig om kvelden (lågast vasstand). Basert på dette var strandsonegransking utført etter fylgjande oppsett: Brudevika, sør : den 9. juni 09, ca kl. 17.00 20.00 Åram : den 11. juni 09, ca kl. 19.00 21.00 Brudevika, nord : den 12. juni 09, ca kl. 19.00 21.30

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 9 av 48. BAKGRUNN Observasjon av fysisk påverknad i strandsona kan visuelt vere rimeleg greitt, og ofte kan gjenstandar av natur /utsjånad gje eintydig indikasjon på opphav/kjelde til ureininga. T.d. er det rimeleg å anta ein storsekk av plast (nytta til fôr) kjem frå ei oppdrettsverksemd. Når det gjeld påvisning av og kjemisk påverknad frå t.d. feitt og kobber, så kan det vere vanskeleg med stor sikkerheit å fastslå kjelde/opphav. Både fôrspill/feces frå oppdrettsfisk og fiskebåtar som skyljer lasterom etter transport av fangst kan gje opphav til feitt, og kobber vert nytta både som impregneringsmiddel til oppdrettsnøter og til impregnering/botnstoff for båtar. Observasjon av biologiske faktorar i strandsona, og evt. endra økologisk artssamansetnad av disse (makroalgar), så er dette komplekse system som vil inkludere både lokale og regionale årsaker/ kjelder (næringssalt m.v.) forutan mange fysiske faktorar, der mange er ukjente i betydning/omfang. Påverknad som direkte kan tilbakeførast til påverknad frå oppdrettsverksemd er dermed vanskeleg, og det vil truleg vere knytt stor usikkerheit til slike vurderingar. Overvaking av prøvestasjonar ved ein oppdrettslokalitet t.d. før og etter ein produksjonsutviding parallelt med overvaking av aktuelle referansestasjonar vil imidlertid kunne gje interessant kunnskap. Dette for evt. å kunne påvise indikasjon på endring over tid. GRØNALGAR Tarmgrønske, havsalat og grøndusk er vanlege grønalgar langs kysten. I næringsrikt vatn og i brakkvatn kan slike grønalgar bli dominerande og vere teikn på overgjødsling (eutrofi). Havsalat, sjøsalat (Ulva lactuca) er ein bladaktig grønalgeart, vanleg langs heile kysten frå fjæresona og ned til ca 15 m djup. Blada er danna av to cellelag og blir vanlegvis 10 15 cm i diameter, men i grunne bukter med næringsrikt vatn kan ein finne eksemplar med inntil 1 m 2 store blad. Algen minner om salat, noko den også har vore nytta som. Grønalgeslekta tarmgrønske (Enteromorpha) fins i sjø og brakkvatn med ca 10 artar langs heile kysten i Norge, og er vanlegast i brakkvatn og ureina næringsrikt vatn. Den er greina eller ugreina og består av to adskilde cellelag slik at algen er hol og gassfylt. Vanleg tarmgrønske (E. intestinalis) er ugreina, inntil 30 40 cm høg, og voks ofte i fjærepytter. Grønalgeslekta grøndusk (Cladophora) veks i ferskvatn, brakkvatn og sjø i alle deler av verda, og har forgrena tråder med berre ein cellerad. Artsbestemming er vanskeleg pga. stor variasjon i utsjånad og farge avhengig av voksestad. Vanleg grøndusk (C. rupestris) veks ofte på fjell nedst i fjæra, gjerne under sagtang, med 5 10 cm høge, mørkegrøne busker. Nokre artar veks laustliggjande på botn og kan danne masseforekomster i beskytta viker og brakkvasslaguner ved auka næringstilgang (eutrofi).

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 10 av 48. BRUNALGAR Tang- og tare er brunalgar som fins langs heile kysten frå øvst i fjæra og ned til 20 30 m djup (fotisk sone). Dei ulike artane opptrer i bestemte vertikale nivå eller soner. Tang: øvst i fjæra veks den minste arten sauetang (Pelvetia canaliculata) med "puter" yst på greinene, nedanfor fylgjer spiraltang (Fucus spiralis) med midtribbe og blærer yst på greinane, blæretang (Fucus vesiculosus) med tydeleg midtribbe og parvise blærer, grisetang (Ascophyllum nodosum) utan midtribbe og enkle blærer, og nedst sagtang (Fucus serratus) utan blærer og med sagtakka greiner. Skolmetang (Halidrys siliquosa) med avlange blærer yst på greinane veks like under fjærenivå. Tare: frå lavvassnivå fins tareartane butare (Alaria esculenta) med eit langt blad, og fingertare (Laminaria digitata) med flika blad. Noko djupare veks stortare (Laminaria hyperborea) med inntil 2 3m høg stiv stamme og langt flika blad. På beskytta stader fins sukkertare (Laminaria saccharina) med ein uflika bølga bladplate. Martaum (Chorda filum) har ugrena tråder som i laupet av sumaren kan bli fleire meter lang på beskytta stader. Det er uvisst om endra artssamansetnad av brunalgar (tang) i fjæresona grunna påverknad frå t.d. oppdrettsverksemd (feitt eller næringssalt frå feces/fôrspill m.v.), fins dokumentert. RAUDALGAR Raudalgar veks helst på djupt vatn, og ofte som påvekstorganismar på brunalgar (stortare, grisetang m.fl.), men nokre artar som t.d. fjærehinne (Porphyra sp.) og er vanleg på eksponerte svaberg i fjøra. Eksempel på nokon vanlege tangartar i fjøra (frå oppe til venstre): Sauetang, Spiraltang, Blæretang, Grisetang (med påvekst av tråda raudalgar), Sagtang, Tarmgrønske [foto JAH juni09]

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 11 av 48. Observasjonar På granskingstidspunktet var det rimeleg bra ver, sol/overskya og opphald. Tidspunktet var tilpassa lågt tidevatn, og utført ved tilnærma fjøre sjø, dvs. sjø på veg ned (fellande). Det er både utført ein generell befaring/gransking av heile den aktuelle strandsona (jfr. slepestrek på kart), og dessutan spesiell gransking av utvalde stasjonar (3 stk) med omsyn på førekomst av makroalgar. Observasjonane i strandsona er samanlikna mot ein referanselokalitet (med 2 stasjonar) ved Åramstranda. A. GENERELT - BEFARING I STRANDSONA 1. Kjemisk påverknad Det var ikkje påvist nokon synleg påverknad i form av feitt eller likn. i det granska strandsone-området. 2. Fysisk påverknad I småviker og øvre del av strandbeltet (strandflater), var det stadvis drivgods som til dels hadde låge lenge i sjø og fjøresteinar (avrunda kantar, stor slitasje, dvs. av eldre dato). Treverk: greiner, fjøler m.v. (rekved). Plast: flasker, kanner, bokser, bøtter, baljer, bøyer, tau, sekkar, flak, isopor, slanger, stoler og leikety. Metall: rusta tønner, røyrdeler, maskindelar, vedovn, fryseboks, kjøleskap m.v. Anna: eternittplater, fotball, leikety.. 3. Biologisk påverknad Generelt i det granska strandsoneområdet var makroalge-vegetasjonen innanfor normal variasjonsbreidd. Nedanfor beltet av marebek dominerte vanlege typar brunalgar (tang). Stadvis var det påvist grønalgar som kan vere indikator på lokal tilførsle av gjødsel/næringssalt (eutrofiering), men disse var ofte samlokalisert med og i avrenningsfelt frå ferskvassutslepp (naturlege bekkar, utsleppsrøyr frå land m.v.), noko som går fram av vedlagte fotodokumentasjon. Stadvis i nord blei det påvist eit tynt grønalge- slør på svaberg. Makroalge-vegetasjonen er nærare beskrive på prøvestasjonane. 4. Opphav til påverknad Drivgods kan ha mange ulike opphav: i hovudsak truleg frå båttrafikk (avfall kasta/mista på sjøen), men også frå lokal landbasert aktivitet/verksemd ( tatt av vinden ). Å fastslå opphav til absolutt alt materiell er forøvrig vanskeleg/umuleg, men noko kan av natur gje ein indikasjon på opphavet. Stadvis var strandsona påverka av aktivitetar på land (den respektive grunneigar?), og m.a. må ulike metallgjenstandar truleg tilskrivast dette (dumping/kassering). Ferskvass/jordbruksavrenning som opphav til produksjon av grønalger i fjøra var klår. I hovudsak fann ein lite påverknad av strandsona som det er naturleg å tilskrive oppdrettsverksemd forutan truleg storsekk, noko tauverk og isopor.

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 12 av 48. B. SPESIELT PRØVESTASJONAR BRUDEVIKA Kart med GPS-posisjon for prøvestasjonar (049, 050, 058) og slepestrek for strandsonebefaring. [GarminMapSource6.9.2-BlueChartAtlantic8.0] ÅRAMSTRANDA Kart med GPS-posisjonar for stasjonar (057, 053) og slepestrek for strandsonebefaring. [GarminMapSource6.9.2-BlueChartAtlantic8.0]

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 13 av 48. BRUDEVIKA 1. Stasjon (049): N62 0 06.475 /E05 0 26.169 Stasjonen består av rullestein, små og mellomstor stein, med lys fin skjelsand under og lengst nede. Vegetasjon av makroalgar observert i strandsona på stasjonen: Sone Art Latinsk namn Dekningsgrad, ca Kommentar Øvst Sauetang Pelvietia canaliculata 0 % Spiraltang Fucus spiralis 15 % Blæretang Fucus vesiculosus 30 % Grisetang Ascophyllum nodosum 0 % Nedst Sagtang Fucus serratus 20 % Generelt Grønalgar (ulike artar) 2 % Grøndusk, Sjøsalat (eit eks.).. Raudalgar (ulike artar) 2 % Krusflik, Rekeklo.. (?) 2. Stasjon (050): N62 0 06.808 /E05 0 25.997 Stasjonen er ein steinstrand med mellomstore/store steinar (v/ svaberg med forankringsfeste til anlegget). Vegetasjon av makroalgar observert i strandsona på stasjonen: Sone Art Latinsk namn Dekningsgrad, ca Kommentar Øvst Sauetang Pelvietia canaliculata 0 % Spiraltang Fucus spiralis 5 % Blæretang Fucus vesiculosus 40 % Grisetang Ascophyllum nodosum 20 % Også påvekst av ulike tråda rødalgeartar 1 Nedst Sagtang Fucus serratus 20 % Andre brunalgar (ulike artar) 15 % Strandtagl 2, Tanglo 3.. Generelt Grønalgar (ulike artar) 5 % Grøndusk.. Raudalgar (ulike artar) 5 % Rekeklo m.fl... 1 Rekeklo (Ceramium sp.)/grisetangdokke (Polysiphonia lanosa) m.v., 2 Chordaria flagelliformis, 3 Elachista fucicola 3. Stasjon (058): N62 0 07.632 /E05 0 24.331 Stasjonen består av svaberg med liten stein, og innimellom enkelte mellomstor stein. Vegetasjon av makroalgar observert i strandsona på stasjonen: Sone Art Latinsk namn Dekningsgrad, ca Kommentar Øvst Sauetang Pelvietia canaliculata 20 % Spiraltang Fucus spiralis 5 % Blæretang Fucus vesiculosus 20 % Grisetang Ascophyllum nodosum 0 % Nedst Sagtang Fucus serratus 35 % Andre brunalgar (ulike artar) 5 % Strandtagl 1, Tanglo 2, Fjørehinne 3.. Generelt Grønalgar (ulike artar) 5 % Grøndusk, Tarmgrønske.. Raudalgar (ulike artar) 2 % Krusflik 4, Raudlo/Dokke 5.. 1 Chordaria flagelliformis, 2 Elachista fucicola, 3 Porphyra spp., 4 Chondrus crispus., 5 Bonnemaisonia hamifera/ Polysiphonia spp.

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 14 av 48. C. ÅRAMSTRANDA - REFERANSELOKALITET 1. Stasjon (057): N62 0 11.651 /E05 0 28.845 Stasjonen består av oppsprukket svaberg, med enkelte mellomstor/stor stein. Vegetasjon av makroalgar observert i strandsona på stasjonen: Sone Art Latinsk namn Dekningsgrad, ca Kommentar Øvst Sauetang Pelvietia canaliculata 10 % Spiraltang Fucus spiralis 5 % Blæretang Fucus vesiculosus 15 % Grisetang Ascophyllum nodosum 40 % Også påvekst av tråda rødalgeartar 1 Sagtang Fucus serratus 25 % Også påvekst av tråda brunalgeartar 2 Nedst Skolmetang Halidrys siliquosa 0 % Generelt Grønalgar (ulike artar) 5 % I hovudsak grøndusk, tilknytt fjærepyttar 1 Rekeklo (Ceramium sp.)/grisetangdokke (Polysiphonia lanosa) m.v. 2 Tanglo (Elachista fucicola). 2. Stasjon (053): N62 0 11.811 /E05 0 29.043 Stasjonen er ein rullesteinstrand, med stein av alle storleiker. Vegetasjon av makroalgar observert i strandsona på stasjonen: Sone Art Latinsk namn Dekningsgrad, ca Kommentar Øvst: Sauetang Pelvietia canaliculata 0 % Spiraltang Fucus spiralis 5 % Blæretang Fucus vesiculosus 40 % Også påvekst av tråda brunalgeartar 1 Grisetang Ascophyllum nodosum 0 % Sagtang Fucus serratus 30 % Nedst: Skolmetang Halidrys siliquosa 0 % Generelt Grønalgar (ulike artar) 5 % I hovudsak grøndusk 1 Tanglo (Elachista fucicola). Helst burde alle observasjonsstasjonar bestå av svakt og jamt hellande svaberg, men dette kan ikkje sikrast når stasjonane skal veljast ut frå kart og godkjennast på førehand, og ikkje basert på befaring. Referanselokaliteten inkluderer ein stasjon med svaberg og ein med rullestein, noko som inneber ein bra variasjon i påvekstsubstrat for makroalgane. Utover dette ser ein at den naturlege variasjon er stor mellom dei to stasjonane, både når det gjeld førekomst av artar og deira innbyrdes dekningsgrad. På dei to referansestasjonane er alle forventa tangartar påvist, men på rullesteinstranda finn ein ikkje sauetang og grisetang. Referansestasjonane har og ein viss førekomst av grønalgar (5 % dekningsgrad på begge stasjonar) utan at ein finn direkte verskvassavrenning her, og ein må forvente at førekomst av litt grønalgar er naturleg for området/regionen.

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 15 av 48. Oppsummering - Konklusjon Ved generell befaring av strandsona i potensielt påvirka område i hovudstraumretninga frå oppdrettsanlegget i Brudevika (dvs. nord og søraust for anlegget), finn ein få teikn på fysisk ureining som truleg kan skuldast drifta ved anlegget. Noko plast (tau, storsekk) og kanskje også andre generelle plast gjenstandar, kan vere frå anlegget. Men andre saker, t.d. gjenstandar og reiskap frå hushaldning, jordbruk, fiske, har anna opphav. Det er ikkje påvist teikn til feitt eller feitt-liknande belegg i strandsona. Observasjon av makroalgar som biologisk faktor i strandsona, og samanlikning av prøvestasjonar innanfor potensielt påvirka (Brudevika) og upåvirka område (Åramsstranda), syner ingen indikasjon på at påverknad frå oppdrettsverksemda har endra den økologiske artssamansetnad av makroalgar. Alle forventa og normalt førekomande makroalgar (tang) er representert på prøvestasjonane ved Brudevika, og er innanfor den naturlege variasjon ein finn t.d. ved referansestasjonane på Åramstranda. Førekomst av grønalgar som ved dominans kan vere teikn på overgjødsling (eutrofi) er påvist stadvis i nord: på ein prøvestasjon (då primært tilknytt ferskvassavrenning og fjørepyttar) og som eit tynt grønalge- slør på svaberg. Grønalgar er også påvist på referansestasjonane. Granskinga finn klår indikasjon (med ei rekkje dokumenterte eksempel) på at ferskvass/ jordbruksavrenning generelt gjev opphav til auka produksjon av grønalgar i strandsona. Strandsonegranskinga ved Brudevika er første del av ei overvaking ved oppdrettslokaliteten før ei produksjonsutviding. For evt. å kunne påvise indikasjon på endring over tid (etter utviding) skal dei same prøvestasjonar overvakast og granskinga gjentakast om to år (juni 2011), dvs. etter ein produksjonsperiode. Dette parallelt med overvaking av dei aktuelle referansestasjonar på Åramstranda. Måløy, 31. August 2009 Jan Arne Holm Cand.real.

Strandsonegransking MHN Brudevika - juni 2009: side 16 av 48. Vedlegg Som dokumentasjon er vedlagt totalt 441 stk foto frå strandsonegranskinga, derav 209 + 189 stk frå Brudevika (460 + 413 MB) og 43 stk frå referansestasjonen Åramstranda (93 MB).