Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: Arkivsaksnr.: 18/677-1 Årsrapport verne- og miljøarbeid 2017 * Tilråding: Arbeidsmiljøutvalet godkjenner årsrapport for verne- og miljøarbeidet for 2017. Vedlegg: 1. Årsrapport frå Stamina 2017 2. Handlingsplan Stamina 2018 3. Handlingsplan for IA-arbeidet 2018 Saksutgreiing: Fakta om utvalet: Det er 6 røysteføre i utvalet; 3 frå arbeidsgjevarsida og 3 frå arbeidstakarsida. Bedriftshelse Stamina er fast medlem med framlegg- og talerett i utvalet. Arbeidstakarsida v/hovudverneombod har hatt leiarvervet til 31.10.2017, då arbeidsgjevarsida overtok v/rådmann. Leiarperioden er delt med 2 år for kvar av partane i valperioden. Utvalet hadde 4 møte i 2017 og handsama 13 saker. Hovudpunkta i arbeidet til utvalet: Sjukefråværsrapportering og -oppfølging Sjukefråværstala vert sendt til einingane 1 gong kvart kvartal og vert lagt fram som skriv og melding i AMU-møta. Einingane kan i tillegg ta ut eigne rapportar. For 2017 er fråværet 5.8%, ein nedgang frå 2016, der fråværet var 6,2%. Bedriftshelseteneste: Stamina har i 2017 levert bedriftshelseteneste. Jf. Vedlagt Årsrapport frå Stamina og Handlingsplan for 2017. Inkluderande arbeidsliv (IA) Sogndal kommune vart IA-verksemd 01.02.03. Evaluering av IA-mål: IA-plan for 2017 og gjennomgang måla for 2017 ligg som vedlegg i sak om revisjon av IA-avtalen 2017-2019 sjå eiga sak.
Verneombod: Det er i dag 21 verneområde i Sogndal kommune. Alle verneomboda skal ha gjennomført 40- timar kurs. Frank Nymark har vore hovudverneombod i 2017. Nymark vart attvald for perioden 2016-2019. AKAN Retningslinjer for AKAN-arbeidet i Sogndal kommune (rusmiddelpolitikk). Det har ikkje vore Akan-saker i 2017. Tabell 1 - Tal årsverk Eining: 2015 2016 2017 IKT Tenestetorg 9,3 11,7 12 Bibliotek 4,1 5,1 5,1 Kommunalteknikk 35 36,6 34,5 Plan og næring 10 11 10 Helse- og sosiale tenester 64 65 64,5 NAV 3,9 3,8 4,5 Sogn barnevern 25,2 24,5 Helsestasjon 9,4 10,2 Ungdomsavd. 1,6 1,6 Pleie og omsorg 132 134 135 Barnehagar 53 55,6 57 Fjærland oppvekstsenter 7,5 7,2 6,5 Norane oppvekstsenter 16 15,8 22 Kaupanger skule 28,7 28 31,8 Kvåle skule 44 46,7 45 Trudvang skule 35 38,6 40 Sogn PPT 9,80 10 Økonomi og personal 10,1 10,6 11,9 Fag og utviklinga 11 10 10 Flyktningtenesta 5 5,8 5,8 Norskundervisninga 11 14,9 16 Sum 505 546 560 Auken i tal utført årsverk frå 2016 til 2017 er 3%.
Sjukefråværsrapport 2017 Landsgjennomsnitt for kommune pr. 3. kvartal 2017: 9,9% Tabell 2 - Sjukefråvær Eining 2015 2016 2017 IKT /Tenestetorg 5,2 12 7,1 Bibliotek 3,4 0,6 0,9 Plan og næring 5,9 3,3 0,4 Kommunalteknikk 4,9 7,1 6,4 Sogn barnevern 18,5 19,1 10,8 Ungdom 2,3 0,8 2,1 Helsestasjon /jordmorten. 3,5 0,9 2,5 Barnehagane 3,2 5,4 6,9 Pleie og omsorg 6,6 8,7 7,4 Helse og sosial 5,2 5,4 7 NAV 4,5 20,7 8,8 Norskundervisninga 7,1 5,7 6,3 Flyktningstenesta 13,6 3,9 1,8 Fjærland oppvekstsent. 0,1 0,3 0 Norane oppvekstsent. 8,8 1,7 9,2 Kaupanger skule 1,9 5 4 Trudvang skule 5,3 4,6 4,5 PPT 2 5,2 Kvåle skule 2,4 2,6 3,2 Økonomi/personal 5,2 4,2 4,7 Fag/utvikling 2,3 3,6 0,4 Samla 5,3 6,2 5,8 Type fråvær 2015 2016 2017 Fråvær 1-16 dagar 1,4 1,4 1,5 4,8 4,3 Fråvær over 17 dagar 3,9 Sum 5,3 6,2 5,8 Vi har ein nedgang frå 2016 til 2017 på 0,4%. Landsnittet for kommunane pr. 01.10.2017 er på 9,9%. Tabell 3 - Sjukefråvær fordelt på kjønn (i%) Kjønn 2015 2016 2017 Kvinner 9,3 6 6,5 Menn 0,7 2 2,9 Skademeldingar 2017 Det er kome inn 3 skademeldingar. Alle skademeldingar skal rapporterast NAV/KLP og det skal registrert avvik/skademelding internt. Det er innført nye rutinar for melding av skade gjennom SKK. Det er ikkje kome inn skademeldingar via SKK og dette er rapportert til AMU og einingane tidlegare.
Handbok helse, miljø og tryggleik Handbok for helse- miljø og tryggleik vert jamleg oppdatert, sist oppdatert i samband med revisjon av IA-avtalen februar 2017. Systemrevisjon 2017. Det er gjennomført systemrevisjon i Fjærland og Norane Oppvekstsenter i 2017. Medarbeidarundersøking: Det vart gjennomført medarbeidarundersøking i mars 2017. Frå 2017 har ein skifta til 10-faktor undersøking undersøkinga er utarbeida av Linda Lai i samarbeid med KS. Det er utarbeida rutinar og oppfølging av undersøkinga og dette vert rapportert i HMT-plan for inneverande år. I undersøkinga deltok 80% av dei tilsette, noko som er ein auke frå førre undersøking med 25%. 10-FAKTOR KS' medarbeiderundersøkelse resultat 2017 heile kommunen samla Sogndal Navn Sogndal Kommune- Noreg Beskrivelse Indre motivasjon 4,2 4,3 Motivasjonen for oppgavene i seg selv, det vil si om oppgavene oppleves som en drivkraft og som spennende og stimulerende. (Også kalt indre jobbmotivasjon) Mestringstro 4,1 4,3 Mestringstroen gjenspeiler hver enkelt medarbeiders tiltro til egen kompetanse og mulighet til å mestre utfordringer i jobbsammenheng. Autonomi 4,2 4,2 Medarbeidernes opplevelse av å ha mulighet til å jobbe selvstendig og gjøre egne vurderinger i jobben sin, basert på egen kompetanse, og innen en definert jobbrolle. Bruk av kompetanse Mestringsorientert ledelse 4,1 4,3 Medarbeidernes opplevelse av å få brukt egen jobbrelevante kompetanse på en god måte i sin nåværende jobb. 3,8 4,0 Ledelse som vektlegger at den enkelte medarbeider skal få utvikle seg og bli best mulig ut fra sine egne forutsetninger, slik at medarbeideren opplever mestring og yter sitt beste. Rolleklarhet 4,1 4,3 Høy rolleklarhet innebærer at forventningene til den jobben medarbeideren skal gjøre er tydelig definert og kommunisert. Relevant kompetanseutvikling 3,6 3,7 Relevant kompetanseutvikling er avgjørende for at medarbeiderne til enhver tid er best mulig rustet til å utføre sine oppgaver med høy kvalitet, og er avgjørende for kvaliteten på de tjeneste som leveres, uansett hvilken type tjeneste vi snakker om. Fleksibilitetsvilje 4,3 4,5 Medarbeiderens villighet til å være fleksibel på jobb og tilpasse sin måte å jobbe på til nye behov og krav. Mestringsklima 4,0 4,1 I et mestringsklima motiveres medarbeiderne av å lære, utvikle seg og gjøre hverandre gode, fremfor å rivalisere om å bli best. Prososial motivasjon 4,5 4,7 Motivasjon for å gjøre noe nyttig og verdifullt for andre, også kalt prososial motivasjon, er en viktig drivkraft for mange og har en rekke godt dokumenterte, positive effekter.
Samla 4,1 4,2 Tilsettedag. Tilsettedag vert gjennomført kvart andre år. Føremålet med dagen er å gi alle tilsette ei felles oppleving, med fagleg og sosialt innhald, som kan gi inspirasjon og motivasjon i arbeidsdagen. Tilsettedag vart halde 8. februar 2017, med følgjande tema: «Omdømme og lojalitet» Eit foredrag om eigarskap og leveransar innkledd i sjølvironi og eit breitt smil. Rasmus Mo «Å gjere kvarandre gode». Trine Lerum «Slik takler du primadonnaer og vanskelege kollegaer» Per Henrik Stenstrøm Eit foredrag om kva som skapar betre miljø på jobben, kommunikasjon og personalkonfliktar. Fellesarrangement om kveld på Sogndal vidaregåande skule med middag og underhaldning av elevar frå Kaupanger skule. Fellestiltak trening: Tilbakemeldingane på desse tiltaka er svært positive, med stort oppmøte på tysdagstreningane. Frå hausten 2017 vart det og lagt til rette for same treningsopplegg på torsdagar. Det vert gjeve tilskot til medlemsskap i Campus Idrettssenteret kr. 50,- pr. medlemskap, og 140 tilsette nyttar seg av dette tilbodet. Økonomiplan og budsjettarbeidet Handlingsplanane frå einingane dannar grunnlag for AMU si fråsegn til økonomiplan 2018-2021 og årsbudsjett 2018. AMU gav følgjande fråsegn til formannskapet: «Utvalet ber om at det vert sett av tilstrekkeleg med midlar til det førebyggande arbeidet, slik at utvalet aktivt kan bidra til tiltak for lågt sjukefråvær og til å støtte arbeid med psykososiale tiltak på dei ulike arbeidsplassane. Som ein del av dette er det naudsynt at AMU får midlar til å støtte trivselsfremjande tiltak blant dei tilsette, som til dømes tilsettedagen, kompetanseheving, trening på Idrettssenteret (støtte til sosiale arrangement og liknande)». Arbeidsmiljøutvalet (AMU) ber om at det vert sett av tilstrekkeleg med midlar til FDV. Fordeling av HMT-midlar: - rest kr. 68.000,- Midlane vert brukt til innkjøp og opplæring av hjartestartarar i dei einingar som ikkje fekk dette i førre periode, dvs : Trudvang skule, Kyrkjebakken, Furuli, Kjørnes og Notsete barnehagar.