Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo"

Transkript

1 Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo

2 2014 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN

3 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande oppfølgjar til Andvake og Olavs draumar. Her møter vi gamle Ales, dotter til Alida. Gjennom henne får vi vita korleis det gjekk med Alida og Asle, paret som ofra samvitet for kjærleiken. Asle vart hengd i Bjørgvin. Alida og den vesle sonen Sigvald følgjer sambygdingen Åsleik tilbake til Dylgja, som Asle og Alida ein gong reiste frå. «og Alida tenkjer at ho og Asle framleis er kjærastar, dei er med kvarandre, han med henne, ho med han, han i henne, tenkjer Alida og ho ser utover mot havet og på himmelen ser ho Asle, ho ser at himmelen er Asle, og ho merkar vinden og vinden er Asle, han er der, han er vinden, om han ikkje finst, er han der likevel.»

4 Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo

5 A les tek ullteppet tettare inntil seg, for noko kaldt det er det, tenkjer ho, der ho sit i stolen sin og ser mot vindaugo nesten heilt tildekte av kvite tynne gardiner, berre som ein liten glytt nedst nede lèt dei lys koma inn, ho ser utan å sjå, liksom, og så ser ho einkvan gå forbi utanfor vindaugo, og kven det er, det kan ho ikkje sjå, men forbi gjekk einkvan, det såg ho, og det var no her ho vart buande, ten kjer ho, i eit lite hus så tett i vegen det vel går an, i slikt eit hus vart det til at ho skulle leva sitt liv, ten kjer ho, og var det ikkje for gardinene kunne alle sjå henne der ho no sit, tenkjer ho, dei kan vel også no sjå henne sitja der, men ikkje tydeleg, berre at einkvan vel sit der kan dei vel sjå, tenkjer ho, men gjer det vel noko om einkvan ser henne sitja der? nei slett ikkje, tenkjer ho, det gjer vel ingen verdsens ting, tenkjer ho, nei gjer det vel det, tenkjer ho og ho freistar å få ullteppet endå tettare inntil kroppen og så tenkjer ho at du er Ales, du er gamle Ales du ja, tenkjer ho, for no er du gammal vorten du Ales òg, tenkjer ho og no sit du der i stolen din og prøver å halda varmen, tenkjer ho og så tenkjer ho at ho får prøva å reisa seg og få lagt meir ved i omnen og ho kjem seg på beina og ho går mot omnen og ho opnar omnsdøra og legg litt ved inn i omnen før ho går att ende til stolen sin, set seg, breier ullteppet ikring seg, dreg det inntil seg og så sit ho der og ser rett framføre seg, mot vindaugo, ho ser mot vindaugo i stova si utan å sjå, liksom, og så ser ho Alida, mor si, der ho sit i si stove der i Vika nett slik Ales no sit i si stove og så ser ho at Alida reiser seg, langsamt og stivt, og går langsamt, med stutte steg, bortover golvet, men kvar går ho? kvar skal ho? skal ho gå ut? bort til omnen der i kroken? og

6 Ales reiser seg òg opp og går med stutte stive steg bortover golvet og så ser Ales at Alida opnar døra til kjøkenet sitt og så opnar Ales døra til sitt kjøken og Alida går inn på kjøkenet sitt og Ales går inn på sitt Eg vart gammal eg òg, seier Ales Åra dei har gått så fort, seier ho Og aldri såg eg vel Alida som gammal, ikkje i live, men no ser eg henne så ofte, seier ho Det er ikkje til å skjøna, seier ho No er eg gammal vorten, seier ho Gammal ja, seier ho Må ikkje snakka, seier ho Og eg går her og tuslar åleine oftast, men dei ser no innom no og då, ein av ungane, eit av barnebarna, kanskje, seier ho Men elles, elles går eg her og stig, med stutte steg, går her og snakkar med meg sjølv ja, seier ho og Ales ser Alida setja seg på stolen der ved kjøkenbordet sitt og Ales går og set seg på sin stol ved sitt kjøkenbord, det gode kjøkenet hennar, tenkjer Ales, det er koselegast her på kjøkenet, tenkjer ho, alltid tenkjer ho det, ho tenkjer det for ofte, alltid, alltid tenkjer ho at kjøkenet er det koselegaste rommet i huset, tenkjer Ales, ikkje så stort er det vel på kjøkenet hennar, men koseleg det har ho det på kjøkenet sitt, tenkjer ho, og bord og stolar, skåp og omn det har ho, nett slik mora hadde det, i eine kråa hjå henne stod den svarte omnen ho fyrde i, for varme, og når mat skulle lagast, og ho har ein omn ganske så lik den mora hadde, og så bordet der midt på golvet, benken langsmed veggen, og så var det

7 stova og lemmen inst i stova, lemmen ho så godt kan minnast, der sov dei, ho og Veslesystera, men det, det er så lenge sidan, det er noko som ikkje finst til, noko som liksom aldri har funnest til sjølv om det jo har gjort det og Veslesystera ligg der bleik og borte og aldri skal vel det bleike andletet hennar, den opne munnen, dei halvopne augo, bli borte for henne, alltid kan ho sjå det, for Veslesystera vart sjuk og døydde, og alt gjekk så fort, ho var levande og glad og så vart ho sjuk og døydde, og så den store broren, han Sigvald, halvbror eigentleg, som drog bort då ho enno lita jente var og aldri kom att, og ingen visste kvar han hadde vorte av, men fele det spela han, og aldri har vel ho høyrt nokon spela fele betre enn det halvbror Sigvald gjorde, han kunne spela han, og det er vel om lag det einaste ho minnest av han, og far hans spela også fele, han dei fortalde om, han, Asle heitte han og han vart visst hengd i Bjørgvin, nei at dei hengde folk i dei dagar, før i tida, at dei det kunne gjera, at dei var slik, tenkjer ho og mora som vart oppattgift med far hennar, han Åsleik, ja, ja slik var det, slik vart det sagt og fortalt, og faren, som heitte Åsleik og som dei kalla for Viken, for det var han som åtte plassen der i Vika, stova, løa, naustet, bryggja, båten, alt åtte han, alt hadde han skaffa seg, driftig kar han var, og så kom Alida dit som taus, og med seg hadde ho sonen Sigvald, som ho hadde fått med Asle, han spelemannen som vart hengd, slik var det, ho kom dit etter at Asle var hengd, slik vart det i alle fall sagt, men aldri hadde mora sjølv sagt noko om det, aldri ville ho vel seia noko om Asle og det som ein gong skjedde, tenkjer Ales, ho ymta vel nokre gonger frampå, ho spurde ikkje, men ymta liksom og då vart mora aldeles

8 taus og gjekk bort frå henne, ikkje ein einaste gong, det ho minnest, vart namnet Asle nemnt av mora, det var anna folk som fortalde henne om han, og det gjorde dei så ofte dei det kunne, det var som om alle så gjerne ville fortelja kva kar mor hennar hadde halde seg med, og kva som var sant og ikkje sant av det ho fekk høyra, det var vanskeleg å vita, sjølvsagt, for Asle vart det snakka og fortalt om på Dylgja, at han hadde vore spelemann, som far hans også hadde vore, og at han hadde teke mor hennar med vald og sett barn på henne, endå ho berre jentunge var, og at han så hadde teke henne med seg etter fyrst å ha teke mor hennar, altså hennar eiga bestemor, av dage, slikt vart det sagt, men om det var sant, nei det visste ingen, og slik kunne det no ikkje vera, det var nok berre slikt folk innbilte seg og snakka om, tenkjer Ales, og så kverka han, sa dei, slik gjekk folkesnakket, ein jamaldring for å stela båten hans, det skulle ha skjedd ved naustet der faren hadde budd, på Dylgja, og så, i Bjørgvin, kverka han visst opptil fleire andre før han vart fakka og så hengd, slikt vart sagt, men sant det kunne det ikkje vera, mor hennar Alida kunne aldri ha halde seg med slikt eit menneske, slikt eit umenneske, aldri i live, det var ikkje mogeleg, så godt lærde ho mora Alida å kjenna, aldri kunne vel ho ha halde seg med ein slik mordar, tenkjer Ales, og fanst slikt folk til, slike mordarar, så var det jammen rett at det fanst galgar til, sa folk, og galgar skulle der framleis ha vore, minst ein i kvar grend, vart det sagt og kva som sant var og ikkje sant var om kva Asle hadde gjort og ikkje gjort, nei ikkje visste ho, men nokon mordar kan han ikkje ha vore, han var då far til eldste bror hennar,

9 halvbroren, han Sigvald, tenkjer Ales, han kan aldri ha teke livet av bestemor hennar, for det vart òg sagt at ho vart funnen død i senga om morgonen og godt kunne ha døydd slik folk til vanleg døyr, ho kan godt berre ha sovna inn, stille og roleg, og ha hatt ein god og heilt vanleg død, sjølvsagt, slik må det ha vore, ten kjer Ales og ho tenkjer at ho kan no vel ikkje berre sitja her, tenkjer ho, det er då vel alltids noko som skal gjerast, eit eller anna, tenkjer ho og ho ser mot vindauga der på kjøkenet og der ser ho Alida stå, midt på golvet, framføre vindauga, så tydeleg står ho der som om ho kunne leggja hand på skuldra hennar, og skal ho prøva å det gjera, tenkjer Ales, nei, nei det kan ho ikkje gjera vel, ho kan ikkje leggja hand på si eiga longe avdøde mor, tenkjer Ales, nei ho er visst ei gammal sulle vorten, tenkjer ho, ikkje lenger tilrekneleg, knapt nok tilsnakkande, men står der det gjer gamle Alida like forbaska, like så forbanna, tenkjer Ales, og skal ho våga seg til å seia noko til henne, ho har så ofte tenkt på å spørja mora om det er sant som dei seier, at ho gjekk på sjøen, ho trur ikkje på det, men sagt det blir det, at ho det gjorde, og ho vart funnen i fjøra, blir det sagt, men kan vel ho sitja her og snakka til ei som longe er død, nei så galen er ho då ikkje vorten nei, same kva dei måtte meina og seia om henne, og kva meiner og seier ikkje desse ungane hennar om henne, ho veit nok kva dei seier om henne til kvarandre, og kanskje til andre òg, at ho er for gammal vorten til å bu åleine, det seier dei, men så er det vel ingen av dei som vil ha henne buande heime hjå seg heller, i alle fall har ingen av dei sagt til henne at dei det vil, og dei har då nok kvar med sitt, men står ho ikkje der enno, Alida, tenkjer ho,

10 visst har dei vel det, dei har nok med sitt, om dei ikkje også skal plagast med henne, og kvifor i all verda skal mora, Alida, stå der framføre vindauga, der framføre vindauga på kjøkenet hennar, tenkjer Ales, og skal mora vera på kjøkenet hennar, så får ho beinast gå inn att i stova, tenkjer Ales, for ho kan då ikkje bli verande i same rom som den longe døde mor si, tenkjer Ales og ho ser Alida snu seg og sjå beint mot henne og Alida tenkjer at no er småjenta hennar, godjenta hennar, det kjære kjære jentebarnet hennar gammal vorten ho òg, nei at åra også for henne skulle fara så fort, så skremmande fort, tenkjer ho, men born det har ho fått, ho Ales, seks stykke, og alle har dei vakse opp og skikka seg vel det har dei, kvar og ein, jentene og gutane, så med dotter hennar Ales gjekk det godt, tenkjer Alida og ho ser vesle Ales kliva opp stigen til lemmen i stova der i Vika og så stoggar ho på øvste trinnet og ho ser beint mot henne og så seier ho du må sova godt mor og Alida seier sova godt du òg godjenta, du den beste jente i verda vide, seier Alida og så kliv Ales opp og blir borte der ein stad i mørkret inne på lemmen, under åklet sitt, der inne i kråa si. Og så står Alida der. Og så går Alida ut or stova og ho går og stiller seg i døra, og der nede ved båten ser ho Åsleik stå, så stor det er han ikkje, og kraftig det er han ikkje, men håret er stort, og skjegget er stort, og svart det er skjegget enno, sjølv om både hår og skjegg er grått vorte hist og her, som også hennar eige svarte hår har vorte, tenkjer Alida og ho ser han står der, Åsleik, og sjå mot båten sin, han står nok der og grundar på noko, tenkjer Alida, han har vore henne god, Åsleik, tenkjer ho, korleis skulle det vel ha gått med henne og vesle Sigvald om dei

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben Jon Fosse Trilogien Andvake Olavs draumar Kveldsvævd bokklubben Det Norske Samlaget 2014 Trilogien inneholder titlene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) De norske Bokklubbene AS,

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv...

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv... Innhald 1. Fritid og bibliotek... 1 2. Hos legen... 7 3. Høgtider... 12 4. Mattradisjonar... 18 5. Sunnheit og kosthald... 25 6. Arbeidsliv... 30 7. Jobb i sikte... 35 8. Skule og utdanning... 40 9. Familie

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman Runar Dahle Bak auga er det natt Roman Til Guri Del 1 Eg heldt på å vakne. Ei kvinne gjekk rundt i rommet, eg kunne lukte henne, og ein augneblink fekk eg leve i trua på at ingenting av det som har skjedd,

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo Det Norske Samlaget 2013 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8374-0 Om denne boka Siste boka i lesaranes

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også. ADVERB 1 Set inn adverb med motsett tyding. Luisa skriv pent. Leo skriv stygt. Maten luktar godt. Søpla luktar dårleg/vondt. Han spurde høfleg. Ho svarte uhøfleg. Leo gjekk seint. Luisa gjekk fort. Jentene

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Jesper Egemar Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8837-0

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg. Når eg blir større kan eg lese mykje om sånne ting som verdensrommet, om kva vi kan forstå og kva vi ikkje kan forstå, seier pappa. Det vil eg ikkje, seier eg. Då treng du ikkje gjere det heller, seier

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Han går bort til hunden med tørkerullen og set seg på huk. Dyttar vekk snuten med albogen.

Han går bort til hunden med tørkerullen og set seg på huk. Dyttar vekk snuten med albogen. Heim Han har sett inn ny oppvaskkum. Metallet er blankt og han ser sitt eige spegelbilete. Han trykker inn hudfolden mellom auga da telefonen ringer. Det er systera. Toget er nesten 40 minutt forsinka.

Detaljer

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER TENKJE SJØLV SNAKKE LESE GRUPPER JESUS FORTALDE OFTE HISTORIER SOM OVERRASKA FOLK. OPP NED ER EIT SAMTALEOPPLEGG PÅ ÅTTE SAMLINGAR BASERT PÅ LIKNINGAR SOM JESUS FORTALDE. DET KAN BRUKAST MED MANGE ELLER

Detaljer

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav Duun: Menneske og maktene. Utgave ved Bjørg Dale Spørck. ISBN: 978-82-93134-46-6 (digital, bokselskap.no), 978-82- 93134-47-3 (epub), 978-82-93134-48-0

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg 5. JANUAR 2016 Mors friluftsliv - nyttig og naturleg Friluftslivsseminar Sogndal 5. januar 2016 Inger Marie Vingdal, HIOA Livslangt liv i natur Kvinne født 1927 Gardbrukar og budeie til1994 Enke, pensjonist

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage VENNEBUSSEN Vennebussen Mob. 951 92 616 (mellom 08.00 15.30) Skavøypoll barnehage V/styrar Janne Halsør tlf. 57 84 53 61 / 990 28 763 Skavøypoll barnehage V/sjåfør Magnar Bakke tlf. 944 87 404 (berre viss

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag utan org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer For å få tak i skjemaet «Partifinansiering

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 www.stavanger-kulturhus.no Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 Eksempel på eksamenssvar 2 1 LES NYNORSK I 30 MINUTT KVAR DAG DEN NESTE VEKA 2 SKRIV PÅ

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune. Intervju med hamnemynde i Stord kommune. 1. Kva er dykkar arbeid hos hamnemynde i Stord kommune, og korleis er dykkar rolle på Eldøyane? Mitt namn er Inge Espenes og eg er Hamnesjef i Stord Hamnestell.

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer