KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT ( )

Like dokumenter
SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

FORMANNSKAPET

Personal- og økonomiutvalet drøfta moglege framtidige inntekter for å sjå kva evt. handlingsrom kommunen har utover i perioden.

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT ( )

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14. desember 2015.

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT ( )

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

1. Rådmann sitt framlegg til økonomiplan og budsjett 2014 vert vedteke slik det framgår av heftet med følgjande endringar:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Tertialrapport 2 tertial 2015

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

VEDLEGG 3 TIL MØTEPROTOKOLL FOR SAMNANGER KOMMUNESTYRE

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

Budsjettskjema 1B Rekneskap Rev. Budsjett Budsjett

Oversyn over økonomiplanperioden

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

Stordal kommune. Årsbudsjett Økonomiplan Vedteke KS desember 2017

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Oversikter/budsjettskjema i sak 063/13 - Budsjett 2014

Saksframlegg Valle kommune

AURLAND KOMMUNE. Budsjett. Budsjett 2018 Vedteke i kommunestyret , ;...I'. .:-

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Budsjett 2012, økonomiplan

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 108/2016 Formannskapet PS Kommunestyret

ØKONOMISKE HOVUDOVERSIKTER. Tillegg til Rådmannen sitt utkast til budsjett og handlingsprogram

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Perioderekneskap August 2011

Årsbudsjett 2018 og økonomiplan for Vedtatt

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Vedlegg 7.1 Økonomiplan drift

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

REKNESKAP. Vedteke av Surnadal kommunestyre xx.xx.2014

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune


Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Økonomiplan

Budsjettnotat frå rådmann datert

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2014.

INNLEIING. Rådmannen legg med dette fram 1. statusrapport for 2016.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Økonomiske oversikter budsjett 2016 Meland kommune

Økonomiplan med budsjett for 2013

Foto: Jan Hansen. Årsbudsjett 2015 og. økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2012.

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Jens Harald Abotnes Krf sette fram følgjande framlegg til vedtak: vert auka med 3,5 mill finansierast med låneopptak.

Hovedoversikter. Driftsutgifter Lønnsutgifter Sosiale utgifter

Hovudoversikter Budsjett 2017

Verdal kommune Regnskap 2015 Budsjett 2016 Budsjett 2017

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Regnskap 2014 Budsjett 2015 Budsjett 2016

Brutto driftsresultat

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

HOVEDOVERSIKTER FORMANNSKAPETS INNSTILLING

Transkript:

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT (2018 2021)

Foto: Instagram #vakreåseral @jstubstad @koaustrud @aseral_kommune @helenehavorstad @ketsmi @derute2 @katefinden @tanyaroysla @heidiaabel @trondegil69 @forgard @evahavorstad @elineaskildsen @anettekragholm @sinder99 @siwlinjord @tfinsada @ak_stensland @ashildmaasland @henningstokdal @gingebretsen @reiersdal2 @alfterje @hildeabusland @nataliesmeland @jepp_nature @jelvenes @cathrinethorsland @anneroynlid @kristinabelseth @ingermarie62 @espenslem @mariannfah @laisen87 @thomasrake @oscar_s_smith Layout: Åseral kommune AK Tollefsen

INNHALD 1. FØREORD 4 2. KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 6 2.1 Om planarbeidet og forankring i lovverket 6 2.2 Prosess 7 2.3 Føringar i kommuneplanens samfunnsdel, målsettingar mv. 7 2.4 Statistikk 8 2.5. Kommunen sitt handlingsrom og budsjettramme 10 2.6 Einskilde sentrale inntektspostar 15 2.6.1 Statsbudsjettet og rammetilskot 15 2.6.2 Skatt på inntekt og formue 15 2.6.3 Eigedomsskatt 16 2.6.4 Sal av konsesjonskraft 17 2.6.5 Konsesjonsavgifter 18 2.6.6 Andre generelle statstilskot 18 2.7 Finanspostar 18 2.7.1 Finnansinntekter 18 2.7.2 Finansutgifter 19 2.8 Organiseringa i kommunen 20 2.8.1 Politisk styring planområde 190 21 2.8.2 Sentraladministrasjonen 23 2.8.2.1 Rådmannen planområde 100 25 2.8.2.2 Økonomi og personal planområde 130 26 2.8.2.3 Service, reiseliv og kultur planområde 150 28 2.8.3 Felles planområde 600 30 2.8.4 Oppvekst og levekår 31 2.8.4.1 Barnehage planområde 210 33 2.8.4.2 Skule planområde 220 37 2.8.4.3 Helsehuset planområde 310 39 2.8.4.4 Pleie, rehabilitering og omsorg planområde 340 43 2.8.4.5 NAV planområde 390 46 2.8.5 Drift og utvikling 48 2.8.5.1 Utvikling planområde 510 51 2.8.5.2 Drift og vedlikehald planområde 540 53 2.8.5.3 Reinhald planområde 550 56 3. BUDSJETT 2018 60 3.1 Oppsummering av budsjett og budsjettføresetnadar 60 3.2 Driftsramme for budsjettår 2018 62 3.3 Plan for investeringar 2018 64 3.4 Prislista 66 3.5 Likviditet 66 3

1. FØREORD Endå eit år og ikkje minst ein komande 4-årsperiode med uttalte økonomiske utfordringar står framfor oss. Noko som skuldast store investeringar for økonomiplanperioden og eit statsbudsjett som ikkje er i favør av småkommunar. Veksten i dei frie inntektene er for Åseral kommune rekna til å bli 1,2 %, medan kostnadsauken for kommunal sektor er rekna til å bli 2,6 % (deflator). Når vi i tillegg må ta omsyn til effekten av redusert eigedomsskatt og kraftfull auke i avdrag og renter på lån, ja då blir det svært utfordrande. Det er ikkje mogleg med eit balansert budsjett utan reduksjonar på fleire av våre tenesteområde. Vi må òg legge til grunn auka andel av finansinntekter som grunnlag for å hanskast med vårt driftsnivå. Verre kan det bli dersom forslag frå regjeringa om bortfall av inntekter i eigedomsskatt på verk og bruk får fleirtall i Stortinget. Då må vi planlegge for ytterlegare reduksjon frå 2019 og utover med aukande negativ effekt. I økonomiplanperioden blir det lagt til grunn store investeringar det største er nytt omsorgsbygg. Dette gir moglegheit for auka kvalitet i omsorgstenesta. Vi legg òg til grunn at i eit nytt omsorgsbygg kan planområdet redusere noko i tal årsverk. Rådmann har ved fleire høve foreslått reduksjon og bortfall i særskilte ordningar som m.a. utdanningsstipend, tilskot til bustadbygging og skotpremie på rev. Ved tidlegare høve har ikkje desse forslaga blitt vedtekne. Det er sjølvsagt høve for politikarane til å ta fram desse forslaga som då vil gje moglegheit til noko mindre reduksjon på våre tenesteområde. Vi reknar med at kraftindustrien skal gjere store investeringar dei komande åra endelege vedtak skal gjerast før året er omme. Det kan gje positive ringverknadar for lokalsamfunnet og regionen. Trass i krav om omstilling, eller kanskje på grunn av, så er det viktigare enn nokon gong å finne satsingar som kan styrke vår evne til å oppnå resultat på område særskilt nemnt i kommuneplanen: Korleis skal Åseral verte meir attraktiv for næringsverksemd? Korleis skal Åseral verte meir attraktiv for vitjande? Korleis skal Åseral verte meir attraktiv som stad å bu? Det er særskilte utfordringar som møter oss dei næraste åra klokskap og vilje til prioritering krevst. Kjell Gunnar Olsen Rådmann 4

2. KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2.1 Om planarbeidet og forankring i lovverket Føresegnene om utarbeiding av økonomiplan finn vi i kommunelova 44. Kommunestyret skal kvart år vedta ein økonomiplan som minst omfattar dei fire neste budsjettåra. Han skal gi eit realistisk oversyn over forventa inntekter/ utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. I plan- og bygningslova 11-1 er det stilt krav om at kommunen skal ha ein samla kommuneplan som inneheld ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel. Handlingsdelen tek føre seg korleis planen skal følgjast opp dei neste fire åra og skal reviderast årleg. Kommuneplanens samfunnsdel 2015 2025 vart vedteken i 2015, medan arealdelen vart vedteken i 2011. Frå og med 2016 har vi valt å kople handlingsdelen av kommuneplanen saman med økonomiplanen. Dette i tråd med plan- og bygningslova 11-1. Dokumentet vert då heitande Kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett. På denne måten ønskjer vi å sikre ei tettare kopling mellom kommuneplan, økonomiplan og budsjett. Vidare ønskjer vi med dette å løfte opp kommuneplanens samfunnsdel til å bli eit tydeleg styringsverktøy. Konkret skal kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett sikre: Godt økonomisk oversyn her samlar vi trådane og gjer prioriteringar Langsiktigheit og kontinuitet At kommunen har eit samordnande og strategisk dokument Kommunestyret si bestilling til administrasjonen avklaring av politiske prioriteringar og at administrasjonen konsentrerer sitt arbeid kring dette Rammer for drift og prosjekt Gjennom årsmelding og tertialrapportering (budsjettkontroll) vil vi sjå til korleis status er i høve til kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett, og om kommunen får gjennomført vedtekne planar. Tiltaka som ligg inne i dokumentet har ei kopling til kapittel/punkt i kommuneplanens samfunnsdel. Gjennom året vil vi likevel oppleve at det er tiltak som dukkar opp og som må handterast, til dømes som følgje av avvik, vedlikehaldstrong eller uventa forhold. Desse vil i mange høve ikkje ha direkte kopling til kommuneplanens samfunnsdel. Prosjekt/driftstiltak som kjem opp gjennom året bør likevel vere unntaket. Kommunal planstrategi vart vedteken av kommunestyret hausten 2016. Planstrategien tek føre seg kva utfordringsbilete kommunen står overfor og kva planarbeid som skal prioriterast inneverande kommunestyreperiode. I planstrategien er det m.a. lagt opp til at kommuneplanen (samfunnsdel og arealdel) vert vidareført slik han ligg i dag. 6

2.2 Prosess Rådmannen, kommunalsjefar og einingsleiarar har delteke i arbeidet med Kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett. På denne måten vert det ei meir sams forståing av utfordringar på einingane, med siktemål at heile organisasjonen dreg i same retning uavhengig av kva sektor vi høyrer til. I arbeidet med handlingsdelen har det vore deltaking frå politisk side ved kommunalutvalet og hovudutvalsleiarane. Tillitsvalde har delteke på lik line med politikarane. Politikarane og tillitsvalde har òg blitt orientert undervegs. Det er kommunestyret som vedtek kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett etter innstilling frå kommunalutvalet. Rådmannen utarbeider eit framlegg for kommunalutvalet. Jamfør plan- og bygningslova 11-4 skal forslaget gjerast offentleg kjent minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming. 2.3 Føringar i kommuneplanens samfunnsdel, målsettingar mv. Gjennom kommuneplanens samfunnsdel har kommunestyret vedteke visjon, overordna målsetjing og verdiar som ein skal arbeide etter. Det vert synt til kommuneplanens samfunnsdel kap. 1 og 2. Visjon: ÅSERAL EI POSITIV KRAFT Visjonen speglar kommunen si rolle som kraftkommune og vertskap for fornybar energi. Vidare vår vilje og evne til å bidra der vi ser at det er naudsynt og klokt. Visjonen er òg eit uttrykk for korleis vi ønskjer å bli oppfatta blant innbyggjarar, turistar/hytteeigarar, næringsdrivande og andre. Overordna målsetting: ALLE I ÅSERAL SKAL OPPLEVE GOD LIVSKVALITET OG VERE GODT RUSTA TIL Å MØTE FRAMTIDA Våre verdiar er: Særprega Venleg Aktiv Romsleg Som nemnt vart kommuneplanens samfunnsdel vedteken i 2015. Han er konsentrert om mål og strategiar innan følgjande område: Åseral attraktiv for næringsverksemd Åseral attraktiv for vitjande Åseral attraktiv som bustadkommune Folkehelse Likestilling Energi og klima Samfunnstryggleik og beredskap 7

2.4 Statistikk Utviklinga i innbyggjartalet Figuren under syner utviklinga i innbyggjartalet per 1. januar i perioden 2008 2017. 950 940 930 920 910 900 890 880 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Befolkningssamansetning Tal innbyggjarar må sjåast i nær samanheng med alders- og kjønnssamansetning. Figuren under syner folkemengd etter kjønn og aldersgruppe i 2017. 250 200 150 100 50 0 0-15 år 16-18 år 19-34 år 35-66 år 67-74 år 75 år og eldre Menn Kvinner 8

Framskriving av innbyggjartalet fordelt på aldersgrupper For å vurdere framtidig tenestetilbod, er det nyttig å sjå på korleis alderssamansetinga vil utvikle seg. Figuren under syner mellom anna at mot slutten av 2020-talet vil ein få auka tal eldre. 500 450 400 350 300 250 200 150 100 50 0 2020 2025 2030 2035 2040 0-15 år 16-18 år 19-34 år 35-66 år 67-74 år 75 år og eldre Tal fødde 2002-2016 Figuren under syner tal fødde i perioden 2002 2016. Figuren illustrerer godt svinginga i årskull. 16 14 12 10 8 6 4 2 0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 9

2.5. Kommunen sitt handlingsrom og budsjettramme Åseral kommune er ein vertskommune for kraftproduksjon. Det har over mange år gjeve ein rimeleg god økonomi og gjeve kommunen høve til å gje gode tenester og mange gode tilskotsordningar. Vi er nå inne i ein periode kor inntektene frå kraftproduksjonen ikkje følgjer løns- og prisveksten, og nokre blir endåtil reduserte. Det er fallande inntekter på eigedomsskatt frå kraftproduksjonen som er det mest alvorlege for kommunen sin økonomi. Regjeringa har i forslag til statsbudsjett foreslått å endre reglane for eigedomsskatt for verk og bruk. Skulle desse endringane i eigedomsskattelova bli vedtekne, vil det medføre ytterlegare store reduksjonar i eigedomsskatteinntekta. Konsekvensar av forslag til endringar i eigedomsskattelova er ikkje teke inn i rådmannen sitt framlegg til økonomiplan. Viser til eigen omtale av dei sentrale inntektene under kapittel 2.6. Kommunen står framfor store investeringar innanfor eldreomsorg og reinseanlegg for avløp. Desse investeringane vil gje kommunen ein monaleg auke i finanskostnadar. Og så lenge vi ikkje ser ein tilsvarande vekst i driftsinntektene medfører det at vi må redusere utgiftene på tenester som kommunen yter. Det er utfordrande å redusere utgiftene utan at det skal få store konsekvensar for innbyggjarane. I den framlagte økonomiplanen er det føreteke reduksjonar av utgiftsnivået på tenester samt auke i nokre gebyrinntekter utover forventa prisstigning. Endra kostnadsbilete samt føringar frå staten gjer at vi for nokre fagområde må styrke ramma noko. Endringane innanfor planområda vil gå fram under den enkelte eininga sin omtale. Åseral kommune har jamt over hatt større finansinntekter enn finansutgifter. Difor har vi gjennom fleire år hatt eit relativt stort og godt netto driftsresultat. Med unntak av åra kor det var store svingingar i finansmarknaden. I rådmannen sitt framlegg til investeringar i planperioden er det to store prosjekt som må lånefinansierast og som vil medføre store rente- og avdragsutgifter. Verknaden ser ein i hovudsak frå 2019 og frametter. I denne planperioden vil vi gå frå å ha ei positiv netto finansinntekt i 2018 til ei relativt stor negativ netto finansutgift i 2021. Vi må også for denne økonomiplanen oppsummere med at vi framleis har for høgt driftsnivå. For at vi skal kunne gå inn i framtida med ein sunn økonomisk basis, er det avgjerande å arbeide vidare med dette, sjølv om det kan medføre upopulære tiltak. Det er viktig at administrasjonen og kommunestyret har felles forståing av den økonomiske situasjonen og tek nødvendige grep for å betre på dette. 10

Økonomiplan drift 2018 2021 Økonomiplanen for 2018 2021 er gjort opp i balanse, totalt sett og for kvart år i planperioden. I økonomiplanperioden blir finanskapitalen ikkje halde ved like, jf. finansreglementet 4.3.1. Det har vore naudsynt å avsette mindre for å få økonomiplanen i balanse. For 2018 er det foreslått å avsette 1,9 %, for åra 2019 og 2021 ca. 0,7 % og inga avsetning i 2020. I tillegg har vi inntektsført kr 1 204 000 frå drifts- og investeringsfondet for å få driftsbudsjettet i balanse i 2020. Kommunestyret vedtok å auke fordelt til drift med kr 75 000 per år i planperioden. Det blir finansiert ved å redusere avsetning til finanskapitalen til 2018, 2019 og 2021 med kr 75 000 For år 2020 auker inntekstføring av ubundne avsetningar med kr 75 000. Arbeidet med å redusere driftsutgifter og auke driftsinntekter må halde fram i 2018. Dei grepa og føresetnadane som ligg til grunn for budsjettet 2018 er omtalt under kapittel 3 budsjett 2018. Dei større inntektspostane i budsjettet blir gått gjennom under eige kapittel. Økonomiplan drift Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett (Beløp i 2018-kroner) 2018 2019 2020 2021 Skatt på inntekt og formue -21 600 000-21 940 000-22 280 000-22 620 000 Ordinært rammetilskot -38 620 000-38 430 000-38 840 000-38 980 000 Skatt på eigedom -21 500 000-21 500 000-21 500 000-21 500 000 Naturressursskatt -14 000 000-14 000 000-14 000 000-14 000 000 Konsesjonsavgifter -6 140 000-6 640 000-6 640 000-6 640 000 Andre generelle statstilskot -1 620 000-670 000-565 000 0 Konsesjonskraft -2 670 000-2 670 000-2 670 000-2 670 000 Sum frie disponible inntekter -106 150 000-105 850 000-106 495 000-106 410 000 Renteinntekter og utbytte -6 866 000-5 355 000-5 530 000-5 876 000 Gevinst finansielle instrument -5 640 000-5 690 000-5 730 000-5 810 000 Renteutg., provisjonar og andre fin.utg. 2 167 000 3 011 000 4 245 000 4 896 000 Avdrag på lån 5 852 000 6 998 000 8 858 000 9 406 000 Netto finansinntekter/-utgifter -4 487 000-1 036 000 1 843 000 2 616 000 Til dekn. av tidl. reknesk.m. meirforbruk Til ubundne avsetningar 2 544 000 883 000 0 793 000 Til bundne avsetningar 6 990 000 6 640 000 6 640 000 6 640 000 Bruk av tidl. reknesk.m. mindreforbruk 0 0 0 0 Bruk av ubundne avsetningar 0-400 000-2 029 000 0 Bruk av bundne avsetningar -5 150 000-4 910 000-6 090 000-5 970 000 Netto avsetningar 4 459 000 2 288 000-1 404 000 1 538 000 Overført til investeringsbudsjettet 645 000 355 000 105 000 105 000 Til fordeling drift -105 533 000-104 243 000-105 951 000-102 151 000 Sum fordelt til drift (til planområda) 103 368 000 103 118 000 104 926 000 102 146 000 Tiltak over driftsbudsjettet 2 240 000 1 200 000 1 100 000 80 000 Meir-/mindreforbruk 0 0 0 0 11

Driftstiltak i planperioden Namn på driftstiltak (beløp i 1000 kroner) Kostnad Finansieringskjelde Avdeling Driftstiltak budsjett 2018 Digital kommunikasjon fiber 1 100 Totalkostnad 1 700', løyvd kr 600' KOS-sak 61/2016. 2018 frå kraftfondet SEN Leiaropplæring 25 Frå driftsrekneskapen SEN Eikerapen Roots Festival 50 Frå kraftfondet, KOS-vedtak 40/2016 SEN Trådlaust nett 60 Frå driftsrekneskapen SEN Konsulenthjelp og juridisk bistand eigedomsskatt 100 Frå driftsrekneskapen SEN Utstyr og inventar, barnehagen 75 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Velferdsteknologi 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Ombygging personalrom 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Skuleprosjekt 200 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Destinasjonsutviklingsprosjekt Bortelid 500 Frå driftsrekneskapen DRU Forprosjekt veg Bortelid Ljosland 30 Frå driftsrekneskapen DRU Driftstiltak budsjett 2019 Leiaropplæring 25 Frå driftsrekneskapen SEN Konsulenthjelp og juridisk bistand eigedomsskatt 100 Frå driftsrekneskapen SEN Åseral kyrkje 200 Frå driftsrekneskapen SEN Utstyr og inventar, barnehagen 75 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Velferdsteknologi 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Vedlikehald bruer 200 Frå driftsrekneskapen DRU Oppdatering av kartgrunnlag i Eikerapen og Kyrkjebygd 150 Frå driftsrekneskapen DRU VA Kyrkjebygd 400 Frå driftsrekneskapen DRU Driftstiltak budsjett 2020 Leiaropplæring 25 Frå driftsrekneskapen SEN Åknes kapell 75 Frå driftsrekneskapen SEN Velferdsteknologi 100 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Fysioterapiutstyr 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV GPS-utstyr 100 Frå driftsrekneskapen DRU VA Kyrkjebygd 400 Frå drifts- og investeringsfond DRU Veg Smeland 150 Andel vedlikehald frå drifts- og investeringsfond DRU Håvorstad bru 200 Andel vedlikehald frå drifts- og investeringsfond DRU Driftstiltak budsjett 2021 Åknes kapell 30 Frå driftsrekneskapen SEN Fysioterapiutstyr 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV 12

Økonomiplan investering 2018 2021 Budsjett for investeringar 2018 2021 er gjort opp i balanse for kvart år i planperioden. Det er budsjettert med monaleg opptak av lån i åra 2018, 2019 og 2020 knytt til investeringar i reinseanlegg Ljosland og omsorgsbygg. Omsorgsbygg vil utløyse betydelege tilskot frå staten. Det er nå rekna til 30 mill. og det er lagt opp til at tilskotet kjem i 2019. Tabellen syner samla investeringsutgifter og korleis dette blir finansiert. Dei einskilde prosjekta blir nærare omtalt under rammeområda. Budsjettskjema investering Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett (Beløp i 2018-kroner) 2018 2019 2020 2021 Investeringar i anleggsmidlar 56 930 000 95 750 000 20 550 000 0 Utlån og forskoteringar 605 000 605 000 605 000 605 000 Kjøp av aksjar og andelar 0 0 0 0 Avdrag på lån 550 000 550 000 550 000 550 000 Dekning av tidlegare år udekt 0 0 0 0 Avsetningar 0 0 0 0 Årets finansieringsbehov 58 085 000 96 905 000 21 705 000 1 155 000 Finansiert slik: Bruk av lånemidlar 40 500 000 50 500 000 18 500 000 500 000 Inntekter frå sal av anleggsmidlar 0 0 0 0 Tilskot til investeringar 600 000 30 000 000 0 0 Kompensasjon for mva. 10 160 000 15 000 000 500 000 0 Mottekne avdrag på lån og refusjonar 550 000 550 000 550 000 550 000 Andre inntekter 0 0 0 0 Sum ekstern finansiering 51 810 000 96 050 000 19 550 000 1 050 000 Overført frå driftsrekneskapen 645 000 355 000 105 000 105 000 Bruk av disposisjonsfond 5 030 000 500 000 2 050 000 0 Bruk av ubundne investeringsfond 0 0 0 0 Bruk av bundne fond 600 000 0 0 0 Sum finansiering 58 085 000 96 905 000 21 705 000 1 155 000 Udekt/udisponert 0 0 0 0 13

Investeringstiltak i planperioden Namn på investeringstiltak (beløp i 1000 kroner ekskl. mva.) Kostnad Finansieringskjelde Avdeling Investering budsjett 2018 Fornying av kopimaskinar 300 Frå drifts- og investeringsfond SEN Sjølvbetjeningsterminal bibliotek 140 Frå driftsrekneskapen SEN Tømmerkai Strømsvika 105 Frå driftsrekneskapen SEN Omsorgsbygg 40 000 Eksternt lån OPPLEV Bilar 400 Frå driftsrekneskapen DRU Bortelid vassverk 3 000 Frå drifts- og investeringsfond DRU Eikerapen vassverk 200 Frå drifts- og investeringsfond DRU Ljosland vassverk 450 Frå drifts- og investeringsfond DRU VA Ospekronæ 900 Frå drifts- og investeringsfond DRU EL-ladar Ljosland 690 300' i tilskot, 390 frå fond vedk. samarbeidsavtale fylkeskommunen DRU EL-ladar Eikerapen 690 300' i tilskot, 208 frå fond vedk. samarbeidsavtale fylkeskommunen og 182 frå drifts- og investeringsfond DRU Investering budsjett 2019 Tømmerkai Strømsvika 105 Frå driftsrekneskapen SEN Omsorgsbygg 60 000 Tilskot 30 000' og eksternt lån 30 000' OPPLEV Bilar 250 Frå driftsrekneskapen DRU Kylland reinseanlegg 500 Frå drifts- og investeringsfond DRU Ljosland reinseanlegg 20 000 Eksternt lån DRU Investering budsjett 2020 Tømmerkai Strømsvika 105 Frå driftsrekneskapen SEN Ljosland reinseanlegg 18 000 Eksternt lån DRU Rådhus, tak 1 300 Frå drifts- og investeringsfond DRU Veg Smeland 150 Andel påkost. drifts- og investeringsfond DRU Håvorstad bru 600 Andel påkost. drifts- og investeringsfond DRU Investering budsjett 2021 Tømmerkai Strømsvika 105 Frå driftsrekneskapen SEN 14

2.6 Einskilde sentrale inntektspostar 2.6.1 Statsbudsjettet og rammetilskot Statsbudsjettet for 2018 foreslår store endringar i eigedomsskatt for verk og bruk. Dette vil medføre monaleg mindre inntekter utover i økonomiplanperioden. Forslaget om endringar i eigedomsskatt på verk og bruk vil innebere at kommunane ikkje lenger får høve til å skrive ut eigedomsskatt på kraftliner eller andre nettanlegg. I tillegg blir det føreslått å auke grunnrenteskatten til staten for kraftverka, noko som igjen vil redusere kommunen sine eigedomsskatteinntekter (grunnrenteskatten til staten kan trekkast frå i grunnlaget for eigedomsskatten). Framlegg til økonomiplan har ikkje teke høgde for at regjeringa får vedteke endringane i eigedomsskatten for verk og bruk. Veksten i frie inntekter (skatt og rammetilskot, ekskl. eigedomsskatt) er i statsbudsjettet for Åseral berekna til 1,2 %. For landet er det berekna ein vekst på 2,6 %. Det fortel oss at vi ikkje har ein vekst i frie inntekter som er stor nok til å dekke løns- og prisveksten. Når vi samstundes veit at eigedomsskatteinntektene også blir reduserte, krev det omprioriteringar av pengebruken. Rammetilskotet blir tildelt Åseral kommune etter mange kriterium. Folketal og alderssamansetning er dei viktigaste kriteria. I tillegg kjem mange former for utgiftsutjamning. Kostnadsindeksen for Åseral var for 2017 på 1,43, medan han for 2018 er berekna til 1,42. Det vil seie at det i framlegg til statsbudsjett er berekna at Åseral er noko billegare å drive i 2018. Ved tildeling av rammetilskot blir det òg føreteke ei inntektsutjamning. For Åseral kommune, som har skatteinntekter over landsgjennomsnittet, blir det eit trekk i overføringane. Trekket som kommunen får er på 60 % av inntektene som er over landsgjennomsnittet. Ut frå prognosar for skatteinntektene vil det utgjere 4,87 mill. i 2018. Inntektsutjamninga medverkar til at det er vanskeleg å gje ein god prognose for rammetilskot då han tek utgangspunkt i folketal per 1. januar 2018 og blir berekna fortløpande gjennom budsjettåret etter kvart som skatten blir innbetalt (skatt frå forskotspliktige og naturressursskatt). For rammetilskot i perioden 2018 2021, har vi lagt til grunn forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram 12. oktober. For planperioden har vi budsjettert med ein liten realvekst i frie inntekter (1 %), og vi får følgjande rammetilskot i planperioden: År (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Rammetilskot -38 620-38 430-38 840-38 980 2.6.2 Skatt på inntekt og formue Åseral kommune har framleis skatteinntekter som er godt over landsgjennomsnittet. I tillegg til skatt frå inntekt og formue (personskatt) har kommunen naturressursskatt. Åseral kommune har i mange år fått monaleg lågare skattevekst enn snittet på landsplan. Noko skuldast at folketalet ikkje veks i same takt som elles i landet, men det meste er at innbetaling av skatt ikkje har auka i same grad som for andre kommunar. I 2017 ser det ut til at vi kan bryte denne negative trenden. Kommunen sine skatteinntekter har auka med 4,82 % per 30. september mot 4,02 % for landet elles. Budsjettet for skatteinntektene for forskotspliktige er eit anslag ut frå skatteinngangen i 2016 og innbetalinga til nå i inneverande år. Skatteinngangen i Åseral for 2017 ser ut til å bli mykje betre enn det vart budsjettert med. Anslag på inntekta i 2017 er på 21,0 mill. Budsjettet for 2018 for skatt (personsskatt) blir budsjettert noko høgare enn budsjettet for inneverande år. For perioden 2018 2020 har vi som nemnt budsjettert med ein liten realvekst i frie inntekter, noko som bidreg til ein liten auke i skatteinntektene for desse åra. 15

Det er budsjettert med 14,0 mill. i naturressursskatt i heile planperioden. Det er noko lågare enn budsjettet for 2017, men høgare enn innbetaling per 30.09. Naturressurskatten blir berekna med 1,1 øre/kwh til kommunen av gjennomsnittleg kraftproduksjon dei siste sju åra. Så vil nedbørsmengd, tidspunkt nedbøren kjem og straumprisen vere med og bestemme kraftproduksjonen for åra i planperioden. Produksjonen kan bli redusert som følgje av investeringar og rehabiliteringar knytt til Åseralsprosjekta. Beløpet på 1,1 øre/kwh har stått stille sidan denne skatten blei innført. Det betyr at denne inntekta blir mindre verd for kvart år når vi tek med prisendringane som skjer. Det er ikkje teke med konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget som nå snart er ferdige eller for tildelt konsesjon til Agder Energi vedkomande Åseralsprosjekta. For planperioden har vi budsjettert med følgjande inntekt på skatt og formue: År (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Skatt på inntekt og formue -21 600-21 940-22 280-22 620 Naturressursskatt -14 000-14 000-14 000-14 000 2.6.3 Eigedomsskatt Eigedomsskatt er den viktigaste inntektskjelda til kommunen. Det gode med denne inntekta er at ho ikkje blir samordna med overføringane frå staten (rammetilskotet). Vi beheld eigedomsskatten utan å bli trekt andre stader. Hovudkjelda til eigedomsskatt er kraftanlegga til Agder Energi. Vi skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk og har maksimumssats på 7 promille (7/1000) av verdien på eigedommane. Kommunen har nå fått grunnlaget for utskrivinga av eigedomsskatt for kraftverka for 2018 (e-post frå Sentralskattekontoret datert 26. oktober 2017). Alle anlegg i Åseral som er eigd av Agder Energi vil for 2018 ha ein formuestakst langt under maksimumstaket. Eitt anlegg har fått berekna formuesverdien ut frå minimumstaket. Småkraftverk får ein formuesverdi ut frå investert beløp med fråtrekk for slit og elde. For andre kraftverk vil formuesverdien i hovudsak bereknast med grunnlag i eit gjennomsnitt av spotpris for straum dei siste fem åra, med frådrag for driftsutgifter/grunnrenteskatt for det enkelte kraftverket. Verdien av kraftverka vil svinge ettersom straumprisen endrar seg. Dei låge straumprisane og auka utgifter dei siste åra har redusert formuesverdien og har medført at grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt for kraftverka i 2018 er redusert med 2,1 mill. samanlikna med 2017. Straumprisen i 2017 er noko høgare enn føregåande år, og vi trur ikkje at det vil medføre ytterlegare reduksjon i eigedomsskatt frå kraftverka i 2019. Skulle driftsutgiftene ved kraftverka auke, vil det kunne bety eit lågare eigedomsskattegrunnlag og mindre eigedomsskatt. Regjeringa har i forslag til statsbudsjett teke inn endringar i eigedomsskatten for verk og bruk. Det er frå mange kommunar og KS sentralt ein massiv motstand mot denne endringa. Dette er ikkje eit nytt forslag, og hovudtrekka blei sendt på høyring i 2015. Vi har ikkje teke inn konsekvensane av forslag til endringar for verk og bruk i forslag til økonomiplan. 16

Forslaget om auka grunnrenteskatt (frå 34,3 % til 35,7 %) for kraftverk vil kunne redusere kommunens inntekter med ca. 160 000 kr i 2018 (grunnrenteskatten til staten kan trekkast frå i grunnlaget for eigedomsskatten). Skulle endringane bli vedtekne, vil det redusere eigedomsskatten med eit større beløp kvart år og vil få full effekt i 2024 med ca. 1,4 mill. Den føreslåtte endringa for eigedomsskatt for verk og bruk som får størst verknad for kommunen er at kommunen ikkje lenger får høve til å skrive ut eigedomsskatt på kraftliner eller andre nettanlegg. Forslaget er at dette skal fasast ut over 5 år frå 2020 og vil ut frå dagens takstar bety eit inntektsbortfall på 2,9 mill. Framlegg til økonomiplan har ikkje teke høgde for at regjeringa får vedteke endringane i eigedomsskatten for verk og bruk. Åseral kommune skriv ut eigedomsskatt for anlegg under bygging. Det vil i planperioden bety ein liten auke i inntektene i samband med utbygginga av trafostasjonen på Honna og ny line frå Skjerka. Det er ikkje teke inn konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget, som nå snart er ferdige, eller for tildelt konsesjon til Agder Energi vedkomande Åseralsprosjekta. Det er ikkje lagt opp til å innføre generell eigedomsskatt i planperioden. Vi ser i dag for oss følgjande inntekter frå eigedomsskatt i perioden 2018 2021: År (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Eigedomsskatt -21 500-21 500-21 500-21 500 2.6.4 Sal av konsesjonskraft Kommunen får konsesjonskraft frå utbyggingane i vassdraga våre. Frå 2015 har krafta blitt forvalta av Konsesjonskraft IKS, selskapet som kommunen gjekk inn som medeigar av i 2014. Inntekta frå sal av konsesjonskraft til kommunen blir som kjent avgrensa av straumforbruket innanfor kommunen sine grenser. Åseral har blitt tildelt mykje meir konsesjonskraft enn straumforbruket. Den delen av konsesjonskrafta som kommunen ikkje kan ta ut blir i dag tildelt Vest-Agder fylkeskommune. Åseral kommune er tildelt 92,6 GWh og i 2016 kunne vi selje 33,4 GWh. Konsesjonskraft IKS sel krafta slik at i forkant av eit nytt budsjettår veit vi prisen og inntekta vi får av konsesjonskrafta vår. Vi opplever for tida noko høgare salsprisar for straum, og det gir større inntekter av konsesjonskrafta samanlikna med 2017. Noko av den auka inntekta går med til å dekke auka kostpris som vi betaler til Agder Energi for krafta. Samla sett vil inntekta likevel bli noko høgare enn i 2017 og ca. 0,9 mill. betre enn varsla i økonomiplan 2017 2020. Vi har for perioden lagt til grunn budsjettforslaget frå Konsesjonskraft IKS for denne inntekta. I planperioden 2018 2021 har vi budsjettert med følgjande inntekter frå sal av konsesjonskraft: År (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Konsesjonskraft -2 670-2 670-2 670-2 670 17

2.6.5 Konsesjonsavgifter Kommunen får konsesjonsavgifter for utbygging av vasskraft i Åseral. Denne inntekta er berekna til 6,14 mill. i 2018. Konsesjonsavgifter skal prisjusterast kvart femte år, og vi har budsjettert med prisjustering i 2019. Konsesjonsavgifter kan vi ikkje sjå på som frie inntekter for kommunen då bruk av denne inntekta er regulert i forskrifter. Det er heller ikkje for denne inntekta teke inn konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget eller for tildelt konsesjon til Agder Energi vedkomande Åseralsprosjekta. Budsjettet for planperioden 2018 2021 for konsesjonsavgifter er følgjande: År (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Konsesjonsavgifter -6 140-6 640-6 640-6 640 2.6.6 Andre generelle statstilskot Denne inntekta er i hovudsak tilskot til mottak av flykningar. Inntekta er berekna ut frå dei personane som er komne til kommunen og satsar i forslag til statsbudsjett. 2.7 Finanspostar 2.7.1 Finnansinntekter Kommunen har monalege midlar etter sal av aksjar i Agder Energi. Avkastninga av denne finanskapitalen er vanskeleg å budsjettere, spesielt med dei svingingane vi har sett dei siste åra. Vi vel å budsjettere med ei avkastning på 4 % også for åra 2018 2021. Finansinntekta bygger på at kommunen prisjusterer finanskapitalen i tråd med budsjettet for 2017. Inntekta er berekna ut frå eit beløpet på 141,0 mill. For å nå ei slik avkastning, må kommunen plassere midlar også i papir med høgare risiko enn innskot i bank. Vi brukar eit uavhengig rådgjevingsfirma til hjelp i dette arbeidet. Kommunen sitt finansreglementet, vedteke av kommunestyret, set rammer for plasseringane. I forslag til budsjett for planperioden har vi lagt til grunn at 1,9 % av avkastninga blir sett på fond for 2018, slik at kapitalen omtrent blir uendra i forhold til prisutviklinga, jf. kommunen sitt finansreglement pkt. 4.3.1. For åra 2019 og 2021 er forslaget å avsette ca. 0,7 % som regulering av kapitalen og inga avsetning i 2020. Det har vore naudsynt å avsette mindre til vedlikehald av finanskapitalen for å få økonomiplanen i balanse desse åra. Agder Energi betaler ut utbytte for 2018 med grunnlag i rekneskapen for 2016, altså siste avlagte rekneskap. Utbyttet vil av den grunn vere kjent første året i planperioden. Åseral får 5,69 mill. i utbytte i 2018. Ein nedgang frå 2017 som var på 6,22 mill. Vi trur at den låge straumprisen samt store investeringar vil gje utslag i svakare resultat for Agder Energi i dei komande åra. Vi har budsjettert med ein nedgang i utbytte for 2019 2020 og har lagt til grunn eit anslag på 4 mill. for desse åra. Kommunen har god likviditet og har monalege midlar plassert i bank. Renter for driftskonti i bank og formidlingslån er anslått til 1,4 mill. for 2017. Vi har lagt til grunn at renta på innskot vil gå noko opp i planperioden og har auka inntekta frå 2019. Same føresetnad for innskotsrente som for rente på kommunen sine innlån. 18

Kommunen har budsjettert med følgjande finansinntekter i perioden 2018 2021. Finansinntekter (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Finansavkastning -5 640 000-5 690 000-5 730 000-5 810 000 Utbytte Agder Energi -5 690 000-4 000 000-4 000 000-4 000 000 Renter driftskonto/utlån -1 176 000-1 355 000-1 530 000-1 896 000 Sum finansinntekter -12 506 000-11 045 00-11 260 000-11 706 000 2.7.2 Finansutgifter Kommunen har dei seinare åra finansiert fleire store investeringsprosjekt med langsiktige lån. Vi har gått frå å vere ein kommune med lite lån per innbyggjar til å vere ein av kommunane med mest lån per innbyggjar i Vest-Agder. I planperioden blir det føreslått å ta opp lån på totalt 108 mill., fordelt på omsorgsbygg med 70 mill. i åra 2018/2019 og reinseanlegg på Ljosland med 38 mill. i 2019/2020. Til grunn for berekningar av renter og avdrag på nye lån ser vi for oss at låna blir tekne opp midt i budsjettåret og blir det året bare belasta med renter for eit halvt år. Vi vil sjå av tabell over finansutgifter at utgifter til renter og avdrag aukar monaleg i planperioden på bakgrunn av dei planlagde investeringane. Det er lagt til grunn eit rentenivå på 2,0 % i 2018, og ein auke med 0,25 %-poeng per år i planperioden. Det er budsjettert med eit rentenivå som er noko høgare enn det vår største lånegivar, Kommunalbanken, legg til grunn. Vi har inngått avtalar om fast rente for ca. 45 % av låneporteføljen. Andel lån med fast rente vil bli redusert i perioden. Vi har sett avdragstid til 20 og 35 år for nye lån i planperioden. Avdragstida er sett til berekna levetid for investeringsprosjekta. Kommunen driv med vidareformidling av startlån for Husbanken. Dette er lån som skal gjevast til unge førstegongsetablerarar som har problem med å kome seg inn på bustadmarknaden. Vi har ikkje budsjettert med å ta opp startlån i perioden då det i dag står mykje ubrukte startlån til disposisjon. Avdrag som kommunen betaler og avdrag kommunen får inn frå låntakarar blir budsjettert i investeringsbudsjettet. Kommunen har budsjettert følgjande utgifter til renter og avdrag i perioden 2018 2021: Finansutgifter (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Avdragsutgifter 5 852 000 6 998 000 8 858 000 9 406 000 Renteutgifter 2 167 000 3 011 000 4 245 000 4 896 000 19

2.8 Organiseringa i kommunen Rådmann Sentraladministrasjon Økonomi og personal Einingsleiar Service, reiseliv og kultur Einingsleiar Stab (Folkehelsekoordinator, kommuneoverlege, organisasjon) Avdeling for drift og utvikling Kommunalsjef Utvikling Einingsleiar Drift og vedlikehald Einingsleiar Avdeling for oppvekst og levekår Kommunalsjef Barnehage Einingsleiar Skule Einingsleiar Helsehuset Einingsleiar Pleie, rehabilitering og omsorg Einingsleiar NAV Einingsleiar 20

2.8.1 Politisk styring planområde 190 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Politisk styring Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 3 568 3 508 3 628 3 508 Kompensasjon lønsauke 2017 22 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 11 Kompensasjon prisvekst 32 Red. utg. Stortingsval 2017-100 120 nytt val i 2021 Kommuneval 2019 120-120 Red. mat/servering nokre møte utan mat og "enklare" servering -25 Korrigert brutto 0 3 508 0 3 628 0 3 508 0 3 628 Netto ramme drift 3 508 3 628 3 508 3 628 Utgifter til val fell vekk i 2018. Forslag til reduksjon i driftsramme er hovudsakleg på serveringsposten. Mål for perioden Ordførar vil også i 2018 prioritere å delta i hovudutvalsmøta. Dette for betre å kunne følgje opp sakene politisk, men òg for å gje støtte til utvalsleiarane. 2018 blir eit viktig år i høve til region- og kommunereform. Åseral vil arbeide aktivt for at Innlandet Agder blir eit synleg samarbeid med 14 deltakande kommunar. Vi er positive til IKS-samarbeid, og Åseral vil vurdere samarbeid både austover og vestover. Åseral kommune må òg ta tak i framtidig organisering av NAV. NAV si rolle er avgjerande for å lukkast i integreringsarbeidet. Aktiviteten rundt Åseral Nord blir høg i 2018. Dei næraste åra blir avgjerande for korleis vi kan utnytte utbyggingsavtalane til lokal verdiskaping. Arbeidet med å få til ei finansiering av veg Bortelid Ljosland må få prioritet. Økonomi: Ei avklaring av prosjekt Nytt Omsorgsbygg vil leggje sterke føringar for kommunal økonomi dei neste åra. Samstundes med at viktige skatteordningar blir utfordra nasjonalt, må økonomiarbeidet også på politisk side ha høg prioritet. I 2018 legg vi opp til økonomitema i samband med to kommunestyremøte vår og haust. I desse temamøta skal LVK-sakene ha fast plass. Vekst i folketalet er avgjerande for ei positiv utvikling. Då er heilskapen viktig. Vi må ha tilgang på bustadar i sentrum for fleire brukargrupper med ulik betalingsevne. Omdømme og kvalitet er viktig i kommune-noreg. Åseral skal vere ein ja-kommune, og for å lukkast, må vi ha optimal samhandling mellom administrativ og politisk side. Utviklarrolla må få auka prioritet. 21

KOSTRA-tal Brutto driftsutgifter politisk styring, funksjon 100, kr per innbyggjar 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 3 417 3 109 3 369 3 490 Audnedal kommune 1 288 1 677 1 225 1 102 Marnardal kommune 1 022 1 079 963 844 Bykle kommune 3 364 2 688 2 198 3 124 Sirdal kommune 1 721 1 644 1 793 1 430 Kommunegruppe 6 1334 1392 1311 497 Vest-Agder 384 413 338 410 Åseral har gjennom ein del år nå hatt høge utgifter til politisk styring. Sjølv om vi justerer for folketalet, så er tala høgare per innbyggjar enn i dei aller fleste andre kommunar. 22

2.8.2 Sentraladministrasjonen Rammeområdet Sentraladministrasjonen består av einingane Rådmannen, Økonomi og personal og Service, reiseliv og kultur. Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Sentraladministrasjonen Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 23 514 24 099 23 999 24 087 Kompensasjon lønsauke 2017 239 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 202 Kompensasjon prisvekst 187 Endring oppgåver: Sommarjobbgaranti store kull 100-50 -50 Red. vedk. permisjon i stilling 2017 tilbakeført i 2018 50 Nytt økonomi-/personalsystem naudsunt konsulenthjelp 40 Auka utgift til DDV 250 Flytte SLT-koordinator til planområde 310-45 Reduksjonar i driftsramme: Generell reduksjon driftsramme -40 Seniortiltak red. einingane sine krav på lønskompensasjon -20 Rekneskapsføring, arkiv mv. Lindesnesrådet i 2018 og 2019-88 88 Red. løn og sos. utgifter -220 Auka husleigeinntekt -20 Innbyggjarane over på Digipost reduksjon porto -20 Sal av Kylland grendehus reduksjon driftsutgifter -30 Avslutte tilskot til idrettsrådet -0-50 Korrigert brutto -108 24 207 0 23 999 88 23 999 0 24 037 Netto ramme drift 24 099 23 999 24 087 24 037 Sentraladministrasjonen reduserer kostnadar for å sikre balanse i årsbudsjett 2018 og for å leggje grunnlaget for ein berekraftig balanse for økonomiplanperioden. Det kjem nytt reglement i 2018 som omhandlar personvern. Eit av måla for Åseral kommune er å ha på plass eit personvernombod før reglane trår i kraft. Det er sett av ressursar tilsvarande 0,1 årsverk til dette arbeidet. Stillingsheimelen er teken frå Service, reiseliv og kultur (ansvar 150). 23

Satsingsområde og reduksjonar blir omtalt under dei einskilde ansvarsområda: 100 Rådmannen, 130 Økonomi og personal og 150 Service, reiseliv og kultur. Vurdering av måloppnåing skjer i årsmeldinga. KOSTRA-tal Brutto driftsutgift til adm. og styring, funksjon 120, kr per innbyggjar 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 17 129 16 259 15 881 15 108 Audnedal kommune 6 165 5 845 5 370 4 936 Marnardal kommune 5 342 5 199 5 608 5 026 Bykle kommune 14 422 15 251 15 433 16 218 Sirdal kommune 13 360 12 910 12 611 12 388 Kommunegruppe 6 8 948 9 038 9 361 8 763 Vest-Agder 4 165 3 932 3 902 3 240 Brutto driftsutgifter er framleis høge i nasjonal samanheng. Investeringstiltak 2018 2021 Tømmerkai Strømsvika Fornying av kopimaskinar Tiltak Omtale Pkt. i kommuneplanen Sjølvbetjeningsterminal bibliotek Lån til selskapet Bytte ut etter 5 års syklus Vil gjere tenesteområdet mindre sårbart. Utlån av bøker m.m. vert elektronisk registrert utan manuell føring. 4.4.4 Kostnad og finansiering 105 årleg frå driftsrekneskapen 300 frå drifts- og investeringsfond 140 frå driftsrekneskapen Handlingsprogram investeringstiltak 2018 2021 (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Tømmerkai Strømsvika 105 105 105 105 Fornying av kopimaskinar 300 Sjølvbetjeningsterminal bibliotek 140 24

2.8.2.1 Rådmannen planområde 100 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Rådmannen Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 6 693 7 048 6 998 6 998 Kompensasjon lønsauke 2017 119 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 104 Kompensasjon prisvekst 32 Sommarjobbgaranti store kull 100-50 -50 Korrigert brutto 0 7 048 0 6 998 0 6 998 0 6 948 Netto ramme drift 7 048 6 998 6 998 6 948 I 2017 gjorde vi tiltak for å få fleire av garantiungdommane ut i arbeid hjå private næringsdrivande. Dette har ikkje lukkast i så stor grad som ønskt, og vi ser det naudsynt å auke budsjettposten for 2018. Her er administrasjonen òg avhengig av drahjelp frå politikarane med å tilby og kunngjere ordninga. Utfordringar for planområdet I 2017 vart det lagt til grunn ei subsidiering på kr 125 000 i samband med nyetablert næringsbygg i sentrum. Frå 2018 var planen å redusere forventa subsidiering til kr 75 000. Vi har fått mindre leigeinntekter frå næringsbygget enn det vi tidlegare har budsjettert med og kan ikkje redusere subsidieringa som ønskt. Driftsramma til kyrkja blir auka med 2,3 %, medan deflator for 2018 er rekna til 2,6 %. Kyrkja har søkt om ekstraordinære midlar til vedlikehald av Ljosland kapell i 2018, Åseral kyrkje i 2019 og Åknes kapell i 2020 og 2021. Vi legg til grunn at kyrkja må ta investeringskostnadane med eigne midlar for søknad vedkomande Ljosland kapell i 2018. Til Åseral kyrkje gjer vi framlegg om løyving av midlar i 2019 tilsvarande omsøkt beløp, medan Åknes kapell blir løyvd halvparten av omsøkt beløp i 2020 og 2021. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Integrere systembasert internkontroll i organisasjonen Kunnskapsbasert og samordna tilnærming i folkehelsearbeidet Etablere interne rutinar, m.a. opprette rolle/funksjon som personvernombod, jf. nye krav i EUs personverndirektiv Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Deltaking prosjekt folkehelsefremjande skular Agderfylka har blitt programfylke i nasjonalt folkehelseprogram frå 2017. Satsingsområdet er å fremme barn og unge si psykiske helse og livskvalitet. Eit av prosjekta som har fått midlar er helsefremjande skular. Åseral kommune kan truleg bli deltakar i dette prosjektet dersom vi ønskjer. 5.1 Eige arbeid innanfor ramma i tillegg til tilskotsmidlar Tiltak 2019 2021 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Åseral kyrkje Vedlikehald 200 frå driftsrekneskapen Åknes kapell Vedlikehald 105 frå driftsrekneskapen 25

Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Åseral kyrkje 200 Åknes kapell 75 30 2.8.2.2 Økonomi og personal planområde 130 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Økonomi og personal Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 4 606 4 530 4 530 4 574 Kompensasjon lønsauke 2017 51 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 34 Kompensasjon prisvekst 33 Red. vedk. permisjon i stilling 2017 tilbakeført i 2018 Nytt økonomi-/personalsystem naudsunt konsulenthjelp Reduksjonar i driftsramme generell reduksjon Seniortiltak red. einingane sine krav på lønskompensasjon Rekneskapsføring mv. Lindesnesrådet i 2018 og 2019 50 40-40 -20-44 44 Red. løn og sos. utgifter -160 Auka husleigeinntekt -20 Korrigert brutto -64 4 594 0 4 530 44 4 530 0 4 574 Netto ramme drift 4 530 4 530 4 574 4 574 Utfordringar for planområdet Det komande året vil eininga fortsatt ha ei redusert bemanning. Dette gjer at noko av utviklingsarbeidet vert utsett. Eininga vil arbeide med korleis vi kan utføre oppgåvene på ein best mogleg måte, både med tanke på effektivitet og kvalitet. Samstundes ser vi at det nye økonomi-, HR- og lønssystemet krev ekstra ressursar, spesielt på løn. Personalarbeid Sjukefråværet i kommunen varierer. I og med at vi er ein liten kommune vil langtidssjukefråvær hjå ein person gje store utslag. Vi ligg likevel godt under landssnittet. Målet om å ha eit sjukefråvær under 5 % ligg vi ikkje langt unna. God leiing er viktig både i forhold til økonomi- og personaloppfølging. Har vi tilsette som går til leiar før lege, og får ei god oppfølging frå leiar, trur vi dette kan påverke sjukefråværet. Vi ønskjer å vektleggje leiaropplæring òg i 2018. 26

Eit anna ønskje er å få tid til å arbeide med rutinar samt bevisstgjering og oppdatering av rutinane. Ei målsetting for 2018 er å prioritere dei etiske retningslinene. Vi ønskjer òg å arbeide vidare med likestilling. Likestillingsutvalet som vart starta i 2016 skal fortsette å arbeide med temaet, med spesiell vekt på deltidsproblematikk og toleranse. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Revidere økonomireglementet Revidere sentral rutinebeskrivelse for økonomistyring og internkontroll samt auke økonomikompetansen i administrasjonen Framheve fag- og leiarkompetanse Redusere sjukefråværet Jobbe vidare med HMS/kvalitet og forbetringsarbeid i kommunen Fortsette arbeidet med likestilling Innkjøp for kommunen skal skje etter reglane for offentlege innkjøp for å sikre etisk framferd og god utnytting av midla som kommunestyret har stilt til rådvelde Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Kompetanseplan Ufrivillig deltid Leiaropplæring Konsulent/juridisk bistand eigedomsskatt Utarbeiding av felles retningsliner ved fastsetjing av overordna kompetanseplan behovskartlegging, prioriteringar, kompensasjonsordningar, bindingstid o.l. Kartlegging av ufrivillig deltid. Vurdere mogleg auke i stillingsstorleik til dei som ønskjer auke i stillinga. Arbeide mot heiltidskultur i kommunen ved å arbeide målretta mot størst moglege stillingar, og så langt det er mogleg lyse ut 100 %-stillingar. Leiarutvikling. Naudsynt utvikling og kompetanseheving for å kunne nå måla. Trong for meir hjelp til taksering og klagehandsaming 4.4.3 Innanfor eiga ramme 6.2 Innanfor eiga ramme 25 frå driftsrekneskapen 100 frå driftsrekneskapen Tiltak 2019 2021 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Leiaropplæring Konsulent/juridisk bistand eigedomsskatt Leiarutvikling. Naudsynt utvikling og kompetanseheving for å kunne nå måla. 50 frå driftsrekneskapen 100 frå driftsrekneskapen Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Leiaropplæring 25 25 25 Konsulenthjelp/juridisk bistand eigedomsskatt 100 100 27

2.8.2.3 Service, reiseliv og kultur planområde 150 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Service, reiseliv og kultur Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år Kompensasjon lønsauke 2017 69 Komp. lønsauke overheng 2018 64 Kompensasjon prisvekst 122 Auka utgift til DDV 250 Flytte SLT-koordinator til planområde 310-45 12 215 12 521 12 471 12 515 Innbyggjarane over på Digipost reduksjon porto -20 Sal av Kylland grendehus reduksjon driftsutgifter -30 Arkiv mv. Lindesnesrådet i 2018 og 2019-44 44 Avslutte tilskot til idrettsrådet 0-50 Red. løn og sos. utgifter -60 Korrigert brutto -44 12 565 0 12 471 44 12 471 0 12 515 Netto ramme drift 12 521 12 471 12 515 12 515 Eininga er tildelt ei driftsramme på kr 12 471 000 for budsjettåret 2018. Utover løns- og prisvekst har eininga fått tilført kr 250 000 i samband med auka utgifter til DDV. Reduksjon innan einskilde tenesteområde går fram av tabellen. Her ligg: reduksjon av porto i samband med å få innbyggjarane over på digital postkasse reduserte driftsutgifter innan kultur ved å avhende Kylland grendehus reduksjon av stillingsheimel på servicekontoret med 10 % redusere/avslutte tilskot til idrettsrådet i løpet av dei to neste budsjettåra Kommunestyret vedtok å ikkje redusere tilskotet i 2018 overføre kostnadar til helsehuset dette blir berre ei flytting av pengar frå eit planområde til eit anna eininga vil i tillegg bli styrkt med eit beløp i ein periode i samband med arkiv- og møtesekretærfunksjonen for Lindesnesrådet Utfordringar for planområdet IKT og økonomi opp mot DDV er framleis ei stor utfordring. Av mange årsaker aukar utgiftene meir enn deflator. DDV har etter kvart teke over fleire lisenskostnadar som igjen har gjort at innkjøpsavtalar har vorte rimelegare. Innkjøp og arbeidet med å få alle kommunane inn på dei same plattformene har gjort at investeringane har vorte store og arbeidsmengda til kommunane tilsvarande. Vi vonar at framtida vert meir føreseieleg enn ho har vore til nå. Det er òg liten tvil om at det vert ei utfordring å einast om kostnadsfordeling etter at kommunereforma er gjennomført. Nå må det seiast at IKT-relaterte utgifter nok vil stige meir enn andre utgifter i framtida òg. Dette skuldast at digitalisering av tenester berre aukar. 28

Minne kultursenter har dei siste åra vore arena for bygdeutstillinga. Dette har etter kvart teke meir og meir av kvardagen til dei tilsette. Det vil vere behov for å evaluere utstillinga. Sidan starten i 1973 får ho stadig færre lokale utstillarar. Det er etter kvart vanskeleg å få avvikla ferie hjå dei tilsette på Minne på grunn av utstillinga som held på ein heil sommarmånad. Vi arbeider framleis med å løyse utfordringa med å halde oppe resten av året med dei personellressursane vi i dag rår over på Minne. Både Minne og biblioteket er særs sårbare i samband med ferieavvikling og sjukdom. Vi vil arbeide med å få på plass ei løysing på dette. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Utnytte dei tilgjengelege arbeidsressursane på ein best mogleg måte for å kunne få eit godt tenestetilbod og produksjon innan alle område Effektivisere drift og sårbarheit ved ferie og eventuelle fråvær på bibliotek og Minne kultursenter og samstundes oppretthalde eit godt tenestetilbod Få så mange innbyggjarar som mogleg over på digital postkasse for å redusere utgifter til porto Gjere biblioteket meir moderne, tilgjengeleg og framtidsretta Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Eikerapen Roots Festival Digital kommunikasjon Trådlaust nett Utvikle biblioteket Ope Minne Tilskot (siste år av nedtrapping). Vedteke i kommunestyret sak 16/40. Få på plass planlagt fiberutbygging. Vedteke i kommunestyret sak 61/2016. Behov for nytt trådlaust nett i alle kommunale bygg då gamalt nett nå er utan noko form for support. Etter tilråding frå DDV. Arbeide med å gjere biblioteket meir framtidsretta, moderne og tilgjengeleg Få til eit kultursenter med betre opningstider og fleire vitjande enn i dag 4.4.2 50 frå kraftfondet 2.2.4 1 100 frå kraftfondet 60 frå driftsrekneskapen 4.4.4 Innafor eiga ramme 4.4.4/3.2.2 Innafor eiga ramme Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Eikerapen Roots Festival 50 Digital kommunikasjon 1 100 Trådlaust nett 60 29

2.8.3 Felles planområde 600 Kommunen har dei siste åra budsjettert med ein post for lønsoppgjer som ikkje blir fordelt til planområda før lønsoppgjeret er ferdig. Einingane vil etter ferdig forhandla lønsoppgjer få tilført midlar i same storleik som dei får auka sine utgifter til løn og sosiale kostnadar. Storleik på denne fellesposten går fram av tabell for felles planområde. Åseral kommune har gjennom mange år hatt store VA-utbyggingar i hytteområda. Utbyggjar betaler kommunen tilkoplingsavgift for å få tilgang til vatn og avløp. VA-tilkoplingar vil variere mykje frå år til år. Kommunen budsjetterer med denne driftsinntekta under felles planområde. Utan spesielle VA-investeringar i budsjettet budsjetterer vi i planperioden med 20 tilkoplingar i året. I tillegg vil det i åra 2018 og 2019 kome tilkoplingsgebyr med bakgrunn i dei investeringane som er utført på Bortelid i 2016 og 2017. Det gir ytterlegare 40 nye tilkoplingar i 2018 og 20 stk. i 2019. Åseral kommune bereknar kommunale gebyr i tråd med Retningslinjer for beregning av selvkost for kommunale betalingstjenester (H-3/14, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, februar 2014). Sjølvkost inneber at kommunen sine kostnadar med å frambringe tenestene skal bli dekka av gebyr som brukarane av tenestene betaler. Kommunen har ikkje høve til å tene pengar på tenestene. Ei anna sentral avgrensing i kommunen sitt handlingsrom er at overskot frå det enkelte år som hovudregel skal tilbakeførast til abonnentane i form av lågare gebyr innan dei neste fem åra. Dette betyr at viss kommunen har avsette overskot som er eldre enn fire år, må overskot brukast til å redusere gebyr i det komande budsjettåret. Kommunen vil ha eit monaleg sjølvkostfond per 31.12.2017. Dette vil vi redusere i økonomiplanperioden, då vi budsjetterer med lågare gebyrinntekter enn utgifter frå 2019. Bruk av sjølvkostfondet blir budsjettert under posten Bruk av bundne avsetningar i økonomiplanen. (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Felles Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Lønsauke 2018 til 2021 (frå 1. mai gjeldande år) Tilkoplingsavgifter VA (20 stk. à kr 92 878 inkl. mva. 74 302 ekskl. mva.) Nye VA-prosjekt på Bortelid, jf. investeringsprosjekt, 40 nye i 2018 1 500 1 200 1 500 1 200-1 480-1 480-1 480-1 480-2 960-1 480 Korrigert brutto -4 440 1 500-2 960 1 200-1 480 1 500-1 480 1 200 Netto ramme drift -2 940-1 760 20-280 30

2.8.4 Oppvekst og levekår Rammeområdet Oppvekst og levekår består av einingane Barnehage, Skule, Pleie, rehabilitering og omsorg, Helsehuset og NAV. Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Oppvekst og levekår Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme føregåande år 62 069 62 823 61 903 62 823 Kompensasjon lønsauke 2017 753 Komp. lønsauke overheng 2018 761 Kompensasjon prisvekst 290 Endring oppgåver: Statsbudsjettet satsingar barnehage 70 Flytte integrering frå planområde 220 1 490 Flytte integrering til planområde 310-1 490 Endra legevaktsordning 300 Nye oppgåver til eininga (netto endring) Overf. frå staten psykolog og ergoterapeut Flytte SLT-koordinator frå planområde 150 45 Auka stilling jf. aml. red. i 2018/2019 210-210 Økonomisk sosialhjelp 130 1 600 200 Reduksjonar i driftsramme: Auke makspris utover prisstigning (statsbudsjettet) -40 Avtale med Kompetansesenteret blir avslutta i 2017-200 Red. IKT-utgifter/lisensar -100 Introduksjonsordninga mottak 2016-500 -650 Red. vedk. permisjon i stilling 2018 tilbakeført i 2019-140 140 Red. løn og sos. utgifter -825-200 -200 Endre avtale LRMS -150-150 Nytt omsorgsbygg red. løn og sos. utgifter -250-250 Flytte ambulerande vaktmeister til planområde 540-280 Korrigert brutto -40 62 863 0 61 903 0 62 823 0 62 423 Netto ramme drift 62 823 61 903 62 823 62 423 31

Rammeområdet Oppvekst og levekår er samla tildelt ei ramme på kr 62 798 000 for 2018. Drifts- og investeringstiltak kjem i tillegg. Driftstiltaka i 2018 utgjer ein kostnad på kr 375 000, medan kostnadsramme for investeringar i 2018 ikkje er heilt klar, men ho ser ut til å bli i storleiksorden 100 millionar kroner. Oppvekst og levekår har totalt sett auka ramma sjølv om det òg er redusert i drifta. Drifta har over fleire år blitt redusert, men vi må likevel arbeide vidare med det dei neste åra. Skal vi klare å halde ei berekraftig utvikling, må det omstillingar til. Det er ikkje kommunen åleine som kan løyse utfordringane, men det må gjerast saman med andre aktørar som frivillige, pårørande o.l. Førebygging og helsefremming er viktig og skal vere ei grunnleggande haldning i fagmiljøa. Brukarane og pårørande skal vere i sentrum av tenesta. Dette krev samarbeid. Tidleg innsats og god kvalitet er viktige satsingsområde for skule og barnehage. Dette skal kome klart fram i ny oppvekstplan for barnehage og skule, som skal utarbeidast i 2018. Eit spanande og viktig arbeid som skal gjerast i samarbeid mellom administrasjon og politikk. Dei neste åra kjem òg til å prege skulen med eit viktig omstillingsarbeid. Det vil vere krevjande for både lærarar og leiing, men det er eit naudsynt arbeid. Hausten 2017 er det sendt ut høyring om endring i bemannings- og pedagognorm i barnehagar gjeldande frå august 2018. Bemanningsnorm gjeld både pedagogar og fagarbeidarar, pedagognorm gjeld auking i tal pedagogar per barnegruppe i høve til dagens krav. Dersom forslaget i høyringa vert vedteke, vil det kunne føre til endringar i tal pedagogar i barnehagen. Forslaget knytt til bemanningsnorm vil ikkje føre til endringar. Vi følgjer i dag det som er forslag til bemanningsnorm. Ansvar for området integrering er flytt frå eining for skule til eining for helsehuset. Utbygging av heildøgnsplassar for eldre samt bustadar for yngre funksjonshemma er ei stor satsing dei neste åra. Planlegginga er snart ferdig, og det er oppstart av bygging i løpet av 2018. Dette, saman med omstilling av drifta, vil gje fine og tilpassa bustadar samt effektive tenester. Det vert endringar i kommunestrukturen frå 2020, noko som medfører endringar i interkommunalt samarbeid i regionen. Det vil dei neste åra vere viktig at vi vurderer denne situasjonen og ev. ser etter nye moglege samarbeidspartnarar. Legevaktsamarbeidet er allereie under vurdering. NAV Vest-Agder vurderer omorganisering av tenestene. Dette kan medføre endringar i strukturen i den statlege delen av NAV. Vi er opptekne av samarbeid med integrering og god forvaltning ved vårt lokale NAV-kontor. Dette vil det vere viktig å fortsette med og vidareutvikle i 2018. Investeringstiltak 2018 2021 Tiltak Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Nytt omsorgsbygg Utbygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar for personar som har behov for tilrettelagt bustad. 4.3 2018: 40 mill. lån 2019: 30 mill. lån og 30 mill. tilskot frå Husbanken Handlingsprogram investeringstiltak 2018 2021 (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Nytt omsorgsbygg 40 000 60 000 32

2.8.4.1 Barnehage planområde 210 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Barnehage Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år 6 713 6 924 6 924 6 924 Kompensasjon lønsauke 2017 88 Komp. lønsauke overheng 2018 86 Kompensasjon prisvekst 7 Statsbudsjettet satsingar barnehage 70 Auke makspris utover prisstigning (statsbudsjettet) -40 Korrigert brutto -40 6 964 0 6 924 0 6 924 0 6 924 Netto ramme drift 6 924 6 924 6 924 6 924 For 2018 er planområde 210 tildelt netto driftsramme på kr 6 899 000. Det tilsvarar ramme for 2017 med kompensasjon for lønsauke, prisvekst, ny pedagognorm, reduksjon knytt til endring i minsteopphaldstid og makspris utover prisvekst. Innsparinga som ligg i forslag til driftsramme er endring av minste opphaldstid i barnehagen og makspris utover prisvekst. Minste opphaldstid vil seie at foreldre kan velje om dei vil ha barnehageplass 3, 4 eller 5 dagar i veka. Tilbodet om barnehageplass 2 dagar i veka vil bli avslutta. I dag er det svært få som brukar barnehageplass berre 2 dagar i veka. Ein konsekvens av å avslutte tilbodet om barnehageplass 2 dagar i veka er at familiar med barn i kontantstøttealder (1 til 2 år) ikkje lenger kan kombinere barnehageplass og kontantstøtte. Det kan føre til at nokre familiar vel å utsette barnehagestarten til barna er 2 år. Kommunestyret vedtok å ikkje endre minste opphaldstid. Tidlegare øyremerka tilskot for styrking av språkstimulering for framandspråklege barn er teken bort for kommunar med mindre enn 50 framandspråklege barn i barnehagealder. Makspris utover prisvekst vil vere med og kompensere for bortfall av dette tilskotet. Utfordringar for planområdet Barnehagen er oppteken av å halde høg kvalitet på tenestetilbodet, samstundes som vi legg vekt på utvikling og forbetring. Det er svært viktig at barnehagen har god pedagogtettleik og god totalbemanning for å gjennomføre satsing på kvalitet, tidleg innsats, kompetanseheving og utvikling i personalgruppa. Pedagogane er ei viktig faggruppe i arbeidet med å sjå tidleg kva utfordringar barna kan få vidare i utdanningsløpet og leggje til rette for god utvikling og læringsutbytte hjå barna. Det er grunnleggande samanheng mellom tidleg innsats i barnehagen og resultat i skulen. Barnehagen har høg prioritet på tidleg innsats hjå barna, som ei viktig førebuing til skulestart. Barnehagen vil framleis ha ei utfordring i å behalde og skaffe nok pedagogar for å stette krav om pedagognorm etter sentrale retningsliner. Det stiller krav til nok pedagogar for å gjennomføre kommunen sitt krav til å innfri lova om rett til barnehageplass og politisk målsetting om at alle som søkjer barnehageplass ved hovudopptak skal få ein barnehageplass uavhengig av retten etter lova. Barnehagen har våren 2017 hatt eit høgt fråvær knytt til pedagogane. Dette er utfordrande i kvardagen. Det er ikkje alltid mogleg å få pedagogar inn som vikarar. Det er difor særs viktig at vi har nok pedagogressurs å gå på i grunnbemanninga. Det har hausten 2017 kome høyring om endring i bemanningsnorm og pedagognorm med verknad frå august 2018. 33

Høyring knytt til ny bemanningsnorm vil ikkje føre til endringar hjå oss. Varsla endring er 1 vaksen per 6 barn over 3 år og 1 vaksen per 3 barn under 3 år slik vi praktiserer det i dag. Høyring knytt til pedagognorm kan derimot føre til endringar hjå oss. Det er varsla at det skal vere færre barn per pedagog enn det som ligg til grunn i lovverket i dag. Det vert regulert ut frå tal barn og kan difor endre seg ved kvart opptak. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Tenestene innanfor barnehageeininga har høg kvalitet, og foreldre og barn opplever eit godt tenestetilbod. Eininga vektlegg å gjennomføre brukarundersøking kvar haust. Eininga har tilsette som er opptekne av kvalitet og kompetanseheving. Kompetansesenter Sør er ein viktig samarbeidspartnar i gjennomføring av mål og tiltak knytt til det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Tidleg innsats i barnehagen gjennom bruk av tverrfagleg observasjon og nettverksarbeid i regionen. Barnehagen vektlegg å utvikle kompetanse hjå dei tilsette gjennom kurs og lærande nettverk i regionen innan områda språk, realfag og læringsmiljø. Eininga arbeider med tiltak for å redusere sjukefråværet hjå dei tilsette. Eininga vektlegg trivsel og godt arbeidsmiljø hjå dei tilsette. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar 1 5 år, barnehagar 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 136 500 119 397 141 224 122 151 Audnedal kommune 139 202 133 314 109 092 99 268 Marnardal kommune 159 343 151 592 143 154 120 579 Kommunegruppe 6 143 362 134 836 138 037 125 063 Vest-Agder 131 518 125 410 118 211 110 713 Som tabellen syner ligg Åseral midt mellom kommunegruppe 6 og fylket når det gjeld netto driftsutgifter i barnehagar for 2016. Det vil framleis vere periodar vi ikkje klarar å utnytte ressursen fullt ut etter norm for pedagogtettleik grunna svingingar i barnegruppene. Vedtektene i Åseral barnehage tillét at foreldre kan endre barnehageplassen med ein månads varsling. Det betyr at vi ikkje alltid kan erstatte barn som sluttar i barnehagen på kort varsel. Kommunen har sikra at grunnbemanninga med pedagogar og fagarbeidarar følgjer tilrådd norm med 1 vaksen per 3 barn 0-3 år og 1 vaksen per 6 barn 3-5 år. Planområdet sine oppgåver 2018 2021 34

Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Utstyr og inventar Oppvekstplan Realfagsatsing Sosial kompetanse Systemarbeid Rekruttering og etterutdanning Godt arbeidsmiljø Oppfølging av sjukefråvær Det er naudsynt med opprusting av utstyr og inventar som har større kostnadar enn det er rom for i budsjettet. Det gjeld utskifting av kvitevarer og stolar til kjøkkenet. Uteleikeapparat som må skiftast ut er det heller ikkje rom for innan ordinær budsjettramme. Som del av evaluering av kvalitetsdokument for barnehage og skule vert det våren 2018 utarbeidd ein oppvekstplan som skal vere styrande for arbeidet i barnehage og skule. Satsing på realfag gjennom å arbeide med tal, rom og form, jamfør sentrale føringar, satsing i verksemdsplan og Kompetansesenter Sør Programmet «Være Sammen» og regionplanen «Jeg Trives» er del av arbeidet vårt for å skape eit godt læringsmiljø i barnehagen. Eininga vektlegg å utarbeide gode system for arbeidet som vert utført. Gjere eininga mindre sårbar for endringar. Rekruttere og behalde pedagogar er viktig for å ha ein høg kvalitet på tilbodet. Like viktig som rekruttering er det å etterutdanne pedagogar vi har i eininga. Dei tilsette opplever å ha eit godt arbeidsmiljø, og at dei har fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Leiar saman med verneombod legg vekt på oppfølging av sjukefråvær. Tilrettelegging vert gjennomført med minst mogleg ekstra belastning for dei andre medarbeidarane. Nyttar aktivt tilbod frå NAV-arbeidslivssenter. 75 frå driftsrekneskapen 4.4.1 Innanfor eiga ramme 4.4.1 Innanfor eiga ramme 4.4.3 Innanfor eiga ramme 4.2 Innanfor eiga ramme 4.2 Vil i nokre samanhengar krevje finansiering 5.1 Innanfor eiga ramme 5.1 Vil i nokre samanhengar krevje finansiering 35

Tiltak 2019 2021 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Realfagsatsing Sosial kompetanse Systemarbeid Rekruttering og etterutdanning Godt arbeidsmiljø Oppfølging av sjukefråvær Utstyr og inventar Satsing på realfag gjennom å arbeide med tal, rom og form, jamfør sentrale føringar, satsing i verksemdsplan og Kompetansesenter Sør Programmet «Være Sammen» og regionplanen «Jeg Trives» er del av arbeidet vårt for å skape eit godt læringsmiljø i barnehagen. Eininga vektlegg å utarbeide gode system for arbeidet som vert utført. Gjere eininga mindre sårbar for endringar. Rekruttere og behalde pedagogar er viktig for å ha ein høg kvalitet på tilbodet. Like viktig som rekruttering er det å etterutdanne pedagogar vi har i eininga. Dei tilsette opplever å ha eit godt arbeidsmiljø og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Leiar saman med verneombod legg vekt på oppfølging av sjukefråvær. Tilrettelegging vert gjennomført med minst mogleg ekstra belastning for dei andre medarbeidarane. Nyttar aktivt tilbod frå NAV-arbeidslivssenter. Det er naudsynt med opprusting av utstyr og inventar som har større kostnadar enn det er rom for i budsjettet. Det gjeld utskifting av kvitevarer og stolar til kjøkkenet. Uteleikeapparat som må skiftast ut er det heller ikkje rom for innan ordinær budsjettramme. 4.4.1 Innanfor eiga ramme 4.4.3 Innanfor eiga ramme 4.2 Innanfor eiga ramme 4.2 Vil i nokre samanhengar krevje finansiering 5.1 Innanfor eiga ramme 5.1 Kan i einskildsakar krevje finansiering 75 frå driftsrekneskapen Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Utstyr og inventar, barnehagen 75 75 36

2.8.4.2 Skule planområde 220 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Skule Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: Kompensasjon lønsauke 2017 268 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 292 Kompensasjon prisvekst 82 Flytte integrering til planområde 310-1 490 Red. løn og sos. utgifter -500 Avtale med Kompetansesenteret blir avslutta i 2017-200 Red. IKT-utgifter/lisensar -100 21 129 19 481 19 481 19 481 Korrigert brutto 0 19 481 0 19 481 0 19 481 0 19 481 Netto ramme drift 19 481 19 481 19 481 19 481 I budsjetthandsaminga for 2017 har det vore reduksjon av lønsutgiftene. Denne prosessen vil fortsette i 2018. Kostnadsnivået for skuledrifta i Åseral skal vidare noko ned. Verknaden av reduksjon i stillingar for skuleåret 2017/2018 får effekt frå hausten 2018. Eininga budsjetterer med ein reduksjon av kostnadane til innkjøp av pc-ar og lisensar. Skulen avvikla etter planen bistand frå Kompetansesenter Sør i 2017. Integrering blir flytt frå planområde 220 til planområde 310 (helsehuset). Utfordringar for planområdet Å redusere lønskostnadane samtidig som det blir levert god kvalitet i dannings- og kvalifiseringsoppdraget som skulen er sett til å forvalte. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Jobbe med opplæringslova kap. 9A, mot ein skule der alle trivst og med nulltoleranse for mobbing o Ta elevane på alvor slik at elevane føler seg sett, høyrt og respektert av vaksne og medelevar o o Observere endringar i elevane si åtferd eller endringar i klasse- og skulemiljø Sikre elevmedverknad ved miljø og innhald i skulen. Bruke det nye ordensreglementet knytt opp mot likebehandling og konsekvensforståing Jobbe for ein skule der læringsbehovet (personleg utvikling) til elevane blir møtt o ved bruk av tilpassa opplæring, med vekt på mestringsevne og læringsstrategiar o av lærarar som skal hjelpe elevane til forståing av kvar dei står i ulike fag, og korleis elevane kan kome seg vidare i ulike fag 37

Utgiftsnivået for skulen kjem ned på eit lågare nivå samanliknbart med kommunar i kommunegruppe 6. Læringsresultata for skulen vert betra gjennom utviklingsarbeid og kompetanseheving som byggjer på vedteken plan Kvalitet i barnehage og skule, samt forsking på kva som fremmer god læring. Kvar einskild elev opplever ein meiningsfull skulekvardag med læring, trivsel, meistring og gode relasjonar, samt at heimen opplever eit nært og godt samarbeid med skulen. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), per innbyggjar 6 15 år 2016 2015 2014 2013 Åseral 9,0 9,2 10,1 8,6 Audnedal 4,0 5,5 4 7,4 Marnardal 4,9 4,9 6,2 9,1 Vest-Agder 7,2 7,0 7,4 8,0 Kommunegruppe 6 10,3 10,4 10,4 10,9 Del timar spesialundervisning av tal lærartimar totalt 2016 2015 2014 2013 Åseral 15,9 15,5 17,3 24,7 Audnedal 9,4 10,4 12,9 17,4 Marnardal 11,9 9,0 11,8 15,5 Vest-Agder 16,3 16,8 16,4 16,9 Kommunegruppe 6 18,4 18,8 18,9 18,8 Åseral har ligge svært høgt på tildeling av timar til spesialundervisning av tal lærartimar totalt. Ein prosess over tid syner at skulen har lagt om på sine strategiar for å gje kvar einskild tilpassa undervisning. Nå er ikkje målet å kutte ut spesialundervisning, men gå systematisk til verks for å finne beste løysing på undervisning kor eleven er så mykje med i klassen som mogleg, samtidig som det gir godt utbytte. Tilpassa opplæring for den einskilde eleven i klassen, framfor i små grupper eller 1-1, gir generelt best resultat. Det vil dermed ikkje seie at anna form for organisering ikkje bør nyttast. Dette må vurderast frå klasse til klasse og individ til individ. Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Kompetanseutvikling lærarar Skuleprosjekt Etter-/vidareutdanning i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Utgifter knytt til reise, vikar, skulemateriell, kost og losji, jf. kompetansebehov for skulen. Omstillingsarbeid på skulen 4.4.3 Innanfor eiga ramme 200' frå driftsrekneskapen Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Skuleprosjekt 200 38

2.8.4.3 Helsehuset planområde 310 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Helsehuset Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 13 363 14 731 14 021 15 471 Kompensasjon lønsauke 2017 127 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 103 Kompensasjon prisvekst 143 Endra legevaktsordning 300 Flytte integrering frå 1 490 planområde 220 Nye oppgåver til eininga (netto endring) Overf. frå staten, psykolog og ergoterapeut Flytte SLT-koordinator frå 45 planområde 150 1 600 200 Introduksjonsordninga mottak 2016-500 -650 Red. vedk. permisjon i stilling 2018 tilbakeført i 2019-140 140 Red. løn og sos. utgifter -200-200 -200 Endre avtale LRMS -150-150 Korrigert brutto 0 14 731 0 14 021 0 15 471 0 15 321 Netto ramme drift 14 731 14 021 15 471 15 321 For 2018 er planområde 310 tildelt ei netto driftsramme på kr 14 731 000. Legevaktsordninga er justert etter kommunestyrevedtak 09.02.2017, sak 17/5. Integrering blir lagt over frå planområde 220 til planområde 310. Introduksjonsprogrammet vert redusert då vi reknar med at fleire personar går ut av ordninga. Det er også lagt inn reduksjonar knytt til permisjon. Nye oppgåver og endringar i avtale med LRMS er lagt inn frå 2020. Utfordringar for planområdet Tenestetilbodet til barn og unge er sentralt i arbeidet for å nå kommuneplanen si overordna målsetting om at «Alle i Åseral skal oppleve god livskvalitet og vere godt rusta til å møte framtida». Helsetenestene ser aukande behov og forventningar, både når det gjeld førebygging og oppfølging av barn og unge med særlege helsemessige/sosiale utfordringar og deira familiar. Behova for psykososial støtte er særleg merkbare. Det er lagt til rette for tverrfagleg innsats internt i kommunen og saman med eksterne samarbeidspartnarar. Helsetenesta samarbeider med skule og barnehage for å sikre tidleg innsats og førebygge uheldig utvikling. Leiarane samarbeider om rammeføresetnadane. Som følgje av samhandlingsreforma har kommunen fått eit utvida ansvar for helsetenester. På bakgrunn av forventa utvikling i folketal, teknologi og medisin kan vi i åra som kjem rekne med store endringar i sjukehusstruktur, organisering av helsetenester og fordeling av oppgåver mellom kommunar og sjukehus. Interkommunalt samarbeid vil vere viktig for å lukkast med helsereforma. Med kommunereforma kan det bli aktuelt med endringar i ulike samarbeid. 39

Legevakt er ei sak vi allereie arbeider med. Andre samarbeid som finst i dag er mellom anna stillingar som kommuneoverlege, jordmor, psykolog til barn og unge, SLT-koordinator og samhandling. Større samarbeid ligg i LRMS og Barnevern Sør. Regelverk som gjeld kommunal øyeblikkeleg hjelp er endra. Vi har så langt lagt til grunn å ta dette heim til kommunen frå 2020. Samhandlingsreforma omfattar nå også tilbod til pasientar innan psykisk helse og rusbehandling. Kommunane skal ha tilbod om døgnopphald for desse gruppene. Det blir arbeidd med avtaleverk rundt dette. Tilpassing til endringar, både når det gjeld tenestebehov, økonomisk ramme og teknologi, er utfordringar vi har framover. Endringar skjer stadig raskare, og det blir viktig å sikre kompetanse i personalgruppa for å møte desse utfordringane. Det har vore ei positiv utvikling i koordinering av det frivillige arbeidet, og vi har nytte av dette inn i dei kommunale tenestene. Våren 2017 blei det utarbeidd ein evalueringsrapport om organisatorisk plassering av integrering. Utfallet av denne gjorde at rådmannen tok ei avgjersle om å flytte integrering frå planområde skule til planområde helsehuset, gjeldande frå august 2017. Jamfør integreringsplanen i Åseral kommune fortset vi å arbeide med å få gode system og strukturar for eit godt integreringsarbeid. Målet er å sette kvar einskild flyktning i stand til å klare seg godt på det menneskelege plan i tillegg til det økonomiske. Dette er ei stor oppgåve som må skje i fellesskap med andre aktørar: NAV, politikarar, vaksenopplæring, helse, privat næringsliv og frivilligsentralen for å nemne nokre. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har lagt føringar som tilseier at dei ikkje har planar om å be Åseral kommune om å ta i mot flyktningar i 2018. Dette vil få konsekvensar for korleis vi legg opp vårt flyktningarbeid vidare. Samarbeidet i regionen rundt kvalifisering av minoritetsspråklege vaksne er verdifullt å bygge på. Dette for å få kvart einskilt menneske i stand til å ta utdanning, kome i arbeid og vere ein naturleg del av lokalsamfunnet. Individuell plan er eit viktig verktøy i arbeidet. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Intensjonane i samhandlingsreforma blir gjennomført ved tett samarbeid innan regionen og med spesialisthelsetenesta. Avdelinga har naudsynt fagkompetanse til å meistre nye oppgåver som følgje av reforma. Det blir lagt vekt på fleksibilitet og omstillingskompetanse i personalgruppa. Opplæringsplanen blir revidert årleg. Behandlingstilbodet i kommunen er utvida ved bruk av moderne teknologi. Avdelinga har styrka kompetansen innan bruk av elektroniske fagsystem. Som alternativ til ordinære samarbeidsmøte av ulike slag, både mellom kommunar og mot spesialisthelsetenesta, blir det nytta nettbaserte løysingar. Tenestene har god kvalitet og blir utvikla med stor medverknad frå brukarar og tilsette. Brukarundersøkingar viser positiv utvikling. Kommunen vektlegg førebyggjande innsats. Vi har oversyn over faktorar som påverkar levekåra og nyttar dette ved prioritering av tiltak. Det er viktig med tidleg innsats for å hindre at ting utviklar seg negativt. Tverrfaglege tiltak retta mot barn og unge har høg prioritet. Kommunen legg vekt på kvalitet i tilbod av tenester retta mot unge funksjonshemma. Dei tilsette opplever å ha eit godt psykososialt arbeidsmiljø og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. Vi ønskjer auka samarbeid om tenester med frivillig sektor. Leggje til rette for nye sambygdingar slik at dei kan settast i stand til å ta utdanning og få arbeid, samt fungere og trivast i lokalmiljøet. 40

KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, kommunehelsetenesta 2016 2015 2014 2013 Åseral 7 133 6 472 6 399 6 086 Audnedal 4 010 4 267 3 606 3 497 Marnardal 3 390 2 865 2 585 2 346 Kommunegruppe 6 5 355 5 057 4 873 4 364 Vest-Agder 3 544 3 213 2 085 1 959 Driftsutgiftene til helsetenester auka noko siste året også. Det blei brukt vikar på legesida medan ein venta på ny fastlege. Vi ligg godt over snittet for kommunegruppa på grunn av at Åseral har ei betre dekning av lege-, fysioterapiog helsesøstertenester. Utgifter til kommunale helsetenester må vurderast opp mot kostnadar ved samhandlingsreforma. Samanlikningstal for bruk av spesialisthelsetenester syner at vi ligg langt under andre kommunar. Netto driftsutgifter per innbyggjar 0 17 år i kroner, barnevernstenesta 2016 2015 2014 2013 Åseral 14 400 13 502 11 453 10 600 Audnedal 6 667 6 641 6 716 6 597 Marnardal 14 615 8 736 8 533 8 211 Kommunegruppe 6 15 310 13 655 13 213 9 640 Vest-Agder 9 354 8 483 7 484 6 885 Barnevernstenesta auka òg i 2016. Det er framleis få saker som gjev store utslag på statistikken. Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Ombygging personalrom Kompetanseheving helsesøster Kompetanseheving migrasjonshelse Kompetanseheving habilitering Brukarvenleg timebestilling Utviding av personalrom på helsehuset. Stadig fleire oppgåver blir lagt til eininga. Det fører med seg fleire tilsette. Sjukepleiar som deltek på desentralisert helsesøsterstudium i tida haust 2017 til vår 2019 Auke kunnskapen i tverrfagleg samarbeid rundt migrasjonshelse hjå våre nye landsmenn Få ei ny gruppe til å starte «Mitt livs ABC». Gruppeundervisning frå Kunnskapssenteret basert på erfaring frå avdelingane lokalt. Digitalisering av timebestilling hjå lege og helsestasjon 5.1 4.4.3 50 frå driftsrekneskapen Innanfor eiga ramme. 5.1 Innanfor eiga ramme 4.4.3 Innanfor eiga ramme 5.1 Innanfor eiga ramme 41

Tiltak 2019 2021 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Fysioterapiutstyr Kompetanseheving habilitering Kompetanseheving helsesøster Utstyr til opptrening av muskel- og skjelettplager som krev innkjøp og kursing i bruken av dette Få ei ny gruppe til å starte «Mitt livs ABC». Gruppeundervisning frå Kunnskapssenteret basert på erfaring frå avdelingane lokalt. Sjukepleiar som deltek på desentralisert helsesøsterstudium i tida haust 2017 til vår 2019 100 frå driftsrekneskapen 4.4.3 Innanfor eiga ramme 4.4.3 Innanfor eiga ramme Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Fysioterapiutstyr 50 50 Ombygging personalrom 50 42

2.8.4.4 Pleie, rehabilitering og omsorg planområde 340 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Pleie, rehabilitering og omsorg Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 18 797 19 467 19 257 18 727 Kompensasjon lønsauke 2017 263 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 274 Kompensasjon prisvekst 48 Auka stilling jf. aml. red. i 2018/2019 210-210 Red. løn og sos. utgifter -125 Nytt omsorgsbygg red. løn og sos. utgifter Flytte ambulerande vaktmeister til planområde 540-250 -250-280 Korrigert brutto 0 19 467 0 19 257 0 18 727 0 18 477 Netto ramme drift 19 467 19 257 18 727 18 477 For 2018 er planområde 340 tildelt netto driftsramme på kr 19 467 000. Berekna reduksjon av stillingar er oppfølging av tidlegare vedteke innsparingstiltak. Vi har fått kompensert halve utgifta med auka stillingar til dei som har lagt inn krav om dette, jf. arbeidsmiljølova. I nytt omsorgsbygg reknar vi med å ha ei meir effektiv drift enn i gamalt bygg. Dette skuldast i hovudsak at vi får drifta på éin etasje og ikkje fordelt på fleire (fire) som i dag. Utfordringar for planområdet Tenestetilbodet står sentralt i arbeidet for å nå kommuneplanen pkt. 4.4.1: Innbyggjarar med særlege behov vil få omsorgs- og heimetenester så langt det er råd i eigen eller tilrettelagt bustad framfor tilbod om institusjonsplass. Det blir utfordrande for eininga å halde ei normal drift på ein tilfredstillande måte i byggefasen. Vi har fleksible og løysingsorienterte tilsette som har venta på eit nytt bygg i mange år, og ordtaket «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves» må seiast å passe særdeles godt i denne samanhengen. Folketalsprognosane viser at det i åra framover blir færre i dei eldste aldersgruppene og litt fleire yngre alderspensjonistar. Dette har konsekvensar for samansetting av tenestetilboda, og det trengs ei grundig vurdering av korleis kommunen skal løyse framtidige behov. Eit sentralt spørsmål er fordeling mellom institusjonsplassar og tilrettelagte bustadar med heildøgnsomsorg. Det er òg interessant om kommunen vel å ha dei kommunale øyeblikkeleg hjelpplassane knytt til sjukeheimen eller inngår andre samarbeid i høve til dette. Som hyttekommune vil vi kunne få utfordringar med å dekke auka behov for helse- og omsorgstenester i samband med feriar og høgtider. Dette er ei utfordring i dag då det er kort tid frå pasienten søkjer om tenester til dei skal settast i verk. Ofte har dei store hjelpebehov som krev ekstra bemanning i periodar der vi vanlegvis har ei lågare bemanning i ordinær turnus. Tilpassing til endringar, både når det gjeld tenestebehov, økonomisk ramme og teknologi, kan bli ei utfordring framover. Endringane skjer stadig raskare, og det blir viktig å sikre kompetanse i personalgruppa for å møte desse utfordringane. 43

Velferdsteknologi er eit satsingsområde i alle kommunane i Agder og krev at Åseral melder seg på når det gjeld å implementere teknologien i drift. Nasjonalt velferdsteknologiprogram er ei fireårig satsing (2017 2020) på innføring av velferdsteknologi i helse- og omsorgssektoren (Omsorg 2020). Prosjektet Innføring av velferdsteknologi Agder er det største nasjonale prosjektet med 30 kommunar. Prosjektet er komen godt i gang og har nå inngått ein rammeavtale med Telenor Objects AS med 21 kommunar. Gjennom Agder-prosjektet får vi rettleiing og hjelp til dette, og kompetanseheving hjå dei tilsette innan dette området er heilt naudsynt. Kommunane går saman om felles anskaffing av velferdsteknologiske løysingar for heimebuande, i omsorgsbustadar og på sjukeheim. Avtalen gjeld leveranse av digitale tryggleiksalarmar og andre velferdsteknologiske løysingar for heimebuande, i omsorgsbustadar og på sjukeheim. Pleie, rehabilitering og omsorg har behov for å styrke kompetansen innan psykiatri og lindrande omsorg. Plankomiteen for nytt omsorgsbygg har arbeidd gjennom heile året for å kome med ei innstilling til kommunestyret i løpet av året, slik at vi ikkje går glipp av gode tilskotsordningar frå Husbanken. Dette vil vere tidkrevjande for leiinga i pleie, rehabilitering og omsorg og vil krevje meir av dei som har eit utvida ansvar på gruppene. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Fleksibilitet og omstillingskompetanse er vektlagt i personalgruppa. Opplæringsplanen er revidert årleg. Avdelinga har system for internundervisning i tillegg til aktiv bruk av relevante eksterne opplæringstilbod. Det er til ei kvar tid lærling i eininga. Tenestene er kjenneteikna av god kvalitet og godt omdømme og blir utvikla med stor grad av medverknad frå brukarar og tilsette. Regelmessige brukarundersøkingar viser positiv utvikling samanlikna med året før. Dagaktivitetstilbod til heimebuande demente er eit tilbod som blir brukt av den aktuelle brukargruppa. Kommunen legg til rette for at dette tilbodet blir utvikla vidare saman med brukarane. Tilbodet kan òg bli gjeve i heimen til brukar. Dei tilsette opplever å ha eit godt arbeidsmiljø, og at dei har fagleg utfordrande oppgåver i sin arbeidskvardag. Turnusplanar for omsorgstenestene har ein god balanse mellom tenestekrav og personlege ønskje om tilpassingar av arbeidstid. Leiarane prioriterer oppfølging av sjukefråvær. Tilrettelegging skjer utan at det fører til auka belastning for medarbeidarar. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, pleieog omsorgstenesta 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 27 696 27 645 29 631 27 482 Audnedal kommune 19 533 19 675 22 494 21 164 Marnardal kommune 22 087 21 447 21 039 20 207 Kommunegruppe 6 29 423 27 959 28 273 27 744 Vest-Agder 15 979 15 317 15 036 14 461 Utgiftene har halde seg jamne siste året. Vi ligg godt under kommunegruppa, men over fylket sitt gjennomsnitt. Faktorar som påverkar utgiftene er: Stor og ressurskrevjande bygningsmasse og ressurskrevjande faktorar i heimetenesta (avstand og pasientar frå andre kommunar). Tenestetilbodet går ut over det som er lovpålagt, men vi ser dette som positivt i høve til å utsette behov for institusjonsplass. 44

Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Kompetanseheving i lindrande omsorg og psykiske lidingar (ABC-utdanning) Masterutdanning sjukepleiar Velferdsteknologi Gruppeundervisning frå Kunnskapssenteret basert på erfaring frå avdelingane lokalt. Ein sjukepleiar i avdelinga tek masterutdanning. Får dekka delar av utgiftene i utdanninga si. Viktig å stimulere til kompetanseauke og behalde og rekruttere medarbeidarar. Pga. felles anskaffing i Agder på tryggleiksteknologi er det naudsynt å sette av midlar til dette. Første prioritet er tryggleiksalarmar og utgifter knytt til oppkopling på felles responssenter i Agder. 4.4.3 Innanfor eiga ramme og tilskot frå Fylkesmannen 4.4.3 Innanfor eiga ramme 4.3 50 frå driftsrekneskapen Tiltak 2019 2021 Omtale Pkt. i kommuneplanen Kostnad og finansiering Velferdsteknologi Pga. felles anskaffing i Agder på tryggleiksteknologi er det naudsynt å sette av midlar til dette. Første prioritet er tryggleiksalarmar og utgifter knytt til oppkopling på felles responssenter i Agder. 4.3 200 frå driftsrekneskapen Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Velferdsteknologi 50 50 100 45

2.8.4.5 NAV planområde 390 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 NAV Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 2 067 2 220 2 220 2 220 Kompensasjon lønsauke 2017 7 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 6 Kompensasjon prisvekst 10 Økonomisk sosialhjelp 130 Korrigert brutto 0 2 220 0 2 220 0 2 220 0 2 220 Netto ramme drift 2 220 2 220 2 220 2 220 Utfordringar for planområdet Hjelpe til med å betre levekår for vanskelegstilte og bidra til sosial og økonomisk tryggleik, mellom anna at den einskilde får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig. Evne å fremme overgang til arbeid i større grad, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet for den einskilde. Evne å sjå og bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit samordna tenestetilbod. Tenestene skal utførast på ein føremålstenleg og effektiv måte slik at dei som har behov for eit brukartilpassa tilbod får dette. Sosialtenestene har seinare år prioritert økonomisk rådgjeving. Dette har gjeve gode resultat i form av redusert sosialhjelpsutbetalingar og samstundes hjelpt mange brukarar til å bli sjølvhjelpte og ansvarlege for eigen livssituasjon. Det vil bli lagt vekt på arbeid for sosialbistand, noko som òg vil kunne resultere i redusert tal saker om økonomisk sosialhjelp, spesielt for dei under 30 år. Mål for perioden Utviklingsmål 2018 Aktivitet 2018 Milepælar 2018 Lågt tal på unge under 30 år som mottek sosialstønad Kort stønadsperiode Lågt tal på mottakarar av sosialstønad Tett oppfølging av flyktningar Integrerte tenester i NAV. Bestillinga til NAV er å jobbe på tvers av statleg og kommunal forvaltning, å levere heilskapleg overfor brukaren/ arbeidsgjevaren mv. Aktivitetsplikt og andre tiltak som kan føre til at dei kjem vidare i skule eller arbeid Prioritere opplysning, råd og rettleiing, m.a. økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving Sjå etter alternative moglegheiter for sosialhjelp Kvalifiseringsprogrammet Andre tiltak som kan føre til varig arbeid Arbeide saman med flyktningetenesta om individuelle planar og oppfølging av den einskilde flyktning Arbeide målretta med å arbeide på tvers, styrke kunnskapen, redusere sårbarheita og sørgje for betre tenester til brukar og arbeidsgjevar. Fortløpande Fortløpande Det er ledige midlar og nyttar desse etter brukars behov. Utnyttar tiltak der det er mogleg. Fortløpande Fortløpande 46

KOSTRA-tal Netto driftsutgifter til sosialtenesta per innbyggjar, 20 66 år 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 3 129 2 231 2 701 2 093 Audnedal kommune 2 251 1 871 1 377 154 Marnardal kommune 1 855 1 797 1 625 1 816 Kommunegruppe 6 3 917 3 294 2 904 2 513 Vest-Agder 3 528 3 383 3 226 2 856 47

2.8.5 Drift og utvikling Rammeområdet Drift og utvikling består av einingane Utvikling og Drift og vedlikehald. Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Drift og utvikling Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 14 071 15 878 15 348 14 488 Kompensasjon lønsauke 2017 206 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 148 Kompensasjon prisvekst 44 Endring oppgåver: Diverse vedlikehald utsett til 2019 og 2020 Flytte ambulerande vaktmeister frå planområde 340 140 135 280 Reduksjonar i driftsramme: Auke byggesaksgebyr utover prisstigning -25 Auke pris meklarpakke utover prisstigning -10 Auka inntekt oppmåling 2018-200 200 Vertskommune Lindesnesrådet i 2018 og 2019-175 175 Kompensasjon reduksjon inntekter vatn, jf. prisliste 2018 2 250 Brannvesenet Sør auka investeringsutgifter i 2018 (som i 2017) blir tilbakeført i 2019 Auka inntekter avløp og fleire abonnentar VA -800-1 000-2 000 Red. løn og sos. utgifter -200-450 -150 Red. leigeutg. off. toalett i sentrum -41 Generell reduksjon driftsramme -100 Endra organisering reinhald -90 Korrigert brutto 1 840 14 038-600 15 948-825 15 313-2 000 14 338 Netto ramme drift 15 878 15 348 14 488 12 338-70 48

Rammeområdet Drift og utvikling er samla tildelt ei netto driftsramme på kr 15 878 000 for 2018. Kompensasjon for reduserte inntekter på vatn utgjer auken. Trass i at ramma har auka, er det òg føreteke innsparingar på avdelinga. Innsparingane er mellom anna reduksjon i løn med tilhøyrande sosiale utgifter og elles andre utgifter. Det er òg auke i inntekter ved at nokre gebyr er auka utover prisstigning, vi har teke på oss å vere vertskommune for sekretariatsfunksjonen til Lindesnesrådet og auka inntekter som følgje av utbygging i hytteområde. Etter at einingsleiar på reinhald meldte at han ønskjer å redusere stillinga si, har vi gjennomført ein prosess for å sjå på korleis vi kunne løyse dette. Resultatet vart at frå 01.01.2018 blir det som har vore eining for reinhald lagt inn under einingsleiar for Drift og vedlikehald sitt ansvar. Investeringar Når det gjeld investeringar, er det framleis mykje vatn og avløp som gjer seg gjeldande. Vassverka i utbyggingsområda våre må styrkast. I Bortelid er det trong for større kapasitet. I Eikerapen er det naudsynt med ny automatikk, medan det på Ljosland er nye membranar som må på plass. Sistnemnde er ein vesentleg del av produksjonsprosessen og er avgjerande for å kunne levere drikkevatn av tilfredsstillande kvalitet. På avløpssida er det framleis nytt reinseanlegg på Ljosland som er den største investeringa. Poenget er at det viktigaste bør vere reinsegrad og kor mykje utslepp som går til resipienten. Vi arbeider framleis med å få godkjent ein alternativ måte å dimensjonere slike anlegg på. Som ein del av utbyggingsavtalen mellom Åseral kommune og AEVK skal kommunen prosjektere og foreta grunnerverv for utviding av fylkesvegen frå Nedregardsbrua til Øvregardsbrua på Ljosland. I avtalane om grunnerverv med den enkelte hytteeigar har kommunen sagt at det skal leggast ut stikk til VA inn mot hyttene. VA-traseen kryssar i dag elva like nedanfor fjellstova. Det ligg difor ikkje VA-nett ned mot Nedregardsbrua. For å kunne tilby hyttene i Ospekronæ (vis-a-vis Nedregardsbrua) VA slik som det inngår i avtalane, må det leggast ca. 200 meter VA-nett. I vedlikehaldsplanen går det fram at vi må vere budd på å skifte tak på rådhuset. Vi vurderer årleg kva tid dette må iverksettast, men det er ein så stor kostnad at vi ikkje kan ta det over det ordinære vedlikehaldsbudsjettet. Difor er det viktig at det er med i denne oversikten. Investeringstiltak 2018 2021 Tiltak Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering Bilar Rådhus Kylland reinseanlegg Ljosland reinseanlegg Bortelid vassverk Eikerapen vassverk Ljosland vassverk VA Ospekronæ, Ljosland Tre av bilande på Drift og vedlikehald er frå år 2000. To av desse bør fornyast. Nytt undertak med lekter, sløyfer og takstein + graderenner, beslag og takrenner Havari av biorotor. Ombygging/tilpassing av eksisterande biologiske anlegg til kjemisk anlegg. Nytt reinseanlegg på Ljosland. Forprosjektet kalkulerer dette til 40 mill. kr. Vi ser på alternative løysingar til ein lågare pris. Kapasitetsauke Ny automatikk/styring Nye membranar (barriere i reinseprosessen) Grunn til fortau mv. langs fv. på Ljosland. 650 frå driftsrekneskapen 1 300 frå ubunde investeringsfond 500 frå drifts- og investeringsfond 38 000 lån 3 000 frå drifts- og investeringsfond 200 frå drifts- og investeringsfond 450 frå drifts- og investeringsfond 900 frå drifts- og investeringsfond 49

Tiltak Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering El-ladarar Eikerapen og Ljosland Totalkostnad er 1 380 kr 7.1.1 600 i tilskot, 598 frå fond vedk. samarbeidsavtale med fylkeskommunen og 182 frå drifts- og investeringsfond Handlingsprogram investeringstiltak 2018 2021 (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Bortelid vassverk 3 000 Eikerapen vassverk 200 Ljosland vassverk 450 VA Ospekronæ 900 Bilar 400 250 El-ladarar Eikerapen og Ljosland 1 380 Kylland reinseanlegg 500 Ljosland reinseanlegg 20 000 18 000 Rådhus 1 300 50

2.8.5.1 Utvikling planområde 510 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Utvikling Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 8 236 7 806 8 006 8 181 Kompensasjon lønsauke 2017 96 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 48 Kompensasjon prisvekst 36 Auke byggesaksgebyr utover prisstigning -25 Auke pris meklarpakke utover prisstigning -10 Auka inntekt oppmåling 2018-200 200 Vertskommune Lindesnesrådet i 2018 og 2019-175 175 Red. løn og sos. utgifter -200 Korrigert brutto -410 8 216 200 7 806 175 8 006 0 8 181 Netto ramme drift 7 806 8 006 8 181 8 181 Som ei utviklingsavdeling ser vi det som naudsynt å ha nokre disponible midlar til konsulenttenester og juridisk bistand. Gjennom året dukkar det òg opp problemstillingar og sakskompleks der eininga ikkje har spisskompetanse og såleis må hente inn ekstern bistand. Ein del av tiltaka for 2018 skal òg gjerast innanfor driftsramma og med bruk av konsulenttenester og juridisk bistand. Det er likevel lagt opp til ein reduksjon på kr 200 000 for 2018. Mål og utfordringar for planområdet Det er eit stort aktivitetsnivå i kommunen både med hyttebygging, investeringsprosjekt og Agder Energi-prosjekta. Dette er krevjande for eininga som har både langtidsfråvær og utskifting av tilsette. Planen for eininga er å bruke mesteparten av 2018 til å fullføre pågåande arbeidsoppgåver og prosjekt. 51

Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Kostnad og finansiering Tiltak 2018 Omtale Punkt i kommuneplanen Destinasjonsutviklingsprosjekt Bortelid Kommunedelplan for friluftsliv Bortelid Ljosland Forprosjekt veg Bortelid Ljosland Arbeide for alternative arbeidsplassar i landbruket Læring i friluft Revidering av Reglement for hovudanlegg for vatn og avløp Hovudmålsettinga med prosjektet er at Bortelid skal vere den føretrekte fjelldestinasjonen på Sørlandet. Utvikling av eit heilårig aktivitetstilbod står sentralt. Prosjektet starta opp i 2016 og går over ein 3-års periode. Det er Bortelid Utmarkslag som driv prosjektet. Total kostnadsramme er kr 4 760 000. I tråd med vedteken kommunal planstrategi. Infrastruktur i form av løypenett, parkeringsplassar og aktivitetsområde vil stå sentralt i planarbeidet. I tillegg oppdatering/erstatning av rekkefølgjekrava som ligg i gjeldande kommunedelplanar. Arbeidet starta i 2017 og skal fullførast i 2018. I samarbeid med VAF og SVV skaffe eit avgjerdsgrunnlag for å ta stilling til realisering. Vegsambandet er spelt inn ved revidering av handlingsprogram for fylkesvegar. Leggje til rette for utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, eksempelvis «Inn på tunet», matkultur m.m. FLiR tilbyr gjennom prosjektet "Læring i friluft" kurs og kompetansebygging for lærarar i skulen. Målet er å gjere fleire lærarar trygge på å bruke "uteskulerommet" oftare og i fleire fag. Å vere utomhus og samstundes redusere den tida elevane sit stille i løpet av skuledagen har positiv effekt for både fysisk og psykisk helse. Gjeldande reglement er frå 2009 og er modent for gjennomgang og revidering. 2.2.2 500 frå kraftfondet 3.2.4 3.2.2 100 innanfor eiga ramme 30 frå disposisjonsfond 3.2.5 Innanfor eiga ramme 5.1 Eige arbeid innanfor ramma i tillegg til tilskotsmidlar Eige arbeid innanfor ramma Tiltak 2019 2021 Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering Oppdatering av kartgrunnlag i Eikerapen og Kyrkjebygd Inngår i geodataplanen for Åseral. Vesentleg for å ha eit godt kartgrunnlag ved planlegging og utbygging. Vert utført som ein del av Geovekstsamarbeidet. Fornying av GPS-utstyr Utstyret bør bli fornya i 2020 Arbeide for alternative arbeidsplassar i landbruket Leggje til rette for utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, eksempelvis «Inn på tunet», matkultur m.m. 150 frå driftsrekneskapen 100 frå driftsrekneskapen 3.2.5 Innanfor eiga ramme 52

Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Destinasjonsutviklingsprosjekt Bortelid 500 Forprosjekt veg Bortelid Ljosland 30 Oppdatering av kartgrunnlag i Eikerapen og Kyrkjebygd 150 Fornying av GPS-utstyr 100 2.8.5.2 Drift og vedlikehald planområde 540 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Drift og vedlikehald Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 391 2 691 1 961 1 076 Kompensasjon lønsauke 2017 49 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 42 Kompensasjon prisvekst 0 Kompensasjon reduksjon inntekter vatn, jf. prisliste 2018 Diverse vedlikehald utsett til 2019 og 2020 Flytte ambulerande vaktmeister frå planområde 340 2 250 140 135 280 Brannvesenet Sør auka investeringsutgifter i 2018 (som i 2017) blir tilbakeført i 2019-70 Auke inntekter avløp og fleire -800-1 000-2 000 abonnentar VA Red. løn og sos. utgifter -300 Red. leigeutg. off. toalett i sentrum -41 Korrigert brutto 2 250 441-800 2 761-1 000 2 076-2 000 1 076 Netto ramme drift 2 691 1 961 1 076-924 Driftsramma er auka med kr 2 300 000 frå føregåande år. Det meste, kr 2 250 000, er grunna redusert inntekt på vatn. Kompensasjon for lønsauke er kr 91 000. Investering Brannvesen Sør er òg for 2018 kr 70 000. Leige av offentlege toalett i sentrum er nå ein del av husleige for Åseral Næringshus, ramma er difor redusert med kr 41 000. Det er ikkje kompensert for generell prisvekst. 53

Utfordringar for planområdet Vi har mykje nytt leidningsnett for vatn og avløp, men vi har monaleg med innlekk på avløpsnettet og utlekkasje på drikkevatn. Leidningsnettet i Kyrkjebygd er det eldste vi har, delar av avløpsnettet er frå 1956. Rett nok har vi bare nokre titalls meter med betongrøyr frå den tida, men vi har ein del PVC-nett som er bygd før 1977. Vi har nå blitt kjende med at PVC-røyr produsert før dette årstalet er av dårleg kvalitet. Innlekk på avløpsnettet i Kyrkjebygd har samanheng med høg vasstand. Når han overstig eit visst nivå, får vi inntrenging i nettet. Under siste flaum i starten av oktober blei òg 3 pumpestasjonar ståande med vatn opp til dørhandtaket. Desse stasjonane er plassert i lågpunkt for å få mest mogleg avløp på sjølvfall og er då utfordrande å få gjort noko med. Reinseanlegg/bårehus i Åknes og vassverk på Lognavatn blei òg skada av flaumen då vatnet nådde ca. 40 cm opp på veggen innandørs. Desse bygga er bygd etter flaumen i 1987, slik at det er første gong bygga har blitt skada på grunn av høg vasstand. Spørsmålet er nå om vi må sette i verk tiltak og kva tiltak som eventuelt bør gjerast for å unngå liknande skader i framtida. Bransjeorganisasjonen Norsk Vann har gjort ei tilstandsvurdering av 85 kommunar innanfor VA-tenestene i 2016. Åseral havnar her på ein 73. plass når det gjeld vassforsyning. Grunnen er at det er stort avvik mellom mengd produsert vatn og vatn levert til forbrukar. Det at vi i for liten grad rehabiliterer/fornyar utett nett er òg med på å dra ned plasseringa. Når det gjeld avløp, ligg vi på 59. plass. Vi har i dag eit underdimensjonert reinseanlegg på Ljosland. På Kylland reinseanlegg er prøvetakingspunkt før siste reinsetrinn, som er sandfiltergrøft. Det fører til at vi i praksis reinsar avløpet meir enn det vi kan måle. Vi får då ei dårlegare plassering på rankinga enn vi strengt tatt fortener. Det at vi i for liten grad rehabiliterer/fornyar avløpsnettet og får inn mykje «framandvatn» er òg med på å dra ned plasseringa. Mål for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Levere drikkevatn som er hygienisk trygt, utan framtredande lukt, smak eller farge Reinsing av avløpsvatn slik at kommunen stettar krava i utsleppsløyva Lekkasjesøking på vassforsyning og reduksjon av innlekk av overvatn på avløpsnettet er noko vi held fram med for å redusere kostnadar til kjemikaliar og straumforbruk Vedlikehald av bygg, vegar og anlegg så godt det let seg gjere innanfor tildelt ramme Energiøkonomisering/reduksjon av straumforbruk KOSTRA-tal Årsavgifter avløp 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 6 450 5 162 4 189 3 952 Audnedal kommune 4 918 4 472 4 289 4 166 Marnardal kommune 6 077 5 903 5 777 5 606 Kommunegruppe 6 3 919 3 792 3 563 3 472 Vest-Agder 4 335 4 087 3 974 3 988 Dekningsgrad sjølvkost i % 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 100 100 100 100 Audnedal kommune 81 85 99 90 Marnardal kommune 87 86 92 79 Kommunegruppe 6 93 94 95 95 Vest-Agder KOSTRA-tala viser at vi ligg på topp blant samanliknbare kommunar. For 2018 legg vi opp til å redusere abonnementsgebyret noko. Når det gjeld avløpsreinsing, ventar det oss store investeringar (Ljosland reinseanlegg). 54

Avgifter vann 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 5 028 4 020 3 912 3 693 Audnedal kommune 4 216 3 834 3 731 3 568 Marnardal kommune 4 236 4 173 4 028 3 909 Kommunegruppe 6 4 296 4 057 3 991 3 778 Vest-Agder 2 631 2 436 2 469 2 499 Dekningsgrad sjølvkost i % 2016 2015 2014 2013 Åseral kommune 100 100 100 100 Audnedal kommune 81 81 91 73 Marnardal kommune 78 95 80 72 Kommunegruppe 6 96 95 93 94 Vest-Agder 97 96 97 95 KOSTRA-tala viser at vi for 2016 var høgast blant samanliknbare kommunar på vassavgift og dei einaste med sjølvkostdekning. Inntektene på vatn passerer også i år 100 % i sjølvkostrekneskapen. Det blir difor lagt opp til ein monaleg reduksjon av både abonnementsgebyr og forbruksgebyr for 2018. Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Punkt i kommuneplanen Stabakka Nord bustadfelt Pynting av området, vegetasjonsrydding (3.2.4), 4.4.2. og 5.1 Kostnad og finansiering Tid + midlar innanfor eiga ramme Vassmålarar Etablering av målepunkt på leidningsnett, Bortelid Innanfor eiga ramme Bortelid reinseanlegg Alternativ vassforsyning til reinseprosessen. (Det blir i dag nytta reintvatn i prosessen.) Rest 2016 Lekkasjesøking Lekkasjesøking og utbetring av leidningsnett Innanfor eiga ramme Energisparing Energigruppa arbeider vidare med å sjå på moglegheiter for å redusere energiforbruket 7.1.3 Innanfor eiga ramme Takoverbygg Austrudsmonen «Carport» på sørveggen av eksisterande bygg for å ta betre vare på bilane Innanfor eiga ramme Tiltak 2019 2021 Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering Vedlikehald bruer Veg Smeland Håvorstad bru VA Kyrkjebygd Generelt vedlikehald Opprusting, reasfaltering Vedlikehald, oppgradering (Safe Control-rapport) Ombygging av vasskummar for pluggkøyring 200 frå driftsrekneskapen 300 frå drifts- og investeringsfond 800 frå drifts- og investeringsfond 800 2019: frå fond, 2020: frå driftsrekneskapen + disposisjonsfond 55

Handlingsprogram driftstiltak 2018 2021 Gjeld bare tiltak der det er trong for ekstra finansiering. Tiltak som ikkje kostar noko eller som skal gjerast innanfor driftsramma går ikkje fram av oversikten. (Alle beløp i kr 1 000 og netto utgift per år) 2018 2019 2020 2021 Vedlikehald bruer 200 VA Kyrkjebygd 400 400 Veg Smeland 300 Håvorstad bru 800 2.8.5.3 Reinhald planområde 550 Justering av driftsramme (Alle beløp i kr 1000) 2018 2019 2020 2021 Reinhald Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Inntekt Utgift Driftsramme vedteke KOS føregåande år: 5 444 5 381 5 381 5 231 Kompensasjon lønsauke 2017 61 Kompensasjon lønsauke overheng 2018 58 Kompensasjon prisvekst 8 Reduksjonar i driftsramme -100 generell reduksjon Endra organisering reinhald -90 Nytt omsorgsbygg red. løn og sos. utgifter -150-150 Korrigert brutto 0 5 381 0 5 381 0 5 231 0 5 081 Netto ramme drift 5 381 5 381 5 231 5 081 Driftsramma for 2018 er redusert med kr 63 000 for 2018. Dette etter at kompensasjon for lønsauke og prisvekst er lagt til. Reinhaldsområdet har dei to siste åra fått redusert driftsramma samtidig som vi har fått meir areal å gjere reint. Mål og utfordringar for perioden Basert på mål i kommuneplanen samt eigne målsetjingar har vi sett opp desse måla for planperioden: Tilpasse drifta av eininga til dagens økonomiske situasjon. Ha ei eining med høg kompetanse. Jobbe for å få fleire medarbeidarar med fagbrev. Ha eit reinhald basert på moderne reinhaldsmetodar. Vi ser ei utvikling mot meir bruk av reinhaldsmaskinar. Høg trivsel og nøgde medarbeidarar. Her har vi tidlegare sett at faglege/sosiale arrangement har gjeve gode resultat. Jobbe aktivt for å ha eit lågt sjukefråvær. Målet er å ligge under kommunens totale gjennomsnitt. Framleis ha nøgde brukarar av kommunale reinhaldstenester. Ha oppdaterte reinhaldsplanar som er tilgjengelege for dei som treng dei. Vere innovativ og flink til å tenke nytt. Ha ei så god drift av vaskeriet på Åseralsheimen at vi også i framtida kan ha eige vaskeri. Bidra til at lærlingar som er interessert i faget reinhald kan få plass hjå oss. 56 Ved god planlegging av nytt omsorgsbygg kan vi redusere reinhaldsutgiftene. Vi føreset då at det blir utarbeidd ny reinhaldsplan for bygget.

KOSTRA-tal reinhald 1021 Marnardal 240 1026 Åseral 1027 Audnedal EKG06 Kostragruppe 06 220 EKA10 Vest-Agder EAKUO Landet uten Oslo EAK Landet 200 180 160 140 120 100 80 2013 2014 2015 2016 KOSTRA-tala for reinhald viser at vi ligg høgt i reinhaldsutgifter, kr per m². Vi veit vi har høg standard på reinhaldet i Åseral kommune, og det ønskjer vi å ha også i framtida. Eit godt reinhald er viktig for eit godt vedlikehald av bygga. Samtidig må vi ikkje sjå oss blind på KOSTRA-tal då dei ikkje alltid viser heile sanninga. Alle som jobbar på eininga blir rapportert inn som reinhaldarar (art 10750). Det gjeld blant anna reinhaldsleiar (50 %) og dei som arbeider i vaskeriet. Alt blir ført på planområde 550 der KOSTRA hentar tala sine. Det blir nok ikkje gjort i alle kommunar. Sjølv om vi har effektivisert og fått redusert budsjettet dei siste åra, er modernisering/effektivisering eit av satsingsområda for eininga i framtida. KOSTRA-tal energi 1021 Marnardal 1026 Åseral 1027 Audnedal 1029 Lindesnes 1032 Lyngdal 1034 Hægebostad 1037 Kvinesdal 1046 Sirdal EKG06 Kostragruppe 06 EKA10 Vest-Agder EAKUO Landet uten Oslo EAK Landet 300 275 250 225 200 175 150 125 100 2012 2013 2014 2015 2016 57

KOSTRA-tala viser at Åseral kommune har ei positiv utvikling og greier seg godt samanlikna med nærliggande kommunar. Tala syner kwh per m². Forbruket viser likevel ein auke frå 2015 til 2016. Tiltaka som gjev størst effekt og kostar minst har vi nok gjennomført, men energigruppa arbeider kontinuerlig med å finne nye ENØK-tiltak som på sikt vil redusere energiforbruket i kommunen. Bygging av nytt omsorgsbygg vil òg føre til ein monaleg reduksjon i energiforbruket. Planområdet sine oppgåver 2018 2021 Tiltak 2018 Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering Framleis drift av energigruppa Delta aktivt i energibudsjettering. Foreslå lønsame energitiltak for kommunale bygg. Drive haldningsskapande arbeid. Vere ein bidragsytar ved spørsmål innan renovasjon, klima, miljø og fornybar energi. Auke eigen kompetanse innan dei same områda. Fortsette arbeidet med dette. Fleirbrukshallen står att. 7.1.3 30 per år innanfor eiga ramme Energimerking av kommunale bygg 30 innanfor eiga ramme Tiltak 2019 2021 Omtale Punkt i kommuneplanen Kostnad og finansiering Framleis drift av energigruppa Delta aktivt i energibudsjettering. Foreslå lønsame energitiltak for kommunale bygg. Drive haldningsskapande arbeid. Vere ein bidragsytar ved spørsmål innan renovasjon, klima, miljø og fornybar energi. Auke eigen kompetanse innan dei same områda. 7.1.3 30 per år innanfor eiga ramme 58

3. BUDSJETT 2018 Dette er den bindande delen av økonomiplanen. Dei rammene som her blir fastsett for drift og prosjekt er bindande for administrasjonen. For investeringsprosjekt er det berre kommunestyret som kan gjere endringar. 3.1 Oppsummering av budsjett og budsjettføresetnadar Budsjettet for 2018 byggjer på at planområda får kompensert lønsauken etter lønsoppgjeret 2017 og ei prisjustering på 2,3 % for planområda sine driftsutgifter. Statsbudsjettet legg til grunn ein deflator på 2,6 %. Budsjettet for 2018 vidarefører at budsjettert lønsauke blir lagt samla under eit felles ansvarsområde. Det er budsjettert med 1,5 mill. i lønsauke for 2018. Det har også i år vore mykje arbeid med å redusere planområda sine driftsutgifter, noko som har resultert i reduserte driftsutgifter på 3,1 mill. i 2018. Så viser det seg også at nokon tenester har ei kostnadsutvikling utover løns- og prisvekst. Den kostnaden har det enkelte planområdet fått kompensert. Endringane går fram av tabell for justering av driftsramme på det enkelte planområdet. Planområda har også fått justert si ramme for budsjettår 2018 etter lønsoppgjeret i 2017. Tillegget er den faktiske auka i løn og sosiale kostnadar, og overhenget som kjem som utgift i 2018. Planområda sine rammer neste år er også justert for prisauke. Tillegget er rekna etter sum kjøp av varer og tenester minus brukarbetalingar og salsinntekter. Pensjonsutgiftene for kommunen er høge, men vi reknar ikkje med at dei vil auke vesentleg utover det som blei lagt til grunn for 2017. Pensjonsutgiftene for dei forskjellige ordningane er lagt på same nivå som i budsjettet for 2017. Føresetnaden for driftsinntektene vedkomande refusjonar og sal av varer og tenester, er at dei skal auke med same prosent som løns- og prisauken. Unntak frå dette er omtalt under punktet for prislista 2018. Kommunen har over mange år hatt driftsinntekter som er lågare enn driftsutgiftene. Brutto driftsresultat har vore negativt, og det viser at vi har brukt meir på drift enn det vi har hatt i driftsinntekter. Budsjettet for 2018 gjev eit positivt brutto driftsresultat. Ei viktig årsak er det høge talet på budsjetterte VA-tilkoplingar. Tek vi omsyn til at vi har sjølvkost for vatn og avløp og må avsette noko på eit sjølvkostfond, samt at vi ikkje skal bruke heile beløpet som kommunen får i konsesjonsavgifter, blir brutto driftsresultat negativt. Kommunen må halde fram arbeidet med omstilling og kostnadsreduserande tiltak. Vi har over fleire år gjennomført mange tiltak for å redusere kommunen sine driftsutgifter, men likevel strever vi med å betre driftsbalansen. Mykje av årsaka til at vi ikkje klarer å betre driftsbalansen er at fleire av kommunen sine inntekter ikkje veks i same takt som løn og pris. Spesielt er det dramatisk at eigedomsskatten for kraftverka held fram med å falle. Reduksjonen er berekna til 2,1 mill. frå 2017. For kommunen sine skatteinntekter har vi til nå i 2017 sett ein monaleg auke og er i skrivande stund ein auke på litt over snittet på landsplan. Vi håpar at det inneber at vi i åra frametter har brote med at kommunen har hatt svakare utvikling enn det som er tilfelle elles i kommunane. Vi budsjetterer med ein auke på 3 % i 2018 ut frå eit revidert skatteanslag i 2017. Overføringane frå staten (rammetilskot) viser ein auke på 1,2 % i framlegg til statsbudsjett for 2018. Dette er mindre enn det vi får i løns- og prisvekst, som i statsbudsjettet er berekna til 2,6 %. Hovudårsaka til dette er reduksjon i og samansetning av kommunen sitt folketal. 60

Utbytte frå Agder Energi er ei stor og viktig finansinntekt for Åseral. Agder Energi betaler utbytte for 2018 på grunnlag av rekneskapen for 2016. Utbyttet vil av den grunn vere kjent for 2018. Utbyttet i det framlagte budsjettet blir på 5,69 mill., ein reduksjon på 0,53 mill. frå 2017. Vi har lagt til grunn ei avkastning av den langsiktige kapitalen som er plassert i finansmarknaden på 4 %. I budsjettet er det foreslått å sette av på fond 1,9 % til vedlikehald av finanskapitalen. Kommunestyret vedtok avsetning til vedlikehald av finanskapitalen på 1,8%. Kommunen har opparbeidd seg ei høg lånegjeld, og det medfører store finansutgifter. Viser også til omtale av finanspostane under eit eige kapittel. Den største investeringa i 2018 er nytt omsorgsbygg. Endelege planar er ikkje ferdige og skal handsamast i ei eiga sak seinare i haust. Vi har i budsjettet for 2018 teke høgde for ei investeringsutgift og opptak av eksternt lån på 40 mill. (ekskl. mva.). Utover dette er planen å foreta investeringar på 6,88 mill. (ekskl. mva.) Desse investeringane blir finansiert med tilskot og eigenkapital. Viser til omtale av prosjekta på det enkelte planområdet. Bruken av konsesjonsavgifter i driftsbudsjettet er auka med 1,0 mill. frå budsjett 2017 og er i 2018 på totalt 4,0 mill. Netto avsetning til kraftfondet av konsesjonsavgifter blir då på 2,14 mill. Kommunen vil også i 2018 måtte avsette til sjølvkostfond, trass i stor prisnedgang for vatn. Avsetninga blir sett på eit bunde driftsfond og er berekna til 0,85 mill. i 2018. Det er i driftsbudsjettet foreslått å overføre 0,65 mill. til å finansiere investeringar i 2018. I driftsbudsjettet er det foreslått driftstiltak for 2018 på totalt 2,24 mill. I forslaget til budsjett er det finansiert med 1,15 mill. frå kraftfondet medan resten blir finansiert over driftsbudsjettet. Dei enkelte tiltaka er nærare omtalt på dei einskilde tenesteområda. 61

3.2 Driftsramme for budsjettår 2018 Budsjettskjema 1A drift Budsjett Budsjett Budsjett Rekneskap (Beløp i 2018-kroner) 2018 2017 2016 2016 Skatt på inntekt og formue -21 600 000-19 000 000-19 329 000-19 859 078 Ordinært rammetilskot -38 620 000-39 500 000-34 526 000-34 774 311 Skatt på eigedom -21 500 000-22 515 000-24 415 000-24 650 838 Naturresursskatt -14 000 000-14 275 000-13 850 000-14 220 856 Konsesjonsavgifter -6 140 000-6 140 000-6 100 000-6 142 789 Andre generelle statstilskot -1 620 000-2 210 000-1 650 000-2 289 197 Konsesjonskraft -2 670 000-2 400 000-3 165 000-3 763 171 Sum frie disponible inntekter -106 150 000-106 040 000-103 035 000-105 700 240 Renteinntekter og utbytte -6 866 000-13 070 000-12 220 000-16 160 064 Gevinst finansielle instrument -5 640 000 Renteutgifter, provisjonar og andre finansutgifter 2 167 000 2 316 000 2 306 000 1 972 386 Avdrag på lån 5 852 000 5 854 000 5 018 000 5 016 360 Netto finansinntekter/-utgifter -4 487 000-4 900 000-4 896 000-9 171 318 Til dekning av tidlegare reknesk.m. meirforbruk 0 0 0 Til ubundne avsetningar 2 544 000 1 655 000 2 675 000 10 867 213 Til bundne avsetningar 6 990 000 10 720 000 6 100 000 6 903 227 Bruk av tidlegare reknesk.m. mindreforbr. 0 0 0-8 192 213 Bruk av ubundne avsetningar 0 0-766 000 0 Bruk av bundne avsetningar -5 150 000-3 347 000-3 200 000-3 000 000 Netto avsetningar 4 459 000 9 028 000 4 809 000 6 578 227 Overført til investeringsbudsjettet 645 000 200 000 2 220 000 2 521 000 Til fordeling drift -105 533 000-101 712 000-100 902 000-105 772 331 Sum fordelt til drift (til planområda) 103 368 000 100 622 000 99 432 000 96 134 204 Tiltak over driftsbudsjettet 2 240 000 1 090 000 1 470 000 Meir-/mindreforbruk 0 0 0-9 638 127 Tabellen over tildelinga til planområda viser netto driftsrammer for 2018, med og utan driftstiltak. Viser til kapittel 2.8 for nærare omtale av endringar av driftsrammene for planområda. 62

Budsjett 2018 fordeling til: Netto driftsrammer for 2017 Forslag netto driftsrammer 2018 Nye tiltak netto budsjett 2018 Netto ramme inkl. tiltak 2018 100 Rådmannen 6 693 000 7 048 000 0 7 048 000 130 Økonomi og personal 4 606 000 4 530 000 125 000 4 655 000 150 Service, reiseliv og kultur 12 215 000 12 521 000 1 210 000 13 731 000 190 Politiske organ 3 568 000 3 508 000 0 3 508 000 210 Barnehage 6 713 000 6 924 000 75 000 6 999 000 220 Skule 21 129 000 19 481 000 200 000 19 681 000 310 Helsehuset 13 363 000 14 731 000 50 000 14 781 000 340 Pleie, rehab. og omsorg 18 797 000 19 467 000 50 000 19 517 000 390 NAV 2 067 000 2 220 000 0 2 220 000 510 Utvikling 8 236 000 7 806 000 530 000 8 336 000 540 Drift og vedlikehald 391 000 2 691 000 0 2 691 000 550 Reinhald 5 444 000 5 381 000 0 5 381 000 600 - Felles -2 600 000-2 940 000 0-2 940 000 Sum alle planområda 100 622 000 103 368 000 2 240 000 105 608 000 Planlagde driftstiltak med finansiering for 2018 går fram av denne tabellen: Namn på driftstiltak (beløp i 1000 kroner) Kostnad Finansieringskjelde Avdeling Digital kommunikasjon fiber 1 100 Totalt kostnad 1 700', KOS-sak 61/2016 frå kraftfondet SEN Leiaropplæring 25 Frå driftsrekneskapen SEN Eikerapen Roots Festival 50 Frå kraftfondet, KOS-sak 40/2016 SEN Trådlaust nett 60 Frå driftsrekneskapen SEN Konsulenthjelp og juridisk bistand eigedomsskatt 100 Frå driftsrekneskapen SEN Utstyr og inventar, barnehagen 75 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Velferdsteknologi 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Ombygging personalrom 50 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Skuleprosjekt 200 Frå driftsrekneskapen OPPLEV Destinasjonsutviklingsprosjekt Bortelid 500 Frå driftsrekneskapen DRU Forprosjekt veg Bortelid Ljosland 30 Frå driftsrekneskapen DRU 63

3.3 Plan for investeringar 2018 Vi viser til det som er sagt under dei einskilde rammeområda vedkomande handlingsprogrammet. Budsjettskjema 2A investering Budsjett Budsjett Rekneskap (Beløp i 2018-kroner) 2018 2017 2016 Investeringar i anleggsmidlar 56 930 000 17 125 000 26 557 101 Utlån og forskoteringar 605 000 500 000 0 Kjøp av aksjar og andelar 0 2 000 000 1 374 269 Avdrag på lån 550 000 460 000 609 210 Dekning av tidlegare års udekt 0 0 0 Avsetningar 0 0 2 442 351 Årets finansieringsbehov 58 085 000 20 085 000 30 982 931 Finansiert slik: Bruk av lånemidlar 40 500 000 500 000 14 596 810 Inntekter frå sal av anleggsmidlar 0 0 0 Tilskot til investeringar 600 000 4 500 000 3 500 000 Kompensasjon for mva. 10 160 000 2 425 000 575 719 Mottekne avdrag på lån og refusjonar 550 000 460 000 3 238 375 Andre inntekter 0 0 168 809 Sum ekstern finansiering 51 810 000 7 885 000 22 079 713 Overført frå driftsrekneskapen 645 000 200 000 2 521 000 Bruk av disposisjonsfond 5 030 000 10 000 000 2 862 793 Bruk av ubundne investeringsfond 0 0 1 138 584 Bruk av bundne fond 600 000 2 000 000 2 380 841 Sum finansiering 58 085 000 20 085 000 30 982 931 Udekt/udisponert 0 0 0 64

Under følgjer oversyn over investeringstiltak i 2018. Utgifter til det einskilde investeringsprosjektet. 2B investeringstiltak Ansvar Budsjett 2018 ekskl. mva Budsjett 2018 mva. Fornying av kopimaskinar 100 300 000 75 000 Sjølvbetjeningsterminal bibliotek 100 140 000 35 000 Tømmerkai Strømsvika 100 105 000 0 Omsorgsbygg 300 40 000 000 9 750 000 Bilar 500 400 000 0 Bortelid vassverk 500 3 000 000 0 Eikerapen vassverk 500 200 000 0 Ljosland vassverk 500 450 000 0 VA Ospekronæ 500 900 000 0 EL-ladar Ljosland 500 690 000 150 000 EL-ladar Eikerapen 500 690 000 150 000 Sum investeringstiltak 46 875 000 10 160 000 Finansiering av investeringstiltaka for 2018 går fram av denne tabellen. Investeringstiltak (Beløp i 1000 kroner) Kostnad Finansiering Fornying av kopimaskinar 300 Frå drifts- og investeringsfond Sjølvbetjeningsterminal bibliotek 140 Frå driftsrekneskapen Tømmerkai Strømsvika 105 Frå driftsrekneskapen Omsorgsbygg 40 000 Eksternt lån Bilar 400 Frå driftsrekneskapen Bortelid vassverk 3 000 Frå drifts- og investeringsfond Eikerapen vassverk 200 Frå drifts- og investeringsfond Ljosland vassverk 450 Frå drifts- og investeringsfond VA Ospekronæ 900 Frå drifts- og investeringsfond EL-ladar Ljosland 690 300' i tilskot, 390 frå fond vedk. samarbeidsavtale fylkeskommunen EL-ladar Eikerapen 690 300' i tilskot, 208 frå fond vedk. samarbeidsavtale fylkeskommunen og 182 frå driftsog investeringsfond 65

3.4 Prislista Drift og utvikling Byggesaksgebyr og meklarpakker har auka prisen med 5 %. For feiing er prisen redusert med 27 % grunna i at gebyrinntektene har vore høgare enn utgiftene, jf. sjølvkostrekneskapen. Årsgebyret for vatn er i gjennomsnitt redusert med 23 %, medan årsgebyret for avløp blir auka med 4 %. Tilkoplingsavgift til vatn og avløp er uendra. Prisane for brøyting av private vegar følgjer SSB sin indeks for vinterdrift av vegar. Oppvekst og levekår Barnehagesatsane følgjer forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Eigendel for langtidsopphald, korttidsopphald, dag- og nattopphald blir justert kvart år etter forskrift om kommunale helse- og omsorgstenester. Sentraladministrasjonen Utleige av bustadar og administrasjonslokale aukar i tråd med avtalt indeksregulering og i høve avtale. 3.5 Likviditet Kommunen har gjennom 2017 hatt ein god likviditet. Dette drifts- og investeringsbudsjettet som blir lagt fram til politisk handsaming vil ikkje endre nemneverdig på det. Åseral, 9. november 2017 Kjell Gunnar Olsen rådmann 66

Åseral kommune November 2017