Indre Sogn jordskifterett Årsmelding 2006 Frå Leikanger januar 2007. Foto framside Eli Fraas:
ORGANISASJON OG PERSONELL Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider etter lov om jordskifte o.a. av 21. desember 1979. Landet er delt inn i 5 jordskiftedøme og 34 jordskiftesokn. Administrativt ligg jordskifterettane under Domstolsadministrasjonen i Trondheim Indre Sogn jordskifterett omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Kontoret er lokalisert i Statens hus på Leikanger og har 5 tilsette. Ved årsskiftet 2005/2006 var desse tilsette ved kontoret: Jordskiftedommar/kontorleiar Hans Ruud Jordskiftedommar Øystein Lavik Avd.ing Sigurd Dulsvik Avd.ing Frode Loftesnes (Permisjon fram til 1.6.2007). Konsulent Eli Fraas HOVUDOPPGÅVER OG MÅL FOR JORDSKIFTERETTEN Jordskifteretten skal: Leggje til rette for ei betre utnytting av dei ressursane kvar einskild eigedom rår over og leggje grunnlag for ei meir kostnadseffektiv drift. Det gjeld først og fremst landbruks- og utmarksareal, men kan og gjelde andre område. Styrkje eksisterande næringsgrunnlag og leggje til rette for vekst i alternative næringar, t.d. skogbruk, turisme m.m. Klarleggje og fastsetje uklare rettstilhøve. Redusere ulempene ved offentlege utbyggingstiltak ved å kombinere oreigning med arealbyte. Yte god og relevant servise i høve til brukarane. VERKEMIDDEL For å nå desse måla har jordskifteretten følgjande verkemiddel: Oppløysing av sameige. Byte av grunn og rettar. Bruksordning for utnytting av eit område (t.d. jakt, fiske). Avløysing av bruksrettar (t.d. vegrettar, beiterettar). Sams tiltak ( t.d. sams vegbygging, gjerdehald, vatningsanlegg m.m.). Sal og fordeling av tilleggsjord. Deling av landbrukseigedomar. Fordele arealverdiar og kostnader ved sams tiltak innafor byggeområde Skjøn og jordskifte i samband med oreigning for gjennomføring av bygging, utbetring, vedlikehald og drift av anlegg og tiltak. Skjøn og jordskifte i samband med off. regulering av eigarråderett Avtaleskjøn Skjøn etter reindriftlov, veglov, gjerdelov og servituttlov og jordlov. Grensegang. Rettsutgreiing.
SAKSARBEIDET/RESULTAT Oversyn over slutta saker i 2005: Samandrag Oversyn over saksmengda Totalt Omarrondering Bruksordning og sams tiltak Rettsfastsetting Skjøn Tal Gj.sn. Tal Gj.sn. Tal Gj.sn. Tal Gj.sn. Tal Gj.sn. alder 2 a,b,d,f,g alder 2c og e alder 88 alder 6 alder (år) og "andre" (år) (år) og 88a (år) og 6a (år) Avslutta saker 15 1,9 2 0,5 3 4,0 10 1,5 0 0 Føreliggjande saker 30 1,9 6 0,8 3 6,3 21 1,6 0 0 Nye saker 14 4 0 10 0 Overført sak frå Sunnfjord og Ytre Sogn er med i tabellen over. Rettstvistar avgjort i 2006: 28 Rettsfastsetjande vedtak: 13 Indre Sogn jordskifterett har i året 2006 slutta 15 saker. Det kom inn 13 nye krav, og ved årsskiftet låg det føre 30 saker. I tillegg ligg det føre 1 sak som er overført frå Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett. Restansane er dette året redusert med 1 sak. Jordskiftesaker i Aurland kommune: Det er avslutta 2 saker i Aurland kommune. Bakka: Saka galdt rettsutgreiing og grensegang. Bakgrunnen for kravet var planar om utbygging av Tufteelva. Dette er eit omfattande prosjekt og det var naudsynt å klarleggje eigedomstilhøva i elva.. I tillegg vart grensa mellom heimeutmark og sams fjellutmark fastsett. Heimeutmarka til Bakka låg i sameig. Eigedomstilhøva innanfor sameiga vart klarlagde og fastsette. Det var turvande for å få ei rettvis deling av hjortejakta. Tarven: Saka galdt grensegang i fjellet i Flåmsdalen. I denne saka var ei større sameige delt i to mindre sameiger. Grensa mellom desse vart merka. Saka vart løyst ved semje. Jordskiftesaker i Balestrand kommune: Det er avslutta 3 saker i Balestrand kommune. Linde: Saka omfatta både jordskifte av sams utmark, bruksordning og sams tiltak. Heimeutmarka under Linde vart skift til full eigedom. Det vart etablert ordning for jakt for valdet Linde-Sæle og Tenndalen med felles vedtekter. Det vart vedteken ordning for beite i heimeutmarka og ikkje minst vart det bygd ny gardsveg til 4 eigedomar på Linde med ei investeringsramme på om lag 300 000,00 kr. Bolstad-Låne: Saka galdt Rettsutgreing og grensegang. Rettsutgreiinga galdt sams stølsområde i Langedalen, eit fjellområde som tilhøyrer Låne. Grensegangen galdt yttergrensa for sameiga mot granneeigedomen Bolstad.
Lunde: Saka galdt deling av prestegarden i Balestad. Utmarka til Prestegarden vart i denne saka delt frå og overført til granneeigedomen som tilleggsjord. Jordskiftesaker i Luster kommune: Det er avslutta 5 saker i Luster kommune. Døsi: Saka galdt sams tiltak. Ein eigedom fekk vegutløysing ved å bli knytt til ein eksisterande sams veg. Veglag vart etablert. Beimsmarki: Saka galdt bruksordning for jakt. Føremålet med saka var å utarbeide reglar slik at alle grunneigarane i Oklevik, Tang og Beim si utmark fekk delta i hjortejakta i høve til sine rettar i feltet. Jaktlag vart etablert. Vinjane-Kreken: Saka galdt klarlegging av rettslege tilhøve knytt til gamal vegrett og ordning slik at vegretten ikkje skulle stenge for etablering av hjortefarm. Ottom: Saka galdt utgreiing av rettslege tilhøve på eigedomen Bakken. Retten tok og stilling til storleiken på ein teig Luster Allmenning: Saka galdt grensegang for Luster Vestre statsallmenning. Det er gjort vedtak om at allmenningen skal opprettast som naturreservat. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kravde derfor grensegang mot granneeigedomane på nord- og sørsida for allmenningen. I vest har jordskifteretten halde grensegang mellom allmenningen og granneeigedomen etter krav frå grannen på den sida. Det var ikkje tvist om grensene. Jordskiftesaker i Lærdal kommune: Det er avslutta 1 sak i Lærdal kommune. Kvenshagen: Saka galdt grensegang på Fillefjell. Grensa var merka og skriven i ei tidlegare jordskiftesak. Sidan fleire grensemerke ikkje var til å finne att i terrenget, var det turvande å rekonstruere grensa og setje ned nye grensemerke. Planar om hyttebygging utløyste behovet for klare grenser. Jordskiftesaker i Sogndal kommune: Det er avslutta 2 saker i Sogndal kommune. Nes: Saka galdt grensegang mellom ei bustadtomt og ein sams veg. Deling av tomt og utarbeiding av målebrev frå kommunen si side utløyste behovet for å klarlegge grensa mot den sams vegen. Øvre Amle: Saka galdt grensegang mellom Øvre Amla og Luste Vestre statsallmenning. Bakgrunnen for kravet var vedtak om at allmenningen skulle opprettast som naturreservat. Grensa for allmenningen mot grannen i vest var uklar. Grensa vart klarlagt, fastsett og merka. Grensa var omtvista.
Jordskiftesaker i Vik kommune: Det er avslutta 1 sak i Vik kommune. Stedje: Saka galdt tvist om eigedomstilhøva i Jostølteigen og ved Storehaug, og krav om avløysing av beiterett i Kvanndalen og gjerdeordning ved Jostølteigen. Kravet om gjerdeordning og avløysing av beiterett i fjellet vart avvist. Eigedomstilhøva vart fastsette i Jostølteigen og i fjellet ved Storehaug. Jordskiftesaker i Voss kommune: Det er avslutta1 sak i Voss kommune. Engeland: Saka galdt rettsutgreiing i fjellområdet ved Mykjedalsvatnet innafor Engjaland. Retten kom til at det ikkje låg rettar til garden Engeland i dette fjellområdet. ANDRE SAKER Av saker elles som ein har arbeidd mykje med dette året skal ein nemne: Sak nr. 7/98, Gurosete. Gurosete er ei stølsameige tilhøyrande garden Fjøsne i Luster kommune. Saka omfattar rettsutgreiing og grensegang mellom stølområde i fjellet. Om lag 80 partar er involvert. Det er i år sagt dom i eigedomsspørsmålet innafors sameiga Gurosete. I tillegg er det sagt dom i grensespørsmålet mot tre grannestølsameiger. Domane er anka til Gulating lagmannsrett. Sak nr. 4/2003, Håvardsete. Saka gjeld eit tradisjonelt jordskifte i sams utmark. Feltet omgfattar om lag 6000 daa skog og utmark og involverar om lag 50 partar. Det er i år lagt ned mykje arbeid i kartlegging, skiftefeltet er bonitert og retten har kome langt i arbeidet med klarlegging av dei eigedomsrettslege spørsmåla i skiftefeltet. Det er og handsama tvistar om yttergrensa for skiftefeltet. SAMARBEID OG INFORMASJON I høve til brukarane har kontoret utarbeidd serviseerklæring. Innhaldet og rutinane for utsending til brukarane er ikkje endra dette året. OPPLÆRING OG KOMPETANSE Kons. Eli Fraas har delteke på: Dømesamling i Stavanger den 24.-26. april 2006. Kurs i SAP i DA, Trondheim, den 16. mai. 2006. Tilleggsopplæring i SAP hjå Åse Madsen på Lillestrøm den 30. mai 2006. Kurs for sakshandsamarar, 1. bolken, den 8.-10. nov. 2006. Visjonssamling i Stavanger den 27.-28. nov. 2006. Kontorleiar Hans Ruud har delteke på: Dømesamling i Stavanger den 24.-26. april 2006. Kurs i SAP i DA, Trondheim, den 16. mai. 2006. Leiarsamling i DA, Trondheim, den 2.-3. nov. 2006 Visjonssamling i Stavanger den 27.-28. nov. 2006. Kurset Hevd i regi av Tekna i Oslo den 30. nov. 2006.
REKNESKAPEN FOR 2006 Tildeling 2006: kr. 2 751 000,00 Kommentar til dei einskilde postane: 4130111 Løn Underforbruk 87 391,00 kr. Lønsutgiftene vert i hovudsak ikkje styrt av oss. Men dette året har ing. Frode Loftesnes vore ute i permisjon frå 1.06.2007 og ut året. Vikar vart tilsett i perioden 17.06.06 31.08.2007. På grunn av redusert bemanning delar av året har vi hatt underforbruk på lønsposten. 4130118 Arb.avg. m.m. Underforbruk 27 614,00 kr. Er ei følgje av underforbruk på løn. 4130121 Maskiner Overforbruk 40 291,00 kr. Vi har dette året investert i ny kopimaskin, kostnad om lag 50 000 kr. 4130122 Kontorrekvisita Posten er i god balanse. 4130123 Reiser m.m. Underforbruk 32 544,00 kr. Underforbruket skuldast i hovudsak at vi i haustsessongen berre hadde ein ingeniør ute på markarbeid. 4130124 Kontortenester m.m. Overforbruk 14 443,00 kr. Skuldast i hovudsak utgifter i samband med tilsetjing av vikar for den eine ingeniøren i sommar. Utgifter til annonsering m.m. kom på over 20 000 kr. 4130127 Vedlikehald m.m. Underforbruk 13 698,00 kr. Behovet varierar frå år til år. Over tid jamnar det seg ut. Dette året har behovet for vedlikehald ikkje vore større. 4130129 Drift av bygningar Underforbruk 26 582,00 kr. Vi har dette året endra samarbeidsavtalen med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi administrerar no sjølve reinhald av kontora. For straum har vi no avtale direkte med Statsbygg. E-post og internett er lagt over frå Fylkesmannen til vårt eige domstolnett. Desse endringae har ført til reduserte utgifter i 2006. 2 Hovedprioriteringer Utfordringane dei siste to åra har vore knytt til svært knappe budsjett. Vi må prioritere faste løpande utgifter til drift av kontoret som husleige, reinhald, porto og tlf. m.m. Deretter reiseutgifter i samband med markarbeid og rettsmøte. I utgangspunktet har det ikkje vore midlar til utstyr i 2005 og 2006. Men på grunn av overgang til DA fekk vi tildelt 2 nye pc-ar og ny skrivar ved årsskiftet 2005/2006. Då ei stilling vart ståande ledig nokre månader i 2006, fekk vi ledige lønsmidlar. Vi nytta då høvet til å kjøpe ny kopieringsmaskin. Utan desse fornyingane hadde utstyrsituasjonen vår vore bekymringsfull. Per i dag er situasjonen tilfredstillande når det gjeld utstyr. Men med like knappe budsjett framover, vil vi få problem så snart behovet for fornying og vedlikehald melder seg på nytt.
HMT-ARBEIDET Alle tilsette har no tilfredstillande utstyrt kontorarbeidsplass. Indre Sogn jordskifterett Skrivarvegen 2 6863 Leikanger Telefon 57655450 Telefax 57655463 Epost: indre.sogn.jordskifterett@domstol.no