Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA
|
|
|
- Ludvig Ødegaard
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA 1 Organisasjon. Landbrukstjenester Sør SA, org. nr , nedafor kalla laget, er eit andelslag etter samvirkeprinsipp med avgrensa økonomisk ansvar (SA), vekslande kapital og medlemstal. Medlemmane hefter berre med sitt andelsinnskot for gjelda til laget. Laget sitt hovudkontor ligg i Åseral kommune. 2 Føremål. Laget si hovudoppgåve er å skaffe kvalifisert avløysing slik at medlemmane kan få regelmessig fritid, avlasting i onnetider og avløysing under sjukdom m.v. Laget kan og administrere andre former for samarbeidstiltak som kan bidra til å styrkje landbruket og vere utviklande for lokalmiljøet. Laget skal arbeide for gode og trygge arbeidsforhold for tilsette. Laget skal yte tenester av høg kvalitet, vere tilgjengeleg og drive kostnadseffektivt i all si verksemd. Målet er at dette skal bidra til betre driftsresultat, arbeidssituasjon, trivsel og velferd. 3 Ansvar. Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og andre kontortilsette. Det kan og tilsetjast avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.
2 4 Medlemskap/andelar Laget skal vere ope for medlemskap for sjølvstendig næringsdrivande/bedrifter som er gardbrukarar eller tenesteleverandørar innan landbruk Laget kan og yte tenester til andre. Kvar eining/foretak kan berre teikne seg for ein andel. Kvar andel lyder på kr. 100,-, som skal betalast inn over bank. Andelen vert ikkje forrenta. Andelen fylgjer eininga/foretaket og ved eigarskifte vert andelen overført til ny eigar dersom ikkje utmelding føreligg. Dersom ein medlem ikkje har nytta laget sine tenester dei siste 2 år, vil medlemskapen i laget opphøyre. I tillegg kan styret fastsetje ei administrasjonsavgift. 5 Nytting av årsoverskot Korleis årsoverskotet skal kunne nyttast vert vedteke av årsmøtet etter forslag frå styret. Det kan ikkje vedtakast å nytta eit høgare beløp enn det styret føreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølv vedta nytting innanfor følgjande rammar: 1. Godskriving av føretakets eigenkapital 6 Rettar og plikter. Laget skal så langt som mogeleg prøve å løyse medlemmane sine behov for avløysing og gje konkrete svar på spørsmål om velferdsordningane i landbruket. Laget skal informere på viktige område gjennom eigne informasjonsskriv og elektroniske heimesider. Medlemmane må til ei kvar tid rette seg etter lovar og reglar som gjeld for dei tenester som laget utfører, eller som årsmøtet eller styret har vedteke. Når laget står som arbeidsgjevar for avløysarane og løner desse, pliktar kvart medlem å betale sine kostnader til rett tid. Avløysartilskot ved ferie- og fritid skal medlemmen betale inn til sin konto i avløysarlaget, når denne blir mottatt. Medlemmane kan til ei kvar tid få utbetala det dei har tilgode i laget. Alle som kjøper tenester frå laget har ansvar for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen etter gjeldande reglar i arbeidsmiljølova. Medlemmar pliktar og å gje informasjon og opplæring til arbeidstakaren etter gjeldande krav i AML og KSL. 7 Utmelding/Eksklusjon. Medlemskapen er bindande frå innmeldingsdato. Frist for utmelding er 3 månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til laget. Medlem som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremje slikt krav, dei kan og fremje krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal medlemen ha skriftleg varsel og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Medlemmen kan anke styrevedtaket inn for årsmøtet. Ved utmelding/eksklusjon har medlemmen rett til å få betalt attende sitt andelsinnskot dersom han krev det og dersom laget sin økonomi gjev rom for det. Dersom det ikkje vert gjort krav om utbetaling av andelsinnskot, vert den tilført laget sin eigenkapiatal. Innbetalt administrasjonsavgift vert ikkje betalt attende. Det kan
3 heller ikkje stillast krav om del av laget si eige. Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget. 8 Årsmøtet. Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april innanfor laget sitt virkeområde. Alle medlemmar har rett til å møte på årsmøte. Innkalling og sakliste skal sendast skriftleg til medlemmane minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmelding, rekneskap, årsplan og budsjett skal kunngjerast for medlemmane på forsvarleg vis innan 14 dagar før årsmøtet. Dei medlemmane som ber om det, skal få desse tilsendt. Saker som ein medlem ønskjer å handsame på årsmøtet, må vera kome skriftleg til styret seinast 4 (fire) veker før årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemmane krev det. Kvart medlem/driftseining har 1 røyst. Medlemmane kan representerast med skriftleg fullmakt, men ingen kan møte med meir enn ei fullmakt. Tilsette har møte-og talerett. Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si røyst, unnateke ved personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning. Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av møteleiar og ein medlem valde av årsmøtet. På årsmøtet skal følgjande saker handsamast: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 2. Val av møteleiar. Møteleiar må vere medlem. 3. Val av skrivar. 4. Val av ein medlem til å skrive under møteboka i tillegg til møteleiaren. 5. Styret si årsmelding. 6. Rekneskap og revisjonsmelding. 7. Arbeidsplan for komande år. 8. Budsjett for komande år, til orientering. 9. Godtgjersle til tillitsvalde 10. Val: - val av styreleiar for 1 år. - val av styremedlemmer for 2 år. - val av 3 varamedlemmar, i nummerorden, til styret for 1 år. - val av nestleiar - val av revisor - val av medlem og varamedlem til valnemnd - val av utsendingar m/varamedlemmar til årsmøte i Norske Landbrukstenester - val skal vere skriftleg dersom nokon krev dette 11. Andre saker som er med i innkallinga. 9 Styret. Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemmar. 4 blir valde på årsmøte, 1 skal veljast av og blant dei tilsette.
4 Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Styret held minst 4 møte pr. år eller så ofte leiaren finn det naudsynt eller når minst 3 av medlemmane i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 av medlemmane er til stades. Har ein styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan kallast inn. Ved likt stemmetal avgjer leiaren si røyst. 9.1 Oppgåvene til styret. Styret skal leie laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsett av offentleg styresmakt. Styret skal kartleggje, organisere og administrere all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemmane får tenlege løysingar. Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte. Styremedlemmene har teieplikt om alt som gjeld laget si drift. Vidare skal styret bl.a.: 1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om naudsynt fastsetje administrasjonsavgift. Forvalta laget sine midlar og leggja fram forslag om bruk av disponible midlar. 2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver. 3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande lover og reglar. 4. Ha ansvar for laget si årsmelding. 5. Setje opp arbeidsplan og budsjett for kommande år. 6. Tilsetje og seie opp personale og fastsetja løn og tilsetjingsvilkår. 7. Ha ansvar for at administrasjonen har tilfredsstillande bemanning og at kunnskapane til kvar tid står i forhold til arbeidsoppgåvene, og at arbeidsforhold og arbeidsmiljø er slik at det skapar grunnlag for effektivitet og trivsel. 8. Arbeida aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemmane til ei kvar tid får dei tenester dei har behov for. 9. Samarbeida med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i lokalmiljøet. 10. Kan opprette arbeidsutval etter behov. (Vanlegvis samansett av styreleiar, ein styremedlem og dagleg leiar.) 11. Om naudsynt opprette, eller leggje ned, utval som har konkrete tidsavgrensa oppgåver. 12. Kan vedta retningslinjer for verneombod, og kan, - i eige styrevedtak, - gje verneombodet fullmakt på laget sine vegne til å foreta besøk hjå medlemmane. Styreleiar og ein styremedlem bind laget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura. Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut til styremedlemmane innan 14 dagar etter kvart møte. Styreprotokollen skal underskrivast av styremedlemmane som har vore med på handsaminga. 10 Valnemnd. Laget skal ha ei valnemnd på 3 medlemmar, 1 frå Setesdal/Åseral, 1 frå resten av Vest-Agder og 1 frå resten av Aust-Agder.
5 Valet gjeld for 3 år. Kvart år går 1 medlem ut. Den som har sete lengst fungerer som leiar. Det skal kvart år veljast 3 varamedlemmar til valnemnda. Valnemnda skal føreslå kandidatar til alle val som skal haldast på årsmøtet, unnateke revisor. Revisor skal veljast etter innstilling frå styret. Valnemnda skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetje instruks for valnemnda. 11 Tvistar. Tvist mellom laget og ein eller fleire av medlemmane som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemmar. Kvar av partane vel ein medlem og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane ikkje har oppnemnd sitt medlem innan ein frist som er fastsett av styret, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren. Kravet om skilsdom må vera kome inn til styret innan 3 månader etter at medlemen har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader. 12 Vedtektsendring. Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Til gyldig vedtak vert det som hovudregel krevja 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet. I spesielle saker vert det krevja 4/5 fleirtal. 13 Oppløysing - Fusjon. Vedtak om oppløysing eller fusjon av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal av dei røysteføre på møtet. Røysterett krev medlemskap og betalt andelsinnskot. Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre. For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre. Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemmar. Ved vedtak om oppløysing skal eventuelle gjenståande midlar, etter at gjeld er dekka, stå i eit -1- år i tilfelle eit føretak med same føremål vert skipa. Midlane vil då verta overdrege til nytt føretak. Dersom det innan eit år frå årsmøtet som vedtok avvikling, ikkje er stifta nytt føretak, skal avviklingsstyret leggje fram forslag om endeleg disponering av gjenståande nettoformue etter følgjande oppsett; Nettoformuen, etter at avviklingskostnadar er dekka, vert betalt attende til dei som var aktive medlemmar, då vedtaket om avvikling vert gjort, i forhold til samla omsetning dei siste fem åra. Det vert utbetala med lik prosentsats for alle år. Kundar som ikkje er medlemmar, skal ikkje tilgodeses. Vedtektene er godkjend av årsmøte med endringar
Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna
Vedtekter for Landbrukstenester Folgefonna Landbrukstenester Folgefonna - ditt lokale vikarbyrå 1 Organisasjon. Landbrukstenester Folgefonna SA. Org. Nr. 974254514 nedafor kalla laget, er eit andelslag
Vedtekter for Fusa Kraftlag
- 1 - Vedtekter for Fusa Kraftlag Gjeldane frå 01.01.2011 1 Namn Føretaket sitt namn er Fusa Kraftlag SA. 2 Føremål. Fusa Kraftlag SA er eit ålmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital. Føremålet
VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER
VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER 1 Organisasjon Helgeland Landbrukstjenester BA. Org. nr 975 931 366, nedenfor kalt laget, er et andelslag etter samvirkeprinsippet med avgrenset økonomisk ansvar
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02
Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.
VEDTEKTER FOR SUNNMØRE OG ROMSDAL FISKESALSLAG SA 1 Organisasjon Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA. 2 Virkeområde og forretningskontor Foretaket
VEDTEKTER FOR. Gjøvik Avløserlag BA
VEDTEKTER FOR Gjøvik Avløserlag BA Gjøvik Avløserlag - ditt lokale vikarbyrå 1 Organisasjon Gjøvik Avløserlag BA. Org. Nr. 971299738 nedenfor kalt laget, er et andelslag etter samvirkeprinsippet med avgrenset
Kap 1 Innleiande fastsettingar
Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.
VEDTEKTER LANDBRUKSTJENESTER ØST SA
VEDTEKTER LANDBRUKSTJENESTER ØST SA 1 Organisasjon Landbrukstjenester Øst SA med org.nr 971 295 937 nedenfor kallet laget, er et samvirkeforetak med avgrenset økonomisk ansvar, vekslende kapital og medlemstall.
VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA
Vedtekter Tysnes Kraftlag SA Utkast januar 2016 VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Dok 10000271 09.05.2016 1/9 Fylgjande vedtekter for samvirkelaget Tysnes Kraftlag SA er dei vedtektene som medlemene har
VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA
Vedtekter Tysnes Kraftlag SA Vedteken i årsmøte 131210 VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Dok 10000271 09.05.2016 1/8 Fylgjande vedtekter for samvirkelaget Tysnes Kraftlag SA er dei vedtektene som medlemene
VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA
VEDTEKTER FOR Vekselbanken Voss Veksel- og Landmandsbank ASA GODKJEND PÅ GENERALFORSAMLINGA 20. APRIL 2016 VEDTEKTER FOR VOSS VEKSEL- OG LANDMANDSBANK ASA Kap. 1. Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1 Voss
Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )
Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte 22.03.2017) 1 - MEDLEMMAR Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt samarbeidsorgan etter 27 i Kommunelova mellom kommunane Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Sula,
STANDARDVEDTEKTER FOR RENNEBU LANDBRUKSTJENESTER
STANDARDVEDTEKTER FOR RENNEBU LANDBRUKSTJENESTER 1 Organisasjon Rennebu Landbrukstjenester SA med organisasjonsnummer 971381973 nedenfor kallet laget, er et andelslag etter samvirkeprinsippet med avgrenset
Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn
Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn Selskapet sitt namn er Setesdalsmuseet Eigedom IKS 2 Deltakarar og ansvar Selskapet er eit interkommunalt selskap, stifta i medhald
VEDTEKTER for Aurland Sparebank
VEDTEKTER for Aurland Sparebank KAP 1. FØRETAKSNAMN. FORRETNINGSKONTOR. FØREMÅL. 1-1. Føretaksnamn og forretningskontor Aurland Sparebank vart skipa 18 mai 1883, og har forretningskontoret sitt i Aurland
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG INNHALD: DEL I Lover for Norsk Bonde og Småbrukarlag side 1 DEL II Mønsterlover for lokallag av Norsk Bonde og Småbrukarlag side 6 DEL III Mønsterlover for fylkeslag
REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)
SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde
Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon 270504
Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon 270504 1 Selskapet sitt namn Selskapet sitt namn er Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS 2 Deltakarar og ansvar Selskapet er eit interkommunalt
5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:
Vedtekter for Vikedal Bygdahus L/L Reviderte etter årsmøtet 11.02.2010 1 Namn og Selskapsform Vikedal Bygdahus L/L er eit andelslag med vekslande medlemstal, Vekslande kapital og avgrensa ansvar. 2 Føremål
Vedtekter for Sognefrukt SA
Side 1 av 5 Vedtekter for Sognefrukt SA 1 Laget Selskapet sitt namn er Sognefrukt SA. Selskapet har vekslande kapital og medlemstal. For selskapet sine plikter hefter kvart medlem berre for sin teikna
VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE
VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution
Vedtekter for Oppdal Landbrukstjenster SA
Vedtekter for Oppdal Landbrukstjenster SA Vedtatt på konstituerende møte 06.12.1982. og senere endringer på årsmøtene 09.03.87., 15.03.90., 07.02.9., 19.03.98., 19.03.02., 20.04.05., 02.04.08., 14.04.11,
VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS
VEDTEKTER FOR ETNE ELEKTRISITETSLAG AS 2/6 1 Føretaksnamn Selskapets namn er Etne Elektrisitetslag AS 2 Forretningsstad Selskapets forretningskontor er i Etne kommune. 3 Føremål Selskapets føremål er å
VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA
VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA 1 Selskapsform og namn Skjørsand og Fusa vassverk SA er eit samvirkeføretak organisert etter lov av 29.06.2007 om samvirkeføretak. Medlemmene har ikkje ansvar
Vedtekter for Lærdal båteigarlag
Vedtekter for Lærdal båteigarlag Nye,reviderte vedtekter gjeld frå 13. mars 2012. Dei vart vedtekne av årsmøtet 2012 same dato. Desse erstattar vedtektene for Lærdal båteigarlag frå skipingsdatoen 17.
FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.
Styret sitt framlegg til nye vedtekter for Vik Sparebank, handsama i styremøte 25.01.2016 (utkastet er utarbeidd etter standard-/normvedtekter frå Sparebankforeningen). Vedteke i forstandarskap/generalforsamlingsmøte
Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge
Sak L09-15 Vedtektsendringer Vedlegg 1: Vedtekter med forslag til endringer Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge Med endringer vedtatt av landsmøtet på Bjerkem, mars 2014 og forslag til endringer fra
STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009
Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er
for NORDTVEIT VASSVERK SA
VEDTEKTER Rev.1 for NORDTVEIT VASSVERK SA Organisasjonsnr.: 970548637 Gjeldene fra 01.01.2013 1. Selskapsform og forretningsstad Nordtveit Vassverk SA, i desse vedtekter kalt NV, er eit samvirkeføretak
Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål
Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte
Vedtekter for Revisjon
Vedtekter for 1 2 VEDTEKTER 1. Namn Laget sitt namn er: Eidesjøen Grendalag, stiftet 14.10.2002. 2. Føremål og verkemiddel 2.1 Føremålet til grendalaget er å fremja medlemmene sine felles interesser i
Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge
Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge 1 Organisasjonen sitt namn og sete Namnet til organisasjonen er Oikos - Økologisk Norge. Oikos har sete og verneting i Oslo. 2 Føremål Oikos - Økologisk Norge er ein
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL Vedteke i Kommunestyret Dato : 18.2.2004 Sak : 04/2004 15.11.03 - Reglement for politiske utval 2003 2007 K-sak? - side 1 1. KOMMUNESTYRET OG ANDRE FOLKEVALDE ORGAN SIN RETT
3 Forretningskontor Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor er i Fitjar Kommune.
VEDTEKTER Namn, føremål, ansvar og lokalisering 1 Namn Partlagets namn er Fitjar Kraftlag SA (Kraftlaget) 2 Føremål Fitjar Kraftlag SA er eit ålmennyttig partlag med skiftande parteigartal og kapital.
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG INNHALD: DEL I Lover for Norsk Bonde og Småbrukarlag side 1 DEL II Mønsterlover for lokallag av Norsk Bonde og Småbrukarlag side 6 DEL III Mønsterlover for fylkeslag
Unios vedtekter. nynorsk utgåve
Unios vedtekter nynorsk utgåve 1 2 Nynorsk versjon er basert på Unios vedtekter, vedtatt av representantskapet 11. desember 2013. 1 2 Namn Namnet på organisasjonen er Unio. Hovudmål Unio er ein partipolitisk
4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.
Vedtekter Rev. 2: Vedtatt på årsmøte 13.02.2010, erstatter rev. 1, 27.02.2009 1 Foreininga sitt namn er Etne Jeger- og Fiskerforening (EJFF). Foreininga sitt hovudformål er: 2 Å vera ein aktiv interesseorganisasjon
Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)
Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) VEDTEKTER FOR LANDSLAGET FOR LOKAL- OG PRIVATARKIV (LLP) 1 Føremål Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) sitt føremål er å fremje vern og formidling av kommunalt
SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)
SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM) Sist endra i Representantskapsmøte den 30. april 1999. Endringa godkjend i eigarkommunane den 22. november 1999. Selskapsavtalen er tilpassa
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda
Vedtekter for Vestland SV
Vedtekter for Vestland SV 1: Desse vedtektene gjeld for Vestland Sosialistiske Venstreparti. Vestland SV er fylkeslag i Sosialistisk Venstreparti og omfattar dei tidlegare fylkeslaga Hordaland SV og Sogn
VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE
VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE Vedtatt på årsmøte i representantskapet for Vikedal Bygdahus 09.02.2012 1 Namn og Selskapsform Vikedal Bygdahus SA er eit samvirkeføretak med vekslande
VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG
VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG 1. LAGETS NAMN. Lagets namn er Ryssholmen båteigarlag. 2. LAGETS FORMÅL. Lagets formål er å bygge og drive ei trygg og god småbåthamn ved Ryssholmen, samt ta vare på
Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring
Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring Styret fremmer følgende forslag til landsmøtet: Som følge av landsmøtevedtak om
LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)
LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) 1 LAGSFØREMÅLET Laget vil samla norsklyndt bondeungdom til samvære på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden
Vedtekter for Sognefrukt BA
Vedtekter for Sognefrukt BA 1 Selskapet sitt namn er Sognefrukt BA. Selskapet har vekslande kapital og medlemstal. For selskapet sine plikter hefter kvart medlem berre for sin teikna partskapital. 2 Føremål
VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ
VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ Vedtatt på årsmøtet 16. april 2016 1 FOREININGA SITT NAMN Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø. 2. VISJON OG FORMÅL 2.1 Visjon:
VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag
VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag 1 LUSETERMORKJE BEITELAG Lusetermorkje beitelag, nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarane og grunneigarane i Lusetermorkje. Som
VEDTEKT av februar 2007
IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...
SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT BRANNVERNSAMARBEID I VEST TELEMARK IKS. For kommunane; Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal
SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT BRANNVERNSAMARBEID I VEST TELEMARK IKS For kommunane; Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal 1. Namn. Vest Telemark brannvesen IKS er eit interkommunalt
Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge
Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge 1 Organisasjonen sitt namn og sete Namnet til organisasjonen er Oikos - Økologisk Norge. Oikos har sete og verneting i Oslo. 2 Føremål Oikos - Økologisk Norge er ein
UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.
Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk
SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT AVFALLSELSKAP FOR ÅLESUNDREGIONEN
SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT AVFALLSELSKAP FOR ÅLESUNDREGIONEN Vedteke 20. februar 2009. Sist oppdatert etter møte i representantskapet 22. oktober 2014. 1 Heimel. Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG
VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25.februar 2004( 11), 1. mars 2006( 11), 4.mars 2008( 10), 3.mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23.februar 2011 ( 11 4. avsnitt), 17.februar 2016 (
Vedtekter Sagvåg skulekorps.
Vedtekter Sagvåg skulekorps. 1. Organisasjon. Sagvåg skulekorps stifta i 1954 er tilslutta Norges Musikkorps Forbund (NMF) og tilslutta NMF i Hordaland. Styremedlem må vere medlem i NMF. Faste dirigentar
VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken
VEDTEKTER FOR Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken 1. BEITELAGET HØMROBEKKEN- TØSOBEKKEN Beitelaget Hømrobekken- Tøsobekken, nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarar under
VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI
1 VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI INNHALD 1 Føremål side 2 2 Årsmøte side 2 3 Representantskap side 3 4 Styret side 3 5 Nominasjon til stortingsvalet side 4 6 Nominasjon til fylkestingsvalet side
STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF
3. mars 2015 STIFTINGSPROTOKOLL FOR Helse Vest Innkjøp HF Styret i Helse Vest RHF vedtok i sak 26/2015 å stifte Helse Vest Innkjøp HF som eit helseføretak i medhald av lov om helseføretak av 15. juni 2001
Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag
Norsk Sau og Geit Lover for lands-, fylkes- og lokallag Vedtekne 25. mars 2009 Innhald KAP. 1 OVERORDNA MÅL... 3 1 Formål... 3 2 Organisasjonsform... 3 3 Medlemskap... 3 4 Plikter... 3 5 Valdgift... 3
Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten
Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten 1. Føremål Studentidrettslaget Studentspretten skal arbeide for at treningstilbodet til studentane i Sogndal skal bli best mogeleg. Studentidrettslaget
Vedtekter for Fusa Kraftlag
- 1 - Vedtekter for Fusa Kraftlag Gjeldane frå 01.01.2011 1 Namn Føretaket sitt namn er Fusa Kraftlag SA. 2 Føremål. Fusa Kraftlag SA er eit ålmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital. Føremålet
VEDTEKTER. Vedtatt av årsmøtet årsmøtet
VEDTEKTER Vedtatt av årsmøtet årsmøtet 26.03. 2015 1 Foretak Felleskjøpet Rogaland Agder SA også kalla foretaket, er eit samvirkeforetak med hovudkontor og verneting i Stavanger. 2 Formål Felleskjøpet
Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.
Referat Til stades: Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.vara Frå administrasjonen: Linda Dyrnes dagleg
VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )
VEDTEKTER FOR SANDE NORD STORVALD (ajourført 07.04.2008) 1 Sande Nord storvald Sande Nord storvald er ein samanslutning av rettshavarar innafor område som går fram av paragraf 3. Medlemmane har avgrensa
SELSKAPSAVTALE FOR SOGN BRANN OG REDNING IKS
SELSKAPSAVTALE FOR SOGN BRANN OG REDNING IKS 1 Deltakarar Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal og Vik. Andre kommunar har høve
Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval
1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner
Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag
Norsk Sau og Geit Lover for lands-, fylkes- og lokallag Vedtekne 19. mars 2015 Innhald KAP. 1 OVERORDNA MÅL... 2 1 Formål... 2 2 Organisasjonsform... 2 3 Medlemskap... 2 4 Plikter... 2 5 Valdgift... 3
Fargane er raud og kvit. IL Solid sitt merke er to norske flagg som omkranser ein blå stolpe, med tekst 1945, og nedanfor den SOLID.
LOVNORM IL SOLID 1 FØREMÅL Solid er sjølveigande og frittståande idrettslag med utelukkande personlege medlemer. Solid sitt føremål er å driva idrett organisert i Norges Idrettsforbund (NIF) og gjennom
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG 10.03.11
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG 10.03.11 1. Konstituering A. Opning Det møtte 13 medlemmer, inkludert styret. Leiaren ønskte velkommen. B. Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og dagsorden
Fortid & notid for framtid
Fortid & notid for framtid Arkiv og kulturformidling Reglement for styret - Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS, Godkjent representantskapsmøte 28.03.2017 1. FORMÅL Formålet med reglement for
