RAPPORT. LYNGHEIPROSJEKT I DALANE Nordmark, Moi i Lund
|
|
|
- Torgrim Berg
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 RAPPORT LYNGHEIPROSJEKT I DALANE Nordmark, Moi i Lund Birgitt Harstad Norsk Landbruksrådgiving Dalane Februar 2014
2 LYNGHEIPROSJEKT I DALANE NORDMARK, MOI I LUND SAMANDRAG Etter 1-2 sesongar utan beiting på lyngrikt utmarksbeite var det høgvaksen vegetasjon på forsøksrutene. Røsslyng auka i utbreiing dei 3 første forsøksåra før den stabiliserte seg. Den dekte då ca 60 % av arealet, og var høgvaksen med rik blomstring. Beitegrasartane hadde ganske stabil dekkjing heile forsøksperioden Det same hadde einstape. Småvaksne artar (finnskjegg, tyttebær, starr, mose m.fl.) var undertrykte etter 1-2 sesongar utan beiting. På beita areal varierte beitetrykket om sommaren (juni-september) frå dekar/storfeeining (el. 6-8 dekar/saueeining). Beitetrykket var høgast midt i forsøksperioden og lågast dei 2 første og dei 2 siste forsøksåra. Om vinteren var beitetrykket lågare ( dekar/storfeeining) unntatt den andre forsøksvinteren, då det var 32 dekar/storfeeining. Det vart gjeve tilleggsfôr. Vintrane beita der skotsk høglandsfe og villsau. Med dette beitetrykket heldt røsslyng seg ganske uendra i utbreiing gjennom dei 7 forsøksåra, med ein liten tendens til reduksjon dei siste par åra. Plantene var lågvaksne med lite blomstring. Det var tendens til litt mindre beitegrasartar og litt meir mose då beitetrykket var høgast. Finnskjegg, starr, blåbær, tepperot og tyttebær endra seg lite med dette beitetrykket. Einstape vart trakka ned og redusert. Nokre knøttsmå bjørkeplanter klarte å etablere seg. Målet med prosjektet: - registrere effekten av beiting på den typen vegetasjon som er på Nordmark (sjå omtale i kapitlet Området ). - finne tal for kor raskt denne typen lyngvegetasjon gror att utan beiting. Ein vil også danne seg eit bilete av beitetrykket ved å registrere dyretalet og ca beiteareal og vurdere dette mot dei registrerte effektane (endring i botanisk samansetnad og plantehøgde). Området Utmarksområdet ved Nordmark ligg på Moi i Lund, ca 200 m.o.h. Mesteparten av området er dekt av vegetasjon, men med enkelte mindre fjellknausar i dagen. Spreidde myrområde innimellom. Ein del bjørk og einer og litt furu innafor området. Mindre område med planta lerk og gran. Lyngområde dominert av røsslyng, men og innslag av blåbær og tyttebær. Grasartar som blåtopp, kvein, smyle/svingel. Litt finnskjegg. Litt einstape på små område. Ein del pors. Elles finn ein div. starrartar, mosar, småsyre m.fl. Der har sidan ca 1985 (siste åra) beita storfe og litt sau, i nokre av forsøksåra også skotsk høglandsfe. Før 1985 var det gamal, meterhøg lyng og einer på området. Der er ikkje utført andre skjøtselstiltak enn beiting. Dyra kan gå fritt over eit område på ca 850 dekar brutto. Nyttbart beiteareal er berekna til
3 80-85 %, dvs ca 700 dekar. Myrane er såpass tørre at dei blir mykje beita av storfe. Likeeins går dyra ein del inni skogområda og beiter m.a. smyle. Området er naturleg avgrensa av bratte fjell og ulendt terreng, og av gjerde. Villsauen kan kome seg ut av området, og beiter av og til utanfor på andre utmarksområde. Oversikt over ein del av beiteområdet med forsøksruter. Fleire forsøksruter ligg bak furutrea. Metode Hausten 2006 vart det lagt ut forsøksruter på 1m x 1m i området. Forsøksrutene vart lagt ut i sørlege del av beiteområdet, i eit ganske ope område med nokre tre og litt spreidd einer. Helling mot sør/søraust. To ruter (1 og 2) eit stykke frå kvarandre blei beita medan to parallellruter blei inngjerda og skjerma mot beiting. Kvar rute vart avmerka med ein kort, kvitmåla trepåle i sentrum av ruta. REGISTRERINGAR: Det vart tatt jordprøver hausten Dei viste følgjande: Prøve nr volumvekt ph P-Al K-Al Mg-Al RUTE 1 0,32 4, RUTE 2 0,49 4, Ved anlegg av forsøksrutene i november 2006 og kvart år seinare i september vart det utført registrering av lyng/planter på avmerka ruter og tatt bilete av kvar rute. Det vart registrert % dekkjing av ulike artar på arealet og frekvens/spreiing av desse (= antall småruter der arten er observert totalt i dei 4 teljerutene rundt pålen, min = 0, max = 36), høgdemåling av lyngen og enkelte andre artar og elles gjort notater av interesse.
4 Registreringane vart gjort ved hjelp av teljerute på 0,5 m x 0,5 m som igjen er inndelt i 9 småruter. Teljeruta vart plassert 4 stader etter faste reglar kring trepålen. Teljeruta på 0,5 x 0,5 m blei plassert på 4 stader på forsøksruta (kring trepålen) same stad kvart år. Teljeruta har 9 småruter. Kvar smårute blei botanisert, dvs 36 småruter blei botanisert pr forsøksrute. Resultat DYRETAL/AREAL Nedanfor følgjer oversyn over beitande dyr i forsøksperioden. Ein har rekna om til storfeeiningar etter følgjande tallverdiar: 1 storfe = 1,4 skotsk høglandsfe = 4 sauer (NKS*) = 6 villsauer Det er ca 2 lam pr sau (NKS) og 1 lam pr villsau (*NKS = norsk kvit sau) Beitetida i sommarsesongen for storfe (unntatt skotsk høglandsfe) og sau (NKS) var stabil i forsøksperioden: Storfe: 20. juni september. Sau: 15. juni september
5 OVERSIKT OVER BEITETRYKKET OM SOMMAREN (dyretal og nyttbart beiteareal): ÅR DYRESLAG OG TAL DYR STORFE- EINING DEKAR/ STORFE- DEKAR/ SAUE skotsk høglandsfe 12 NRF storfe 20 vaksne sauer m/lam (*NKS) skotsk høglandsfe 12 NRF storfe 20 vaksne sauer m/lam skotsk høglandsfe 25 vaksne sauer m/lam skotsk høglandsfe 14 storfe (NRF, div. krysningar) 20 vaksne sauer m/lam skotsk høglandsfe 12 andre storfe 20 sauer m/lam skotsk høglandsfe 10 andre storfe (div. krysn.) 20 vaksne sauer m/lam (NKS) 20 villsauer storfe (inkl 4 kalvar) 10 vaksne sauer m/lam (NKS) 30 vaksne villsauer m/lam storfe (inkl 4 kalvar) 10 vaksne sauer m/lam 35 vaksne villsauer m/lam SUM = SUM = SUM = SUM = SUM = SUM = SUM = SUM = 22 EINING EINING
6 Oversikt over vinterbeitinga (oktober-juni) følgjer nedanfor: TAL STORFE- EININGAR Vinteren Inga beiting 0 - Vinteren skotsk høglandsfe beita heile vinteren Vinteren skotsk høglandsfe beita heile vinteren. Vinteren skotsk høglandsfe beita heile vinteren DEKAR PR STORFEEINING perioden 25. sept. til 15. juni Vinteren skotsk høglandsfe 9** 78** beita til **ut januar. Vinteren vaksne villsauer beita heile vinteren. Vinteren vaksne villsauer beita heile vinteren ** Dyra beita utover hausten/vinteren t.o.m. januar Deretter beita der ikkje dyr før i midten av juni Dei vintrane dyr har gått ute har dei blitt tilleggsfôra når det har vore snø. Ein veit ikkje kor mykje fôr som har blitt brukt. Er ein del rådyr i området, men lite hjort og elg. Truleg lite viltbeiting. UTVIKLINGA AV PLANTEARTAR MED OG UTAN BEITING RØSSLYNG Seinhausten 2006 dekte røsslyngen % av arealet på forsøksrutene. Lyngen hadde ei krypande vekseform med gamle, kraftige stammer med mykje tett, grøn lyng. Sjølv om dyra kunne gå fritt over heile forsøksområdet, så var det skilnad mellom rutene kor hardt lyngen var beita, frå moderat til svært hardt nedbeita. Røsslyngen var cm høg med % blomstring i På dei hardast beita områda var lyngen låg, 2-10 cm høg, og berre ca 5 % hadde hatt blom. I november 2006 var røsslyngen godt nedbeita på det meste av beiteområdet. Forsøksruter vart då merka opp. Rundt halvparten av rutene vart det sett opp gjerde for å skjerme mot vidare beiting medan resten blei beita vidare på.
7 Utviklinga av røsslyng på forsøksrutene er oppsummert i tabellen nedanfor: Endring*** % DEKKJING BEITA % DEKKJING IKKJE BEITA BEITA FREKVENS IKKJE FREKVENS BEITA *** - = har minka, 0 = er uendra, + = har auka MERKNAD: - % dekkjing = % dekkjing av plantearten på forsøksarealet (0-100) - frekvens = spreiinga av plantearten på forsøksarealet (0-36), jfr omtale i kapitlet Metode lenger framme. BEITA IKKJE BEITA Variasjon Gj.snitt Variasjon Gj.snitt Røsslyng, høgde i cm % blomstring av røsslyng BEITA IKKJE BEITA Sjølv med ganske hard beiting heldt røsslyngen seg nokså uendra i løpet av 7-årsperioden. Det var ein tendens til reduksjon dei siste par åra. På forsøksrute der røsslyngen var mest dominerande og høgast ved forsøksstart blei han tynnare og meir nedbeita og hadde lite blomstring etter 2-3 år. Der røsslyngen var mindre utbreidd og meir lågvaksen ved forsøksstart heldt han seg meir stabil og auka litt i utbreiing dei første åra for så å bli redusert igjen. F.o.m og t.o.m. januar 2011 var det vinterbeiting av skotsk høglandsfe på området. F.o.m. februar 2011 og utover våren beita det ikkje dyr i området. Det er kanskje litt av grunnen til at røsslynghøgda auka litt frå 2010 til Det var også betydeleg meir blomstring i 2011 enn åra før. Både høgde og blomstring heldt seg på dette nivået eller auka litt meir også i 2012 og F.o.m. vinteren 2011/2012 var det villsauer som vinterbeita på området. Det verka som ein del røsslyng blei vinterskada (var brun og daud sommaren 2011), og det kan ha redusert utbreiinga av røsslyng meir enn normalt. Vinteren var også hard med lyngen mange stader, men på forsøksrutene klarte den seg bra.
8 Bileta nedanfor viser årleg utvikling på den same beita forsøksruta i perioden Beita område i september Vinteren var det ikkje vinterbeita her. Mykje av røsslyngen var likevel mykje nedbeita og det var lite blomstring. I september 2008 var den same forsøksruta litt meir nedbeita enn året før, men dekningsgraden til røsslyng var om lag uendra. Vinteren vart der moderat vinterbeita med skotsk høglandsfe. I sommarsesongen dette året var det større beitetrykk enn åra før.
9 September Vinteren var beitetrykket større enn i resten av forsøksperioden. Beitetrykket sommaren 2009 var litt lågare enn sommaren før. September 2010 var røsslyngen og dei andre artane endå meir nedbeita etter 3 sesongar med vinterbeiting med skotsk høglandsfe. Likevel dekte røsslyngen like mykje av arealet no som ved forsøksstart i 2006.
10 September Vinteren beita der skotsk høglandsfe t.o.m. januar. Deretter var der inga beiting før i juni. Beitetrykket i sommarsesongen var like høgt som dei siste 3 åra. September Vinteren var beitetrykket betydeleg lågare enn dei tidlegare vintrane. Det var villsau som beita der. Beitetrykket om sommaren var også litt lågare enn året før.
11 September Vinteren og beita det villsau på området. Vinteren var det beitepause f.o.m. februar til juni. Røsslyngen var litt meir høgvaksen og hadde litt fleire blomstrande greiner no enn tidlegare i forsøksperioden. Det var ein tendens til at den dekte litt mindre av arealet enn tidlegare i forsøksperioden. Utan beiting auka røsslyngen gradvis dei 3-4 første åra, frå % dekkjing til % dekkjing. Så stabiliserte han seg. Ein hard vinter for lyngen reduserte den nok også litt på dei ubeita rutene. Høgda på røsslyngen auka gradvis frå 5-15 cm ved forsøksstart til cm etter 3 år utan beiting. Så stabiliserte han seg. Alt etter 1 sesong utan beiting var det rik lyngblomstring, og dette heldt fram gjennom heile perioden. Etter 7 sesongar var røsslyngen ca cm høg ved beiting og ca cm høg utan beiting. Etter eit par sesongar med beiting blomstra berre ca 2-3 % av røsslyngen der det var haust/vinterbeiting medan det var rik blomstring utan beiting.
12 Bileta nedanfor viser kor raskt det blei villniss på ei forsøksrute som ikkje blei beita. I november 2006 var det godt nedbeita på forsøksruta. Det vart då sett opp gjerde rundt ruta for å skjerme mot beiting. Den same forsøksruta såg slik ut 10 månader seinare, i september Vegetasjonen var høgvaksen. Røsslyngen blomstra rikt, men dekte ikkje større areal no enn i november året før.
13 I september 2009 dekte røsslyngen 60 % av arealet der det ikkje var beita. Den hadde då auka gradvis frå 25 % dekkjing i I 2009 stabiliserte den seg og auka ikkje meir i utbreiing resten av forsøksperioden. I september 2013 dekte røsslyngen framleis om lag 60 % av arealet. Beitegrasartane hadde ganske stabil dekkjing gjennom heile perioden medan småvaksne planter vart undertrykte etter eit par sesongar (tyttebær, starr m.fl). Sjølv om einstape er høgvaksen, så auka den ikkje i utbreiing i våre registreringar.
14 BEITEGRASARTAR Utviklinga av dekningsgraden til beitegrasartane på forsøksrutene er oppsummert i tabellen nedanfor: % DEKKJING BEITA % DEKKJING IKKJE BEITA Dekkjinga av beitegrasartane blei om lag halvert i løpet av dei 4 første beitesesongane. Dette galdt både det blåtoppdominerte (frå 38 % til 18 %) og det smyle/svingeldominerte (frå 32 % til 16 %) beitet. Frekvensen (spreiinga av beitegrasplantene på arealet) blei ikkje tilsvarande redusert. Det var ingen klar forskuving mellom artane, som i tillegg til blåtopp og smyle/svingel var kvein. Frå 4. til 5. beitesesongen ( ), då det var redusert vinter/vårbeiting, auka beitegrasartane mykje (med %). Dei har sidan halde seg på dette nivået. Etter 1 sesong utan beiting var grasartane høgvaksne med mykje skotne aks. Etter 2 sesongar var der opptil 70 cm høge grasaks, og etter 5 sesongar var der over 1 meter høge aks. Blåtopp dominerte, og elles var der smyle/svingel og kvein. Beitegrasartane heldt seg ganske stabile i utbreiing gjennom 7 sesongar utan beiting. Etter 4 sesongar (2010) var det spesielt mykje daudgras i botnen. Det låg som eit vissent teppe over botnvegetasjonen og såg ut som det hemma ein del planter i å vekse gjennom. Etter 5 sesongar hadde plantene vakse gjennom daudteppet, dette var mindre synleg, og det var tett og frodig plantedekke igjen. I september 2010 var blåtopp og røsslyng godt nedbeita (i framgrunnen), medan dei same to artane stod høgvaksne og frodige der det ikkje var beita (bak gjerdet).
15 MOSE Utviklinga av dekningsgraden og spreiinga til mose på forsøksrutene er oppsummert i tabellen nedanfor: % DEKKJING BEITA % DEKKJING IKKJE BEITA <1 <1 <1 <1 0 FREKVENS BEITA FREKVENS IKKJE BEITA <1 1 <1 0 Mosen auka etter 1-2 sesongar med beiting (frå ca 10 % til 30 % dekkjing), og stabiliserte seg der. Litt reduksjon frå 2010 til 2011 (frå 30 % til 20 % dekkjing), truleg pga litt lågare beitepress seinhaust/vinter. Har stabilisert seg der fram til no. Mosen vart sterkt redusert etter 1-2 sesongar utan beiting, og heldt seg stabilt låg resten av 7-årsperioden. FINNSKJEGG Innslaget av finnskjegg var lite. Ved beiting heldt den seg rel. stabil gjennom heile 7- årsperioden, med ein liten tendens til auke på eine forsøksruta. Etter 2 sesongar utan beiting var finnskjegg undertrykt, truleg pga. meir høgvaksen røsslyng og beitegrasartar og dermed mindre ljostilgang. Aukande innslag av mose (til venstre midt på biletet) og finnskjegg (til høgre midt på biletet) kan vere eit teikn på for høgt beitetrykk. I våre forsøk auka mosen då beitetrykket var størst. Me registrerte ikkje den same tydelege effekten på finnskjegg.
16 STARR Med beiting heldt den seg ganske stabil i løpet av 7 sesongar (dekte ca 5-15 %). Utan beiting vart starr sterkt redusert/undertrykt. Etter 3 beitesesongar var den ikkje å sjå på overflata. BLÅBÆR Med beiting auka den litt dei 2 første åra for så å stabilisere seg. I 2011 var ein del blåbærplanter pjuskete med gule bladflekkar. Ca 10 cm høge planter i gj.snitt. Utan beiting var blåbær stabil dei 2 første sesongane. Så blei den betydeleg redusert i 2009 (frå 6-11 % til 2-3 % dekkjing). Ca 20 cm høge planter i gj.snitt. EINSTAPE Blei trakka litt ned/knekt ved beiting, noko som førte til reduksjon. Utan beiting auka heller ikkje einstapen, men den heldt seg ganske stabil. TEPPEROT Ganske stabil ved beiting, kanskje ein svak tendens til auke (?). 1-8 cm høg. Stabil også utan beiting. Utviklar lange stenglar som slyngar seg på andre planter slik at dei kan kome opp i ljoset. Registrert cm høge tepperotplanter der det ikkje var beita. TYTTEBÆR Lite endring med beiting. 2-8 cm høg. Stabil dei 2 første sesongane utan beiting. Blei så betydeleg undertrykt/redusert dei 5 neste sesongane. Registrert opptil 15 cm høge tyttebærplanter i ANDRE Pors, bjørk og småsyre vart berre observert på beita felt. Småsyra blei borte etter 3 beitesesongar. Dekkjinga av pors og bjørk heldt seg stabil gjennom 7-årsperioden. Ein såg at knøttsmå bjørkeplanter klarte å etablere seg og vekse sjølv på dei mest beita felta. Den høgaste planta var 10 cm i Små bjørkeplanter etablerte seg på beita område.
17 SAMANDRAG OVER UTVIKLINGA GJENNOM FORSØKSPERIODEN Utviklinga av ulike planteartar (% dekkjing) ved beiting i forsøksperioden Røsslyng Beitegrasartar Mose Andre Utviklinga av ulike planteartar (% dekkjing) utan beiting i forsøksperioden Røsslyng Beitegrasartar Mose <1 <1 <1 <1 0 Andre Diskusjon Beitetrykket i sommarsesongen (juni-september) var ganske stabilt høgt gjennom heile forsøksperioden Det varierte frå dekar pr. storfeeining (el. 6-8 dekar pr. saueeining). Det var høgast midt i perioden og lågare dei to første og dei to siste forsøksåra. Om vinteren var beitetrykket lågare ( dekar/storfeeining) med unnatak av den andre forsøksvinteren, då det var like høgt som om sommaren. Det var vinterbeite med skotsk høglandsfe dei 4 første vintrane og med villsau dei 2 siste vintrane. Bøndene her legg vekt på å skjøtte landskapet og har bevisst brukt beitedyr til det. Dei hevdar at dette er spesielt effektivt seinhaustes og tidleg vår. Sidan 1985, då beiting blei tatt i bruk som eit skjøtselstiltak i dette området, har dei registrert at lyngen har blitt betydeleg mindre dominerande, er meir lågvaksen og har mykje meir nye, friske skot. Lammetilveksten har vore brukbar, men storfe har vore litt tynne av og til. Med dette beitetrykket heldt røsslyngen seg nokså uendra i utbreiing gjennom dei 7 forsøksåra, med ein liten tendens til reduksjon siste par åra. Røsslyngplantene på beita areal var låge med lite blomstring. I 2011 endra dette seg ved at plantene blei litt høgare og hadde meir blomstring, og sidan har det vore slik. Mykje tyder på at dette skuldast redusert beitetrykk vinter/vår Det gjekk ikkje beitedyr på området frå januar til juni det året, i motsetnad til tidlegare år. Det vart då også slutt på den vinterbeitinga med skotsk høglandsfe som hadde gått føre seg kvar vinter sidan vinteren 2007/2008. Seinare har der berre gått villsauer om vinteren, og vore lågt beitetrykk. Eit høgt beitetrykk vinteren endra ikkje tydeleg plantesamansetnaden. Ein veit at det vart tilleggsfôra ein del med rundballar den vinteren. Med høgt beitetrykk kan ein forvente større innslag av beitegrasartar, meir mose og meir finnskjegg. Registreringane våre viste at alle beitegrasartane blei ganske hardt beita. Dei blei halvert i løpet av dei første 4 sesongane, og det var spesielt mose som overtok den ledige plassen. Det kan tyde på høgt beitetrykk i den perioden. Også her skjedde ei markert endring i sesongen ved at grasandelen auka igjen og mosen vart redusert. Det kan tyde på at skotsk høglandsfe på vinter-/vårbeite også beiter på vissent/nyspirt gras, og hemmar graset slik at mosen blir meir dominerande.
18 Finnskjegg vart også beita på, men i vårt forsøk endra den seg lite med det beitetrykket som var i forsøksperioden. Starr, blåbær, tepperot og tyttebær heldt seg stabile. Det var beita på starr og blåbær fleire stader. Einstapen vart trakka ned og redusert. Den auka heller ikkje i utbreiing der det ikkje vart beita, så sjølv om den er storvaksen vart den ikkje dominerande i konkurransen med røsslyng og gras. Sjølv med såpass stort beitetrykk som det var dei første forsøksåra, så klarte enkelte knøttsmå bjørkeplanter å etablere seg og vekse litt. Det sjuande forsøksåret var den største bjørkeplanta 10 cm høg. Vinteren var hard, også for lyngen. Det same var vinteren Klimatiske faktorar må ein difor ta omsyn til ved tolking av resultata. I tillegg til at forholdet mellom planteartar i eit bestand påverkast av beiting og klimatiske forhold, så konkurrerer artane også med kvarandre om plass, ljos og næring. Desse registreringane gjekk over sju sesongar. Ein fekk tydeleg fram kor raskt plantehøgde og samansetnad endra seg når det ikkje blei skjøtta med beiting. Etter 1-2 sesongar utan beiting var det villniss. Botaniske endringar på beita areal tek lengre tid og er også påverka av klimatiske-/årsvariasjonar. Difor er det nyttig med registreringar over fleire år. Det hadde difor vore interessant å følgt med på utviklinga i dette området endå nokre år for å sjå kva som skjer med røsslyngen og bjørka ved det beitetrykket som blir framover.
KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2010
RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 [email protected] KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE
KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2011
Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 [email protected] RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE
Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.
Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald
RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017
RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 OPPDRAGET Vi vil takke Faun AS v/ Tor Gunnar Austjord for oppdraget. Oppdraget var å gjennomføre beitetaksering av eit område på Momrak/Stavdalen på 5 dekar (daa).
Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras
Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata
Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa
Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå
Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag
Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe
Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll
Registrering av kystlynghei Horgo, Austevoll Aase Nøtttveit, SFLMK, 29.10.2008 2004/2005: ytre Sunnhordland, : Sveio Bømlo Stord Fitjar Austevoll Geitaråsen, Sveio Midt- og Nordhordland, 2008/2009: Sund
Skoglaus kyst kledd i purpur
Fakta om kystlynghei Skoglaus kyst kledd i purpur Kystlynghei er beitemark dominert av røsslyng, som får sterk purpurfarge under bløminga på seinsommaren. Kysten har så milde vintre at husdyra kan beite
Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa
Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål...
Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2
FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2016 var 775 laks (snittvekt 2,4 kg) og 240 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2016 vart det fanga 918 laks og 134 sjøaure, begge delar
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 206 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012 og 2013, då det berre vart
Tilvekst hjå lam på fjellbeite Næringsverdi i beiteplanter
NSG - Norsk Sau og Geit Tilvekst hjå lam på fjellbeite Næringsverdi i beiteplanter Forfatter Odd-Jarle Øvreås, NIBIO Sammendrag I forskingsprosjektet Sau i Drift - studieområde vest, har ein undersøkt
Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.
Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA
FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA I perioden 1986 til 2012 var gjennomsnittleg årsfangst 32 laks (snittvekt 2,9 kg) og 5 sjøaurar (snittvekt 1,5 kg). I 2012 vart det fanga 100 laks (snittvekt 3,5 kg), det
Beiteressursar i Nord Østerdalen
Beiteressursar i Nord Østerdalen Ressursgrunnlag for utmarksbeite og areal av innmarksbeite Yngve Rekdal, Tynset 16.02.17 Arealrekneskap for utmark Vegetasjonskartlegging 16 % Selskapet for Norges Vel
NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING
Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010
HORDALANDD. Utarbeidd av
HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune
Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2
Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 207 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012, då det berre vart fanga
Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland [email protected] 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
2014/
Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær
VOLLASETRA I SUNNDAL
VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012
Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte
Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort 217-22 Vedteken på skipingsmøte. 217. 1 Føreord Dette er bestandplanen for Bestandsplanområde i kommunane Naustdal, Flora, deler av Bremanger og deler vav
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
LANGBAKKSETRA I SUNNDAL
Side 1 LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2013 Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei gjennomført 5. til 8. september 2013. Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret
Forskrift om gjødslingsplanlegging
Forskrift om gjødslingsplanlegging - og litt anna gjødselaktuelt. Øyvind Vatshelle. 1 Foto: Ø. Vatshelle Tema Dispensasjon til å ikkje ha gjødslingsplan: 3 regneeksempel for å knekke koden. Årleg gjødslingsplan
Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng
Feltet i Gjesdal 26. mai 2009 Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Sluttrapport for prosjektperioden 2008-2011 av Ane Harestad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innhald Innhald... 2
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsinnsats og årsverk: Jordbruksteljinga 1999 og Landbruksteljinga 2010. Jordbruksareal:
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017
Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017
Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017 Vanleg jordbruksproduksjon Grunnleggjande vilkår for å kunne motta
Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja. Ellen Marie Sørumgård Syse
Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja Ellen Marie Sørumgård Syse Beiteressursar i Lesja og Dovre Av Dovre kommune sine totalt 1 364 km 2, ligg om lag 90% over 900 moh. Tilsvarande ligg om
Godt vår- og høstbeite til sau. Beitekonferanse Terningen Arena, Elverum; 7. mars 2013 v/jørgen Todnem, Bioforsk Øst
Godt vår- og høstbeite til sau Beitekonferanse Terningen Arena, Elverum; 7. mars 2013 v/jørgen Todnem, Bioforsk Øst Beitetid/opptak - plantegrupper på utmarksbeite (Van Dyne 1980; Garmo m.fl. 1990; Bøe
Yngve Rekdal, Røros
Utmarksbeitekvalitet, kapasitet og bruk Yngve Rekdal, Røros 07.03.16 Gjersjøen Same prinsipp gjeld i utmark som i fjøset produksjonen er avhengig av kvaliteten på fôret Beitekvaliteten til eit utmarksareal
// Notat 1 // tapte årsverk i 2013
// Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte
Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr. * Desember * 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitenskap Aurebestandane i Litlosvatn, Kollsvatn, Nedra
Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort
Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte Rosendal 25 april 2016 Lars Børge Sæberg leiar for bestandsplanområdet [email protected] Områdeavgrensing
Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort
Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 25 april 2016. Per Ivar Lomheim [email protected] Områdeavgrensing Det har gjennom prosjektarbeid med arbeidsmøter
// Notat 2 // tapte årsverk i 2016
// Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: [email protected]
Praktisk skjøtsel av innmarksbeite
Praktisk skjøtsel av innmarksbeite Rogaland: i overkant av 400000 daa kulturbeite Stor variasjon i topografi, stein i overflata og kvalitet av grasdekke Stor variasjon i phstatus,drenering og innhald av
Tabellar for kommunane
Tabellar for kommunane Tabell 1-k Tabell 2-k Tabell 3-k Tabell A-k Tabell B-k Tabell C-k Tabell D-k Tabell E-k Tabell F-k Tabell 1-k Rammetilskot til kommunane 2020 Kommunane sitt rammetilskot blir løyvd
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017
Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene
Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon
2P eksamen våren 2018
2P eksamen våren 2018 DEL 1 Utan hjelpemiddel Tid: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Hjelpemiddel: Del 1 Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar. Oppgåve 1 (3 poeng) Markus
2P eksamen våren 2017 løysingsforslag
2P eksamen våren 2017 løysingsforslag Tid: 2 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (2 poeng) I ein klasse er det 16 elevar. Tabellen nedanfor
2P eksamen våren 2016
2P eksamen våren 2016 Tid: 2 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillate. Oppgåve 1 (3 poeng) Dato Temperatur 01.03 2 C 02.03 0 C 03.03 --4 C 04.03 --6 C
Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.
Tingvoll, 6.1.2018 Tingvoll kommune FRÅSEGN - NYDYRKING Vi viser til dykkar ref. 2017/1432. Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016
FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så
Fagsamling tilskotsforvaltning
Fagsamling tilskotsforvaltning 12. August 2015 Endringar etter jordbruksavtalen 2015-2016 Avtale mellom Staten og Norges Bondelag 22. juni 2015 Nesten ingen endringar i satsar- verken i tilskot eller målprisar
Utmarksbeitet i Møre og Romsdal. Yngve Rekdal
Utmarksbeitet i Møre og Romsdal Yngve Rekdal 15.02.14 Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Beitekvalitet Beitekvaliteten til eit utmarksareal er først fremst avhengig av kor mykje beiteplanter som finst
Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -
Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå
Til jaktlaga i Flora kommune
Til jaktlaga i Flora kommune Oppsummering av jakta i 2011 Av ei tildeling på tilsaman 894 dyr vart det felt 679 dyr som gjev ein fellingsprosent på 76 %. Dette var ein liten oppgong frå året før då det
Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar
1 Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge, Kvithamar. Mål for undersøkinga I forsøksplanen for denne serien vart
Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!
Pressemelding: Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!! fører rekneskapen for i alt 1.500 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på
TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år
Landsprognose for leveranse av kumjølk mill. ltr 145,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des 2015 2016 2017 mill. ltr 1 580 Leveranse og prognose
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund [email protected] Områdeavgrensing Bestandsplanen har
Utmarksbeitet i Hedmark
NSG - Norsk Sau og Geit Utmarksbeitet i Hedmark Forfatter Yngve Rekdal, Norsk institutt for skog og landskap Sammendrag Tal frå prosjektet «Arealrekne - skap i utmark» viser at Hedmark har eit utmarksbeite
MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »
MEDBORGERNOTAT #2 «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden 2013-2017» Marta Rekdal Eidheim [email protected] Universitetet i Bergen Juni 2017 Sympatibarometer for norske politiske parti
Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)
Sysselsette i Nordhordland Det er henta ut statistikk frå SSB som viser sysselsette i Nordhordland i perioden 2008 2015 og kor dei som bur i Nordhordland er sysselsatt med omsyn til næring. Har delt det
STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 ARKIVSAK: 2015/2352 STYRESAK: 123/15 STYREMØTE: 10.12. 2015
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Anders Mona. 26. oktober 2010
Grovfôrkvalitet og beitebruk økoløft kjøt ø Anders Mona NLR NT 26. oktober 2010 Økokjøt grovfôrbasert produksjon!? 80 90 % av fôret er grovfôr Viktig med rett kvalitet Ulike produksjonsretningar krev ulikt
Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:
Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret
Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura
Bruk av beite Vegard Urset, Avlssjef Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura Kvifor bruk av beite Gunstig for dyra dyra treng mosjon For å utnytta ein stor fôrressurs Billig fôr
Korleis få fram att gammal kulturmark Bruk av SMIL-midlar til tiltak hos tre gardbrukarar i Solund. Foto: Henrik Ravnøy
Rapport Solundprosjektet 1999-2009: Fornying av beite Korleis få fram att gammal kulturmark Bruk av SMIL-midlar til tiltak hos tre gardbrukarar i Solund Foto: Henrik Ravnøy Brekke 01.03.2009 Forsøksringen
RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga
RMP i fjellbygdene Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune Kulturlandskap med stutt veg til fjells Landskap for husdyrhald RMP 2016 Hausten 2016 154 PT-søknader i Ål 118 RMP-søknader 77% av PT-søkjarane søkjer
2P-Y eksamen våren 2016
2P-Y eksamen våren 2016 Tid: 2 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillate. Oppgåve 1 (3 poeng) Dato Temperatur 01.03 2 C 02.03 0 C 03.03 --4 C 04.03 --6
Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,
Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre
Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013
Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Våren 2013 DEL 1 Utan hjelpemiddel Oppgåve 1 (5 poeng) Ein kveld køyrde ein taxisjåfør 10 turar. Nedanfor ser du kor mange passasjerar han hadde med på kvar av turane. 1 5
VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken
VEDTEKTER FOR Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken 1. BEITELAGET HØMROBEKKEN- TØSOBEKKEN Beitelaget Hømrobekken- Tøsobekken, nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarar under
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018
Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
GRØVDALEN SAMBEITE EN VURDERING AV BEITEKAPASITETEN
NORSØK RAPPORT VOL. 2 /NR. 10 /2017 GRØVDALEN SAMBEITE EN VURDERING AV BEITEKAPASITETEN Forfattere: Rose Bergslid, NORSØK og Maud Grøtta, Landbruk Nordvest TITTEL: Grøvdalen sambeite en vurdering av beitekapasiteten
FINANSFORVALTNINGA I 2011
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA
«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn
Modum-bonde, Svein Burud, med godt utsyn over delar av beitearealet og finn at sauene ser ut til å vokse godt og ha det bra i fjellet. «Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn Fyrste beitesesongen
Statusrapport. Januar 2017
Statusrapport Januar 2017 1. Innleiing Styringskrav og rammer for 2017 blei for Helse Møre og Romsdal vedteke i føretaksmøte 13. februar 2017. Det er for 2017 sett nye maksimale krav til gjennomsnittleg
TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0
Landsprognose for leveranse av kumjølk mill. ltr 145,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des 2016 2017 2018 Prognose august 2018 INNHALD Meierileveranse
Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring
// Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma
Vintervèr i Eksingedalen
Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016
