Referat frå styremøte 21. og 22. mai 2012 på Quality Airport Hotel Gardermoen Til stades: Frå adm: Finn Hoff, Liv-Julie Wågan, Jørn Haugli Lunde (ikkje til stades under handsaming av sak 33/12), Jorulf Refsnes (berre dag1), Gjermund Stuve og Elin R. Haugen. Frode Alfarnes, Evald Storaas og Romar Skeie Olsen. Sak 28/12 Godkjenning av protokoll frå sist styremøte Protokoll frå sist styremøte er godkjent Sak 29/12 Rekneskap pr. 30. april 2012 Frode orienterte. Lite inntekter er førde. M.a. ventar vi på rapportar frå laga for berekning av medlemsavgift. Prisar på forsikringar er ikkje klare enno. Elles rekneskapen som forventa. : Styret tek dette til etterretning Sak 30/12 Strategi (denne saka vart handsama dag 2) Det vart ein grundig diskusjon og gjennomgang av strategi og MKP. Punkt for punkt etter slik det låg føre i innkallinga med kommentarane i gjennomgangen (kursiv): Innan 31.12.2012 skal NLT forvalte velferdsmidlane i landbruket, vere norsk faglag for velferdsordningane o Det er urealistisk å tru at vi når denne fristen for forvaltning av midlar Målet er alle samde om, men vi ser no at tidsplanen for forvaltninga er urealistisk. Å setja nokon dato ventar vi med, kanskje til neste strategiplan. o Vi er på god veg til å vera faglag for velferdsordningar Er synleg for faglag, organisasjonar i landbruket og politisk Det syner seg i praksis ved at NLT vert lytta til og våre innstillingar vert tekne omsyn til. Arbeidet med å bli meir kjent for den einskilde bonde må intensiverast. Dette kan vi oppnår med å vere meir til stades på lokale årsmøte og messer/stands. Også anna informasjonsarbeid
må intensiverast. Noko av dette er i gong, m.a. innstikk og fast spalte i Bondebladet. Vidare var det semje om å sjå på gjennomgåande medlemskap i NLT. Det er ein del praktiske løysingar som må på plass for å få vidare framdrift med dette. Det gjeld til dømes registrering av medlemmene, noko som framtidig bruk av WebTemp kan hjelpa oss med. Effekten av gjennomgåande medlemskap må vurderast. Vi har også eit arbeid å gjera med å få offentlege instansar, m.a. fylkesmenn, til å ha felles forståing av lovar, reglar og instruksar. o Er landsdekkjande (full dekning LV, 95% elles) Når det gjeld LV-ordninga, ser vi at det er nærast full dekning i heile landet. Når det gjeld opplæring av LV og andre avløysarar, ser styret nytten av at dette vert meir sentralstyrt frå NLT, og då helst i samarbeid med regionar. Det vert sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med dette og forslag vert lagt fram på haustsamlingane. Profesjonelle medlemslag o Vårsamling og haustsamling Styret meiner at kursa er i stadig utvikling og ser ingen grunn til endringar på sjølve opplegget for desse o Slit med einskilde lag som ikkje er med Når det gjeld lag som ikkje møter bør det vurderast at styret/adm. i NLT inviterer seg sjølv til å vere med på årsmøta. Dette gjeld også generelt for alle lag. Skal vi over ein 3 års periode ha som mål å vitja alle lag? o Sertifisering, sterkare krav? Kjerneoppgåver Felles namn, logo og profil. Arbeidsgjevaransvar Landbruksvikar Storleik på administrasjon Elles vart det presisert kor viktig det er å få tilbakemelding om val i dei lokale laga. Innsending av årsmøtereferat med budsjett og arbeidsplan må følgjast opp. Det kan vere ein ide å laga ein kravspesifikasjon/standarformulering av det som skal sendast inn til oss. o Fusjonar? Når det gjeld fusjonar meiner styret at NLT skal vere litt forsiktig med å leggja for sterke føringar på lokallaga. o Felles løysingar Forsikringar WebTemp Heimesider Dei skisserte felles løysingane og underpunkt etter hovudpunktet om sertifisering skal følgjast opp noko tettare ovanfor laga/landbrukstenestene. Innan 31.12.2013 skal 90% av bønder med rett til tilskott vera aktive medlemmer
o o o I dag er 61% aktive medlemmer. Tidsramma her bør vurderast på nytt ved neste rullering av strategisk plan. Det er likevel viktig av følgjer opp det som er skissert i MKP om dette Vervingskampanje Gjermund Stuve orienterte om arbeidet med vervingskampanjen. Sjå sak 37/12 (ny) Norsk Landbrukssamvirke Medlemskap i Norsk landbrukssamvirke vil i denne samanheng ikkje ha noko å seie. Vi brukar ikkje midlar på det. Innan 31.12.2014 skal vi dekke minst 80% av leigd arbeidskraft i landbruket o Det er ikkje enkelt å måla dette. Usikre reelle tal ut frå statistikkar. Det var semje i styret om å konsentrera seg om å få auka omsetning i laga. o Rekruttering og opplæring meinte styret burde styrast noko meir sentralt frå NLT si side. o Landbruksvikarordninga Regionale samlingar. Administrasjonen skal sjå nærare på dette Får vi med avtalepartane? o Ansvarsfordeling arbeidsgjevar/oppdragsgjevar? Styrkje inntektsgrunnlaget o Skissere planar for tenester/produkt? Her er medlemsverving viktig. Då kan det bli auka omsetning i laga og auka inntekter for NLT sentralt. Vi bør sjå kva produkt vi kan anbefale laga å satsa meir på. Laga forslag til haustsamlinga. Følgja litt med i tida. Utleige av arbeidskraft er det viktigaste! Likevel ha lokal tilpassing. Binde laga meir til oss på sentrale tenester. Men; det vart tydeleg sagt at NLT ikkje må koma i den situasjon at vi kan bli økonomisk ansvarlege for laga. Alle landbrukstenester med arbeidsgjevaransvar skal vera medlem av NLT o Dette målet er oppfylt : Konkrete vedtak og arbeidsoppgåver som skissert i protokollen i denne saka vert følgd opp vidare etter fordeling mellom administrasjon og styret. Sak 31/12 Årsmøte 2012 Innspel frå årsmøtet Viktig at innspela vert vurderte og diskutert i styret. Dette vart gjort punkt for punkt Ynskje om at årsmøtepapira innehaldt referat frå førre årsmøtet, samt ei liste over medlemslag. o Dette er gjort. Alle lag får kopi av årsmøtepapira med referat. Vidare skal det sendast e-post til alle årsmøtedeltakarane om kor dei finn referatet på heimesida vår
NLT si pådrivarrolle for å få lag til å fusjonera. o Kor sterkt skal vi gå ut og be laga fusjonera? Kva rolle skal NLT ha? Vi må finna ein innfallsport for å snakka med lag som kanskje bør vurdera fusjon. Minimumskriteria for drift av avløysarlag? Uansett er det viktig at NLT hjelper til med ein vilja prosess. Kanskje invitasjon til regionalt samarbeid er ein veg å gå i første omgang? Herunder også bruk av LVordninga. Ynskje om at NLT sender ut påminning til laga angåande innspel til saker til årsmøtet, det er så og seia ingen som tek kontakt med utsendingane føre årsmøtet. o Årsmøteutsendingane bør ta kontakt med sine lag. Undersøkingar viser at laga ikkje vil ha kontaktpersonar i fylka. NLT opplyser om kven som er utsendingar og ber laga ta kontakt. Vi må også bli flinkare til å ta oss av nye folk som er på samlingar og kurs Ynskje om betring/endring av valprosessane fylkesvis i høve til val av årsmøteutsendingar. o Å bruka haustsamlingane til valprosessane er kanskje ikkje rette forumet. Det er dei lokale laga som ha ansvaret for val og valprosessane. I alle fall må vi sjå på demokrati- problemet hos oss. Veldig viktig med god informasjon på førehand Servicekontor o Dette har vore handsama og vurdert tidlegare utan at det har vist seg praktisk mogleg å få til. Det gjeld framleis : Sakene vert arbeidd vidare med til neste årsmøte. Sak 32/12 Jordbruksforhandlingane I skrivande stund veit vi enno ikkje resultatet av forhandlingane. Det er no Stortinget som fastset resultatet. Når det gjeld velferdsordningane ser det ut til å bli ein auke i sats sjukdomsavløysing frå kr 1.300,- til kr 1.400,- pr. dag. Maks avløysingstilskot blir kr 69.000,-.Ikkje gjennomslag for opplæringstilskot eller adm.tilskotet til LV-ordninga. Her har vi eit arbeid å gjera ovanfor SLF. Teke til etterretning. Sak 33/12 Unnateke Sak 34/12 Andre saker A. HMS-konferanse hos NHO Mat og Landbruk 28. 29. august 2012 : Jorulf Refsnes representerer NLT
B. Landbruksmesse i Landbruk Nord Det vart ein del diskusjon om prinsipp og NLT sin kapasitet til å delta på messer rundt om i landet. I utgangspunktet bør det vere det lokale laga som står som ansikt utad, men at NLT reiser og er til stades der vi blir invitert og har ledig tid. Vi takkar for invitasjonen, men pga at NLT har andre møter denne veka som allereie er planlagt må vi diverre seie nei til deltaking. NLT er klar over kor viktig det er å marknadsføra kva vi står for. Difor vil vi gjerne koma neste gong. Det er viktig at vi får invitasjon i god tid om når neste marknadsdag er, slik at vi kan ta omsyn til dette i vår møteplan. Sak 35/12 Orienteringssaker A. Forsikringar 2012 Frode Alfarnes og Romar Skeie Olsen orienterte. Når det gjeld OTP, meiner meklar at vi kan få betre og billegare tilbod enn det vi har no. Helseforsikring i Vertikal og tenestereiseforsikring i Gouda er berre for tilsette i NLT sitt område. B. Observatørstatus i Bondelaget. Det er no klart at svaret vart nei til observatørstatus i representantskapen i Bondelaget. Kopi av brev om avslaget er sendt styremedlemene 25. mai C. EMR-årsmøte Jorulf Refsnes og Evald Storaas orienterte. Det blir nokre endringar i programmet i og med at Kværneland sponsar oss, slik at det då blir bedriftsbesøk der 7. september. Arr. komiteen lagar endeleg prisoverslag og program snarast råd etter at det er henta inn nye prisar og ekstra overnattingar. Arr. komiteen får fullmakt til å arrangera EMR-møtet i høve til sponsing og endringar i programmet. Vidare er det lagt opp til styremøte i NLT 4. og 5. september. Det skal tingast hotell for dette også. Sakene er tekne til orientering. Sak 36/12 Referatsaker A. HMS-møte. Jorulf Refsnes orienterte. Det vil enno ta ei tid før alle statistikkar og andre detaljar er på plass til det vidare arbeidet. Men dei har merka seg at det er ei positiv utvikling når det gjeld ulukker i landbruket, sjølv om det framleis er ein del mørketal. B. Lønsforhandlingane NHO - LO Finn Hoff var med på forhandlingane og orienterte. Generelt tillegg på kr. 1,25, men forskjellige utslag etter ansiennitet og for sesonghjelp. Nye tabellar vert lagt ut snarast.
C. Fagtur til Austerrike 18. - 22. april 2012 Frode Alfarnes orienterte. Dette var ein fagtur som Lt. Hordaland arrangerte. Frå NLT deltok Frode Alfarnes og Evald Storaas. Turen var interessant og ein hadde utbyte av ikkje minst å sjå korleis utleige av arbeidskraft og maskiner vart lagt opp og styrt både sentralt og lokalt. Omsetninga i desse segmenta var aukande, men potensiale var framleis stort. D. HMS-kampanje start Denne går av stabelen 15. juni og er fronta av Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Sjå elles pkt. A. E. Samarbeid Norsk Landbruksrådgjeving og Landbrukets HMS-teneste Lite konkret i skrivande stund, men det interessant å sjå kva det til slutt blir til. F. Fargane på arbeidstøyet i NLT/laga Det har kome ein del signal om fargane på tøyet ikkje er nok synleg til viss arbeidsoppdrag. Dette er noko vi skal koma tilbake til, ikkje minst i samarbeid med leverandøren vår. Sakene er teke til etterretning Sak 37/12 Vervingskampanje Gjermund Stuve orienterte. Skriftleg forslag vart lagt fram for styret. Denne skal det arbeidast vidare med og følgjast opp på haustsamlingane i år. Saksframlegget er vedlagt. : Framlegget til vedtak i utgreiinga vart samrøystes godkjent av styret med tillegg om at budsjett/kostnader vert lagt fram for styremøtet i september 2012. Gjermund vurderer kven som skal vera med i gruppa vidare framover. Neste styremøte vert i Stavanger 4. og 5. september Vidare vart det bestemt at det vert eit kombinert styremøte/julemøte i månadsskifte nov,/des. Ektefeller/sambuarar vert inviterte. Ref. Evald Storaas...