ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 11.12.2014 115/14 ROB Kommunestyre 16.12.2014 079/14 ROB Sakshandsamar: Roar Bævre Arkiv: N-504, gnr- 134/036, gnr-134/047, gnr-134/094, PlanID-, N- Arkivsaknr: 2014000155 DETALJREGULERING FOR SJOAREN. 2. GONGS HANDSAMING. Vedlegg i saka: Vedlegg 1. Føresegner. 26.11.2014 Vedlegg 2. Plankart 04.08.2014 Vedlegg 3. Plankart 04.08.2014 revidert. 26.11.2014. Utrykte saksdokument: Komité forvalting sak 070/14. Saksgang: Komité forvaltning for 2. gongs handsaming (merknadshandsamning) Kommunestyret Utskrift til: Sakshansamar for utskrift
SAKSUTGREIING: 1. Kva saka gjeld: 2. Gongs handsaming av Detaljregulering for Sjoaren. plan id 201401, g.nr/b.nr 134/36, 134/47, 134/94, 134/37. 2. Bakgrunn for saka: Oppstartsmøte var 12.03.2014 og 1. gongs handsaming var i sak 070/14 den 11.09.2014. Detaljreguleringa låg ute til høyring frå 08.09.2014 til 30.10.2014. Det kom in 4 merknadar, alle frå offentlege mynde. På grunn av ei misforståing var det ein berørt part som ikkje blei varsla. Denne privatpersonen fikk sende inn ein merknad etter at merknadsfristen var gått ut. Det kom altså inn totalt 5 merknadar. Fagkunnig har kommentert alle merknadane utanom den frå mattilsynet, dei hadde ingen merknader til plana. Sjå merknader og kommentarar lenger nede. 3. Problemstilling: I 1993, i reguleringsplana R-31 del 1, blei tre tomter rett vest for Skånevik fjordhotell regulert som område for utviding av hotellet. Det har sidan ikkje blitt gjort noko her og det fins ingen planar for utviding av verksemda. Eigarane av dei tre tomtene starta detaljreguleringsarbeidet for å gjere om utbyggingsområdet til bustadføremål samt å regulera tilbake den vegen som ligg der i dag. Kommentarar frå fagkunnig: «1. Epost dat.29.09.14 fra Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS HIM forutsetter at renovasjonsnormen legges til grunn, dvs. regulert/asfaltert vegbredde på 5 meter og godkjent snuplass. Eksisterende bilveg mot hotellet tilfredsstiller ikke disse kravene. HIM sine biler benytter f_veg 1 i dag. Antar at denne praksisen vil bli videreført. Planforslaget tilfredsstiller verken breddekravet eller kravet til snuplass fullt ut for denne vegen. F_veg2 har ikke snuplass og kan ikke benyttes av renovasjonskjøretøyer slik den nå er regulert. Denne skal betjene boliger vest for planområdet. Man må her basere seg på at det blir avsatt areal til bossdunker ved fv.34 for disse boligene i deres reguleringsplan. 2. Brev dat.09.10.14 fra Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen påpeker at det ikke er satt av lekeareal i planen og anmoder om at det blir lagt inn. Det er vanskelig å finne plass til eget areal for lek da hele området består av private tomter med hageareal. Det er god plass til barns lek i disse hagene. Tradisjonelt brukes uteplassen rundt skolen til lekeplass i dette området. Uteområdet rundt barnehagen brukes også en del. Ellers er idrettshallen med idrettsbanene det mest brukte. 3. Brev dat.23.10.14 fra Statens Vegvesen Vegvesenet mener at trafikksikkerheten er ivaretatt. For å sikre at det blir bygd en god standard til rett tid, ber vegvesenet om at det blir utarbeidet byggetegninger som skal godkjennes av vegvesenet i god tid før bygging. Man ber om at det inntas i reguleringsbestemmelsene.
Vi ser intet til hinder for at et krav om godkjente byggetegninger for tiltak i tilknytning til fv.34 inntas i reguleringsbestemmelsene. 4. Brev dat.24.11.14 fra Tore Hegerland, eier av gnr.134, bnr.37 Ønsker at privat fellesveg langs eiendommen skal trekkes lengst mulig østover for å unngå inngrep i eiendommen. Er imøtekommet på plankart revidert 26.11.14.» -- Kommentarar til merknader slutt. -- 4. Vurdering: Det har blitt nokre små justeringar i plankartet sidan 1. gongs handsaming. Vegen i aust (f Veg 1) blir regulert smalare, frå 5 til 4 meter, og utvidinga kjem mot aust i staden for vest. Den fysiske vegen har ikkje jamn bredde i dag, bredda varierer frå om lag 3,5 til nesten 4 meter. Reduksjon av vegbredda blei gjort for å skåne eigendomane på begge sider av vegen mest mogleg. Ei utviding langs heile vegen til 4 meter vil gje ein betre veg utan noko store inngrep. Krysset heilt sør i planområdet har blitt endra. Der den før var meir tilpassa den gjellande plana frå 1993, er den no tilpassa dagens fysiske kryss. Krysset blir litt meir opent enn i dag ved å ta bort det spisse hjørnet på den tilgrensande eigendomen lengst sør. Resten av den eigendomen, den delen som ligg innafor planområdet blir bustadområde. Dette er for å dekkje over ein siste rest av ein sving frå den gamle plana. Ser ein på gjelldande plan for området, så vil dei tre eigendomane som er råka av planarbeidet i sør, tene på dette planframlegget. Dette er heldig for dei sidan dei ikkje er med å finansierer planarbeidet. Vegen i vest (f Veg 2) blir værande uendra. Den er ein rest av ein regulert men ubygd veg. Den er med på grunn av reguleringsarbeid på nabotomta i vest, som skal resultere i ei ny tomt. Den nye bustaden treng denne vegen. HIM har uttrykt ønskje om at den vegen skal utvidast og få ein snuplass i samsvar med deira norm. Sidan denne vegen blir veldig kort og at det kanskje blir berre ei tomt, er det betre at det blir lage ein oppsamlingsplass ved fylkesvegen. Det ville være urimeleg å krevje ein renovasjonsplass i Sjoaren planen, for da ville tiltakshavrane for Sjoaren måtte gi bort grunn til renovasjonsplass til ein tilgrensande eigedom og plan. Vi vil oppmoda dei som står for det planarbeidet å inkludere ein renovasjonsplass ved fylkesvegen i sitt planarbeid. To føresegner er oppdaterte, den eine er 3.2 som angår den nye bredda til f Veg 1, den andre er 2.10 som gjeld vegvesenets ønskje i deira merknad om å få tilsendt byggeteikningar til godkjenning.
Plankartet til venstre er det som blei sendt ut på høyring etter 1. gongs handsaming. Kartet til høgre er revisjonen frå 26.11.2014. Hovudforandringar er bortfall av byggegrense i vest, smalare veg som er flytta austover i aust og krysset i sør er teikna om, slik at det er meir likt som det er i dag. Dei innkomne merknadene fører ikkje til vesentlege endringar i planframlegget frå 1. gongs handsaming. Innkomne merknader er handsama, og planframlegget er justert i tråd med desse, slik at det no kan gjerast endeleg vedtak for detaljregulering for Sjoaren. TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN:
11.12.2014 KOMITE FORVALTNING FV-115/14 TILRÅDING FRÅ KOMITE FORVALTNING TIL KOMMUNESTYRET: samrøystes 16.12.2014 KOMMUNESTYRE K-079/14 VEDTAK: (samrøystes)