Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse Emnekode: NOR165_1, Vekting: 15 studiepoeng Tilbydar: Det humanistiske fakultet, Institutt for kultur- og språkvitenskap Semester undervisningsstart og lengd: Vår, 1 semester Semester eksamen/vurdering: Vår Fagpersonar - Nora Simonhjell (Faglærar) - Monica Lange (Studiekoordinator) - Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (Faglærar) - Andreas Benedikt Jager (Emneansvarleg) - Finn Tveito (Faglærar) - Karen Marie Espeland (Studiekoordinator) Introduksjon Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekster og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei. Læringsutbytte Kunnskap Etter å ha fullført emnet skal studenten: Ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar, sjangrar og medium frå kvarandre Vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep Ha kjennskap om retorikkens plass for korleis tekstar skapar og formidlar meining Kunne gjere nytte av denne kunnskapen i arbeid med praktisk tekstanalyse Ferdigheit Etter å ha fullført emnet skal studenten: Kunne analysere og tolka tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori om den enkelte sjangeren, og med grunnlag i retorikk, semiotikk, litteraturvitskapleg terminologi og metode Kunne utvikle ei problemstilling, og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling Kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte side 1
NOR165_1 - Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse Innhald Sjanger er ein måte å gruppere tekstar på som liknar på kvarandre. I nokre tilfelle er det enkelt å sjangerplassere teksten ein les, i andre tilfelle er det nettopp sjangerbrotet eller sjangerblandingane som gjer teksten interessant, og; kva gjer mediet teksten er formidla gjennom, med vår forståing av han? Korleis kan vi lese og analysere tekstar av forskjellig art? Korleis har sjangrane utvikla seg over tid? Sjanger og medium har mykje å seie for korleis vi les og forstår tekstar. For å bli gode tekstlesarar treng ein analytiske verkty og metodar. Ein les ikkje eit dikt og ein roman på same måten. Eit drama krev at ein nyttar andre tilnærmingsmåtar. Korleis kan ein analysere filmar, bilete, fjernsynsseriar eller reality- program? God sjanger- og analysekunnskap er naudsynte kompetansar i ein globalisert, moderne mediekvardag. Utover det er alle tekstar retoriske. Den retoriske utforminga av tekstane skal ikkje oppfattas som en utvendig kategori som pregar utsjånaden til teksten. Kva er retorikkens meiningsdannande funksjon? I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om dei tre litterære hovudsjangrane og moderne medietekstar. Grunnleggjande kunnskapar om og i litterær analyse, medieanalyse, retorikk og retorisk analyse skal lærast i løpet av semesteret. Emnet er delt inn i tre delar: 1. 2. 3. Analyse av skjønnlitteratur Analyse av medietekstar Retorikk og retorisk analyse av skjønnlitteratur og medietekstar Pensum er sett saman av skjønnlitterære tekstar, medietekstar, innføring i litterær analyse og sjangerteori, litteraturteori og retorikkteori. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte. Arbeidsformer Det faglege arbeidet føregår gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, rettleiing, sjølvstendige studiar, tekstanalysar og skriveprosessar; samt munnlege og skriftlege øvingar. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd. Forkunnskapskrav Ingen Eksamen/vurdering Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel Innleveringsoppgåver og obligatorisk aktivitet Innleveringsoppgåve 1 0/2 Greidd - Ikkje greidd Alle. side 2
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel Innleveringsoppgåve 2 0/2 Greidd - Alle. Ikkje greidd Innleveringsoppgåve 3 1/2 A - F Alle. Innleveringsoppgåve 4 1/2 A - F Alle. Utfyllande presisering av dei fire innleveringsoppgåvene: 1. Innleveringsoppgåve 1 a. i etterkant av obligatorisk skriveseminar b. omfang på 500 ord (+/- 10 %). c. skal skrivast på bokmål d. blir vurdert med bestått/ikkje bestått 2. Innleveringsoppgåve 2 a. omfang på 1000 ord (+/- 10 %). b. Skal skrivast på nynorsk c. Blir vurdert med bestått/ ikkje bestått 3. Innleveringsoppgåve 3 a. omfang 1500 ord (+/- 10 %) b. skal skrivast på nynorsk c. blir vurdert med karakterane A-F d. tel 50 % av samla karakter 4. Innleveringsoppgåve 4 a. om omfang 2000 ord (+/- 10 %) b. skal skrivast på bokmål c. blir vurdert med karakterane A-F side 3
NOR165_1 - Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse d. tel 50 % av samla karakter e. kandidaten får velje mellom fem oppgåver som er knytt til emnets ulike hovudområder (prosa, lyrikk, drama, medietekster, retorikk ) Alle innleveringsoppgaver må være bestått for å få karakter i emnet. Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering Obligatorisk skriveseminar Obligatorisk skriveseminar(minimum 75% oppmøte) Den obligatorisk undervisningsaktiviteten må vere bestått for å få tilgang til eksamen. Overlapping Emne Reduksjon (SP) Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) 15 Tekst og sjanger (NOR140_1) 10 Litterær analyse (MNOR140_1) 10 Litterær analyse (NOR140_2) 10 Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) 10 Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) 5 Ope for Ope for alle bachelorstudentar i nordisk ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar. Internasjonale studentar kan søke opptak til UNOR165 Tekst og tolkning. Det akademiske innhaldet i UNOR165 er likt innhaldet i NOR165, men studentane kan velje mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søke opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne. Emneevaluering Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga. Litteratur Nordisk, primært norsk litteratur og medietekstar, men tekstar på svensk og dansk skal vere representerte og lesast på originalspråket. Både mannlege og kvinnelege forfattarar, samt side 4
tekstar på både bokmål og nynorsk, samt samiske tekstar i omsetjing skal vere representerte. Endeleg litteraturliste vil ligge føre i god tid før semesterstart. 10 verk 100 sider litteraturteori Ein roman, eit drama, ein film eller eit tv-program tel som eit verk. Det same gjer 100 sider prosa og 40 sider lyrikk. Innføringsbøker Christian Janss og Christian Refsum: Lyrikkens liv. Innføring i diktanalyse, Universitetsforlaget 2003 Frode Helland og Lisbeth Pettersen Wærp: Å lese drama. Innføring i teori og analyse, Universitetsforlaget 2011 Jakob Lothe: Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse. Universitetsforlaget 2011 Jens E. Kjeldsen: Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori, 2.utg. Spartacus 2009 Jostein Gripsrud: Mediekultur og mediesamfunn, 2. utg. Universitetsforlaget 2002 side 5