Referat Frå Styremøte 3.- 4. desember Thon Hotel Opera - Oslo -- Til stades: Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen (kun dag 2) Frå adm: Frode Alfarnes, Tor Skeie Olsen Sak 61/13 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Harald Lie gjekk igjennom sakene frå førre styremøte. Det vart påpeika eit par skrivefeil på nokre namn. Samrøysta godkjend. Sak 62/13 Sak frå Arbeidsutval Arbeidsutvalet hadde møte 23. oktober på Rica Hell Hotell. Hovudsaka som vart diskutert var kva innspel NLT bør kome med til NHO Mat og Landbruk (NHOML) i samband med deira samtaler med ny regjering. Det er viktig at vi som tredje største medlem i NHOML kjem med innspel. Det er kome signal på at regjeringa ynskjer å gjennomgå alle støtteordningar, dette gjeld nok også då velferdsordninga. Spesielt ferie/fritid kan vera utsatt då regjeringa er interessert i å sjå på ordningar med forskjellsbehandling. Om det vert aktuelt seinare kan vi gje signal om at NLT kan forvalte denne ordninga. Det vart utarbeida eit brev som vart sendt til NHOML ved Gaute Lenvik Saka er teke til orientering, med innspel om at brevet som er sendt over til NHOML burde lege ved sakspapira til styret. Sak 63/13 Rekneskap per 30. november Rekneskap ut november månad vart lagt fram på styremøtet og gått gjennom av Frode Alfarnes. Rekneskap pr dags dato syner at vi ligg ca. 280.000,- betre enn budsjettert driftsresultat, men vi manglar ein del inntekter og utgifter på haustsamling i sør. Sluttresultat vart stipulert til i verste fall ca. - 580.000,- Nokre punkt frå rekneskapet; Reduserte driftsinntekter på 568.500,- o Sal tenester/arbeid - 300.000,- høgare inntekter o Forsikringspakke - 490.000,- lågare inntekter o Kurs og haustsamling er ikkje fakturert ut for samling i sør Auka varekostnader på 200.000,- o Kursutgifter - 290.000,- i foreløpig auka kostnader pga salskurs o Kjøp tenester/arbeid 100.000,- lågare kostnader
Reduserte lønnskostnader på 390.000,- Reduserte driftskostnader på 710.000,- o Manglar ein del utgifter på samling i sør o WebTemp - 165.000,- i lågare kostnader. o Reisekostnader - 95.000,- i høgare kostnader Rekneskap per 30 november er teke til etterretting Sak 64/13 Norges Bondelag sitt representantskap I samband med at Tyr har søkt medlemskap i representantskapet til Norges Bondelag har vi motteke brev om tilbod om at NLT kan søke medlemskap. Det er frist innan 1. januar 2014. Harald Lie gjekk gjennom saka. I tillegg til Norges Bondelag er det og viktig at vi har ein tett link inn mot Norges Bonde- og småbrukarlag. Viktig at vi fortset med å invitera til vårt årsmøte for å forbetre og auke kontaktflata. Norske Landbrukstenester sender søknad om medlemskap i Norges Bondelag sitt representantskap. Sak 65/13 Evaluering haustsamlingane Evaluering vart lagt fram på styremøtet og gjennomgått. Totalt deltok det 229 deltakarar frå 79 lag. Dvs. at 22 lag ikkje møtte på samlinga. På kursa deltok det totalt 173 personar. Evaluering er tatt til etterretning, og vi tek tilbakemeldingane med oss til planlegging av framtidige samlingar. Vi sender ut evaluering til informasjon splitta på tilsette og tillitsvalde. Sak 66/13 Jordbruksforhandlingane Kva punkt skal prioriterast i år? I samband med ny regjering bør styret ta ein debatt på korleis vi skal fremja våre synspunkt. Vi har tidlegare fått kritikk på at vi snakkar direkte med departement og SLF i tillegg til å fremje forslag til faglaga. Prioriteringa er som følgjer: 1. Alle ordningar må følgja kostnadsutviklinga 2. Evalueringa av Landbruksvikarordninga 3. Forenkling av refusjonsordninga ved sjukdom Dette vert så lagt ut på høyring i medlemslaga, med svarfrist i slutten av januar, før endeleg innspel vert oversendt forhandlingspartane.
Sak 67/13 Årets bonde Det er nå fjerde år på rad at Årets unge bonde vert kåra. Kåringa er i regi av prosjektet «Grønn utdanning». Dette er eit prosjekt som Norges Bygdeungdomslag, Felleskjøpet Agri og McDonalds Norge samarbeider om. Ein del av premien er ein tur til Barcelona med betalt avløysar. NLT arbeidar med marknadsføring og merkevarebygging. Her er eit godt eksempel på ein sjanse til å profilere seg på ein fin arena. NLT tar kontakt med «Grønn utdanning» og høyrer om vi kan bidra med noko i kåringa. Sak 68/13 Opplæring, læreplanutval, 2+2 med meir Det er fleire saker på gang i forhold til opplæring innan agronom og jordbruk. Harald Lie informerte: For å møte behovet for auka rekruttering innan fagområder agronom og gartnar er det i Stortingsmelding 9 i Landbruks- og matpolitikken føreslått å evaluera struktur og innhald i programområdet landbruk og gartnarnæring i utdanningsprogrammet for naturbruk. Evalueringa skal vurdera behov for større fleksibilitet og moglegheit gjennom 2 + 2 modellen i utdanningsløpet, herunder moglegheit for kryssløp. Direktoratet har i samråd med Kunnskapsdepartementet beslutta at forsøket skal gjennomførast i 3-5 fylkeskommunar. Her er no søknadsfristen ute, og vi ventar på svar på kva fylkeskommunar som får vera med på denne prosessen. Vi må vera tett på laga i dei fylka som vert teken ut til pilotprosjektet, så snart vi veit kva fylkeskommunar det gjeld. Ein må stille krav til «lærlinglaga» slik at dei som då vert opplæringsbedrifter får god opplæring i forkant av prosjektet. NLT går aktivt inn i planar og prosjekt for å bli ein aktiv aktør i det arbeidet som no vert lagt ned. Det er viktig for våre medlemslag å kunne ha fleire bein å stå på i framtida. Ein tek kontakt med laga i dei fylka som vert pilotfylke så snart fylka er plukka ut. Sak 69/13 Mandat, ulike utval Vi har sett ned to utval som treng eit klart mandat og budsjett. Dette gjelder Rekruttering- og etterutdanningsutval og Verveutval. Det må i tillegg gjerast utskifting av personar i Rekruttering- og etterutdanningsutvalet pga. sjukdom. Tove Berre går inn i Rekrutterings- og etterutdanningsutvalet som ny representant etter Silje Namtvedt. Ellen A. Svarstad vert med i begge utvala. Budsjett for utvala vert innarbeidd i budsjett for 2014. Mandat Verveutval: Utvalet skal arbeide for auka sal og salsaktivitet ute i laga, jmf. Strategiplan. Første år er det vervekampanjen samt auka marknadsføringa som skal stå i fokus.
Mandat Rekruttering og etterutdanningsutval: Utvalet skal arbeide for å synleggjere den viktige rolla landbruksvikarane, avløysarane og andre tilsette i NLTlaga har for å tilby kvalifisert arbeidskraft til landbruket og andre aktuelle oppdragsgjevarar ved å; Bygge tillit til landbruksvikarordninga o Ved å legge til rette for regionale samlingar og standardisering og systematisering av ordninga Fremme NLT si aktiv rolle som naturleg partnar innan etter- og vidareutdanning i landbruket Styrke samarbeidet mellom NLT og det offentlege innan skule, valfag og lærlingordningar Legge til rette for rekruttering, først og fremst av norsk arbeidskraft, men og arbeidskraft frå utlandet Profilere NLT og kva moglegheiter som finnes i organisasjonen Sak 70/13 Utkast til budsjett for 2014 Utkast til budsjett for 2014 vart gjennomgått. Endeleg budsjett skal vedtakast på styremøte i februar. Saker som må drøftast i samband med budsjett er med anna; - Størrelse administrasjon Styret ynskjer å kartlegge eventuelle behov for auka bemanning i administrasjonen. Det er viktig at vi får gjort dei oppgåvene som er planlagt. 2013 har vært eit år med utskiftingar i administrasjonen og arbeidsoppgåvene har ikkje satt seg enda. Dersom det etter kvart viser seg at ein treng fleire personar tek administrasjon dette opp med styret. Dagleg leiar skal i tida framover sjå på tiltak og fordeling av arbeidsoppgåver som kan frigje meir tid til andre oppgåver både for seg sjølv, men og for resten av administrasjonen. - Budsjett utval Her skal leiar i utvala ilag med DL legge opp eit budsjett ut frå mandatet ein har fått fram til neste styremøte. - Satsingsområde kurs Viktig at ein ikkje no hoppar rett på eit nytt stort kursopplegg, og lar salskurset segla sin eigen sjø. Ein går inn og støttar dei som no melder seg på salskurs med kr. 4000,- med ein føresetnad om at laga dekkjer dei eigenandelane som er på vår- og haustsamling. Salskurset del 1 vert i januar, medan del 2 og 3 vert på vår- og haustsamling. Det er planlagt eit møte med Steg for Steg i januar for å sjå på moglegheit for å lage eit meir omfattande styrekurs som strekkjer seg over vår- og haustsamling. - Webtemp Her må ein no få fortgang med dei laga som ynskjer å ta dette i bruk. - Eigendel på samlingar Eigendel på kurs vert auka til kr. 2000,- og på haustsamling til kr. 4.000,- for å dekke inn auka kostnader på hotell. Gebyr for manglande innrapportering Ut frå tidsbruk administrasjonen brukar på å purre opp manglande innrapportering er kanskje kr. 4.000,- i gebyr for lite. Det kom opp fleire ulike summar rundt bordet, og administrasjonen ser på dette til neste styremøte og kjem med forslag på størrelsen på gebyret. Viktig at styremedlemane i dei laga som ikkje rapporterer får tilbakemelding på dette.
Administrasjon redigerer budsjett etter innstilling frå styret. Redigert budsjett vert lagt fram på styremøte i februar til godkjenning. Sak 71/13 Ikkje offentleg Sak 72/13 Forhandlingsutval NHO Mat og Landbruk Det er kome ønskje frå NHO Mat og Landbruk at NLT stiller med ein person i forhandlingsutvalet. Harald Lie orienterte om saka. NLT fremmer nestleiar i styret til forhandlingsutvalet i NHO Mat og Landbruk Sak 73/13 Deltaking på møter/konferansar A. Mat og Landbruk Den årlege konferansen for landbruket i Norge, arrangert av Norsk Landbrukssamvirke vert avvikla 14 og 15. januar 2014. NLT har normalt sett stilt med styreleiar og dagleg leiar. Program er enda ikkje klart, men det er opna for påmelding. B. Bioforsk Bioforsk-konferansen blir arrangert 5 og 6. februar på Hamar. NLT har stilt med eit styremedlem på denne konferansen tidlegare. C. Tariffkonferanse NHO Mat og Landbruk Tariffkonferansen vert arrangert 12 og 13. februar. Program er enda ikkje klart. Representantar til ulike møter/konferansar er valt på styremøtet. A. Mat og Landbruk: Styreleiar, nestleiar og dagleg leiar B. Bioforsk: Utgår i år grunna kollisjon med styremøte i Alta C. Tariffkonferanse: Styreleiar, dagleg leiar og Gjermund Stuve. Jorulf Refsnes stiller for forhandlingsutvalet. Sak 74/13 Orienteringssaker A. AFP Frode Alfarnes har delteke på møte saman med Jørn Haugli Lunde frå LT Hedemarken hos NHO for å diskutere korleis NHO ser på AFP-ordninga. Frå NHO møtte Svein Oppegaard og Kristin Diserud Mildal. Orientering vart gitt på styremøtet. NHO ønskjer ei allmenngjering av AFP, at den ikkje berre gjeld for organiserte. Det er i dag ca. 50% av arbeidstakare i privat sektor som har moglegheit til å ta ut AFP. B. Styremøte NHO Mat og Landbruk Harald Lie orienterte frå førre styremøte i NHO Mat og Landbruk. Hovudfokus komande år vert rekruttering og kompetanse (fagskule), yte enno betre service til medlemsbedriftene og besøk hos medlemsbedrifter. Ny og betre heimeside kjem over nyttår. Harald hadde og eit møte med Mattilsynet, der det vart diskutert dei kan hjelpa med skjema på ulike språk med anna.
Orientering er tatt til etterretning. Eventuelt - Listene over kontaktpersoner LV-kurs vart etterspurd. Desse listene vert sendt ut til styret når dei er klar. - Avklaring av retningslinjer på telefonmøter. Desse er godtgjort med kr. 500,-. - Neste styremøte i Alta 4-6. februar. Harald Lie og Bodil Mannsverk syr saman eit opplegg for desse dagane. - Ein del NLT lag som no er ute og skaffar seg kundar i sekundærmarkedet, treng ein mal som lettar arbeidet deira, og som gjer dei tryggare på at dei gjere dei rette tinga. Verveutvalet får arbeidet med å lage til eit arbeidsdokument på dette som skal distribuerast ut til alle lag. Vert ei av sakene utvalet tek opp på ei samling som vert i byrjinga av januar. - Instruks for valkomitè; Ein oppdatert instruks skal vedtakast på neste styremøte. Valkomiteen skal bestå av tre personar, der inntil ein kan vera tilsett og alle på vara skal vera tillitsvalt.