ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor Grunneigarane på Ytre-Standal v/kjetil Standal Ytre-Standal 6174 BARSTADVIK Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2011/909 12260/2011 SELBERVIK 172/1 15.11.2011 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET I MØTE 09.11.11, SAK PS 93/11: GNR/BNR 172/1-5 SØKNAD OM DISPENSASJON FOR BYGGING AV PARKERINGSPLASS VED ENDEN AV BOMVEGEN MOT SETRA PÅ YTRE-STANDAL Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 09.11.2011 Samfunnsutvalet (SFU) gjev dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for utviding av parkeringsplass ved enden av vegen opp mot setra på Ytre- Standal (jf pbl kapittel 19). Det vert sett som vilkår at parkeringsplassen vert trekt noko lengre attende frå elva slik at fyllingsfoten kjem ovanfor nivået for middelflaum og vert tilpassa eit smalt vegetasjonsbelte mellom elva og fyllingsfoten. Vidare detaljar må leggjast fram og avklarast som ein del av byggesøknaden. Handsaminga (11 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 15.11.11 Toril Langlo konsulent Kopi til: Sunnmøre Maskin AS Høgebru 6150 ØRSTA Fylkesmannen i Møre og Rosmdal Fylkeshuset 6404 MOLDE Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 MOLDE NVE Pb 53 6801 FØRDE Landbrukskontoret, her Naturvernforbundet Pb 389 6101 VOLDA Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6150 Ørsta 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144 Besøksadresse: Dalevegen 6
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Magnar Selbervik Arkivsak: 2011/909 Løpenr.: 8128/2011 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 93/11 Samfunnsutvalet 09.11.2011 GNR/BNR 172/1-5 SØKNAD OM DISPENSASJON FOR BYGGING AV PARKERINGSPLASS VED ENDEN AV BOMVEGEN MOT SETRA PÅ YTRE-STANDAL TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU) gjev dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for utviding av parkeringsplass ved enden av vegen opp mot setra på Ytre- Standal (jf pbl kapittel 19). Det vert sett som vilkår at parkeringsplassen vert trekt noko lengre attende frå elva slik at fyllingsfoten kjem ovanfor nivået for middelflaum og vert tilpassa eit smalt vegetasjonsbelte mellom elva og fyllingsfoten. Vidare detaljar må leggjast fram og avklarast som ein del av byggesøknaden. Utskrift til: Grunneigarane på Ytre.-Standal v/kjetil Standal, 6174 Barstadvik Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde NVE, Postboks 53, 6801 Førde Landbrukskontoret, her Naturvernforbundet, Postboks 389, 6101 Volda
Saksvedlegg: Søknad datert, 31.05.2011 Kart over planområde, vedlegg F-1 Situasjonsplan, vedlegg D-1 Profilsnitt parkering, vedlegg E-1 Plan med snittreferanse, vedlegg E-2 Vedlegg F-2 Foto av planområdet Ortofoto M= 1:10000 Uprenta saksvedlegg: Innkomne merknader Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for utviding av parkeringsplass ved enden av bomvegen mot setra på Ytre-Standal. Det omsøkte området ligg innanfor kommuneplanen sitt LNF-område sone D, med særleg viktige frilufts-, natur- og viltinteresser. I temakart 2 friluftsliv er Ørsta-alpane frå parkeringsplassen viste som eit nasjonalt viktig friluftsområde, med nasjonalt/regionalt viktig turløype. Dei vedlagde planteikningar og snitt er ikkje detaljerte nok til å tolke tiltaket sitt omfang i detalj. Verken fyllingsfot eller eksisterande terreng er synt. Ut frå søknaden forstår vi likevel at det er planlagt ein fyllingsfot heilt inntil elva som dermed å sikrast ved plastring. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande uttalar/merknader: 1. Landbrukskontoret, 01.07.2011 Det ligg føre søknad om utviding av parkeringsplassen øvst i dalen på Ytre-Standal. Parkeringsplassen ligg i enden av ein bomveg. Området er mykje nytta og ein har for få parkeringsplassar. Like innanfor parkeringsplassen har ein eit område som i søknaden er kalla kulturmark. Dette ser ut til å vere eit området som framleis har kulturpåverknad frå beitinga i området. Ein vil tru at beitedyr framleis søkjer dette området. Sjølve parkeringsplassen vert utvida på areal som er registrert som blokkrik lauvskog. Ein kan ikkje sjå at utvidinga kjem i konflikt areal som er viktig for landbruket. Bomvegen og parkeringsplassen vert og nytta av husdyreigarar som har dyr på beite i dalen. Ei utviding vil og kome desse til nytte. I tiltaket er det og teke med oppsetjing av eit informasjonsskilt. Vi oppmodar om at ein der tek med informasjon om beitedyr og dei omsyn ein må ta i eit beitefelt. Dalen er eit viktig utmarksbeite for sau. Frå landbrukshald har vi ingen merknad til at tiltaket vert utført. 2. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 12.07.11 Det er ikkje registrert andre ålmenne interesser knytt til område saka gjeld enn at området ligg i eit regionalt viktig friluftsområde. Ut frå saksopplysningane kan det verke som at inngrepa kjem veldig nær innpå elva. Vi vil rå til at kommunen i samråd med søkjar prøver å få til ei løysing som legg parkeringa lenger frå elva. Vår kommentar: Fylkesmannen peikar som NVE på at planlagd utfylling må trekkjast bort frå sjølve elva.
3. Møre og Romsdal fylkeskommune, 04.08.11 Møre og Romsdal fylkeskommune har ut frå sine ansvarsområde ingen særskilte merknader. 4. NVE, 15.07.2011 Vi syner til Dykkar brev datert 24.06.2011. Saka gjeld søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for bygging av parkeringsplass ved setra på Ytre Standal. Det er planlagt fylling kloss inn til elva. Fyllingsfoten må erosjonssikrast og haldast over nivå for middelflaum (gjennomsnitt av årleg høgste flaum). Det må også settast igjen eit naturleg vegetasjonsbelte langs elva. Vår kommentar: NVE krev at fyllingsfoten vert trekt bort frå sjølve elva til over nivå for middelflaum og vert erosjonssikra. Viser også til at vassressurslova set krav til eit naturleg vegetasjonsbelte langs elvane, noko som inneber at fyllingsfoten bør trekkjast ytterlegare attende frå elva. Vurdering og konklusjon: Det vert i søknaden opplyst at bomvegen i snitt har vorte brukt av 430 betalande bilar pr år, i tillegg til grunneigarane sjølve. Utfordringa i dag er parkering i utfartshelgar då det kan vere svært mange bilar parkert samstundes. At grunneigarane på Ytre Standal går saman om ei betre tilrettelegging for friluftsbrukarane er svært positivt og må kunne sjåast på som eit såkalla allmennyttig tiltak. Opparbeiding av parkeringsplass må likevel her vurderast som eit arealinngrep på lik linje med andre fysiske tiltak. Sjølv med 30 parkeringsplassar vil det einskilde dagar kunne vere knapt. Elles i året vil parkeringsplassen truleg oppfattast som i overkant stor. Om ein legg til grunn 600 bilar i året konsentrert til 20 helgar a 2 dagar vert det 15 bilar i snitt pr dag. Vi oppfattar det slik at eit område som i søknaden vert omtala som kulturmark i dag vert nytta til parkering i strid med grunneigarane sine ønskje. Vi kjenner administrativt ikkje til anna grunngjeving enn det som kjem fram i søknaden, men er samd i at det er ønskjeleg å opparbeide permanente parkeringsplassar. Det er elles omtala og vist nokre marginale justeringar av vegen (1-2 meter nærare elva). Vi har ikkje merknader til dei justeringane som er omtala då avstanden til elva framleis er god. Vi ser positivt på søknaden som har som føremål å støtte under friluftslivet i området. Grunneigarane har også sjølve interesse i tiltaket. Vi ser likevel at utvidinga av parkeringsplassen er planlagt for nær inn i elva. Fyllingsfoten må trekkjast attende til over nivået for årleg middelflaum og det må setjast att ei smal sone (1-2 meter) for eit naturleg vegetasjonssone. I kor stor grad dette vil redusere parkeringsarealet kjem ikkje klart fram av søknaden. Vi oppfattar det slik at dette vil vere marginalt i den vestre del, men noko meir i aust (nest). Ein forstøtningsmur vil vere eit framandelement i dette naturområdet og plastring bør såleis vere einaste alternativet og er også det som er vist og omtala i søknaden. Parkeringsplassen vil slik vi oppfattar søknaden også skjere seg noko inn i terrenget i bakkant (nord). Her må skjeringa reduserast mest mogeleg og ikkje vere brattare enn at ein får til ei stabil skråning som raskt naturleg kan revegetere. Både dette og detaljar rundt plastringa av
fyllingsfoten som nedgrunning og storleik på fotsteinar, høgde på plastringa, avstand elv etc må leggjast fram og nærmare avklarast som ein del av byggesøknaden. Etter pbl kapittel 19 kan SFU gje dispensasjon frå kommuneplanen om omsynet det vert dispensert frå ikkje vert vesentleg sett tilside og der det føreligg ein klar overvekt av omsyn som talar for dispensasjon. Vi meinar at utviding og tilrettelegging av parkeringsplassen som omsøkt stettar disse føresetnadane på dei føresetnadane om blant anna avstand til elv som er kommentert ovanfor. Då tiltaket frå søkjarane si side primært vert vurdert som eit ålmennyttig føremål, vert det samstundes søkt om å få sleppe handsamingsgebyret som for tida er på kr 7250,-. Det er etter gjeldande gebyrregulativ ikkje opning for å frita søknader frå slike gebyr, men det er i administrasjonen sitt framlegg til nytt gebyrregulativ frå neste år lagt inn ei opning for å kunne frita klart allmennyttige føremål frå dette gebyret. Svein Silseth teknisk sjef Gunnar Wangen avdelingssjef