UTVIKLINGSPLAN STEINGARDEN BARNEHAGE

Like dokumenter
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

UTVIKLINGSPLAN VISJONEN VÅR: - hver og en unik i et godt fellesskap. Mål: - ein god start på livet

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Virksomhetsplan

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Årsplan Hvittingfoss barnehage

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Velkomen til Mork barnehage

Bærekraftig utvikling

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Vetlandsveien barnehage

HANDLINGSPLAN FOR BARNEHAGEN

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Velkommen til foreldremøte

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

-med livslang lyst til lek og læring. Årsplan for Sørumsand barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Furuhuset Smart barnehage

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Sandeid skule SFO Årsplan

FJELLHAGEN BARNEHAGE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

ÅRSPLAN FOR MOSVIK BARNEHAGE 2013/2014 DET PEDAGOGISKE ÅRET : ORGANISERING ANSATTE ÅRSHJULET

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Plan for overgangar. for barn og unge

Knøttene familiebarnehage

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Månadsplan for Hare November

Åpen Barnehage. Familiens hus Hokksund. Vil du vite mer, kom gjerne på besøk. Våre åpningstider:

Pedagogisk plattform for Studentbarnehagene i Tromsø

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Årsplan Gamlegrendåsen barnehage

Årsplan Gimsøy barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

-den beste starten i livet-

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Årsplan for Furumohaugen familiebarnehage 1

LEKER'N ÅPEN BARNEHAGE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

Årsplan, Ebbestad barnehage. Ebbestad Barnehage Årsplan 2010/ 2011

KROPPANMARKA BARNEHAGER. Okstad og Okstadvegen barnehager. VIRKSOMHETSPLAN for

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

ÅRSPLANEN 2015/16 VI ER BEST SAMMEN

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

Tiltaksplan

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

VIRKSOMHETSPLAN

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

FORELDREMØTE PICASSO LEK, LÆRING OG OMSORG

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

FØRRESDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN 2016

Barnehageplan for Vinje kommune

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

Barnehagens samfunnsmandat

Transkript:

UTVIKLINGSPLAN STEINGARDEN BARNEHAGE 2014-2016

Innholdsfortegnelse: Innleiing... 3 Presentasjon av barnehagen... 3 Barnehagen sin eigenart og profil... 3 Den gode barndomen... 4 Den skapande leiken... 4 Dei omsorgsfulle vaksne... 4 Barnehagen sitt samfunnsmandat... 4 Overordna visjon... 5 Overordna verdigrunnlag... 5 Barnehagen sin eigen visjon og målsetting... 5 Barnehagen sitt verdigrunnlag og kjerneprosessar... 5 Danning... 8 Omsorg... 8 Leik og læring systematikk og improvisasjon... 9 Språk - kommunikasjon... 9 Implementering / Lærande organisasjon... 10 Foreldresamarbeid... 10 Etaten sine områder for satsing for perioden 2014 2015/16... 11 Barnehagen sine områder for satsing 2014 2015/16... 11 «Være sammen» - et endringsprogram og kompetanseløft i barnehage... 11 Kunst kultur og kreativitet musikk og drama... 12 Plan for kompetanseheving og møter... 12 2

Innleiing Alle barnehagar er gjennom barnehageloven pålagt å utarbeide ein plan som synleggjer det pedagogiske arbeidet i den enkelte barnehage. Dette arbeidet tar i første rekke utgangspunkt i formålet med barnehageloven og retningslinjene i Rammeplanen, samt etaten sine områder for satsing. Desse gjer greie for barnehagen sitt samfunnsmandat, innhald og oppgåver og gir personalet ein forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen si verksemd. Barnehagen sitt innhald bygger på ein heilskapleg pedagogikk, kor danning, omsorg, leik og læring er særleg vektlagt. Planen har både eit her og no og eit framtidsperspektiv, og understrekar som viktig at barnehagen sin eigenart blir brukt som pedagogisk verkemiddel. Planen baserar seg på personalet sin ståstadsanalyse og foreldra si tilbakemelding, samd barna si oppleving av trivsel i barnehagen. Utviklingsplanen, slik den synas, er først og fremst meint å vere eit overordna arbeidsreiskap for personalet for å sikre at det er samanheng og progresjon i alt vi utfører. Den skal også tene som eit bindeledd i forholdet mellom barnehagen og foreldra, og danne grunnlag for ei løypande vurdering av arbeidet og for kommunen sitt tilsyn med barnehagen. Som eit supplement til utviklingsplanen vil det bli utarbeid ein driftsplan som inneheld ein meir detaljert oversikt over det pedagogiske arbeidet i barnegruppa. Utviklingsplanen er handsama av barnehagen sitt Samarbeidsutval. Presentasjon av barnehagen Steingarden barnehage er ein basebarnehage som gjev eit heildags - tilbod til 38 barn i alderen 1 6 år. Grunnbemanning: Styrar, 3 pedagogar og 5 assistentar. Barnehagen sin eigenart og profil Steingarden barnehage er spesiell i si utforming. Han har fått forma si ut frå tankar og idear om å legge tilrette dei fysiske forholda slik at det føreligg best moglege føresetnader for barna til utvikling og læring gjennom skapande leik og aktivitetar, uansett alder. Barnehagen har sin eigenart i at han ikkje er delt inn i avdelingar, men har eit leike- og opphaldsareal felles for alle barn frå 1 til 6 år. Barna sitt leikeareal er delt inn i små rom, der kvart rom legg til rette for særskilde leikeformer. 3

Gjennom desse tre profileringsområdene skal barna utvikle basiskompetanse av variert art; sosial, etisk, språklig, kreativ og kulturell: Den gode barndomen I nært samarbeid med foreldra tar vi ansvar for å gi barna ei best mulig start på barndommen ved å gi dei mange gode opplevingar prega av mykje leik, læring, humor og glede, - i trygge omgivnader. Den skapande leiken Vi legger vekt på at barnas fantasi og skaparevne skal utvikle seg gjennom eit allsidig, tilpassa aktivitetstilbod basert på kreativ tenking og utfolding. Dei omsorgsfulle vaksne Dei vaksne i barnehagen møter det enkelte barn med kjærlig omsorg, forståing og respekt, og står fram som gode førebileter og verdiformidlarar. Dei er profesjonelle aktørar som: - Har barna sitt beste i fokus - Har ein autoritativ vaksenstil - Er deltakande og gir rom for leik, humor og glede - Reflekterar over eigen praksis - Har endringskompetanse Barnehagen sitt samfunnsmandat Barnehagen skal tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til barn sitt beste. Han skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod til småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det enkelte barn, samtidig som omsynet til fellesskapet blir ivaretatt. Han skal sikre barn eit oppvekstmiljø som både gir utfordringar som er tilpassa barnet sin alder og funksjonsnivå, og som vernar barnet mot fysiske og psykiske skadeverknader. Barnehagen skal ha dei fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetar som til ein kvar tid samsvarer med eksisterande kunnskap og innsikt om barndom og barn sine behov. Barnehagen skal også ha ein helsefremmande og ein førebyggande funksjon, og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Samtidig har barnehagen ei samfunnsoppgåve i tidleg førebygging av diskriminering og mobbing. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn med eit aukande kulturelt mangfald som også skal gjenspeilas i barnehagen. Sosiale, etniske, kulturelle, religiøse, språklege og økonomiske forskjellar i befolkninga fører til at barn kjem til barnehagen med ulike erfaringar. Barnehagen skal støtte barn ut frå deira eigne kulturelle og individuelle føresetnader. 4

Overordna visjon Meir læring for alle! Overordna verdigrunnlag Desse verdiane ligg til grunn for arbeidet med barn og unge, for samhandlinga mellom vaksne og for avdelingane: Engasjement Inkludering Omsorg Målretting Utfordring Barnehagen sin eigen visjon og målsetting Trygg start i eit skapande mangfald, med meir læring for alle Vi vil stimulere barnas evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar og legge grunnlaget for allsidig utvikling. Barnehagen skal bidra til at barna blir i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda og til å sjå seg sjølv som eit verdifult medlem av eit større fellesskap. Vi vil legge til rette for at kvart enkelt barn utviklar sine unike eigenskapar igjennom eit godt og variert utviklings- og aktivitetstilbod, prega av glede, omsorg, tryggleik og kreativ utfolding. Barn og foreldre får høve til å vere med på å bestemme barnehagekvardagen sitt innhald, slik at kvart enkelt barn får eit så veltilpassa tilbod som mogleg. Vi vil gi barna ei positiv sjølvoppfatning, og utvikle deira eigne evner til god samhandling og innleving i eit miljø som er inkluderande. Barnehagen sitt verdigrunnlag og kjerneprosessar Barnehagen sine grunnleggande verdiar tar utgangspunkt i Barnehageloven 1 Formål - som baserer seg på eit positivt menneskesyn og eit heilskapssyn på barn. Barndommen har sin eigenverdi og danning til demokrati er formulert som et ideal. Dei vaksne formidlar haldningar som er i samsvar med allmenngyldige etiske grunnverdiar, som er forankra i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Barna skal utvikle evna til å vere eit godt medmenneske og fremme nestekjærleik, tilgjeving, menneskeverd, likeverd og likestilling, vise ansvar for fellesskapet, ærlegdom og rettferd. 5

Vår oppgåve er å vere gode førebilete for handlingar og haldningar. Den gylne regel som seier at alt du vil andre skal gjere mot deg skal du gjere mot dei, står sentralt. Vi tar barna på alvor og viser innsikt og forståing for deira behov. Barna skal vite at vi er der for dei, så dei føler seg trygge og får hjelp og støtte når noko kjennest vanskeleg. Dei vaksne bygger opp om kvart enkelt barn sin sjølvtillit gjennom eit aksepterande og inkluderande miljø, og gir dei ei kjensle av å vere verdsette. Barna lærer å ta omsyn, vise toleranse og føle omsorg for kvarandre. Personalet legger vekt på at barna lærer å vere høflege og vise god folkeskikk. Dei vakne sitt arbeid tar utgangspunkt i at barn utviklast og modnast best i samspel med andre menneske i trygge og stimulerande omgivnader, der dei vaksne møter barna med kjærlig omsorg, forståing og respekt. Men vi synes også det er viktig at barn blir lærde opp til at dei vaksne er autoritetar i forhold til dei, og er dei som set grenser når dette er naudsynt. Klare grenser skaper tryggleik for barn. Derfor legg vi vekt på å lære barna kva normer og reglar som gjeld. Gjennom aktiv deltaking, lærer vi barn å ta ansvar for fellesskapet og utvikle sjølvstende og evne til å hjelpe. På den måten ser dei at deira bidrag betyr noko for andre. Barna sin kvardag er variert og utfordrande, men også stabil og roleg. Vi gir barna opplevingar og erfaringar frå eige nærmiljø, og også tid til å arbeide med opplevingane og inntrykka gjennom skapande leik. MI, læringsstrategiar, læringsstilar og læringsmiljø Tilrettelegging av det fysiske læringsmiljøet Dei fysiske høve rundt barna er lagt til rette for allsidig stimulering ut frå tanken om at barn lærer på ulike måtar og har varierte føresetnader og behov. Barna skal få sjanse til å bruke evnene sine til det dei mestrar best. Gjennom refleksjon/evaluering blir det fysiske læringsmiljøet kontinuerlig justert. Temaarbeid i aldersinndelte grupper For å ivareta utvikling og framsteg hos kvar enkelt unge gjennom heile barnehageopphaldet, tilpassar vi temaarbeidet til ulike aldersgrupper. Omfanget og vektlegging av ulike tema tar utgangspunkt i Rammeplanens innhald, og prosessmåla i fagområda/progresjonsplanane. Gjennomføringa baserer seg på systematisk observasjon av enkeltbarn og planlegging/improvisasjon som arbeidsmetode. «Den gode stolen» «Ukas gluping» Kvar uke gjennom heile året får eit barn sitte i «Den gode stolen» og bli kåra til ukas gluping ved å bli fortalt av dei andre barna kva dei synes barnet er god til. Føremålet er å framheve kvart enkelt barn på ein positiv måte, styrke sjølvbilde og sjølvhevdelsen, og gi barna ei øving i å ha fokus på det dei mestrar. Det som blir sagt blir skreve inn i eit MI skjema under de forskjellige glupområda og hengt opp i glas og rame. Vi ser på «Den gode stolen» er ein viktig kjerneprosess i forhold til danning. Observasjon / kartlegging / foreldresamtalar Barna blir observert og kartlagt i forhold til «Alle med og MI skjema. Kartlegginga dannar grunnlaget for foreldresamtalane og følgt opp i forhold til kvart enkelt barns behov. 6

Barnas visningsmappe For å sikre overgangen frå barnehagen til skulen utformer vi ei visningsmappe samen med barna som dokumenterer kvart enkelt barn si utvikling og læring. Mappa inneheld bl.a. ein intelligensprofil (MI-skjema) som synleggjer barnet sine sterke sider og eventuelle behov. Foreldra får mappa heim til gjennomlesing og samtykke, før overleveringen til skulen. Overføringsmøte med barnas lærer Etter kvart har stort sett alle skular vi leverer barn til, innarbeida rutinar med overføringsmøter mellom barn/(foreldre) og kontaktlærer/(ped.leiar) i barnehagen. Visningsmappa dannar utgangspunkt for møtet. A. Mappe for vurdering og læringsstøtte Viser til foregående punkt under «Observasjon/kartlegging/foreldresamtaler», «Barna sine visningsmapper» og «Overføringsmøte» B. Arbeid med sosial kompetanse Førebygging av mobbing Programmet «Være sammen» Viser til allereie utarbeid emneplan for gjennomgåande tema «Prososial læring» som er ein viktig implementeringsdel i arbeidet med førebygging av mobbing. I tillegg har barnehagen utarbeida ein plakat som utgjer handlingsplanen i førebyggingsarbeidet. Programmet: «Være sammen» vil inngå som ein viktig kjerneprosess framover. C. Felles progresjonsplanar for fagområda Barnehagen har progresjonsplanar for fagområdar både for dei minste og dei støste barna. D. Tiltak for overgangane og samanhengen i læringsløpet Steingarden barnehage har etablert gode samarbeidsrutinar mellom barnehage og skule for å sikre størst mulig kontinuitet og kraft i det pedagogiske arbeidet (sjå pkt. A) 5 åringane er aktive brukarar av Kleppe skule gjennom heile siste året i barnehagen. Vi er opptatt av å sikre samanheng og progresjon i overgang til skulen og har derfor ein eigen arbeidsplan for 5 åringane. Alle barn vitjar skulane dei skal gå på før skulestart. E. Systematisk arbeid med språkutvikling og matematikkforståing Barnehagen har jobba systematisk og målretta med fagområda «Kommunikasjon, språk og tekst» og «Tal, rom og form» i mange år. Det gjelder både det vaksenstyrte og strukturelle og det kvardagslege og spontane. Vi har innført varige praktiske tiltak som språkdag, bruk av bokkasser, utlån av bøker og systematisk bruk av BUM (omgrepsutviklingsmodellen). Barna har stor tilgang på et allsidig aktivitetsmateriale som stimulerer omgrep- og matematikkforståelsen. F. Barnehagen som en lærande organisasjon Vi legger Knut Roald sine prinsipp om ein lærande organisasjon til grunn for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd. 7

Danning Jfr. Rammeplanen: Barnehagen skal være ein arena for danning, forstått som ein kontinuerlig prosess som skjer i og med alle mennesker innafor eit sosialt og kulturelt fellesskap. Danning er noe meir enn oppseding og forutsetter refleksjon hos personalet. Danning må sjåas i samanheng med syn på barn, læring og utvikling og kva for pedagogisk vei barnehagen skal gå. Barnehageopphaldet og det barna får ut av tida i barnehagen er første del av eit livslangt danningsløp (utdanningsløp). Dei vaksne sitt ansvar er å balansere mellom den individuelle søyla der barn skal lære å stå på eigne bein, og den sosiale søyla der barn skal utvikle medkjensle, ansvar, respekt, toleranse, engasjement og kulturell identitet og forståing. Alt dette skal barn utvikle gjennom omsorga dei vaksne gir og ein læringsorientert pedagogikk der leken er virkemiddelet for læring. Kjerneprosessar: Jfr. Pkt. A. Arbeid med sosial kompetanse Førebygging av mobbing Programmet «Være saman» I Steingarden barnehage: har ei samla personalgruppe den same forståinga for kva som ligger i omgrepet danning og kvifor omgrepet har kome inn i formålsparagrafen er danning forankra i dei grunnleggande verdiane som blir formidla til barna er dei vaksne medvitne om korleis danning skjer og kva for nokre vilkår som må ligge til grunn for det pedagogiske arbeidet brukar vi bl.a. praksisfortellingar som bakgrunn for refleksjon/justering/vurdering og bevisstgjering Omsorg Jfr. Rammeplanen: Barn har rett til omsorg og dei vaksne har plikt til å gje dei omsorg. Omsorg er først og fremst ein kvalitet ved relasjonen mellom mennesker. Grunntonen i ei omsorgsfull relasjon er romslegheit, lydhøyrheit, sensitivitet og innleving. Alle barn i barnehagen skal oppleva omsorgsfulle relasjonar til vaksne i alle situasjonar og aktivitetat. God omsorg er ei føresetnad for barnehagens arbeid med danning og læring. Omsorg er avgjerande for den mentale helsa. Førebyggande arbeid mot mobbing er eit eksempel på korleis barnehagens førebyggande helsearbeid smeltar saman med det pedagogiske arbeidet. Kjerneprosessar: I Steingarden barnehage: er «Dei omsorgsfulle vaksne» eit av barnehagen sitt profileringsområde. erfarar alle barn eit godt psykososialt og helsefremmande miljø der alle vil dei vel opplever barna livsglede og tilhøyring i barnehagens fellesskap erfarer alle barn at dei sjølv kan bidra til andre sin trivsel ved å vere hjelpsame brukar vi bl.a. praksisfortellingar som bakgrunn for refleksjon/justering/vurdering og bevisstgjering 8

Leik og læring systematikk og improvisasjon Jfr. Rammeplanen: Leik er barna sitt arbeid leik er læring Leiken er ei grunnleggande livs- og læringsform som barn uttrykker seg gjennom, og skal derfor ha ein stor og viktig plass i barn sine liv. Å få leike er en rettighet barn har. Leiken gir barna verdifulle sosiale erfaringar der de lærer å innordne seg. Barna utviklar ein samansatt kompetanse gjennom leiken kunnskap, ferdigheter og holdningar. Denne kompetansen utviklas best ved at læringsmiljøet ligger til rette for både formelle og uformelle læringssituasjonar. Læring er en sosial og individuell prosess frå begynnande mestring eller forståing til meir mestring og forståing og læring. Barn lærer når dei deltar saman med andre i aktiviteter som gjev dei meining, og dei lærer gjennom sanselig, kroppslige, kognitive, følelsesmessige og språklege erfaringar. Læring av kunnskap og ferdigheter er ein livslang prosess. Barn tileignar seg omgivnadene sine verdiar, ferdigheter og kunnskaper gjennom interaksjon og kommunikasjon med andre. Kjerneprosessar: Jfr. MI, læringsstrategiar, læringsstilar og læringsmiljø I Steingarden barnehage: sporar dei vaksne einsidig leik over på noko nytt eller deltek i leiken saman med barn, for å gi leiken ny næring og sikre god lek. støtter dei vaksne barn sin nysgjerrighet, vitebegjær og lærelyst for å gi et godt grunnlag for livslang læring. støtter personalet seg til aktuell litteratur som gir oss meir teoretisk forståing for lekens tyding for læring. brukar vi bl.a. praksisfortellingar som bakgrunn for refleksjon/justering/vurdering og bevisstgjering Språk - kommunikasjon Jfr. Rammeplanen: Tidleg og god språkstimulering er viktig for å utvikle barn sin basiskompetanse. Barnehagen og foreldra har eit felles ansvar for å sjå til at barna sine føresetnader i høve til lese- og skriveferdighetar blir best mogleg. Barnehagen sin oppgåve er å gi ekstra hjelp å støtte til dei barna som av ulike grunnar har ei forsinka språkleg utvikling eller to - språkleg bakgrunn. Mye av kulturoverføringa er knytta til kommunikasjon, språk og tekst. Barnehagen har derfor eit stort ansvar i høve til kva slags fortellingar, bøker, songar, bilete, media m.m. barna blir kjent med frå alle kulturar som er representert i barnehagen. 9

Kjerneprosessar: Jfr. Pkt. E: Systematisk arbeid med språkutvikling og matematikkforståing I Steingarden barnehage: legger dei vaksne opp til aktivitetar, tilpassa barna sin alder, som stimulerer både kroppsspråket, talespråket og tekstforståinga, samtidig som det skjer ei kulturoverføring. skapar personalet eit miljø kor barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, fortelling, song og samtale, og er medviten kva for nokre etiske, estetiske og kulturelle verdiar som formidlas. brukar barnehagen kartleggingsverktøy for å sikra ei god språkleg oppfølging. oppmuntrar dei vaksne barn med fleirspråkleg bakgrunn til å vere språkleg aktive og samstundes gi dei erfaringar som bygger opp deira omgrepsforståing og ordforråd i norsk brukar vi estetiske verkemidlar til språklig inspirasjon brukar vi bl.a praksisfortellingar som bakgrunn for refleksjon/justering/vurdering og bevisstgjering Implementering / Lærande organisasjon Jfr. Rammeplanen: Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar. Kvalitetsutviklinga i barnehagen inneberer ei stadig utvikling av kompetansen til personale. Eit kjenneteken ved en lærande organisasjon er at alle tilsette er engasjerte i å dele kunnskap om korleis dei best kan nå organisasjonen sine mål. Kollektive refleksjonar er ein føresetnad for at barnehagen skal vere en lærande organisasjon. Implementering handlar om å omsette teori/ide til den daglege praksisutøvinga. Når noko er implementert har det skjedd ei endring av praksis. Kjerneprosessar: Jfr F: Barnehagen som en lærande organisasjon I Steingarden barnehage: stimuleras dei tilsette til å sjå ting på nye måtar og kontinuerleg utforske korleis vi kan lære saman og sette nye tankar ut i livet som fører til varig endring av praksis brukar vi bl.a. praksisfortellingar som bakgrunn for refleksjon/justering/vurdering og bevisstgjering Foreldresamarbeid Jfr. Rammeplanen: Barnehagen skal, i samarbeid og forståing med heimen, ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det er foreldra som har hovudansvaret for barnas oppseding og danning. Barnehagen skal være et supplement til heimen. Det er derfor viktig at samarbeidet mellom barnehagen og foreldra er prega av gjensidig tillit og openheit og forståing. Foreldresamarbeidet skal skje både gjennom formelle kanalar, som foreldreråd og samarbeidsutval, og gjennom meir uformelle samarbeidsformer, som foreldremøte, foreldresamtalar, frivillig deltaking i barnehagen sitt arbeid og arrangement. 10

Kjerneprosessar: I Steingarden barnehage: opplyser vi om og drøfter barnehagens samfunnsmandat, verdigrunnlag og personalet si praktisering av dette i FAU/SU. tilbyr vi foreldreveiledning Etaten sine områder for satsing for perioden 2014 2015/16 2014/15 2015/16 BARNEHAGE FELLES GRUNNSKOLE OG BARNEHAGE Barnehagen sitt mandat; danning, lek og læring Fagområda, særlig dei estetiske Læringskultur Foreldrerolla Barnehagen sitt mandat; danning, lek og læring Fagområda, kjønnsroller Læringskultur Foreldrerolla Barnehagen sine områder for satsing 2014 2015/16 «Være sammen» - et endringsprogram og kompetanseløft i barnehage Programmet «Være sammen» har sin forankring i Barnehageloven 1 og 3 som spesifiserer barnehagen sine oppgåver og barna sine rettigheter. Programmet ser på barnehagen som ein viktig arena for barnet si medverking og modning, i konstruktivt samspill med varme og grensesettande vaksne. Programmet har ein allmennpedagogisk innretning og ser sin innsats i perspektiv av «tidleg innsats». Oppmerksamheten er særleg retta mot haldningar og åtferd som indikerar at barn kan bli belasta seinare i livet. Den autoritative vaksenstilen er eit grunnleggande prinsipp i «Være sammen» Prinsippet går ut på at dei vaksne utøver sitt yrke i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og ein tydeleg vaksenstil når det gjelder å sette krav og grenser. Steingarden barnehage har vald å jobbe systematisk med dette programmet fordi det samsvarer med vårt tidlegare prosjekt: «Forebygging av mobbing» og vil kunne bli eit viktig verktøy/tiltak for å imøtekome mobbemanifestet. Prosessmål: heve kompetansen hos alle tilsette i barnehagen, slik at kvaliteten i det daglege arbeidet med barna styrkas. forbetre kvaliteten når det gjeld tidleg innsats, utvikling av sosiale ferdigheter, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå. dei vaksne utøver et felles handlingsmønster i innlæring av normer og verdiar overfor barna 11

dei vaksne utviklar relasjonskompetanse Tiltak: Jfr. Implementering av «Være Sammen» Framdriftsplan: Hovudfokus på teoridelen: Hefte 1: Den autoritative vaksenstilen og relasjonsarbeid i bhg. Hefte 2: Tidleg innsats og handtering av utfordrande åtferd Hefte 3: Rettleiing i kollegagrupper Hefte 4: Implementering, organisasjonslæring og teamutvikling. Ansvar: Leiarteamet Kunst kultur og kreativitet musikk og drama Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna utviklar si kjensle for å lytte, legge merke til og uttrykke seg gjennom allsidige møter med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk. Barna skal og utvikle evna til å gi varierte uttrykk gjennom sin skapande verksemd. Målsetting: Gjennom arbeidet med musikk og drama skal barna øve seg i å lytte og gjenskape og finne gleda i å vere kreative. Øve opp den kreative evna Tiltak: Jfr. Progresjonsplanen for kunst, kultur og kreativitet Ansvarlig: Dei pedagogiske leiarane Vil bli vurdert slik: Halvårlig Plan for kompetanseheving og møter Dato Aktivitet Tema Målgruppe Ansvar 07.08.14 14.08.14 20.08.14 Leiarmøte/Rådhuset Planleggingsdag Fagteamsamling/ Feistein 1200-1500 Foreldremøte Oppstart av nytt barnehageår. Akkurat nok hjelp og støtte Informasjon Styrer/rektor Fagteamtilsette Nye foreldre Styrar/ped.lei. v/helga Styrar/ped.lei. 12

Dato Aktivitet Tema Målgruppe Ansvar 04.09.14 04.09.14 10.09.14 17.09.14 23.09.14 30.09.14 01.10.14 14.10.14 21.10.14 30.10.14 03.11.14 12.11.14 14.11.14 21.11.14 28.11.14 02.12.14 03.12.14 IKT-nettverk/Feistein 0830-1130 Kurs foreldretillitsv. Kleppe skule 1900-2100 Nettverk gr.2+4 1100-1500 Fagteamsamling/ Kommunest.sal 1230-1530 Kurs for foreldre og personalet Rådhuset 1900-2100 Ped.leiar samling Hel dag Kommunst.sal Leiarmøte/Rådhuset Nettverk: Være saman 1230-1500 Personalmøte 1700-1900 Leiarteamsamling Halv dag IKT-nettverk datarom/rådhuset 0830-1130 Nettverk gr. 2+4 Felles panlegg.dag Rådhuset 2.g halv dag 0830-11.30 Ped.leiar samling Halv dag Kommunest.sal Julebord Fagteamsamling Leiarmøte/Rådhuset Digitale verktøy/kunst, kultur og kreativitet Grep om omgrep «Være saman» v/eivind Skeie Tema: May Brit Drugeli «Være saman» Minoritetsspråklige barn v/loveleen Brenna Digitale verktøy/kunst, kultur og kreativitet Tilknytning v/svanaug Lunde Leiaropplæring Møte med sårbare foreldre IKT-ansvarlig Styrane Fagteamtilsette Foreldre og personale Ped.leiar. Styrer/rektor Ressurspersonene i Være saman IKT-ansvarlig Styrer Odny Helen Lærum Helga Hope Fagteamtilsette Styrar/rektor Marianne Undheim v/åse v/ Helga v/ Helga v/helga Styrer/ped.lei. Marianne Undheim v/åse v/helga 13

Dato Aktivitet Tema Målgruppe Ansvar 02.01.15 09.01.15 14.01.15 22.01.15 27.01.15 28.01.15 02.02.15 03.02.15 04.02.15 11.02.15 25.02.15 27.02.15 5+6.03.15 17.03.15 23.03.15 24.03.15 25.03.15 08.04.15 30.04.15 07.05.15 26.05.15 Planleggingsdag IKT- nettverk Feistein 0830-1130 Nettverk gr. 2+4 Nettverk mattematikk Feistein 1300-1500 Kurs Kurs Fagteamsamling Feistein 0830-1130 Nettverksamling Feistein 1000-1300 Ledermøte/Rådhuset Personalmøte Nettverksamling 1300-1500 Feistein Ped.leiarsamling Kommunest.sal Halv dag Styrarsamling i Egersund IKT-nettverk Feistein 0830-1130 Nettverksamling Feistein 1200-1500 Foreldremøte Personalmøte Leiarmøte Planleggingsdag Fagteamsamling 1215-1400 Planleggingsdag 03.06.15 Leiarmøte/Rådhuset Personalkveld «Være saman» Digitalt verktøy/kunst, kultur og kreativitet Barns trivsel v/monica Seland Barns trivsel v/monica Seland Ukjent v/signe Lise Frøyland «Være saman» Med verneombod HMS Minoritetspråkleg arbeid i barnehage Overgang bhg./skule Leiaropplæring Digitale verktøy/ kunst, kultur og kreativitet «Være saman» m/svanaug Lunde «Være saman» «Være Saman» Gruppearbeid og case Evaluering og planlegging Sosialt samvær IKT - ansvarlig Styrarar Ressurspersonen Styrarane Barnehagane Fagteamtilsette Ressurspersonane Styrer/rektor/VO Ressurspersonen Ped.leiarane Styrer/rektor Ressurspersonen Ressurspersonane Foreldrene og alle tilsette Styrer/rektor Fagteamtilsette Styrar/rektor Alle ansatte Styrar/ped.lei. Marianne Undheim v/åse Trude Evjen v/helga v/helga Styrar/VO Tonje Alvestad Ophus Odny Helen Lærum, Helga Hope v/åse og Helga Marianne Undheim FAU Styrar/ped.lei. Styrer/ped.lei. v/ Helga Styrar/ped.lei. 14