BUSTADBYGGINGS- PROGRAM 2012-2016



Like dokumenter
Bustadområde i sentrum. Vurdering

Utviklingstrekk Fræna kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Framtidige behov for hjelpemiddel

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Fylkesstatistikk 2010

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

BOLIGBYGGEPROGRAM

Framlegg for revidering Gbnr. 15/129 m.fl., Eivindvik, reguleringsplan for Øvre Stølen I,II og III

Framlegg for revidering Gbnr. 15/129 m.fl., Eivindvik, reguleringsplan for Øvre Stølen I,II og III

Nord-Aurdal kommune Utvalssak. Arealdelen til kommuneplanen , behandling 2

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Reguleringsplan for Torhaugmyra aust - Eigengodkjenning

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Planlegging for mangfald. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Gardermoen

Arbeidsliv

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

MØTEBOK Tysnes kommune

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

-Ein tydeleg medspelar. Ålesund kommune 2015

-Ein tydeleg medspelar. Haram kommune 2015

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

HORDALANDD. Utarbeidd av

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Lønnsundersøkinga for 2014

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Reguleringsplan for Gaupne sentrum - Ambulansegarasje

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Granvin herad Sakspapir

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Bygging av Fv 107 Jondalstunnelen

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Befolkningsutvikling. Figur 1

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

8. Museum og samlingar

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Vestlandet ein stor matprodusent

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Transkript:

BUSTADBYGGINGS- PROGRAM 2012-2016 FRÆNA KOMMUNE VEDTEKE I KOMMUNESTYRET 04.02.2013

Innleiing Politikarane har valt tilrettelegging for bustadbygging som eit av kommunen sine fire satsingsområde i kommuneplanen sin samfunnsdel 2005-2017. Det er vidare sagt at satsingsområdet skal iverksettast i eit bustadbyggeprogram. I følgje utkast til planstrategi 2012-2016 for Fræna kommune, skal Bustadbyggingsprogrammet reviderast i lys av positiv befolkningsutvikling, endring i preferansane for kor ein ønskjer å bo, aukande etterspurnad etter attraktive tomter og kommuneøkonomi. Sist utgåve av Bustadbyggingsprogrammet vart vedtatt i kommunestyret 07.06.2010, gjeldande i perioden 2010-2014. Derfor er det no tid for ein revisjon. Det vert som sist utarbeida ein kortversjon av programmet. Vi ser på folketalsutvikling, arbeidsplassdekning og pendling i første del av programmet. Andre del seier litt om status i dei eksisterande bustadfelta, nye felt som er innteikna i kommuneplana/regulert og kva felt vi bør prioritere framover. I tillegg har vi sett på totalkostnad for grunnkjøp, regulering og opparbeiding av nye felt. Generelle utviklingstrekk Folketalsutvikling i Fræna kommune I løpet av de siste åra har kommunen hatt ein jamn positiv vekst i folketale, og pr. 1. januar 2012 var innbyggartalet på 9484. 1 Folketalsutvikling Fræna kommune (1983-2012) 9600 9400 Folkemengde 9200 9000 8800 8600 8400 1983 1985 1987 1989 1991 1993 1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009 2011 År Figur 1: Folketalsutviklinga i Fræna kommune de siste 30 åra fram til 2012, faktiske tal (SSB). I løpet av de siste åra har Fræna kommune hatt positivt og stabilt fødselsoverskott (fleire fødde enn døde). At kommunen har hatt nedgang i folketalet nokre år, kjem av at utflyttinga er større enn innflytting og fødselsoverskot til saman. Når ein ser på fødselstal i Norge, ligg Møre og Romsdal i toppen når det gjeld samla fruktbarheit, med 1,99 barn per kvinne i 2011. Berre Sog og Fjordane, Rogaland og Vest- Agder har høgare fertilitetstal. Samtidig viser utviklinga i tal fødde at det blir fødd stadig færre barn i Møre og Romsdal. Dette heng først og fremst saman med at talet på kvinner i aldersgruppa 15-49 år går ned. 1 Tal frå www.ssb.no 2

I Fræna kommune held fødselstala seg jamt. Gjennomsnitt for perioden mellom 1997 til 2001 var 112 fødslar per år, for 2002-2006 var gjennomsnittet 109 fødslar, og for perioden 2007-2011 var talet igjen 112 fødslar per år. Framskriving av folketalet Statistikk med framskriving til 2040 viser ein sterk vekst i folketalet. Om den høge netto innvandringa held fram, kan Fræna kommune allereie i år 2016 sjå innbyggartal over 10000. Årstal Alder 2012 2016 2020 2025 2030 2035 2040 0 år 109 125 133 142 149 154 159 1-5 år 586 620 685 734 780 817 840 6-12 år 903 941 930 1024 1106 1175 1232 13-15 år 387 401 423 405 457 496 528 16-19 år 539 520 551 576 569 638 689 20-66 år 5712 5944 6087 6352 6632 6913 7199 67-79 år 853 1074 1275 1389 1424 1488 1622 80-89 år 327 319 349 458 650 741 766 90 år eller eldre 68 91 84 92 102 149 212 I alt 9484 10035 10517 11172 11869 12571 13247 Tabell 1: Framskriving av folketalet i Fræna kommune frå 2012 og fram til 2040 (SSB), alternativ MMMH er nytta 2. Når det gjeld framskrivinga av folketalet i aldersgrupper, ser ein jamn vekst i alle aldersgruppene. Når ein ser på framskrivinga i talet på eldre, kan ein sjå ein meir markert utvikling. I aldersgruppa 67-79 år, kan ein dobling ventas i løpet av dei neste 25 åra. Når det gjeld aldersgruppa 80 89 år held tale seg relativt stabilt framover i nokre år, men frå år 2025 vil denne gruppa fordoble seg fram mot år 2040. For aldersgruppa 90 år og eldre kan ein tredobling forventas. Andelen eldre i befolkninga vil auke mykje, samstundes som andelen av befolkninga som er 20 og 66 år vil verte relativt mindre. Dette er ein tendens ein ser i heile landet, og det ser ut som Fræna kommune vil leggje seg på same linje som resten av fylket og med kommunar med innbyggartal mellom 7000 og 20000. Tilflytting I løpet av 2011 auka folketilveksten med 160 menneskjer i Fræna kommune, der fødselsoverskottet stod for noko av veksten (35) og resten kom frå nettoinnflytting (125). I 2011 var netto innflytting til Fræna frå andre stadar i Norge på 26 personar, medan netto innvandring var på 99 personar. Ved inngangen til 2012 var det 591 innvandrarar busett i Fræna kommune. Dette svarar til om lag 6 prosent av befolkninga i kommunen. Dei største gruppene av innvandrarar, om vi held norske statsborgarar utanfor, hadde landbakgrunn frå Polen, Litauen og Tyskland. SSB har statistikk over kvifor innvandrarane busett seg i Fræna kommune. Arbeid og familie er vanlegaste grunn til innvandring. Nesten halvparten innvandra for å arbeide (45,5 prosent), medan 42,5 prosent innvandra til Fræna på grunn av familie. Familieinnvandrarane kan deles inn i to grupper: dei som kjem samtidig med eller for å forenes med familien sin, og dei andre som kommer til Norge for å gifte seg med en person busett her. Åtte prosent av innvandrarane i Fræna har kome på grunn av flukt. Dei fleste av desse kjem frå Eritrea, Somalia, Irak og Afghanistan. To prosent kjem på grunn av utdanning. Au pairer har utdanning som 2 Det blir tatt utgangspunkt i Statistisk sentralbyrå (SSB) sitt alternativ med høg nettoinnvandring (middels fruktbarheit, middels levealder, middels innanlandsmobilitet og høg netto innvandring) i kommunen si planlegging, forkorta MMMH. 3

innvandringsbakgrunn. Dei siste to prosent har ikkje oppgitt noko grunn til kvifor dei flyttar til Fræna kommune. Tal frå 2011 viser at halvparten av innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal er i aldersgruppa 20 til 44 år, og ein femtedel er i aldersgruppa 45 til 66 år. Fylket har høy sysselsetting blant innvandrarbefolkninga, rundt 70 prosent. Prosentdelen sysselsette innvandrarar i heile Norge var på same tida 62,8 prosent. Folketalsutvikling i krinsane Tabell2 syner folketalsutviklinga i dei ulike grunnkrinsane i Fræna kommune frå 1980 og til 2012. Skulekrins Grunnkrins 1980 1990 2000 2010 2012 Endring (%) 1980-2010 Endring (%) 2010-2012 Stavik/Løset Stavik 276 285 283 274 260-0,7-5,1 Løset 547 597 711 786 858 9,1 9,2 Til saman: 823 882 994 1060 1118 28,8 5,5 Søre Fræna Hoem 173 176 153 146 157-15,6 7,5 Valle 258 273 283 308 326 19,4 5,8 Helset 365 394 404 435 486 19,2 11,7 Sande 223 206 197 192 183-13,9-1,7 Til saman: 1019 1049 1037 1081 1152 6,1 6,6 Haukås Haukås 1867 2172 2378 2510 2630 34,4 4,8 Sylte/Malme Sylte 810 776 756 825 873 1,9 5,8 Malme 529 539 602 604 607 14,2 0,5 Til saman: 1339 1315 1358 1429 1480 6,7 3,6 Hustad/Farstad Skotten 256 259 255 221 198-13,7-10,4 Farstad 474 472 427 451 444-4,9-1,6 Vassenden 321 280 244 227 248-29,3 9,3 Nerland 333 265 244 188 197-43,5 4,8 Hustad 343 333 335 333 350-2,9 5,1 Skarset 175 161 128 119 123-32,0 3,4 Vikan 219 194 172 145 152-33,8 4,8 Til saman: 2121 1964 1805 1684 1712-20,6 1,7 Bud Bergset 354 326 309 278 272-21,5-2,2 Bud 788 793 776 766 787-2,8 2,7 Gule 428 391 348 343 310-19,8-9,6 Til saman: 1570 1510 1433 1387 1369-11,7-1,3 Fræna 8747 8916 9005 9336 9484 6,7 1,6 Tabell 2: Folketalsutvikling alle grunnkrinsar i Fræna kommune, 1980 til 2012 (SSB). Det var registrert 9484 innbyggarar i Fræna kommune ved inngangen til 2012, 160 fleire enn året før. Den relative folketalsauken var på 1,7 prosent, og dette er svært gode tal samanlikna med nabokommunane. Tabell 2 viser folketalsutviklinga i dei 6 skolekrinsane og dei 19 grunnkrinsane i kommunen, i en periode på 32 år. Tabellen visar dei faktiske innbyggartala for kvar grunnkrins for kvart 4

tiår frå 1980 til 2010, saman med talet på innbyggarar per 1.1.2012. Til høgre i tabellen har ein rekna ut den prosentvise endringa frå 1980 til 2010, og frå 2010 til 2012. Relativt var folketalsauken sterkast i Søre Fræna de siste 2 åra, med 6,6 prosent. Stavik/Løset, Haukås, Sylte/Malme og Hustad/Farstad har og hatt positiv folketalsauke. Bud har hatt ein nedgang i folketalet i same periode. For perioden mellom 1980 og 2010 er det større variasjon. Relativt var folketalsauken sterkast i Haukås krins mellom 1980 og 2010, veksten var på heile 34,4 prosent. Stavik/Løset hadde og stor vekst, 28,8 prosent. Det er Løset som står for denne veksten, Stavik hadde tilbakegang i same periode. De to siste åra har ulikheta mellom Stavik og Løset blitt forsterka. Søre Fræna hadde vekst i folketalet mellom 1980 og 2010 på 6,1 prosent. Det er stor variasjon mellom dei fire grendane. Valle og Helset hadde sterk vekst, og Hoem og Sande hadde nedgang. Utviklina er meir positiv om ein ser på tala frå 2010 til 2012. Då er det berre Sande som har nedgang i folketalet. Sylte hadde stabilt folketal i perioden mellom 1980 til 2010. De to siste åra kan ein sjå vekst i folketalet på 5,8 prosent. Malme hadde stor vekst i perioden mellom 1980 til 2010, men veksten har flata ut etter 2010. Mellom 1980 til 2010 hadde Hustad/Farstad relativt sterk nedgang i folketalet. Størst nedgang finn vi på Nerland med 43,5 prosent. Vikan, Skarset, Vassenden og Skotten hadde og stor nedgang i same periode. Frå 2010 til 2012 har dei fleste grendane snudd den negative utviklinga og ein ser no positiv folketalsutvikling her. Skotten har framleis stor nedgang og Farstad ein liten nedgang. Dei andre grendane har vekst på mellom 3,4 og 9,3 prosent. Bergset, Gule og Bud hadde tilbakegang i folketalet i perioden mellom 1980 til 2010. Størst var nedgangen på Bergset (21,5 prosent) og Gule (19,8 prosent). De siste to åra er denne nedgangen ikkje fullt så sterk, og grenda Bud har ein positiv folketalsutvikling sidan 2010. Arbeidsplassdekning og arbeidspendling Tal frå SSB visar at Fræna hadde 3513 personar sysselsatt per 1. 1. 2011. Arbeidsplassdekninga i kommunen er på vel 70 prosent, noko som betyr at det er færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar i kommunen. Pendling blir skapt der det er underskot på arbeidsplassar i forhold til arbeidsstyrken. I Møre og Romsdal er det høg utveksling av arbeidskraft mellom kommunane. Nærare ein av fire sysselsette i fylket var pendlarar i 2011, det betyr at ein av fire kryssar minst ei kommunegrense på veg til eller frå arbeid. Med utgangspunkt i pendlarstraumar og geografi er det mogleg å dele Møre og Romsdal inn i fire bo- og arbeidsmarknadsregionar: Søre- Sunnmøre, Nordre- og Indre Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Pendlarstraumen mellom desse er høvesvis låg. Fræna er ein stor pendlarkommune. Heile 45,7 prosent av dei sysselsette busett i kommunen arbeider i andre kommunar, i faktiske tal utgjer det 2267 personar. Til samanlikning er det 817 personar som pendlar inn til kommunen. Dei fleste (79 prosent) pendlar til nabokommunane Molde, Eide, Aukra, Gjemnes og Averøy. Det gjeld og for innpendling til Fræna, dei same nabokommunane står for 78 prosent av dei som bur i andre kommunar medan dei har arbeidsplassen sin i Fræna. Når ein ser på pendlarstraumane i Romsdalsregionen, ser ein at Molde er ein stor innpendlarkommune. Den største bidragsytaren er Fræna. 1451 arbeidstakarar jobbar i Molde medan dei bur i Fræna. Til samanlikning er det 344 innbyggarar i Molde som pendlar til Fræna kommune. I Molde var 38 prosent av innpendlarane frå dei omkring liggande kommunane sysselsett i varehandelen -, hotell og restaurantverksemd. Ein stor del av innpendlinga til Molde var dessutan sysselsett i næringar som kan samlast under nemninga 5

offentleg forvalting og anna tenesteyting. Molde og Fræna er ein del av ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion, og nyt godt av den geografiske nærleiken til kvarandre. Bustadbygging Fræna er inne i en periode med positiv befolkningsutvikling, og det naudsynt fortsatt å leggje til rette for bustadbygging i kommunen. Det er viktig å sikre god spreiing i bustadmarknaden både når det gjeld geografisk område, storleik på tomtene og bustadtype. Samtidig må ein ta omsyn til kommunen sin økonomiske situasjon. Gjennomsnittleg befolkningsvekst de siste 10 åra er om lag 0,6 prosent per år. Med same befolkningsvekst dei neste fire åra betyr det ein auke i folketalet i Fræna kommune frå 9484 per 1. januar 2012 til 9700 den 1. januar 2016. Med snitt på om lag 2,2 personar per husstand vil det krevje om lag 100 nye bustader i fireårs-perioden. Kommuneplanen sin arealdel viser fleire områder for framtidig busetnad i alle deler av kommunen. Bustadbyggingsplanen skal vere verktøyet for å prioritere rekkefølgje og utbyggingstakt for dei kommunale felta. På den måten vert kommunen i betre stand til å styre bustadbygginga og dermed leggje til rette for fortsatt befolkningsvekst. Fræna kommune har som uttalt politikk at det skal vere tilgang på byggeklare tomter i kommunale bustadfelt i alle grendekretsar slik at folk som ønskjer å busette seg i Fræna kommune har valfridom til kvar i kommunen dei vil å busette seg. I utgangspunktet er det sagt at dette skal vere kommunale felt, men vi har dei siste åra fått ein oppblomstring av private bustadfelt som kan avhjelpe etterspurnaden etter byggeklare tomter like godt som dei kommunale. Men det er viktig at det vert bygd ut felt i kommunal regi da desse tomtene ofte ligg lågare i pris da desse vert seld etter sjølvkostprinsippet. Det er områder med få eller ingen fleire tomter att som opplever press. Pr i dag er det ikkje tilstrekkeleg med nye tomter å tilby. Slike områder tyder på at dei er attraktive å bu i. Det er stor byggeaktivitet i aksen Tornes-Malmefjorden og i grensa mot Aukra, og Fræna kommune ser det som nødvendig å legge til rette for fleire tomter her. Ein må også sjå på kva slags bustader folk etterspør når ein skal planlegge felt for framtida. Sentrumsnære lettstelte bustadar for eldre, rimelege leilegheiter for førstegongsetablerarar og minstepensjonistar, tomannsbustadar osv. Status på noverande og framtidige bustadfelt Nedanfor vil vi sjå på status i noverande felt og kva som er planlagt for framtida i eksisterande del av arealdelen av kommuneplana. Vi ser på både kommunale og private felt i kvart enkelt planområde. Når det gjeld framtidige felt er det fleire av felta som kan bli vanskeleg å få bygd ut pga manglande gang- og sykkelvegar. Det er Statens vegvesen som er ansvarleg for utbygging av desse og kan kome med motsegn om dei ikkje er bygd. Når det gjeld storleik på framtidige bustadtomter bør det vere både store og små tomter tilgjengeleg, men at majoriteten bør ligge på mellom 800 og 1100 kvadratmeter. Farstad: 6

Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Farstad Farstad (B12) 0 80 Litt Sandblåst (B1) 7 80 Ingen Farstad (privat utbyggjar) 0 Ca 430 Litt Det har ikkje vore ledige tomter i kommunale felt på Farstad siden 2010. Tidlegare var det ein del spørsmål om ledige tomter på Farstad, men det har vore liten etterspørsel i seinare tid. Ved Farstad sentrum er det innteikna ei utviding av eksisterande felt i retning Tverfjell (B13) i kommuneplana. Det er ikkje sikkert utvidinga vil gje attraktive tomter, og det er delar av område som ikkje kan nyttast på grunn av registert steinsprangfare (www.skrednett.no ). Det er regulert fleire private små bustadfelt nord for sentrum, men desse kan ikkje realiserast før gangveg er på plass. (Brandshaugen (B6U) på ca 20 mål og Kleivan/Breivik (B5U) på ca 40 mål). Det er snakk om en strekning på 700 meter. Ved bygging av 700 meter gangveg, vil vegvesenet på denne strekningen og ei strekning på ca 1km hvor "gamlevegen" går akseptere utbygging av boliger. Om ein i byggetrinn to bygger ytterlegare 400 meter gangveg, vil denne strekningen pluss ca 400 meter ("gamlevegen") være klar til bygging fra vegvesenet sin side. I hovudplana for vassforsyning i Fræna kommune er det planar om ny vassleidning frå Sandblåst til Farstad sentrum i næraste framtid. I same prosess er det fornuftig å planlegge gangveg. Reguleringsplan for gangveg i dette området er ikkje klar. Ved Hustad fengsel er det i kommuneplana innteikna eit privat felt ved namn Solvang på ca 63 mål (B3). I dette bustadbyggjeprogrammet legg ein opp til 3-6 tomter som utviding av eksisterande felt i området utan steinsprangfare på Farstad. Dette ligg pr i dag i kommuneplana som LNFområde. Hustad: Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Hustad Hustad (B6) 2 207 Litt Det er regulert 4 tomter som ei utviding av eksisterande felt (mot Farstad) på ca 5 mål. Dette feltet vert prosjektert og lagt ut på anbud innan februar 2013. Grunnen er innkjøpt. I same retning er det i kommunedelplana innteikna eit større felt på ca 58 mål (B9). På Nerland (B11) er det innteikna eit privat felt i kommuneplana på ca 30 mål kalt Holmelihaugen. På Skarset er det innteikna 3 private små felt i kommuneplana. På Soløya (B1) i Vikan er det regulert eit privat felt på ca 48 mål på sørsida av øya. På Male (B12U) er det innteikna eit privat felt i kommuneplana på ca 12 mål. Bud: Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Bergset (B21) 5 80 Ingen 7

Bud Robinsonmarka 3 80 Litt (B10) Fuglvika (B15) 7 80 Ingen På Bergset er det innteikna et felt på ca 47 mål (B21) i kommuneplana. Ved Kvitberget (B14) er det innteikna eit felt på ca 132 mål i kommuneplana. Privat utbygger har regulert området Bud/Gjerde (B39). Feltet er på ca 12 mål med fordeling mellom konsentrert utbygging og einebustadar. Sal av tomter vert ikkje starta opp i 2012. På Harøysund er det innteikna to felt (B5 og B7) i kommuneplana på 10 og 12 mål som er i privat regi. Teknisk forvaltning arbeider med ferdigstilling av reguleringsplan for Korsmyra/Gjerde (B8), bak samfunnshuset i Bud. Feltet er på ca 17 mål. Kommunen er kome i gang med forhandlingar om grunnkjøp og arkeologiske undersøkingar på området er under arbeid. Dette feltet er med i prioriteringslista i dette bustadbyggeprogrammet. Tornes Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Stavik 3 80 Litt Stavik/Løset Tornkleiva (B22) 0 456 Stor I Stavika er det flateregulert eit område (B4) på ca 21 mål. I det kommunale feltet Torneskleiva B 22 er alle 11 tomtene tinga våren 2012. Det har vore stor interesse for feltet og det er fullteikna og med venteliste. Pris pr kvadratmeter vart i Driftsutvalet 22.11.2012 sett til kr 456. Faktura er sendt til alle som har fått tildelt tomt i feltet. Kommunen har kjøpt inn delar av areal til nytt bustadfelt på Tornes (B15). Innteikna areal i kommuneplana er på 151 mål, kommunen har kjøpt 43 mål av dette feltet. I arbeidet med rullering av ny arealdel av kommuneplana er det innteikna meir areal til bustadformål i samband med B 15, slik at ein her må sjå på og vurdere kor det er fornuftig å starte utbygging av nytt felt på Tornes. Haukås: Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Haukås Dalelia II (B68-3 560 Stor B79) Haukås Øvre 10 av 14 solgt 730-830 Stor (privat) (B9) Haukås Nedre (privat) (B19) 0 (felt for konsentrert Stor 8

utbygging) Dalelia II var ferdig opparbeida i 2008. Sal av tomter gjekk seint i byrjinga, men etterkvart har interessen for feltet vore stor. No er det 3 ledige tomter. Dalelia III (B38 til B 67) er ferdig regulert og grunnkjøp er gjort (ca 84 mål). Det er meldt oppstart på prosjektering av feltet. Plana er at feltet skal ut på anbud i mars 2013. Haukås Øvre (B9): Privat utbyggjar av felt på ca 19 mål som er ferdig regulert og opparbeida. Ein del av området er regulert til konsentrert utbygging, resten er satt av til 15 einebustadtomter. Det er fleire som er i gang med å sette opp bustader i feltet og som ein ser i tabellen ovanfor er dei fleste tomtene kjøpt. Haukås Nedre (B17): Privat utbyggjar av felt på ca 12 mål som er ferdig regulert, opparbeida og bebygd. Her er det kome opp 7 4-mannsbustadar. Same utbyggjar har også inngått avtale om utbygging vestover. Dei neste utbyggingane i planområdet Haukås vert: Elnestangen: I kommuneplana er det innteikna 3 felt på ca 32 (B35), 48 (B36) og 138 mål (B37). Kommunen bør starte forhandlingar om grunnkjøp og regulering av området dersom dette skal byggjast ut i kommunal regi. Det er også privat utbyggingsinteresse for deler av Elnestangen. Opparbeiding av feltet vil krevje store investeringar i kommunal infrastruktur. I tillegg jobbar ein grunneigar med eit bustadfelt på nedsida av riksvegen i Elnesvågen sentrum. Det er også innteikna eit privat felt aust for Haukås Øvre på ca 40 mål i kommuneplana. Bak brannstasjonen på Eidem er Eidemskaret (B2) på ca 10 mål ferdig regulert. B1 er innteikna i kommuneplana som ei utviding av Eidemskaret og er på ca 10 mål. B1 på Eidem Vest er på ca 14 mål og er flateregulert.har har private interessentar meldt interesse for å byggje ut heile området. Sylte/Malme: Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Sylte/Malme Moen (B1 og 0 130 B3) Malmefjorden (B5) 1 232 Stor 9

Moen bustadfelt var ferdig bygd ut og utseld for fleire år sidan. Ein privat utbyggjar har eit areal på ca 12 mål i retning Eide inntil eksisterande felt. Feltet er ferdig regulert med 24 bueiningar. Lauvåsen (B22) er på ca 91 mål og er kjøpt inn av kommunen. Eit lite areal gjenstår for at kommunen skal eige heile det innteikna feltet i kommuneplana. Avtale om grunnkjøp av det siste arealet bør kome i gang. I Malmefjorden har kommunen kjøpt inn B23 og B24 på tilsaman ca 93 mål. Arealet er flateregulert til bustadar. For delar av B23 er det meldt oppstart på detaljregulering (ca 11 mål). I Sandsbukta er det innteikna eit privat felt med nemning B30-U i kommuneplana. Søre Fræna: Eksisterande felt: Planområde Bustadfelt Ledige Pris pr. kvm Etterspurnad Søre Fræna Aureosen 2 80 Liten Jendem (B5) 0 140 Stor (nyfeltet) Jendem (B3) 0 100 Litt (gamlefeltet) Jendemshagen 0 Ca 350 Stor (privat) Brauten, Hoem (privat) 1 Ca 200 Stor i starten, roligare no I Aureosen er det i kommande arealdel av kommuneplana innteikna utviding av feltet nedanfor Auretunet. Etterspurnaden på Jendem har vore stor. Nå er både nytt og gammelt kommunalt felt utseld. I forslag til ny arealdel av kommuneplana er det kome inn 3 innspill om bustadfelt i privat regi. Dette er utviding av Jendemshagen på ca 90 mål, Jendemsbakken/gjerdet på ca 180 mål og omgjering av ca 35 mål ved Jendem Næringspark frå næring til bustadformål. Prioriteringar i perioden 2012-2016 Ut frå kva som er igangsett og ut i frå etterspurnad har vi sett opp eit slikt forslag til prioritering av felt i perioden 2012 til 2016. Dersom all regulering skal gjerast av kommunen sine tilsette må regulering av felta i prioriteringslista fordelast ut igjennom heile planperioden. I totalkostnaden i høgre kolonne inngår grunnkjøp, regulering, prosjektering og opparbeiding av feltet. 10

Pri. Planområde Bustadfelt Kommentar Totalkostnad 1 Hustad Hustad Ca 5 mål 2 Bud Korsmyra/Gjerde (B8) Ca 17 mål Skal prosjekteres i februar 2013. Anbud må ut rett etterpå. Antall bueiningar: 4 Byggeklart haust 2013 Er under regulering, forhandlingar om grunnkjøp må gjerast innan medio 2013. Antall bueiningar: 20 Byggeklart vår 2014 Ca 1,2 mill Ca 6.5 mill 3 Haukås Dalelia III Ca 84 mål Prosjektering igangsatt. Anbud på opparbeiding må ut innan 2013. Antall bueiningar: 100-120 Byggeklart hausten 2014 Ca 30 mill 11

4 Sylte/Malme Malmefjorden B23 Ca11 mål Detaljregulering igangsatt. Ca 4 mill Anbud på opparbeiding må ut innan medio 2013. Antall bueiningar: 10 Byggeklart hausten 2014 5 Farstad Starte opp regulering og kjøpe inn grunn innan 2013. Ca 3 mill 6 Tornes Tornes (B15) Ca 151 mål 7 Sylte/Malme Lauvåsen Ca 91 mål Antall bueiningar: 10-12 Byggeklart vår 2015. Avventer vedtak i rullering av arealdelen av kommuneplana før ein ser på plassering av nytt felt. Regulering må starte umiddelbart etter vedtatt plan Slik feltet ligg i dag ser ein for seg 100-120 bueiningar Starte opp regulering og kjøpe inn siste del av grunn innan hausten 2015. Antall bueiningar: Ca 50 mill Ca 30 mill 12

60-80 Byggeklart 2017. Haukås Elnestangen Ca 218 mål Innteikna i arealdelen av kommuneplana, ikkje regulert Private felt: Pri Planområde Bustadfelt Kommentar Kostnad Haukås Ståle Høstmark Privat felt i samarbeid med Hedalm Anebyhus vest for Fræna sjukeheim og omsorgssenter. Haukås Block Watne Privat felt med 16 bueiningar i forlenging av eksisterenda felt på nedsida av kommunehuset. Søre Fræna Jendem Private utbyggjarar står for utbygging på Jendem. Nye felt vert med i ny arealdel av kommuneplana. Ingen planer for Aureosen i noverande bustadbyggeprogram. 13

14