Plan for overgangar. for barn og unge. 2015-2020 Os kommune



Like dokumenter
Plan for overgangar. for barn og unge

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

;-) PLAN FOR OVERGANGER. for barn og unge. KONGSVINGER KOMMUNE (pr ) T: F:

PLAN FOR OVERGANGER for barn og unge

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Øystese barneskule April - 08

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

FRA BARNEHAGE TIL SKOLE

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Plan for Liabygda SFO

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Overgangsplan for aldersgruppe 0 16 år

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rutinar - Overgang. Barneskule - ungdomsskule

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Barnehageplan for Vinje kommune

Planen er administrativt vedteken frå 1. januar 2013 Planen er oppdatert frå 1. januar Overgangsplan barnehage-skule

Kvalitetsplan mot mobbing

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

PLAN FOR OVERGANGENE BARNEHAGE GRUNNSKOLE VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

10/60-14/N-211//AMS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Trudvang skule og fysisk aktivitet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Årshjul for overgang barnehage - skule

ÅS KOMMUNE RETNINGSLINJER FOR OPPVEKST- OG KULTURETATEN PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE- SKOLE/SFO

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Velkomen til Mork barnehage

Inntak på særskilt grunnlag

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

RUTINER FOR OVERGANG FRA BARNEHAGE TIL SKOLE Villabyen og Holten barnehager Sande skole

Hjem-skolesamarbeid og lovverket

Bærekraftig utvikling

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Tiltaksplan

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Plan for samarbeid og sammenheng barnehage - skole

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Valdres vidaregåande skule

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR FOR BARN I BARNEHAGEN OG ELEVAR I GRUNNSKULEN I KLEPP

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Transkript:

Plan for overgangar for barn og unge 2015-2020 Os kommune

Plan for overgangar for barn og unge 2015-2020 Os kommune 2015 Plan for overgangar 2015-2020

Forord I 2014 vart det sett ned ei gruppe som fekk som mandat å rullere plan for overgangar mellom barnehage og skule. Plan for overgangar inngår som ein viktig del av Kvalitetsplan for oppvekst og kultur. Den skal vere eit verktøy for kvar barnehage og skule i Os kommune og sikre at alle barn i Os får gode overgangar som sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga. Verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning ligg til grunn for alt arbeid med barn og unge i Os. Arbeidsgruppa har hatt følgjande samansetning: Kjersti Strønen Pedagogisk leiar Skorvane FUS barnehage Tone Fjeldstad Daglig leiar Varhaug barnehage Grete N. Lemme Rådgjevar Pedagogisk Fagsenter Grethe Thomassen lærar Søfteland skule Eirik Skoglund Skåtøy inspektør Os skule Sturle Lekven assisterande rektor Os ungdomskule Kommunalsjefen vil takke gruppa for det gode arbeidet som er gjort. Det har vore grundige prosessar og høyringar undervegs i arbeidet. Det er lagt vekt på å utvikle gode skjema og felles rutinar som sikrar at mottakande eining er i stand til å leggja tilrette for god opplæring for den einskilde. Tiltak i planen skal bidra til at føresette, barn og unge får god informasjon om kva som vert gjort for å skapa gode overgangar. Os, 8 oktober 2015 Line Rye Kommunalsjef Oppvekst og kultur Plan for overgangar 2015-2020

Innhald 1 Innleiing 1 1.1 Mål 1 1.2 Prinsipp for overgangar 1 1.3 Førebuing 1 1.4 Evaluering 1 2 Rutinar for overgangar 2 2.1 Overgangssamtalen 3 2.2 Barnehage til barneskule 3 2.3 Barneskule til ungdomsskule 5 2.4 Ungdomsskule til vidaregåande skule 6 2.5 Informasjonsoverlevering for einskildelevar 7 2.6 Overgang for barn med særskilte behov 8 3 Vedlegg 10 1. Samarbeid mellom barnehagar og skular gjennom året 2. Mal for foreldremøte hausten før skulestart 3. Samarbeidande skular og barnehagar 4. Samtykkeskjema for overgang barnehage/skule 5. Mal for overføringssamtale barnehage/skule 6. Elevskjema for overgang barneskule/ungdomsskule Plan for overgangar 2015-2020

1 Innleiing I Kvalitetsplan for oppvekst og kultur er gode overgangar mellom barnehage og skule peikt på som vesentleg for barn og unge sin utvikling. Plan for overgangar 2015 2020 er eit verktøy for alle som arbeidar med barn og unge i barnehage og skule. Plan og skjema finn du på Os kommune sine nettsider www.oskommune.no 1.1 Mål Alle barn og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga. Setja mottakande eining i stand til å leggja tilrette for god opplæring for den einskilde. 1.2 Prinsipp for overgangar Informasjon skal gå frå pedagogar som kjenner barnet/eleven til mottakande pedagogar. Pedagogar i avleverande og mottakande eining skal sikrast gjensidig kjennskap til innhald og metodar i opplæringa. 1.3 Førebuing Føresette, barn og unge vert informerte kva som vert gjort for å skapa gode overgangar. Barn og unge får vitja den nye barnehagen/skulen dei skal ta til på. Kvar barnehage/skule set av tid til aktivitetane i overgangsplanen; t.d. legg dei inn i årshjulet. Det vert gjennomført overgangssamtalar som er baserte på utvikling og vekst for den einskilde. Overgangssamtalane vert godt førebudd i både avleverande og mottakande eining. PPT deltek på overgangssamtalen i høve born med IUP/IOP. 1.4 Evaluering Den einskilde eining evaluerer arbeidet kring overgangar og melder tilbake erfaringar til barnehagar/skular ein samarbeider med. Oppvekstforum set av tid kvart år til å diskutera om tiltaka fungerer tilfredsstillande i høve til måla, føringar og intensjonar i overgangsplanen. 1 Plan for overgangar 2015-2020

2 Rutinar for overgangar Ansvaret ligg hos leiinga, men kan delegerast Det er innhenta samtykke frå føresette om overføring av informasjons- og overføringsmøta mellom barnehage og skule Informasjonen som blir gitt skal vere relevant og til barnet sitt beste for utvikling og læring Informasjon frå barnehage til skule skal gjennomførast munnleg Informasjon ved skifte av barnehage skal vera munnleg. Har barnet IUP søker ein tidleg samtykke og etablerer kontakt mellom dei to barnehagane Informasjon frå kontaktlærar til ny kontaktlærar innan same skule bør vera munnleg Informasjonen frå barneskule til ungdomsskule skal vera munnleg og skriftleg Informasjon ved overføring mellom skular skal gjennomførast skriftleg Plan for overgangar 2015-2020 2

2.1 Overgangssamtalen Overgangssamtalen skal vera konstruktiv og positiv, der kommunikasjon og samhandling til beste for barn og unge er i fokus. Overgangssamtalen skal byggje på dialog med heimen og ta utgangspunktet i barn og unge si: utvikling og læring evne til samarbeid respekt og toleranse kreativitet og leik 2.2 Barnehage til barneskule Førebuing og gjennomføring Delmål Sikra god overgang og skulestart for barnet Sikra kjennskap til innhaldet og metodar i opplæring mellom pedagogar i avleverande og mottakande eining 3 Plan for overgangar 2015-2020

Tidspunkt Tiltak Ansvar 11/2-2 år før skulestart Barn med særskilte behov Sjå s. 8 i «Plan for overgangar» vedr. førebuing og gjennomføring av overgangen for barn med særskilte behov Hausten før skulestart Foreldremøte i barnehagen i samarbeid med skulen Innhente skriftleg samtykke frå foreldre, jf. Samtykkeskjema Styrar/rektor Februar Behov for ressursar fleirspråklege barn. Barnehagen sender oversikt over tal fleirspråklege barn, kva morsmål barnet har og kor lenge barnet har gått i barnehagen til skulen som skal ta imot barnet. Alle barn deltar på førskuledagar og oppstart på nærskulen. Velkomstklassen: Innføringstilbod for nyankomne elevar Alle 1.klassingar får melding om skuleplass og tek kontakt med nærskulen. Alle elevane deltek på nærskulen sine førskuledagar Nærskulen vurderer aktuelle kandidatar til Velkomstklassen i samtale med føresette. Foreldra søkjer eleven inn i Velkomstklassen og vedtak om skuleplass i Velkomstklassen kan fattast. Barnehagen/skulen Skulen Våren før skulestart Foreldra er med og avgjer i foreldresamtale kva informasjon ein skal overføre til skulen. Barnehagen Våren Ta kontakt med aktuell skule for å avtale tid og stad for overføringsmøte i veke 19. Mai/juni Overføringsmøte mellom pedagogisk leiar og kontaktlærar i veke 19. Informasjonsoverføringa er munnleg, mottakar noterer. Inntil 10 min på kvart barn, avtal lengre tid ved behov. Kontaktlærar syter for vidareføring av informasjon til SFO-leiar. Førskuledag for alle skulane i veke 22, dagen blir fastsett på den einskilde skulen. Velkomstklassen: Velkomstklassen inviterer dei aktuelle elevane til førskuledag etter nærskulane sine førskuledagar. Barnehagen Barnehagen/skulen Barnehagen/skulen Skulen/SFO Skulen Skulen Plan for overgangar 2015-2020 4

2.3 Barneskule til ungdomsskule Førebuing og gjennomføring Delmål Sikra ein god overgang og start på ungdomsskulen Sikra eit tilfredstillande læringsutbytte for den enkelte elev basert på dialog om anna utvikling Sikra eit tilfredstillande læringsutbytte for den enkelte elev ut frå kor eleven står fagleg Sikra gjensidig kjennskap til innhaldet og metodar i opplæring mellom pedagogar i avleverande og mottakande eining Tidspunkt Tiltak Ansvar Februar/mars Ansvarsgruppemøte for elevar med spesielle behov Informasjon til foreldra og elevar på 7. steg i foreldremøte om overgangen, opplegg, innhald, framandspråk m.m. Mars/april Skriftleg info om den einskilde eleven, jf. elevskjema Møte mellom kontaktlærarar barneskule og administrasjon ungdomsskule for å førebu gruppesamansetjing i ungdomsskulen. Mai/juni Foreldremøte for dei nye 8.klasseelevane Skulebesøk for å treffa nye medelevar Møte mellom kontaktlærar barneskule og kontaktlærar ungdomsskule Barneskulen/ ungdomsskulen Ungdomsskulen Ungdomsskulen Oktober Avklaring rundt sakkunnig tilråding Ungdomsskulen/ PPT 5 Plan for overgangar 2015-2020

2.4 Ungdomsskule til vidaregåande skule Førebuing og gjennomføring Delmål Sikra gode og riktige skuleval ved overgang ungdomsskule/vidaregåande skule Sikra elevane ein god start i vidaregåande skule Sikra eit tilfredstillande læringsutbyte for den einskilde eleven Sikra gjensidig kjennskap til innhaldet og metodar i opplæring mellom pedagogar i avleverande og mottakande eining Tidspunkt Tiltak Ansvar September Skriv til heimane om plan for arbeidet med søknad til vidaregåande. Arbeid med boka Framtida mi frå 8. klasse Foreldremøte med informasjon frå inntakskontoret. Rådgjevar er med i klassane etter møtet. Ungdomsskulen Oktober/ november Vidaregåande skular i vår region vitjar ungdomsskulen Individuell rådgjeving etter behov for alle elevane på 10. steget. Føresette blir inviterte til samtalar. Grupperådgjeving for alle elevane på 10.steget. Ungdomsskulen November Utdannings- og yrkesmesse i Os. Lions/vidaregåande skular Januar Fellesmøte for føresette og elevar. Ei minimesse der skulane i regionen presenterer seg. Stad: Os gymnas/ Os vidaregåande skule og Fusa vgs. Vidaregåande skular Plan for overgangar 2015-2020 6

Tidspunkt Tiltak Ansvar Januar Open dag (hospitering). Elevane frå ungdomssteget får høve til å vitja vidaregåande skular. Kvar elev får velja seg to skular. Januar/februar Elevane får opplæring i å skriva søknad på Internett (etter behov). Rådgjevar har samtalar med elevane om kor langt dei er komne i prosessen. Rådgjevar har ansvar for å følgja opp søknaden. Ser til at elevane ikkje gjer tekniske feil. Vidaregåande skular/ungdomsskular Ungdomsskular 2.5 Informasjonsoverlevering for einskildelevar Særskild søknad Elevar som vert søkt inn med fortrinnsrett skal meldast til inntakskontoret innan 1.oktober. Sjølve søknaden vert sendt til 1.februar. Informasjon via informasjonsskjema. Skal sikra ekstra oppfølging av eleven. Desember/januar: Ungdomsskulen har møte med PPT og føresette i samband med individuell vurdering om søknad/fortrinnsrett (med frist 1. februar). Vidaregåande blir i nokre tilfelle trekt inn. Overgangsmøte etter behov. Etter behov blir også PPT for vidaregåande skule trekt inn i overgangsmøte eller i samband med søknad på særskilde vilkår. Opning for at vidaregåande kan ta kontakt med ungdomsskulen utover hausten i Vg1. Individuelle avtalar med rådgjevar / elevinspektør for å vitja vidaregåande skule på våren i 10. klasse. 7 Plan for overgangar 2015-2020

2.6 Overgang for barn med særskilte behov Førebuing og gjennomføring Kjem i tillegg til gjennomføringar for aktuell overgang Delmål Sikra god overgang frå barnehage til skule, barneskule til ungdomskule og ungdomskule til vidaregåande skule Sikra naudsynt informasjon, kompetanse og ressursar for tilrettelegging av eit tilfredstillande undervisningstilbod Sikra gjensidig kjennskap til innhaldet og metodar i opplæring mellom pedagogar i avleverande og mottakande eining Tidspunkt Tiltak Ansvar Januar 11/2 år før overgang Hente inn samtykke frå foreldra til å overføra informasjon. Klargjera kva skule barnet skal gå på Vurdere behov for ombygging/fysisk tilrettelegging i samråd med foreldre Informasjon om det ligg føre Individuell plan (IP) Budsjettarbeid Styrar/rektor/ rådmann/ kommunalsjef Hausten, året før overgangen Senda september IUP/ IOP til ny eining og IP, viss det ligg føre Har barnet assistent/pedagog i avleverande barnehage/skule kan det vurderast om vedkommande skal følgja med barnet til ny arena for ein overgangsperiode Styrar/rektor Plan for overgangar 2015-2020 8

Tidspunkt Tiltak Ansvar Januar Invitera ny eining og PPT med på IUP/IOP- møte. Overføring av informasjon. Vurdering av ressursbehov: Oppdatering av eventuelle fagrapporter for barn som har spesielle behov ivareteke av tilpassa opplæring. For barn som har rett til spesialundervisning skriv PPT ny sakkunnig vurdering etter 5.3 i Opplæringslova. Mai/juni Invitera ny eining og PPT til overføringsmøter/deltaking på IUP/IOP møte for ny IUP/IOP-periode Fokus på tilrettelegging ved skulestart. Styrar/rektor i avleverande eining Styrar/rektor August/ september (ved skulestart) Skulen kan kontakte barnehage/ppt ved behov for utveksling av erfaringar, rutinar og utfordringar kring barnet. Rektor 9 Plan for overgangar 2015-2020

3 Vedlegg 1. Samarbeid mellom barnehagar og skular gjennom året 2. Mal for foreldremøte hausten før skulestart 3. Samarbeidande skular og barnehagar 4. Samtykkeskjema for overgang barnehage/skule 5. Mal for overføringssamtale barnehage/skule 6. Elevskjema for overgang barneskule/ungdomsskule Plan for overgangar 2015-2020 10

Vedlegg 1 Samarbeid mellom barnehagar og skular gjennom året «Forsking og erfaring viser at barn som blir kjent med skulemiljøet før skulestart vil kjenne seg meir sosialt sikre og klare å møte dei nye utfordringane med større tryggheit». «Fra eldst til yngst» Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule Kunnskapsdepartementet Rutine for samarbeid: Gjennom samarbeid mellom nærskular og nærbarnehagar skal ein etablere nokre møtepunkt gjennom året som styrker kjennskapen til kvarandre både for barna og for pedagogane i barnehage og skule. Barnehagen tar initiativ til samarbeidet og innhaldet må tilpassast lokalt. Innhald i samarbeidet kan være: Foreldremøte i barnehagen om hausten. 5 åringane på besøk på skulen, t.d.i 1. klasse, gymsal, sfo. Elevar hospiterer i barnehagen. Personalmøte med felles tema for tilsette i barnehage og skule. Foreldremøte med felles tema for barnehage og skule.

Vedlegg 2 Mal for foreldremøte hausten før skulestart Momentliste til foreldremøte i barnehagen Deltakarar: Foreldre og pedagogar frå barnehagen Rektor og lærarar frå skulen Tid: Hausten før skulestart Tema: Overgang mellom barnehage og skule Førebuing til skulestart Barnehagen Planar for arbeid med førskulegruppa siste år før skulestart Generell informasjon om førskulegruppa barn-vaksne, tid, stad. Informasjon om arbeidet kognitivt, sosialt og motorisk Verktøy som blir brukt t.d: Lese- og skriveglede, Rekn med Os (s), Dinosaurskule o.a. Overgangsplanen samarbeid mellom barnehage og skule Overføringssamtale våren før skulestart mål og innhald Skriva under samtykkeskjema Skulen Generell informasjon om skulesystemet i Os Skulen sine visjonar Førskuledag, møte og samtalar Skulestart - Korleis kan foreldre førebu barna på skulestart Forventningar Nettsider Velkomstklassen Generell informasjon om velkomstklassen Tilpassa opplæring kva vil det seie for barn på første trinn

Vedlegg 3 Samarbeidande skular og barnehagar Hegglandsdalen barneskule Borgafjell barnehage Hegglandsdalen barnehage Kuventræ barneskule Espira Kuventræ Espira Ulvenvatnet Varhaug barnehage Lunde barneskule/ Halhjem barneskule Kuvågen barnehage KULUR Søre Neset FUS bhg Lysekloster barneskule Lysekloster barnehage Nore Neset barneskule Skeisbotn barnehage Skorvane FUS barnehage Os barneskule Banktjørnhaugen barnehage Flåten naturbarnehage Os barnehage Strøno barneskule Skorvane FUS avd. Strøno barnehage Søfteland barneskule Hjellemarka FUS barnehage Nøtteliten barnehage Sælehaugen barnehage Søre Øyane barneskule Søre Øyane naturbarnehage

Vedlegg 4 Samtykke frå foreldre om overføring av opplysningar Barnet dykkar skal overførast til...skule hausten... I Os kommune er overgangen mellom barnehage og skule ein del av kommunen sin strategi for å sikra målretta arbeid på ulike utviklingsområde. Målet er å legga til rette for ein god og trygg skulestart for barna Dette inneber blant anna overføring av informasjon om alle barn frå barnehage til skule Barnehagane samarbeider med foreldra om kva for informasjon som skal overførast til skulen Fokus skal vere på det konstruktive og positive, dvs. kva barnet meistrar og skal føre til noko positivt for barnet. Barnet sine sterke sider Vennskap/evne til samarbeid Barnet sine interesser, kreativitet og leik Motorikk, språk og konsentrasjon Anna informasjon I samband med overføring av informasjon treng vi samtykke frå foreldra. Rettar Opplæringslova og Barnehagelova Dokumenta vert sikra i samsvar med Lov om forvaltning......... barnehage dato styrar " Vi gjev med dette.... barnehage løyve/ikkje løyve til å overføra informasjon om, barnet sitt namn.... fødselsdato til skule. skulen sitt namn... dato... underskrift foreldre

Vedlegg 5 Overføringssamtale frå barnehage til skule Mal overføringssamtale barnehage skule. Rutine Barnehagen innhentar samtykke frå foreldra I forkant av overføringsmøtet gjennomfører barnehagen ei foreldresamtale der ein snakkar om kva informasjon som skal overførast til skulen Barnehagen tar kontakt med dei aktuelle skulane for å avtale tid; i hovudsak skal møtet være i barnehagen, men ein må også kunne møtast på skulen Overføringa er munnleg, mottakar kan notere Inntil 10 min pr. barn, avleverande pedagog har ansvar for å effektivisere tidsbruken Avtal lenger tid ved behov Utgangspunkt for samtala VAB (Vurdering Av Barns utvikling, trivsel og utbytte av barnehageopphaldet) Lese-skriveglede (førebuande lese- og skriveopplæring) Rekn med Os(s) Andre kartleggingsverktøy Innhald i møtet Barnet sine sterke sider Vennskap/evne til samarbeid Barnet sine interesser, kreativitet og leik Motorikk, språk og konsentrasjon Anna informasjon Viser til «Fra eldst til yngst» Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule

Vedlegg 6 Kunnskapsdepartementet ELEVSKJEMA OVERGANG BSK-USK - HER OG NO VURDERING - KONFIDENSIELT Namn på elev... Grunnleggjande ferdigheiter Høg grad av måloppnåing Middels grad av måloppnåing Låg grad av måloppnåing Lesing Lesetempo (ord/min) Leseforståing (Vokal) Eventuelle kommentarar: Skriving Kunna uttrykkja seg skriftleg Rettskriving Eventuelle kommentarar: Rekning (Vokal) Eventuelle kommentarar: Digital kompetanse Eventuelle kommentarar: Munnleg deltaking Eventuelle kommentarar:

Andre område Sosial kompetanse Ja eller god Middels Nei eller låg Eventuelle kommentarar: Har eleven gode arbeidsvanar? Eventuelle kommentarar: Kan eleven symja? Eventuelle kommentarar: Har eleven behov for alternative opplegg? (ART, friluft, sosial trening) Eventuelle kommentarar: Har eleven allergiar/sjukdom? Eventuelle kommentarar: Har eleven behov for ekstra språkopplæring? (Pga framandspråkleg bakgrunn) Eventuelle kommentarar: