Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS 26.08.2015 Plan- og økonomiutvalget Kommunestyret Administrasjonsutvalget



Like dokumenter
Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

KOMMUNEREFORMA - VEGEN VIDARE FOR TIME KOMMUNE

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Kommunereform. Ope møte i Volda

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kommunereform - Status


HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Aurland kommune Rådmannen

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Kommunereform. Informasjonsmøter mars 2015

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«Nordhordland kommune»

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Saksframlegg. Arkivsak: 14/ Sakstittel: KOMMUNEREFORMA. K-kode: 001 &25

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Forslag frå fylkesrådmannen

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Mandat kommunereformen i Lesja og Dovre kommuner

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Referat frå folkemøta:

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kommunereform og fylkesmansstruktur

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Forstudie Næringshage i Vinje

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Forsand kommune Saksframlegg

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Transkript:

Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kolbjørn Sandve FE - 110, TI - &23 14/1841 Saksnr Utvalg Type Dato 061/15 Drifts- og miljøutvalget PS 26.08.2015 Plan- og økonomiutvalget PS Kommunestyret PS Administrasjonsutvalget PS Kommunereforma - vidare framdrift Rådmannens forslag til vedtak: 1. Gjesdal kommunestyre tar rapporten Ny kommunestruktur felles utredning for de åtte kommunene Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg, Sandnes og Stavanger til orientering. 2. Kommunestyret sluttar seg til rådmannen sine vurderingar og hovudkonklusjonar og vil hausten 2015 prioritera naboprat med kommunane Sandnes, Stavanger, Sola og Randaberg. Målet med nabopraten skal vera å arbeida fram ein intensjonsavtale om etablering av ein ny storkommune på Nord-Jæren som omfattar både Sandnes og Stavanger. 3. Ordførar, varaordførar og leiar av det største opposisjonspartiet utgjer styringsgruppa for nabopratprosjektet. 4. Dersom det i samband med behandlinga av tilsvarande saker i dei andre kommunane i regionen kjem initiativ som tilseier naboprat også med andre kommunar, skal Gjesdal vera opne for dette, så framt det er tids- og ressursmessig forsvarleg. 5. Med bakgrunn i nabopraten skal framlegg til intensjonsavtale og grunnlag for folkehøyring leggjast fram for kommunestyret i februar 2016.

Kommunereforma - vidare framdrift Bakgrunn for saka: Administrasjonane i dei åtte kommunane Gjesdal, Hå, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger og Time har i samarbeid analysert og utgreidd grunnlaget for gjennomføring av ei eventuell kommunereform i Jær-/Nord-Jæren-regionen. I utgreiingsarbeidet er det lagt hovudvekt på fire nøkkelfaktorar: Tenesteyting og utvikling, samfunnsutvikling, lokaldemokrati og økonomi. Arbeidet har vore leia av ei felles politisk styringsgruppe der ordførarane og opposisjonsleiarane frå alle kommunane har vore med. I tillegg har ei eiga administrativ arbeidsgruppe (med ei politisk styringsgruppe) arbeidd særskilt med temaet innbyggjarinvolvering. Gruppa har utarbeidd nettstaden minnyekommune.no, laga diverse informasjonsmateriell som skal nyttast i undervisning i skular, arrangert folkemøter om ulike tema relatert til kommunereforma og etablert ein eigen ungdomsverkstad med representantar frå alle kommunane. Konklusjonane frå analyse- og utgreiingsarbeidet er presentert i ein omfattande rapport som vart lagt fram i eit felles formannskapsmøte for dei åtte kommunane i juni 2015. Rapporten, som er lagt ved til orientering, vil leggja det viktigaste grunnlaget for Gjesdal kommune sitt vidare arbeid med reforma. Dei åtte kommunane er blitt samde om ein framdriftsplan som sikrar at kvar kommune gjer formelle vedtak i tråd med regjeringa sine føresetnader for behandling av kommunereforma. Denne saka gjeld overgangen frå fase 1 til fase 2, naboprat med andre kommunar og gjennomføring av fase 2. Rådmannen vurderer og kjem med forslag til vedtak når det gjeld kontakt og samtale med nabokommunar og vurdering av korleis ein praktisk kan leggja eit best mogleg grunnlag for ei folkehøyring som kan gjennomførast våren 2016. Saksopplysningar: a. Prosessen så langt Regjeringa starta opp arbeidet med ei nasjonal kommunereform gjennom å setja ned eit ekspertutval 03.01.2014. Mandatet til utvalet var å finna fram til kriterium for framtidig organisering av kommunal sektor. Utvalet si innstilling blei lagt til grunn for Regjeringa sin meldingsdel om kommunereforma til Kommuneproposisjonen 2015 (Prop. 95S). Eit fleirtal i Stortinget har slutta seg til regjeringa sine hovudføringar for gjennomføring av reforma. Oppgåvemeldinga «Kommunereformen nye oppgaver til større kommuner» (St meld 14 (2014-15)), som blei behandla i Stortinget i juni 2015, opnar for å overføre nokre avgrensa oppgåver til kommunane. I tillegg skal eventuell overføring av større oppgåver til større kommunar greiast ut vidare i eigne løp. I meldinga blir det mellom anna sagt at det under visse føresetnader kan vera aktuelt at større kommunar overtek ansvaret for fylkeskommunale oppgåver som kollektivtransport og tannhelseteneste. Regjeringa har også starta ein gjennomgang av den statlege styringa med kommunane. Resultatet av denne gjennomgangen er varsla lagt fram for Stortinget våren 2017. Ein samla lovproposisjon om nye oppgåver til kommunane vert lagt fram våren 2017. Dei fem kommunane i Jærrådet bestemte seg i møte 24.05.2014 for å gjennomføra eit felles utgreiingsarbeid om kommunereforma. I januar 2015 slutta i tillegg Randaberg, Stavanger og Sola seg til utgreiingsprosjektet. Arbeidet er gjort greie for og oppsummert i rapporten som ligg ved denne saka.

b. Konklusjonar frå den felles utgreiinga Analysane av kva ei eventuell kommunereform vil ha å seia for tenesteyting og utvikling, lokaldemokrati, samfunnsutvikling og økonomi i regionen, først og fremst i dei åtte involverte kommunane, er gjort med utgangspunkt i fire alternativ: «0-alternativet» «liten» «middels» «stor» «0-alternativet» betyr status quo. Alternativet «liten» kan bety at vi får 4-7 kommunar i regionen.»middels» vil innebera oppretting av 2-3 større kommunar, mens alternativet «stor» vil bety at regionen vil få berre 1 eller 2 store kommunar. I praksis vil alternativet «stor» innebera at Sandnes og Stavanger slår seg saman med dei fleste omlandskommunane, eller at ein får ei deling mellom ein ny storbykommune på Nord- Jæren og ein ny mellomstor kommune på Sør-Jæren. Alternativet «middels» er eksemplifisert med eit todelt byområde med grense på Forus; Stavanger vil då utgjera sentrum i ein ny kommune saman med kommunane nordover, mens Sandnes vil slå seg saman med kommunane sørover. Alternativet «liten» vil i praksis bety mindre endringar, ved at 2-3 mindre kommunar i regionen går saman om å danna nye og litt større einingar. Dette vil innebere at det ikkje skjer store endringar i dagens bystruktur (Stavanger og Sandnes). Utgreiingsrapporten for dei åtte kommunane legg til grunn prinsippet om at alle kommunar framleis skal vera generalistkommunar. Dette er også stadfesta i Oppgåvemeldinga. Rapporten er eintydig på at samfunnsutviklinga på Jæren/Nord-Jæren vil tena mest på ei kommunereform med størst mogleg kommuneeiningar. Dette er grunngjeve med at regionen er eit integrert bu-, service- og arbeidsområde, og at samordna innsats i området er nødvendig for å oppnå ei funksjonell og optimal samfunnsutvikling. Når det gjeld dei andre nøkkelfaktorane som er analysert, er konklusjonane og tilrådingane mindre eintydige. Rapporten synleggjer at det vil vera lokaldemokratiske fordelar og ulemper med alle modellane. Store einingar vil gjera det lettare å overføra makt frå stat til kommune, men samtidig inneber det ein fare for større distanse mellom dei som styrer og innbyggjarane. Middels store kommunar kan derfor visa seg å vera betre for lokaldemokratiet enn store kommunar. Ifølgje rapporten vil det vera stort behov for vurdering og iverksetting av tiltak for å kompensera for eit svekka nærdemokrati. Når det gjeld tenesteyting, går det fram av analysen at alternativa «middels» og «stor» vil kunna styrkja kapasitet og kompetanse i ein ny kommune, medan alternativet «liten» framstår som eit godt utgangspunktet for å oppnå meir effektiv tenesteproduksjon og størst mogleg grad av likeverd i tenestetilbodet. Rapporten har ein god analyse av dagens og framtida sitt behov for tenesteleveranse i kommunane. Det er også lagt ved oversyn over status når det gjeld interkommunalt samarbeid, herunder informasjon om selskap som ivaretek og bidreg til tenesteleveranse på tvers i heile regionen. Nabopraten framdrift og opplegg Framlegging av utgreiingsrapporten for dei åtte kommunane representerer avslutninga av fase 1 av kommunereformprosessen. Fase 2 startar med behandling og vedtak i alle kommunane i august/september 2015,som grunnlag for å gå vidare med nabopraten mellom

to eller fleire kommunar. Kommunestyra bestemmer gjennom vedtaka sine kven den enkelte kommunen vil føra vidare samtalar med, og korleis samtalane skal gjennomførast. På regjeringa si nettside http://www.kommunereform.no ligg det konkrete verktøy som gjer det mogleg å testa ut korleis ulike nye kommunealternativ vil slå ut når det gjeld spørsmål som befolkningssamansetting, økonomi og anna. I «Veien mot en ny kommune», som er regjeringa si rettleiing for gjennomføring av kommunereformarbeidet lokalt, vert det rådd til å laga intensjonsavtalar som kan vera utgangspunkt og mål for kommunane sin dialog om grunnlaget for ein ny kommune. Ein slik intensjonsavtale kan leggjast ut til folkehøyring før eit endeleg vedtak om ny kommunestruktur innan sommaren 2016. Avtalane skal tydeleggjera kva ein ønskjer å oppnå med å laga ein ny kommune, gjerne i form av hovudmål og delmål. Vidare bør ein slik avtale omtale kor kommunesenteret skal vera, korleis kommunale tenester skal styrkjast, korleis ulike kommunale funksjonar skal lokaliserast og korleis dei tilsette skal handterast i prosessen. Kommunenamn, kommunevåpen, administrasjonsspråk og disponering av formue er også eksempel på tema som kan avklarast i intensjonsavtalar. Resultatet av nabopraten vil leggja grunnlaget for fase 3, med basis i ein vedtatt intensjonsavtale som kan leggjast ut til høyring blant innbyggjarane. Kommunestyra skal gjera slike vedtak innan februar 2016, herunder seia noko om korleis høyringa skal skje, - anten gjennom bruk av opinionsmåling eller ved rådgjevande folkerøysting. Etter høyringa, som kan gjennomførast frå februar til mai 2016, vil rådmannen leggja fram sak for kommunestyret i Gjesdal med sikte på endeleg vedtak om framtidig kommunestruktur. Stortinget skal etter regjeringa sin framdriftsplan gjera vedtak om ny kommunestruktur våren 2017. Dersom det blir gjort vedtak om å endra kommunestrukturen og etablera nye kommunar, vil ein gå inn i ein fase 4 med oppstart hausten 2017. Denne fasen vil ha fokus på detaljplanlegging og overgang til ny kommune. Seinaste dato for iverksetting av ny kommune er 1. januar 2020. Fig. 1: modell for framdrift

Rådmannen si vurdering: a. Aktuelle vurderingsalternativ Med utgangspunkt i vurderingane i den felles utgreiingsrapporten, og dei geografiske forholda i regionen, ser rådmannen følgjande alternativ som mest aktuelle å vurdera for Gjesdal: Liten: Ein ny liten kommune med Gjesdal og Bjerkreim. Middels: Ein ny middels stor kommune med dei fem Jærrådskommunane Time, Klepp, Hå, Sandnes og Gjesdal. Stor 1: Ein ny stor regionkommune med alle dei åtte kommunane som er med i utgreiinga, dvs. Time, Klepp, Hå, Sandnes, Gjesdal, Sola, Randaberg og Stavanger. Også kommunane Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy kan vera aktuelle i ein slik eventuell regionkommune. Stor 2: Ein ny storbykommune med Sola, Stavanger, Randaberg, Sandnes og Gjesdal. Innanfor hovudalternativa kan ein sjå for seg at talet på kommunar kan variera noko. Rådmannen legg desse alternativa til grunn som utgangspunkt for vurderingane i saka. I tillegg bør Gjesdal følgja med, lytta og ta omsyn til eventuelle andre initiativ som kan koma som ledd i den komande behandlinga i dei andre by- og kommunestyra. b. Prinsipielt utgangspunkt Rådmannen legg i si vurdering av denne saka til grunn at dagens kommunestruktur i hovudsak vart lagt på 1950- og 60-tallet. Kommunane anno 2015 har langt større og meir kompliserte oppgåver enn den gongen. Noverande struktur er i liten grad tilpassa dei utfordringane kommunane møter i dag når det gjeld tenesteyting, myndigheitsutøving, samfunnsutvikling og lokaldemokrati. Stortinget har i si behandling av oppgåvemeldinga ikkje lagt opp til omfattande overføring av oppgåver frå stat og fylke til kommunane. Rådmannen meiner derfor at ei ny reform må ta utgangspunkt i status per i dag og dei komplekse utfordringane som kommunane står framfor dei neste tiåra med bakgrunn i allereie gjennomførte reformar og overføring av stadig fleire oppgåver. Det er rådmannen sitt prinsipielle syn at Noreg treng ein kommunestruktur som samla sett kan ivareta innbyggarane og næringslivet sine behov på ein meir framtidsretta måte enn i dag. Rådmannen ser på den framlagde rapporten frå dei åtte kommunane som eit nyttig beslutningsgrunnlag. Rapporten legg stor vekt på at vi må ha eit overordna regionalt perspektiv på samfunnsutviklinga og prioritera dei faktorane som kan styrkja regionen sin posisjon og gjera den endå meir attraktiv. Dette er viktig for å sikre arbeidsplassar, verdiskaping og framtidig velferd.

c. Behov for nye regionale grep Regjeringa sitt ekspertutval har på eit fagleg grunnlag påvist at noverande kommunestruktur gjer vår region til eit av dei mest oppsplitta byområda i Noreg. Dagens kommunegrenser fell verken saman med det samanhengande byområdet eller med arbeids-, bu- og serviceregionen. Dette gjer det spesielt vanskeleg for kommunane i regionen å ivareta rolla som samfunnsutviklar på ein heilskapleg måte. Regjeringa er opptatt av at kommunegrensene i større grad enn i dag blir tilpassa dei naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionane. Rådmannen er samd i at dette bør vera eit viktig mål. Det er etter rådmannen si meining både til regionen og Gjesdal sitt beste at vi får ei kommuneinndeling som styrker regionen som fellesskap. Ein sterk og konkurransedyktig region er den beste garantien for å sikra utvikling og framtidig velferd for innbyggarane. Med dette som utgangspunkt ser ikkje rådmannen det som ei optimal og framtidsretta løysing, verken for Gjesdal eller regionen, å tilrå at kommunestrukturen på Jæren/Nord- Jæren blir halden uendra. Dette alternativet (det såkalla 0-alternativet) har vore analysert gjennom felles SWOT-analyse og treng etter rådmannen si vurdering ikkje å bli utgreidd nærare. Den framlagde utgreiingsrapporten konkluderer med at alternativet stor best vil kunna innfri måla om heilskapleg regional planlegging og utvikling. Rapporten lanserer her to konkrete løysingar - ein stor regionkommune («stor 1»: alle kommunane i arbeids-, bu- og serviceregionen) og ein storbykommune («stor 2»: kommunane på Nord-Jæren). d. Regionkommune-alternativet Ein ny og stor regionkommune («stor 1») vil bestå av alle eller flest mogleg av dei åtte kommunane som deltok i det felles utgreiingsarbeidet. I tillegg kan kommunane Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy, som har hatt ei eiga utgreiing i lag med Stavanger, koma til. Ein slik storkommune vil omfatte meir enn 300 000 innbyggjarar og ha eit geografisk areal på ca 1600 kvadratkilometer. Alternativet vil truleg gje dei mest optimale vilkåra for heilskapleg samfunnsplanlegging og regional utvikling, - både med tanke på framtidas behov for bustader, arbeidsplassar, transportløysingar og velferd. Ein stor regionkommune vil samla regionen, bli blant Noregs største og vil stå sterkt i samhandlinga med staten og regionale myndigheiter. Den vil svara på utfordringar med sikte på å styrkja regionen sin konkurranseposisjon, og vil vere godt eigna for å samordna arealplanlegging og transport. Den vil også vere så stor at den vil kunna ta på seg fylkeskommunen sitt ansvar for mellom anna kollektivtransport. e. Storbykommune-alternativet Ein ny storbykommune («stor 2») vil kunne omfatta kommunane Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg og Gjesdal, eventuelt også dei tre kommunane Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Dei tre førstnemnde kommunane utgjer kjernen i dagens byområde på Nord-Jæren. Kommunane har eit stort tal arbeidsplassar og ei rekke regionale funksjonar, men også betydelege transportutfordringar m.a. skapt av omfattande pendling. Per i dag utgjer befolkninga i desse kommunane om lag 250 000. Dersom dei går saman i ein felles kommune, vil den bli blant Noregs største byar. Kommunane har god kjennskap til kvarandre, og samarbeider i dag om mange oppgåver. Eit slikt alternativ vil kunne løyse dei mest påtrengande problema som dagens kommunegrenser skaper i sjølve byområdet, særleg på Forus. Alternativet kan gi klare gevinstar i form av betre samordning av arealbruk og transport i byområdet.

f. Både Sandnes og Stavanger Ei kommunereform som kan setja regionen i stand til å møta framtida sine utfordringar i regionen på ein best mogleg måte, må etter rådmannen si vurdering innebera at Sandnes og Stavanger gjer felles sak og går saman inn i ei ny stor kommuneeining. Ei løysing der dei to byane held fram som eigne kommunar, vil vanskeleg kunne løysa dei store utfordringane knytt til heilskapleg regional samfunnsutvikling i Forusområdet. Rådmannen stiller seg bak hovudkonklusjonane i utgreiingsrapporten på dette området og ser det som ein styrke for heile regionen si slagkraft dersom det i regionen blir danna ein storkommune der både Stavanger og Sandnes inngår anten ein regionkommune eller ein storbykommune. Med dette som bakgrunn ønskjer rådmannen seg eit felles initiativ frå Stavanger og Sandnes med tanke på vidare utgreiing og drøfting av eit nytt storkommunealternativ der begge byane inngår. Gjesdal bør stilla seg positivt til og støtta opp om eit slikt initiativ. Rådmannen tilrår derfor at kommunen i første omgang går inn i nærare samtalar med Stavanger og Sandnes med sikte på å drøfta oppretting av ein felles region- eller storbykommune. I slike samtalar vil også Sola og Randaberg vere sentrale. Nå er det slik at verken Stavanger, Sola eller Randaberg er naboar som Gjesdal grenser mot. Saman med Sandnes utgjer desse kommunane likevel eit naturleg storbyområde, som det etter rådmannen si meining er naturleg å først ha avklarande samtaler med. Rådmannen er kjend med at Hå, Time og Klepp i første omgang tar sikte på ein naboprat om eventuell danning av ein ny Jæren kommune. Utviklinga i desse samtalane kan gjera det aktuelt med ei nærare utgreiing og samtalar om ein eventuell stor regionkommune med Sandnes og Stavanger som sentrum. g. Framtidsretta kommunereform meir enn samfunnsutvikling Rådmannen legg i sine vurderingar tyngst vekt på behovet for ei kommunereform som ivaretar dei store utfordringane knytt til heilskapleg samfunnsutvikling i regionen. Det er her vi vil kunne henta dei største gevinstane. Alternativa «liten» og «middels» vil i liten grad kunna vera med på å løysa desse utfordringane, og vil dermed etter rådmannen si oppfatning vanskeleg kunna kallast ei framtidsretta «reform». Men i den vidare prosessen vil det også liggja mange andre viktige utfordringar å drøfta og finna løysingar på, - ikkje minst knytt til tenesteutvikling, myndigheitsutøving og lokaldemokrati. Dette går fram også i den felles utgreiingsrapporten. Ein ny storkommune vil mellom anna måtta arbeida mykje og målretta og tenkja mykje nytt rundt spørsmål om geografisk avstand, lokalisering av tenester og utvikling av nye former for nærdemokrati. For ein kommune som Gjesdal vil det vera av vital interesse å leggja grunnlag for at kommunereforma kan gi betre tenester og eit sterkt lokaldemokrati for innbyggjarane både i byområde og i utkantar i regionen. Det er viktig at vi ikkje underslår at noko vil stå i fare for å gå tapt i små kommunar som blir innlemma i nye og store einingar. I den store innbyggarundersøkinga som vart gjennomført i Gjesdal for eit par år sidan, oppnådde kommunen god score. Innbyggjarane sa seg i hovudsak godt nøgde med det kommunale tenestetilbodet, og dei uttrykte kjennskap til det lokalpolitiske nivået og tiltru til at dei folkevalde fattar vedtaka sine til innbyggjarane sitt beste. Alt dette er viktige spørsmål å setja på dagsorden i komande nabopratar. Kvifor då endra på noko som fungerer godt? Rådmannen sitt svar på dette er i stor grad gitt gjennom denne saka, basert på den rapporten som ligg føre. Det er 50 år sidan sist kommunereform i Noreg, og om nye 50 år vil det kommunale landskapet sjå heilt annleis ut enn i dag. Vi vil mellom anna oppleva auka konkurranse om bedrifter og kompetanse,

voksesmerter i byområda, auka press innan samferdsel, omstilling i næringslivet for å førebu det grøne skiftet, utfordringar knytt til ein berekraftig kommuneøkonomi som kan sikra tilstrekkelege velferdstenester for innbyggjarar som lever lenger, innovasjon og digitalisering og ikkje minst aukande miljø- og klimautfordringar. Rådmannen meiner, basert på ei samla vurdering, at nye og større strukturar er best eigna til å møta desse komplekse utfordringane. Frå ulikt politisk hald i Gjesdal har både Bjerkreim og Figgjo vore trekt fram i diskusjonen rundt kommunestruktur. Problematikken knytt til Figgjo høyrer etter rådmannen si meining ikkje naturleg heime i ein diskusjon om ei større kommunereform. Spørsmålet må eventuelt bli vurdert og drøfta som ledd i ein diskusjon om grensejustering mellom Sandnes og Gjesdal. Når det gjeld Bjerkreim, bør ikkje Gjesdal stilla seg negative til ein naboprat. For å oppnå ein større effekt og gevinst i regional samanheng vil det etter rådmannen si meining likevel vera naturleg og nødvendig for Gjesdal først å prioritera kontakt og samtale med dei andre kommunane på Nord-Jæren. Gjennomføring av naboprat Etter rådmannen si vurdering bør Gjesdal ha som mål med komande naboprat at ein kan koma fram til ein mest mogleg konkret intensjonsavtale med samtalepartnarane. Ein slik avtale kan vera eit tenleg verktøy for å gjennomføra dialogen og for å koma fram til eit konkret framlegg til folkehøyring og medverknad. Kommunereformprosessen er no på veg inn i ein fase som krev sterkt og forpliktande politisk engasjement. Rådmannen rår derfor til at det blir etablert ei politisk styringsgruppe som tar hovudansvaret for gjennomføring av dialogen. Det vil vera viktig å sikra at tilsette i kommunane får god informasjon og høve til medverknad i den komande prosessen. Korleis dette skal skje, må gå fram av intensjonsavtalen. For å ivareta dei tilsette sin rett til å koma med innspel, rår rådmannen til at det blir etablert ei felles referansegruppe for hovudtillitsvalde i dei kommunane som går inn i meir forpliktande samtalar. Konklusjon: Med grunnlag i saksutgreiinga vil rådmannen tilrå at Gjesdal kommune prioriterer initiativ til naboprat med kommunane Sandnes, Stavanger, Sola og Randaberg. Gjesdal sin ambisjon er å medverka til ein intensjonsavtale om utvikling av ein regionkommune eller storbykommune på Nord Jæren, der både Sandnes og Stavanger inngår. Dersom «nabopraten» ikkje skulle gi eit resultat som føresett, meiner rådmannen at grunnlaget for ei framtidsretta kommunereform i regionen er betydeleg svekka. Gjesdal må i så fall vurdera situasjonen på nytt, i lys av andre premissar enn dei som er lagde til grunn i dette saksframlegget. Rådmannen tilrår at det blir sett ned ei politisk styringsgruppe som får ansvar for å gjennomføre nabopraten. Styringsgruppa bør bestå av ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar. Rådmannen meiner ein bør vurdera eventuelt å leiga inn ein felles prosjektleiar for den perioden (3-4 månader) nabopraten skal skje. Utover dette rår rådmannen til at Gjesdal stiller seg open også for å delta i samtalar med andre kommunar i regionen dersom det kjem slike initiativ i samband med behandlinga av kommunereformsaka i by-/kommunestyra i løpet av august/september 2015.

Rådmannen i Gjesdal, 17.08.2015 Knut Underbakke rådmann Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ikke signatur. Vedlegg:.Endeleg rappport frå utgreiingsarbeidet.pdf