NORDFJORDRÅDET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 19.10.2009 Møtetid: Kl. 10:00 12.00 Møtestad: Vågsøy kommune, kommunestyresalen i Rådhuset Saksnr.: 036/09-036/09 Forfall meldt frå følgjande medl. Roger Silden Edvin Haugen Følgjande varamedl. møtte Klaus Iversen Siv Kristensen Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Leiar Sonja Edvardsen Sekretær Martin Lyngstad Orienteringssaker: Leiaren sitt brev av 19.10.09 til Helse Førde v/adm.dir. om plan for ortopediske tenester i Helse Førde. Leiaren sitt utkast til brev til Helse Førde om opning av ruspost på Nordfjordeid. Rektorane Ove Bjørlo og Karl Ottar Runderheim orienterte om undervisningstilbodet i vidaregåande skule for 2010 2011 og utsiktene på lengre sikt. Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal orienterte om stenging av Sandane Lufthamn og kva det vil bety for reisande i regionen. Dette med bakgrunn i brev frå Vågsøy kommune. Han har bede om møte med fylkeskommunen om saka. Han informerte og om kontakt med Samferdselsdepartementet om saka. Underskrifter: Sonja Edvardsen leiar
Sakliste Sak nr. Saktittel 036/09 Samhandlingsreformen - ny helsereform - drøfting
NORDFJORDRÅDET Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Nordfjordrådet 28.09.2009 030/09 MLY Nordfjordrådet 19.10.2009 036/09 MLY Avgjerd av: Saksbeh.: Martin Lyngstad Arkiv: Objekt: H00 Arkivsaknr 09/1586 Samhandlingsreformen - ny helsereform - drøfting Prenta vedlegg: Ingen Bakgrunn for saka: Som vi er kjent med bebuda Regjeringa for ei tid tilbake innføring av ei Samhandligsreform. Det har vore gjennomført fleire orienteringar om emnet og 19.06.09. kom St.meld.nr.47 (2008-2009) om Samhandlingsreforma. Dette dokumentet er på 150 sider og vert naturleg nok ikkje lagt ved saka. Ved å ta opp denne som sak i Nordfjordrådet ynskjer leiar å få i gang ei drøfting Nordfjordkommunane mellom der vi ser på utfordringar og mulegheiter oss imellom. Det er ikkje lagt opp til at vi skal fatte vedtak i saka. I våre drøftingar må vi ha med oss at vi er partar i ein søknad om midlar til eit samarbeidsprosjekt som omfattar kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde. Saksutgreiing: Frå samandraget til St. meldinga vert sitert: Dagens og framtidas helse- og omsorgsutfordringer står i fokus i denne stortingsmeldingen. Hovedutfordringene er knyttet både til et pasientperspektiv og et samfunnsøkonomisk perspektiv. Vurdert i forhold til begge disse perspektivene bygger stortingsmeldingen på at betre samhandling bør være et av helse- og omsorgssektorens
viktigste utvikligsområder framover. Vektlegginga av dette utviklingsbehovet står ikkje i motsetning til en oppfatning om at dagens tjenester har mange kvaliteter og at di fleste pasientene tas hånd om på en god måte. Det er en god helse- og omsorgstjeneste som skal gjøres betre. Samtidig leggest det i meldigen ikkje opp til at samhandlingstiltak skal være det enerådende utviklingsperspektivet framover. --- I stikkords form peikar meldinga på 3 utfordringar: 1) Pasientane sitt behov for koordinerte tenester er ikkje gode nok i dagens system fragmenterte tenester. 2) Tenestene er prega av for liten innsats for å begrense og forebygge sjukdom. 3) Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbildet gir utfordringar som vil kunne true samfunnet sin økonomiske bæreemne. Etter at meldinga er behandla i Stortinget vil Regjeringa arbeide vidare etter desse hovedgrepa: 1) Klarare pasientrolle. 2) Ny framtidig kommunerolle. 3) Etablering av økonomiske insentiver. 4) Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke sin spesialiserte kompetanse. 5) Tilretteleggje for tydelegare prioriteringar. Stortingsmeldinga legg til grunn ein føresetnad om at kommunane skal få eit større ansvar i framtida og for å få dette til er det forventa eit vesentleg samarbeide kommunane mellom og mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Det heiter m.a. : Det legges også opp til et forpliktende avtalesystem mellom kommuner/samarbeidende kommuner og helseforetak om blant annet oppgavefordeling og samarbeid. Av framtidige kommunale tenester, og som krev samarbeide for å kunne gjennomføre, vert nemnt: Kommunale lærings- og mestringstjenester - Tidlig intervensjon ved for eksempel type 2-diabetes, kols, demens og rus. Tverrfaglige team, herunder ambulante, med særskilt fokus på kroniske sykdommer som type 2-diabetes, kols, demens, rehabilitering/habilitering, lindrende behandling, psykisk helse og rus. Behandling av pasienter før, i stedet for og etter sykhusinnleggelse. Vurdering: Som nemnt innleiingsvis er det leiar sin tanke at vi skal starte drøftingane med Nordfjord som utgangspunkt. LEIAR SI TILRÅDING: Saka vart drøfta. 28.09.2009 NORDFJORDRÅDET NFRÅ-030/09 VEDTAK:
Saka vart drøfta, men vert teke opp på ekstramøte 19.10.09 Samrøystes 19.10.2009 NORDFJORDRÅDET Leiar innleia kort om Samhandlingsreforma ei helsereform for den framtidige helsetenesta. Rådet drøfta: o Kommunane sine utfordringar til å yte opp mot den nye reforma o Samarbeid i Nordfjord o Kommunesamanslåing o NFRÅ-036/09 VEDTAK: Saka vart drøfta. Samrøystes.