Tilleggsinnkalling til Bystyret Møtedato: 13.02.2018 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 008/18 Flora Bustad og Eigedom KF - sletting av føretak 009/18 Styreplass i Vitensenteret
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Bystyret PS 13.02.2018 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Berit Seljeseth Osa 18/399 Flora Bustad og Eigedom KF - sletting av føretak Framlegg til vedtak: Flora Bustad og Eigedom KF vert vedteke sletta som føretak. Melding vert å sende Brønnøysund registrene så snart som mogleg.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Sletting av Flora Bustad og Eigedom KF i Brønnøysundregistrene Innleiing: I bystyresak 154/08 vart det gjort følgjande vedtak: 1. Organisering Ei samla eigedomsforvaltning vert organisert som ei kommunal eining/teneste under rådmannen og bystyret. Ingen fast tilsette skal seiast opp eller få redusert stilling som følgje av organisasjonsendringa, men endring i arbeidsoppgåver kan vere aktuelt. 2. Omfang I utgangspunktet skal alle kommunale eigedomar inngå i den samla eigedomsforvaltninga med unnatak av: Bygningsinstallasjonar med tilhøyrande teknisk utrustning som inngår i sjølvfinansierande tenester;- vatn, avlaup, renovasjon Trafikkareal med tilhøyrande tekniske innretningar Kyrkjebygg og gravplassar Parkar/leikeplassar Næringsareal Bygningar, areal og tekniske installasjonar som tilhøyrer KF Hamna Bygningar areal og tekniske installasjonar som tilhøyrer KF Havhesten, KF Innvandrarsenter og KF Kjøkken, samt kommunale kaier og kaianlegg, vert å ta endeleg stilling til i løpet av etableringsfasen for den nye eininga. 3. Innhald/funksjonar Den nye eininga skal ivareta: Arealutvikling til bustadføremål og offentle føremålsbygg Bustadforvaltning og utleige Løpande og planlagt vedlikehald innvendig og utvendig Reinhald Drift og driftsstøtte Kontraktsadministrasjon og avtaler, - leige og feste Nybygg, -prosjektering og kontrahering Økonomi Innkjøp innanfor tenestene sitt ansvarsområde Reinhald og driftsfunksjonane må vurderast nærare i løpet av etableringsfasen for den nye eininga når det gjeld leigde bygg og dei tenestene som i dag nyttar eige personale fleksibelt i forhold til desse funksjonane. 4. Det skal innførast eit prinsipp om internhusleige. Det er ein føresetnad at tenestene vert
tilført budsjett som svarar fullt ut øyremerka til den husleiga som til eikvar tid vert sett for dei areal som det vert inngått kontrakt for. 5. Bystyret kan avvike frå desse prinsippa dersom det i den vidare utgreiinga kjem fram til prinsipielle, praktiske eller økonomiske tilhøve som tilseier at det er formålstenleg 6. Den nye eininga skal vere etablert med verknad frå 01.01.2010. Etableringa vert organisert som eit prosjekt. Rådmannen får ansvar for å utarbeide prosjektplan som skal leggast fram for politisk godkjenning. 7. Omorganiseringa vert å evaluere etter 3 år. Vedtaket vart effektuert med verknad frå 01.01.2010 men føretaket står framleis oppført i Brønnøysundregistrene då vedtak om sletting ikkje er gjort av bystyret. Vurdering: Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm:
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 009/18 Bystyret PS 13.02.2018 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anders J. Moen 18/411 Styreplass i Vitensenteret Framlegg til vedtak: Saka vert lagt fram utan tilråding.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: I sak 113/17 vedtok Flora bystyre følgjande: 1. Flora kommune teiknar seg for 10 aksjar a 10 000 kroner i Vitensenteret i Sogn og Fjordane. 2. Flora kommune ynskjer styreplass i det nye selskapet. Invitasjonen kjem no frå Vitensenteret om å finne eit styremedlem frå Flora kommune. Saka vert lagt fram utan tilråding. Aksjonærane var samla til skipingsmøte 8. februar 2018. I tillegg til å skipe selskapet vart vedtektene godkjent og styret valt: Tor Arne Ness, Kaupanger næringsforening, Leiar Merete Lunde, Vestlandsforsking, Nestleiar Liv Synnøve Bøyum, Sogndal kommune, Medlem Bjørg Kristin Selvik, Høgskulen på Vestlandet, Medlem Ole Johnny Stubhaug, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Medlem Roy Egil Stadheim, Vik kommune, Medlem NN (Styret har fullmakt til å supplere med ein medlem frå NITO og kommunane Flora og Førde i samarbeid) og med desse personlege vara-medlemmane: Einar Vatlestad, Sogndal kommune, Vara (for Liv Synnøve Bøyum) Erik Kyrkjebø, Høgskulen på Vestlandet, Vara (for Bjørg Kristin Selvik) Senea Sabanovic, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vara (for Ole Johnny Stubhaug) Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking, Vara (for Merete Lunde) Agnar Holen, Sogndal næringsforening, Vara (for Tor Arne Ness) Marit Aakrø Tennø, Luster kommune, Vara (for Roy Egil Stadheim) Jan Einan, NITO, Vara (for NN)