SAKSF RAM L E G G Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073 Klagehandsaming, klage på dispensasjon frå landbruksføremålet i kommuneplanen, oppføring av hytte på Bersetno, gbnr. 141/59 Rådmannen si tilråding: Klagen frå Olav Tverberg blir ikkje teken til følgje. Saka blir sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd, jf. forvaltningslova 33 andre og fjerde ledd. i Vestland
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: 1 - Avs lag på søknad om å bygge hytte, gbnr. 141/59 2 - Klag e på avslag 3 - Kartutsnitt 4 - Teikning S amandrag: Saka gjeld klage på vedtak om avslag på dispensasjon landbruksområde, LN FR - område. for oppføring av ei hytte i Kommunen avslo i vedtak 16.11.2018 søknad om dispensasjon og bygging av hytte. Sjølv om dispensasjonsvilkåra er oppfylt e, er det kommunen si vurdering at det ligg føre sakleg grunn for å nekte dispensasjon. R ådmannen meiner han hadde sakleg grunn for å ikkje gi dispensasjon ettersom eigedomen i tidlegare kommuneplan har vore ein del av eit større område avsett til hyttebygging, men som vart teken ut i 2008 og tilbakeført til landbruksområde (LN FR - føremål) på grunn av manglande innspel frå grunneigarane. Rådmannen viser også til at halvparten av hyttetomtene innafor området er bygd på og at ytterlegare utbygging då bør forankrast i ein reguleringsplan. Dette vil gje betre kontroll med utbygginga og utviklinga av området enn ved ei utbygging gjennom einskildvise dispensasjonar. Utval som har vedtaksmynde: Plan - og forvaltningsstyret Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde: Politisk delegeringsreglement. Bakgrunn for saka Ola v Tverberg er eigar av eigedomane gbnr. 141/59 og gbnr. 141/58 på Bersetno ved Hafslo. Han søkte den 24.09.2018 om løyve til å byg ge ei hytte på eigedomen gbnr. 141/59. Hytta får eit bebygd areal (BYA) på 58,7 m 2 og eit bruksareal (BRA) på 43 m 2. Eigedomen gbnr. 141/58 er bebygd med ei hytte. Eigedomen gbnr. 149/59 er avsett til landbruksføremål i kommuneplanen. Bygging av hytta fø reset difor at det blir gitt dispensasjon frå den vedtekne arealbruken. Tverberg søkte dispensasjon 24.10.2018 og viste til at tomta aldri hadde vore dyrka og berre består av stein, stubbar og skog. Han viste vidare til at tomta hadde vore inngjerda i 34 å r av tidlegar e eigar. Kommunen avslo søknaden den 16.11.2018 med tilvising til at det måtte lagast ein reguleringsplan før det kunne byggast fleire hytter i området. Sjølv om dispens asjonsvilkåra var oppfylt meinte kommunen at vi hadde sakl eg grunn for å ikkje dispensere. Kommunen viste til at eigedomen i tidlegare kommuneplan har vore ein del av eit område avsett til hyttebygging, men som vart teken ut ved revisjonen i 2008 og t ilbakeført til landbruksområde (LN FR - føremål) på grunn av manglande innspel frå grunneigarane. Kommunen viste også til at halvparten av dei frådelte tomtene innafor området er bebygd og at det difor bør utarbeidast ein reguleringsplan før o mrådet blir ytterlegare utbygd. Dette vil gje betre kontroll med utbygging og utviklinga av området i staden for ei utbygging gjennom einskildvise dispensasjonar.
Tverberg har i rett tid klaga på kommunen sitt vedtak. Han viser til at den som skal bruke tomta til landbruksføremål må ta i frå han tomta. Klagen er ikkje grunngitt utover dette. Fig. 1. Kart over området. Omsøkt byggetomt markert med raudt. Fig 2. Utsnitt av arealføremålet i kommuneplanen (orange=fritidsføremål) Rådmannen si vurdering Innleiande merknadar Saka gjeld klage på vedtak om avslag på dispensasjon for oppfø ring av ei hytte i eit område avsett til landbruksområde, LNFR - føremål, i kommuneplanen. Vedtaket er klaga på innan fristen, og vilkåra for å ta klagen opp til handsaming forvaltningslova 28 og 29. er oppfylt, jf. Har kommunen sakleg grunn for å nekte dispensasjon? Rådmannen forstår klagen slik at Tverberg meiner kommunen nekte dispensasjon i saka. ikkje har sakleg grunn for å Spørsmålet er då om kommunen har sakleg grunn for å nekte dispensasjon sjølv om dispensasjonsvilkåra i plan - og bygningslova 19-2 er oppfylt. Eksempel på saklege grunnar kan vere at kommunen ønskjer å sjå saka i ei større samanheng, at det har vore mange nok dispensas jonar, og at det bør utarbeidast i reguleringsplan før det blir gitt løyve til meir bygging. Overordna styrings - og forvaltningsomsyn kan også vege tyngre og slå igjennom ovanfor meir konkrete og st a dlege grunnar for dispensasjon, jf. Høgsterett si avgjerd i Rt. 2007 s. 257, avsnitt 52 flg. Kommunen hadde følgjande vurdering av sakleg grunn i vedtaket den 16.11.2018: i Jf. kommunal - og moderniseringsdepartementet sin lovkommentar til plandelen i plan - og bygningsloven, https://www.regjeringen.no/no/dokument/dep/kmd/veiledninger_brosjyrer/2009 /lovkommentar - til - plandelen - i - /kapittel- 19 - dispensasjon/ - 19-2 - dispensasjonsvedtaket/id556825/
«Eigedomen din er delt i frå eigedomen 141/22. Denne eigedomen var i tidlegare komm uneplan avsett til hyttebygging med i alt 10 hyttetomter. Ved revisjonen i 2008 vart området teke ut av planen på grunn av manglande innspel og tilbakeført til landbruksområde. Det er ikkje er kome innspel om at arealet i ny kommuneplan igjen bør leggjast ut som hytteområde. Det er oppretta seks fritidseigedomar frå 141/22. Det er bygd hytter på halvparten av dei. Tomta du nå søker om å bygge på er avsett til landbruksføremål. anna rettsleg stilling enn tomtene avsett til fritidsføre mål. Den kjem difor i ei Ettersom halvparten av dei frådelte fritidstomtene er bygd på, og området tidlegare har vore avsett til fritidsføremål for inntil 10 hyttetomter, meiner vi at det må lagast ein reguleringsplan før det kan bli gitt løyve til å bygge fleire hytter. Ved å lage ein reguleringsplan får kommunen betre kontroll med utbygginga og utviklinga av området enn ved at utbygging skjer gjennom einskilde dispensasjonar. Gjennom ein planprosess vil ålmenta, berørte naboar og andre vere sikra medbestemmelsesrett når det gjeld vidareutviklinga av området på ein heilt anna måte enn ved utbygging gjennom dispensasjon. Kommunen har etter dette kome til at vi har sakleg grunn for å nekte å gi dispensasjon frå landbruksføremålet i kommuneplanen. Dispensasjonssøknaden blir difor avslegen. Ettersom vi ikkje har gitt dispensasjon, kan vi heller ikkje gi byggeløyve til å bygge hytta. Søknaden blir difor avslegen i sin heilskap. For ordens skuld vil vi nemne at ein slik dispensasjonssøknad i alle høve må leggjast fram for r egionale styresmakter, m.a. fylkesmannen, for høyring, før saka kan endeleg handsamast av Luster kommune.» Rådmannen held fast på denne vurderinga klageomgangen. I samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel våren og hausten 2018 har kommuneplan en vore lagt ut på høyring. I høyringsperioden har private partar hatt høve til å kome med ønskjer om endringar i arealbruken på eigedomar dei eig. Som kommunen også peika på i vedtaket 16.11.2018 har det i høyringsrunden ikkje kome innspel om endringar av arealbruken på Tverberg sin e eigedom ar. Det vil vere ein uheldig praksis å gå utanom kommuneplanen tiltak via dispensasjonssøknader. Det er heller ikk je kome fram nye moment i klageomgangen tidspunktet forut for kommunen sitt avslag 16.11.2018. sine prosessar og realisere som ikkje var kjend på Rådmannen kjem etter til at det ligg føre sakleg grunn for å nekte dispensasjon at klagen ikkje blir teken til følgje. Rådmannen si tilråding: Klagen frå Ola v Tverberg blir ikkje teken til følgje. Saka blir sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd, jf. forvaltningslova 33 andre og fjerde ledd. og tilrår difor i Vestland
Dato: 22.01.2019. Jarle Skartun Arne Ingjal d Lerum rådmann p lansjef