INNLEIING... 2 HOVUDFUNN... 3 KVALITETSVURDERINGSARBEIDET I HORDALAND FYLKESKOMMUNE...



Like dokumenter
EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Analyser karakterstatistikk for grunnskolen

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Kvalitetsplan mot mobbing

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Analyser karakterstatistikk for grunnskolen 2009

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

1.Innleiing Mål Nøkkeltal Hovudfunn Læringsmiljø... 6

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

Karakterstatistikk for grunnskolen

Tiltaksplan

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Strategi for kompetanseutvikling

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Tal på søkjarar til læreplass, tal på lærekontraktar og misforhold mellom tilbod og behov.

Forslag frå fylkesrådmannen

Retten til spesialundervisning

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Inntak på særskilt grunnlag

Plan for overgangar. for barn og unge

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Fylkesrevisjonen Gjennomføringsgraden vidaregåande opplæring.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Vurdering av allianse og alternativ

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Gjennomførings -barometeret 2011:2

Vegvisar til vilbli.no

Karakterstatistikk for videregående opplæring skoleåret

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Lønnsundersøkinga for 2014

Tilstandsrapport for grunnskolen i Engerdal kommune

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Tilstandsrapport for grunnskolen i Øvre Eiker 2015

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Finansiering av dei offentlege fagskolane

14. Radio og TV. Liv Taule

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I SURNADAL

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Transkript:

INNLEIING... 2 HOVUDFUNN... 3 KVALITETSVURDERINGSARBEIDET I HORDALAND FYLKESKOMMUNE... 4 HORDALAND FYLKESKOMMUNE SYSTEM FOR VERKSEMDBASERT VURDERING... 4 STYRINGSDOKUMENT MED FØRINGAR... 5 NØKKELTAL... 7 TAL PÅ ELEVAR OG LÆRLINGAR... 7 ELEVAR PER LÆRARÅRSVERK... 8 LÆRINGSMILJØ... 9 TRIVSEL... 10 MOBBING... 11 FAGLEG RETTLEIING... 12 LÆRINGSRESULTAT... 13 KARAKTERUTVIKLING 2006/2007 TIL 2009/2010... 13 Samla læringsresultat i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune... 14 Resultat i matematikk, naturfag og kroppsøving... 15 GJENNOMFØRING... 26 UTVIKLING I GRAD AV GJENNOMFØRING I PERIODEN 2004 TIL 2009... 26 SLUTTARAR, IKKJE VURDERT OG STRYK... 29 Rapportering frå skolane... 29 FRÅFALL KNYTT TIL OPPLÆRING I BEDRIFT... 30 TILTAK I HORDALAND FYLKESKOMMUNE... 31 EVALUERING AV ARBEIDET MOT FRÅFALL I NORDEN... 32 SPESIALPEDAGOGISK ARBEID... 34 VAKSENOPPLÆRING... 35 PRIORITERTE TILTAKSOMRÅDE... 37 VURDERING AV ELEVEN SI LÆRING... 37 Rapportering frå skolane... 38 Tiltak som går inn i fylkeskommunen si satsing på vurdering for læring... 39 DEN DIGITALE SKOLEN... 41 Bruk av PC... 41 Tilgang til hjelpemiddel... 42 Rapportering frå skolane... 44 OPPSUMMERING... 46 VEDLEGG 1. KJELDER 2. OVERSIKT OVER ELEVGRUNNLAGET FOR KVAR SKOLE PÅ INDEKSANE MILJØ OG MOTIVASJON 3. MAL FOR TILSTANDSRAPPORT I HORDALAND FYLKESKOMMUNE 1

Innleiing Etter opplæringslova pliktar alle kommunar og fylkeskommunar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Rapporten skal drøftast av skoleeigar. I Hordaland fylkeskommune er det Fylkestinget. Målet er at tilstandsrapporten skal vere eit godt grunnlag for vurdering, debatt og dialog og gi skoleeigar eit konkret grunnlag for utviklinga av kvaliteten i opplæringa. Eit stabilt fast fokus for tilstandsvurderingsarbeidet gjer det mogleg å følgje utviklinga i fylket over tid og legg til rette for samarbeid om kvalitetsutviklingsarbeid over fylkesgrensene. Til hjelp i arbeidet med tilstandsrapportering har Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein standardisert mal med eit sett indikatorar 1. Vår tilstandsrapport er basert på innhaldet i malen frå Utdanningsdirektoratet og er i tillegg bygd ut med Hordaland fylkeskommune sine prioriterte tiltaksområde, vurdering og pedagogisk bruk av IKT. Alle dei vidaregåande skolane har vurdert sine lokale skolevise resultat og på det grunnlaget utarbeidd eigen tilstandsvurdering. Dei skolevise tilstandsvurderingane er rapportert inn til Opplæringsavdelinga og gir eit godt grunnlag for analysen og vurderinga av resultata på fylkesnivå. Rapportane dannar vidare eit godt utgangspunkt for dialogen mellom Opplæringsavdelinga og skolen om det lokale fagleg pedagogiske utviklingsarbeidet. 1 Malen for tilstandsrapport er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet sin nettportal Skoleporten. 2

Hovudfunn Som sagt i innleiinga er det områda læringsresultat, fråfall og læringsmiljø det skal rapporterast om. Mange av resultata er tilsvarande nasjonale funn og følgjer såleis mønster og trendar i landet elles. I avsnitta under løftar vi fram det vi ser som hovudfunn i det grunnlagsmaterialet vi har. Læringsresultat Det samla karakterresultatet for elevane i Hordaland fylke til standpunkt har halde seg stabilt med eit karakterresultat på 3,9 (standpunkt) dei to siste åra. Karakternivået til eksamen ligg ein halv karakter under, 3,3, og omfanget av stryk er her høgare og aukande. Dei faga som peikar seg ut negativt er matematikk, naturfag og kroppsøving. Det er dei same faga som peikar seg ut negativt på nasjonalt nivå. Vi har difor valt å sjå nærare på desse faga i rapporten. Omfanget av stryk til eksamen i matematikk og naturfag er kraftig redusert det siste året. Samstundes ser vi ein auke av stryk og ikkje vurdert 2 (IV) til standpunkt i alle dei tre faga i fireårsperioden 2006/2007 til 2009/2010. Fråfall, stryk og ikkje vurdert Det totale omfanget av sluttarar og stryk til standpunkt i fylket har gått ned det siste året. Medan omfanget av sluttarar er redusert med 9, er stryk redusert med 7. Budsjettmåla for dei to område for 2010 er såleis nådd med god margin. Når det gjeld omfang av stryk i opplæring i bedrift er budsjettmålet, om å redusere talet på lærlingar som ikkje greier fagprøven med 5, nådd for 2009. Dette er ei gledeleg utvikling som vi ønskjer å forsterke i åra framover. Samstundes viser utviklinga at det totale omfanget av ikkje vurdert (IV) aukar. Omfanget av IV og stryk er konsentrert om spesifikke fag, som til dømes i matematikk, naturfag og kroppsøving. Vi ser og at IV er konsentrert om ei mindre gruppe elevar. Statistikken viser at ein tredjedel av elevane som får IV, er registrert med IV i tre eller fleire fag. Nedgang i tal på sluttarar viser at tiltak knytt til oppfølging av fråvere og fokus på overgangen mellom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring gir resultat. Læringsmiljø Dei fleste elevane trivast godt, og det er få elevar som rapporterer at mobbing er eit problem. Dette er likevel eit område som krev kontinuerleg fokus, og målsetjinga om nulltoleranse for mobbing står fast. Når det gjeld vurdering og fagleg rettleiing, skårar fylket ein tidel under gjennomsnittet på nasjonalt nivå, sjølv om vurdering har vore, og er, eit hovudsatsingsområde. Spesialundervisning/tilbod i tilrettelagde grupper Den nye ordninga for innsøking til ordinær gruppe for søkjarar med mål om kompetanse på lågare nivå, er brukt av mange søkjarar. Samtidig har det vore ein kraftig nedgang av elevar som søkjer til tilrettelagt gruppe (8-gruppe). Endringa er i samsvar med dei måla som fylkeskommunen har sett i Plan for spesialundervisning og tilpasset opplæring 2008/2012. I tiltaksplanen er det mål om 10 færre søkjarar til tilrettelagt gruppe 3. Dette målet har fylkeskommunen nådd. Nedgangen i elevtalet i tilrettelagde grupper er på omlag 35. Vaksenopplæring Talet på vaksne som har nytta seg av tilbodet innan vidaregåande opplæring i fylket, har auka med 21 det siste året. Fag som gir studiekompetanse, er dei mest etterspurde faga. Den digitale skolen Målsetjinga for 2010 om at 75 av elevane skal nytte PC dagleg i skolearbeid, er nådd med god margin. Litt i underkant av halvparten av elevane nyttar Nasjonal Digital Lærings Arena (NDLA). Det er framleis trong for kompetanseheving for lærarar og elevar i høve digital kompetanse og pedagogisk bruk av digitale læringsressursar. 2 IV manglar grunnlaget for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. 3 Tidlegare innleiande Vg1. 3

Budsjettmål Avsnitta over viser at budsjettmåla for 2010, knytt til det fagleg pedagogiske utviklingsområdet, er nådd med unntak av målsetjinga på vurdering og fagleg rettleiing. Før vi omtalar hovudfunna meir i detalj, vil vi gi ein presentasjon av fylkeskommunen sitt systematiske arbeid med kvalitetsvurdering og oppfølging av resultat. Kvalitetsvurderingsarbeidet i Hordaland fylkeskommune Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa (NKVS) blei vedtatt i 2003. Målsetjinga med NKVS er å bidra til kvalitetsutvikling, openheit og dialog kring skolen si verksemd, samt å gi avgjerdsgrunnlag basert på dokumentert kunnskap og eit godt grunnlag for lokal kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Det er fastsett i Opplæringslova, 13-10 andre ledd 4, at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Rapporten om tilstanden skal, som tidlegare nemnt, omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Det følgjer av føresegnene i Ot.prp.nr. 55 (2008/2009) at det skal vere mogleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til skoleeigar sitt ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeid. Hordaland fylkeskommune System for verksemdbasert vurdering Hordaland fylkeskommune har utarbeidd og vedtatt eit system for korleis skolane sjølv kan vurdere og følgje opp eigne resultat, eit system for verksemdsbasert vurdering. Dette er i tråd med 13.10 i Opplæringslova og forskrifta til Opplæringslova 2-1. Systemet legg rammer for korleis skolane skal planlegge og vurdere det pedagogiske utviklingsarbeidet, og for korleis skoleeigar skal følgje opp planlegging og resultat frå skolane. Systemet krev god dialog mellom skoleeigar og skolen si leiing. Partane skal saman utvikle kultur for god planlegging og resultatvurdering. Systemet skal implementerast over tre år: 2009 2010 - Fokus på kvalitet og forankring av planleggingsarbeidet 2010 2011 - Fokus på tilstandsrapportering og resultatoppfølging 2011 2012 - Fokus på sjølve implementeringsarbeidet av systemet i skolen og i Opplæringsavdelinga. Våren 2009 sendte alle skolane inn sine utviklingsplanar. Desse planane var utgangspunkt for dei påfølgjande skolebesøka. Dei første skolebesøka blei gjennomført hausten 2009 og våren 2010. Ved kvart besøk deltok ein av leiarane i Opplæringsavdelinga saman med ein rådgjevar frå Pedagogisk seksjon. Besøka blei gjennomført etter ein oppsett mal, og det vart utarbeidd ein rapport etter møtet. Rapporten vart underteikna både av leiar i opplæringsavdelinga og skolen sin rektor for vidare oppfølging. Våren 2010 har skolane sendt inn både rullerte utviklingsplanar og ein tilstandsrapport. Desse er tema for skolebesøka i 2010/11. 4 Endring av august 2009. 4

Erfaringar så langt Systemet for verksemdbasert vurdering og skolebesøka ser så langt ut til å fungere godt både for skoleeigar og for skolane. Systemet blir omtalt som oversiktelig og enkelt, og skolebesøka har vore godt førebudde både frå skolane og frå Opplæringsavdelinga si side. Det ser altså ut til at vi har funne fram til ei form som gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. Samtidig ser vi og tydelege utfordringar i det vidare arbeidet. Dette året har skolane utarbeidd tilstandsrapportar, og dei må vere i fokus i skolebesøka i 2010/11. Dette betyr og at vi får meir merksemd mot resultat og kvalitet og på bruken av dei indikatorane vi har. Skolar har og gitt tilbakemelding om at dei ønskjer konkrete og tydelege tilbakemeldingar om korleis Opplæringsavdelinga vurderer skolen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og dei resultata dei oppnår. For Opplæringsavdelinga ligg hovudutfordringa i å etablere gode system for å ta vidare dei tilbakemeldingane som kjem i skolebesøka og å styrke samarbeidet mellom seksjonane i kvalitetsarbeidet. Styringsdokument med føringar Hovudmål i styringsdokumentet Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland fylkeskommune for åra 2009 og 2010 er Auka læringsutbytte og fullføring. Auka læringsutbytte skal målast gjennom karakternivå og karakterutvikling. Fullføring skal målast gjennom omfang og utvikling av stryk og ikkje vurdert (IV) og gjennom redusert bortval. Vurdering av situasjonen i fylket knytt til bortval vil bli handsama i eit eige kapittel om Gjennomføring. Prioriterte tiltaksområde For 2009/2010 har fylket to prioriterte tiltaksområde som skal støtte opp om hovudmålet auka læringsutbytte. Dei to måla er; Vurdering av eleven si læring Alle skolane må vise korleis det blir arbeidd med elevvurdering for å skape ein meir einskapleg vurderingspraksis og prioritere klasseromsnære og læringsfremjande tiltak innan undervegsvurdering. Den digitale skolen Alle skolane må vise korleis det blir arbeidd med pedagogisk bruk av digitale læringsressursar, og skolane må vise korleis det blir arbeidd med digital kompetanse i alle fag. Fordi dei to prioriterte tiltaksområda er nye av året 2009/2010, er rapportering på skuleåret 2009/2010 å rekne som eit basisår i høve til å måle effekten av dei nye satsingsområda. Dei tre områda som nasjonalt nivå har stilt krav om, skal inngå i den årlege tilstandsrapporten, læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, er i stor grad samanfallande med satsingsområde i styringsdokumentet for vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune. Målsetjinga om auka læringsutbytte og gjennomføring i styringsdokumentet fell saman med læringsresultat og fråfall, og læringsmiljø blir kvart år kartlagt og følgt opp gjennom elevundersøkinga. Dei overordna målsetjingane var operasjonalisert i budsjettet med følgjande konkretisering: Redusere andel elevar med stryk i einskilde fag i vidaregåande skole med 5 Redusere bortvalet ved dei vidaregåande skolane med 5 Betre resultata på utvalde spørsmål i elevundersøkinga med 2,5 i snitt (knytt til vurdering) 75 av elevane skal nytte pc dagleg i skolearbeidet. 5

Skolane kan i tillegg til fellesmåla for fylket prioritere eigne utviklingsmål, men det overordna målet for all utviklingsaktivitet skal vere auka læringsutbytte for den einskilde elev og å få fleire til å fullføre planlagd kompetanse. Modellen under viser hovudområde for utviklingsarbeidet. Målemodell for utviklingsarbeidet Hovudmål Auka læringsutbytte og fullføring Utviklingsområde Lærarrolla Elevane si læring og læringsmiljø Lærande organisasjon Delområde Klasse/ gruppeleiing Tilpassa opplæring Inkludering Lærarkompetanse Organisering Tydeleg og inkluderande leiing Dei tre utviklingsområda, med seks delområde, stør alle opp om hovudmålet auka læringsutbytte og fullføring. Delområda peikar på særlege område som har direkte innverknad på utviklingsområda og for å nå hovudmålsetjinga. Utviklingsområdet Elevane si læring og læringsmiljø skal romme innsatsar som fremjar læring, meistring og gjennomføring, og som fremjar elevane sin motivasjon og trivsel. Utviklingsområdet Lærarrolla skal romme faktorar som fremjar tydelege, fagleg dyktige og trygge lærarar. Utviklingsområdet Lærande organisasjon skal romme faktorar som fremjar skolen sin kompetanse og kultur for kontinuerleg læring og utvikling 6

Nøkkeltal Følgjande nøkkeltal inngår som ein del av malen for tilstandsrapport. Tal på elevar og lærlingar Mål for Hordaland fylkeskommune Elevar Hordaland fylkeskommune skal gi eit opplæringstilbod av høg kvalitet og framstå som det naturlege valet for elevar med rett til vidaregåande opplæring. Lærlingar Yrkesopplæringsnemnda skal medverke til at opplæringstilbodet til lærlingane har god kvalitet. Det skal vere samsvar mellom opplæringstilbodet i vidaregåande skole, arbeidslivet sine behov for arbeidskraft og elevane sine ønskje om ulike utdanningsvegar. Yrkesopplæringsnemnda skal også medverke til regionalt utviklingsarbeid. Tabell 1: Talet på elevar og lærlingar 5 Indikator og nøkkeltall 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 Talet på elevar (R94) 15 959 16 761 10 046 4 594 110 Talet på elevar (Kunnskapsløftet) X X 6 891 12 247 16 767 Talet på lærlingar (R94) 3 496 3 763 4 222 4 481 3 076 Talet på lærlingar (Kunnskapsløftet) X X X X 1 426 X: Kunnskapsløftet blei innført i 2006 og registreringa starta frå 2006. Elevar Prognoseinntaket for 2010 viser ein auke på 437 søkjarar korrigert for storleiken på elevkulla dei siste to åra. Justert for normalt fråfall og elevar som vel å gå på private skolar, tilsvarar dette ein auke på om lag 200 elevar ved dei vidaregåande skolane for 2010/2011. Det har vore ein stor auke i søkjartalet til Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram. Auken er størst i Bergen, og særleg i Bergen Sør. Oppstart av Nordahl Grieg vidaregåande skole har generert fleire søkjarar totalt i Bergen til dei utdanningsprogramma som skolen gir tilbod om. Det er store skolelokale skilnader i rekruttering til opplæringstilbodet. Utdanningsprogramma for Bygg- og anleggsteknikk og Restaurant- og matfag har dei siste åra hatt nedgang i søkjartalet. Framleis er søkjartala til desse utdanningsprogramma låge, men viser ein liten oppgang samanlikna med 2009. Det er til dels store variasjonar mellom skolane og regionane i fylket i søkjartala til desse utdanningsprogramma. Service og samferdsel har også hatt minkande søkjartal dei siste åra, og denne nedgangen held fram sjølv om det ikkje er store endringar samanlikna med 2009. Søkjartalet til Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram med Formgjevingsfag går framleis ned. 5 Elevar er personar som er registrert i VIGO per 1.10. det aktuelle skoleåret. Talet på lærlingar opplyser om talet på personar som har inngått lærekontrakt, møtt fram og starta i lære i bedrift eller opplæringskontor med sikte på å ta fagprøve/sveineprøve. 7

Lærlingar I 2009 vart 91 av primærsøkjarane formidla til læreplass. Dette er eit godt resultat i nasjonal samanheng, og ei forklaring på resultatet kan vere at opplæringstilbodet er godt tilpassa det marknaden etterspør av fag- og bransjekompetanse. Hordaland fylkeskommune har eit godt samarbeid med opplæringskontor og bedrifter og prøver å vere tidleg på bana i formidlingsprosessen og heile tida vere oppdatert i høve til bedrifter, søkjarlister og opplysningar. Elevar per lærarårsverk Mål for Hordaland fylkeskommune Høg kvalitet på opplæringa per årsverk. Hordaland fylkeskommune har eit desentralisert skolesystem med skolar i 23 av 33 kommunar. Hordaland fylkeskommunen har relativt høg lærardekning med stor variasjon i storleiken til skolane. Tabell 2: Tal på elevar per årsverk 2008 6 Indikator og nøkkeltall Hordaland fylkeskommune Nasjonalt Tal på elever per årsverk 8,4 8,5 *Kjelde: Tala er henta frå Skoleporten som hentar data frå SSB. Tal for elevar per årsverk i Hordaland fylkeskommune låg for 2008 på 8,4, ein tidel under gjennomsnittet på nasjonalt nivå det same året. 6 Indikatordefinisjon: gjennomsnittleg tal på elevar i fylkeskommunale skolar (elevar i vidaregåande opplæring og fagskuleutdanning i fylkeskommunale skolar) per lærarårsverk. Tala er førde opp med talet på personar (elevar og lærarar). 8

Læringsmiljø I samsvar med malen for tilstandsrapport som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, går følgjande indeksar inn under læringsmiljø: trivsel, mobbing og fagleg rettleiing. Tala under er henta frå Elevundersøkinga 7. Elevundersøkinga i Hordaland fylkeskommune i 2010 fekk ein relativt høg svarprosent på 76. Svarprosenten har vore jamt stigande og auka med vel 5 prosentpoeng i fireårsperioden 2006/2007 til 2009/2010. Svarprosenten varierer noko mellom ulike utdanningsprogram. Medan alle studieførebuande utdanningsprogram skårar over 80, er svarprosenten innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram meir variabel (frå Elektro på over 80 til Design og Handverk på 64 ). Samanlikna med svarprosenten nasjonalt og i andre fylkeskommunar, har Hordaland fylkeskommune eit betringspotensial. Både det nasjonale nivået og Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har ein svarprosent på over 80 8. Svarprosenten i elevundersøkinga er avhengig av fleire forhold, førebuing, gjennomføring og oppfølging. Auka bruk og systematisk oppfølging av resultat i etterkant inngår som ein viktig del av system for verksemdbasert vurdering. 7 Elevundersøkinga er ei nasjonal nettbasert undersøking der elevar skal få seie si meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Undersøkinga er obligatorisk for alle elevar på vgi. 8 Svarprosenten på nasjonalt nivå for 2009/2010 var på 80,3, og respektive 82,5 og 85,2 for Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. 9

Trivsel Mål for trivsel i Hordaland fylkeskommune Utviklingsområdet - elevane si læring og læringsmiljø- skal romme innsatsar som fremjar læring, meistring og gjennomføring, og som fremjar elevane sin motivasjon og trivsel (Styringsdokumentet 2009-2010). Hordaland fylkeskommune sitt Felles ordens- og åtferdsreglement skal vere med å leggje grunnlaget for eit godt læringsmiljø. Vurdering av funn frå elevundersøkinga Det går fram av resultata frå elevundersøkinga for perioden 2006/2007 til 2009/2010, som vist i grafen over, at elevane i den vidaregåande skolen i Hordaland fylkeskommune trivast godt. Fylket ligg likt med nasjonalt nivå på spørsmål om trivsel. For 2010 skil Utdanningsdirektoratet mellom to indeksar for trivsel: trivsel med lærar og sosial trivsel. På indeksen trivsel med lærar skårar fylket over det nasjonale snittet med 0,1 tidel for 2010. Det er elles verdt å merke seg at gutar og jenter oppgjer at dei trivast like godt. Det er gjort kjent gjennom Pisa-kartlegginga til OECD at samvariasjonen mellom trivsel og læringsutbytte ikkje nødvendigvis er høg. Det er derfor spesielt positivt at elevane oppgjer at trivsel med læraren har auka over det siste året, fordi internasjonal forsking viser at kvaliteten på relasjonen til læraren er ein av dei skolebidragsindikatorane 9 som har vesentleg tyding for eleven si læring. Lærlingundersøkinga Fagopplæringskontoret gjennomførte våren 2009 brukarundersøkinga som Utdanningsdirektoratet har laga til bruk for lærlingar/lærekandidatar og instruktørar i lærebedrifter. Undersøkinga er parallell til elevundersøkinga og lærarundersøkinga som skolane brukar. Svarprosenten på lærlingundersøkinga vart låg, 37, og resultata vil derfor ikkje vere representative for lærlingar og lærekandidatar i Hordaland fylkeskommune. 9 Skolebidragsindikator (SBI) er eit uttrykk for kor gode eller dårlege karakterar elevane oppnår på ein bestemt skole, etter at det er justert for forskjellar i elevinntak (slik som kjønn, foreldre si utdanning, inntekt, fødeland, sambuarskap og sysselsetting). 10

Det er ei målsetjing å få opp svarprosenten på lærlingundersøkinga for å få betre oversikt og for å vere betre i stand til å kunne følgje opp forhold knytt til læringsmiljø for lærlingane. Mobbing Nulltoleranse mot mobbing i Hordaland fylkeskommune Målsetjinga i Hordaland fylkeskommune for eit godt læringsmiljø og for systematisk arbeid mot mobbing er nedfelt i Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune. Under avsnitt om forbod 4, 1. punkt er det stadfesta at; Vald, tjuveri, mobbing, rasistiske utsegn og handlingar, seksuell trakassering, sjikane pga seksuell legning, religion eller livssyn og anna krenkjande åtferd ikkje er tillate. Brot på desse reglane vert handsama etter reglane i 12, 13 og 14 i ordensereglementet. Vurdering av funn frå elevundersøkinga Elevane i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune svarer i elevundersøkinga at dei i liten grad har opplevd å bli mobba på skolen over dei fire siste åra. Omfanget av mobbing har vore stabilt lågt i perioden, med ein gjennomsnittskår på 1,3. Hordaland fylkeskommune ligg på det same nivået som for gjennomsnittet nasjonalt. Når det gjeld kjønnsskilnadar, oppgjer gutar at dei i noko større grad enn jenter opplever mobbing på skolen. Medan snittet for gutar er på 1,4, er snittet for jenter 1,2, to tidelar under snittet for gutar. Den same differansen mellom kjønna gjer seg også gjeldande på nasjonalt nivå. Skolane sin systematiske innsats for å førebyggje mobbing generelt skjer som ein del av det ordinære oppfølgingsarbeidet av forskrifta. Opplæringsavdelinga følgjer opp forhold knytt til læringsmiljø i utviklingsdialogen med skolane mellom anna gjennom system for verksemdbasert vurdering og skolebesøk. Ein vil i dette arbeidet og vere merksam på skilnadar mellom kjønna for å kunne leggje grunnlag for målretta tiltak. 11

Fagleg rettleiing Individuell vurdering er eit satsingsområde i norsk grunnopplæring og ein av hovudpilarane i Kunnskapsløftet. Forsking viser at vurderingskultur og lærarane sin vurderingspraksis har mykje å seie for elevane sitt læringsutbytte. 1. august 2009 blei forskrift til kapittel 3 i opplæringslova, Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, endra. Forskrifta stiller krav om at vurdering skal vere ein del av elevane si læring. Føremålet med den formative vurderinga/vurdering for læring er å betre eleven sin kompetanse gjennom faglege vurderingar og tilbakemeldingar. Tilbakemeldingane skal bli gitt i forhold til dei måla og vurderingskriteria som er sett. Dette er det som blir kalla undervegsvurdering i forskrifta. I følgje forskrifta skal undervegsvurderingar bidra til å fremje læring, utvikle kompetanse til eleven og gi grunnlag for tilpassa opplæring. Fagleg rettleiing er ein av indikatorane som inngår i den standardiserte malen for tilstandsrapport frå Utdanningsdirektoratet. For å følgje opp den nasjonale satsinga på vurdering for læring har Opplæringsavdelinga valt vurdering av eleven si læring som eit prioritert tiltaksområde. For vidare omtale av fylket si satsing på vurdering, sjå kapittel om prioriterte tiltaksområde. 12

Læringsresultat Karakterutvikling 2006/2007 til 2009/2010 Mål for Hordaland fylkeskommune Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland fylkeskommune for skoleåret 2010/2011 er, som nemnt i kapittel 2, Auka læringsutbytte og fullføring. Auka læringsutbytte skal målast gjennom karakternivå og karakterutvikling. Fullføring skal målast gjennom omfang og utvikling av stryk og ikkje vurdert og gjennom redusert bortval (budsjettmål). Effekten av dei to prioriterte tiltaksområda i fylket, vurdering av eleven si læring og Den digitale skolen, skal støtte opp om den overordna målsetjinga om auka læringsutbytte. Elevgrunnlaget frå grunnskulen Grunnopplæringa, det 13-årige løpet i norsk skole, utgjer ein heilskap, eit samanhengande løp kor kompetansemåla i læreplanane i dei gjennomgåande faga skal leggje til rette for overgangane mellom barne- og ungdomsskole og vidaregåande opplæring. Før vi gir ei vurdering av karakternivået og karakterutviklinga i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune, vil vi sjå nærare på nokre nøkkeltal for elevane sitt læringsutbyttet frå grunnskulen (elevgrunnlaget) i fylket. Nivået på det samla karakterresultatet i fylket etter avslutta ungdomskole har vore stabilt i toårsperioden 2007/2008 til 2008/2009 og ligg på 40, 5 grunnskolepoeng. Dette er eitt poeng over det nasjonale gjennomsnittet på 39,5 (2008/2009). Tabell 3: Grunnskolepoeng for Hordaland fylke (gjennomsnitt) Grunnskolepoeng/år 2007/2008 2008/2009 Hordaland fylke 40,5 40,5 Bergen kommune 10 41,1 Nasjonalt 39,5 Tabellen under viser karakternivå og trendar i faga, rekning/matematikk, naturfag og kroppsøving i grunnskolen. Tala vert brukt som delgrunnlag for vidare analysar av karaktertrendar innanfor vidaregåande opplæring i dei aktuelle faga. Tabell 4: Karakternivå og karakterutvikling i grunnskolen (gjennomsnitt) Eining År Fag Karakter/fylke Karakter/nasjonalt Grunnskolen i 2007-2008 til Nasjonal prøve i 3,1 3,1 Hordaland fylke 2008-2009 rekning 8. trinn Grunnskolen i Bergen kommune 2007-2008 til 2008-2009 Matematikk skriftleg 3,3 til 3,5 3,5 Grunnskolen i Bergen kommune eksamen 2008-2009 Naturfag munnleg 4,2 4,1 10 Bergen er valt fordi om lag halvparten av skolane i Hordaland fylkeskommune ligg innanfor Bergen kommune. 13

Grunnskolen i Bergen kommune 2007-2008 til 2008-2009 eksamen Kroppsøving standpunkt 4,5 til 4,6 4,4 Tala i tabellen viser at karakternivået i grunnskulen i dei aktuelle faga ligg likt eller over det nasjonale gjennomsnittet. Samla læringsresultat i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune Det går fram av tabellen under at det totale karaktergjennomsnittet for fylket til standpunkt ligg på vel 3,9, og at nivået har vore stabilt dei siste to åra. Nivået på stryk for den same perioden er og tilnærma stabilt, kring 1,8 prosent, med ein liten nedgang for i år på i underkant av 0,1 prosentpoeng. Tabell 5: Karakterar i standpunkt på fylkesnivå for 2010 og 2009 HFK Stpkt 2010 Alle skolar Snitt 1-6 Antall 1 Antall 2 Antall 3 Antall 4 Antall 5 Antall 6 Sum kar 1-6 (100) Total 3,88 2630 15038 33704 48137 38922 7545 145976 Total 3,88 1,8017 10,302 23,089 32,976 26,663 5,1687 145976 HFK Stpkt 2009 Total 3,90 2382 13108 28186 41191 34806 6949 126622 Total 3,90 1,8812 10,352 22,26 32,531 27,488 5,488 126622 *Kjelde Extens. Utval: For 2010 er termin 2 karakterar tatt med i fellesfag som ikkje er avsluttande. Tala under viser at det har vore ein liten nedgang i karaktergjennomsnittet til eksamen i fylket det siste året på vel 0,1 prosentpoeng, frå 3,46 i 2009 til 3,33 i 2010. Samstundes viser tabellen at det har vore ei endring i normalfordelinga med auka grad av stryk på litt over eitt prosentpoeng, frå 6,9 prosent i 2009 til 8,1 i 2010. Reduksjon av karakteren 6 på vel 1,5 prosentpoeng, frå 6,8 til 5,2 prosent. Det går vidare fram av tabellane at gjennomsnittskarakteren til standpunkt ligg 0,5 prosentpoeng over gjennomsnittskarakteren til eksamen. Medan skilnaden i karaktergjennomsnittet til standpunkt og eksamen er relativt liten, er skilnaden i stryk høg, 6,3 prosentpoeng. Det går fram av tabellane at det har vore ei lita positiv utvikling i omfanget av stryk til standpunkt, medan omfanget av stryk til eksamen er relativt høgt og aukande. Tabell 6: Karakterar til vår eksamen for 2010 og 2009 HFK Eksamen vår 2010 Skole Snitt 1-6 Antall 1 Antall 2 Antall 3 Antall 4 Antall 5 Antall 6 Sum kar 1-6 (100) Total 3,33 1870 4519 6517 5594 3290 1198 22988 Total 3,33 8,1347 19,658 28,35 24,334 14,312 5,2114 22988 HFK Eksamen vår 2009 Total 3,46 1824 4725 7132 6642 4255 1798 26376 Total 3,46 6,9154 17,914 27,04 25,182 16,132 6,8168 26376 *Kjelde: Extens. Full avvikling blei forhindra av streik i 2010. 14

Kjønnsfordeling Tabellen under viser at det er fleire gutar enn jenter som stryk, og at omfanget av gutar som stryk til standpunkt, har auka med 0,2 prosentpoeng det siste året, frå 2,29 prosent i 2009 til 2,52 prosent i 2010. Samstundes viser tabellen at omfanget av gutar og jenter som får toppkarakteren 6, aukar vel 0,5 prosentpoeng for begge kjønn over dei siste to åra. Skilnaden på jenter og gutar er likevel tilnærma stabil når det gjeld karakteren 6. Omfanget av jenter som får karakteren 6 ligg eitt prosentpoeng høgare enn for gutar. Karaktersnittet både for jenter og gutar ligg tilnærma stabilt dei siste to åra. Tabell 7: Karakterfordeling på kjønn til standpunkt 2009/2010 Kjønn Snitt 1-6 Antall 1 (i ) Antall 2 (i ) Antall 3 (i ) Antall 4 (i ) Antall 5 (i ) Antall 6 (i ) Sum kar 1-6 (100) Kvinne 3,98 1,50 9,25 21,31 32,52 29,03 6,40 54287 Mann 3,77 2,52 12,87 24,58 30,31 24,30 5,42 53793 Total 3,87 2,00 11,05 22,93 31,42 26,67 5,91 108080 Tabell 8: Karakterfordeling på kjønn til standpunkt 2008/2009 Kjønn Snitt 1-6 Antall 1 (i ) Antall 2 (i ) Antall 3 (i ) Antall 4 (i ) Antall 5 (i ) Antall 6 (i ) Sum kar 1-6 (100) Kvinne 3,99 1,50 8,56 20,70 33,74 29,56 5,95 65533 Mann 3,80 2,29 12,27 23,93 31,24 25,27 5,00 61090 Total 3,90 1,88 10,35 22,26 32,53 27,49 5,49 126623 Resultat i matematikk, naturfag og kroppsøving Over tid har det vore retta nasjonal merksemd mot situasjonen innan realfaga. Resultat på internasjonale kartleggingstestar og uro for rekruttering til akademia og næringsliv, er sett fram som viktige grunnar til det nasjonale fokuset. Tett oppfølging av karakterutviklinga i matematikk og naturfag er derfor eit prioritert område i kvalitetsvurderingsarbeidet i fylket, og eit område skolane skal ha eit særleg fokus på i sitt tilstandsvurderingsarbeid. I tillegg til faga matematikk og naturfag har Opplæringsavdelinga valt å rette særleg merksemd mot karakternivået og karakterutviklinga i kroppsøving 11 grunna negativ utvikling i faget i høve omfang av stryk og IV. Vi manglar nasjonale tall på det faget 12, men slik faget er omtala i det offentlege ordskiftet, er det grunn til å tro at dette er ei nasjonal utfordring. Matematikk I teksten under vil vi i tillegg til å vurdere karakterutviklinga i matematikk til standpunkt og eksamen, saman med omfanget av IV og styrk, sjå nærare på eitt einskild fag, praktisk matematikk Vg1 på yrkesfag 13. Dette faget er valt fordi det er eit av dei større matematikkfaga i høve elevtal, og fordi det skil seg ut med høgast stryk og IV. 11 Det er ikkje eksamen i faget kroppsøving utanom dei som tek faget som privatist. 12 Nasjonal statistikk på faget kroppsøving er ikkje tilgjengeleg gjennom Skoleporten. 13 Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag kode 1001. 15

Tabell 9: Standpunkt i matematikkfag 2006/2007 til 2009/2010 Karaktersnitt standpunkt Matematikk alle fag 3,43 1 3,40 3,36 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 3,45 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Grafen over viser den samla gjennomsnittskarakteren i matematikkfaga til standpunkt i vidaregåande opplæring i fylket i perioden 2006/2007 til 2009/2010. Grafen viser såleis den samla gjennomsnittskarakteren i fellesfag matematikk både på studieførebuande og yrkesfagleg utdanningsprogram 14. Av tabellen går det fram at det har vore eit stabilt karakternivå på vel 3,4 i matematikkfaga til standpunkt i fylket dei siste fire åra. Tabell 10: IV og stryk til standpunkt i matematikkfag i perioden 2006/2007 til 2009/2010 Ikkje vurdert og stryk standpunkt Matematikk alle fag 2 1 2 2 3 5 6 7 IV 06-07 IV 07-08 IV 08-09 IV 09-10 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 6 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Det går fram av tabellen over at prosentdelen som stryk til standpunkt i matematikkfaga, auka med to prosentpoeng dei tre første åra i perioden, frå 5 i 2006/2007 til 7 i 2008/2009. Det er verdt å merke seg at det har funne stad ein nedgang i stryk det siste året (2009/2010), på eitt prosentpoeng, til 6. Medan tal på elevar som stryk i matematikkfaga er redusert det siste året, har ikkje vurdert (IV) auka frå 2,0 til 3,0 i den same perioden. 14 Faga som inngår er teoretisk og praktisk matematikk, munnleg og skriftleg, innanfor yrkesfagleg og studieførebuande utdanningsprogram på Vg1 og Vg2 i tillegg til studiespesialiserande påbygg. 16

Tabell 11: Eksamensresultat i matematikkfaga 2006/2007 til 2009/2010 Karaktersnitt eksamen Matematikk alle fag 3,09 1 3,01 2,98 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 3,05 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Det gjennomsnittlege karakternivået til eksamen i matematikkfaga i perioden 2006/2007 til 2009/2010 har lagt stabilt rett ved 3- talet. Det er såleis liten skilnad mellom det gjennomsnittlege nivået til standpunkt og eksamen. Standpunktkarakterane ligg i snitt 0,3 prosentpoeng over det gjennomsnittlege karakternivået til eksamen i den aktuelle fireårsperioden. Liten skilnad mellom gjennomsnittskarakterar til standpunkt og eksamen er eit positivt resultat i den forstand at det viser samsvar mellom den skoleinterne vurderinga og ekstern vurdering. Tabell 12: Stryk til eksamen i matematikkfag 2006/2007 til 2009/2010 Stryk eksamen Matematikk alle fag 16 1 16 16 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 14 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 Det har vore ei positiv utvikling og reduksjon i omfanget av stryk til eksamen i matematikkfaga på to prosentpoeng i den aktuelle fireårsperioden, frå 16 prosent i 2006/2007 til 14 prosent i 2009/2010. Det er verdt å merke seg at den positive utviklinga har skjedd det siste året, men nivået må framleis karakteriserast som høgt. 17

Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag Tabellen under syner at det gjennomsnittlege karakternivået i praktisk matematikk Vg1 på yrkesfag har låge stabilt på kring 3,0 i fireårsperioden 2006/2007 til 2009/2010. Det tilsvarande snittet på nasjonalt nivå for 2008/2009 låg på 3,1. Tabell 13: Resultat i standpunkt praktisk matematikk Vg1 yrkesfag frå 2006-2007 til 2009-2010 Snitt standpunkt Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag 3,12 1 3,05 2,99 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 3,09 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Karaktergjennomsnittet ligg i underkant av 0,3 prosentpoeng under det samla nivået i matematikkfaga til standpunkt. Tabell 14: Resultat til eksamen i praktisk matematikk Vg1 yrkesfag frå 2006/2007 til 2009/2010 Snitt eksamen Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag 2,96 1 2,69 2,63 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 2,94 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Tabellen over syner at det har vore ei positiv karakterutvikling i praktisk matematikk til eksamen det siste året frå 2,63 i 2008/2009 til 2, 94 for 2009/2010. Dette er det same som for gjennomsnittet på nasjonalt nivå i 2008/2009 (2,9). Tilsvarande karaktersnitt for Rogaland fylke var 3,0 og for Sogn og Fjordane 2,6 i 2008/2009 15. Karakternivået ligg marginalt under karakternivået for matematikkfaga til eksamen totalt, med 0,1 prosentpoeng. 15 Utdanningsdirektoratet sin nettportal, Skoleporten, med karakterstatistikk for heile landet og kvart fylke har ikkje tall for skoleåret 2009-2010 for det aktuelle faget. 18

Tabell 15: Ikkje vurdert og stryk standpunkt i praktisk matematikk Vg1 yrkesfag Ikkje vurdert og stryk standpunkt Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag 3,1 1 2,3 2,9 5,9 7,6 8,6 10,8 IV 06-07 IV 07-08 IV 08-09 IV 09-10 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 8,8 0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 8,0 9,0 10,0 11,0 12,0 Tabellen over syner at nivået på både ikkje vurdert (IV) og stryk ligg høgt i praktisk matematikk til standpunkt i den aktuelle fireårsperioden. Medan det har vore ei negativ utvikling av ikkje vurdert, har det funne stad ein reduksjon av stryk det siste året på 2 prosentpoeng. Utviklinga av IV er særleg negativ med ei auke på 3, 5 prosentpoeng det siste året. Trendane i IV og stryk i faget følg trendane for dei samla matematikkfaga til standpunkt, reduksjon av stryk og negativ utvikling i omfanget av IV, men nivået på omfanget av IV ligg nærmare tre prosentpoeng høgre. På nasjonalt nivå låg strykprosenten i faget til standpunkt i 2008/2009 på 8,1 og for Rogaland fylkeskommune på 6,7. Tabell 16: Stryk til eksamen i praktisk matematikk Vg1 yrkesfag Stryk eksamen Praktisk matematikk Vg1 yrkesfag 16,9 1 19,2 20,5 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 12,2 0,0 5,0 10,0 15,0 20,0 Omfanget av stryk til eksamen i praktisk matematikk Vg1 for yrkesfag er blitt kraftig redusert det siste året med over 8,3 prosentpoeng, frå 20,5 prosent stryk til 12,2 prosent stryk i 2009/2010. Dette representerer eit godt resultat, og utviklinga må forsterkast i åra som kjem. Nivået på stryk for 19

2009/2010 er da tilnærma det same nivået som for matematikkfaga til eksamen samla (12 prosent). På nasjonalt nivå låg strykprosenten i faget til eksamen i 2008/2009 på 17,1 prosent og for Rogaland fylkeskommune på 10,1 prosent. Oppsummering matematikk Oppsummert ser vi at det gjennomsnittlege karakternivået ligg relativt stabilt i matematikkfaga totalt sett. Karakternivået er tilnærma likt det nasjonale gjennomsnittet. Omfanget av stryk til eksamen har blitt kraftig redusert. Trass i at omfanget framleis må karakteriserast som høgt, ligg snittet for fylket godt under strykprosenten på nasjonalt nivå i praktisk matematikk til eksamen (tal frå 2008/2009). Det er liten skilnad mellom karakternivåa til eksamen og standpunkt, ein viktig markør for einskapleg vurderingsregime i høve intern og ekstern vurdering. Utviklinga for stryk og ikkje vurdert (IV) til standpunkt har auka i den same perioden, både for matematikkfaga totalt og særleg for praktisk matematikk, og ligg her over det nasjonale gjennomsnittet og gjennomsnittet for Rogaland fylkeskommune for 2008/2009. Naturfag For å synleggjere karakterutviklinga i naturfag har vi valt naturfag for Vg1 yrkesfag. Dette faget er valt, fordi det er eit av dei større naturfaga i høve elevtal, og fordi det skil seg ut med høgast stryk og IV. Tabellen under syner at karakternivået i naturfag Vg1 yrkesfag 16 til standpunkt i den aktuelle fireårsperioden har lagt stabilt på vel 3,3. Dette er det same gjennomsnittet som for nasjonalt nivå i 2008/2009. Det tilsvarande snittet for Rogaland fylkeskommune låg i 2008/2009 på 3,4. Tabell 17: Karakterutvikling i naturfag til standpunkt for perioden 2006/2007 til 2009/2010 Snitt standpunkt Naturfag 3,37 1 3,30 3,25 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 3,34 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Tabellen under syner at både nivået på ikkje vurdert og stryk til standpunkt ligg relativt høgt i naturfag i den aktuelle fireårsperioden. Det har vore ei negativ utvikling i omfanget av ikkje vurdert på to prosentpoeng det siste året. Omfanget av stryk har vore meir stabilt med ein liten nedgang på 0,3 prosentpoeng, frå 5,5 prosent i 2008/2009 til 5,2 prosent i 2009/2010. På nasjonalt nivå låg strykprosenten i faget på 4,5 prosent i 2008/2009, tilsvarande tal for Rogaland fylkeskommune låg på 3,3 prosent. 16 Fagkode NAT 1001. 20

Tabell 18: Ikkje vurdert og stryk til standpunkt naturfag for perioden 2006/2007 til 2009/2010 Ikkje vurdert og stryk standpunkt Naturfag 4,6 1 2,6 3,2 4,6 4,6 5,1 5,5 IV 06-07 IV 07-08 IV 08-09 IV 09-10 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 5,2 0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 Grafen under viser at karakternivået til eksamen i naturfag har vore relativt stabilt i den aktuelle fireårsperioden, og at det har vore ei positiv utvikling det siste året på i underkant av 0,3 prosentpoeng, frå 3,37 i 2008/2009 til 3,64 i 2009/2010. Tabell 19: Karakterutvikling i naturfag til eksamen for perioden 2006/2007 til 2009/2010 Snitt eksamen naturfag Vg1 yrkesfag 3,53 1 3,37 3,78 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 3,64 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 21

Grafen under viser at det har vore ei positiv utvikling i stryk til eksamen i naturfag Vg1 yrkesfag. Frå eit nivå på 9,3 prosent i 2006/2007 er det ikkje registrert stryk til eksamen i faget i 2009/2010 17. Tabell 20: Stryk til eksamen i naturfag i perioden 2006/2007 til 2009/2010 Stryk eksamen naturfag Vg1 yrkesfag 9,3 1 2,6 5,9 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 0,0 0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 8,0 9,0 10, 0 11, 0 12, 0 13, 0 14, 0 15, 0 Oppsummering naturfag Oppsummert ser vi at det gjennomsnittlege karakternivået ligg relativt stabilt i naturfag Vg1 yrkesfag totalt sett i perioden og at karakternivået er tilnærma likt det nasjonale gjennomsnittet. Det har vore ei markant positiv utvikling i resultat i naturfag til eksamen, med ingen registrerte stryk for 2009/2010. Utviklinga av ikkje vurdert (IV) og stryk til standpunkt er samstundes negativ og strykprosenten ligg her over nasjonalt nivå for 2008/2009. 17 Trekkfag, muntlig-praktisk eksamensform- utvalet som har vore trekt ut til eksamen har variert noko over dei fire åra, mellom 75 (2007) -85 (2010). 22

Kroppsøving I faget kroppsøving, slik det går fram av grafen, inngår kroppsøving Vg1. Tabellen under viser at karakternivået til standpunkt kroppsøving i den aktuelle fireårsperioden er relativt høgt. Det har funne stad ein liten nedgang i perioden på totalt 0,12 prosentpoeng. Tabell 21: Karakterutvikling i standpunkt i Kroppsøving 18 i perioden 2006/2007 til 2009/2010 Snitt standpunkt Kroppsøving 4,20 1 4,15 4,07 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 4,08 1,00 2,00 3,00 4,00 5,00 6,00 Tabellen under syner ei særs negativ utvikling i ikkje vurdert til standpunkt i kroppsøving i den aktuelle perioden. Grafen viser ein auke på 2 prosentpoeng det siste året, frå 4,9 prosent i 2008-2009 til 6,9 prosent i 2009/2010. Samstundes har det vore ei reduksjon i stryk på 0,6 prosentpoeng det siste året. Tabell 22: Ikkje vurdert og stryk til standpunkt i kroppsøving i perioden 2006/2007 til 2009/2010 Ikkje vurdert og stryk standpunkt Kroppsøving 5,7 1 0,3 1,2 2,2 4,9 5,9 6,9 IV 06-07 IV 07-08 IV 08-09 IV 09-10 Stryk 06-07 Stryk 07-08 Stryk 08-09 Stryk 09-10 1,6 0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6,0 7,0 Opplæringsavdelinga har ikkje initiert tiltak i matematikkfaga. Skolane jobbar med utfordringar i matematikkfaga knytt til situasjonen lokalt. Opplæringsavdelinga vurderer å setje i verk tiltak i matematikkfaga for skolane med låge inntakskrav. 18 Fagkode KRO 1001. 23

Oppsummering av resultat Elevgrunnlaget, grunnskolepoeng og karakternivået frå ungdomsskulen bidreg tilsynelatande i liten grad til å forklare utfordringar i karakterutviklinga i vidaregåande opplæring. Men Opplæringsavdelinga har ikkje oversikt over omfanget av karakteren 1 i grunnskolen. I samband med prosjektet Fleire fullfører vil Hordaland fylkeskommune få tilgang til data som kan gi informasjon om risikofaktorar i overgangen frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. Det samla karakterresultatet for elevane i Hordaland fylke til standpunkt har halde seg stabilt med eit karakterresultat på 3,9 (standpunkt) dei to siste åra. Karakternivået til eksamen ligg ein halv karakter under, 3,3, og omfanget av stryk er her høgare og aukande. Omfanget av stryk til eksamen i matematikk og naturfag har likevel blitt kraftig redusert det siste året. Samstundes ser vi ein auke av stryk og ikkje vurdert (IV) til standpunkt i alle dei tre faga i fireårsperioden 2006/2007 til 2009/2010. Det er ei kjent problemstilling at fellesfaga på yrkesfaglege utdanningsprogram kan vere ei utfordring for mange elevar, og fleire av rapportane frå skolane stadfestar behovet for meir yrkesretting av fellesfaga. Det går fram av kapittel om læringsmiljø og fagleg rettleiing at arbeidet med vurdering for læring og tilpassing av undervisninga til ny vurderingsforskrift i varierande grad er omsett til praksis på det noverande tidspunkt. Det er grunn til å tru at når vurderingsinstituttet i større grad har sett seg, vil det ha positiv innverknad på karakterutvikling og fullføring. Det er gjort omfattande forsking på kva som er viktig for elevane si læring og som problematiserar forholdet mellom skolebidragsytande indikatorar og elevane sitt læringsresultat. Følgjande forhold blir trekt fram som særleg vesentlege: relasjonen lærer elev tilbakemelding til elevane og direkte instruksjonar om arbeidsinnsats, læringsmål og åtferd bruk av kognitive strategiar som støttande dialog, oppsummering, spørsmål og klargjøring og liknande utvikling av elevane sine læringsstrategiar lærarane si evne til å leie klassar 19. Innføring av Den digitale skolen og utfordringar knytt til digital kompetanse og pedagogisk bruk av digitale læringsressursar representerer ei krevjande omstilling for lærarar og elevar. Dette vil bli vidare drøfta i eit eige kapittel om satsinga på Den digitale skolen. 19 Thomas Nordahl (2009): Utdrag frå John Hattie sin metaanalyse av ulike studiar av skoleelevar sin måloppnåing, henta frå rapporten Kom nærmare Sluttrapport frå FoU prosjekt utarbeida av PWC og KS. 24

Moglege forklaringar - karakterresultat Det er grundig dokumentert at overgangar i grunnopplæringa er kritiske. Omfanget av ikkje vurdert og stryk i Vg1 reiser spørsmål om dei gjennomgåande læreplanane i fellesfaga fungerer etter intensjonen, om kompetansemåla i tilstrekkeleg grad fungerer i overgangen mellom ungdomsskolen og vidaregåande opplæring. Utfordringar knytt til overgangen mellom grunnskolen og den vidaregåande opplæringa illustrerer samtidig behovet for meir systematisk informasjonsoverføring som ein del av kartleggingsarbeidet og som grunnlag for tilpassing av opplæringa. Ein annan hypotese, som heng saman med den første, gjeld tilpassa opplæring. Det kan synast som om eleven sitt behov for tilpassa opplæring ikkje blir møtt i tilstrekkeleg grad. Eit viktig spørsmål å stille i denne samanhengen er om skolane har tilstrekkelege verkemiddel og tilstrekkeleg med kompetanse til å møte dei samansette elevgruppene. Vurdering for læring vil kunne representere eit sentralt grunnlag for tilpassa opplæring. Hordaland fylkeskommune har ein relativt stor del elevar som tar studiespesialiserande påbygg. Eit stort fleirtal av elevane som søkjer faget, får eit tilbod. Samstundes som dette representerar ein styrke ved utdanningstilbodet i fylkeskommunen, kan det bidra til å trekke ned snittet i nokre fag. 25

Gjennomføring Mål for Hordaland fylkeskommune Det overordna målet i styringsdokumentet for vidaregåande opplæring i fylket er auka læringsutbytte og fullføring. Målsetjinga om auka fullføring er operasjonalisert i budsjettet for 2010: Redusere omfanget av elevar med ikkje-greidd (stryk i einskilde fag) i vidaregåande skule med 5 Redusere bortvalet ved dei vidaregåande skolane med 5 Redusere talet på læringar som ikkje greier fagprøven med 5 Utvikling i grad av gjennomføring i perioden 2004 til 2009 Tabell 23: Status for fullført planlagd kompetanse i perioden 2004 til 2009 Fullført på normert tid 60 58 61 58 56 Fullført på meir enn normert tid I opplæring fem år etter påbyrja grunnkurs 6 7 7 8 7 12 12 11 11 15 2004 2005 2006 2007 2009 Ikkje fullført 22 24 22 23 23 0 10 20 30 40 50 60 70 Prosent *Tal for 2008 var ikkje tilgjengeleg. Omfanget av elevar som fullfører i løpet av 5 år er rimeleg stabilt på rundt 70. Tabellen viser at det er en tendens til at fleire elevar brukar meir enn normert tid. 26

Tabell 24: Oppnådd kompetanse i 2009 samanlikna med nasjonalt nivå Status for oppnådd nivå i videregående opplæring etter fem år (2009). Fullført på normert tid 56 56 Fullført på meir enn normert tid 15 13 I opplæring fem år etter påbyrja grunnkurs (2004 ) Gjennomført opplæring, ikkje bestått 7 5 7 8 Hordaland fylke Nasjonalt Slutta underveis 16 18 0 10 20 30 40 50 60 Prosent Det går fram av grafen over at omfanget av slutta undervegs er 2 prosentpoeng mindre i Hordaland fylkeskommune, elles er nivået tilnærma likt det nasjonale. Medan det den siste tida har vore eit nasjonalt fokus på ein fråfallsprosent på 30, er det 7 prosent av elevane innanfor denne gruppa som framleis er i gang etter 6 år i opplæring. I tillegg er det 7 prosent som har gjennomført, men som manglar eitt eller fleire fag for å få bestått og fullføre. For denne gruppa vil betre resultat innanfor stryk og ikkje vurdert ha ein positiv effekt. 27

Oversikt 20 over omfanget av elevar som har slutta undervegs i vidaregåande opplæring dei siste fem åra for alle fylka i landet 35,0 30,0 25,0 20,0 15,0 10,0 5,0 0,0 Østfold Akersh us Oslo Hedma rk Opplan d Busker Vestfol Telem ud d ark Aust- Agder Vest- Rogala Hordal Agder nd and 2001-2006 21,1 15,6 15,9 21,1 18,3 17,9 18,8 18,6 18,3 17,3 14,8 16,6 12,6 16,3 16,7 16,0 21,7 20,4 30,1 17,6 2002-2007 20,8 15,3 14,6 20,4 16,7 17,1 19,0 18,4 16,6 17,1 15,7 15,8 15,0 17,7 16,7 14,7 22,0 22,0 26,8 17,3 2003-2008 23,4 15,9 16,3 21,8 18,9 16,9 22,0 17,6 17,2 18,5 16,5 16,1 16,0 16,9 16,8 15,8 23,2 21,7 31,5 18,3 Tabellen over syner prosentdel elevar som har starta på vidaregåande opplæring for 5 år sida, men som har slutta undervegs i høve årskulla 2001-2006, 2002-2007 og 2003-2008. Det går fram av tabellen over at prosentdelen elevar som starta i vidaregåande opplæring, men som har slutta dei siste fem åra, for landet samla ligg på 18,3. Prosentdelen har auka med vel eit prosentpoeng frå 2007 til 2008. For Hordaland fylkeskommune har nivået vore tilnærma stabilt på kring 16. Tabell 24, med tilsvarande tal for fylket for 2009, viser at nivået framleis er stabilt og at det ligg 2 prosentpoeng under nivået nasjonalt. Elles viser tabellen over at prosentdelen varierar frå 15,8 i Nord-Trøndelag til 31,5 i Finnmark. Størst auke i omfanget av elevar som har slutta undervegs i treårsperioden har Telemark med 3,2 prosentpoeng, frå 18,3 til 22,0. Størst nedgang har det vore i Vest-Agder med 1,1 prosentpoeng frå 18,3 til 17,2. Sogn og Fjorda Møre og Romsd Sør- Trønde lag Nord- Nordla Trønde Troms Finnm nd ark lag Norge 20 Kjelde: KS sin presentasjon av data frå SSB for Effektiviseringsnettverk for vidaregåande opplæring, 20.01.2010. 28