Fakta om kystlynghei Skoglaus kyst kledd i purpur Kystlynghei er beitemark dominert av røsslyng, som får sterk purpurfarge under bløminga på seinsommaren. Kysten har så milde vintre at husdyra kan beite ute heile året. Lyngen er grøn heile året og gir gode beite også vinterstid. I tillegg til røsslyng er det små og store parti med andre typar lyng, samt gras og myr. Kystlyngheiane er eit av dei eldste menneskeskapte landskapa i Europa og danna tidlegare eit nokså samanhengande skoglaust landskap langs kysten frå Portugal i sør til Lofoten i nord. I dag er det berre små fragment att. Onkring 1850 var Kystlynghei utbreidd frå Portugal i sør til Lofoten i nord. Kartet er basert på historiske data og gir berre eit minimumsareal. Kart: Dietmont og Kaland i Haaland (2002) Skapt av menneska gjennom tusenvis av år Kystlandskapet er forma av menneskeleg bruk gjennom tusenvis av år. Langt tilbake i tid var kysten skogkledd, heilt ut på dei ytste skjæra. Frå yngre jernalder for 5000 år sidan blei skogen gradvis rydda. For å drive kystlyngheiane trengte ein berre eld og beitedyr. Den enkle teknologien' gjorde at menneska kunne etablere kystlyngheiar allereie frå dei tidlegaste fasane i jordbruket, då ein starta å drive husdyrhald. I område med skrinn jordbruksjord har kystlyngheiane sikra moglegheit for beiting heile året. Med eit slikt dyrehald har ein ikkje trengt hus til dyra eller å sanke fôr til vinteren. Kystlyngheiane har vore viktige for å sikre stabil matforsyning i kombinasjon med fiske.
Tradisjonell drift Det var vanleg at sau og geit beita på lyngheiane heile året. Om sommaren fekk dei selskap av kyr og hestar. Sauene lamma utan tilsyn, og blei berre samla to gangar i året, for ullklipping og for slakt. Lyngbeitet blei utnytta best mogleg ved å regulere beitetrykket og ved å fornye lyngbeitet med lyngsviing. Ein svidde tidleg om våren mens det enno var tele og god råme i jorda. Fram til 1940-talet var lyngslått [lenke til eige dokument 6] ein viktig del av fôrsankinga langs kysten. På Vestlandet kunne røsslyng utgjere ein tredel av vinterfôret til storfe. Først i 1980-åra opphøret lyngslåttt heilt. På den trelause kysten har ein teke ut torv til brensel [lenke til eige dokument 7] i fleire tusen år. Torv er plantemateriale som er delvis nedbrote, og har god brennverdi etter tørking. Torva dannar store myrer i kystlyngheiane, og blei brukt som brensel heilt fram til 1950-åra. Ein sanka dessutan både torv/mold, tang og tare og bregnen einstape for å strø under dyra som stod inne i fjøset. Einstape blir ikkje beita og planta i dag eit plagsamt ugras som breier seg mykje i lyngheiane. Sau tilpassa kystlyngheiane Utegangarsau av gamal norsk rase, populært kalla villsau, er restar av den gamle norske sauerasen. Rasen var nesten utdødd på 1960-talet, men blei teke vare på av nokre eldsjeler i Austevoll. No finst det mykje av den. For å ta vare på rasen er det viktig å ikkje krysse inn andre sauerasar i villsauflokken, sjølv om dette ville gitt høgare slaktevekt på dyra. Villsauen er liten og har mørt og magert kjøt. Dei har farga ull av anna kvalitet enn moderne sauer og dei fleste dyra har horn. Dyra kan gå ute heile året og kan i stor grad livnære seg på lyngbeite gjennom vinteren, noko moderne saueraser ikkje kan. Villsauboka gir ei grundig framstilling av både rasen, historia og korleis ein driv med villsau på kystlyngheiane. Røsslyngen forsvinn utan sviing Røsslyngen endrar form og utsjånad gjennom livssyklusen, som varar i 40-50 år dersom han får vekse uforstyrra, sjå figur under: I pionerfasen dei første 5-6 åra etter spiring frå frø, har planta pyramideform med eitt langt skot og mange sideskot. Sauene beiter gjerne på lyngen sommarstid. I byggjefasen fram til planta er 10-15 år gamal veks ho kraftig. Lyngen blir tett med ei avrunda form. Lyngen blir gradvis mindre attraktiv som beiteplante om sommaren, men blir beita om vinteren. I den modne fasen fram til 20-25 års alder minkar veksten. Den runde forma løyser seg opp og planta bøyer seg meir utover. Lyngen er så grovvaksen at han normalt ikkje blir beita vinterstid, anna enn når det er mykje snø slik at sauene ikkje får fatt i yngre lyng. For at lyngen skal ha beiteverdi vidare må han brennast, slik at livssyklusen startar på ny.
Tradisjonell lyngheisyklus Gjengroing Røsslyngen endrar form, utsjånad og beiteverdi gjennom livssyklusen. Bonden sin drift av lyngheiane gjer at lyngen stadig etablerer seg på ny og ein får god beitekvalitet.illustrasjon: E. Hazebroek (etter skisse av K. Isdal). Utan lyngsviing går røsslyngen over i degenerasjonsfasen. Greinene bøyer seg stadig meir utover. Lyngen blir så forveda at han ikkje har verdi som beiteplante. Vidare etablerer einer, lauvtre og gran seg raskt i lyngheia, og etter også kvart furu. Bondens skjøtsel sikrar gode beite ved å svi lyngen slik at han ikkje taper seg. Tradisjonelt har ein svidd lyngen når han blir 20-30 cm høg. Kor lang tid det tar før plantene blir så store varierer med veksetilhøva og beitepresset. Med svak beiting blir lyngen raskare gamal. Dersom beitinga blir for sterk vil røsslyngen blir konkurrert ut. Planter som toler sterkare beiting blir meir dominerande, til dømes siv, storr og lite produktive grasartar som finnskjegg. Rikt planteliv I kystlynghei med aktiv drift finst variert vegetasjon med mange ulike planteartar. Eit svidd område blir dominert av gras og urter dei første åra etter sviing, noko som er gunstig for det biologiske mangfaldet. Lyngbeite som har god beitekvalitet heile året må ha ein mosaikk med både gras, ung lyng og eldre lyng. Om sommaren beiter sauene på gras og urter, medan røsslyngen er viktigaste beiteplanten vinterstid. I Kystlyngheiane i Hordaland finst purpurlyng, vestlandsvikke, noko solblom, fleire moseartar og nokre beitemarkssopp, som alle er sjeldne. Andre karakteristiske artar her vest er til dømes klokkelyng, bjønnkam, kystmaure, heisiv og heistorr. Elles finst fleire vanleg artar lyng, som røsslyng, blokkebær, blåbær, tyttebær, krekling og mjølbær. Grasartar ein finn ofte er mellom anna gulaks, engkvein og smyle. Tepperot, skrubbær, blåklokke, legeveronika, gullris og tiriltunge er nokre av dei vanlege urtene. I fuktige parti veks gjerne bjønnskjegg, blåtopp, pors og rome.
Dyreliv tilpassa open mark og milde vintrar Kystlyngheiane i Hordaland (?) husar ein del sjeldne fugleartar som hubro, steinskvett, svartstrupe og bergirisk. Elles finst relativt mange vanlegare fugleartar, til dømes storspove, grågås, fleire måkeartar, heipiplerke, enkeltbekkasin, havørn og kongeørn. Det blomstrande mangfaldet gjer kystlyngheiane til eit eldorado for humler, villbier og mange sommarfuglartar, samt edderkoppar. Det kan vere mykje av dvergspissmus og hjort.