HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201105851-2 Arkivnr. 810 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.06.2011 23.06.2011 HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012 SAMANDRAG Statens vegvesen Region vest har i brev frå 26.4.2011 oversendt eit førebels budsjettforslag for 2012, som grunnlag for Statens vegvesen sitt innspel til statsbudsjettet for 2012, til fylkeskommunal høyring. Det er lagt til grunn to alternative økonomiske rammer i budsjettforslaget videreført ramme som byggjer på vedteke statsbudsjett for 2011 og opptrappings ramme som byggjer på ein føresetnad om at NTP 2010 2019 skal gjennomførast ved ei gradvis opptrapping av dei økonomiske rammene. Fylkesrådmannen føreset at staten som eit minimum følgjer opp satsinga i Nasjonal transportplan 2010-2019 med løyvingar i riksvegbudsjettet for 2012 dvs. at opptrappingsramma vert lagt til grunn for St.prp. nr. 1. for 2012. Fylkesrådmannen er uroa over den store kostnadsveksten som har vore dei seinare åra for drift- og vedlikehald av vegnettet. Fylkesrådmannen viser her til at Statens vegvesen skriv at budsjettforslaget vil stansa veksten i forfallet - ikkje redusera forfallet.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet føreset at staten som eit minimum følgjer opp satsinga i Nasjonal transportplan 2010-2019 med løyvingar i riksvegbudsjettet for 2012 dvs. at opptrappingsramma i budsjettforslaget vert lagt til grunn for St.prp. nr. 1 for 2012. 2. Fylkesutvalet er samd med Statens vegvesen i at det er viktig å auka satsinga på drift- og vedlikehald av riksvegane. Fylkesutvalet er uroa over at budsjettforslaget berre vil stansa veksten i forfallet - ikkje redusera forfallet. 3. Det er særs viktig at utbygginga av E39 mellom Os og Bergen ikkje vert ytterlegare forseinka. Fylkesutvalet ber om at det i budsjettet for 2012 vert sett av midlar til planlegging, prosjektering og grunnerverv på prosjektet E39 Svegatjørn Rådal - som foreslått i opptrappingsramma. 4. Fylkesutvalet viser til vedtekne mål om redusert bilbruk og auka sykkelbruk i Bergensområdet. For å auka sykkelbruken monaleg, må sykkelinfrastrukturen vidareutviklast, særleg langs hovudinnfartsårene. Fylkesutvalet føreset at staten i 2012 løyver 15 mill.kr. i oppstartsmidlar til utbygginga av gang- og sykkelveg på E39 mellom Minde Alle og Kronstad - som foreslått i opptrappingsramma. 5. Fylkesutvalet konstaterer at dei foreslåtte løyvingane til kollektivtrafikktiltak langs riksvegane framleis er relativt små. Fylkesutvalet meiner at staten i langt større grad må prioritera kollektivtrafikktiltak som innfartsparkering, terminalar og stoppestadar langs riksvegane i Hordaland. Fylkesutvalet legg til grunn at dette vert teke inn i budsjettarbeidet. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke samferdselssjef Vedlegg: Brev frå Statens vegvesen Region vest datert 26.4.2011- Statsbudsjettet 2012 Statens vegvesen sitt budsjettframlegg - Fylkeskommunal høyring. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 27.5.2011: Bakgrunn Statens vegvesen Region vest har i brev frå 26.4.2011 oversendt eit førebels budsjettforslag for 2012, som grunnlag for Statens vegvesen sitt innspel til statsbudsjettet for 2012, til fylkeskommunal høyring. Det er lagt til grunn to alternative økonomiske rammer i budsjettforslaget videreført ramme som byggjer på vedteke statsbudsjett for 2011 og opptrappings ramme som byggjer på ein føresetnad om at NTP 2010 2019 skal gjennomførast ved ei gradvis opptrapping av dei økonomiske rammene. Heile budsjettforslaget finn ein på: http://www.vegvesen.no/_attachment/215325/binary/411743 - og som elektronisk vedlegg til saka på http://polsak.ivest.no/. Høyringsfristen er sett til 24. juni.2011. Hovudutfordringar og prioriteringar Drift og vedlikehald I høve til St.melding nr. 16 (2008-2009), NTP 2010 2019, prioriterer Statens vegvesen på nasjonalt nivå midlar til drift: Utfordringene som er beskrevet i meldingen er blitt forsterket som følge av en vesentlig større kostnadsvekst for drift i forhold til det man var kjent med da NTP 2010-2019 ble utarbeidet. For å ivareta trafikksikkerheten og framkommeligheten er det nødvendig å sette av mer midler enn tidligere forutsatt til drift. - for å stansa veksten i forfallet på riksvegane: Riksvegnettet preges av et betydelig forfall, men basert på dagens beregningsmodeller forventer Statens vegvesen at vedtatt budsjett for 2011 og forslaget for 2012 vil stanse veksten i forfallet. Samla ramme nasjonalt for Post 23 Trafikktilsyn,drift og vedlikehald er på 7 598,6 mill.kr. for 2012. Det gjev ein oppfølgingsprosent etter 3 år på 77,9. Kostnadane ved driftkontraktane har auka sterkt dei siste åra.. Førebelse analysar viser at prisveksten for 2012 kontraktane ikkje blir så stor som for 2011. Det er usikkert kor stor den totale kostnadsauken for drift vert. I dei nye driftskontraktane ber entrepenørane mindre risiko enn før, noko som kan gjer at Statens vegvesen kan få større tilleggsutgifter enn før. I tillegg kjem kostnadsvekst som følgje av trafikkvekst, nye vegar m.m. Langvarig kulde vinteren 2010/2011 mange stadar i landet vil gje auka vedlikehaldskostnader som følgje av telehiv. Fordelinga av drift- og vedlikehaldsbudsjettet mellom dei ulike regionane er ikkje synleggjort i budsjettforslaget. Riksveginvesteringar I vidareført ramme er post 30 riksveginvesteringar budsjettert med 5007,1 mill.kr. mot 5 624,9 mill.kr. i løyvinga for 2011. Ein stor del av vidareført ramme må nyttast til igangsette vegprosjekt. Rammeauken i opptrappingsramma foreslår Statens vegvesen skal nyttast til investeringar. 960 mill.kr. skal nyttast til post 30 riksveginvesteringar. 40 mill.kr. skal nyttast til post 31 rassikring (Vågstrandtunnelen i Møre og Romsdal) noko som vil gje rom for iverksetjing av nye prosjekt. Opptrappingsramma vil innebera at oppfølgingsgraden i forhold til NTP- ramma nasjonalt aukar frå 65,2 % til 69,1 % for post 30 og frå 70,2% til 72 % for post 31 etter tre år.. Andre budsjettpostar Statens vegvesen foreslår å vidareføra løyvingane til rassikring som føresett av regjeringa dvs. 1 mrd. 2009 kr. per år. Statens vegvesen legg til grunn same utgifter og oppgåver til sams vegadministrasjon i 2012 som året før. Effektar av budsjettforslaget Statens vegvesen har rekna ut kva effektar budsjettforslaget kan ha for måla om framkomst, trafikktryggleik, miljø og universell utforming på nasjonalt nivå. Verknadane av opptrappingsramma i 3
2012 vil avvika lite frå vidareført ramme, fordi ein stor del av rammeauken vil gå til nye prosjekt som ikkje vert ferdigstillte i 2012. Statens vegvesen har berekna endringar i indikatorar for infratrukturstandard som følgjer av vidareført ramme og opptrappingsramma - og målt oppfyllingsgraden etter 3 år i høve til kva som er planlagt i Handlingsprogrammet for 2010-2013: Framkomst endringar i indikatorar (ved opptrappingsramma): Gul midtstripe + 6,5 km. i 2012 Oppfyllingsgrad 37% etter 3 år Utbetra raspunkt/strekningar + 2 punkt/strekningar i 2012 Oppfyllingsgrad 39% etter 3 år Nye kollektivfelt + 1,2 km. i 2012 Oppfyllingsgrad 50% etter 3 år Tilrettelegging for + 38,5 km i 2012 Oppfyllingsgrad 58% etter 3 år gåande/syklande Firefeltsveg med fysisk skilte køyrebaner + 9,5 km. i 2012 Oppfyllingsgrad 85% etter 3 år Trafikktryggleik: Ved vidareført ramme er det berekna at talet på drepte og hardt skadde vil bli redusert med om lag 10. Endring i indikatorane midtoppmerking og midtrekkverk i vidareført ramme og oppfølgingsramma: Midtrekkverk på to og tre felts vegar + 17,1 km i 2012 Oppfyllingsgrad 78% etter 3 år Forsterka midtoppmerking + 25,1 km. i 2012 Oppfyllingsgrad 120% etter 3 år Miljø Statens vegvesen nemner tiltak som støyskjerming og 39 utbetringar av registrerte konfliktar mellom riksvegnettet og biologisk mangfald. 17 dekar dyrka jord går tapt som følgje av riksveganlegg som opnar i 2012. Statens vegvesen har ikkje omtala moglege verknader budsjettforslaget kan ha i høve til luftutslepp frå vegtrafikken. Men Statens vegvesen skriv at tiltaka for å redusera lokal luftforurensing (NO 2 og PM 10 ) iht. Forurensningsforskriften vil bli vidareført og nye tiltak vil bli vurdert. Universell utforming endringar i indikatorar (opptrappingsramma): Kollektivknutepunkt lang riksveg som er + 17 pkt. i 2012 Oppfyllingsgrad 48% etter 3 år. universelt utforma Haldeplassar langs riksveg som er + 187 haldeplassar i 2012 Oppfyllingsgrad 64% etter 3 år universelt utforma Riksvegferjer som er universelt utforma + 32 ferjer i 2012 Oppfyllingsgrad 97% etter 3 år Riksveginvesteringar per rute Rute 4a E39 Stavanger Ålesund med tilknytingar. Samla vidareført ramme for heile ruta er på 745,6 mill.kr. Opptrappingsramma er på 821,1 mill.kr. I Hordaland er det budsjettert med midlar til følgjande prosjekt: 4
Rute 4a: E39 i Hordaland m. tilknytingar Vidareført ramme i 2012 Opptrappingsramme Differanse Riksveginvesteringar Stat Anna Sum Stat Anna Sum rammene Store prosjekt E39 Jektevik - Sandvikvåg 26 26 52 26 26 52 0 E39 Vågsbotn - Hylkje (Eikåstunnelen) 120 120 120 120 0 E39 Rådal - Svegatjørn 45 45 45 Mindre utbetringar E39 Fløyfjellstunnelen 20,4 20,4 20,4 20,4 0 Munkebotn 1 1 1 1 0 Eidsvågtunnelen 0,5 0,5 0,5 0,5 0 Mundalsberget 3,1 3,1 3,1 3,1 0 Gang og sykkelvegar E39 Førde Sunnhordland 3,5 3,5 5,1 5,1 1,6 Rv 580 Kokstad - Flesland g.s.veg 4,2 4,2 6 6 1,8 E39 Minde Alle - Kronstad 0 0 13,1 13,1 13,1 Sykkelveginspekssjonar Bergen distrikt 1 1 1 1 0 Trafikktryggleikstiltak E39 Ulvenskiftet 3,2 3,2 3,2 3,2 0 E39 Vabakken 39 39 39 39 0 Rv 555 Straume, refusjon 2,5 2,5 2,5 0 Kollektivtiltak og universell utforming E39 Halhjem ferjekai 1 1 1 4,5 3,5 E39 Vågsbotn, frå Åsane mot Eikås 4,3 4,3 4,3 5,5 1,2 I tillegg er det lagt inn midlar til miljø- og servicetiltak og planlegging. I Hordaland er differansen i dei to rammene på 69,7 mill.kr. To vegprosjekt som ikkje er teke med i vidareført ramme er teke med i opptrappingsramma: E39 Svegatjørn Rådal, (førebuingar) +45 mill.kr. E39 Minde Alle Kronstad (gang- og sykkelveg) +15 mill.kr. Rute 4c Rv 9 Kristiansand Haukeligrend og Rv 13/Rv 55 Jøsendal Voss Hella - Sogndal Samla vidareført ramme for heile ruta er på 542,6 mill.kr. Opptrappingsramma er på 572,6 mill.kr. Det er ikkje lagt opp til opptrappingsramme for denne ruta i Hordaland. I Hordaland er det budsjettert med løyvingar til følgjande prosjekt på rute 4c: Rute 4c:Rv13 og E16 i Hordaland Vidareført ramme i 2012 Opptrappingsramme Differanse Riksveginvesteringar Stat Anna Sum Stat Anna Sum rammene Store prosjekt Rv 13 Vossapakken 40 30 70 40 30 70 0 Rv13/rv 7 Hardangerbrua 80 315 395 90 305 395 0 Mindre utbetringar Rv 13 Vallaviktunnelen 25,4 0 25,4 25,4 0 25,4 0 Rv 13 Granvinvatnet, rassikringsnett 1 0 1 1 0 1 0 Gang og sykkelvegar Rv 13 Odda S - Odda N 7,1 0 7,1 7,1 0 7,1 0 Rv13 Meierisvingen 2 0 2 2 0 2 0 Rv 13 Jøsendal - Odda Sør 2,6 0 2,6 2,6 0 2,6 0 I tillegg er det lagt inn midlar til miljø- og trafikktryggleikstiltak og planlegging. Det er ikkje lagt inn nokon samla rammeauke i opptrappingsramma, men det er føreslått å auka dei statlege midlane til prosjektet Rv 7/Rv 13 Hardangerbrua med 10 mill.kr., mot ein tilsvarande reduksjon av bompengebidraget. Rute 5a - E134 Drammen Haugesund med tilknytingar Samla vidareført ramme for heile ruta er på 245,6 mill.kr. Opptrappingsramma er på 318,9 mill.kr. I Hordaland er det, i begge rammene, føreslege å løyva 2,3 mill.kr. til utbetringar i Svandalsflonatunnelen, 6,1 mill. kr. til utbetringar av Austmannalitunnelen, midlar til leskur i Etne og planleggingsmidlar som ikkje er nærare spesifiserte. Vert det tilslutnad til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet E134 Stordalstunnelen, kan det bli aktuelt med bompengar til anleggsstart i 2012. 5
Rute 5b - Rv 7 Hønefoss Brimnes og Rv 52 Gol - Borlaug Samla vidareført ramme for heile ruta er på 741,2 mill.kr. Opptrappingsramma er på 743,2 mill.kr. 600 mill.kr. vert nytta til Rv 7 Sokna - Ørgenvika. Det er ikkje budsjettert med løyvingar til den delen av denne ruta som er i Hordaland (Brimnes Hardangervidda). Rute 5c E16 Sandvika Bergen med tilknytingar Samla vidareført ramme for heile ruta er på 460,2 mill.kr. Opptrappingsramma er på 509,4 mill.kr. I Hordaland er det budsjettert med løyvingar til følgjande prosjekt: Rute 5c: Sandvika - Bergen med tilknytingar Vidareført ramme i 2012 Opptrappingsramme Differanse Riksveginvesteringar Stat Anna Sum Stat Anna Sum rammene Store prosjekt E16 Omlegging forbi Voss 25 225 250 45 205 250 0 Gang - og sykkelvegar 0 E16 Skulstadmo, gangtunnel m.m. 7,8 7,8 17,8 17,8 10 Trafikktryggleikstiltak E16 Skulstadmoen inkl. kryssombygging 21,5 21,5 21,5 21,5 0 E16 Gaupås - Vågsbotn 5,2 5,2 5,2 5,2 0 Kollektivtiltak og universell utforming Haldeplassar Førde - Florø og Voss - Vaksdal 2,1 2,1 2,1 2,1 0 I opptrappingsramma er det foreslått å auka dei statlege midlane til E16 omlegging forbi Voss med 45 mill.kr. mot ein tilsvarande reduksjon av bompengebidraget. I tillegg aukar rammene til ombygging ved E16 Skulstadmoen med 10 mill.kr. Rassikring på riksvegane i Hordaland Statens vegvesen foreslår følgjande løyvingar i 2012 til rassikring på riksvegane i Hordaland: Rv 13 Skjervet Vossapakken Rv 13 Bugjelet Brimnes (første byggetrinn) Rv 13 Bugjelet Brimnes (andre byggetrinn) Rv13 Ulvundsøyne (refusjon) 11,0 mill.kr. 9,0 mill.kr 20,0 mill.kr 15,0 mill.kr Fylkesrådmannen sine merknader Økonomiske rammer Fylkesrådmannen viser til at vidareført ramme i framlegget til investeringsbudsjett for 2012 er over 600 mill. kr mindre enn i vedteke budsjett for 2011. Dette skuldast mellom anna ekstraløyvingar i 2011 for å sikra rasjonell anleggsdrift over Filefjell og vest for Alta (sjå budsjettforslaget s. 21). Likevel er oppfyllingsgraden på post 30 berre 65,2 % i vidareført ramme. Fylkesrådmannen føreset at staten som eit minimum følgjer opp satsinga i Nasjonal transportplan 2010-2019 med løyvingar i riksvegbudsjettet for 2012, dvs. at opptrappingsramma vert lagt til grunn for St.prp. nr. 1 for 2012. Drift og vedlikehald Fylkesrådmannen er samd med Statens vegvesen i at det er viktig å auka satsinga på drift- og vedlikehald av riksvegane. Det er eit betydeleg forfall også på dette vegnettet. Eg er uroa over den store kostnadsveksten som har vore dei seinare åra for drift- og vedlikehald av vegnettet. Fylkesrådmannen viser her til at Statens vegvesen skriv at budsjettforslaget vil stansa veksten i forfallet - ikkje redusera forfallet. Store riksvegprosjekt Det er særs viktig at utbygginga av E39 mellom Os og Bergen ikkje vert ytterlegare forseinka. Fylkesrådmannen ber om at det i budsjettet for 2012 vert sett av midlar til planlegging, prosjektering og grunnerverv på prosjektet E39 Svegatjørn Rådal, som foreslått i opptrappingsramma. Gang- og sykkelvegar Fylkesrådmannen viser til vedtekne mål om redusert bilbruk og auka sykkelbruk i Bergensområdet. For å auka sykkelbruken monaleg, må sykkelinfrastrukturen vidareutviklast, særleg langs hovudinnfartsårene. Fylkesrådmannen føreset at staten i 2012 løyver 15 mill.kr. i oppstartsmidlar til 6
utbygginga av gang- og sykkelveg på E39 mellom Minde Alle og Kronstad - som foreslått i opptrappingsramma. Kollektivtrafikktiltak Fylkesrådmannen konstaterer at dei foreslåtte løyvingane til kolektivtrafikktiltak framleis er relativt små. Midlar til innfartsparkering vert i budsjettforslaget berre foreslått løyvd langs E6 i Osloområdet. Fylkesrådmannen meiner at staten i langs større grad må prioritera kollektivtrafikktiltak langs riksvegane. Eg viser til at fylkestinget 9.6.2009 i høyringsuttalen til Handlingsprogrammet for 2010 2013(19) for Statens vegvesen, har lagt til grunn at Statens vegvesen i nært samarbeid med fylkeskommunen tek hovudansvaret for å initiera og koordinera planlegging, bygging og drift mv. av innfartsparkering, knutepunkt og stoppestadar på riksvegar 7