REVIDERT HANDLINGSPLAN FOR FORVALTNING AV GRÅGÅSBESTANDEN I SANDØY KOMMUNE 1.april 2007-31.mars 2012
INNHALD SAMANDRAG OG MÅLSETJINGAR 1 INNLEIING 2 HISTORIKK OG BIOLOGI 3 RAMMER FOR FORVALTNINGA AV GÅS 4 DOKUMENTASJON OG BESKRIVING AV SKADE. 5 RESULTAT AV ULIKE TILTAK SOM ER GJENNOMFØRDE I HARAM 6 KONKLUSJON OG TILRÅDINGAR
SAMANDRAG OG MÅLSETJINGAR I vår nabokommune Haram har det vore lagt ned eit stor arbeid frå kommune og grunneigarar på 90-talet for å redusere skadane av grågås. Dette arbeidet har leda fram til den handlingsplanen for forvaltning av grågås som dei no har vedtatt. Representantar for grunneigarar i Sandøy har i nokon grad vore med i dette planarbeidet, utan at dette har generert aktiv deltaking på kommunalt nivå i Sandøy. Planarbeidet i Sandøy kommune er likevel eit direkte resultat av Haram sitt arbeid, og støttar seg i stor grad til dei erfaringane Haram har gjort i sitt arbeid. Dei problemstillingane som er beskrivne i Haram sitt planverk, og som gjeld Nordøyane, gjeld i stor grad for hele Sandøy kommune. Utløysande for dette arbeidet er eit visst initiativ både frå kommunen og frå grunneigarane for å kunne gjere seg nytte av same verkemiddel i forvaltninga av grågåsbestanden som i Haram kommune. I ein del år har skadeomfanget vore til å leve med, men bestanden av grågås ser no ut til å vere i så sterk vekst at skadesituasjonen ikkje lengre er under kontroll. Skadane er ei stor belastning for jordbruket på Nordøyane og medfører ein betydeleg risiko for enkeltbruk. Nordøyane har eit relativt stort jordbruksareal og når dette avgrensa området er leveområde for grågås må storleiken på bestanden kontrollerast. Det kan m.a. konstaterast at jakttidsrammene ikkje gjev høve til utøving av vanleg jakt. Planen gir eit oversyn over utviklinga i skadesituasjonen, lovgiving og forvaltning og resultata av arbeidet og tiltaka som har vore gjennomført til no. Det vert gjort framlegg om ei rekkje tiltak som ligg innanfor eksisterande lovheimlar, jfr. pkt. 6 i planen. Det hadde vore ønskjeleg at ev. tiltak i Sandøy vart samordna med forvaltninga i nabokommunane Haram, Aukra og Midsund.
1. INNLEIING Det vart utarbeida eit utkast til forvaltningsplan for kommunane Haram, Giske, Sandøy, Midsund og Aukra I 1996. Planen gjorde framlegg om ei rekkje tiltak for å redusere skadane. Planen vart imidlertid ikkje realitetshandsama av fylkesmannen og mange av tiltaka ikkje gjennomførde. Revidering av denne planen tek utgangspunkt i den opprinnelege planen som vart vedteken i 2006. På bakgrunn av den alvorlege situasjonen i 1999 for ein del bruk, utarbeidde kommunane Haram og Sandøy ein revidert plan. I Sandøy vart det i nokon grad gjennomført tiltak innanfor det myndet kommunen hadde. Det vart lagt vekt på opparbeiding av alternative beiteområde og ei effektiv skræming. Tiltaka har medverka til at det er mogleg å drive jordbruksdrift på dei utsette areala. I 2004 auka imidlertid skadane og i 2005 har skadane auka vesentleg samanlikna med perioden 1999-2004. På bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Haram og mange søknadar om felling av skadegås dei siste åra, vart situasjonen teken opp som sak i Sandøy Viltnemnd og saka diskutert med miljøavdelinga hjå fylkesmannen, og Haram kommune. Etter avtale med fylkesmannen vert det utarbeida eit framlegg til forvaltningsplan, med utgangspunkt i Haram sin plan, som gir grunnlag for samarbeide mellom kommunen, grunneigarane og fylkesmannen. I Sandøy er det ikkje tidlegare vore observert nemnande skader av andre gåseartar enn grågås. Kvitkinngåsa kan raste på trekket sørover, men det har vore så pass seint på året og i så kort periode at skadane har vore små. Forvaltningsplanen vil difor berre omfatte grågås. Hausten 2005 har imidlertid kvitkinngåsa beita i ei så lang periode og i eit slikt omfang det er ein skadesituasjon. Ein har ikkje fått melding om slike skader i 2006, så med mindre det kjem fram informasjon om dette i den vidare revideringa av planen vert det ikkje teke omsyn til dette i forlaga til tiltak i h.h.t. planen.
2. HISTORIKK OG BIOLOGI Grågås, Anser anser, er ein naturleg del av faunaen på Nordøyane både i Haram og i Sandøy. Nordøyane er eit kjerneområde for grågås i Møre og Romsdal. Nordøyane har eit relativt stort areal strandenger og desse områda er viktige for gåsa. Desse områda har tradisjonelt vore beita av storfe, hest og sau. Ein kjenner ikkje godt til korleis samspelet mellom husdyrbeiting i desse områda og skader på jordbruksareal har vore i tidlegare tider. Ein viltbestand som grågås vil ha ein skiftande populasjonsstorleik. Relativt sett var vel dei svakt gjødsla jordbruksareala mindre attraktive som beite framføre dei tanggjødsla strandengene. Ein kjenner imidlertid til at grågås vart jaga frå bøane på Uksnøya i mellomkrigstida (Rasmus Løvøy). Manglande beiting av husdyr vil føre til gjengroing av strandengene og tap av beiteareal for gåsa. Sauehaldet på kysten vart vesentleg redusert på 60-talet og på same tid vart beiting av storfe i utmarka mesta borte. I same perioden som beiting i utmark vart sterkt redusert, var bestanden av grågås relativ låg. Skadeproblema oppsto først frå midten av 80-talet med ein raskt aukande bestand. Frå 60-talet hadde det dessutan vore gjennomført ei omfattande nydyrking, det vart i stor grad nytta kunsteng og engarealet vart tilført større mengder kunstgjødsel. Dette har gjort innmarksareala meir attraktive for grågåsa. Gåsa har dei same preferansane mellom beiteplantene som husdyra og beiter selektivt. Grasartar som timotei og raigras vert sterkt beita medan tofrøblada ugras vert ståande att. Når gåsa startar beitinga på engareal tidleg på våren, vil kulturgrasa bli sett tilbake og tofrøblada ugras og mindreverdige grasartar får ein preferanse. Den sådde enga kan gå raskt ut og bonden haustar ei mindre og dårlegare avling. Å fornye enga kan bli vurdert som utan hensikt. I periodar med dårleg grasvekt, vil gåsa kunne beite på røter av prefererte grasartar(timotei). Som skadegjerar vil gåsa opptre på to måtar, som hekkande gås og ungfugl/ikkje hekkande. I hekkeperioden vil gåsa beite på areal i nærleiken av reirplassen. Når
ungane vert klekte, vil gåsa samle seg i flokkar i bukter/viker og gå opp på land å beite i periodar av døgnet. Vaksne gås og ungar vil beite i eit belte på opp til 100 meter frå fjøra og flokkane vil konsentrere seg i bukter/viker med beitande areal på landsida. Flokkane av ungfugl vil streife omkring til eit stykke ut i juni då dei startar fjørfellinga(mytinga). Før mytinga startar kan desse flokkane gjere stor skade på første slåtten dersom dei får beite i fred på prefererte areal. Kvar skadane kan oppstå er vanskeleg å vite på førehand. Truleg spelar vegetasjon, landskapsform og kvaliteten på avlinga inn. Når ungane vert flygedyktige i juli vil hekkegås og unggås kunne samlast og gjere stor skader på andre slåtten. Gåsa ser ut til å starte hekking tidlegare enn før. Det er vidare rimeleg å tru at beiting på gjødsla kunsteng fører til betre tilvekst og at ungane vert tidlegare flygedyktige. Når jakta startar, 10 august, er hovudtyngda av gåsa på trekk. 3. RAMMER FOR FORVALTNINGA AV GÅS I SANDØY 3.1 Lover, føresegner og rundskriv Forskrift om jakt og fangsttider samt sanking av egg og dun av 1 februar 2007 regulerer jakttidsrammene fram til 31.mars 2012. Jakttida for grågås er 10.08 til 23.12, og det kan jaktast heile døgnet. Dersom fylkesmannen har godkjent ein forvaltningsplan for grågås, kan fylkesmannen opne for jakt på grågås inntil 15 dagar i forkant av ordinær jakt. Det kan då jaktast i tidsrommet 0400-1100. Ein kan her ikkje jakte på ettermiddag/kveld slik ein kunne etter den gamle forskrifta, men Fylkesmannen i M & R arbeider opp mot DN ( Direktoratet for naturforvaltning ) med å få til ei ordning for slik kveldsjakt i denne perioden. Tidlegare jaktstart må fastsetjast gjennom ei eiga føresegn. Det vil til vanleg bli kravd jaktfrie områder som må kartfestast. Der Direktoratet for naturforvaltning (DN) før kunne gje løyve til sanking av egg frå grågås i områder der det er ein godkjent forvaltningsplan, opnar no den reviderte jakttidsforskrifta for at grunneigar eller brukar kan sanke egg frå grågås i tida fram til 15. april. Dette betyr at det ikkje lenger er behov for dispensasjon for å uttøve dette tiltaket.
Grågås kan haldast i fangenskap og oppdrettast utan særskild godkjenning frå viltmyndigheitene.( Forskrift om hold av vilt i fangenskap, m.m. 2-1) Melding om slik oppdrett skal sendast kommunen, Mattilsynet og fylkesmannen seinast ein månad etter at oppdrettet er oppstarta. Anlegg for oppdrett skal vere godkjent av kommunen. Kommunen kan gje løyve til felling av grågås som gjer skade.(forskrift om felling av viltarter som gjer skade eller som vesentlig reduserer andre viltarters reproduksjon). Det er sett vilkår om human og forsvarleg avliving og at det er iverksett andre tiltak for å avgrense eller hindre skaden. Antalsbegrensing skal fastsetjast etter ei nærare vurdering av omfanget av skaden og bestandssituasjonen i kommunen. Det skal oppgjevast kva eigedom fellingsløyvet gjeld for. Dersom søknaden gjeld fleire eigedomar, må alle grunneigarar gje samtykke. Løyvet bør avgrensast til områder der det faktisk er skader. Det skal ikkje gjevast fleirårige løyver og ingen artar bør fellast i yngletida. Løyve til felling kan gjevast til fleire grunneigarar/brukarar under eitt. Forvaltningsmyndigheita skal då forvisse seg om at det er fastsett kven som er ansvarleg for organisering og iverksetjing. Løyve til skadefelling er betinga av rapporteringsplikt. Det kan gjevast betinga løyve til felling på bakgrunn av tidlegare skader. Desse områda i Sandøy er verna etter naturvernlova, der det er forbod mot all jakt: ( Sjå vedlagte kart ) Malesanden/ Huse Lomtjønna Selvikvågen Lyngholmane Forvaltningsmyndigheita i verneområda(fylkesmannen) kan gje dispensasjon frå vernebestemmelsane. Fylkesmannen kan difor gje løyve til felling av skadegås i verneområde noko som kommunen ikkje kan.
Direktoratet for naturforvaltning sette ned ei brei samansett arbeidsgruppe som la fram ei innstilling i 1996: Handlingsplan for forvaltning av gjess. DN-rapport 1996-2. Hovudelementet i innstillinga var utarbeiding av lokale forvaltningsplanar. a. Økonomiske verkemiddel Med grunnlag i DN si handlingsplan vart det av sett av midlar over landbruksdepartementet sitt budsjett til gjennomføring av tiltak. I Sandøy har det førebels ikkje vore brukt så mykje midlar til førebygging av skader. Dette heng i stor grad saman med at Sandøy først i 2005 fekk oppretta eit viltfond etter tildeling av midlar frå fylket. Når det er sagt har Sandøy Jegerog fiskeforening blitt innvilga midlar frå fondet for opparbeiding av alternative beiteareal for gåsa. I tillegg er det etter søknad gjeve midlar til oppsetjing av sperregjerder. Regionale miljøprogram skal utarbeidast i kvart fylke og kan vere ei kjelde til finansiering av forvaltningstiltak som omfattar fleire kommunar. I Møre og Romsdal sitt regionale miljøprogram er tilpassing av konflikten jordbruk-gås teke inn som eit tema. På Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2005 vart det avsett midlar til skadeførebyggjande tiltak, m.a. er det opna for at det kan utbetalast erstatning. Midlane vert disponert av fylkesmannen i Nord- Trøndelag. Det må påreknast at tilsvarande midlar vil bli innvilga over dei to departementa sine budsjett i åra framover og ein må forvente at midlane kan nyttast i Møre og Romsdal. Fellingsavgifter for storvilt og inntektene frå sal av fallvilt går inn i eit kommunalt viltfond. Det kommunale viltfondet kan gje stønad til opplæring og tilrettelegging av jakt. 4. DOKUMENTASJON OG BESKRIVING AV SKADE Skadane av grågås på jordbruksavlingar kan delast inn i tre: 1.Tap av plantemasse som gåsa fjernar eller trakkar ned. 2.Langsiktige skader som følgje av selektiv beiting. Den sådde kunstenga går ut og enga vert dominert av mindreverdige artar. Dette medfører tap av mengde og kvalitet. 3.Tilklining av for med ekskrement som fører til mindre fôropptak av hausta for
eller beite og ev. kvalitetsfeil på mjølk og kjøt. Det har ikkje vore gjennomført eit systematisk takseringarbeid av skader på engareal i Sandøy, men det grunn til å tru at skadeomfang ikkje avvik stort i høve til den kartlegginga av skader som er gjort på Fjørtoft i Haram, jfr. nedanfor. Lite omfattande skader har lett for å bli overvurderte. Den relative delen av plantemassen er minst i toppen og gåsa beiter frå toppen av grasstråa. Store skader kan på den andre sida bli undervurderte. Dersom verdien av gjenståande plantemasse overstig haustingskostnadane, er skadane 100%. Den relative høve mellom beiteintensiteten kan målast med å telje ekskrement pr areal. Dette har vore nytta i beiteforsøk på Uksnøya. (vert omtalt seinare).denne metoden gjev imidlertid ikkje beiting i absolutte verdiar som kg eller foreiningar pr arealeining. Ein metode som er utarbeida i Storbritannia byggjer på måling av nedsynking av ei lett plastplate i plantebestanden og måling av plantehøgda. Metoden gjev høve til måling av avlingsmengde og avlingsskilnader. Ein kan difor måle det faktiske tapet av avling. Metoden og utstyr vart utprøvd på Fjørtofta i Haram. Skal metoden vere sikker, vil det krevje ein del øving. Høgdemåling saman med nettingbur kan vere ein gode metode for å vurdere avlingstap (Grasstav). Det vart gjennomført ein omfattande takst på skader på om lag 10 bruk på Fjørtofta i Haram. Taksten var basert på visuell inntrykk av skaden. Samstundes gjennomførte Sunnmøre forsøksring ei registrering av avlingstap ved hjelp av nettingbur i området. Det var godt samanheng mellom taksten og dei faktiske registreringane. Med noko trening er difor takst basert på eit visuelt inntrykk ein rask og relativ sikker metode. Taksering vert mest nøyaktig dersom ein har nettingbur som referanse. Dette vil og vere ei god støtte for eit øvd augemål. På nokre av skifta på Fjørtofta var skadane i gjennomsnitt på om lag 30%. På enkeltbruk vart det taksert skader på opp til 50000 kroner pr. år. Effekten av langtidsskadar på enga og ev. redusert fôropptak vart ikkje vurdert.
I områder som var verna etter naturvernlova, var det ikkje høve til å innvilge felling av skadegås av viltnemnda. I desse områda vart det ein sterk auke i talet på hekkande og beitande gås. 5. RESULTAT AV ULIKE TILTAK SOM ER GJENNOMFØRDE I HARAM. Då det er svært avgrensa kva konkrete organiserte tiltak ein har å vise til i Sandøy, støttar ein seg i høve til dette til erfaringane frå Haram. I Handlingsplan for forvaltning av gjess vert det lagt opp til utarbeiding av lokale handlingsplanar som eit sentralt element i arbeidet med demping av konflikten mellom jordbruk og gås. Viltnemnda i Haram inviterte til eit samarbeid mellom Haram, Sandøy, Midsund, Aukra og Giske kommunar i gåseforvaltninga. Gåsa i dette området er i stor grad ein felles bestand. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe med føremål å utarbeide ein felles forvaltningsplan. Arbeidsgruppa la til grunn at grågåsa sitt naturgrunnlag var strandengene i området. Ein måtte dessutan akseptere eit visst skadepress på innmark. Bestanden måtte tilpassast naturgrunnlaget. Det vart løyvd midlar til kartlegging av strandengene i området. Denne kartlegginga skulle lede opp til eit estimat på ein naturleg bestandsstorleik. Det vart utført ei kartlegging av arealet av strandeng, men det var ikkje mogleg å skaffe midlar til sluttføring av arbeidet. Arbeidsgruppa gjorde framlegg om tiltak for å redusere bestanden til det halve og å halde bestanden stabil/redusere skadane. Handlingsplanen vart ikkje realitetshandsama av fylkesmannen. Det vart imidlertid innvilga midlar til ei rekkje av dei tiltaka som vart opplista i planen. På grunn av det store skadeomfanget vart det kalla inn til møte mellom fylkesmann m.fl og viltnemndene i området i 1999. På møtet vart representantane for Haram og Sandøy kommune samde om å redigere den eksisterande handlingsplanen. Ein var samde om at ein var nøydd til å felle eit vesentleg høgare tal gås som skadegås for å kunne av hjelpe den akutte situasjonen for ein del bruk i området. Det vart lagt inn ei toleransegrenser på 5% skade på enkeltbruk.
5.1 Skræming av gås med Hylar. Med stønad frå statlege viltfondmidlar vart det innkjøpt to hylarar rundt 1990. Ein hylar er ei oppblåsbar gummidukke tilkopla ei sirene. Hylaren er tilkopla eit bilbatteri og vert aktivert med førehandsinnstelte intervall. Det synte seg at hylarane hadde ein verknadssone på 50-60 meter og at verknaden minka over tid. Utstyret var dessutan ikkje driftssikkert nok. Krinskorta vart skadde av det fuktige miljøet og måtte skiftast rel. ofte. 5.2 Strekking av trå/sen over skadeutsette areal. Der skadane har vore særleg store, har det vore strekt sen eller trå over areala. Sena har vore festa til høge staurar. Gåsa vil på denne måten vere hindra frå å lande. Metoden er effektiv men så arbeidskrevjande at ingen nyttar den no. 5.3 Bruk av kjemisk repellant. Nordre Sunnmøre Forsøksring gjennomførde forsøk med ein kjemisk repellant. Resultata var for dårlege til at metoden vart arbeida vidare med. 5.4 Plukking av egg Plukking av egg frå reiret vil redusere kulla dersom egga vert plukka relativt seint. Vert egg plukka for tidleg, vil gåsa leggje nye egg. Ein mykje brukt metode for bestandsreduksjon er å punktere egga med nåler. Fosteret vil då døy. Erfaring frå Haram viser at gåsa etter kvart har tilpassa seg eggeplukking og hekkar i større avstand frå jordbruksareal og bebyggelse. Eggeplukking er den mest effektive måten å redusere tilveksten i bestanden på. Dersom plukking av egg skulle organiserast av grunneigarar eller viltmyndigheitene syner det seg vanskeleg å få folk til å medverke i ein slik aksjon dersom egga vert destruerte. Gjennomføring av ei effektiv plukking vil dessutan krevje bruk av hund. Klekking og oppforing av grågås for sal kan gje eit økonomisk insitament til plukkinga. Dette kan ikkje gjennomførast i større skala utan ei utprøving av framforingsmetodar og omsetjing/sal. Det vart vurdert å starte eit prøveprosjekt i 1996 i Haram, men ein fann problema rundt slakting og omsetjing så pass vanskelege at det ikkje vart arbeida vidare med eit evt. prøveprosjekt. I Møre og
Romsdal er det no eit godkjent slakteri for vilt m.m. og desse problema synes lettare å løyse. 5.5 Sperregjerder for kullgåsa Når ungane vert klekte, trekkjer gåsa ned til sjøen. Kulla vil samle seg i skjerma viker/bukter og trekkje opp på land for å beite. Denne beitinga førde tidlegare til store skader på enkeltbruk. Jordbruksareal i ei sone opp til 100 meter frå stranda vart sterkt nedbeita. Det har vore gjort forsøk med oppsetjing av sperregjerder i utsette områder. Det må nyttast nettinggjerde som er så pass finmaska at ungane ikkje kan gå gjennom. Den vaksne gåsa vil ikkje flyge over gjerdet og overlate ungane til seg sjølve på andre sider av gjerdet. Sperregjerde må kombinerast med beiting av arealet mellom sperregjerdet og sjøen. Vert ikkje dette området beita, vil kullgåsa trekkje til andre områder. Dersom områda på nedsida av sperregjerdet er attraktivt nok for kullgåsa, vil gjerdet kunne redde første avlinga. Når ungane er flygedyktige, har sperregjerdet ingen effekt. 5.6 Felling av skadegås. I 2005 og 2006 har kommunen etter vedtak i viltnemnda praktisert ein ordning med forenkla søknad om felling av skadegås i Sandøy kommune. På denne ordninga vart det felt 89 gås i 2005 og 145 gås i 2006. Ein har etter vedtak i 2007 forsett med denne ordninga. Det syner seg at fellinga kan vere ein effektiv måte å få gåsa til å trekkje ut av eit område. Dersom slik felling vart konsentrert til eit bruk, vil gåsa imidlertid kunne trekkje over til nabobruk og gjere like stor skade der. Dette er likevel ikkje så stor problem då alle dei grunneigarane som er i målgruppa for verkemiddelet alle søkjer om fellingsløyve, så langt. Fellingsperioden strekker seg over noko tid, og erfaringane frå andre stader syner at det har god effekt. 5.7 Opparbeiding av alternative beiteareal Ein syner til punkt 5.5. Skal sperregjerder mot kullgåsa ha verknad, må det opparbeidast eit areal mellom gjerdet og sjøen der gåsa kan beite på. Desse areala må difor beitast av husdyr for at dei skal vere attraktive for gåsa. Der det har vore systematisk beita, har slike sperregjerder hatt ein viss verknad på skader på omkringliggjande areal.
Opparbeiding av alternative beiteareal vart teke opp i møte mellom landbruksforvaltninga i Haram og Fjørtoft Bondelag på slutten av 80-åra. Etter framlegg frå Fjørtoft Bondelag vart det teke kontakt med fylkesmannen si miljøvernavdeling om oppstarting av eit prøveprosjekt på Uksnøya i Sandøy kommune på restaurering av dei brakklagde jordbruksareala på øya ved hjelp av utegangarsau. Fylkesmannen innvilga statlege viltfondsmidlar til innkjøp og frakt av utegangarsau frå Smøla. Det vart danna eit beitelag der Fjørtoft Bondelag og Harøy Bondelag hadde halvparten av eigarandelane i laget i ei 10-års periode. Eigarane av dei to bruka på Uksnøya hadde dei resterande eigardelane. Nordre Sunnmøre Forsøksring stod som gjennomførar av eit prosjekt på måling av effekten av sauebeiting på beiting av grågås. Sauene vart stengde ute frå eit areal på om lag fire da beitemark. Prosjektet med utsetjing av utegangarsau og måling av effekten på grågås vart oppstarta i 1993 og vara i åtte år. Kulturlandskapet på øya er gjenskapt og prosjektet har utifrå dette resultatet vore ein suksess. Det har imidlertid ikkje medverka til at grågåsa har trekt ut til Uksnøya i stort omfang. (Melding Nordre Sunnmøre Forsøksring). For at området skal verte meir attraktivt for gåsa bør ein vurdere å dele øya/øyene opp i områder med gjerder slik at gåsa får fred for sauen i periodar. Ein kan så alternere med kva område ein gjer tilgjengeleg for gåsa til ein kvar tid. Dette vil krevje ein del arbeid m.o.t. oppsetting og vedlikehald av gjerder, og i tillegg til flytting av sauen ein til to gongar pr. år. M.o.t. kostnader til gjerdet er det mogleg at Fylket kan bidra til investeringa, medan arbeidet er det grunn til å tru at grunneigarane ta sjølve. I dette prosjektet vart tilvekst, helse og økonomi studert. Det er utarbeida ein sluttrapport. 2001-2003. Planteforsk Fureneset gjennomfører vegetasjonskartlegging på Uknøya og Fjørtafta saman med Sunnmøre Forsøksring. Prosjektet starta i 2000. På Uksnøya og Fjørtofta er det opparbeida om lag 2500 da alternative beiteareal for grågåsa. Dette er områder som gåsa tradisjonelt har nytta. Dette er utmarksbeiter, gamal kulturmark og strandenger. Det vert ikkje nytta handelsgjødsel på områda. Strandengene vert gjødsla av tang som driv opp frå sjøen. I tillegg til dette har Sandøy Jeger- og Fiskeforrening fått stønad frå Viltfondet til kultivering av eit området på 46 da på Bjergan ved Nordheim på Harøya. Det kan hende at Grunneigarlaget bør ta over ansvaret for dette
området, og sikre avtale med den aktuelle grunneigaren om å bruke dette området til avlastingsareal. Brukarane i området meiner at gåsa i større grad enn før oppheld seg i områder som er beita av sau og at dei fungerer som avlastningsareal. Når det gjeld området på Bjergan har ein ikkje klart å sjå ein slik samanheng. Dette kan vere fordi tiltaka der nett er sett i gang, og/eller fordi området ikkje vert nytta til beitemark på same måte som dei andre nemnde områda. Areal der det vert drive vanleg jordbruksdrift (gjødsla) og som ligg i verneområda vil vere særs utsette for beiteskader. Eigarane lir eit økonomisk tap. Enga kan ikkje nyttast til hausting av vinterfôr og den omfattande beitinga av gås reduserer nytteverdien som husdyrbeite. 5.8 Tilrettelegging av jakt. Vanleg jakttid for grågås er 10.8-23.12. På Smøla har DN innvilga jaktstart frå 1. august. Det har vore hevda at den tidlegare jakta på Smøla uroar gåsa i fører til at den startar trekket før jakta startar. Når jakta startar 10 august er gåsa i området allereie på trekk og etter eit par dagar er ein særs liten del av bestanden tilbake. Jakttida er ikkje tilpassa livsmønsteret til bestanden. Tidleg hekking og omfattande beiting på gjødsla jordbruksareal medfører at ungane er tidlegare flygedyktige. Den ordinære jakta gir difor eit særs lågt utbytte i Sandøy og viltnemnda har ikkje funne det meiningsfullt å bruke ressursar på arbeid med organisering/tilrettelegging av jakt. 6 KONKLUSJON OG TILRÅDINGAR MÅL Sandøy kommune skal oppretthalde ein levedyktig bestand av grågås. Storleiken på bestanden skal til ei kvar tid vere tilpassa det naturlege beitegrunnlaget for gåsa og eit akseptabelt skadenivå.
VERKEMIDDEL Dei økonomiske verkemidla som kommunen rår over, skal nyttast til å førebygge eller kompensere for beiteskader og å sikre driftsgrunnlaget for gardbrukarane i det skadeutsette området. Enkeltbrukarar skal ikkje påførast urimeleg økonomisk eller arbeidsmessig belastningar. Sandøy kommune skal medverke til at det kan utøvast ei jakt på grågås som kan gi eit friluftstilbod til ålmenta og eit økonomisk bidrag til grunneigarane. TILTAK 1. Det vert fastsett ei føresegn for Sandøy kommune om tidlegare jaktstart på grågås, 25. juli. Ein vil oppmode M&R Fylke om at dette vert samordna med/innarbeid i føresegn for øyane i Haram kommune. Føresegna skal vere gjeldane frå 25. juli 2007. 2. Sandøy kommune steller midlar frå det kommunale viltfondet til rådvelde for delfinansiering av opplæringstiltak/kurs i utøving av jakt på grågås. 3. Sandøy kommune gjer ei hendvending til Møre og Romsdal fylke med anmodning om innføring av utbetaling av eit årleg tilskot pr da på ein del av jordbruksarealet i vanleg drift i verna områder. Midlane kan hentast frå dei særskilde gåsemidlane som ein forventar vil bli innvilga eller frå dei regionale miljømidlane. 4. Dette bør kombinerast med felling av eit sterkt avgrensa tal skadegås i verneområda, utanom arealet det vert gjeve tilskot til. 5. Sandøy kommune lagar ei årleg oversikt over behovet for tildeling av fellingsløyve på skadegås. Sandøy kommune utarbeider eit system for rapportering. 6. Utanom verneområda kan det vere behov for at avgrensa jordbruksareal kan haldast/opparbeidast som beiteareal for grågås. Slike områder er tilgjengeleg i dag på Uksnøya og på Bjergan på Harøya, jfr. pkt. 5.7. Ein vil legge opp til at det ikkje skal vere tidlegare jaktstart på desse områda enn det som er ordinær jaktstart for grågås til ein kvar tid. Sandøy kommune vil kunne stille midlar frå viltfondet til rådvelde for
kultivering av desse områda. På Uksnøya kan det bli aktuelt med tiltak med å skjerme områder frå utegangarsau for at det skal bli meir attraktivt for gåsa, og Sandøy kommune kan på initiativ frå grunneigarane søkje Møre og Romsdal fylke om midlar for å gjennomføre slike tiltak. Felling av skadegås skal det ikkje vere høve til i desse områda. 7. Sandoy kommune har behov for fagleg hjelp til overvaking av gåsebestanden. Det vert sendt ei anmodning til Møre og Romsdal fylke om medverking til ei slik overvaking. 8. I tida 25. juli -20. august skal ikkje vere høve til å jakte på dei områda som vert definert som friområde i forvaltningsplanen. I tillegg skal jakta regulerast på følgjande måte: Dagar: Tid på dagen: Områdeavgrensing: 25. juli -4. 04.00-11.00 Driven innmark i heile august kommunen 5.-9. august 10. august - Heile døgnet Heile døgnet Heile kommunen med ubebudde øyar og holmar som kan nåast uan bruk av båt. Heile kommunen Vedlegg: Kart over verneområde og friområde i Sandøy kommune.