Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta. Strategi, mål og rammer 2012-2013. Møre og Romsdal fylkeskommune. (Utkast, 20.5.



Like dokumenter
Del 1 Overordna mål og føringar for kompetansestyring og utvikling i tannhelsesektoren

Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta. Strategi, mål og rammer Møre og Romsdal fylkeskommune. (Versjon 18.6.

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Strategi for kompetanseutvikling

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta. Strategi, mål og rammer Møre og Romsdal fylkeskommune. (Høyringsutkast, versjon 5.7.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Ein tydeleg medspelar. Nyskaping og utvikling i eigen organisasjon

IKT og SAMHANDLING e-læring. Arne-Dag Gjærde Kompetansegruppa

Samling hjå fylkesmannen 23.januar 2013

Sjukehusapoteka Vest: Matrise for tertialvis rapportering til RHF-et på krav i Styringsdokumentet 2011 August 2011 Referanse/sak Tiltak Kommentar

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Arbeidsreglement Sund kommune

KOMPETANSEPLAN HANDLINGSPLAN 2010

KOMPETANSEPLAN HANDLINGSPLAN 2012

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Forsand kommune Personalkontoret

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Kompetanseutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Arbeidsgrupper rekruttering har i perioden juni 2012 og fram til 18. februar 2013 arbeidd fram Handlingsplan for rekruttering

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vurdering av allianse og alternativ

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Samferdsel i Møre og Romsdal fylkeskommune = regional utvikling

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Leiarutviklingsprogram for Møre og Romsdal fylkeskommune

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Strategisk kompetanseplan

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Den nye seksjon for applikasjonar

STIMULERING TIL SPESIALISTUTDANNING OG REKRUTTERING AV SPESIALISTAR TIL DEN OFFENTLEGE TANNHELSETENESTA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Strategi Forord

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse - ein tilnærmingsmåte.

Saman om ein betre kommune. Mål og handlingsplan.

Sandeid skule SFO Årsplan

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Forslag frå fylkesrådmannen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

1. Mål med samhandlingsreforma

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Handlingsprogram og økonomiplan

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Vil du bli internkonsulent/prosessveileder?

Kvalitetsplan mot mobbing

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Distrikt Dato Stad Søre Sunnmøre

Transkript:

Plan for kompetanseutvikling i tannhelsestenesta Strategi, mål og rammer 2012-2013 Møre og Romsdal fylkeskommune (Utkast, 20.5.2012)

Kvalitetskontroll Utarbeidd av Fylkestannlegen Dato 14.05.2012 Behandla av Samarbeids- og arbeidsmiljøutvalet for tannhelsesektoren Dato 24.05.2012

Innhald 1 OVERORDNA MÅL OG FØRINGAR... 4 1.1 Overordna mål for kompetanseutvikling...4 1.2 Definisjonar...4 1.3 Arbeidsgivarpolitisk satsingsområde...5 1.4 Om kompetanseutfordringar i tannhelsetenesta...5 2 HOVUDPRINSIPP FOR KOMPETANSEUTVIKLING... 6 2.1 Ny arbeidsgivarpolitikk - kultur for læring...6 2.2 Medarbeidar- og utviklingssamtalen...6 2.3 Kompetansekartlegging og -styring...7 2.4 Distriktsvise opplæringsplanar...7 2.5 Kunnskapsoverføring ved deltaking på kompetansetiltak...8 3 KOMPETANSETILTAK... 9 3.1 Tannhelsetenesta sine læringsarenaer...9 3.2 Sektorovergripande kompetansetiltak...9 3.3 Tannhelsefaglege kompetansehevande tiltak... 10 4 VILKÅR OG RAMMER FOR KOMPETANSETILTAK... 12 4.1 Individuelle kompetansehevande tiltak - kompetansestipend... 12 4.2 Definisjonar... 12 4.3 Grunnutdanning... 13 4.4 Etterutdanning... 13 4.5 Vidareutdanning... 13 4.6 Forsking... 14 4.7 Deltaking på TSE (tannlegeforeningens systematiske etterutdanning)... 14 4.8 Eksterne kompetansetiltak og kurs på område som er nedfelt i distriktet sin opplæringsplan... 15 4.9 Eksterne kompetansetiltak og kurs på område som ikkje er nedfelt i distriktet sin opplæringsplan... 15 4.10 Kurs, konferansar og samlingar i arbeidsgivar sin regi... 15 4.11 Eksterne eller interne kompetansetiltak som er nødvendige for utøving av tildelte funksjonar.. 15 4.12 Studiereiser/hospitering... 16 4.13 Kompetanseutvikling for seniorar... 16 5 ØKONOMISKE RAMMER... 17 5.1 Fordeling av kompetansemidlar 2012-2013... 17 6 VEDLEGG... 18 6.1 Vedlegg Søknadsskjema om økonomisk støtte til utdanning... 19 6.2 Mal for opplæringsplan distriktsnivå (under konstruksjon!)... 21

1 Overordna mål og føringar 1.1 Overordna mål for kompetanseutvikling For å kunne nå måla for tenesteproduksjonen og tilby brukarane den beste tannbehandlinga, skal kompetanseutvikling stå sentralt i tannhelsetenesta i fylkeskommunen. Den offentlege tannhelsetenesta gir eit tenestetilbod som krev høg og spesialisert kompetanse, og tilhøva må leggjast til rette for at alle tilsette kan vedlikehalde og vidareutvikle sin kompetanse i takt med den faglege utviklinga innanfor tannhelsefaget. Kompetanseutvikling i tannhelsetenesta handlar om å utvikle medarbeidarane sin kompetanse som organisasjonen treng for best mogleg måloppnåing. Med fokus på oppdatert kompetanse og rett arbeidsfordeling skal fagprofesjonane innan tannhelsetenesta samhandle om det best moglege behandlingstilbodet for pasientane. Tannhelsetenesta ønskjer å vere ein lærande organisasjon der dei tilsette lærar av kvarandre i fellesskap og får vidareutvikla sine evner i refleksjon over egen praksis. Å skape ein lærande organisasjon med basis i ein kunnskapsbasert praksis er eit sentralt element i kvalitetsutviklinga i tannhelsetenesta. 1.2 Definisjonar Kompetanse er dei samla kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar som gjer det mogleg å utføre aktuelle funksjonar og oppgåver i tråd med definerte krav og mål (Linda Lai, 2004). Kompetansestyring er planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre verksemda og den enkelte medarbeidar nødvendig kompetanse for å nå definerte mål. (Linda Lai, 2004). Kunnskapsbasert praksis er å ta faglege avgjersler basert på systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og pasienten sine ønske og behov i den gitte situasjonen. 4

1.3 Arbeidsgivarpolitisk satsingsområde Kompetanseutvikling inngår som sentralt innsatsområde i Møre og Romsdal fylkeskommune sin arbeidsgivarpolitikk 1. Fylkeskommunen skal vere ein organsisasjon med tydeleg kultur for læring, der leiarar og medarbeidarar viser vilje til kontinuerleg utvikling og refleksjon over eigen praksis. 1.4 Om kompetanseutfordringar i tannhelsetenesta Moderne odontologi har bevega seg frå å vere eit handtverksfag til eit biologisk basert medisinsk fagfelt, tilsvarande andre medisinske kliniske spesialitetar. Utviklinga har medført ein aukande grad av spesialisering og fragmentering av fagområde innanfor eit fagfelt som er i rivande utvikling både teknologisk og biologisk. Fragmentering av fagområde krev ein ny måte å organisere og å tenke tannhelsetenesta på. Tannlegeutdanninga i dag legg opp til at allmenntannlegen skal kunne støtte seg fagleg til spesialistar som har ein meir inngåande kunnskap på sine felt. I dette perspektivet blir vi utfordra på om vi har tilstrekkeleg robuste faglege fellesskap som kan sikre pasientane føreseielege og kvalitativt betre tannlegetenester. Den offentlege tannhelsetenesta sine kompetanseutfordringar må spegle dei politiske føringane som kjem til uttrykk i Stortingsmelding nr 35 (2006-2007) 2. Meldinga varslar reformer knytt til fire område: geografisk utjamning, sosial utjamning, eit kunnskaps- og kompetanseløft og eit løft i folkehelsearbeidet. Stortingsmeldinga legg opp til at fylkeskommunane får eit større ansvar for å styrke kunnskapen om tannhelse og tannhelsetenester og sikre eit faglig kompetanseløft m.a. gjennom oppretting av regionale odontologiske kompetansesentra (i Midt-Norge: Tannhelsetjenestens kompetansesenter for Midt-Norge IKS ). Eit prioritert område vil vere forsking, fagutvikling og kvalitetsutvikling innanfor tannhelsetenesten. Å sørgje for tannhelsetenester til heile befolkinga, med fokus på betre tannhelse og auka kunnskap om ulikskapar i tannhelse, årsakssamanhengar, metodar og tiltak som har effekt i folkehelsearbeidet, vil stå sentralt. 1 Arbeidsgivarpolitikk for framtida, vedtatt av fylkestinget, sak 7/09 2 Stortingsmelding nr 35 (2006-2007), Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning. Framtidas tannhelsetjenester 5

2 Hovudprinsipp for kompetanseutvikling 2.1 Ny arbeidsgivarpolitikk - kultur for læring Fylkeskommunen sin arbeidsgivarpolitikk Arbeidsgivarpolitikk for framtida, legg premissar for nyskaping og utvikling av tilsette og organisasjonen. Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein organisasjon med ein indre vilje til kontinuerleg utvikling og med tydeleg kultur for læring. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid inngår i kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylkeskommune som ein kontinuerleg prosess. Dette stiller krav til å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsformer med betre deling av informasjon og kompetanse. For å sette dette læringsarbeidet i ein samanheng er det viktig å etablere rom for refleksjon over eigen praksis, det som skjer i den kliniske kvardagen i møte mellom pasient og behandlar. Fylkeskommunen vil arbeide systematisk for å utvikle seg som ein attraktiv arbeidsplass for alle tilsette uavhengig av alder. Leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og kompetansetiltak er dei viktigaste virkemidla i utvikling av våre leiarar og medarbeidarar. Gode prosessar i samband med omstilling og endring vil vere mogleg å møte med systematisk utvikling av medarbeidarane. 2.2 Medarbeidar- og utviklingssamtalen I den arbeidsgivarpolitiske plattforma for leiing og medarbeidarutvikling er det lagt opp til eit tydelegare møte mellom leiarar og medarbeidarar. Leiarar er utfordra på både å inspirere og rettleie sine kompetente medarbeidarar, samt gje dei autonomi og fleksibilitet. Leiarar skal, i større grad sette regi og utøve leiing gjennom mål for det vi skal oppnå, meir enn å utøve kontroll og styring av arbeidet. Leiarane skal fremme myndiggjering av sine medarbeidarar og sjå til at det er balanse mellom utfordringar, 6

krav og handlingsrom på den eine sida; og tryggleik, kunnskapar og handlingskompetanse på den andre. Overtannlegen og klinikkleiarane for større klinikkar, skal kvart år gjennomføre medarbeidar- og utviklingssamtale 3 med sine tilsette som grunnlag for medarbeidarutvikling. Etter ein medarbeidar-/utviklingssamtale skal det lagast ein individuell utviklingsplan der kompetanseutviklingstiltak blir nedfelt saman med andre tiltak som krev oppfølging etter samtalen. Det som blir nedfelt i utviklingsplanen skal vere forpliktande for samtalepartane. Den neste medarbeidar-/utviklingssamtalen vil ta utgangspunkt i det som samtalepartane nedfelte i utviklingsplanen. 2.3 Kompetansekartlegging og -styring 4 Kompetansekartlegging er viktig for å bli bevisst kva for ressursar organisasjonen innehar, og for kompetansestyring i tråd med tannhelsetenesta sine kompetansekrav. Kompetasestyring inneber målretta og heilskapleg satsing på kompetanse, med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at den tilsette og organisasjonen når sine mål. Den enkelte tilsette registrerer sjølv sin kompetanse (både formal og realkompetanse). Kartlegginga skjer i kompetansemodulen (CV) i lønns- og personalsystemet (Visma Unique Web Ansatt). Brukarnamn og passord er distribuert til den enkelte tilsette per e- post, saman med ei lenke til Visma Unique Web Ansatt. Gjennom kompetansemodulen vil vi kartleggje kompetansebehaldninga og kople tilsette sine behov og ønskje for kompetanseutvikling tettare og meir forpliktande opp til gjennomføring av medarbeidar-/ utviklingssamtalen. Kompetansekartlegginga vil difor inngå som tema i den årlege medarbeidar-/ utviklingssamtalen. 2.4 Distriktsvise opplæringsplanar 5 Ein analyse av kompetansebehovet skal skje i kvart distrikt og vere grunnlaget for distriktet sin opplæringsplan. Opplæringsplana skal utarbeidast årleg. Den skal skal støtte opp under plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta og vere basert på 3 Rettleiar for medarbeidar- og utviklingssamtalar, Møre og Romsdal fylkeskommune 4 Rettleiing og verktøy for kompetansekartlegging er tilgjengeleg på intranett under Arbeidsgivar HR, Kompetanse 5 Sjå vedlegg, pkt. 6.2 7

kartlegginga (jf. pkt. 2.2 og 2.3). Planen skal innehalde tiltak for å imøtekomme kompetansebehova i distriktet. 2.5 Kunnskapsoverføring ved deltaking på kompetansetiltak Leiarar og medarbeidarar må skape lokale arenaer for systematisk bearbeiding og refleksjon over eigne og andre sine erfaringar/praksis. I tannhelsetenesta må det difor vere merksemd på korleis kunnskap kan delast, formidlast og utviklast gjennom samhandling og samarbeid i kollektive læringsprosessar. Kunnskap må sjåast på som ein relasjonell eigenskap i organisasjonen og relasjonskompetanse ein nødvendig føresetnad for leiing og medarbeidarutvikling. Kunnskapsoverføring ved tilsetting av nye medarbeidarar er todelt: frå organisasjonen til den nytilsette og frå den nytilsette til organisasjonen. Sentralt i denne samanhengen er praktisk informasjon og fagspesifikk kunnskap. Dette skal dels ivaretakast gjennom eit eige introduksjonsprogram for nytilsette i tannhelsesektoren (utviklingsprosjekt haust 2012/vår 2013). Samstundes vil det vere viktig å nytte kunnskap og erfaringar som den nytilsette har, for å vidareutvikle organisasjonen. Det er eit mål å auke nytteverdien for organisasjonen av gjennomførte kompetansetiltak ved kunnskapsoverføring frå tilsette som deltek på ulike kurs, konferansar og andre kompetansetiltak til andre tilsette i eininga. Tilsette som deltek på kompetansetiltak som t.d. TSE-kurs, konferansar, landsmøte etc. presenterer eit samandrag av kurset/konferansen på eit klinikkmøte, klinikkleiarmøtet eller liknande (alt etter kven kunnskapen skal overførast til dette vil nok variere mellom ulike kompetansetiltak). Ein bør i denne samanhengen også vurdere og diskutere om og korleis den nye kunnskapen er relevant for intern praksis. 8

3 Kompetansetiltak Tannhelsetenesta skal vere ein lærande organisasjon der dei tilsette får vidareutvikla sin kompetanse gjennom å lære og dele kunnskap i fellesskap med medarbeidarane og gjennom refleksjon over eigen praksis. Ein kunnskapsorientert praksis skal vere ein del av organisasjonskulturen i tannhelsetenesta. Vi ønskjer tydelege og kompetente medarbeidarar som er i stand til å løyse oppgåvene dei står framfor i sitt daglege arbeid. Læringsarenaer i denne samanhengen vil vere: 3.1 Tannhelsetenesta sine læringsarenaer Kollegarettleiing der det daglege kliniske arbeidet dannar grunnlag for råd, retteleiing og erfaringsutveksling Klinikkmøte og distriktsmøte med fokus på erfaringsutveksling, felles refleksjon og rettleiing Meir planlagt kommunikasjon om aktuelle faglige tema mellom klinikkane/profesjonane i Kvalitetssirklar, arbeidsgrupper, prosjektarbeid eller liknande Samarbeid og rettleiing frå spesialistar i kompetansenettverksmodellen i TkMN (jf. pkt. 3.3, s. 11), herunder nettbaserte læringplattformer (under oppbygging) Hospitering ved andre klinikkar 6 Samhandling med pasientar gjennom brukarmedverknad, som er ein lovfesta rett som gir brukaren reell innverknad på eigen situasjon og eige liv 3.2 Sektorovergripande kompetansetiltak Fylkeskommunen har etablert gjennomgåande, tverresektorielle kompetansetiltak som støttar opp under dei definerte innsatsomåda i arbeidsgivarpolitikken ( Fylkesakademiet ) 7. Dette handlar om kompetansetiltak som er kopla til praksisfeltet for leiarar og medarbeidarar i fylkeskommunen. Aktuelle tiltak er: 6 Hospiteringshandbok, Møre og Romsdal fylkeskommune, november 2011 7 Intranett: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/fylkesakademiet 9

Leiarutviklingsprogram 8 Grunnleggande IKT-kompetanse HMS-opplæring for leiarar, verneombod og tillitsvalde 9 Årleg arbeidsgivarpolitikk-konferanse Halvårlege introduksjonsdagar for nytilsette og leiarar Seniorkurs 3.3 Tannhelsefaglege kompetansehevande tiltak Spesifikke tannhelsefaglege kompetansehevande tiltak i tannhelsetenesta skjer i praksis hovudsakleg på distriktsmøta, klinikkmøta og gjennom lokale og sentrale kurs i arbeidsgivarregi eller i regi av arbeidstakarorganisasjonane. Distriktsmøte blir arrangert 2-4 gonger per år, med hovudvekt på faglege tema. Kvart andre år blir det arrangert 2-dagars etatssamling for alle tilsette, med faglege og organisatoriske tema. Eigne kompetansetiltaka skal sikre: at lovpålagt opplæring blir gjennomført etter behov at personellet generelt er fagleg oppdaterte, med særleg vekt på nye material og nye behandlingsmetodar og -teknikkar at personellet har god kunnskap og forståing om eldretannpleie og grupper med spesielle behov (t.d. odontofobi), sjukdommar og funksjonshemmingar nødvendig skolering ved innføring av datateknologi og at nytilsette får nødvendig opplæring i bruk av tannhelsetenesta sine program at kontinuerleg leiarutvikling blir ivaretatt vidareføring og styrking av introduksjonsopplegget for nytilsette, m.a. med faste sentrale introduksjonssamlingar i tillegg til introduksjonen som skjer på klinikken og i distriktet (under utarbeiding) 8 Intranett: http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/leiar-ogmedarbeidarutvikling/leiarutviklingsprogram 9 Intranett: https://mrfylke.no/intranett/kvalitetsleiing-hms/hms/modulbasert-hms-opplaering 10

Meir målretta og kontinuerleg kompetansebygging føreset eit tettare samarbeid mellom geografisk spredt tannhelsepersonell og auka tilgang til spesialistkompetanse. Tannhelsetjenestens kompetansesenter for Midt-Norge 10, som er eit interkommunalt selskap eigd av dei tre midt-norske fylkeskommunane, er bygd opp desentralisert etter ein nettverksmodell og skal bidra til auka kompetanse i eit samarbeid med klinikkane. Prioriterte oppgåver for kompetansesenteret er å drive rådgiving i eit desetralisert fagnettverk. Kompetansesenteret skal ha følgjende primæroppgåver: sikre spesialisttannlegetjenester ta i mot henvisninger drive rådgivning drive desentralisert spesialistutdanning av tannleger bidra til forskning og faglig utvikling i tannhelsetjenesten bidra til rekruttering og stabilisering av tannhelsepersonell i regionen drive etterutdanning av tannhelsepersonell 10 Heimeside: Tannhelsetjenestens kompetansesenter Midt-Norge (TkMN) 11

4 Vilkår og rammer for kompetansetiltak 4.1 Individuelle kompetansehevande tiltak - kompetansestipend Kompetanseutviklingstiltak blir finansiert over sentrale budsjettmidlar etter distriktsvis fordelingsnøkkel. Deltaking på kompetansetiltak som føreset permisjon og/eller inneber kostnader skal godkjennast av overtannlege på førehand. Etter- og vidareutdanning/spesialisering skal godkjennast av fylkestannlege. Tannhelsetenesta ønskjer å nytte kompetansestipend som verkemiddel for å sikre den nødvendige fagkompetansen i organisasjonen. Tildeling av kompetansestipend skal vere eit ledd i den strategiske kompetanseutviklinga og spegle tannhelsetenesta sitt behov for kompetanseutvikling i samsvar med prioritert kompetanse i distrikta sine opplæringsplanar. 4.2 Definisjonar Grunnutdanning er den utdanning som blir kravd for å fylle fastsette kvalifikasjonskrav for ei stilling. Etterutdanning er arbeidsrelatert kompetanseutvikling som gir ajourføring av kunnskapar, slik at den tilsette til ei kvar tid er i stand til å løyse oppgåvene sine. Vidareutdanning gir auka formalkompetanse og tek sikte på å kvalifisere arbeidstakaren ut over det som trengs i stillinga vedkommande er tilsett i. Videreutdanning er i dei fleste tilfelle formalisert tilleggsutdanning ved høgskoler og universitet. 12

4.3 Grunnutdanning Kompetansestipend kan tildelast tilsette som gjennomfører grunnutdanning eller ny relevant grunnutdanning for å sikre formalkompetanse. Tildeling kan skje dersom ein totalvurdering av tannhelsetenesta sitt kompetansebehov tilseier behov for kompetansen. Stipendet utgjer inntil kr. 40.000,- (forslag) per studieår (dvs. 60 studiepoeng). Det blir ikkje gitt kostnadsdekning utover stipendramma for utgifter som er relatert til utdanninga (t.d. reise- og opphaldsutgifter m.m.) Det blir gitt permisjon utan lønn i inntil 3 år for godkjent gjennomføring av grunnutdanning. Overtannlege i samråd med klinikkleiar skal legge til rette for at tilsette kan kombinere heile eller delar av studiet under arbeid. Dersom utdanninga ikkje blir fullført skal kompetansestipendet i sin heilheit betalast tilbake til arbeidsgivar. Det blir fastsett inntil 2 års bindingstid etter fullført utdanning dersom stipendet svarar til minst 3 månadslønner. Ved avbrote bindingstid som følgje av oppseiing frå arbeidstakar skal stipendet betalast tilbake høvesvis. 4.4 Etterutdanning Kompetansestipend kan tildelast tilsette som gjennomfører etterutdanning i samsvar med kompetansebehovet i tannhelsetenesta og distriktet sin opplæringsplan. Stipendet går til utgiftsdekning knytt til studie-/kursavgift, event. kurslitteratur, reise med rimelegaste offentlege transportmiddel (sjølv om anna reisemåte er valt), overnatting etter statens sats for ulegitimert overnatting. Det vert ikkje gitt diett under reise eller på studie-/kursstaden. Det blir gitt permisjon med lønn i inntil 2 år for slik etterutdanning. (Stipend kan også tildelast for etterutdanning som blir gjennomført i den tilsette si fritid.) Overtannlege i samråd med klinikkleiar skal legge til rette for at tilsette kan kombinere heile eller delar av studiet under arbeid. Det blir fastsett inntil 2 års bindingstid etter fullført utdanning. Ved avbrote bindingstid som følgje av oppseiing frå arbeidstakar skal stipendet betalast tilbake høvesvis. 4.5 Vidareutdanning 13 Kompetansestipend kan tildelast tilsette som gjennomfører vidareutdanning i samsvar med kompetansebehovet i tannhelsetenesta.

Vilkår for å ta vidareutdanning blir avklart av fylkestannlegen i kvart enkelt tilfelle. o For tannlegar som gjennomfører avtalt spesialistutdanning blir det som hovudregel gitt permisjon utan lønn. Spesialistutdanning for tannlegar er praksisbasert vidareutdanning som gir offentleg spesialistgodkjenning. Den tilsette mottar eit årleg stipend på inntil kr. 150.000,- (forslag) i 3 år som skal dekke kostnader i samband med den spesialistutdanninga. Stipendet er skattepliktig og blir utbetalt i 2 like terminar pr år. Som vederlag for stipendet pliktar den tilsette etter fullført spesialistutdanning å arbeide i Møre og Romsdal i 2 år. Praksisstad i bindingstida skal godkjennast av Fylkestannlegen. Dersom den tilsette avbryt spesialistutdanninga og såleis ikkje kan gjennomføre bindingstida som spesialist, stipendet kravd tilbakebetalt fullt ut. Det same gjeld om den tilsette etter fullført spesialistutdanning ikkje gjennomfører bindingstida på tre år på godkjent praksisstad. I tillegg til å krevje stipenda tilbakebetalt fullt ut, vil arbeidsgivar krevje renter (f.t. 5%) frå stipenda blei utbetalt og fram til heile stipendbeløpet er betalt tilbake. 4.6 Forsking Arbeidstakarar som har vore tilsatt i tannhelsetenesta i minst to år, kan få permisjon i inntil eitt år for å arbeide med tannhelsefagleg forsking. Permisjon med heil eller delvis lønn kan innvilgast, dersom det ikkje er gitt annan økonomisk støtte/finansiering. Det er en føresetnad at forskinga er knytt opp mot Tannhelsetjenestens kompetansesenter for Midt-Norge (TkMN). Bindingstid skal vurderast i dei tilfelle det blir gitt lønn som svarar til minst 3 månadslønner. 4.7 Deltaking på TSE (tannlegeforeningens systematiske etterutdanning) Kompetansestipend kan tildelast for deltaking på TSE. Stipendet går til utgiftsdekning av kursavgift, reise med rimelegaste offentlege transportmiddel (sjølv om anna reisemåte er valt), overnatting etter statens sats for ulegitimert overnatting. Det vert ikkje gitt diett under reise eller på studie-/ kursstaden. Det blir gitt permisjon med lønn. Deltaking føreset minst 3 års tenestetid i fylkeskommunen. (Deltaking før 3 års tenestetid må vere pålagt av overtannlegen ut frå ei vurdering av at deltaking er naudsynt for fagleg påfyll/tilpassing.) 14

Det blir ikkje opna for utgiftsdekning for deltaking på TSE og NTF-landsmøte el. NTpF-landsmøte same år. 4.8 Eksterne kompetansetiltak og kurs på område som er nedfelt i distriktet sin opplæringsplan Kompetansestipend kan tildelast dersom overtannlegen etter ei nærare vurdering finn at tiltaket (t.d. kurs i regi av arbeidstakarorganisasjonane) kan vere til nytte for klinikken/distriktet. Det blir gitt permisjon med lønn eller delvis lønn. 4.9 Eksterne kompetansetiltak og kurs på område som ikkje er nedfelt i distriktet sin opplæringsplan Kompetansestipend skal som hovudregel ikkje tildelast i slike tilfelle. Det kan bli gitt permisjon med eller utan lønn etter ei nærare vurdring. 4.10 Kurs, konferansar og samlingar i arbeidsgivar sin regi Dette gjeld t.d. etatsmøte, distriktsmøte og interne møteplassar som har eit stort fagleg innslag retta mot alle yrkesgrupper i tannhelsetenesta. Det blir gitt permisjon med lønn. Opphalds- og reiseutgifter blir dekt i sin heilheit. Kurs i arbeidsgivarregi er definert som arbeidstid, som for deltidstilsette kompenserast med avspasering. Avklaring m.o.t. kompensasjon for reisetid 4.11 Eksterne eller interne kompetansetiltak som er nødvendige for utøving av tildelte funksjonar 15 Dette gjeld funksjonar som er tillagt den tilsette som t.d. superbrukar, retteleiarrolle (i samband med studentar), verneombod, follkehelsekontakt o.l.

Kompetansestipend kan tildelast for deltaking på eksterne kompetansetiltak dersom overtannlegen etter ei nærare vurdering finn at tiltaket er relevant for utøving av funksjonen. Opphalds- og reiseutgifter blir dekt i sin heilheit. Slike tiltak er definert som arbeidstid, som for deltidstilsette kompenserast med avspasering. Avklaring m.o.t. kompensasjon for reisetid 4.12 Studiereiser/hospitering Permisjon kan innvilgast i samband med studiereiser/hospitering som tek sikte på å gje arbeidstakaren ei opplæring som har nytteverdi for arbeidet i tannhelsetenesta. Vilkåra, som t.d. løn eller dekning av andre utgifter, må avtalast i kvart enkelt tilfelle. 4.13 Kompetanseutvikling for seniorar 11 Kompetansestipend kan tildelast dersom overtannlegen i samråd med arbeidstakar er samde om at arbeidstakar ut frå eit seniorperspektiv har særskilt behov for kompetanseutvikling. Dette er særleg aktuelt som tiltak for at arbeidstakaren skal stå i arbeid ut over 62 år. Stipendet går til utgiftsdekning av kursavgift, reise med rimelegaste offentlege transportmiddel (sjølv om anna reisemåte er valt), overnatting etter statens sats for ulegitimert overnatting. Det vert ikkje gitt diett under reise eller på studie-/ kursstaden. Det blir gitt permisjon med lønn. 11 Intranett: Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar. Møre og Romsdal fylkeskommune. 16

5 Økonomiske rammer 5.1 Fordeling av kompetansemidlar 2012-2013 I budsjettet for tannhelsetenesta for 2012 er det sett av kr x til opplæring/etterutdanning. Midlane er fordelt slik (NB oppsettet viser fordelingskriteria i 2011): Distriktsmøte/-kurs Kr x IT-opplæring x Kompetansestipend x Overtannlegane x Leiarsamlingar x Fylkestannlegen til disposisjon x Kompensasjon på grunn av ekstra store reiseutgifter: Nordmøre tannhelsedistrikt x NSSR tannhelsedisrikt x Søre Sunnmøre tannhelsedistrikt x Overtannlegane er ansvarleg når det gjeld praktisk gjennomføring av distriktskursa. Overtannlegane skal til ein kvar tid ha oversikt over kor mykje som er nytta av midlane. Utgifter til reise og kostgodtgjersle for dei tilsette i samband med kurs skal gå av det beløpet distrikta har fått tildelt til kursverksemda. Vi fordeler midlane til distriktsmøte/-kurs, inkl. kompensasjon for ekstra store reiseutgifter, i alt kr x, på tannhelsedistrikta slik: Nordmøre Kr x Molde x NSSR x Ålesund x Søre Sunnmøre x 17

6 Vedlegg (liste over vedleggene til dokumentet her.) 18

6.1 Vedlegg Søknadsskjema om økonomisk støtte til utdanning SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL KOMPETANSEHEVING (KOMPETANSESTIPEND) (nb UNDER KONSTRUKSJON) Namn: Ansattnr.:. Arbeidsstad: E-postadresse:.. Tannlege Tannpleiar Tannhelsesekretær Kurs: Studium Studienavn og stad: Studiets omfang og varigheit:...... Sluttdato for studiet: Stipulerte kostnadar (studieavgift, semesteravgift, bøker, reise m.m.):...... Kursavgift: Kr,- Reise: Kr,- Opphald: Kr,- Andre utgifter: spesifiser:.. Kr,- Sum: Kr,- Eg forplikter meg til å halde minst ei internundervisning på klinikk-, distriktsmøte eller liknande over temaet kurset/utdanninga omhandlar innen 3 mnd etter endt utdanning. Eg er klar over at det i samband med økonomisk støtte til kompetansetiltak kan stillast krav til bindingstid. Tilsette som slutter i fylkeskommune før bindingstida er over må forvente å betale tilbake den økonomiske støtten heilt eller delvis. Stad og dato:. Signatur tilsett... Signatur nærmeste leder.... 19

RETTLEIING FOR UTFYLLING Kursavgift: Kursprogram skal leggjast ved. Studieavgift: Reise: Opphald: Fagplan må leggast ved Rimlegaste offentlege transportmiddel, sjølv om annan reisemåte (t.d. eigen bil) er valt. Fly vert akseptert på lange reiseavstandar.. Det vert ikkje gitt diett under reise eller på kursstaden. Overnatting etter Statens sats for ulegitimert overnatting. ETTER GJENNOMFØRT KURS/STUDIUM Alle utlegg skal dokumenterast med originalbilag. Vedlegg: 1. 2. 3. Dato:./.20. underskrift NB: Det skal fyllast ut eitt skjema for kvart kurs. 20

6.2 Mal for opplæringsplan distriktsnivå (under konstruksjon!) 1. Kompetanseanalyse Til grunn for opplæringsplana må det ligge ein kompetanseanalyse som klargjer kva kompetanse distriktet treng for å nå måla for tenesteproduksjonen, og kor utviklingstiltak bør settast inn for å anskaffe, utvikle eller mobilisere kompetanse. I dette perspektivet består kompetanseanalyse består av tre hovudaktivitetar (Lai, 2004): 1. Definere kompetansekrav Kva kompetanse treng distriktet for å nå måla og utføre definerte oppgåver på ønska måte og nivå? 2. Analysere kompetansekapital Har distriktet den kompetansen det treng (jfr kompetansekrav)? Blir viktig kompetanse nytta på ein god måte? Kva kompetanse forvaltar vi gjennom våre medarbeidarar og kva kompetanse blir blir nytta? 3. Identifisere kompetansebehov Kva kompetanse mangler vi eller blir ikkje nytta? Mobiliseringsbehov: Kva kompetanse kan mobiliserast betre hos våre medarbeidarar? Læringsbehov: Kva kompetanse kan utviklast hos våre medarbeidarar? Anskaffingsbehov: Kva kompetanse bør anskaffast gjennom rekruttering eller samarbeid med andre? Ta hele tiden utgangspunkt i mål og prioriterte område. 2. Tiltaksplaner Tiltaksplanen (tiltaksdelen av opplæringsplna) skal gi ein oversikt over planlagte tiltak knytt til anskaffing, utvikling og mobilisering av kompetanse. Alle tiltak bør beskrives i form av følgende hovedpunkter: * Tiltakets navn * Ansvarleg for tiltaket * Mål med tiltaket * Målgruppe (kven som skal delta på profesjonsnivå eller individnivå) * Tidsrom (eventuelt frist) * Kostnader per deltager og kostnadsstad * Evalueringsform 21

Ein tydeleg spesifisering av mål med tiltaket er viktig for å kunne vurdere om måla blir nådd og for rullering av opplæringsplana. Ved prioritering og utforming av tiltak, er det viktig å vurdere ulike læringsarenaer, jfr. pkt. 3 i kompetanseplan. Eksempel er distriktsmøte eller klinikkmøte, kor føremålet kan vere felles refleksjon, erfaringsutveksling eller formalisert læring ved teoretiske innlegg og liknande. Andre eksempel på læringsarenaer: prosjektarbeid, interne møte, dialogmøter med brukarar, interne kurs og samlinger, eksterne kurs, etterutdanning og videreutdanning. Opplæringsplan.. tannhelsedistrikt Resultat mål Tiltaksbeskri velse Målgru ppe Oppst art Avslutni ng Tema Ansv ar Økonomi/ress ursar Evalueri ng/ endring 22