Morfologioppgåva om klassisk gresk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Morfologioppgåva om klassisk gresk"

Transkript

1 Morfologioppgåva om klassisk gresk Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 1. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal analysere nominativ og genitiv eintal av ni klassisk greske substantivleksem. Hovudoppgåva er å avgjere kva som er grunnforma (the basic form) av stamma til kvart leksem. 1.1 Litt om grunnformer Oppgåva tek utgangspunkt i ein teori om at kvart morfem med nokre naudsynte unntak som eg kjem attende til nedanfor har éin leksikalsk representasjon, og det er denne som her er kalla grunnform (GF). Grunnformer for ulike morfem kan setjast i hop til heile ord, og vi skal nytte namnet underliggjande representasjon (UR) om eit ord som bygt opp av grunnformer. Vi kan ta eit engelsk døme. Lat oss tenkje oss at morfemet bush har grunnforma /»bus/ og at morfemet FLEIRTAL har grunnforma /z/, slik vi har snakka om i timane. Då blir /»bus z/ den underliggjande representasjonen til bushes. Den faktiske uttalen, [»bus z], skal vi kalle overflaterepresentasjonen (OR) til bushes. Allomorfisk veksling oppstår primært når morfofonologiske reglar (MR) "reparerer" brot på fonotaksen som oppstår når grunnformer blir sette saman til ord. Den underliggjande representasjonen /»bus z/ har eit fonotaks-brot: Engelsk godtek ikkje at to vislelydar fylgjer rett er kvarandre. Ved å setje inn [ ] mellom /S/ og /z/ fjernar vi brotet Suppletivisme Som eg nemnde tidlegare i avsnittet, finst det unntak frå prinsippet om at morfem har éi grunnform. Unntaket kallar vi suppletivisme, og handlar om tilfelle der eit morfem har allomorfar som er så forskjellige frå kvarandre at skilnadene ikkje kan forklarast på grunnlag av morfofonologiske reglar. Eit døme er morfemet god, som mellom anna har allomorfane [ 1 gu ] og [ 1 bet], som i gradbøyinga god betre [ 1 gu ] [ 1 bet RE]. Desse to allomorfane kan ikkje kome av same grunnforma. 2. Segmentering Det fyrste steget er å segmentere kvar ordform, for å finne fram til stamme og suffiks. Det har eg gjort i (1). Transkripsjonen er fonemisk (og praktisk tala i samsvar med ortografien, sjølv om alfabetet er eit anna), bortsett frå at aksent ikkje er markert. Segmenteringa er grei, om vi føreset at nominativ eintal har suffikset [s] og genitiv eintal har suffikset [os].

2 (1) Stamme og suffiks AITHIOPS aithiop s aithiop os etiopar PHLEPS phlep s phleb os blodåre PHULAKS phulak s phulak os vaktmann AIKS aik s aig os geit THÆS the s thet os liveigen ELPIS elpi s elpid os håp ORNIS orni s ornith os fugl GIGAS giga s gigant os kjempe HRIS hri s hrin os nase 3. AITHIOPS og PHLEPS Vi får vite at AITHIOPS og PHLEPS har høvesvis grunnformene /aithiop/ og /phleb/. AITHIOPS har ikkje allomorfisk veksling, så her finst ingen problem. PHLEPS har to allomorfar, [phlep] og [phleb]. Lat oss sjå korleis vi kan argumentere for at det er ein rimeleg analyse å hevde at grunnforma er /phleb/. Vi kan setje opp to prinsipp, som overlappar kvarandre. 4. Fyrste prinsipp Det fyrste prinsippet ser slik ut: Fyrste prinsipp for å finne grunnformer Grunnforma er den allomorfen som står i den omgjevnaden der alle allomorfane kan stå utan å bryte fonotaksen. Vi har her to ulike omgjevnader, (i) føre s og (ii) føre os. I (2) har eg plassert begge allomorfane av PHLEPS i begge omgjevnadene og laga to alternative underliggjande representasjonar for kvar bøyingsform. Det eg oppfattar som ei fonotaktisk forboden form har ei stjerne framfor seg, og står dessutan på grå bakgrunn. (2) Begge allomorfane av PHLEPS i begge omgjevnadene PHLEPS */phleb s/ /phleb os/ blodåre /phlep s/ /phlep os/ Vi ser at berre /phlep/ kan stå føre /s/, medan både /phlep/ og /phleb/ kan stå føre /os/. Kvifor kan eg hevde at det er slik? For det fyrste viser genitiv-formene [aithiopos] og [phlebos] at både p og b kan stå føre /os/. Difor er det godt grunnlag for å hevde at korkje /phleb os/ eller /phlep os/ bryt med nokon fonotaktisk regel. For det andre finst det ikkje i materialet vårt nokon døme på at ein stemd plosiv kan stå føre s. Difor er det grunn til å rekne med at */phleb s/ bryt ein fonotaktisk regel, som vi kan formulere slik: 2

3 FYRSTE FONOTAKTISKE REGEL FOR KLASSISK GRESK Ein plosiv er ustemd føre s. På grunnlag av Fyrste prinsipp for å finne grunnformer må /phleb/ vere grunnforma for PHLEPS, sidan denne allomorfen står der begge allomorfane kan stå utan å bryte nokon fonotaktisk regel. Grunnformene for heile orda ser då ut som i (3). (3) Underliggjande representasjonar av to bøyingsformer av PHLEPS PHLEPS /phleb s/ /phleb os/ blodåre På dette grunnlaget må vi postulere ein morfofonologisk regel (MR) for klassisk gresk, ein regel som gjer plosivar ustemde (= [ stemd]) føre s: MR-1 [plosiv] Æ [ stemd] / _ [s] Regelen verkar slik eg har vist i (4), der eg har kalla dei formene vi faktisk finn for fonemiske former. (4) Bruk av MR-1 UR /phleb s/ /phleb os/ blodåre MR-1 phlep s OR [phlep s] [phleb os] 5. Andre prinsipp Det andre prinsippet for å finne grunnformer kan vi formulere slik: Andre prinsipp for å finne grunnformer Grunnforma er den allomorfen som tillèt oss å formulere morfofonologiske reglar som er fonetisk plausible og mest mogeleg generelle. MR-1 er ein fonetisk plausibel regel for di assimilasjon er eit vanleg fenomen. Regelen er generell for di han ikkje ser ut til å ha unntak. Lat oss tenkje oss at vi ikkje hadde valt grunnformene i (3) men i staden dei i (5), med p i staden for b. (5) To bøyingsformer av PHLEPS i alternative underliggjande representasjonar PHLEPS /phlep s/ /phlep os/ blodåre Då måtte vi i staden for MR-1 rekne med den alternative MR-1, som gjer plosivar stemde mellom to vokalar: 3

4 MR-1 [plosiv] Æ [+stemd] / V _ V Regelen verkar slik eg har vist i (6). (6) Bruk av MR-1 på alternative URar av PHLEPS UR /phlep s/ /phlep os/ blodåre MR-1 phleb os OR [phlep s] [phleb os] Dette verkar jo heilt greitt. Regelen er plausibel, for også dette er ein heilt vanleg type assimiasjon. Men problemet viser seg når vi går tilbake til AITHIOPS, som har grunnforma /aithiop/. Då verkar MR-1 slik som vist i (7). Vi får eit gale resultat, og merkt med stjerne og sett på grå bakgrunn: (7) Bruk av MR-1 på URar av AITHIOPS Grunnformer /aithiop s/ /aithiop os/ etiopar MR-1 *aithiob os Fonemiske former [aithiop s] [*aithiob os] Vi ser at genitiv av AITHIOPS blir *[aithiob os], med ein ukorrekt b. Poenget er at dei morfofonologiske reglane verkar over alt der dei kan, og då oppstår denne feilen. Vi kan ikkje late MR-1 verke like generelt som MR-1, for MR-1 skaper då ukorrekte former. Vi må no kunne slutte at den fyrste analysen vår, med grunnforma /phleb/ og MR-1, fungerer best. då går vi vidare til PHULAKS og AIKS. 6. PHULAKS og AIKS Vi må rekne med /phulak/ som grunnform for stamma til PHULAKS, for [phulak] er den einaste allomorfen. Derimot har AIKS to allomorfar, [aik] og [aig]. Resonnementa blir heilt parallelle med dei vi brukte ved AITHIOPS og PHLEPS, slik at vi kan setje opp dei underliggjande representasjonane i (8). (8) UR for to bøyingsformer av PHULAKS og AIKS PHULAKS /phulak s/ /phulak os/ vaktmann AIKS /aig s/ /aig os/ geit Då verkar MR-1 som vist i (9) og (10). 4

5 (9) Bruk av MR-1 på PHULAKS UR /phulak s/ / phulak os/ vaktmann OR [phulak s] [phulak os] (10) Bruk av MR-1 på AIKS UR /aig s/ / aig os/ geit MR-1 aik s OR [aik s] [aik os] Dette gjev korrekte overflaterepresentasjonar. Igjen ser vi at MR-1 ikkje berre er fonetiske plausibel, men også generell. 6.1 Alternativ analyse av PHULAKS og AIKS Hadde vi i staden rekna med at AIKS hadde grunnforma /aik/, så måtte vi ha nytta MR-1 for å få allomorfen [aig], men då hadde vi igjen fått problem med dei stammene som berre har k, slik som PHULAKS. MR-1 hadde nemleg gjort om UR /phulak os/ til OR *[phulag os]. 7. THÆS Så har vi kome til THÆS liveigen, der stamma har allomorfane [the] og [thet], jamfør nominativ [the s] og genitiv [thet os]. Her kjem vi ikkje utanom analysen i (11), som føreset MR-2, som er sett opp under (11). MR-2 seier at [t] fell bort (= blir til null) framfor [s]. (11) Analyse av THÆS UR /thet s/ /thet os/ liveigen MR-2 the s OR [the s] [thet os] MR-2 [t] Æ Ø / _ [s] Analysen byggjer på den føresetnaden at klassisk gresk ikkje har konsonantgruppa [ts], slik at når ei grunnform sluttar på [t] og den neste byrjar med [s], så må det skje ein "reparasjon", ved at [t] blir borte. 7.1 Ein alternativ analyse Ein kunne tenkje seg ein alternativ analyse, der stamma til THÆS har grunnforma /the/ og der vi reknar med ein MR-2, som set inn [t] mellom vokalar som vist nedanfor. 5

6 (12) Alternativ analyse av THÆS UR /the s/ /the os/ liveigen MR-2 thet os OR [the s] [thet os] MR-2 Ø Æ [t] / V _ V Denne alternative analysen føreset at klassisk gresk ikkje godtek at to vokalar fylgjer rett etter kvarandre, og at vi set inn ein [t] mellom dei for å bøte på fonotaks-brotet. Men denne analysen fungerer ikkje, av to grunnar. For det fyrste viser forma [aithiops] at to vokalar kan fylgje kvarandre, slik at ein av føresetnadene for analysen ikkje held. For det andre skaper ELPIS, ORNIS, GIGAS og HRIS uoverstigelege vanskar for denne analysen. Det kjem eg tilbake til. 8. ELPIS Stamma til ELPIS håp har to allomorfar, [elpi] og [elpid]. jamfør nominativ [elpi s] og genitiv [elpid os]. Her fungerer analysen i (13) best, og vi får bruk for både (13) Analyse av ELPIS UR /elpid s/ /elpid os/ håp MR-1 elpit s MR-2 elpi s OR [elpi s] [elpid os] Fyrst gjer MR-1 [d] ustemd føre [s], og deretter fjernar MR-2 [t] føre [s]. Framfor suffikset [os] skjer det ingenting. 8.1 Alternativ analyse Kunne ein ha tenkt seg ein alternativ analyse, der stamma til ELPIS har grunnforma /elpi/? Då ville vi trenge ein ekstra regel, som eg har kalla MR-2, og som set inn [d] mellom to vokalar. (14) Alternativ analyse av ELPIS UR /elpi s/ /elpi os/ håp MR-2 elpid os OR [elpi s] [elpid os] MR-2 Ø Æ [d] / V _ V 6

7 Det er ikkje vanskeleg å sjå at denne analysen ikkje fungerer. For det fyrste føreset han den galne hypotesen at klassisk gresk ikkje kan ha to vokalar rett etter kvarandre, og at det difor må setjast inn ein konsonant mellom dei. Men kva for konsonant? Vi hugsar at MR-2 set inn [t] mellom vokalar, og no hevdar vi at MR-2 set inn [d] mellom vokalar. Det er umogeleg å avgjere når MR-2 skal verke og når MR-2 skal verke, og då bryt analysen saman. Betre blir det ikkje når vi kjem til ORNIS, GIGAS og HRIS. 9. ORNIS Stamma til ORNIS fugl har to allomorfar, [orni] og [ornith]. Her må vi rekne med at grunnforma er /ornith/, slik at analysen blir som i (15). (15) Analyse av ORNIS UR /ornith s/ /ornith os/ fugl MR-1 ornit s MR-2 orni s OR [orni s] [ornith os] Her har eg tolka MR-1 på ein måte som gjer at vi ikkje treng nokon ny morfofonologisk regel for å gjere [th] til [t]. Vi hugsar korleis MR-1 ser ut: MR-1 [plosiv] Æ [ stemd] / _ [s] Lat oss sjå på det klassisk greske konsonantfonemsystemet, på grunnlag av dei data vi har. Eg har sett opp systemet i (16); eg har teke med i parentes dei to fonema som ikkje finst i dataa våre, for å vise kor mykje informasjon som faktisk kan hentast i dei orda som er oppgjevne. (For moro skuld har eg òg teke med dei greske bokstavane.) (16) Klassisk greske konsonantfonem i våre data Labial Koronal Dorsal Laryngal Plosiv Ustemt p / p t / t k / k Plosiv Stemt b / B d / d g / g Plosiv Aspirert ph / j th / q (kh / c) h / Nasal (m / m) n / n Frikativ s / s, V Lateral l / l Rotikon r / r Termane ustemt : stemt : aspirert viser til tre typar larynxstilling, og MR-1 seier at den einaste larynxstillinga som er tillaten føre [s] er ustemt. Med andre ord kan vi bruke MR-1 til å endre både [d] og [th] til [t] føre [s]. 7

8 9.1 Alternativ analyse som innfører [th]? At ein alternativ analyse som innfører [th] mellom vokalar ikkje kan gjennomførast, vonar eg er klart no. Eg skriv ikkje meir, og reknar med at du tenkjer gjennom saka! 10. GIGAS Stamma til GIGAS kjempe har to allomorfar, [giga] og [gigant]. Grunnforma kan ikkje vere noko anna enn /gigant/, og analysen blir som i (17). Eg har innført ein ny morfofonologisk regel, MR-3, som fjernar [n] føre [s]. (17) Analyse av GIGAS UR /gigant s/ /gigant os/ kjempe MR-2 gigan s MR-3 giga s OR [giga s] [gigant os] MR-3 [koronal, nasal] Æ Ø / _ [s] I staden for å innføre MR-3 kunne vi ha revidert MR-2 og fått MR-2a i staden: MR-2a [koronal, lukkelyd] Æ Ø / _ [s] Medan [t d th] er orale lukkelydar, er [n] ein nasal lukkelyd, slik at [t d th n] alle er lukkelydar. Då måtte vi tenkje oss at MR-2a verka to gonger, ved fyrst å endre /gigant s/ til [gigan s] og så endre [gigan s] til [giga s], som vist i (18). (18) Alternativ analyse av GIGAS UR /gigant s/ /gigant os/ kjempe MR-2a gigan s MR-2a giga s OR [giga s] [gigant os] 11. HRIS Analysen av HRIS nase inneheld no ikkje noko nytt, som vist i (19). (19) Analyse av HRIS UR /hrin s/ /hrin os/ nase MR-2a hri s OR [hri s] [hrin os] 8

Morfologioppgåva om Kongo-swahili

Morfologioppgåva om Kongo-swahili Morfologioppgåva om Kongo-swahili Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 1, oppgåve 14. Merknader skrivne av Rolf Theil. 1. Subjektsprefiks m.m. Sjå fyrst på dei 6 orda i (1), dvs. alle orda som tyder

Detaljer

/ʃop/ /ʃop-ə/ drenched /kəzad/ /kəzad-ə/ married. /tot/ /tot-ə/ all /orb/ /orb-ə/ blind. /pɔk/ /pɔk-ə/ little /seɡ/ /seɡ-ə/ blind

/ʃop/ /ʃop-ə/ drenched /kəzad/ /kəzad-ə/ married. /tot/ /tot-ə/ all /orb/ /orb-ə/ blind. /pɔk/ /pɔk-ə/ little /seɡ/ /seɡ-ə/ blind LING1101 Obligatorisk kvali!seringsoppgåve hausten 2008 / Katalansk 1. Innleiing Oppgåveteksten i Odden (2005: 124) bed oss [p]ay attention to the di"erence between surface [b, d, g] and [β, ð, ɣ], in

Detaljer

Morfologioppgåva om tarahumara

Morfologioppgåva om tarahumara Morfologioppgåva om tarahumara Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 5. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal beskrive den fonologiske omgjevnaden (eng. environment) til

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet. 1.8 Binære tal Når vi reknar, bruker vi titalssystemet. Korleis det verkar, finn vi ut ved å sjå på til dømes talet 2347. 2347 = 2 1000 + 3 100 + 4 10 + 7 Dersom vi bruker potensar, får vi 2347 = 2 10

Detaljer

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen. Ung i Kor - Rettleiing til medlemsregister og innsending av årsrapport. Oppdatert 28. januar 2019 Steg 1 - Innlogging Medlemsregisteret til Ung i Kor finn du på nobu.ensembler.no. Ein loggar inn på medlemsregisteret

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015 Rapport om målbruk i offentleg teneste 21 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 4 Nettsider... 4 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Du kan endre språk i Inspera ved å klikke på tannhjulet øverst til høyre.

Du kan endre språk i Inspera ved å klikke på tannhjulet øverst til høyre. UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET Eksamen - høst 2018 EXFAC03-NORD Tid: 14. desember, kl. 9-13 (4 timer) Du kan endre språk i Inspera ved å klikke på tannhjulet øverst til høyre. Det er autolagring

Detaljer

Oppgave 2 Hvilke av følgende norske ord inneholder ingen sonorante konsonanter? snar potet kjøpte stav kritt taktstokk himmel ballett ski bade

Oppgave 2 Hvilke av følgende norske ord inneholder ingen sonorante konsonanter? snar potet kjøpte stav kritt taktstokk himmel ballett ski bade Eksamen LING1111 H2011 Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 9: sidene 2-5 er bokmål og sidene 6-9 er nynorsk. NB! Siden en del av besvarelsen skal markeres på

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten

Detaljer

Fonetikk og fonologi Oppgåver

Fonetikk og fonologi Oppgåver Fonetikk og fonologi Oppgåver Oppgåver til s. 19 Forklar dei viktigaste skilnadene på fonetikk og fonologi. Skilnader på språklydar kan delast i tre typar: lydstyrke, tonehøgd og klangfarge. Forklar kva

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Biletbruk på nettet 1 2

Biletbruk på nettet 1 2 Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne Arne Rødvik Definisjonar Fonem den minste meiningsskiljande eininga i talespråket (td /pil/-/bil/, /hør/-/h r/) Artikulasjon Realisasjon av fonem Forvirringsmatrise

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til

Detaljer

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse Første runde

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse Første runde Niels Henrik Abels matematikkonkurranse 8. november 2018 (nynorsk) Ikkje bla om før læraren seier frå! I den første runden av Abelkonkurransen er det 20 fleirvalsoppgåver som skal løysast på 100 minutt.

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» MEDBORGERNOTAT #1 «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Juli 17 Samarbeidspartia i norsk politikk

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014 Rapport om målbruk i offentleg teneste 214 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 3 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent...

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Bømlo kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Bømlo kommune. Rapporten gir ingen fullstendig tilstandsvurdering

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

UNIVERSITETET I OSLO

UNIVERSITETET I OSLO UNIVERSITETET I OSLO Side 1 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Eksamen i: INF1010 Objektorientert programmering Eksamensdag: Tysdag 12. juni 2012 Tid for eksamen: 9:00 15:00 Oppgåvesettet er på

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Eksamen 1T våren 2016 løysing

Eksamen 1T våren 2016 løysing Eksamen T våren 06 løysing Oppgåve ( poeng) Rekn ut og skriv svaret på standardform,8 0 0,0005,8 0,8 0 3,6 0 0,5 0 0,5 3 3 5 Oppgåve (3 poeng) A B C D E F G H I J K L På tallinja ovanfor er det merkt av

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Fonetikk og fonologi Fasit

Fonetikk og fonologi Fasit Fonetikk og fonologi Fasit Oppgåver til s. 19 I fonetikken skildrar me alle sider ved språklydane så nøyaktig som mogeleg, ved hjelp av naturvitskap (anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk) og språkvitskap.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Tore Oldervoll Odd Orskaug Audhild Vaaje Finn Hanisch. Sinus 2P. Lærebok i matematikk for vg2. Studieførebuande program.

Tore Oldervoll Odd Orskaug Audhild Vaaje Finn Hanisch. Sinus 2P. Lærebok i matematikk for vg2. Studieførebuande program. Tore Oldervoll Odd Orskaug Audhild Vaaje Finn Hanisch Sinus P Lærebok i matematikk for vg Studieførebuande program Nynorsk CAPPELEN Innhald Potensar og talsystem....... 9. Potensar... 0. Potensane a 0

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Øvinger september Wiebke Ramm, Kjetil Rå Hauge

Øvinger september Wiebke Ramm, Kjetil Rå Hauge EXFAC03-EURA 2011H Øvinger 20 21 september Wiebke Ramm, Kjetil Rå Hauge wiebke.ramm@ilos.uio.no; k.r.hauge@ilos.uio.no! Infoside: http://folk.uio.no/kjetilrh/exfac!! Her har vi: Lette spørsmål Lurespørsmål

Detaljer

S1 eksamen våren 2016 løysingsforslag

S1 eksamen våren 2016 løysingsforslag S1 eksamen våren 016 løysingsforslag Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillate. Oppgåve 1 (4 poeng) Løys likningane a) x x 0 4 1 x 1 9 8 x 1 x x 1

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo PXT: Det regnar mat! Skrevet av: Helene Isnes Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Tema: Elektronikk, Blokkbasert, Spill Fag: Matematikk, Programmering Klassetrinn: 5.-7. klasse, 8.-10. klasse,

Detaljer

LING1101 Fonetikk, fonologi og morfologi. Hausten 2008 / Høsten 2008

LING1101 Fonetikk, fonologi og morfologi. Hausten 2008 / Høsten 2008 UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------------------------- Heimeeksamen i / Hjemmeeksamen i LING1101 Fonetikk, fonologi og morfologi Hausten 2008 / Høsten 2008 Utlevering: Måndag /

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. ARTIKKEL SIST

Detaljer

Løysingsforslag Eksamen MAT111 Grunnkurs i Matematikk I Universitetet i Bergen, Hausten 2016

Løysingsforslag Eksamen MAT111 Grunnkurs i Matematikk I Universitetet i Bergen, Hausten 2016 Løysingsforslag Eksamen MAT Grunnkurs i Matematikk I Universitetet i Bergen, Hausten 26 OPPGÅVE Det komplekse talet z = 3 i tilsvarar punktet eller vektoren Rez, Imz) = 3, ) i det komplekse planet, som

Detaljer

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS 1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS Det er Studieadministrativ avdeling som tek seg av det tekniske kring sjølve opprettinga og avsluttinga av utvekslingsavtalar i FS, også lokale,

Detaljer

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I)

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I) Universitetet i Bergen Matematisk naturvitskapleg fakultet Institutt for informatikk Side 1 av 7 Nynorsk Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I) Fredag 10. desember 2004 Tid:

Detaljer

Språkstatistikk for departementa for 2009

Språkstatistikk for departementa for 2009 Kulturdepartementet 30. mars 2010 Språkstatistikk for departementa for 2009 Det er fastsett i 1 i forskrift til lov om målbruk i offentleg teneste at Kulturdepartementet skal føra tilsyn med gjennomføringa

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT Sakshandsamar, innvalstelefon Jarle Berggraf, 55572264 Vår dato 18.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2015/6484 611 Dykkar referanse Bergen kommune Postboks 7700 5020 Bergen ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Detaljer

TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER

TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER Vi ser på ein optisk ber (lysbølgjeleiar) som går i z-retninga og har ein relativ permittivitet " f (x; y) = " f () som varierer over tverrsnittet. = (x; y) er ein

Detaljer

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse 2009 2010

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse 2009 2010 Nynorsk Niels Henrik bels matematikkonkurranse 009 00 Første runde. november 009 Ikkje bla om før læraren seier frå! I den første runden av belkonkurransen er det 0 fleirvalsoppgåver som skal løysast på

Detaljer

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune

Detaljer

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Oppgåve 1 (14 poeng) a) 20 elevar blir spurde om kor mange datamaskiner dei har heime. Sjå tabellen ovanfor. Finn variasjonsbreidda, typetalet, medianen og gjennomsnittet. Variasjonsbreidda

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehager Krav til sakshandsaming Vaksdal kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Vaksdal kommune. Rapporten

Detaljer

FY1006/TFY Løysing øving 7 1 LØYSING ØVING 7

FY1006/TFY Løysing øving 7 1 LØYSING ØVING 7 FY1006/TFY415 - Løysing øving 7 1 Løysing oppgåve 1 LØYSING ØVING 7 Numerisk løysing av den tidsuavhengige Schrödingerlikninga a) Alle ledda i (1) har sjølvsagt same dimensjon. Ved å dividere likninga

Detaljer

Eksamen 1T hausten 2015 løysing

Eksamen 1T hausten 2015 løysing Eksamen 1T hausten 015 løysing Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, passar, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillate. Oppgåve 1 (1 poeng) Rekn ut og skriv svaret på standardform 1 1,8

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Kalkulator, lærebok og formelsamling er lov. Handskrivne notat i lærebok og formelsamling er lov. Lause ark, med unntak av bokmerke, er ikkje lov.

Kalkulator, lærebok og formelsamling er lov. Handskrivne notat i lærebok og formelsamling er lov. Lause ark, med unntak av bokmerke, er ikkje lov. Eksamen 7. desember 207 Eksamenstid 4 timar AR005 Grunnleggjande Matematikk Nynorsk Kalkulator, lærebok og formelsamling er lov. Handskrivne notat i lærebok og formelsamling er lov. Lause ark, med unntak

Detaljer

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016 // Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Fitjar kommune 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering

Detaljer

Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 7: sidene 2-4 er bokmål og sidene 5-7 er nynorsk.

Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 7: sidene 2-4 er bokmål og sidene 5-7 er nynorsk. Eksamen LING1111 H2010 Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 7: sidene 2-4 er bokmål og sidene 5-7 er nynorsk. Bokmål Oppgave 1 På hvilke måter skiller fonetikk

Detaljer

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn Kjelde: www.clipart.com 1 Statistikk, sannsyn og kombinatorikk. Læraren sitt ark Kva seier læreplanen? Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Detaljer

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201208498-2 Arkivnr. 000.T00 Saksh. Dyrnes, Hanne Camilla Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 06.12.2012 DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

EKSAMEN I LOGIKK OG RESONNERANDE SYSTEM (TDT4136)

EKSAMEN I LOGIKK OG RESONNERANDE SYSTEM (TDT4136) Noregs teknisknaturvitskaplege universitet Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap Side 1 av 5 Fagleg kontakt under eksamen: Lester Solbakken (73594465) EKSAMEN I LGIKK G RESNNERANDE SYSTEM

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149 Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +

Detaljer

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 30.11.01 REA308 Matematikk S Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del : 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter timar. Del skal leverast

Detaljer

S1-eksamen hausten 2017

S1-eksamen hausten 2017 S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6

Detaljer

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten 01.01.2017 Setesdal regionråd Kartlegging Offentleg innkjøp Eli Beate Tveiten Forord Innholdfortegnelse Innhold Innleiing... 2 Avgrensingar... 3 Setesdal:... 4 2016:... 4 Historikk - 2015:... 6 Historikk

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Språkstatistikk for departementa i 2011

Språkstatistikk for departementa i 2011 Kulturdepartementet 10. april 2012 Språkstatistikk for departementa i 2011 1. GRUNNLAGET FOR STATISTIKKEN Språkstatistikken for departementa blir utarbeidd kvart år som ledd i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet

Detaljer

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Hausten 2013

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Hausten 2013 Oppgåve 1 (1 poeng) Rekn ut og skriv svaret på standardform 7, 5 10 4 7,5 4,0 10 0 10, 1 4 1 ( 4) 8 9,0 10 0 10 Oppgåve (4 poeng) Siv har fire blå og seks svarte bukser i skapet. Éi av dei blå og tre av

Detaljer

Lys. Bølger. Partiklar Atom

Lys. Bølger. Partiklar Atom Lys Bølger Partiklar Atom Atom «Atomhistoria» Gamle grekarar og indarar, ca 500 f. Kr. Materien har ei minste eining; den er bygd opp av små bitar som ikkje kan delast vidare 1800-talet: Dalton, Brown,

Detaljer

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar Framflyt Modellverktøy for flytteprognosar Disposisjon Del 1: Generelt om Framflyt bakgrunn, logikk, oversyn Del 2: Rettleiing i bruk av Framflyt Problem i fjor Ved målstyring etter nettoflytting kan PANDA

Detaljer

Språkstatistikk for departementa i 2012

Språkstatistikk for departementa i 2012 Kulturdepartementet 18. april 2013 Språkstatistikk for departementa i 2012 1. GRUNNLAGET FOR STATISTIKKEN Språkstatistikken for departementa blir utarbeidd kvart år som ledd i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet

Detaljer

TUSEN TAKK! BUTIKKEN MIN! ...alt jeg ber om er.. Maren Finn dette og mer i. ... finn meg på nett! Grafiske lisenser.

TUSEN TAKK! BUTIKKEN MIN! ...alt jeg ber om er.. Maren Finn dette og mer i. ... finn meg på nett! Grafiske lisenser. TUSEN TAKK! Det at du velger å bruke mitt materiell for å spare tid og ha det kjekt sammen med elevene betyr mye for meg! Min lidenskap er å hjelpe flotte lærere i en travel hverdag, og å motivere elevene

Detaljer

)*+!,*- ".%! /01 & 2 01 &!

)*+!,*- .%! /01 & 2 01 &! !" #$%% &!!&'( )*+!,*- ".%! /01 & 2 01 &!.!23 #)+! ' #! 3 4! *5'*5!!"! .65 # 75 Kalkulator, lærebok og formelsamling er lov. Handskrivne notat i lærebok og formelsamling er lov. Lause ark, med unntak av

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar MEDBORGERNOTAT #12 «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar og sympatisørar» Marta Rekdal Eidheim Marta.Eidheim@uib.no Universitetet i Bergen Oktober 2018 Med Krf i sentrum ei analyse

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer