SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 U Arkivsaksnr.: 12/2712 Grov Mat ved Johanne Grov. Søknad om finansiering Rådmannen si tilråding: Grov Mat ved Johanne Grov får eit oppstartingstilskot stort kr 30.000. Tilskotet vert finansiert ved post 32503.402.14703.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknad Samandrag: Johanne Grov frå Jostedalen er i ferd med å etablere eiga verksemd. Grov er 24 år og har flytt heim etter 5 år i Oslo (og Australia). Ho har utdanning som kokk og ein bachelorgrad i samfunnsernæring. Grov Mat som verksemda heiter, er alt i ferd med å få på plass ein del avtalar med aktuelle kjøparar av tenestene som vert tilbydde. Rådmannen tilrår eit oppstartingstilskot. Utval som har vedtaksmynde: Næringsutvalet Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde: Vedtktene til næringsfondet. Fakta: Johanne Grov frå Jostedalen er i ferd med å etablere eiga verksemd. Grov er 24 år og har flytt heim etter 5 år i Oslo (og Australia). Om bakgrunnen sin skriv ho slik: I vår var eg ferdig med bachelor-utdanning i Samfunnsernæring på Høgskolen i Oslo og Akershus. I løp av bachelorutdanninga har eg lært om det fysiologiske som skjer i kroppen, kva dei ulike matvarene inneheld og kva funksjonar dei ulike næringsstoffa har i kroppen. Vidare har eg lært om anbefalingane til Helsedirektoratet, og kva sjukdomar feil kosthald kan føre til. Korleis eg best kan kommunisere med kundar og kva råd eg skal gi har vore ein viktig del av utdanninga. På utveksling i Australia lærte eg om idrettsernæring og i den avsluttande bacheloroppgåva skreiv eg om korleis førebygging og behandling av livsstilssjukdomane diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar er, og at der, til ein viss grad, mogleg å førebygge med eit sunt kosthald. Eg har tidlegare teke fagbrev som institusjonskokk, og ein kombinasjon av desse to utdanningane vil vere draumejobben. Etter fem år i Oslo har eg valt å flytte heim til Jostedalen. Det er per dags dato ikkje mogleg å få draumejobben i Indre Sogn. Eg har derfor valt å opprette mi eiga bedrifta, som i hovudsak vil drive med kosthalds- og ernæringsrettleiing, undervising og tilrettelegging til både grupper og enkeltpersonar. Verksemda med namnet Grov Mat vil ha litt ulike tenester: Bedrifta vil tilby individuelle konsultasjonstimar der kunden kan få hjelp til å legge om til eit kosthald som er tilpassa han. Bedrifta kan hjelpe kundar med vektnedgang, sjukdomsførebygging og som ein del av behandling av sjukdom, samt informasjon om allergiar og intoleransar. Til bedrifter eller andre større grupper vil bedrifta tilby inspirasjons- og undervisningskurs. Der vil det vere moglegheit for både teorietiske og praktiske kurs. Bedrifta vil i hovudsak legge vekt på å lære grunnleggande kosthaldsråd og korleis dei praktisk er mogleg å følgje, samt konkrete tips til rettar. Til både enkelt personar og større grupper vil det bli anbefalt motivering og oppfølging undervegs. Grov Mat er alt godt i gang med å få eit oversyn over aktuell marknad, og komme i dialog med aktuelle kjøparar av tenestene til verksemda:
Marknaden Frisklivssentralar folkehelsearbeid i kommunane Folkehelselova er framleis ny, og kommunane i Indre Sogn jobbar for å betre folkehelsa. Kommunane Sogndal, Leikanger og Luster har eit interkommunalt prosjekt der dei jobbar med folkehelsearbeid på tvers av kommunane. I fyrste omgang er det kartlegging av helsetilstanden som står i fokus. Etter kvart vil det truleg bli meir fokus på å førebygge og behandle med ein sunn livsstil. Bedrifta har vore i kontakt med prosjektleiaren, ho meiner det er mogleg for bedrifta å få kundar gjennom frisklivssentralen. Foreløpig er det kun Sogndal kommune som har oppretta sentral, der ein person i 40% stilling jobbar. Dei leiger inn andre til ha diverse kurs, til dømes BraMat kurs. Bedrifta har vore i kontakt med den tilsette i sentralen og det kan vere aktuelt for bedrifta å halde Bra Mat kurs allereie i haust. Truleg vil det bli oppretta Frisklivssentral i Luster kommunane etter kvart. Bedrifta har også vore i kontakt med helsesjef og kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg og helsekoordinator Britt Veum Hauge i Luster Kommune, dei meiner det vil bli større marknad for ernæringsfysiolog i kommunen etter kvart som Folkehelselova blir innarbeid, og det blir peng til å drive folkehelsearbeid. I vente på dette har bedrifta ei prosjektkontor på Campus i Sogndal, for å mellom anna samarbeide med Frisklivssentralen. Her kan bedrifta ta med seg kunnskap og erfaringar når Frisklivssentralen i Luster åpnar. Luster treningssenter Luster treningssenter har mange medlemmer i Luster Kommune. Mange av desse trenar for å redusere vekt, medan andre trenar for å bli i betre form, sterkare osv. For å få betre resultat treninga, både i form av vektreduksjon og prestasjonsevne på treninga, vil eit sunt kosthald vere avgjerande. Etter eit møte med dagleg leiar og senter leiar for treningssenteret er me blitt enige om eit samarbeid, der kurs skal bli tilbddt alle, men medlemene til treningssenteret vil få moderasjon. Fyrste kursdato blir 16.okt. 2012. Lustrabadet Etter møte med dagleg leiar på Lustrabadet kom me fram til å vente til januar før me startar med eit samarbeid. Både for at Lustrabadet treng litt innkøyring, og fordi januar er ein svært aktuell månad for å starte med kosthaldskurs. Kurs vil vere for alle, men med moderasjon til dei som årskort ved badet. Det er tenkt å ha både gruppe og individuell rådgjeving, samt større felles kurs. Sogndal Fotball Bedrifta er i ferd med å få på plass eit samarbeid med Sogndal Fotball, som er interesserte i å lære/forandre kosthaldet til fotballaget. Sogndal Fotball ynskjer etterkvart å kjøpe varm, ernæringsmessig riktig lunsj 2-3 dagar per veke frå bedrifta. Sogndal idrettssenter Fleire av medlemmene på Sogndal Idrettssenter trenar for å gå ned i vekt, for desse vil det vere ein viktig faktor å få råd om kosthald. Eit samarbeid med idrettssenteret (som allereie er på plass) vil truleg føre til at medlemer også blir kundar av bedrifta. Sogn Bedrifthelseteneste Gjennom samarbeid med bedrifthelsetenesta har fleire bedrifter vist interesse for undervisning om sunnare livsstil, samt oppføljing av enkeltpersonar med særskilte behov, på bedrifta sin rekning. Fleire bedrifter kan vise til betre miljø, mindre sjukmelding og vektnedgang hjå dei tilsette etter felles omlegging av ein sunnare livsstil (t.d TINE). Sogn Bedrifthelseteneste har 220 medlemsbedrifter i Indre Sogn.
I tillegg har bedrifta kontakt med Gry Tokvam, ho har hatt mange kurs rundt om i fylket. I haust skal bedrifta vere med å halde Fiskesprell kurs. Dette er noko som det er marknad for kvart år. Målet til Johanne Grov er at verksemda skal utvikle seg til å bli levebrødet hennar. No i oppstartfasen har ho eit vikariat på Luster vidg skule i 20%, ho tek og nokre vakter som kokk på omsorgssentera i kommunen. Hovudkontoret til Grov Mat vert i Jostedalen (heimekontor), men i samband med avtalen med Sogndal Fotball vil ho også ha eit prosjektkontor på Campus. Ho har budsjettert slike oppstartingskostnader, det føreligg og inntektsbudsjett for oppstartsfasen: Utgifter: kroner Kontorleige (Campus) 15.000 Telekommunikasjon (data/telefon) 20.000 Kjøp av kontormøblar Skrivepult + stol 6000 Stol + bord til besøkande 1000 1000 Lampar ol. 500 Kontorrekvisita 500 Anna Reisekostnader 10.000 (bedriftsbesøk for å skaffe kundar) Kurskostnader 5000 Eige arbeid 30.000 Sum utgifter 90.000 Vurdering: Johanne Grov startar ei verksemd innafor eit område som har mykje fokus, både i offentlege satsingar og i mediabiletet. Det er få andre som tilbyr desse tenestene i vårt område enno. Ho har i løpet av kort tid fått mange kontaktar som kan gje henne interessante avtalar om kjøp av hennar tenester. Johanne Grov har vore ute og skaffa seg utdanning, det er positivt for Luster kommune at ho vel å flytte heim for å etablere verksemd. Rådmannen vil tilrå eit oppstartingstilskot stort kr 30.000. Dato: 01.10.12 Jarle Skartun Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: