Kringkastingsprisen Kven er din favoritt? Side 10-11

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kringkastingsprisen Kven er din favoritt? Side 10-11"

Transkript

1 Side 8-9 Klart dialekten vår er fin! Side 7 Nynorsk Grunnlov Dei nynorske festspela Side 4-5 Kringkastingsprisen Kven er din favoritt? Side Medlemsblad for Kringkastingsringen

2 Leiar Nynorsk og dialekt i NRK Inger Størseth Haarr Styreleiar i Kringkastingsringen Regjeringa har varsla endringar i NRK-plakaten, og i sommar vart plakaten sendt ut på høyring. NRK-plakaten er grunnlova for korleis NRK skal drivast, og det er mellom anna her me finn kravet om at ingen av målformene skal vere representert med mindre enn 25 prosent. Det er særs viktig at dette kravet vert med vidare. NRK rapporterer berre bruk av bokmål og nynorsk, men i røynda ligg det mykje dialektbruk i begge kategoriane. Her ligg ei kjelde til usemje: Skal me i nynorskrørsla vere nøg de med at NRK bruker mykje dialekt, eller må me vere strengare på at nynorsk normaltalemål skal få meir plass? 2

3 Leiar Men er det verkeleg ei motsetjing mellom dialektbruk og bruk av nynorsk normaltale? Nei. Me kan krevje at NRK brukar nynorsk normaltale, men samstundes vere nøgde med at dialektane får stor plass til dømes i NRK Super. Det er mange grunnar til at me kjempar for nynorsk og dialekt i NRK, men eg vil seie at ein av dei viktigaste er at det som er synleg, er verdifullt. Nynorsk og dialektane skal få sin rettmessige plass på NRK fordi det syner at dialektane og nynorsk er noko som kan visast fram, noko ein kan vere stolt av og bruke med heva hovud. Det kan høyrast ut som ei sjølvfølge, men situasjonen me no ser i Austfold, der ungdommar legg vekk dialekta si fordi dei tykkjer den høyrest dum ut, viser at det ikkje er det. Det same skjer rundt mange av dei store byane, og sjølv om norske dialektar har fått ein sterk plass i etermedia dei siste tiåra er det framleis nokre dialektar som stort sett er fråverande. Difor er det NRK Super, til dømes, gjer no så viktig. Når 7-åringen frå Alta høyrer sin eigen dialekt på fjernsyn, kjenner ho at språket hennar er noko som kan synast fram, noko ho kan vere stolt av. Det kan høyrast svulstig, men viss nynorsken har eit verdigrunnlag, må det vere noko av dette: at vårt er like mykje verdt som det fine i byane, det språket eliten snakkar, dei som stort sett vert viste fram. Slik har det vore historisk, og slik er det framleis i dag. Me må passe på at det ikkje berre er dei stovereine dialektane som får plass, og det nynorske normaltalemålet må framleis ha ein sjølvsagd plass i NRK. Men det å syne fram dialektane er ein del av den same kampen; Det er den same kjensla av likeverd som vert styrkt. NRK-plakaten har akkurat vore på høyring, og det er planlagt ei ny stortingsmelding om NRK i Kva mediepolitiske mål NRK skal ha vil vere ei viktig sak framover. Du kan lese høyringsfråsegna til Kringkastingsringen på Kringom nr Kringkastingsringen PB Grønland 0134 Oslo post@kringkastingsringen.no Redaktør: Karoline Marøy Formgjeving: Karoline Marøy Trykkeri: Grøset Trykk AS Takk til alle bidragsytarar. 3

4 Dei nynorske festspela Dei nynorske festspela: Der nynorsken er normalen Inger Størseth Haarr Styreleiar i Kringkastingsringen Viss du var på dei nynorske festspela i år, treng du ikkje å lese her kor flott det var. Viss du ikkje var der: Det var flott! Dra dit neste år, det løner seg. Interessante foredrag og debattar, fine utekonsertar (og gilde frivillige med mange flasker myggspray), spanande menneske og strålande sol. Og dessutan: dra dit for å oppleve korleis det er å vere normal. Eg vert ofte overraska når eg merker kor glad eg er i språk, i nynorsk. Då Jærbladet ga ut ei utgåve på jærsk i fjor, vart eg så personleg stolt at eg nesten tykte det var litt flaut. Når NRK Super lanserer ei dokke som snakkar omtrent nynorsk normaltale, vert eg superentusiastisk og tenkjer at NO kjem kidsa til å vekse opp utan å tenkje at nynorsk er noko slitsomt dei må lære på skulen. Når eg les Ragnar Hovland som snakker om korleis ein misser meir enn eit språk viss nynorsken forsvinn, treff det noko langt inne i meg. Å kome til Ørsta/Volda under Dei nynorske festspela! For ein litt overentusiastisk språkelskar var det nesten for mykje av det gode. ALT var på nynorsk! Midt i Ørsta står ein statue av Ivar Aasen! Lappane på 4 oppslagstavla på butikken var skrivne på nynorsk! Eg vart til og med oppglødd av skrivefeila - tenk, her er nynorsken så vanleg at ein ser heilt vanlege nynorske skrivefeil! (Den nynorskfeilen eg som oslobuar i offentleg sektor er mest utsett for til vanleg, er det klønete språket frå ein statleg tilsett som har fått i oppdrag å omsetje ein bokmålstekst til nynorsk ved hjelp av retteprogram og nynorskordboka på nett.) Eg har vore nokså priviligert når det gjeld å ha nynorsk rundt meg. Som jærbu, oppvaksen på Vigrestad i Hå kommune, møtte eg mykje nynorsk i skuletida mi. Hå er ein nynorskkommune, me hadde nynorske lærebøker og nynorsk var det språket me lærte. Eg kan ikkje ei gong hugse at det var nokon som klaga noko særleg over det. Det finst mange stader med nynorsklappar på oppslagstavlene - det fanst ein del av dei på Vigrestad òg - men Ørsta/ Volda under festspela er i nok ein klasse for seg sjølv. Under Dei nynorske festspela er det nynorsken som er majoritetsspråket. Ingen heng seg opp i at noko er skrive på nynorsk, det er normalen, ikkje noko ein treng å kommentere eller leggje merke til i det heile.

5 Dei nynorske festspela Det er ei deilig kjensle for ein nynorskbrukar, og ein slik tilstand er ikkje sjølvsagt for eit minoritetsspråk (eller minoritets-kva som helst, forsåvidt). Minoriteten er vand til å vere det andre, og då vert det ein luksus å sleppe å heile tida verte lagt merke til som nett det - noko anna. Det er eit paradoks, men mykje av det me gjer i nynorskrørsla - når me organiserer oss, skriv lesarbrev eller arrangerer festspel for nynorsken - er med på å stadfeste nynorsken som noko eige - og dermed som det andre. Det er sjølvsagt eit faktum at nynorsken er noko eige, med si eiga kulturbakgrunn, si eiga historie og si eiga grunngjeving, men eg trur likevel noko av det me eigentleg kjemper for, er at nynorsken skal få vere berre eit språk slik bokmålet er det...men så har det nokre positive sider òg, å vere ein minoritet; Eg trur ikkje eg har møtt ein bokmålsbrukar som har jubla inni seg ved synet av ein bokmålslapp på ei oppslagstavle. 5

6 Twitter #nynorskgrunnlov på Twitter May 6 GRATULERER med dagen! No får vi Grunnlova på moderne nynorsk. Takk, Stortinget! 168 røysta for #nynorskgrunnlov #historisk Erlend May 6 For bokmålsfolk BØR ytringsfrihet finne sted. For nynorskfolk SKAL det vere ytringsfridom. #samd #nynorskgrunnlov Noregs May 6 Og der var Grunnlova vedteken på nynorsk. Til lukke! Stortinget Jens May 6 Jens Stoltenberg blir nok mest sannsynleg den fyrste generalsekretæren i Nato som har røysta for #nynorskgrunnlov. Marit Aakre May 6 #nynorskgrunnlov fordi Grunnlova er symbolet på eit samfunn som byggjer på demokrati og mangfald, melder 30 jussprofessorar i BT i dag. Eirik May 4 Lov actually. Ei romantisk gladkomedie om kampen for å få grunnlova på nynorsk. #filmtitlarminuseinbokstav #nynorskgrunnlov 6

7 Nynorsk Grunnlov Nynorsk Grunnlov Vegard T. Foseide Styremedlem i Kringkastingsringen Ein kort periode i mai 2014 vart alt av vener- og fiendebilete snudd på hovudet for dei fleste i målsaka. Der ein trudde Kristeleg Folkeparti var ein gjeng med trufaste målfolk, vart dei plutseleg meir opptekne av å ta vare på ei einskapleg og «lett forståeleg» riksmålsk grunnlov. Og der ein trudde Høgre var prinsippfaste i nynorskmotstanden sin, kom det flotte ord og vendingar om behovet for ein nynorsk versjon «når ein fyrst skulle gjere språklege endringar». No høyrer det med til historia at Kristeleg Folkeparti tok til vetet til slutt, og røysta heilhjarta for den nynorske grunnlova etter litt hestehandling med nokre familievenlege menneskerettsparagrafar. Og at Høgre sjølvsagt var prinsippfaste nynorskmotstandarar inntil dei såg at dei måtte bite i det sure eplet for kompromissets skuld. Resultatet vart altså at denne viktige lova som dei færraste av oss har lese eller kjem til å lese kom i ein ny nynorskversjon, i tillegg til ein lett modernisert riksmålsversjon. Men innimellom sjokket over å lese nynorsk-rosande leiartiklar i Aftenposten, VG og andre nynorsk-nektande aviser, har altså noko av denne viktige, men litt ukjende lova vorte populært å referere til. I den nynorske grunnlovsversjonen har «bør» vorte til «skal» når det gjeld spørsmålet om ein skal ha ytringsfridom. Og då er vel lite meir passande enn å ty til ei radbrekking av andre sine poetiske ytringar, for å skildre vener og fiendar i målsaka. Det var den dagen me bar på ein draum at noko med grunnlova skulle skje, at det måtte skje - at tinget skulle opna seg at KrF skulle opna seg at Michael Tetzschner skulle opna seg at Abid Raja skulle opna seg at Hans Petter Graver skulle springa - at draumen skulle opna seg, at me ei mai-stund skulle glida inn på ei lov me ikkje hadde visst um. 7

8 Debatt - Klart dialekten vår er fin! Kva i alle dagar har fått nokon til å tenkje at dialekten deira er stygg? Media? Tekst: Marianne Granheim Trøyflat Tidlegare dagleg leiar i Kringkastingsringen -Ønskjer de at østfolddialekten skal dø, er det berre å la vera å prate henne, sa Janne Bondi Johannessen, professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo, da ho deltok i paneldebatt på Litteraturhuset i Fredrikstad onsdag 5. mars. Eit spørsmål om hierarki I kjølvatnet av tv-serien «Dialektriket», inviterte Kringkastingsringen til paneldebatt om det norske dialekthierarkiet. Vi spurde: Finst det eit dialekthierarki, og er radio- og fjernsynskanalane med på å oppretthalde dette? Kva mekanismar ligg bak fordommar mot «stygge» dialektar, og kva ansvar har NRK for å byggje ned desse fordommane? Alt må ikkje skje i Oslo, og Fredrikstad er ein by der engasjementet rundt dialekten har vore i oppsving. Dermed tok Krinken sjansen på å skipe til ein debatt utanfor rekkevidde for kontoret vårt. Tok sjølvkritikk Salen i Litteraturhuset var fullsett med om lag femti tilhøyrarar, inkludert ein del vidaregåandeelevar. Ordstyrar for kvelden var tidlegare leiar i Kringkastingsringen, og Noregs mållag, Håvard Øvregård. Foto: Martin Toft Styremedlem i Kringkastingsringen Distriktsredatør i NRK Østfold deltok også i panelet og starta audmjukt: - Språkleg sjølvtillit er dårleg rundt store byar. NRK har kanskje forsterka haldninga ved å ikkje ta oppgjeret med det, vedgjekk ho. I tillegg til Johannessen og Ruud, sat René Svendsen, redaktør i Fredriksstad blad og Magne Aasbrenn, leiar i Østfold mållag og lektor, i panelet. Fredriksstad blad hadde eigen dialektutgåve klar til dagen etter, 6. mars, og gjentok dermed suksessen dei hadde hatt året før. Tittelen på dialektutgåva var «Kær». - Det å vera «kær» er å vera stolt. Klart dialekten vår er fin, men eg må anstrenge meg for å prate dialekt, fortalde Svendsen. Låg status for dialektbrukarar Ei rask spørjeundersøking vart gjort blant publikum. Rekk opp handa den som pratar Fredrikstad-dialekt, oppmoda ordstyraren. Ingen ville rekke opp handa. Deretter oppmoda han dei som meinte dei prata bokmål, til å rekke opp handa, men heller ikkje det var det nokon som ville vedkjenne seg. Aasbrenn meinte det gjekk eit skilje blant allmenn- og yrkesfaglege retningar på vidaregåande. 8

9 Debatt Frå venstre: Grete Ruud, Janne Bondi Johannessen, René Svendsen, Magne Aasbrenn og Håvard B. Øvregård. Foto: Martin Toft. - Det er mykje meir dialekt blant dei som går yrkesfag og brukar hendene sine. Det har å gjera med kvar du har tenkt deg i livet, hevda han. Dette stadfesta Johannessen. - Kvar ein sosialt har tenkt seg betyr mykje. Ungdom ser kva dei må gjera om dei skal bli journalistar og redaktørar, påpeika ho. Svensk, men ikkje dialekt? Publikum var engasjert og det vart stilt fleire spørsmål. Mellom anna: - Kvifor er det lov å prate svensk i NRK Hedmark og Oppland men ikkje dialekt? Kvifor brukar de konservativt bokmål i NRK Østfold? Grete Ruud i NRK repliserte. - Eg skal helse og seia at eg ikkje har noko imot dialekt, og at eg ikkje synest østfoldingar er dumme. Vi oppmodar til dialektbruk i reportasjar, understreka ho. Og la til at intervjuobjekta kan spela ei like viktig rolle som journalistane. - Nyheitene er den største utfordringa. Maktpersonar kjem til orde, og dei snakkar ofte veldig «pent». Det kan vera eit poeng å finne maktmenneske med dialekt, sa ho. Ta grep! Alle i panelet uttrykte stor kjærleik til språk og dialektmangfaldet i Noreg. Johannessen understreka den kulturhistoriske verdien. - Dialektar ber med seg historie frå dei tidlegaste tider, i motsetning til kolonispråk. Ei dialekt viser både historia bakover og kven ein har som granne, sa ho, og understreka at ein må stadig lengre vekk frå Oslo for å finne nokon som pratar vesensulikt målet i hovudstaden. - For språkforskarar er det veldig trist at det høyrest likt ut. Ta grep! oppmoda ho. Magne Aasbrenn meinte ungdomen spela ei særleg rolle i å verne om dialektane. - Tenk over kven de er. Og kven de ønskjer å vera, appellerte han til dei som sat i salen. 9

10 Kringkastingsprisen Karoline Marøy Kringkastingsprisen 2014: Kven er din favoritt? Dagleg leiar i Kringkastingsringen Prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Alle medlemer i Kringkastingsringen kan nominera kandidatar til prisen, og styret i Kringkastingsringen er jury. Ingen inflasjon Kringkastingsringen har delt ut prisen kvart år heilt sidan 1978, og Kringkastingsprisen vert rekna til dei gjævare utmerkingane ein journalist som nyttar nynorsk eller dialekt kan få. Prisen er med på å fremja bruk av nynorsk og dialekt på radio og i fjernsyn ved å gjere stas på radioog fjernsynsfolk som veit å produsere god journalistikk på og med målet. Gjer framlegg! Veit du om nokon på radio eller i fjernsyn du meiner fortener å verta heidra med prisen? Då kan du nominere han eller ho ved å sende oss eit brev eller e-post. Skriv kort om kvifor du meiner kandidaten din bør få prisen. Framlegget må vere inne innan 12. oktober. 10 I 2013 var det Ingunn Solheim som vann Kringkastingsprisen. Foto: Ole Kaland, NRK Adresse: Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo E-post: post@kringkastingsringen.no Tidlegare prisvinnarar 1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo 1979 Henning Rivedal 1980 Rolf Myklebust 1981 Olga Meyer 1982 Herbjørn Sørebø 1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg 1984 Steinar Brauteset 1985 Svanhild Mundheim 1986 Ingrid Espelid Hovig

11 Kringkastingsprisen 1987 Gunvor Hals 1988 Sigvart Østrem 1989 Nils Gunnar Lie 1990 Per Riste 1991 Martin Lohne 1992 Astrid Brekken 1993 Oddgeir Bruaset 1994 Ragnhild Sælthun Fjørtoft 1995 Kari Sørbø 1996 Astrid Versto 1997 Bjørn Bø 1998 Ingvild Bryn 1999 Ingolf Håkon Teigene 2000 Siri Lill Mannes 2001 Egil Johan Ree 2002 Gry Molvær 2003 Arne Hjeltnes 2004 Audhild G. Rotevatn 2005 Are Kalvø 2006 Harald Bøe 2007 Ingerid Stenvold 2008 Trude Teige 2009 Yasmin Syed 2010 John Skien 2011 Morten Sandøy 2012 Knut Magnus Berge 2013 Ingunn Solheim 2014:? 11

12 Sendar/retur: Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar Nynorskprisen for journalistar Årsrapport 2008 Prisvinnar Odd Reidar Solem : - Kjekt å få denne prisen Den røynde mediemannen og nyhendeanker i TV 2, Odd Reidar Solem, fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013 PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013 BAKGRUNN Mange barn strever psykisk Ca 20% har psykisk problemer som forstyrrar dagleg fungering Vanlege problemer: angst, depresjon

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar «Alt kveg bør ut å beite i utmarka», skriv Torbjørn Tufte. Foto: Mariann Tvete Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar Jordbruksnæringa no må samle seg og velje kva kampar dei vil ta til fulle,

Detaljer

Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar

Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar Årsrapport 2009 Nynorsken må vere til stades i popkulturen. - Eg skal halde

Detaljer

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta "Dagens gjest" i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

13. Sendetida på TV aukar

13. Sendetida på TV aukar Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

13. Radio og fjernsyn

13. Radio og fjernsyn 13. Radio og fjernsyn Kommentarar: tekstdel s. 92 13.1 Målform i NRK-kanalar 1999 2008* F 13.1 Nynorsk i NRK tv 1999 2008* 13.2 Målform i NRK radio og tv 1972 2008 13.3 Nynorsk i NRK etter kanal 1985 2008

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» MEDBORGERNOTAT #1 «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Juli 17 Samarbeidspartia i norsk politikk

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga Sak Fråsegner Ei fråsegn kan ha ulike funksjonar i ein organisasjon. Det kan t.d. ha form som ei pressemelding eller ein politisk uttale i ei sak, som blir sendt til ulike instansar. Ei fråsegn kan også

Detaljer

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn

Detaljer

KULTURDEPARTEMENTET SIN

KULTURDEPARTEMENTET SIN KULTURDEPARTEMENTET SIN NYNORSKPRIS FOR JOURNALISTAR Årsrapport 2014 NRK-journalist Ingunn Solheim fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2014. Ho er ein svært stødig språkbrukar,

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du INNBYGGERUNDERSØKELSE: Skodje kommune Skodje kommune har inngått to intensjonsavtalar og vurderer no å danne ei ny kommune med: a. «Ålesund kommune» = Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula,

Detaljer

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Barnevernsfaglege vurderingar Fylkesmannen sine erfaringar Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Heimel Dokumentasjonskrav 1. Barnevernlova og forvaltningslova Formål 1. Arbeidsverktøy for dei

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer