Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule



Like dokumenter
Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

DIS- Sogn og Fjordane

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Finansiering av søknaden

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saman for framtida (Ref # )

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Saman for framtida (Ref # )

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høring - finansiering av private barnehager

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Valdres vidaregåande skule

Vurdering av allianse og alternativ

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Forslag frå fylkesrådmannen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Stemnehandboka for NKSF

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

Les for livet - del 2 (Ref # )

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Lønnsundersøkinga for 2014

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

10/60-14/N-211//AMS

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Psykologisk førstehjelp i skulen

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Læringsarena 14. juni 2013

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Transkript:

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010

Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane s. 15 2

Innleiing Denne rapporten er eit internt dokument til nytte og hjelp for lokallag og tillitsvalde når ein lokalt drøftar bruk av vikarar. Talmaterialet er basert på registreringar i 2009 og 2010. I 2009 vart omfanget av vikarbruk registrert over ein tilfeldig valt dag. I 2010 vart grunnlaget utvida til tre dagar i løpet av ei veke i februar. I begge registreringane skulle desse dagane gjerast på dagar med vanleg aktivitet, ikkje prosjektdagar, prøvedagar, turdag etc. Ein arbeidsdag med uvanleg mykje fråvere og ekstra stort vikarbehov, t.d. grunna mykje sjukdom, kurs og møte på same tid, er rekna som ein normal dag. Bruk av vikarar, - med godkjend utdanning, utan godkjend utdanning eller bortfall av undervisning/lågare vaksentettleik, betyr noko for kvaliteten på det utdanningstilbodet som vert gjeve. Kvaliteten i utdanninga er avhengig av mange faktorar men i denne registreringa vil vi ha fram eit grunnlagsmateriale for ein diskusjon om kva som skjer med tenestetilbodet når dei tilsette av ein eller annan grunn er borte frå arbeidet. Det er fokus på kompetanse og vaksentettleik fordi vi meiner at begge desse elementa betyr mykje for kvaliteten av det tilbodet som vert gjeve i barnehage og skule. I tillegg har vikarordningane ein del å seie for medlemmene sine arbeidsvilkår. Vi veit at stort fråvere og behov for vikarar kan medføre slitasje både for leiarar og tilsette. Fylkeslaget meiner at materialet kan nyttast til å aktualisere kvalitetsdebatten, drøfte rekrutteringsbehov, sikre gode arbeidsvilkår for våre medlemmer og sjå på likskap og ulikskap frå kommune til kommune. Det som kjem fram i denne rapporten skal ikkje nyttast til å fokusere på enkeltskular og barnehagar, men vi håpar opplysningane som kjem fram også kan nyttast til lokale drøftingar omkring problemstillingane. For vidaregåande skular vil rapporten innehalde tal frå dei enkelte skulane. Dersom rapporten hadde berre samla tal for heile fylkeskommunen, ville ikkje det vere særleg opplysande. Vi ser det som tenleg at vikarordningane vert eitt av fleire drøftingstema, både på arbeidsplassen og på kommunenivået. Med venleg helsing Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane Gunn Marit Haugsbø Jarle Hessevik 3

I barnehagane 20 av 26 lokallag har delteke i registreringa. Både kommunale og private barnehagar er med i registreringa. Vi skriv vidare i rapporten samla om alle barnehagane i kommunen. I desse lokallaga har 61 av i alt 107 barnehagar rapportert sin vikarbruk. Dette utgjer 57 % av barnehagane. Vi registrere likevel at i fleire kommunar manglar vi truleg fleire store barnehagar. Difor kan registreringa vere nokså ufullstendig fleire stader. Fråversprosenten for alle kommunane var på 14,8. Balestrand og Naustdal hadde ikkje registrert fråvere i denne perioden. Nokre kommunar merkjer seg ut med høg fråversprosent, t.d. Fjaler, Eid og Vågsøy. For Fjaler sitt vedkomande gjer det stort utslag at berre ein barnehage deltok i registreringa og der var den einaste pedagogen borte 2 av dei 3 dagane. Difor vert det også stygge tal når dette fråveret vert dekka av vikar utan godkjend utdanning. Dette er teke med som eit døme på at når talmaterialet vert så lite som det er for nokre kommunar, kan verkelegheita vere annleis enn det som går fram av tabellane. Når det gjeld Eid er derimot tala meir representative. Der er det 38 pedagogdagar, med ein fråversprosent på 47,8. Då vert også eit høgt tal for ufaglærte vikarar meir alvorleg. I nesten heile fråveret (18 arbeidsdagar) vert det sett inn nesten berre vikarar utan utdanning. Fråversprosenten varierer sterkt og det er heilt rimeleg med denne typen registrering som er avgrensa i tid. Vi skal også vere klar over at fråveret dekkjer alle typar fråvere, både sjukdom, møtetid utanfor barnehagen, kurs og anna fråvere som er regulert av avtaleverket. Det er m.a.o. ikkje tal som kan seie noko om sjukefråversprosenten. 4

Det er ein svært liten prosentdel av fråveret (10,2 %) som er dekka av faglærte pedagogar. Dette heng i dei aller fleste tilfelle saman med at det er om lag uråd å få kvalifiserte vikarar. Det er i utgangspunktet vanskeleg å få kvalifiserte personar i faste stillingar. Kommune Pedagogar normal drift Fråvere Vikar m/ godkjend utd Vikar u/ godkjend utd Ikkje vikar Tal bhg Tal svart Balestrand 4 0 0 0 0 3 1 Lærdal 24 1 0 1 0 2 1 Vik 25 3 0 3 0 5 3 Gloppen 42 7 0 7 0 7 4 Vågsøy 25,3 9 0 8 1 5 3 Naustdal 34 0 0 0 0 4 3 Fjaler 3 2 0 2 0 5 1 Førde 68 5 0 5 0 10 6 Jølster 6 1 0 0 1 6 1 Leikanger 14 2 0 1 1 3 1 Flora 23 3 0 1 2 10 3 Hornindal 15 4 0 2 2 1 1 Askvoll 25 1 0 1 0 6 2 Årdal 43 3 2 1 0 4 4 Sogndal 39 7 4 2 1 7 3 Eid 38 18 1 17 0 8 6 Hyllestad 18 4 0 2 2 2 2 Bremanger 92 4 2 0 2 7 5 Stryn 87,5 20 1 13 6 9 8 Gaular 35 4 0 4 0 3 3 Sogn & Fj 660,8 98 10 70 18 107 61 5

Fråveret vart prosentvis dekka av: Kommune Fråvere Vikar m/godkjend utd Vikar u/godkjend utd Ikkje vikar Balestrand 0,0 % 0,0 % 0,0 % 0,0 % Lærdal 4,2 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Vik 12,0 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Gloppen 16,7 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Vågsøy 35,6 % 0,0 % 88,9 % 11,1 % Naustdal 0,0 % 0,0 % 0,0 % 0,0 % Fjaler 66,7 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Førde 7,4 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Jølster 16,7 % 0,0 % 0,0 % 100,0 % Leikanger 14,3 % 0,0 % 50,0 % 50,0 % Flora 13,0 % 0,0 % 33,3 % 66,7 % Hornindal 26,7 % 0,0 % 50,0 % 50,0 % Askvoll 4,0 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Årdal 7,0 % 66,7 % 33,3 % 0,0 % Sogndal 17,9 % 57,1 % 28,6 % 14,3 % EID 47,4 % 5,6 % 94,4 % 0,0 % Hyllestad 22,2 % 0,0 % 50,0 % 50,0 % Bremanger 4,3 % 50,0 % 0,0 % 50,0 % Stryn 22,9 % 5,0 % 65,0 % 30,0 % Gaular 11,4 % 0,0 % 100,0 % 0,0 % Sogn & Fj 14,8 % 10,2 % 71,4 % 18,4 % 6

Materialet viser at berre nokre få kommunar nyttar kvalfisert personale til vikartenesta. Årdal, Sogndal og Bremanger merkjer seg positivt ut. Sogndal, med ein fråvere på over 17 % og behov for mange vikarar, dekkjer godt over halvparten av fråveret med faglærte. Vi registrerer elles at dei fleste kommunane har god vikardekning slik at dei held oppe vaksentettleiken i barnehagen. Men det er altså berre 5 kommunar som i denne perioden har hatt tilgang på kvalifiserte vikarar. MERK Statistikken viser at mange kommunar ikkje har, i større eller mindre grad, late vere å setje inn vikar ved fråvere. Det er stygge prosenttal for fleire kommunar, men det er nødvendig at ein går tilbake til talmaterialet og ikkje ser seg blind på stolpediagrammet og prosentane. Døme: Flora kommune set inn vikarar i berre 1/3 av fråveret men fråveret er på berre 3 dagsverk og det er berre 3 av 10 barnehagar som har rapportert. Det gjev såleis heilt sikkert ikkje eit rett bilete av vikarbruk i Flora kommune. Talmaterialet for mange kommunar er svært tynt og for mange av dei gjev tala ikkje grunnlag for å konkludere. Det viktige vert difor å sjå heile fylket under eitt og her er tala tydelege: Nesten kvar 5. fråversdag vert ikkje dekka opp av vikar. Denne trenden ser også ut til å vere tiltakande (sjå nedanfor).. 7

Vi trur at dette materialet heller ikkje er godt nok til å avdekke kor stor grad fråvere fører til redusert vaksentettleik. Fråvere blant pedagogane kan dekkast opp av tilsette som alt er i barnehage. Spørsmålet vert då om det vert henta inn meir personell for dei assistentane som får ansvar som leiar for avdelinga. 11 av dei 20 lokallaga seier at fråver i stor grad har innverknad på vaksentettleiken (6 svarar i noko grad ) Dei stillingane som er dekka opp av tilsette med dispensasjon, er med i materialet. Det er difor ikkje alltid slik at ein ufaglært er vikar for ein faglært. Det kan like gjerne vere ein ufaglært som er vikar for ein annan ufaglært. Derfor blir ikkje denne registreringa fullgod som dokumentasjon for kvaliteten i barnehagetilbodet. Kvart enkelt lokallg må analysere situasjonen for sin kommune og sine barnehagar. Vi har ikkje registrert om barnehagane har teke i bruk overtid for å dekke vikarbehovet. Det er aktuelt å registrere ved neste høve. Utviklinga Sidan det berre er det andre året vi gjennomfører registreringa, kan vi ikkje dra svært bastante konklusjonar. Det ser likevel ut til å vere nedgang i både kvalifiserte og ukvalifiserte vikarar og ei tydeleg dreiing mot at det ikkje vert sett inn vikarar. Dersom trenden held fram, er det ikkje bra. Omlegging av inntektssystemet i kommunane kan føre til ytterlegare press på barnehagane sin økonomi og då kan det vere ei enkel og rimeleg løysing å bruke vikarar i mindre grad enn tidlegare. Det er kanskje på tide å stille spørsmål om fråveret og mangel på vikarar er eit problem for kvaliteten i barnehagetilbodet. Det er kritiske for vaksentettleiken og det kan medføre ekstra slitasje på kollegaer. Difor er det god grunn til å vere på vakt og å drøfte problemstillinga med arbeidsgjevar, både på einingsnivå og kommunenivå. 8

I grunnskulane 22 av 26 lokallag har delteke i registreringa. I desse lokallaga har 79 av i alt 105 skular rapportert sin vikarbruk. Dette utgjer 75 % av skulane. Med eit undervisningstimetal på totalt 13412 timar og med eit fråvere på 1498 timar meiner vi at talmaterialet er godt for å gje eit samla bilete av vikarsituasjonen i grunnskulen i fylket, tre tilfeldige dagar. Fråversprosenten for alle kommunane var på 11,2. Det er relativt store variasjonar i fråvere. Vågsøy skil seg ut med berre 0,9 % fråvere desse dagane. Vi gjer også her merksam på at det er eit samla fråvere, både grunna sjukdom, kurs og møteverksemd m.a. som er registrert. Vi reknar også med at ein del av fråveret frå skulen, t.d. for etter- og vidareutdanning, er planlagt slik at det er lagt inn i arbeidsplanane til lærarane. Med fleksible arbeidsplanar vil dette fråveret ikkje bety noko for denne statistikken fordi undervisningstida er flytta til andre tidspunkt. 9

Prosentdelen som er dekka av faglærte vikarar, er låg. Dette heng delvis saman med at det er vanskeleg å få kvalifiserte vikarar. Det er i mange kommuane i utgangspunktet vanskeleg å få kvalifiserte personar i faste stillingar. Vi ser av oversikten for kommunane at det kan vere ein samanheng mellom tala i vikarstatistikken og tala for tilsette i vikariat og mellombels stillingar som er utan godkjend utdanning. Dette er sjølvsagt heller ikkje overraskande. Kommune Samla tal timar Timar fråvere Vikar m/ godkj. utd. Vikar u/ godkj. utd. Ikkje vikar Askvoll 548,5 96 17,5 51,5 27 Aurland 273 20 20 0 0 Balestrand 335 19 5 14 0 Bremanger 802 93 34 35 24 Eid 911 97 13,3 48 35,7 Fjaler 384 80 49 16 15 Flora 1355 238,5 65,5 85,5 87,5 Førde 1335 165 27 112 23 Gaular 588 32 17 3 12 Gloppen 954 57 35 20 2 Hornindal 220 12 1 5 6 Hyllestad 282 25 2 22 1 Høyanger 481,5 76,5 26,5 11 39 Jølster 484 86 30 25 31 Leikanger 322 30 11 16 3 Lærdal 81,5 4,5 0 2,5 2 Naustdal 548,4 56 22 19 15 Sogndal 698 55,5 14 37 4,5 Stryn 1360 161 45 42 74 Vik 375 33 19 10 4 Vågsøy 551 5 5 0 0 Årdal 523 55,75 23,75 19,5 12,5 Sogn og Fjordane 13411,9 1497,75 482,55 594 418,2 10

Fråveret vart prosentvis dekka av: Kommune Fråvere Vikar m/ godkj. utd. Vikar u/ godkj. utd. Ikkje vikar Askvoll 17,5 % 18,2 % 53,6 % 28,1 % Aurland 7,3 % 100,0 % 0,0 % 0,0 % Balestrand 5,7 % 26,3 % 73,7 % 0,0 % Bremanger 11,6 % 36,6 % 37,6 % 25,8 % Eid 10,6 % 13,7 % 49,5 % 36,8 % Fjaler 20,8 % 61,3 % 20,0 % 18,8 % Flora 17,6 % 27,5 % 35,8 % 36,7 % Førde 12,4 % 16,4 % 67,9 % 13,9 % Gaular 5,4 % 53,1 % 9,4 % 37,5 % Gloppen 6,0 % 61,4 % 35,1 % 3,5 % Hornindal 5,5 % 8,3 % 41,7 % 50,0 % Hyllestad 8,9 % 8,0 % 88,0 % 4,0 % Høyanger 15,9 % 34,6 % 14,4 % 51,0 % Jølster 17,8 % 34,9 % 29,1 % 36,0 % Leikanger 9,3 % 36,7 % 53,3 % 10,0 % Lærdal 5,5 % 0,0 % 55,6 % 44,4 % Naustdal 10,2 % 39,3 % 33,9 % 26,8 % Sogndal 8,0 % 25,2 % 66,7 % 8,1 % Stryn 11,8 % 28,0 % 26,1 % 46,0 % Vik 8,8 % 57,6 % 30,3 % 12,1 % Vågsøy 0,9 % 100,0 % 0,0 % 0,0 % Årdal 10,7 % 42,6 % 35,0 % 22,4 % Sogn og Fjordane 11,2 % 32,2 % 39,7 % 27,9 % 11

Materialet viser at kommunar nyttar kvalfisert personale til vikartenesta i større eller mindre grad, med det er etter måten stor variasjon mellom kommunane. Vågsøy og Årdal peika seg ut med full dekning av kvalifiserte viarara. Vågsøy hadde desse dagane likevel ein relativt lett jobb, sidan det berre var behov for 5 vikartimar. Likevel tok kommunen i bruk overtid for å dekke opp timar. Ein bør lokalt gå inn i materialet og stille spørsmål ved praksis. Eitt døme på at to kommunar har ulike løysingar: Aurland og Balestrand har likt vikarbehov (20 og 19 timar). Aurland har full dekning av kvalifiserte vikarar. Balestand har full dekning av vikarar, men brukar 3/4 ufaglærte. Dette kan skuldast tilgang på vikarar, økonomi eller anna. I alle høve vert det gjort ulike vurderingar i dei to kommunane. 12

Fleire kommunar brukar vikarar utan godkjend utdanning i over 50 % av vikarbehovet. Det er relativt mykje og det må vere ei utfordring å få dette talet ned. Store kommunar som Førde og Sogndal er i denne situasjonen, medan Hyllestad og Balestrand toppar denne statistikken. MERK: Nokon nemner at dei har ei ordning med at vikarressursen er brukt til gruppedeling og ved fråvere må denne delinga takast bort. Denne ordninga kan ikkje vår registering fange opp og er såleis ei feilkjelde vi ikkje har kontroll over.. Overikta viser også at urovekkjande mange ikkje set inn vikarar ved fråvere. Dette kan sjølvsagt ha mange grunnar, men det kan vere greitt for dei mest aktuelle kommunane å ta ein gjennomgang av praksisen for å sjå om det er noko som bør rettast på. Det er ikkje eit godt utgangspunkt for stabile arbeidsvilkår og kvalitet i undervisninga dersom ein stor del av fråveret vert dekka opp ved å slå saman grupper. Særleg kan det vere grunn til å sjå på spesialundervisninga og tilpassa opplæring i lys av desse tala. Dersom praksis er grunngjeven i økonomiske sparetiltak, bør dette takast opp. Medan vaksentettleiken stort sett ser ut til å bli halden oppe i barnehagane, er dette ikkje tilfelle i grunnskulen. Overtid 10 av kommunane melder om at det vart nytta overtid, i større eller mindre grad, i denne perioden for å dekke vikarbehovet. 12 kommunar nytta ikkje overtid i denne perioden. Det kan vere verd å vurdere meir bruk av overtid, slik det er heimla i HTA. Spesielt der det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte vikarar, børe dette bli eit drøftingstema. Dette gjeld både dei kommunane som nyttar overtid no og dei som ikkje gjer det. Restprosent av full stilling Vi spurde i undersøkinga om kva kommunar som nytta restprosenten mellom undervisningsplikta og stillingsprosenten ( undertid ) til vikartimar. 15 kommunar melde at denne ordninga vert nytta, utan at det nødvendigvis gjeld alle skulane. 13

Utviklinga I grunnskulen er det innarbeidd praksis at mange fråverstimar ikkje vert dekka opp av vikarar. Vi er ikkje blitt gjort kjende med at elevar ikkje får tilsyn. Det betyr truleg at meir enn kvar fjerde fråverstime vert løyst ved at grupper vert slegne saman. Bruken av vikarar utan godkjend utdanning har auka betydeleg og utgjer nesten 40 % av vikarbehovet. 14

I dei vidaregåande skulane 11 av 14 fylkeskommunale vidaregåande skular har delteke i registreringa. To av dei største skulane mangla i statistikken, Øyrane og Flora. Fråversprosenten for fylkeskommunen var på 7,5 desse tre dagane og det er rimeleg stor variasjon skulane mellom. Vi gjer også her merksam på at det er eit samla fråvere, både grunna sjukdom, kurs og møteverksemd m.a. som er registrert. Vi reknar også med at ein del av fråveret frå skulen, t.d. for etter- og vidareutdanning, er planlagt slik at det er lagt inn i arbeidsplanane til lærarane. Med fleksible arbeidsplanar vil dette fråveret ikkje bety noko for denne statistikken fordi undervisningstida er flytta til andre tidspunkt. 15

Skule Samla tal timar Timar fråvere Vikar m/godkj. utd Vikar u/godkj. utd. Ikkje vikar Mo og Jølster, avd. Jølster 315 12 2 0 10 Årdal F 308 8 6 0 2 Luster r 103,5 8 2 0 6 å Dale 293 41 21 15 5 v Måløy 405 27 17 9 1 e Sogndal r 943 99 79 2 18 Eid Stryn e t 380 593 41 55 34 45 0 8 7 2 Firda 537 36 23 0 13 Hafstad v 336 6 5 0 1 a Høyanger 302 7 5 2 0 r Fylkeskommunen t 4515,5 340 239 36 65 Fråveret vart prosentvis dekka av: Skule Fråvere Vikar m/godkj. utd Vikar u/ godkj. utd. Ikkje vikar Mo og Jølster, avd. Jølster 3,8 % 16,7 % 0,0 % 83,3 % Årdal 2,6 % 75,0 % 0,0 % 25,0 % Luster 7,7 % 25,0 % 0,0 % 75,0 % Dale 14,0 % 51,2 % 36,6 % 12,2 % Måløy 6,7 % 63,0 % 33,3 % 3,7 % Sogndal 10,5 % 79,8 % 2,0 % 18,2 % Eid 10,8 % 82,9 % 0,0 % 17,1 % Stryn 9,3 % 81,8 % 14,5 % 3,6 % Firda 6,7 % 63,9 % 0,0 % 36,1 % Hafstad 1,8 % 83,3 % 0,0 % 16,7 % Høyanger 2,3 % 71,4 % 28,6 % 0,0 % Fylkeskommunen 7,5 % 70,3 % 10,6 % 19,1 % 16

Dei vidaregåande skulane peikar seg ut med å ha ein vesentleg høgare andel kvalifiserte vikarar enn skuleverket elles. Dette kan forklarast med at arbeidsveka for lærarar i vgs har rom for fleire vikartimar og at det difor er lettare å skaffe vikarar frå eigne tilsette. Det er også argumentert med at mykje av undervisninga i vgs er slik at det ikkje er noko poeng å setje inn vikarar utan kompetanse. Det ser vi også av diagrammet. Mange skular nyttar ikkje vikarar utan godkjend utdanning i det heile. Det blir faktisk oppfatta at det har like stor verdi at elevane arbeider sjølvstendig. I den samanhengen blir det viktig å stille spørsmålet om elevane får den undervisninga dei har krav på i periodar med stort fråvere blant lærarane. Mo og Jølster, avd. Jølster, og Luster peikar seg særleg ut, sjølv om talet på fråverstimar er relativt lågt. Firda hadde eit større tal fråverstimar og brukar vikar i berre 2/3 av desse timane. Nokre skular melder at det er særlege situasjonar i perioden og viser til at ein del av dei ufaglærte skriv seg frå vakt ved prøver. Verdien av registreringa for den enkelte skulen er avgrensa, spesielt for dei skulane som hadde relativt få fråverstimar. Difor er det viktigare å sjå på dei samla tendensane i fylkeskommunen, m.a. den høge delen kvalifiserte vikarar og ein relativt sterk tendens til ikkje å bruke vikarar. Overtid 6 av skulane melder om at det vart nytta overtid i denne perioden for å dekke vikarbehovet. Ved 5 skular vart overtid ikkje nytta. Det kan vere verd å drøfte følgjande: Korleis kan bruk av overtid sikre betre vikardekking? 17

Restprosent av full stilling Vi spurde i undersøkinga om kva skular som nytta restprosenten ( undertid ) til vikartimar. 9 skular melde at denne ordninga vert nytta og vårt inntrykk frå rapporteringa er at det vert sett på som ei god ordning. Utviklinga Det er ikkje registrert noko dramatisk utvikling i vikarbruken, men vi registrere at bruken av kvalifiserte vikarar går ned men at situasjonen i vgs førebels er langt betre enn i grunnskulen. 18

Ansvarleg for gjennomføringa av registreringa og oppsummeringa i denne rapporten: Jarle Hessevik 19