HAUGALANDSLØFTET. - På vegne av barn og unge

Like dokumenter
på vegne av barn og unge

HAUGALANDSLØFTET Frå ide til prosjekt! Sigmund Lier, rådgjevar Tysvær kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

på vegne av barn og unge

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Plan for overgangar. for barn og unge

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forslag frå fylkesrådmannen

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

1. Mål med samhandlingsreforma

Møteinnkalling Formannskapet

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

PPT-organisering i Sogn Oppsummering og tilråding frå prosjektleiar

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Fagsamling Prosjektleder Marit E. Ness

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tysværprosjektet: Barn som blir skadelidande av foreldres rusmiddelbruk

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Haugalandsløftet Haugalandsløft

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar Venke Johansen og Inge Nordhaug

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samhandling mellom opplæring og helse Statped Vest sitt bidrag

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Velkomen til Mork barnehage

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Samling med kommunane 4.juni 2013

Vinje kommune. Sluttrapport

IKT og SAMHANDLING e-læring. Arne-Dag Gjærde Kompetansegruppa

BARN I MIDT-NOREG. Ein del av studien. psykisk helse i barnehagen. Folkehelsekonferansen, Oslo 15. oktober 2014 Bodil Brautaset Fagkonsulent barnehage

Vurdering av allianse og alternativ

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

Den nye seksjon for applikasjonar

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Transkript:

- På vegne av barn og unge Eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Sveio, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Statped Vest, Høgskulen Stord/Haugesund, Korus Vest og Helse Fonna

Innleiing I planfasen har Sigmund Lier frå Tysvær kommune, Ernst Wilhelmsen frå Høgskulen Stord/Haugesund og Kirsten Skram frå Statped Vest vore koordinatorar. Saman med Torhild Braathen og Gro Hartveit frå Statped Vest har dei fungert som sekretariat for prosjektgruppa. I tillegg bistår seniorrådgjevarene Barbro K. Vaagen og Bjørg Øvstebø i dei kommunale prosjektgruppene. Planfasen er evaluert, og det ligg føre ein eigen rapport. No før driftsfasen ventar vi på tilsetjing av prosjektleiar, avklara medio september 2011. Prosjektskissa er ført i penna av Sigmund Lier frå Tysvær kommune, tlf. 52 75 80 75, e-post: sigmund.lier@tysver.kommune.no Ernst Wilhelmsen frå Høgskulen Stord/Haugesund, tlf. 53 49 13 45, e-post: ernst.wilhelmsen@hsh.no og Kirsten Skram frå Statped Vest, tlf. 55 92 34 74, e-post: kirsten.skram@statped.no Det er ikkje eigen administrasjon eller nettside for prosjektet, førebels. Meir informasjon ligg her: http://www.statped.no/moduler/templates/module_article.aspx?id=75530&epslanguage=no

1.0 Bakgrunn for prosjekt Kommunane på Haugalandet har i dag ein høg andel med barn og unge som treng spesialundervisning for å sikrast rett til tilpassa opplæring. Prosentandelen er langt høgare enn landsgjennomsnittet. Mange barnehagar og skular klarar ikkje å leggje til rette for ei tilpassa opplæring for barna. Dette fører til at barn som ville klart seg med eit godt tilpassa opplegg i barnehagen, eller med eit god tilrettelagt undervisning i skulen, må ha eit enkeltvedtak for å få den hjelpa dei har krav på. Dette bind opp store ressursar i kommunane, samstundes som dette fører til at PPT må bruke for mykje tid på sakkunnig arbeid, i staden for å arbeide proaktivt i barnehage og skule. Kommunane på Haugalandet har god erfaring i interkommunalt samarbeid og har blant anna hatt fleire store kompetansehevingsprosjekt saman innan oppvektsektoren. Leiarane for barnehage, skule og PPT har etablerte nettverksgrupper som har eit offensivt samarbeid for å betre praksis. Kommunane som inngår i prosjektet er ulike i storleik og oppbygging. Felles for alle er eit ynskje om å styrke den pedagogiske og didaktiske kompetansen i barnehage og skule. Det vil vere eit mål å binde spesialpedagogikk og allmennpedagogikk saman på ein slik måte at opplæringa vert prega av mangfald og toleranse, slik at ein kan redusere spesialundervisning etter enkeltvedtak. Samstundes er det eit ynskje om å styrke samhandlinga mellom PPT, barnehage/skule og ulike hjelpetenester. Samhandling mellom kommunane og andrelinetenesta ved Statped Vest, samt høgskulemiljø har ført til dette prosjektet. PPT kontora i regionen har over fleire år arbeida med å endre sin arbeidsmåte frå individbasert arbeid til eit meir systemfokusert arbeid. Kommunane registrerer framleis at både barnehagar og skular har trong for utstrakt hjelp i individsaker. Dette krev fleirfagleg og tverrfagleg heilskapstenking. Det er difor gjort avtalar med ulike andrelinetenester om direkte deltaking i prosjektet, eller gjennom deltaking i ei referansegruppe. For å få til ei kompetanseutvikling er det utarbeidd gode kartleggingsverktøy, men kompetansen på analysesida bør styrkast. Dette gjeld både på individ og systemnivå. Det har over tid blitt gjennomført tiltak for kompetanseheving interkommunalt, eller i regi av den enkelte kommune. Det er viktig at tilsette i skule og barnehage får etter- og vidareutdanning som er tilpassa regionen sine behov. Ulike regionar har ulik kompetanse og det er difor viktig å få til ei samhandling med Statped Vest og utdanningsinstitusjonane i regionen med tanke på å sikre best mogleg kvalitet på opplæringa for alle born i denne regionen. Skule og barnehage har etterkvart hatt ei auke i talet på tilsette som ikkje har grunnutdanning som lærar eller førskulelærar. Dette gjeld barnehageassistentar, miljøarbeidarar og skuleassistentar. Desse har stort ansvar for dei barna som treng spesielt tilrettelagt undervisning. Barnehage- og skuleansvarlege har eit særskild ansvar for at desse tilsette får den nødvendige kompetansen til å utføre det arbeidet dei vert sett til. Etterutdanning og vidareutdanning vert koordinert av HSH, og ein planlegg ulike måtar å bygge opp formell kompetanse i form av ulike modular med varierande studiepoeng. Statped Vest, Korus Vest og RBUP vil alle vera viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet.

1.0 Prosess /tidsplan 2.1. Arbeidsgruppa/sekretæriat Januar 2011 var barnehagesjefar, skulesjefar, PPT leiarar og andre samla til fellesmøte kor ideane bak Haugalandsløftet blei presentert. Møtet vedtok å arbeide vidare med planane saman, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe frå kommunane. Deltakarane vart henta tverrsektorelt frå dei ulike kommunane i tillegg til deltakarar frå Statped Vest og HSH. Prosjektleiar saman med Statped Vest og HSH sine representantar, har utgjort sekretæriatet for arbeidsgruppa. 2.2 Tidsplan Kommunane vart samde om ein tidsplan delt inn i fire fasar. Fase 1 (2011) - vil vere arbeid med eit forprosjekt som har til hensikt å sikre involvering og forankring i kommunane. I tillegg vil ei brukarkartlegging vere sentralt i denne fasen. Readiness og evne til endringsarbeid har vore viktige stikkord for denne fasen av prosjektet. Fase 2 (2011) - vil etablering av prosjektleiing og fastsetjing av mål stå sentralt. Det er eit mål i prosjektet å bruke eksisterande nettverk og møteplassar, slik at prosjektet skal inngå i det daglege arbeidet i kommunane. Ein vil setje fokus på endring og forbetring av praksis ved erfaringsutveksling, rettleiing og førelesningar. Ved oppstart av denne fasen skal prosjektleiar vere tilsett, det skal lagast endeleg framdriftsplan og ein må sikre naudsynt økonomi. Fase 3 (2012-2016) - vil vere den operative fasen i prosjektet. Den vil aktivt foregå frå 2012 til 2016. Kompetanseheving, samhandlingsrutinar og forbetringstiltak vil vere sentrale moment og verkemiddel i dette arbeidet. Resultat av kartlegginga i fyrste fase vil vere styrande for innhaldet i den perioden. Fase 4 (2017) - vil i all hovudsak dreie seg om evaluering og sluttrapportering. 2.3 Mandat for arbeidsgruppa Arbeidsgruppa fekk eit vidt mandat som arbeidsgrunnlag. Målet er å skape eit prosjekt som vil klare å syne att i den daglege drifta i barnehage og skule, og som dei tilsette opplever som føremålstenleg i arbeidet med inkludering av alle barn. I tillegg ligg det i mandatet at kommunane skal etablere og utvikle eit nært og godt samarbeid i regionen og der Statped Vest og Høgskulen Stord/Haugesund er sentrale samarbeidspartnarar. Desse fire innsatsområda vart peika ut som viktige for det vidare arbeidet: Tverrfagleg samhandling/fleirfagleg samhandling Kompetanseheving Kvalitetssikring

Fornying/forenkling 2.4. Målsetjing for prosjektet Måla i mandatet var generelle og opne, og gav arbeidsgruppa eit breitt fagområde og arbeide ut i frå. Gjennom brukarundersøkingar skal måla bli meir konkrete. Desse måla vart peika på i oppstartsmøtet: Betring av læringsmiljø og læringsutbytte. o o o Rett kompetanse Rett organisering Evne til å leggje til rette eit læringsmiljø som er tilpassa det enkelte barn sitt behov. Utvikling av barnehagen, skulen og hjelpeapparatet som ein heilskap. Strategisk bruk av kompetanse som organisasjonen allereie har Kompetansebehov og -planlegging for skular og barnehagar Utviklingsarbeidet skal synast att i barnehagen og i skulen 2.5 Kompetanseheving På eit skulesjefsmøte i Sauda 3. mai fekk ein følgjande tilbakemeldingar på Haugalandsløftet vedrørande kompetanse. Skuleavdelingane vil gjerne ha master, men ei slik utdanning blir for dei få. Det bør helst bli eit løft for det breie laget av tilsette, gjerne kombinert med etterutdanning. Assistentar og fagarbeidarar må kunne vere deltakarar på ulike deler av opplegget. Skuleavdelingane i kommunane ønskjer å gje lærarar, førskulelærarar, assistentar og PP-rådgjevarar ein reiskap til å takle kvardagen på ein betre måte. Dette må vere basert på skreddarsaum. Det er ønskje om deltaking i planleggingsarbeidet av utdanninga frå kommunane si side. Det er vidare ønskje om både etterutdanning og vidareutdanning innan same felt. Nokon må kunne ta dette som etterutdanning, andre må få meir utvida kompetanse innan same feltet og ha dette som ei vidareutdanning. Vidareutdanninga må modulbyggjast, og tilsette i skule, barnehage, PPT og andre må kunne velje modular ut frå aktuelle behov. I fase 2 - hausten 2012 må Haugalandsløftet ta kontakt med HSH og drøfte eit opplegg basert på skreddarsaum med modulbaserte vidareutdanningar opp til 60 studiepoeng. Det er ein føresetnad at HSH støtter seg på andre kompetansemiljø slik som Statped Vest, Senter for atferdforskning med fleire, for å lukkast med å gje den beste kompetanse. Ein annan føresetnad er at vidareutdanninga vert modulbasert der kommunane kan føreslå modular etter behov. Enkelte modular må også kunne takast som etterutdanningar med tanke på dei som ikkje er kvalifiserte til å ta eksamen. HSH må også kunne ta i bruk moderne utstyr for å gjennomføre deler av vidareutdanningane til fleire deler av regionen. Desse tiltaka baserer seg på Strategisk plan for HSH der det mellom anna heiter: Høgskulen skal samla sett vera en naturleg samarbeidspartnar innan sine hovudområde i

kompetanseutvikling for privat og offentleg sektor, og i samarbeid med desse engasjera seg i utviklingsprosjekt og lokal-tilpassa etter- og vidareutdanning. Haugalandsløftet må også arbeide vidare med å få master innan tilpassa opplæring og spesialpedagogikk til Haugalandet. I eit arbeidsseminar i Haugesund 26.og 27. mai(d.å.) har representantane i prosjektgruppa arbeidd fram prioriterte tema for kompetanseheving og organisering. Når det gjeld kompetanseheving viser det seg at det er mange felles mål frå dei tre gruppene: PPT, barnehage og skule. Gruppene peikar alle på trong for auka kompetanse gjennom etter- og vidareutdanning på følgjande område: Rettleiing (veiledning) Pedagogisk leiing, gruppe- og klasseleiing Relasjonskompetanse Kartlegging Observasjon Danningsbegrepet Analysekompetanse Strategisk planlegging Korleis tolka testar og finne rette tiltak og rett oppfølgjing Endrings- innovasjonskompetanse Vurdering Utvikle fellesstandarar i barnehage og skule 2.5.1 ETTERUTDANNING Ståstadanalysen for barnehagen viser så langt størst behov for betring innan dei tre områda: Verdigrunnlag, medverknad og samarbeid: Barna blir for lite involverte både i planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Barnehagen har ikkje godt nok samarbeid med PPT/ekstern spesialpedagog. Personalet i barnehage og skule har ikkje innsikt i kvarandre sitt pedagogiske arbeid. Personalet veit ikkje korleis dei skal handle når det er bekymring rundt eit barn. Personalet drøfter ikkje forholdet mellom autoritet til dei vaksne/og fridom og medverknad for barn. Omsorg, leik og læring: Personalet deltek ikkje aktivt nok i leiken. Alle tilsette har ikkje kunnskap om korleis dei kan stimulere kommunikasjons- og språkdugleikar hos barna. Personalet nyttar ikkje nok dei daglege gjeremåla til å stimulere barna til å vidareutvikle språk og omgrep. Barn med sein språkutvikling får ikkje tidleg og god nok hjelp. Personalet har ikkje god kunnskap om språkstimulering av barn med to- eller fleirspråkleg bakgrunn. Planlegging, vurdering og utviklingsarbeid:

Alle tilsette får ikkje fagleg støtte og rettleiing frå leiinga. Alle tilsette deltek ikkje jamleg i refleksjon og drøfting av eigen praksis. Det blir ikkje arbeidd langsiktig og systematisk nok med kompetanseutvikling for alle tilsette. Personalet deltek ikkje aktivt i utvikling og iverksetjing av årsplanen. Det er ikkje godt nok samsvar mellom det som står i årsplanen og det som skjer i praksis. Leiinga følgjer for lite opp og ser til at vedtekne planar blir gjennomførte. Konkretisering av målgruppe og moglege etterutdanningstema Alle faggruppene i barnehagen: Behov for auka kunnskap innan språk: språkstimulering og språkutvikling for alle barna og for to- eller fleirspråklege barn. Pedagogiske leiarar og styrarar: Kartlegging, vurdering og analyse. Alle faggruppene: Relasjonskompetanse. Alle: Refleksjon. Alle faggruppene :(Korleis skal barnehagen finna sin felles pedagogiske/ ideologiske plattform? Meir refleksjon over pedagogisk praksis! Alle: Betre til å inkludere alle barn! Alle: Kompetanse i å oppdage barn ein er bekymra for (omsorgssvikt, rus, psykisk helse) og kunne gjere noko med det. Alle tilsette i barnehage, samt nokre frå skulen: Danningsomgrepet må løftast fram. Kva inneber dette? Kva mandat har barnehagen? Auka innsikt for personale i skule og barnehage i kvarandre sitt pedagogiske arbeid. Ståstadanalysen frå skulen er ikkje klar enno, men har så langt mange fellestrekk med barnehagane. Tema som allereie no peikar seg ut er: Betra inkludering. 2.5.2 Vidareutdanning: Tema som barnehagene spesielt er opptekne av: Det er behov for meir spesialpedagogisk kompetanse ute i den einskilde barnehage. Meir vidareutdanning for pedagogane. Behov for auka kartleggingskompetanse for pedagogar. Rettleiingskompetanse: pedagogisk leiar og styrar. Tema som skulane spesielt er opptekne av: Dette punktet i skissa kan på noverande tidspunkt ikkje skrivast. Når ståstadanalysen og kompetansekartlegginga for skulane er klare til hausten må den nye prosjektgruppa analysere dataene frå dei og peike ut aktuelle kompetansehevingsområde. Tema som PPT spesielt er opptekne av: Kompetansen må vere tilgjengeleg på Haugalandet og ha fokus på :

Utvikle kompetanse til å snu arbeidet frå rettleiing på individnivå til systemnivå. Stort behov for masterutdanning for PP- tilsette i Nordfylket. Juridisk kompetanse for å gjere rette vedtak, tolke lovverket og læreplanane. Tilgang på ny forsking innanfor det som måtte vere viktig for stimulere til fagleg kompetanse i PP-tenesta. Dette er naudsynt både for å gjere godt arbeid og for å rekruttere og halde på fagpersonar. Oppdatering i høve til ulike kartleggingsverktøy. Sikre spisskompetanse hos tilsette i PP-tenesta PP-tenesta ønsker å vera med i forsøksordninga som gir PPT tilvisingsrett til BUP. Kommunane som inngår i Haugalandsløftet støttar dette og ynskjer at den interkommunale prosjektgruppa tek dette vidare. 3.0. Samarbeidspartnarar Arbeidsgruppa har søkt samarbeid med ulike instansar som har barn som sitt hovudfelt. Det er etablert samarbeid med nokon av desse. I tillegg er det oppretta kontakt med andre prosjekt som er operative i regionen og som det er naturleg å samarbeide med. 3.1.Samarbeid på kommunenivå Haugalandsløftet legg opp til eit tett tverrfagleg samarbeid i kommunane. Mange av desse har helsestasjon, barnehage og skule som naturlege arbeidsfelt. Tverrfagleg satsing til barn sitt beste er sentralt i prosjekttankane. I tverrfagleg satsing inngår PPT, helsestasjon, psykisk helseteneste, barnevern, fysioterapiteneste og andre behandlingstenester. I tillegg vil det i den enkelte kommune og peike seg ut andre instansar som vert naturleg å ta med i dette arbeidet. Med tanke på det nære samarbeidet med Fonnamodellen vil helsesøster ha fast plass i dei kommunale prosjektgruppene. 3.2. Statped Vest I følgje Meld.St. 18 Læring og fellesskap skal Statped gå saman med lokalt nivå for å arbeide for at kommunane utviklar naudsynt kompetanse. Kommunane bør, gjerne i samarbeid med Statped, utarbeide kompetansehevingsplanar som grunnlag for diskusjon og samarbeid med Statped. Statped skal då kunne leggje til rette for at kommunane i regionen samarbeider om særskilte vanskeområde i interkommunale kompetansenettverk. Det er difor naturleg for Statped Vest å gå aktivt inn i Haugalandsløftet. 3.3. Høgskule/universitet Høgskulen Stord/Haugesund er den naturlege samarbeidsparten for høgskulemiljøet. Dei vil difor vera aktivt med i dei ulike nivåa i prosjektet. Høgskulen Stord/Haugesund har oppretta kontakt med andre høgskular/universitet som det er naturlege å samarbeide med. Høgskulen i Hedmark har munleg sagt ja til eit samarbeid. Det er i skrivande stund usikkert om kva dette samarbeidet vil utvikle seg til.

3.4. Kompetansesenter Rus HAUGALANDSLØFTET Gjennom samarbeidet med Fonnamodellen vil kompetansesenter Rus Stavanger bidra med midlar og stillingsandel inn i prosjektet. Kompetansesenter i Bergen vert og ein naturleg samarbeidspart. Desse er to av Helsedirektoratet sine sju nasjonale kompetansesenter innan rus og tidleg intervensjon. Deira oppgåve er å bistå kommunane med rusforebyggande arbeid, samt implementering av veiledaren Frå bekymring til handling. Dette samarbeidet mellom helse og oppvekst vil styrke prosjektet. 3.5. Barne- og ungdomspsykiatri BUP Haugesund vil arbeide aktivt i prosjektet på interkommunalt og kommunalt nivå. Det betyr at BUP Haugesund vil gå inn i den kommunale satsinga og planlegginga. I tillegg har Regionsenteret for Barne- og ungdomspsykiatri sagt ja til deltaking på interkommunalt nivå, samt som aktiv deltakar i det foraet som i organisasjonsskissa er kalla forskingsteamet. 3.6. Tidleg Intervensjon, Fonnamodellen Helse Fonna v/samarbeidsutvalget er i ferd med å starte opp eit prosjekt med namn Frå Bekymring til handling Fonnamodellen. Dette er eit tidleg intervensjonsprosjekt på området rus og psykisk helse hjå born/unge og deira pårørande. Viktige arenaer er barnehagar, skular og helsestasjonar og dei ulike hjelpetenestene. Med i prosjektet er Kompetansesenter rus (på oppdrag frå helsedirektoratet), KS, Bufetat, Haugaland A.senter, Fylkesmann, HSH, Helse Fonna og kommunar. Ei norsk undersøking frå 1997 viste at 70 % av stoffmisbrukarane født i 1960, og som var i behandling hadde lærings/ atferdsproblem i skolen. I Noreg er det 200.000 barn av foreldre med rusproblemer og 90.000 barn av foreldre med psykiske lidelser. I pkt 8.2 ligg prosjektskissa for dette prosjektet. Samarbeidsutvalget i Helse Fonna v/leiar og samhandlingssjef ynskjer eit tett samarbeid med Haugalandsløftet og Tidleg intervensjon prosjektet. Arbeidsgruppa for Fonnamodellen stiller seg positivt til dette og ser positive synergieffektar på eit nært samarbeid. Prosjektleiarane for desse to prosjekta vil kunne bli eit prosjektsekretæriat som kan støtte seg på kvarandre. Ein vil og kunne bidra med midlar inn i Haugalandsløftet. For å klare å få til denne fusjonen, må ein i prosjektskisse og organisasjonskart synleggjere dette. Tidleg Intervensjonsprosjektet vil i det i vidare arbeidet bli organisert inn i Haugalandsløftet. 3.7.Barnevern Barnevern vil naturleg gå inn som deltakar i kvar kommune. Gjennom tverrfagleg kommunalt arbeid vil barnevernet bli synleggjort i prosjektet. I tillegg vil Bufetat Fonna gå inn med sine rådgjevarar på kommunenivå. 3.8. Andre aktørar som er invitert inn Haugalandsløftet har ute fleire kontaktar med andre aktuelle deltakarar. Det er likevel ikkje avklart kva rolle dei skal ha i forsetjinga.

4.0 Organisering av prosjekt HAUGALANDSLØFTET Haugalandsløftet er i dag blitt eit tverrfagleg og tverretatleg heilskapsprosjekt som samlar ulike aktørar som har ein fellesnemnar; barnet. Barn skal vera sentrum for arbeidet i Haugalandsløftet på alle nivå og i alle fora. Haugalandsløftet har samla foreldreorganisasjonar og fagforeining til felles arbeid med målsetjingane saman med ulike tenester på kommunenivå, andre linenivå og på Høgskule/Universitetsnivå. Nedanfor vil ein kunne lese på kva måte dei ulike instansane skal synleggjerast i prosjektet. Prosjektet vert bygt opp med ei styringsgruppe, ulike prosjektgrupper, særgrupper. 4.1 Styringsgruppe Styringsgruppa vert sett saman av rådmennene i kommunane, samt inntil to representantar frå Statped Vest. I tillegg vil Helse Fonna vere representert v/ samhandlingssjef. Styringsgruppa peikar sjølv ut ein leiar. Prosjektleiar for Haugalandsløftet er sekretær for gruppa. Styringsgruppa vil ha 2-3 møte i året. Prosjektleiar for Fonnamodellen har møterett i styringsgruppa. 4.2. Interkommunal prosjektgruppe Den interkommunale prosjektgruppa bør vere sett saman tverrfagleg med representantar frå helse, barnehage, skule og PPT. Arbeidsgruppa innstiller på at Karmøy og Haugesund får to representantar kvar. Dei andre kommunane har ein representant i gruppa kvar. Utsira kommune ynskjer å bli representert via samarbeidet dei har med Haugesund kommune. Den interkommunale prosjektgruppa bør ha to møter i semesteret. Representantane her er også representerte i nettverka NordR, Nettverk Nord og PP-leiarnettverket. Desse tre nettverka vert viktige samarbeidsråd med den interkommunale prosjektgruppa. I desse nettverka vil alle vere til stades, medan i den interkommunale vil nettverka vert representerte med nokre få. Arbeidsgruppa innstiller på at prosjektleiar vert invitert i desse nettverka når prosjektet skal diskuterast. Statped Vest, HSH og Fonnamodellen vil vere representerte i den interkommunale prosjektgruppa. 4.3. Kommunal prosjektgruppe Arbeidsgruppa er bedt om å innstille på kven som skal vere representert i den kommunale prosjektgruppa. Her bør sentrale personar innan leiinga sitte. I tillegg bør kommunalt foreldreutval og HTV i Utdanningsforbundet vere representerte. Arbeidsgruppa er av den oppfatning at barnehageleiing, skuleleiing, PPT, helsestasjon og rådmannsnivå må vere representerte. Kommunane er ulikt organisert og arbeidsgruppa ber difor kvar kommune skipe si prosjektgruppe ut frå at barnehage, skule, PPT, helse og tverrfaglege tenester skal vere representerte. Statped Vest tek høgde for å stille med sin fagperson i den kommunale prosjektgruppa. HSH ynskjer det same, men dette er ikkje endeleg avklart. Fonnamodellen kan vere med i enkelte kommunale prosjektgrupper.

4.4. Prosjektorganisering i barnehage og skule. I organisasjonsskissa er det synleggjort prosjektgruppe i kvar barnehage og skule. Kommunane er ulike og har ulik storleik på barnehagane og skulane. Dette gjer at kvar kommune bør skipe det antal prosjektgrupper som er naturleg for den enkelte kommune. I desse gruppene innstiller arbeidsgruppa på at leiing, spes.pedansvarlege og tverrfaglege oppveksttenester må vere representerte. Dersom det ikkje er oppretta tverrfaglege oppvekstteam skal PPT uansett vere medlem av desse prosjektgruppene. Haugalandsløftet bør på ein naturleg måte vere tema for samarbeidsutvala slik at foreldra vert gjort kjent og har høve til å påverke prosjektet. 4.5. Interesseorganisasjonar for foreldre Barn er sentrum og målet med prosjektet. Difor vil foreldra si deltaking vere svært viktig. Haugalandsløftet har samla ulike interesseorganisasjonar. Desse er FUG, FUB, ADHD foreininga, Dysleksiforeininga og NFU. I prosjektarbeidet vil desse bli representert via representant frå FUG. Dei ulike organisasjonane vil vere representert i referansegruppa for prosjektet. I tillegg vil alle foreldreorganisasjonane sine deltakarar i prosjektet bli invitert til eit møte i semesteret saman med prosjektleiar. Organisasjonsskisse i pkt 8.1 synleggjer på kva måte foreldra er representert i dei ulike nivåa i prosjektet. I tillegg er det ein eigen boks i skissa som synleggjer fellesmøtet for foreldrerepresentantane i prosjektet. 4.6. Fagforeiningar si deltaking Arbeidsgruppa har vore i kontakt med Utdanningsforbundet som har sagt seg villig til å delta i prosjektet på dei ulike nivå. Fylkesstyret til Utdanningsforbundet vil vere representert i den interkommunale prosjektgruppa. På kommunenivå vil tillitsvalde vere representert med HTV. På barnehage og skulenivå vil plasstillitsvald vere medlem i prosjektgruppa. Sjå pkt 8.1 for korleis deltakinga er skissert i organisasjonsskissa. Arbeidsgruppa har ikkje hatt høve til å samle dei ulike fagforeiningane som har medlem i målgruppa for prosjektet. Dette bør gjerast, og arbeidsgruppa meinar Utdanningsforbundet bør representere dei organiserte. I skissa er det laga ein boks for dei organiserte som skal synleggjere organisasjonane si deltaking. 4.7. Referansegruppe Fleire instansar har vore i kontakt med arbeidsgruppa og ynskjer å vere representert i referansegruppa. Så langt ser samansetjinga slik ut: Fylkesmannen i Rogaland, KS, Senter for atferdsforsking, Høgskulen Stord/Haugesund, Statped Vest, Helse Fonna, ADHD foreininga, Dysleksiforeininga, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Fonnamodellen. Prosjektet må sikre at elevane vert representerte i referansegruppa, eventuelt og på anna vis. Kommunane bes ta dette punktet opp lokalt for å drøfte på kva måte dette kan skje. 4.8. Forskingsteam Arbeidsgruppa innstill på at Statped Vest, Høgskulen Stord/Haugesund og Korus Vest tek initiativ til samling for ulike interesserte forskingsmiljø. Prosjektleiar koordinerer arbeidet.

4.9. Kompetanseteam Arbeidsgruppa innstill på at det vert oppretta eit kompetanseteam sett saman av dei ulike aktørane i prosjektet. Dette vil vere andrelinetenester og Høgskule/Universitet som har slutta seg til Haugalandsløftet. Prosjektleiar, både for Haugalandsløftet og Fonnamodellen vil ha møterett i dette foraet. Kompetansekartleggingar og erfaringar gjennom prosjektperioden vil vera grunnlag for drøftingar i kompetanseteamet for utvikling av nye kursrekker og utdanningar. 4.10. Informasjonsstrategi Det må utarbeidast ei eiga nettside for arbeidet med Haugalandsløftet. Vidare må det utarbeidast informasjonsmateriell. Dette er noko som vil bli vektlagt i fase to av prosjektet. 5.0 Kartlegging og evaluering Evaluering vil stå sentralt i arbeidet gjennom alle 4 fasane. I tillegg vil det i fase 2 og 3 bli lagt vekt på formidling av erfaring og kunnskap gjennom rapportar og artiklar. Desse er tenkt publisert i aktuelle tidsskrift. I første fase vil evalueringa bli vekta gjennom kva måte kommunane opplever å ha delteke i planlegginga av prosjektet. Korleis har informasjon, forankring, den enkelte blitt høyrt og fylgt opp i det direkte arbeidet? Korleis har ressursbruken vore? Er mandatet for første fase blitt gjennomført etter intensjonen? Undersøkinga vil skje gjennom intervju/spørjeskjema til dei 17 personane som har delteke i arbeidsgruppa i fase 1. 5.1. Statuskartlegging på kommunenivå Kommunane vil i april 2011 gjennomføre ei brei kartlegging innan oppvekstområdet. Barnehagane skal gjennomføre Utdanningsdirektoratet si ståstadsanalyse. Skulane skal gjennomføre kartlegging gjennom eigen NordR-portal. Denne vert utarbeidd lokalt. I tillegg blir det arbeidd med ei eiga kompetansekartlegging for skular. Kompetansekartlegginga for barnehage, samt Utdanningsdirektoratet si elevundersøking og foreldreundersøking, vil bli gjennomført i løpet av hausten 2011. Samla vil desse kartleggingane gje eit godt heilskapsbilete av læringsmiljøet i barnehage og skule. 5.2 Evaluering I tillegg vil det bli gjennomført undervegsevaluering, tidsett til aug/sept 2014, samt sluttevaluering nov 2016. 6.0 Økonomi Prosjektet arbeidar ut frå eit prinsipp om at den enkelte kommune si deltaking vert dekka gjennom stillingane til dei som tek del. Prosjektleiaren vert dekka av eit spleiselag.

6.1. Prosjektleiar. Kommunane deler kostnadane med prosjektleiaren etter ein avtalt delingsnøkkel. Styringsgruppa avgjer denne delinga. Statped Vest betalar halve lønna til prosjektleiar(unnateke sos.utg). For 2011 utgjer dette 125.000 kr, 2012 kr 300.000,- og i 2013 kr 175.000,-. 6.2. Budsjett prosjektleiing Budsjett for prosjektet er som følgjer: Løn prosjektleiar kr 780.000,- Kontorhald kr 30.000,- Kurs/konferanse kr 30.000,- Reiser/skyss kr 30.000,- Merkantil hjelp kr 70.000,- SUM kr 940.000,- for eit heilt kalenderår, 7.0 Rapportering/publisering Første halvår i 2017 er sett av til dokumentasjon og rapportering av prosjektet samla. Det er eit mål at ein undervegs skal kunne skrive artiklar knytt til ulike tema. Desse artiklane ser ein for seg skal publiserast i ulike pedagogiske tidsskrift som Bedre skole, Spesialpedagogikk, Skolepsykologi, i Kommunalrapport og ulike fagorganisasjonsblad. Dersom ein lukkast med å knytte forsking til prosjektet ser ein for seg dette publisert i forskingstidsskrift som er aktuelle for den institusjonen som driv fram forskinga. Den interkommunale prosjektgruppa må gjere avtalar om kven og kva som skal rapporterast og publiserast.

8.0 Figurar og vedlegg 8.1 Organisasjonsskisse Haugalandsløftet 8.2 Prosjektskisse for Fonnamodellen Notat av 18.10.10, behandlet i Helse Fonna sitt samarbeidsutvalg Fra Bekymring til handling. Tidlig intervensjon på rusområdet i kommuner og helseforetaket forankret i samhandlingsutvalget i Helse Fonna. Samhandlingsreform også på området tidlig intervensjon på rusområdet Samhandlingsreformen står helt sentralt, særlig når noen av de viktigste fokus -og prioriteringsområdene nå er forebygging, folkehelse og tidlig intervensjon. Dermed er det, slik vi ser

det, en viktig vei å gå å iverksette et systematisk arbeid rundt tidlig intervensjon, med utgangspunkt i veilederen "Fra bekymring til handling" (IS-1742). Sentrale elementer her er: * Behov for å heve kompetansen på ulike områder ifht tidlig intervensjon/samarbeid * Behov for å vedlikeholde kompetansen * Behov for å sikre gode strukturer og god ledelsesforankring (rutiner, systemer, skjemaer) * Behov for at noen koordinerer et systematisk arbeid, et kontinuerlig fokus og god implementering. Det forutsetter at man evaluerer og sjekker ut hva som faktisk virker og gir effekter Bakgrunn for prosjektet Fonnamodellen Tidlig intervensjon på rusområdet er et prioritert satsingsområde i regjeringens opptrappingsplan for rusfeltet. Barne-, ungdoms og familiedirektoratet, Politidirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet har laget en veileder for dette arbeidet. Helsedirektoratet har også stilt midler og stillinger til disposisjon for å stimulere til innsats på dette området. I Helse Fonna området er det Kompetansesenter rus (KORUS) region Vest (Stavanger og Bergen) som har fått stillinger og stimuleringsmidler til arbeidet med å implementere veilederen om tidlig intervensjon på rusområdet som har fått navnet Fra Bekymring til handling. Utgangspunktet for en mulig felles satsing i Fonnaområdet kan da være denne veilederen. Her blir det gitt anbefalinger på hvordan identifisere og håndtere et problem på et så tidlig tidspunkt at problemet forsvinner eller blir redusert med begrenset innsats. Dette er noe så vel kommuner som spesialisthelsetjenesten skal ha fokus på. Ved tidlig identifisering og med rette tiltak kan vi unngå unødig lidelse hos den enkelte samtidig som vi kan redusere utgifter til kostbare behandlingstiltak. Tallene er usikre, men en rusavhengig koster samfunnet mellom 18 20 millioner. Alle er enige om at dette er viktig arbeid. Samhandlingsreformen gjør også dette til et felles ansvar. I ei tid der alle er presset med å tilfredsstille lovpålagte krav kan det lett bli slik at tidlig intervensjon

som krever langtidsperspektiv ikke kommer så høyt opp som ønsket på prioriteringslistene i de ulike tjenester. I samtaler med fylkesmannens rusrådgiver, KS, Korus Vest Stavanger og bla rådmannen i Haugesund (som også er leder av samhandlingsutvalget i Helse Fonna) så vi at det var svært mange aktører på dette feltet. Kommunene måtte forholde seg til mange og ulike instanser. Statlige satsinger, føringer og tilskuddmidler var lite samkjørte. Vi ønsker med dette å utvikle en Fonna modell der kommunene og Helseforetaket ved øverste ledelse setter dagsorden og har fokus på og kunnskap om dette arbeidet slik at en i egen virksomhet og i samhandling med andre kan ha felles forståelse av at tidlig intervensjon og god samhandling internt og eksternt på sikt vil lønne seg for den enkelte pasient og for egen virksomhet, i form av redusert menneskelig lidelse og mindre bruk av midler til kostbare behandlingstiltak. Dette arbeidet blir ikke mindre aktuelt sett i lys av samhandlingsreformen. Aktiv samhandling kan i dette fagområdet hindre og/eller redusere menneskelige lidelser og samfunnskostnader. Videre ønsker vi at statlige instanser og ulike kompetansesentra i størst mulig grad samkjører sine innsatser og i større grad i fellesskap har dialog med kommunene. Vi ønsker et felles fora der kommuner, helseforetak, ulike kompetansesentra og andre aktuelle instanser møtes for å se hva en i fellesskap kan bidra med generelt og i forhold til enkeltkommuner som ønsker å satse innen dette feltet. I en Fonnamodell kunne vi Sett på status for Tidlig intervensjon i Helse Fonna-området (muligheter og utfordringer) Lage en pakke/modell/bidratt med kompetansepåfyll/-heving. Bruke tilsyn mer aktiv i forbedringsarbeid, der nettverk av kommuner/helseforetak kan dele erfaringer, lære av hverandre og jobbe med refleksjon over egen praksis ifht tidlig intervensjon Ikke minst kunne dette bidra til at man faktisk bruker enkelttilsyn langt mer systematisk i flere kommuner gjennom et "kvalitetsforbedringsnettverk" slik at hele nettverket oppnår læring selv om man ikke selv har tilsyn. På enkelte andre tilsynsområder er kommuner observatører hos "tilsynsobjektet", noe som kunne vært spennende innenfor dette feltet også.

En utprøving av modellen i Helse Fonna-området vil kunne gi svært nyttige erfaringer og dermed kunne gjøre arbeidet enklere også i andre foretaksområder. Kanskje kan modellen også prøves ut ifht ulike pasientforløp (f.eks KOLS)." Vi ønsker å: Få til en struktur om felles fokus og tiltak som for eksempel kurs og opplæring innen de ulike feltene. Ha fokus på det vi gjennom evidens- og erfaringsbasert kunnskap vet virker. Skape møteplasser innen dette feltet. Prosjektsamarbeid/støtte til lokale utviklingstiltak på dette feltet. Dele erfaringer og hjelpe hverandre på dette området. Har en kommune/hf et prosjekt/ide de vil jobbe for kan en gjennom Fonna modellen ha en gjennomgang der aktuelle instanser i partnerfellesskapet kom sammen for å drøfte og gi innspill på prosjektet og hva den enkelte kan bidra med både av kompetanse, erfaringer, veiledning og prosjektstøtte. Gjennom KORUS systemet vil dette utvalget kunne få stilt noe prosjekt stimuleringsmidler til disposisjon som kan benyttes i konkrete innsatser for å stimulere til aktivitet på tidlig intervensjonsområdet. KORUS vest, Stavanger antyder at kr 100.000 kan stilles til disposisjon til dette arbeidet forutsatt videre statlig innsats på 2010 nivå. KORUS, Bergen og Fylkesmennene har og midler/kompetanse som kan kanaliseres inn i dette arbeidet. KS vil med sitt kontaktnett også være en viktig bidragsyter. BUF-etat er også en stor aktør som må inviteres inn. Helse Fonna har sammen med kommunene etablert ulike samhandlingssystemer. Hvert DPS og BUP har faste kontaktpunkter og samarbeidsråd. Videre er det inngått samarbeidsavtaler med alle kommuner når det gjelder pasientbehandling. Tidlig intervensjonsprosjektet må sees på i denne sammenhengen og skal på ingen måte erstatte dette arbeidet, men heller supplere det arbeidet som er i gang på dette området. Samhandlingsutvalget i Helse Fonna Samhandlingsutvalget møtes 1-2 ganger i året og består av rådmenn og ledelsen i alle kommuner i helseforetakets opptaksområde. Det er 19 kommuner i Helse Fonna. 8 ligger geografisk i Rogaland og 11 ligger i Hordaland. Når det gjelder dette beskrevne prosjektet forankres dette i samhandlingsutvalget. Skal en få til endring er det viktig med forankring i ledelsen. I prosjektet gjøres dette ved at:

1. Samhandlingsutvalget slutter seg til denne modellen og gjør den kjent i sine kommuner. 2. Kommunene/helseforetaket utpeker minst 1 person som er hovedkontakt inn mot prosjektet 3. Samhandlingsutvalget får til sine møter rapport om aktivitet på dette området 4. Alle medlemmer i samhandlingsutvalget sier ja til å delta på en felles ledersamling der TI er hovedtema: Hva hvorfor og hvordan? Samhandlingsutvalget kan være en forankringsarena for TI arbeidet i de ulike kommuner og i helseforetaket ved å diskutere og legge føringer for strategiske satsinger om samarbeid og samhandling på dette området Tidlig intervensjonsutvalg opprettes og forankres i Samhandlingsutvalget Dette er et frittstående samarbeidsutvalg som rapporterer til samhandlingsutvalget. Ansvar for sekretariat og koordinering legges til Helse Fonna som i samarbeid med Korus Vest Stavanger legger til rette og har prosjektansvaret. Det etableres et lite AU der representant fra kommune, Fylkesmannen+ KORUS + KS ( kanskje andre) er med. Av kommuner har Stord og Haugesund sagt ja. Tenker oss også Odda og Vindafjord Det første året skal TI utvalget konsentrere seg om: 1. Kompetansebygging/nettverk 2. Prosjektstøtte/veiledning samkjøre prosjektstøtte fra ulike instanser 3. Få oversikt over lokale tiltak og prosjekter på området Oppstart. Begynner med en samling av kommune representanter og aktuelle samarbeidsinstanser i januar 2011. Her vil vi identifisere hovedutfordringer og legge en plan for aktivitet for 2011.

Fonna modellen HAUGALANDSLØFTET Samhandlingsutvalget Erfaringsdeling, kompetansetiltak, veiledning, bistand og prosjektsamarbeid Felles fokus/strategisk tenkning Bevisstgjøring, Samhandling i Fonna gjennom: Kompetansedeling Kommuner, HF og andre TI-utvalget: Opprettet av samhandlingsutvalget med representanter fra HF, KORUS, Fylkesmann, BUFetat, KS, Høgskole, Haugaland a.senter, 3-4 kommuner evnt andre. Dette blir en ressursgruppe for Tidlig intervensjon på rusområdet fra graviditet og opp til unge opp til 23 år. Kontaktpersoner hos samarbeidende kommuner/instanser oppnevnes. De skal Oversikt og felles vurdering og drøfting av sentrale føringer og tildeling av statlige prosjektmidler fra ulike instanser. Lettere å ha oversikt Noen sentrale aktører på området: Kommunene (barnehage, PPT,helsesøstre, skole, barnevern, kultur, helse med mer), BUP, DPS, konfliktråd, politi, Korus, Bufetat, Fylkesmenn, Haugaland a.senter, RVTS, RBUP, NAV Notatet er skrevet i samarbeid med Fylkesmannes rusrådgiver i Rogaland, KS sin rådgiver i Rogaland, Korus Vest sin leder i Rogaland. Ideen er drøftet med samhandlingssjefen i Helse Fonna og leder i samhandlingsutvalget i Helse Fonna, Korus Vest Bergen og ført i pennen av Bernt Netland (Korus Vest Stavanger/Helse Fonna).