TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE Vedlegg: Noen rutiner i Zero (siste side i planen) Sist revidert vår 2014 1
Innleiing Lone skule ønskjer å motarbeide mobbekultur og arbeide aktivt for at kvar elev skal kunne kjenne seg inkludert og trygg i skulemiljøet. Skuleåret 2008/2009 deltok skulen i antimobbeprogrammet Zero, som blei leia av Senter for Adferdsforsking i Stavanger. Frå og med dette året er skulen ein Zero - skule, som skal arbeide etter prinsippa i dette programmet. I tiltaksplanen tar vi utgangspunkt i definisjonen som blir nytta i Zero: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager, og at episodene gjentas over tid. Struktur og innhald i tiltaksplanen er laga ut frå anbefalingar i Zero-programmet. Mål Hovudmåla med planen er å * førebyggje mobbing i og utanfor skulemiljøet. * fjerne eksisterande mobbing blant elevane. Føresetnader For å realisere måla må dei vaksne på skulen og i heimen ha * bevisstheit om omfanget av mobbinga. * engasjement for å ville forandre på situasjonen. 2
Forebygging SKULENIVÅ * Tilrettelegging for aldersblanding og felles opplevingar for elevane. * Fadderordning. (5. - 1.tr og 6. 2.tr) * Eit aktivitetsfremmande utemiljø. * Eit godt inspeksjonssystem i friminutta. * Tydelege vaksne som praktiserer felles reglar. * Samarbeid med barnehage og ungdomsskule ved overgangar. KLASSENIVÅ * Læraren som tydeleg leiar for elevgruppa og ein god rollemodell. * Ro og orden i klassen. * Få og tydelege klassereglar. * Zerotime ein time i veka: Læring om sosial kompetanse. (1-7.trinn: Steg for Steg (ikke for 1. tr), pedagogisk førstehjelpsskrin òg andre opplegg (andre bilete, innfallsvinklar, metodar.) * Kontinuerleg arbeid for eit godt sosialt miljø i elevgruppa. INDIVIDNIVÅ * Gode relasjonar med kvart barn. * Ros av positiv åtferd i her og nå -situasjonar. * Rettleiing for å auke den sosiale kompetansen. SAMARBEID HEIM - SKULE * Jamnleg informasjon frå skulen (heimeside, infoskriv, lekseplan). * Nært samarbeid mellom skulen og FAU. * Involvering av dei føresette i positive klasse- aktivitetar for og med elevane. * To klasseforeldremøte pr. år minst eitt med fokus på elevmiljøet i klassen. * To faste samtalar med dei føresette pr. år. Telefonkontakt eller annan kontakt ved behov. * Oppfordring til foreldre om å engasjere seg i eigne barns klassemiljø ved å Snakke positivt om skulen Snakke positivt om andre barn og foreldra deira Vise interesse for korleis eleven har det på skulen, sosialt og fagleg. Setje av tid til positivt samvær med eleven og til å hjelpe med skulearbeid. Delta på konferansetimar, foreldremøte og arrangement der elevane er med. 3
Sjå til at ikkje nokre få elevar i klassen blir utestengde frå bursdagsbesøk. Godt prinsipp: Be alle (jenter/gutar/klassen) eller nokre få (i så fall private invitasjonar) Hindre barna i å bruke digitale hjelpemiddel til å såre andre. Avdekking SKULENIVÅ * Føring av inspeksjonslogg ved mistanke om mobbing. * Informasjon om einskildelevar for heile personalet ved behov. * Trivselundersøkingar blant elevane ein gong kvart halvår. KLASSENIVÅ * Sosiogram over elevgruppa ein gong kvart halvår. INDIVIDNIVÅ * Loggskriving /jamnlege samtalar med elevane om trivsel. SAMARBEID HEIM SKULE * To faste samtalar mellom kontaktlærar, føresette og elev pr. år. Telefonkontakt eller annan kontakt ved behov. * Foreldra har eit stort ansvar for å varsle skulen ved mistanke om mobbing på skulen eller skulevegen, og om misbruk av digitale hjelpemiddel. Ta kontakt med kontaktlærar. * Om nødvendig, kan foreldre og /eller elevar ta kontakt med skuleleiinga. Problemløysing REGISTRERING / INNSAMLING AV INFORMASJON Alle meldingar skulen får om mobbing, skal loggførast og følgjast opp. Skulen set i verk tiltak for å samle informasjon om saka først. Normalt vil informasjonsinnhentinga ta 2-3 veker. Kontaktlærar og skuleleiing har ansvar for vidare arbeid. Kontaktlærar har ansvar for å skrive ned det som blir gjort. KONTAKT MED FØRESETTE Skulen vender seg til dei føresette for den eleven som blir mobba. Det blir gitt informasjon om kva for tiltak skulen vil setje i verk. Som hovudregel blir òg mobbaren sine føresette eller mobbarane sine føresette kvar for seg informerte. 4
STRUKTURERTE SAMTALAR MED DEI INVOLVERTE. (tilsette har eiga oppskrift) Rekkjefølgje: 1. Samtale med han eller ho som blir mobba (støtte, informasjon om saksgang, avtale om oppfølgjing). 2. Samtale med mobbaren/mobbarane kvar for seg (forplikting, avtale, ev. invitasjon til samarbeid). 3. Samtale med dei som mobbar, samla (informasjon, forplikting, konkretiseringar). 4. Fleire oppfølgjingsmøte med kvar av partane. 5. Eventuelt samling av partane. (Må vurderast mot slutten av prosessen.) ANDRE AKTUELLE TILTAK Utvida inspeksjon ein periode. Skriftleg kontrakt mellom mobbar og skule. Diskusjon på foreldremøte, dersom han/ho som blir mobba ønskjer det og det er mange involverte. Mobilisering av elevar i klassen til å vere saman med og skjerme han/ho som blir mobba. Samtale i klassen, dersom mobbaren (-ane) ikkje har ein sterk posisjon i klassen. Klassesamtale kan òg vere aktuelt dersom mobbaren (-ane) høyrer til i ein annan klasse. Involvering av helsesøster, PPT, barnevern, BUP, politi. SANKSJONAR Dette er aktuelt dersom mobbinga held fram. Tiltaksliste til disposisjon som inneber ein opptrapping. Vurdering av sanksjonane frå sak til sak. Sanksjonane blir gitt i individuelle samtalar med den/dei som mobbar. Er det fleire mobbarar, skal dei ha ulike sanksjonar. Døme på sanksjonar: Han/ho blir fråteken eit privilegium. Eleven må sitje inne i friminutt. Eleven må følgje inspiserande lærar i friminutta. Han/ho må halde seg borte frå bestemte område i friminutta. Han/ho må sitje utanfor rektorkontoret. Eleven må til alvorleg samtale med rektor, eller avdelingsleiar. Eleven kan vere ein eller fleire timar i ei anna klasse ein periode. Dersom det er fleire mobbarar, må dei fordelast på ulike klassar. Samtale mellom mobbaren, mobbaren sine føresette og skulen. Møte mellom mobbaren, skulen og dei føresette til begge partar. Bytte klasse permanent. Bytte skule permanent. Måten sanksjonane blir iverksette på, må vere etisk forsvarlege. 5
Etterarbeid / Kontinuitet Evaluere arbeidet og samle all skriftleg dokumentasjon om det som er gjort i ei eiga mappe. Tiltak nemnd under forbygging og avdekking blir tatt med i skulen sitt årshjul. SU/skolemiljøutvalg ser til at planen blir fulgt og kjem med eventuelle innspel til endringar og tiltak. Leiinga har ansvar for at planen blir gjennomgått og vurdert av personalet kvart år. 6
Noen rutiner i Zero. TILTAKSPLAN MOT MOBBING Planen ligg på fellesområdet. Styrer arbeidet med både forebygging og mobbesaker. SU/skulemiljøutvalg består av tilsette + repr. fra SFO, FAU og elevråd (7.tr). SU/skulemiljøutvalg skal kontrollere at Zero-arbeidet blir halde "varmt" og arbeide for eit godt psykososialt miljø på skolen. Det er 2 møter i året. RUTINAR FOR FOREBYGGING AV MOBBING Aktivitetsleiar (AL) program. Elevar frå 4.-7. klasse er aktivitetsleiarar og leiar friminuttsaktivitetar etter oppsett plan. Zero-time ein time i veka Ein time i veka med fokus på sosial kompetanse ( inkl. digital kommunikasjon). Fokus på språkbruk Alltid slå ned på nedsettande eller stygt språk. Kontinuerleg arbeid med enkeltelevar, klassemiljø, skulemiljø Sjå tiltaksplanen. RUTINAR VED MISTANKE OM MOBBING Registreringsskjema Vi registrerer at vi har fått melding om mogeleg mobbing. Blir fylt ut av den som får meldinga om mogeleg mobbing, eventuelt i samarbeid med kontaktlærar. (Skjemaet ligg i hylle på arbeidsrommet, dessutan på skulens fellesområde.) Lage tiltaksplan. Når foreldre gir beskjed om mobbing skal det lagast tiltaksplan. Blir fylt ut av kontaktlærar etter kvart som tiltak blir sett i verk, som oftast i samarbeid med leiinga. (Skjemaet ligg i hylle på arbeidsrommet, dessutan på skulens fellesområde.) Interne tiltak. (blir ofte sett i verk som første tiltak). Innhaldet i dette tiltaket blir ikkje offentleggjort for elevar og foreldre og handlar om avdekking. For tilsette: sjå «Zerorutinar interne» på fellesområdet. Arkivering Kontaktlærar har ansvar for at både registreringsskjema og tiltaksskjema blir arkivert i "Zero-mappa " på avdelingsleiar sitt kontor når saka er avslutta. 7