HELG WUNDERBARNA. Vi har den tredje beste rånerunden i landet. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "HELG WUNDERBARNA. Vi har den tredje beste rånerunden i landet. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu."

Transkript

1 Lørdag 13. mars 2010 HELG 19 HELG I Ørsta ligg gatene kvite og kalde og tomme. Men rundt og rundt køyrer dei likevel. HER KAN STÅ EN TEKST FOTO: ADRIAN ØHRN JOHANSEN Vi har den tredje beste rånerunden i landet. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu. SILJE MERETE RUSTEN

2 20 HELG Lørdag 13. mars 2010 MELLOM PUMPENE PÅ SHELL. Pengane går til diesel, røyk, spylarvæske og olje, seier Silje Merete Rusten (20). Eigentleg køyrer ho Audi A4, men av og til låner ho kjærasten sin Mercedes. I Volda kallar dei oss for taparar. RÅNING. Skulle du til ungdomsskulen, Håvard? Silje Merete (20)snur seg og ser på passasjeren sin i baksetet. Ungdomsskulen. Det er dit gutane fêr for å pisse i snøskavlane. Vi får ikkje lov til å gå på do på Shell, forklarar Håvard. Det er fredagskveld i Audien til Silje Merete Rusten. Det er ho som er sjåfør medan kompisane Håvard Tryggeset Strand (18) og Christian «Ringo» Hjelle (19), tar festen i passasjerseta. Dei røyker ut vindauga medan countrystjerna Toby Keith syng for full hals gjennom høgtalarane og brøytekantane duver forbi. Dersom dei hadde køyrd ti minutt sørover, forbi flyplasstripa på Hovden og vidare, ville dei ha kome til Volda. I Volda ligg høgskulen. I Volda har dei allmennfaglinje, sjukehuset og den norske dokumentarfilmfestivalen. Men no køyrer vi altså rundt, inst ved Ørstafjorden, i nabobygda Ørsta. Her har dei derimot mekkelinje på vidaregåande, Vassendgutane, Ivar Aasen og rånarane. Dei utskjelte rånarane som tullar den vakre sunnmørsperla mellom fjorden og fjella inn med svart gummirøyk på sommarstid. Rånarane som held pilotane som prøver å sove i sengene sine på Ivar Aasen Hotell vakne, så flyavgangar nesten blir kansellerte. Rånarane som køyrer rundt og rundt i sentrum, som svir dekk og høyrer på musikk og lagar leven. Du kan lese om dei i ein notis i avisa, stort sett kvar måndag. Om burning, mistenkeleg køyring eller bråk i Ørsta sentrum. Den perfekte runden. I Ørsta er det vinter no og gatene ligg kvite og kalde og tomme. Men dei køyrer rundt og rundt likevel. Silje Merete og Håvard og Ringo. I Volda kallar dei oss for taparar, seier Ringo. Det er ikkje mange rånarar i Volda, forklarer han og viser til studentane utanfrå med sine urbane vanar. Ikkje er Volda ein særleg bra stad å råne heller, med sine oppstykka og kvadratiske gatemønster. I Ørsta har vi eit av landets beste rånemiljø, og den tredje beste rånerunden i landet, seier Silje Merete. Runden går i eit åttetal, ikkje sant. Så slepp ein å stoppe, eller snu, forklarar ho medan ho svingar Audien gjennom sentrum og gutane bles røyk ut i den kalde vinterkvelden, forbi Mix en, ned mot Go biten Grill, forbi Ørsta Torg, nedlagd Esso, forbi busstasjonen og opp att. Formålslaus køyring? Slår du opp i Wikipedia finn du ein karakteristikk av ein rånar som liknar meir på ein zoologisk studie. Det er berre David Attenborough som manglar, der han stikk sine blafrande grå hårstrå opp frå taket på Shell medan han i fascinert konsentrasjon fortel om alt som går føre seg, rett framfor auga på han: «En råner er en norsk betegnelse på en ung person, som oftest en mann, som tilhører et motor- og bilinteressert ungdomsmiljø og som driver med råning», heiter det i det digitale oppslagsverket. «De kjører bil for å vise seg og bilene frem for dem langs veien, gjerne fram og tilbake på kortere veistrekninger. De pleier å samle seg på faste plasser, for ek- GUTEN I RØYKEN. Håvard Tryggeset Strand (18). TRØBBEL MED ANLEGGET. Øystein Sporstøl (18) koblar leidninga i Volvoen. VINTERTOMME vegar.

3 Lørdag 13. mars 2010 HELG 21 I FESTBUSSEN. Frode Boska Bjørke (22) kliner til på aller bakerste setedrad i Chevrolet Suburban'en «Subba». Vi har ingen stad å samle oss. Då køyrer vi. sempel på parkeringsplasser og bensinstasjoner, på kvelden og i helgene for å møtes sosialt, vise fram bilene sine og imponere hverandre og unge jenter.» Av dei fleste utanforståande blir råning sett på som formålslaus køyring, fram og tilbake. For dei i Audien er det ikkje utan formål. Det er vår måte å vere sosiale på, forklarar Silje Merete. Her i Ørsta er det lite å finne på for oss over 18. Dei som er under 18 har Kaihuset. Vi har ingen stad å samle oss. Då køyrer vi. Det er sosialt og ein blir kjend med nye folk. Råning for alltid. I Ørsta samlast dei på nedlagd Esso som no er busstasjonen, ved Shell og ved Eurospar. Men delar av køyringa i sentrum er også av det meir ulovlege slaget, med burning på sommarstid, og sladding på vinterføret. Motorane brummar og anlegga dunkar. Dei i bilen kan til ein viss grad forstå at alt dette skapar irritasjon hos dei andre i bygda. Eg forstår pilotane. Eg forstår jo at det ikkje er noko kjekt å ikkje få sove, seier Ringo. Det har vore snakk om å sette opp fartsdumpar utanfor hotellet. Og det må dei gjerne gjere. Men kvifor må pilotane ha akkurat romma som peikar ned mot Shell, lurer Silje Merete. Det går jo an å bu på andre enden av hotellet. Råninga har alltid eksistert her, og det kjem den alltid til å gjere. Sjølvsagt har eg forståing for at folk synes at det kan vere plagsamt med bråket og køyringa, men eg forstår ikkje kvifor dei vil hindre oss i å råne. Vi har blant anna søkt kommunen om å få bygge ei bane, der vi kan samlast, for å prate og køyre. Då kunne vi drive på med dette utan at det forstyrra andre. Men det har vi fått avslag på. Ignorert ungdomskultur. Dei fleste subkulturar blant ungdom har blitt akseptert, men det gjeld ikkje rånekulturen, seier Bjørn Hatterud. Han er kulturskribent og kunstkritikar og i ein artikkel i tidsskriftet Samtiden frå 2006 tek han eit oppgjer med det han meiner er ei ignorering av råninga som kulturuttrykk. Dersom ungdom ønskjer å starte band, blir det lagt til rette for det. Og eg meiner at dersom ungdom ønskjer å bruke bilen som ein måte å treffe folk på, burde det bli lagt meir til rette for det, seier han. Vil ikkje det vere det same som å legge forholda til rette for ulovleg køyring og meir støy? No er det mange ungdomsmiljø som driv med ting som ligg i ei gråsone i forhold til kva som er lovleg. Men eg meiner at målet ikkje er å skape meir ulovleg aktivitet. Eg kjenner ikkje forholda i Ørsta, men det finns grep ein kan ta, som fartsdumpar, miljøgater og innsnevra køyrefelt, for å få råninga over til andre meir ønskelege delar av sentrum. Men då må ein også ha ein dialog med ungdomsmiljøet slik at ein kjem dei i møte. Det er generelt ein manglande vilje frå lokalpolitikarar til å sjå på ungdom som rånar som noko positivt. Bilane og råninga er ein anna måte å møte kvarandre på, og det er både sosialt og kreativt. Eg meiner at det vil løne seg på lengre sikt å investere i ungdommar som faktisk vil bli verande i kommunen. FEST PÅ FIRE HJUL. Stian Foldal (20) er eigaren av festbussen. Men i kveld har han booka sjåfør. MØTEPLASS i vinternatta.

4 22 HELG Lørdag 13. mars 2010 RUNDT OG RUNDT. Med ferskt førarkort i lomma og bassen dundrande køyrer Øystein Sporstøl aleine rundt på jakt etter folk. Snart skal han plukke opp dama. Av ein eller anna grunn ser vi ned på rånarar. Fordommar. Hatterud seier at det har blitt ein større aksept i samfunnet for bilkultur dei siste åra. Dagbladet omtalar råning som ein subkultur, vi har fleire bilprogram på tv og vi har også fått ei raud-grøn regjering som har gitt finansiell støtte til rally og ein eigen folkehøgskule for bilsport. Men fordommane mot råninga lever framleis, i rikt omfang. Vi er programmerte til at enkelte måtar å møtes på er meir ønskelege enn andre. Vi legg føringar som ikkje alltid er rasjonelle, og av ein eller anna grunn ser vi ned på rånarar. Dette har eg diskutert mykje, med mellom anna ein kulturradikalar som meinte at ungdom bør ta grep, reise ut og oppleve noko nytt. Men når vi reiser til Cuba, eller til land i Afrika så synes vi det er så kjempeeksotisk at folk lever i harmoni på den vesle staden. Når norske ungdommar finn det same på ein liten stad, som i Ørsta, verkar det rart for mange. Eigentleg er det jo veldig flott! Gamal tradisjon. Når Silje Merete og kompisane har fest på fire hjul, når dei høyrer på musikk og snakkar bil og rånar rundt, er dei med på å halde i hevd ein gamal tradisjon i Ørsta. Det kan politiførstebetjent ved Ørsta Lensmannskontor, Egil Rustad stadfeste. Råninga har alltid vore her og det er ikkje slik at den er ein ny og problematisk del av samfunnet i Ørsta. Det som har endra seg er storleiken på bilane, motorane og at det er fleire som rånar på moped. Og så ha vi ein del tullkøyring i sentrum som skapar støy. Vi har sett enkelte episodar som har kome ut av kontroll og det er viktig at politiet er til stades, elles sklir det ut. Men dei aller fleste av rånarane er kjekke og greie, seier Rustad. Har rånarane fått eit ufortent dårleg rykte? Ryktet har nok oppstått i periodar der media har brydd seg om dette her. Som sakene om flygarane som ikkje får sove og slikt, og det er jo lett å forstå at ein flygar treng sin nattesøvn. Men det har vore ganske roleg no etter jul, bortsett frå nokre episodar med slagsmål, der folk frå rånemiljøet har vore involvert. Men generelt sit ikkje vi og seier at dette er ei ny og vanskeleg gruppe. Det var meir råning då eg vaks opp, tidleg på 70-talet. Råna du sjølv? Alle har vel vore innom. Men eg køyrde ikkje rundt og rundt, eg spelte handball, eg! Men på 70-talet var Esso smekkfull. Det var både intimt og spennande. Det var mykje som skjedde då! Naboane i Ørsta sentrum synes derimot ikkje at all råneaktiviteten er like spennande. Eg har dei rett utanfor altanen, og eg synes at dei kunne vise meir omsyn til oss som bur her, seier ein bebuar midt i råneruta. Men dei har alltid råna i denne gata, og eg forstår jo ungdommen og, seier ho. Politiet seier at det har vore ein roleg vinter? Det er eg ikkje einig i i det heile. Det ser ut som om rånarane veit når politiet ikkje er ute. Og det er nokre bilar og mopedar som er værre enn andre. Men medan det nermast ikkje er lov til å slå plenen på ein søndag, må ein likevel forholde seg til musikken frå anlegga og sladdinga. Eg veit ikkje om dei ville råna rundt husa til sine eigne foreldre på same måte. Eit par fartsdumpar ville SPOR. UNGDOMSSKULEN. Dit gutane fer for å pisse. Dei slepp oss ikkje inn på Shell, forklarar Håvard.

5 Lørdag 13. mars 2010 HELG 23 RUNDKØYRINGA VED UNGDOMSSKULEN. Eit ynda mål for både dopauser og diverse dekkslitasje Det kjem til å ligge svart røyk over Ørsta i sommar. vore til hjelp, då hadde vi sluppe at dei gassa opp slik. Bilen i sitt hjarte. Ved den nedlagde Essostasjonen er det rolegare tider enn då politibetjenten var ung. I kveld er det berre venninna til Silje Merete, Siri Bjørdalsbakke (18) som står der. Ho har køyrd vener på fest, og har lova å hente dei når barane stenger. Siri har ny bil, ingen nymekka stereo. Ingen Wunderbaum, heller. Audien tok ho over då mor skulle kjøpe ny. Ganske greitt, seier Siri. Eg står meir stille enn eg køyrer. Det er irriterande at folk ikkje forstår at vi gjer det og. Eg er ikkje ein ulovleg sjåfør, eg tutar ikkje, eg køyrer ikkje fort, og eg spelar ikkje høg musikk. Ho er berre bilinteressert. Eg gjer det meste i bilen i staden for å sitte heime og sjå på tv. Eg et pizza i bilen, og eg har til og med spelt gitar i bilen. I morgon skal eg vere edru ute på byen, fortel Siri. Eg har lyst til å danse! Kan vi ikkje det, Silje? Vi går ut og dansar. Og så køyrer vi etterpå! Ulykka. I fjor sommar reiste Silje Merete og ei venninne på biltur til Sverige. Dei skulle slappe av og kose seg på tur. Før ho reiste snakka ho med ein av sine beste vener. Han ønska henne god tur, som vener flest. Då vi hadde kome til Lillehammer fekk eg ein telefon, fortel Silje Merete. Då hadde det skjedd. Dei fire kompisane frå Ørsta hadde vore på tur ute på øyane og var på veg heim gjennom det nye Eiksundsambandet. Men turen enda i tunnelen. Ein familiefar på veg heim til Ulsteinvik som køyrde i ein anna bil vart også drept. Høg fart på ungdomsbilen er peika ut som årsaka til ulykka. Fem menneske mista livet den sommarnatta. Vi kom heim til gravferda. Kyrkja var smekkfull. Det var heilt forferdeleg. Fy faen kor jævlig det var. Utanfor kyrkja var det fullt av bilar. Rånebilane køyrde i gravfølget. Med kors på taket. Det var heilt vanvittig å sjå. For oss er det vanskeleg å forstå, sjåføren av ulykkesbilen var ein av dei stille, han grisekøyrde aldri, seier ho. Dei to første vekene etter ulykka var det ingen som drakk. Det var berre heilt tomt. No er det stort sett tilbake til gamle takter. Men noko blir aldri det same. Eg har berre fått slik respekt for den tunnelen, seier Silje Merete. Eg blir så forbanna når folk køyrer fort. Nei, vi kjem aldri til å gløyme dei. Mot lysare tider. Kvelden i vinterkvite Ørsta går mot slutten. Håvard har fått skyss av ein anna bil og Ringo har samla saman flaskene sine og blitt køyrd heim. No lengtar Silje Merete til vår. Til bare gater, til sol som varmar, til då bilane som ikkje er laga for snø og is kjem ut frå garasjane sine. Når ho har tent nok pengar skal ho fikse bilen, hennar tredje, den skal bli heilt feilfri. Det betyr nye felgar, senkesett, nye lykter, eit betre anlegg og kanskje flatskjermar. Sommaren er den beste tida, seier ho. Då kan vi samlast igjen, ute. Og så blir det gatebiltreff. Det kjem til å ligge svart røyk over Ørsta i sommar, smiler ho lurt. KAMERATSKAP på ein sein laurdagskveld. Øystein Sporstøl (18) og Frode Boska Bjørke (22). INGUNN VIKEN ingunn.viken@smp.no ADRIAN ØHRN JOHANSEN (FOTO) adrian.ohrn.johansen@smp.no

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 KAPITTEL 15 NOREG 1 TANKEKART Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 2 KVA BETYR ORDA? Langstrekt Arktis Antarktis Midnattssol Vêrmelding Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Velkommen til DUGNAD!

Velkommen til DUGNAD! Velkommen til DUGNAD! Tverrfagleg samarbeid påp rusområdet mellom Sandøy y kommmune og Rusbehandling Midt-Norge Arbeidsseminar 4 ungdomskultur og oppvekstmiljø Seminaret set lys påp samanhengen mellom

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2016 ISBN 978-82-521-8946-9 «Fager

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1 Nynorsk Lundefuglnettene av Bruce McMillan Hvert år besøker svarte og hvite fugler med orangefarget nebb den islandske Kvart år besøkjer øya Heimøy.

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Ungdomsundersøking Meland april 2013

Ungdomsundersøking Meland april 2013 Ungdomsundersøking Meland april 13 Svarprosent: Ungdomsskulen: 184 svar; (79%) Vidaregåande: 4 svar; (86%) Totalt: 4 svar; (8%) Debutalder: 1. klasse 14,6 år; 35% debutert 1. klasse 15,1 år; 48% debutert

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Måndag 1.juli starta lillesyster Emma og eg på sykkeleventyret som vi hadde sett fram til i nesten eitt år. Og etter fleire veker med ganske intens planlegging kunne vi endeleg

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage BA Plassebakken Post AUSTIGARD Januar 2012 www.plassebakken.no Godt nyttår No har vi starta på eit nytt år, tenk dei er ferdige med det første halve året i barnehagen allereie! I desember har vi gjort fole

Detaljer