ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor Per-Harald Woldsund 6174 BARSTADVIK Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2011/180 7949/2011 WANGEN 90/4 29.06.2011 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 22.06.11, SAK PS 56/11: GNR/BNR 90/4 - BARSTADVIK -SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR FRÅDELING AV BUSTADTOMT PER-HARALD WOLDSUND Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 22.06.2011 Samfunnsutvalet (SFU), syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på gnr/bnr. 90/4 i Barstadvik. SFU finn etter ei samla vurdering at viktige omsyn bak kommuneplanen sitt LNF-føremål ikkje vert sett vesentleg til side og at det ligg føre ei overvekt av omsyn som talar for at fordelane er større enn ulempene ved å gje dispensasjon. Det vert då lagt særleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 på garden verken i dag eller i framtida. Vidare at landbruksnemnda har gjeve løyve til frådeling etter jordlova og tilrår frådeling etter pbl. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). kap. 19 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med søknaden. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med søknaden. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Handsaminga (10 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 01.07.11 Toril Langlo konsulent Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret Dalevegen 6 6150 Ørsta Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6150 Ørsta 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144 Besøksadresse: Dalevegen 6
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2011/180 Løpenr.: 2786/2011 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 56/11 Samfunnsutvalet 22.06.2011 GNR/BNR 90/4 - BARSTADVIK -SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR FRÅDELING AV BUSTADTOMT PER-HARALD WOLDSUND TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU), syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på gnr/bnr. 90/4 i Barstadvik. SFU finn etter ei samla vurdering at viktige omsyn bak kommuneplanen sitt LNF-føremål ikkje vert sett vesentleg til side og at det ligg føre ei overvekt av omsyn som talar for at fordelane er større enn ulempene ved å gje dispensasjon. Det vert då lagt særleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 på garden verken i dag eller i framtida. Vidare at landbruksnemnda har gjeve løyve til frådeling etter jordlova og tilrår frådeling etter pbl. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). kap. 19 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med søknaden. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med søknaden. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Utskrift til: Per Harald Woldsund, 6174 Barstadvik Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Statens vegvesen, Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde
Landbrukskontoret, her
Saksvedlegg: 1. Søknad, datert 31.01.11 2. Søknad om deling, datert 01.01.11 3. Kart og ortofoto, 1:1000 4. Ortofoto,1:5000 5. Oversiktskart, 1:20000 6. Protokoll frå møte i Landbruksnemnda 19.05.11, sak 24/11 Uprenta saksvedlegg: Innkomne merknader Div. saksdokument Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling av grunn kring eksisterande bustad i Barstadvik. Den omsøkte frådelinga er på om lag 0,850 daa og ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone C der det er fastsett følgjande føresegn: Innanfor desse områda kan det berre gjevast løyve til bygging og frådeling i samband med tradisjonell stadbunden næring som har direkte tilknyting til landbruket. Oppføring av fritidshus kan tillatast, men berre på svært strenge vilkår og dersom sektormynde ikkje har merknader. Nokre av dei registrerte viltområda i høve Viltregisteret til Fylkesmannen ligg i denne sona. Det vert synt til temakart nr. 8. Søknaden gjeld eksisterande bustadhus med tomt, og ein kjenner ikkje til andre opplysningar eller registreringar som har betydning for søknaden. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande uttalar/fråsegner: 1.Statens vegvesen, 04.04.11 Statens vegvesen har ingen merknader til at det vert gitt dispensasjon. 2.Møre og Romsdal fylkeskommune, 05.04.11 Møre og Romsdal fylkeskommune har ut frå sine ansvarsområde ingen særskilte merknader. 3. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 01.04.2011 Landbruksinteresser Frådeling av bustadhus og tomter innanfor aktive landbruksområder fører ofte med seg drifts- og miljømessige ulemper for næringa. Når eit hus er delt ifrå, er det fritt omsetjeleg og ein må ta høgde for at det kan få eigarar som har lita forståing og toleranse for miljøfaktorar som støv, støy og lukt som aktivt landbruk fører med seg. Det er mange eksempler på dette, og det gir ofte vanskelege konfliktsituasjonar. Av denne grunn bør det utvisast stor varsemd med å blande ordinære bustadhus inn mellom aktivt drive landbruksjord og tunbygnad. Plan- og bygningslova og LNF-føremålet skal sikre at landbruksareal kan drivast i samsvar med føremålet, medan jordlova skal sikre at det blir tatt omsyn til driftsgrunnlaget på bruket. Dersom jordlovsbehandlinga konkluderer med at det ikkje er behov for kårbustaden, og at den kan delast ifrå, er naturlegvis konsekvensen at ein i fortsetjinga ikkje kan føre opp ein ny kårbustad/hus nr. 2 på eigedomen, eller på tilsvarande eigedomar. Vi kjenner ikkje til om det er sjølvstendig, aktiv drift på dette bruket, men legg til grunn at bruket i alle høve ligg i eit aktivt landbruksområde der det er omsyna til landbruk som skal vege tyngst. Vi ber kommunen legge vekt på dei langsiktige konsekvensane for landbruksdrift i området når saka blir
vurdert, og rår med dette ifrå omsøkte tiltak. Vi ber dessutan om å få oversendt jordlovsvedtaket når dette ligg føre. 4. Landbruksnemnda, 19.05.2011 1. Frådeling etter jordlova 12, vedtak: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 01.02.11 frå eigar av gnr. 90 bnr. 4, Per Harald Woldsund, om frådeling av bustadhus på bruket, med tomt på om lag 0,85 da. Landbruksnemnda viser til saksutgreiinga med konklusjon, og gir løyve til frådeling etter jordlova 12, som omsøkt. Grunngjeving er at frådelinga er forsvarleg utifrå den avkastning eigedomen kan gje, sidan bruket ikkje er i drift, og at tomta har eigen tilkomst til veg. 2. Dispensasjon frå kommuneplanen, tilråding: Landbruksnemnda viser til søknad registrer 01.02.11 frå eigar av gnr. 90 bnr. 4, Per Harald Woldsund, om frådeling av bustadhus med tomt på om lag 0,85 da. Landbruksnemnda vil tilrå at det vert gjeve dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling av tomt, med same grunngjeving som i pkt. 1. Vurdering og konklusjon: Søknaden gjeld frådeling av eksisterande hus på gardsbruk til bustadeigedom. Dette gjev inga endring i fysisk arealbruk, men vil etablere huset som ein sjølvstendig bustadeigedom som kan omsetjast fritt utan noko tilknyting til gardsbruket i framtida. Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje merknader til søknaden. Fylkesmannen har rådd frå dispensasjon medan landbruksnemnda har gjort vedtak om løyve til frådeling etter kordlova og tilrådd dispensasjon etter plan- og bygningslova. Vedtaket er gjort i samsvar med tilrådinga frå landbrukssjefen. Det ligg såleis føre motstridande fråsegner frå sektormynda for landbruk. Garden er ikkje i sjølvstendig drift, men området er del av eit landbruksområde, sjølv om det er att få bruk som driv aktivt og sjølvstendig i Barstadvik. Generelt kan frådelingar av hus i landbruksområde over tid medføre konfliktar som følgje av dei miljøfaktorar som kan opplevast negative for ein bustadeigedom, men som er ein naturleg del av drifta i eit landbruksområde. Dette momentet er lagt vekt på i fråsegna frå Fylkesmannen, som frårår søknaden, og er også omtala og vurdert i saksutgreiinga til landbrukssjefen. Det er i første rekke dette som vil tale mot ei frådeling. Tomta det er ønskje om å frådele ligg i eit hjørne av eigedomen og har eigen tilkomst frå offentleg veg. Vidare vil det kunne leggast til grunn at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 på garden då det ikkje er sjølvstendig drift på bruket eller drift med husdyrhald. Ved ei ev. frådeling vil konsekvensen då også vere at det ikkje vil kunne oppførast eit nytt hus nr. 2 på eit seinare tidspunkt. Det synest ikkje ligge føre andre vesentlege moment knytt til ei arealbruksmessig vurdering, men føremålet med kommuneplanen sitt LNF-området må i dette tilfelle vere å sikre omsynet til landbruksinteressene og produksjonsgrunnlaget på kort og lang sikt. Kommunen bør i utgangspunktet ikkje gje dispensasjon når regionale sektormynde har vesentlege innvendingar. Ny plan- og bygningslov har skjerpa bestemmelsane om dispensasjon. PBL 19-2 har slik ordlyd: Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon fra bestemmelser fastsatt i eller i medhold av denne lov. Det kan settes vilkår for dispensasjonen.
Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Det kan ikke dispenseres fra saksbehandlingsregler. Ved dispensasjon fra loven og forskrifter til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, sikkerhet og tilgjengelighet. Ved vurderingen av om det skal gis dispensasjon fra planer skal statlige og regionale rammer og mål tillegges særlig vekt. Kommunen bør heller ikke dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden. Departementet kan i forskrift gi regler for omfanget av dispensasjoner og fastsette tidsfrist for behandling av dispensasjonssaker. Som det går fram av andre ledd, kan det ikkje gjevast dispensasjon om omsyna bak planen, lova sin føremålsbestemmelse eller bestemmelsen det vert dispensert frå vert sett vesentleg til side. Fordelane med å gi dispensasjon må også vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Det er no også teke inn i lova direkte, at kommunen ikkje bør dispensere når eit direkte berørt regionalt mynde har uttalt seg negativt. Fylkesmannen har i denne saka rådd frå søknaden, men har ikkje varsla konkret at eit vedtak vil verte vurdert påklaga slik deti ein del tilfelle vert gjort. Dette kan toklast slik at Fylkesmannen likevel ikkje ser konsflikten med regionale og nasjonale interesser og føringar som like alvorleg i denne saka som i dei sakene det vert vurdert ei mogleg klage. Landbruksnemnda som lokalt landbruksmynde har gjort vedtak om å gje løyve til frådeling etter jordlova og tilrår frådeling etter pbl vedtaket er i samsvar med llandbrukssjefen si tilråding. Kommunen har i seinare år handsama fleire saker som har likskapstrekk med denne. Dette gjeld saker der både landbruksnemnda og FUM/FU/SFU har gjort vedtak om frådeling av eksisterande hus på gardsbruk som ikkje har vore i sjølvstendig drift, sjølv om det i dei faglege fråsegnene og utgreiingane har vore peika på fare for driftsulemper i dag eller i framtida. I mange av desse sakene har også landbrukssjefen gitt tilråding om ikkje å gje løyve til frådeling. Ein meiner denne saka i stor grad kan samanliknast med fleire av dei sakene der rådmannen no må legge til grunn at det er gitt politiske føringar for ein praksis. Sjølv om det såleis ligg føre fråsegn frå Fylkesmannen som peikar på ulempene ein dispensasjon kan gi for landbruksinteressene, finn rådmannen å legge til grunn dei føringar tidlegare politiske vedtak i saker som kan direkte samanliknast med denne gjev, samt landbruksnemnda sitt vedtak og fråsegn i denne saka. Det må då også leggast vesentleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det såleis må leggast til grunn at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 verken i dag eller i framtida. Det er også vektlagt at Fylkesmannen ikkje har vurdert det som aktuelt å varsle at saka vil kunne verte påklaga. Svein Silseth konstituert teknisk sjef Gunnar Wangen avdelingssjef