Politisk og administrativt sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Hilde Kjelstrup 45210707 2017/4412-6 «REF» 25.03.2018 Særutskrift - 250/4 - deling ny grunneigedom - Matre - Bjørg Matre Kvinnherad forvaltningskomite hadde vedlagte dispensasjonssak føre i møte 21.3.2018 med vedtak nr 2018/35. Då saka ikkje hadde vore til uttale hos statlege og regionale styresmakter i samsvar med pbl kap 19, gav forvaltningskomiteen tilsagn om dispensasjon. Før det vert gjort endeleg vedtak, vert saka difor med dette sendt regionale og statlege styresmakter for uttale. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka: http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/registryentry/case?caseid=58184 Dette vedtaket er ikkje eit enkeltvedtak og kan difor ikkje påklagast. Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Kopi til: Hilde Kjelstrup Mottakarar: Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen Bjørg Matre Oberst Rodesvei 93 C 1165 OSLO Tore Matre Bj. Bjørnsonsvei 56 1412 SOFIEMYR Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/4412-3 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2018/35 Forvaltningskomiteen 21.03.2018 Behandling dispensasjon og deling - 250/4 - deling ny grunneigedom - Matre - Bjørg Matre Innstilling frå rådmannen: Deling etter jordlova Kvinnherad forvaltningskomite gir løyve til å dele i frå ei tomt på inntil 165 m 2 til fritidshus frå gnr/bnr 250/4. Vedtaket er gjort med heimel i Jordlova sin 12 Deling etter pbl. Kvinnherad forvaltningskomite gjev ikkje dispensasjon frå arealføremålet LNF i Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra frå 2013, og pbl. 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til deling av grunneigedom. Planlagt deling kan difor ikkje omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Avslaget er heimla i pbl 19-2 då omsyna til arealføremål i reguleringsplan og omsyn til føremålet i loven vert vesentleg sett til side, og fordelane med tiltaket er ikkje klart større enn ulempene. Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.03.2018 Nytt framsett forslag frå Kai Morten Torget(Frp): Deling etter jordlova Kvinnherad forvaltningskomite gir løyve til å dele i frå ei tomt på inntil 165 m 2 til fritidshus frå gnr/bnr 250/4. Vedtaket er gjort med heimel i Jordlova sin 12 Deling etter pbl. Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealføremålet LNF i Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra frå 2013, og pbl. 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til deling av grunneigedom. Planlagt deling kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Vedtaket er heimla i pbl 19-2 då omsyna til arealføremål i reguleringsplan og omsyn til føremålet i loven ikkje vert vesentleg sett til side, og fordelane med tiltaket er klart større enn ulempene.
Rådmannen får fullmakt til å gjere endeleg vedtak, med evnt vilkår om dette let seg gjere etter uttale frå høyringspartane. Røysting: Nytt framsett forslag frå Kai Morten Torget vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.03.2018 Deling etter jordlova Kvinnherad forvaltningskomite gir løyve til å dele i frå ei tomt på inntil 165 m 2 til fritidshus frå gnr/bnr 250/4. Vedtaket er gjort med heimel i Jordlova sin 12 Deling etter pbl. Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealføremålet LNF i Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra frå 2013, og pbl. 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til deling av grunneigedom. Planlagt deling kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Vedtaket er heimla i pbl 19-2 då omsyna til arealføremål i reguleringsplan og omsyn til føremålet i loven ikkje vert vesentleg sett til side, og fordelane med tiltaket er klart større enn ulempene. Søkjar: Bjørg Matre, Oberst Rodesvei 93 C, 1165 OSLO Søknad dagsett: 28.11.2017 Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om å dele eigedom frå gnr/bnr 250/4, rundt eit gamalt notahus i Indre Matre. Av historikk kan ein nemne at det var eit notabruk i felleseige delt mellom fleire luteigare i Matre. Det gamle notahuset vart kjøpt i 1975, men ein kunne ikkje dela frå grunnen på den tida pga. planar om å etablere industri, og gardeigarane kunne ikkje rå over eigedommane på den måten. Notahuset stod til nedfalls på denne tida, men vart rehabilitert og er i dag brukt som hytte utan at eigarane, i følgje dei sjølve, nyttar bygget til overnatting. Søkjar opplyser om notahuset: «Gamla notahuset er ca. 20 m2 og består av eitt rom med ein liten kryphems som var ein del av det gamle. Det er også ein liten kjøkendisk, eit propan kokeapparat, ei enkel seng/brisk og eit lite bord.( ) I «gamle dagar» når notabruket var aktivt, blei denne bua brukt til overnatting av fiskarar.» Det er tinglyst bruksrett til grunnen som notahuset står på, til Tore Matre med fleire. Det er gitt erklæring om rettar i fast eigedom til å få parkeringsrett til notahuset, på gnr/bnr 250/2.
Kart frå området, sirkel rundt omsøkt areal og notahus. Arealstatus og strandsone Areal som søkjast frådelt ligg i LNF-område i Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra 2013-2023, godkjent 2013. Det er ikkje satt byggjegrense mot sjø i plan. Omsøkt areal med kommunedelplan Nabovarsel Naboar er varsla og det er ikkje kome inn merknader.
Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka er ikkje sendt på høyring sidan den vert lagt fram med negativ innstilling. Dersom denne vert omgjort må saka sendast til følgjande: Fylkesmannen i Hordaland Hordaland fylkeskommune Naturmangfaldlova Ingen registreringar i området av spesielle naturtypar eller biotopar. Kulturminne Ingen registreringar i det omsøkte området. Støy Ikkje aktuelt. Klimatilpassing Tiltak må vere tilpassa påverknad frå vind, bølger og stormflo. Veg, vatn og avløp Ikkje aktuelt. Aktuelle lovheimlar Den planlagte frådelinga krev deling etter jordlova si 12. I vurderinga av om samtykke til fradeling kan gis må ein vektlegge om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. Det er ei samla vurdering som her skal gjerast der ein vurderer omsyn til vern av arealressursar, om deling fører til ei driftsmessig god løysing, og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper. Den planlagte frådelinga krev og dispensasjon etter pbl 19-2 frå arealføremålet LNF i Kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra, godkjent 2013. I tillegg må det gjevast dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering Deling etter jordlova 12: Arealet som skal delast frå er ikkje dyrka eller dyrkbar jord, og må då ikkje ha samtykke til omdisponering etter jordlova 9. Frådelinga er rundt eit notahus som har eksistert i lengre tid. Notahuset er likevel ikkje nytta til fiske etter at det var selt og restaurert i 1975, og er difor ikkje ein ressurs til bruket på den måten. Bygget kan likevel leigast ut, og kan då vere ein ressurs til bruket. Bruket har areal som går til sjø utanom dette arealet, med sjøhus på, og vil då ha høve til å nytte seg av dette som ressurs. Det er ikkje arealressursar som skal vernast her, og delinga vil ikkje føre til drifts- eller miljømessige ulemper. Frådelinga kan etter rådmannen sitt syn tilrådast etter jordlova.
Dispensasjon etter pbl. til frådeling: Det omsøkte arealet ligg i Indre Matre, i eit område som er noko utbygga, men dette er lite i omfang. Det ligg andre sjøhus og naust i nærleiken, og det har vore eit bygg på denne plassen i lengre tid. Frådeling til fritidsbustad er ikkje i tråd med arealføremålet i kommuneplanen, og heller ikkje i tråd med intensjonane i plan- og bygningslova når det gjeld byggeforbod i strandsona. Planen som vart vedteken i 2013 gjorde ei vurdering av kva areala her skulle nyttast til, og med LNF som arealføremål er det til dømes næring i landbruket ein tillet bygningar til, ikkje fritidsbustader. Dette er eit område der ein planmessig ikkje vil dela frå enkelttomter til hytter i strandkanten, då dette vil privatisere området i strandsona, noko som ikkje vil komme allmenten til gode. Ein frådeling her vil føre til byggjepress i området og kan skape presedens for liknande areal i området. Notahuset, flyfoto Det er og registrert badeplass tett på areal som søkjast frådelt: http://faktaark.naturbase.no/kartlagtfriluftsliv?id=fk00010835, men i verdisettingsskjema er plassen registrert lite i bruk, aldri andre enn lokale som er der, og ikkje godt tilpassa. Skråbilete, notahuset Ein finn her at vilkåra for dispensasjon ikkje er tilstades, og fordelane er ikkje større enn ulempene.
Arealet rundt notahuset er ikkje dyrka mark eller dyrkbar mark. Notahuset, gardskart Dispensasjon etter pbl. til parkeringsplass på gnr/bnr 250/2: Om arealet til notahuset skal delast frå, er det lagt ved ein avtale om parkeringsrett på gnr/bnr 250/2, på sida av ei garasje. Avstand til parkering, med kommunedelplan og arealføremål LNF Ser ein på avstanden mellom parkeringsplass og notehuset er dette gangavstand som ein kan akseptera istadenfor parkering på den omsøkte tomten. Arealet ligg likevel med arealføremål LNF i kommunedelplanen, og innanfor strandsonebeltet. Ifølge søkjar er parkeringsarealet «eit gamalt bekkefar som går langs vegen og ned til sjøen. Pgra regulering av elva i Matre, er dette bekkefaret tørrlagt, men ikkje fylt igjen. Planen er å fylla igjen denne delen av bekkefaret slik at det blir plass til ein bil.» Parkeringsarealet ligg mellom ein garasje og bilveg. Ser ein på gardskart.no, ser ein at arealet som er tenkt til parkering ikkje er dyrka mark eller dyrkbar mark. Parkeringsarealet ligg mellom ein garasje og bilveg. Ein ser ikkje at LNF-verdiane eller strandsoneverdiane vert vesentleg sett til side med å gi rett til parkeringsrett her, og fordelane er større enn ulempene.
Parkering, gardskart Grunngjeving Frådelinga kan etter rådmannen sitt syn tilrådast etter jordlova. Ut frå ei samla vurdering kan ein ikkje her gi dispensasjon til frådeling av eigedom etter pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå eller omsyn i føremåla til lova vert sett vesentleg til side, og fordelane med å dele frå er ikkje klart større enn ulempene.