MASTERGRAD I SAMHANDLING INNAN HELSE- OG SOSIALTENESTER- SØKNAD OM AKKREDITERING
|
|
- Karl Langeland
- 2 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Saksframlegg Dato Referanse / /2011 Sakshandsamar Kari Thorsen, tlf Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 11/44 Høgskulestyret MASTERGRAD I SAMHANDLING INNAN HELSE- OG SOSIALTENESTER- SØKNAD OM AKKREDITERING Framlegg til vedtak: På bakgrunn av saksutgreiinga gir styret rektor fullmakt til å søke NOKUT om akkreditering av masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester innan 1. september Saksvedlegg: Prenta vedlegg: Framlegg til studieplan for master i brukarsentrert samhandling innan helse- og sosialtenester Innstilling frå masterkomité Uprenta vedlegg: Lov om universiteter og høgskoler (Lova) Forskrift om krav til mastergrad Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høgre utdanning. NOKUT Søkarhandbok- akkreditering av studier i andre syklus. NOKUT Oppnemning av studieplankomite for master i helse- og sosialfag Saksframstilling Rektor oppnemnte i desember ein studieplankomité som fekk ansvar for å utarbeide ein studieplan for eit masterprogram i helse- og sosialfag med desse medlemane: Førsteamanuensis Randi Skår (leiar), Avdeling for helsefag, HSF Rådgjevar Caisa Hedlund (sekretær), Avdeling for samfunnsfag, HSF Professor Astrid Klopstad Wahl, Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo Høgskulelektor Inger Johanne Solheim, Avdeling for samfunnsfag, HSF Student Lena Haveland, masterprogram i organisasjon og leiing, HSF Stipendiat Eivind Aadland, Avdeling for helsefag/avdeling for lærarutdanning og idrett, HSF Seniorrådgjevar Kari Thorsen, Studieadministrasjonen, HSF Professor Harald Grimen, professor II ved Avdeling for samfunnsfag, HSF/ professor ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo. Harald Grimen var sentral og aktiv i arbeidet både før masterkomitéen vart nedsett og seinare som medlem av komitéen. Han døde den 26.februar Då gjenstod eitt møte i komiteen.
2 Mandat for arbeidet: Komiteen skal utarbeida studieplan for eit masterprogram i helse og sosialfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Masterprogrammet skal ha ein klinisk profil. Studieplanen skal gjera greie for kva målgrupper studiet rettar seg mot, og kva samfunnsbehov studiet skal dekkja. Planen skal også gjera greie for korleis masterprogrammet plasserer seg i forhold til andre mastergradstilbod på feltet. Studieplanen skal gjera greie for fagleg innhald, organisering, evauleringsformer og omfang av fellesemne og valfrie emne. Mastergraden i helse - og sosialfag skal utviklast med basis i kompetansen innan helse-, sosial- og idrettsfaga ved HSF. Studieplanen skal utarbeidast med basis i NOKUT sine standarder og kriterium for akkreditering av mastergradsprogram. Komiteen leverte innstilling og framlegg til studieplan 5. april, og studieplanen vart lagt fram for studieutvalet 19. mai. I denne saka vert styret orientert om innhald og profil på masterstudiet og det faglege grunnlaget for å søkje om akkreditering. Styret får i saka om akkreditering av master i læring og undervisning ei kort orientering om prosessen knytt til akkreditering. Rekruttering Master i samhandling innan helse- og sosialtenester er lagt opp som eit deltidsstudium over tre år. Studieplanen er bygd opp som ein 3-master, jf Forskrift om krav til mastergrad. Det er ikkje krav om praksis for å kunne byrje på masteren. Studiet skal legge grunnlaget for vidare yrkesfunksjon og/eller for forskarutdanning. Ei viktig målgruppe er nyutdanna kandidatar frå høgskulen sine bachelorutdanningar innan helse- og sosial og idrett. Mange nyutdanna sjukepleiarar og sosialarbeidarar ønskjer å gå ut i yrkeslivet med ein gong, men det vert stadig fleire som ønskjer å gå vidare på master med det same. Desse etterlyser tilbod om masterstudium i Sogn og Fjordane. Høgskulen uteksaminerer årleg om lag 200 bachelorkandidatar innan helse- og sosialfag (100 sjukepleie, 30 barnevern, 40 sosialt arbeid og 30 vernepleie). Når det gjeld idrettsmiljøet, har høgskulen tilbod om ein eigen fagmaster i idrettsvitskap. Kandidatar med bachelor i idrett eller friluftsliv har ikkje ei definert profesjonsutdanning. Det tyder at deira arbeidsmarknad er mindre klårt definert, og det vert arbeidd med å synleggjere korleis deira kompetanse kan nyttast inn mot helse, førebygging og rehabilitering (helsearbeidar). Dette nye masterstudiet er svært aktuelt for idretts- og friluftskandidatar som ønskjer ein master med ein tverrfagleg og meir klinisk profil på utdanninga si. Om lag 60 kandidatar avsluttar bachelor i idrett/friluftsliv årleg ved HSF. HSF sin master i organisasjon og leiing har god rekruttering. Medan den masteren har ein fagleg profil retta mot organisasjons- og leiingsfag innan helse og utdanning, vil denne nye masteren retta seg meir mot klientretta verksemd innan helse- og sosialfeltet. I samband med utvikling av masterstudiet vart det gjort ei kartlegging av andre masterutdanningar innan helse- og sosialfeltet. Det finnest studietilbod knytt til feltet. Vår mastergrad vil skilje seg tydeleg ut ved å ha eit sterkt tverrfagleg fokus og kopling mellom idrett/fysisk aktivitet og helse- og sosialfag. Her vil høgskulen sin master ha ein heilt spesiell profil. Ei anna stor målgruppe er personar som er ferdig utdanna, og som har jobba nokre år. HSF har hatt god søknad til vidareutdanningstilbod ved dei tre avdelingane som samarbeider om masterutdanninga. Høgskulen har godt fagleg renommé, og forventningane til eit mastergradstilbod er stor i ulike fagmiljø i
3 fylket. Det vert lagt opp til at søkjarar etter ei fagleg vurdering kan få godskrive vidareutdanningar som valfag i masterutdanninga. Det er grunn til å rekne med mange innpassingssøknader. Både det førebyggande perspektivet og folkehelseperspektivet møter sentrale kunnskaps - og kompetansebehov i samfunnet, jf sjukefråvær og uføreproblematikk. Dertil tek mastergraden særleg opp behova for heilskaplege tenester til det beste for brukaren. Dette er sjølve grunntanken i samhandlingsreforma. Det at det er få masterutdanningar som per i dag tek opp desse perspektiva legg grunnlaget for ei forventning om ekstern studentrekruttering. Læringsmiljø Ein stor del av studiet er basert på fellesemne som alle studentane skal gjennomføre. Det er lagt vekt på fleirfagleg og tverrfagleg samarbeid gjennom lærings - og vurderingsformer. Desse faktorane, samt generell vektlegging av læringsmiljø og tett oppfølging av studentane, kan vere med på å skape både fagleg identitet og tilhørigheit som både kan appellere til potensielle søkjarar og syte for at studentane fullfører studiet. Studiet er samlingsbasert med 3 vekesamlingar med 4-5 undervisningsdagar kvart semester. Det vert lagt opp til bruk av Fronter som læringsplattform. Det vert lagt vekt på utvikling av gode læringsressursar til masterstudentane både når det gjeld bibliotek og ikt. Plan for studiet Komiteen gjer framlegg om at namnet blir Mastergradsstudium i brukarsentrert samhandling innan helse og sosialtenester. Dette er meint å synleggjere masterutdanninga sin kliniske profil. Opptakskravet til studiet er fullført grunnutdanning på eit av profesjonsområda studiet dekker, eller anna treårig høgre utdanning med minimum 80 sp innan helse- og sosialfag eller idrett. I tillegg er det karakterkrav. Oppbygging Masterstudiet er på 120 sp, og er oppdelt i emne med omfang frå 5 tom 45 studiepoeng. Komiteen gjer framlegg om denne emnefordelinga: Første året: Brukaren og hjelpeapparatet, 15 sp Vitskapsteori, 5 sp Hjelparrolla og hjelpeapparatet, 10 sp Hjelpeapparatet og velferdssamfunnet, 10 sp Andre året: Valfritt emne, 15 sp Forskingsmetode, 15 sp Prosjektførebuing, 5 sp Tredje året: Masteroppgåve, 45 sp (med oppstart på slutten av andre år) I intern høyring har AHF foreslått å legge til rette for at studentane kan velje å ta valfritt emne på 30 sp, og skrive masteroppgåve på 30 sp. Rektor er samd i dette. Denne endringa er ikkje lagt inn i studieplanen som følgjer styresaka. Innhald Studiet skal kvalifisere for å kunne hjelpe brukarar som har behov for behandling, tilrettelegging, rådgjeving eller rettleiing og med tenestebehov som krev samhandling mellom ulike sektorar. Det er lagt vekt på å utforme læringsutbyte som skal tilfredsstille nivå for mastergrad i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket.
4 Den kliniske profilen tek utgangspunkt i brukaren av ulike helse- og sosialtenester. Behovet for samhandling om heilskaplege tenester er knytt til utfordringane som er skissert mellom anna i Samhandlingsreforma. Fellesemna er bygd opp ved at ein startar med å rette merksemda mot kunnskap om brukaren, før ein i neste emne konsentrerer seg om forholdet mellom brukar og hjelpar. I det tredje emnet vert merksemda retta mot systemet som både brukar og hjelpar er ein del av. Desse tre emna heng nært saman og vil vere obligatoriske for alle som gjennomfører masterutdanninga. Komiteen har innstilt på eit valfritt emne på 15 sp. Dette kan vere tverrfagleg eller meir spesifikt retta mot ein sektor. Arbeidet med å vurdere kva for vidareutdanningar høgskulen har som kan inngå som valfrie emne i mastergraden er ikkje avslutta. Dette inkluderer vurdering av eventuelle vidareutdanningar på 30 sp som kan inngå i masterstudiet. Gjennom emna Vitskapsteori og Forskingsmetode skal studentane få inngåande kjennskap til vitskapsteoretisk analyse og refleksjon og kva som er det særeigne ved dei metodane ein nyttar for å samle inn vitskapleg kunnskap. I tillegg skal studentane delta på eit obligatorisk skriveseminar som vert felles for fleire masterutdanningar ved HSF. Det er lagt inn eit eige emne på 5 sp om prosjektførebuing. Masteroppgåva på 45 eller eventuelt 30 sp er eit individuelt arbeid under rettleiing. Komiteen foreslo eit omfang på 45 sp på masteroppgåva for å sikre rom for fagleg fordjuping og spesialisering. Det er ikkje nokon felles standard for storleik på masteroppgåvene ved andre masterutdanningar i helse- og sosialfag. Oppgåvene er frå sp. Eit par studium tilbyr val mellom oppgåver på 30 og 40/45 sp. Alle emna, unnateke valfritt emne, er basert på felles undervisning. Det vert lagt vekt på studentaktive arbeids og læringsformer. Sentralt er eit fleirfagleg fokus som skal fremje studentane sin kjennskap til, og gjere dei i stand til å drøfte ulike helse og sosialtenester i det komplekse hjelpeapparatet kring einskilde brukarar. I tillegg til planlagt undervisningstid skal studentane ha tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver. Vurdering i studieutvalet Studieutvalet har vurdert framlegg til studieplan for master i brukarsentrert samhandling innan helse- og sosialtenester og gjort dette vedtaket: Studieutvalet si vurdering er at studieplanen held god kvalitet og langt på veg tilfredsstiller dei formelle og faglege krava slik dei er formulert i NOKUT si tilsynsforskrift og Forskrift om krav til mastergrad. Arbeidet som gjenstår er ei vidare presisering av fagleg innhald og læringsutbyte og utforming av pensum i dei einskilde emna. Ut frå framlegget i studieplanen må det utformast nokre valfrie emne basert på aktuelle vidareutdanningar ved HSF. Studieplanen må synleggjere ordningar for studentutveksling og internasjonalisering. Dette arbeidet er sett i gang, og må vere sluttført før høgskulen kan sende søknad om akkreditering. Fagmiljø knytt til studiet Som ledd i utvikling av mastergradsstudiet vart det gjort ei kartlegging i dei relevante fagmiljøa av kompetanse og aktuelt pågåande FoU- arbeid for tilsette på førsteamanuensis- eller førstelektornivå, eller tilsette som var i løp mot denne kompetansen. I dette inngjekk også ei kartlegging av publikasjonar gjort av tilsette med førstekompetanse. HSF har solid samla kompetanse knytt til dei profesjonsutøvarane som er målgruppa for masterstudiet. Dette viser og igjen i dei forskingsarbeida som tilsette er engasjert i. Dei er for ein stor del sentrert kring behov i ulike brukargrupper og problemstillingar knytt til profesjonell verksemd. Særleg innan helse og sosialfaga har tilsette ei nær praksistilknyting på alle kompetansenivå. Dette er ein særleg styrke for HSF sidan kunnskapsutvikling kring reelle problemstillingar hjå brukarar og utøvarar i sektoren er vesentlege i denne masteren.
5 Det er fleire gjennomførte doktorgradsarbeid med tema knytt til personar med langvarige eller samansette hjelpebehov: Psykomotorisk fysioterapeutisk behandling ovanfor pasientar med kroniske muskelsmerter, pasienterfaringar i kvardagen med kols og kols-rehabilitering, fysisk trening i rehabilitering av menneske med rusproblem og psykiske vanskar, og normalitet/avvik. Høgskulen har eit tverrfagleg forskingsmiljø med fleire førsteamanuensar, stipendiatar og professor II knytt til overvekt og fysisk aktivitet. M.a. ser ein på livskvalitet, psykisk og fysisk helse ved behandling og rehabilitering. Eit doktorgradsprosjekt arbeider med problemstillingar knytt til fysisk aktivitet opp mot funksjonshemma. Andre prosjekt har hovudvekt på tenesteytaren eller relasjonen mellom tenesteytar og brukar: Eit gjennomført doktorgradsarbeid utforskar læring i profesjonelt arbeid, eit anna undersøkjer tilhøvet mellom akademisk og klinisk kunnskap i eigen praksis, medan ein førstelektor ser på samspelet mellom tenesteytar, demente pasientar og familien. Ein PhD-stipendiat har beslutningsprosessar i det kommunale barnevernet som tema, ein annan ser på pleiepraksis i sjukeheim, ein tredje undersøkjer korleis sosialarbeidarar i det kommunale rusfeltet forstår klientane sine og deira problemsituasjon. Nokre forskingsprosjekt er spesifikt knytt til utfordringar knytt til samhandling. Ein førstelektor ser på implementering av individuell plan for kreftramma, ein annan førstelektor ser på kontinuitetsutfordringar i samhandlinga rundt heimebuande demente. Eit prosjekt fokuserer på elektronisk samhandling når pasienten kryssar forvaltningsnivå. Eit anna prosjekt tek utgangspunkt i rettleiingsgruppe for NAVrådgjevarar. Professor Maj-Britt Råholm ved AHF skal ha det faglege ansvaret for studiet. Gjennom utstrekt forskingsarbeid har ho utvikla kunnskap om etisk verksemd, relasjonskompetanse og utsette brukargrupper, særleg innan eldreomsorga. Det vert arbeidd men å få på plass ei kjernegruppe av fagtilsette knytt til studiet med førstekompetanse innan relevante fagområde slik at høgskulen stettar NOKUT sine krav om 10% professor- eller dosentkompetanse og 40 % førstekompetente. Samla sett har dei tre fagmiljøa fleire kompetente fagpersonar som kan ta ansvar for, og undervisa i dei ulike emna enn dei som inngår i kjernegruppa. I høve til undervisning omfattar dette både førstekompetente og i tillegg fleire stipendiatar og høgskulelektorar. Organisering og drift av masterstudiet Masterstudiet er eit tverrfagleg studium med basis i tre av høgskulen sine avdelingar. Både førearbeida til og sjølve utarbeidinga av studieplanen, har skjedd i dialog mellom tre fagmiljø som i det daglege har ansvaret for utdanningar på bachelornivå som er relativt uavhengige av kvarandre, og som har tilhald på tre ulike fagavdelingar. Forskingsaktiviteten i dei tre fagmiljøa har mange fellesnemnarar både med omsyn til perspektiv, mål og metode, men er organisert i fleire av dei ulike satsingsområda for forsking i høgskulen (idrettsforsking, helseforsking, organisasjon og leiing, profesjonsforsking, læringsforsking). Desse organisatoriske utfordringane må iverksetjing av masterprogrammet ta omsyn til i utforming av styringsordning, leiing, dagleg drift og lokalisering. Rektor foreslår at studiet organisatorisk vert lagt til Avdeling for helsefag. Forskrift om opptak studium og eksamen ved HSF 3.5 punkt 3 føreset at : Når eit studieprogram eller studium er sett saman av emne frå fleire avdelingar, skal styret ved vedtak om etablering avgjera kva avdeling som skal ha det samla faglege ansvaret for studieprogrammet/studiet. Organisatorisk plassering ved Avdeling for helsefag er grunngjeve med at avdelinga har tilsett professor som skal ha det faglege ansvaret for studiet. Det vert tilsett ein programansvarleg med førstekompetanse etter utlysing i dei aktuelle miljøa. Den som vert tilsett kan ha arbeidsstad ved eitt av dei tre fagmiljøa som har teke del i utarbeidinga av masterprogrammet. Programansvarleg skal sjå til at drift og utvikling av dei ulike emna i masterprogrammet er i samsvar med opptrekte mål for programmet, og stettar heilskapen i utdanninga. Programansvarleg vil disponera dei administrative ressursane som vert lagt til masterprogrammet.
6 Ansvar for emna vert fordelt mellom fagtilsette på dei tre avdelingane. Det vert oppretta eit programstyre med representantar frå dei tre avdelingane, ekstern representant og studentar. Programstyret vil ha vesentlege fellestrekk med den innarbeidde ordninga med studienemnder, og skal sjå til at utdanninga vert driven og utvikla i samsvar med faglege standardar og er oppdatert i høve til samfunnsbehova. Programstyret vil i tillegg ha ansvar for at masterprogrammet vert utvikla vidare med grunnlag i alle dei tre fagmiljøa som tek del. Lokalisering av undervisninga vil kunne variere, men i søknaden vert det lagt til grunn at studiet vert lagt til ein av høgskulen sine studiestader. Ressursbehov Studiet vert planlagt med bruk av 3-3,5 årsverk. Det vert lagt opp til opptak av studentar som tek studiet på deltid over tre år med 40 sp per år. Vurdering Rektor meiner at studieplankomiteen har gjort eit grundig arbeid med å utforme ei master-utdanning basert på fleire ulike fagmiljø i høgskulen. Studiet vil kunne møte eit veksande kunnskapsbehov knytt til samhandling til beste for ulike brukargrupper av helse- og sosialtenester. Studiet har ein ekstra spennande dimensjon knytt til eit idrettsfagleg perspektiv. Studiet vil styrke yrkesutøvarane sin handlingskompetanse i høve enkeltindividet, samstundes som det skal gi inngåande kunnskap om samfunnspolitiske krav og føringar og bidra til innovasjon og forbetringar innan helse- og sosialsektoren. Studiet vil etter rektor si vurdering ha eit godt rekrutteringsgrunnlag. Høgskulen har gjennom mange år utdanna helse- og sosialarbeidarar. Mange har tatt vidareutdanningar for å få fagleg påfyll. Høgskulen har dei seinare åra utdanna ei stor gruppe bachelorkandidatar innan idrett og friluftsliv. Rektor meiner at komiteen sitt forslag til namn på studiet er noko tungt og omstendeleg, og vil foreslå at namnet vert Master i samhandling innan helse- og sosialtenester. Eit slikt namn vil gi tilstrekkeleg informasjon om den faglege profilen på studiet, og vere enklare å oppfatte for aktuelle søkjarar. Rektor meinar det skal leggast til rette for muligheit for val av storleik på masteroppgåve og valfritt emne. Framlegg til studieplan har masteroppgåve på 45 sp og valfritt emne på 15 sp. AHF har ønska å legge til rette for innpassing av vidareutdanningar som valfritt emne på 30 sp, og reduksjon av masteroppgåva til 30 sp. To andre masterstudium har lagt til rette for val av storleik på oppgåvene, mellom dei er Master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda. Etter rektor si vurdering bør høgskulen fremje søknad der begge alternativa inngår. Grunngjevinga er at det vil gje fleksibilitet i høve søkjarar som ønskjer å innpasse relevant vidareutdanning på 30 sp i masterstudiet. Det kan vere med å styrke rekrutteringa til studiet. Ved å organisere studiet som samlingsbasert deltidsstudium over tre år, vil studiet passe for personar som er i arbeid. For kandidatar som kjem rett frå avslutta bachelor vil dei kunne skaffe seg masterutdanning parallelt med at dei har ein deltidsjobb. Etter rektor si vurdering er val av deltid over tre år eit fornuftig kompromiss mellom dei ulike målgruppene sine behov. Eit samarbeid om masterutdanning mellom tre avdelingar i høgskulen er krevjande. Rektor meiner det er rett å samordne og utvikle faglege ressursar i høgskulen gjennom etablering av denne mastergraden. Utvikling av master i samhandling innan helse- og sosialtenester er framtidsretta, og vil styrke samarbeid mellom ulike fagmiljø og avdelingar om forsking og undervisning. Rektor føreset at det vert etablert styrings- og leiingstruktur med tilsette frå dei tre avdelingane for å sikre god kommunikasjon i arbeidet og kvalitetssikring av mastergraden. Utvikling av studiet må skje i tett kontakt med høgskulen sine relevante forskingsgrupper.
7 Ei sluttføring av studieplanen i samsvar med studieutvalet sine påpeikingar og utvikling av ei fagleg kjernegruppe som skal knytast til studiet er ein føresetnad for at høgskulen kan søkje om akkreditering. Dette arbeidet omfattar: ei vidare presisering av fagleg innhald og læringsutbyte og utforming av pensum i dei einskilde emna utforming av valfrie emne basert på aktuelle vidareutdanningar ved HSF synleggjering av ordningar for studentutveksling og internasjonalisering identifisering og organisering av fagpersonale som skal vere knytt til studiet Under føresetnad av at dette arbeidet vert sluttført, vil rektor be om fullmakt til å søke om akkreditering av master i samhandling innan helse- og velferdstenester innan 1. september.
MASTERGRAD I LÆRING OG UNDERVISNING - SØKNAD OM AKKREDITERING
Saksframlegg Dato Referanse 26.05.2011 2009/1057-2861/2011 Sakshandsamar Kari Thorsen, tlf 57 67 61 41 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 11/45 Høgskulestyret 16.06.2011 MASTERGRAD I LÆRING OG UNDERVISNING
Miljøterapi i demensomsorga
Kompetanseløftet Miljøterapi i demensomsorga Deltid, samlingar 15 studiepoeng Studieavgift: 15 000,- (Studentar kan søke om støtte til studieavgift og andre utgifter) Studiet skal vere med å styrke den
Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal 10.02.09
Førstelektorprosjekt Anne-Grethe Naustdal 10.02.09 Formelt kvalifikasjonsgrunnlag Utdanning: Vitskapsteori for førstelektorar - (2009) jobbar med no Master i organisasjon og leiing helse og sosialpolitikk
Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André Tryti, Bente Sønsthagen
MØTEPROTOKOLL Utdanningsutvalet Dato: 25.02.2016 kl. 10:00 Sted: Sogndal Arkivsak: 15/01263 Tilstede: Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André
FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1
1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.
STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing
STUDIPLANMAL 2011 med brukarrettleiing Felt med informasjon som vises i studieplanen på nettsidene vert markert med Felt med intern (administrativ) informasjon vert markert med I Felt: I/ Forklaring: Val:
FORDELING AV STIPENDIATSTILLINGAR 2012
Saksframlegg Dato Referanse 20.02.2012 2007/1092-1081/2012 Sakshandsamar Erik Kyrkjebø, tlf 57 67 62 85 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 12/6 Høgskulestyret 01.03.2012 FORDELING AV STIPENDIATSTILLINGAR
STUDIEPROGRAM 2010-11. DRØFTINGSSAK
Saksframlegg Dato Referanse 14.09.2009 2009/405-3970/2009 Sakshandsamar Terje Bjelle, tlf 57 67 61 30 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 09/42 Høgskulestyret 01.10.2009 STUDIEPROGRAM 2010-11. DRØFTINGSSAK
Rådgjevarkonferansen 2009
Rådgjevarkonferansen 2009 Dei neste 15 min. Tørre facts om HSF Utfordringar for HSF HSF - ein attraktiv høgskule? Utdanningar ved HSF og spennande planar Ta med elevane på besøk til HSF! Tørre facts Høgskulen
VEDTAK OM STUDIEPROGAM 2010. REGULERING AV OPPTAKSKAPASITET.
Saksframlegg Dato Referanse 02.11.2009 2009/405-4695/2009 Sakshandsamar Terje Bjelle, tlf 57 67 61 30 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato 09/55 Høgskulestyret 19.11.2009 VEDTAK OM STUDIEPROGAM 2010. REGULERING
NY LÆRARUTDANNING. PROFILERING AV FAGPORTEFØLGJE, SAMARBEID OG AKTIVITETSKRAV.
Saksframlegg Dato Referanse 10.06.2009 2008/827-2749/2009 Sakshandsamar Dekan Rasmus Stokke / Studiedirektør Terje Bjelle Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato 09/28 Høgskulestyret 17.06.2009 NY LÆRARUTDANNING.
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
Referat frå møte i Internasjonalt forum
Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,
FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering
FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04 Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte
Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009
1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning
Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009
Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009 SAMFUNNSOPPDRAGET gh UTDANNING FORSKING FORMIDLING De statlige høgskolene skal medvirke til forskning, utviklingsarbeid,
OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010
OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010 Åse Løkeland Rektor Høgskulen i Sogn og Fjordane gh Vi utforsker og utvikler - HSF et sted å lykkes Aktiv Kompetent Nær Landets mest fornøyde studenter Blant
ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF
Saksframlegg Dato Referanse 31.05.2011 2011/551-2955/2011 Sakshandsamar Bente Heiberg/Wenche Fjørtoft, tlf 57 67 61 20 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 11/47 Høgskulestyret 16.06.2011 ORIENTERING OM
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige
Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015
Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2015 Rullert av rektor pr. 15.01.15, jf. S-sak 63/14 vedtakspkt. 1 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby
SØKNAD OM STØTTEKONTAKT
MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama
PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB
Unn-Doris K. Bæck UiT Norges arktiske universitet Februar 2017 PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB INNLEDNING Dette dokumentet utgjør min første programsensorrapport
INFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID
INFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID NB: Alle delane av praksis er obligatoriske Høgskulen i Sogn og Fjordane Avdeling for samfunnsfag v/ praksisansvarleg Marita Brekke Skjelvan
TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER
Naustdal kommune TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING VED SØKNAD OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER - 2 - INNHALD: SAKSHANDSAMING Side 3 1. Grunnlag for tildeling av tenester 2. Sakshandsaming / saksgang 3. Klage
Vurdering av allianse og alternativ
Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no
KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule
KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk
Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet
Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn
Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll
Midsund kommune Møteinnkalling Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 09.10.2007 Tid: 13:00 Forfall må meldast til utvalssekretær på telefon 71 27 05 00 som syt for innkalling av varamedlemmer.
REVISJON AV FORSKRIFT OM OPPTAK, STUDIUM OG EKSAMEN VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE. FRAMLEGG TIL STYRET.
Saksframlegg Dato Referanse 08.12.2009 2009/145-5244/2009 Sakshandsamar Terje Bjelle, tlf 57 67 61 30 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato 09/68 Høgskulestyret 17.12.2009 REVISJON AV FORSKRIFT OM OPPTAK, STUDIUM
Fagskuleutdanning i helse og sosialfag. Fagskulane i Hordaland 07.03.12
Fagskuleutdanning i helse og sosialfag Fagskulane i Hordaland 07.03.12 Fagskulane i Hordaland 7 fagskular Tekniske og maritime fag, marine fag, grøne fag, helse og sosialfag Hordaland fagskulestyre m/7
Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:
Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.
Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng
Høgskolen i Bergen Bachelorstudium: Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng Innleiing Barnehagelærarutdanning er ei treårig forskningsbasert, profesjonsretta og
Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng
Høgskolen i Østfold Studieplan for Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleder Dato: 01.08.2004 Endret av Dato: Innholdsfortegnelse INNHOLDSFORTEGNELSE...
Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid
Leiinga Høgskulen i Volda Universitetet i Bergen 5020 BERGEN Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no Dykkar referanse
Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle
MØTEPROTOKOLL Utdanningsutvalet Dato: 20.10.2016 kl. 10:00-14:00 Sted: Møterom Aroma, Sogndal Arkivsak: 15/01263 Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 1. juni 2011 1. Innleiing Politi- og lensmannsetaten treng alltid kandidatar til leiarstillingar. Ofte vil medarbeidarar
AVDELING FOR SAMFUNNSFAG OG HISTORIE. Sosialfagprosjektet
Sosialfagprosjektet KD-oppdrag til UHR om utdanning for sosialfagleg arbeid og oppfølging av Meld.St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Stortingsmeldinga viser til endringar i yrkesfeltet
Velkomne til møte i Utdanningsutvalet torsdag 26. februar kl 10.00. Vi serverer lunsj i Campuskantina om lag kl 11.45.
MØTEINNKALLING Utdanningsutvalet Dato: 26.02.2015 kl. 0:00 Sted: Keiserinna H 2020 Høgskulebygget Arkivsak: 14/00747 Arkivkode: 011 Velkomne til møte i Utdanningsutvalet torsdag 26. februar kl 10.00. Vi
STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING
STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innleiing Rettstryggleiken til borgarane er viktig i samband med all offentleg maktutøving.
Universitetsstyret Universitetet i Bergen. Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program
Universitetsstyret Universitetet i Bergen Arkivkode: Styresak: 55 Sak nr.: 2012/4881 Møte: 27.09.2012 Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program Bakgrunn Universitetsstyret ble orientert om utdanningsutvalgets
Mastergrad IKT i læring
Studieplan Mastergrad IKT i læring Høgskolen Stord/Haugesund 1 1. Mål... 3 2. vilkår for Opptak... 3 2.1 Generelt grunnlag for opptak... 3 2.2 Tilleggskrav... 3 2.3 Opptakskomité... 4 3. Organisering...
Dato: kl. 9:00 11:45 Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012
MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Dato: 29.09.2016 kl. 9:00 11:45 Stad: Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012 Tilstades: Møtande varamedlemmer: Forfall: Frå administrasjonen: Referent:
Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2
Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2 Rapporten frå den sakkunnige komiteen er eit tillegg til rapporten frå 1. juni 2007 Tillegget vart ferdigstilt den:
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL
TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i
Studieplan. Mastergradsprogram i filosofi
1 Studieplan Mastergradsprogram i filosofi UiT Noregs arktiske universitet Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning Gjeld frå og med hausten 2012 V-6. Sist justert 22.03.2017 2 Tittel
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26.
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen
SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND
Kriterier fou 1 av 5 SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND Det vert lyst ut fou stipend i kategoriane: 1.Lektorstipend for opprykk til førstelektor Forskarstipend for nykvalifiserte
ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009
Møtebok for Høgskulestyret
Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Kinnaklova/ Kvamshesten, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde Dato: 29.10.2014 Tidspunkt: 10:00 15:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin
Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.12.2012 76302/2012 Sigri Spjelkavik Saksnr Utval Møtedato U-10/13 Fylkesutvalet 28.01.2013 Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg
Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage
Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage Planen er administrativt godkjent og gjeld frå september 2013. Foto: Kari Aas Spor Du går inn i ditt landskap. Møter mennesker som går
SAK: Revisjon av Studentcharter
LMU møte 04/15 Arkivreferanse 15/073399-1 Ettersendelse av dokumenter til sak 21/15: SAK: Revisjon av Studentcharter Etter oppdrag frå LMU kjem her føreslag til ny utgåve av Studentcharteret. Arbeidsgruppa
INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF
INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF 1. Formål med instruksen Denne instruksen omhandlar rammene for administrerande direktør sitt arbeid og definerer ansvar, oppgåver, plikter og rettigheiter.
SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL
Ny strategiplan for Høgskulen
Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla
Masterutdanning i samhandling innan helse- og sosialtenester
Masterutdanning i samhandling innan helse- og sosialtenester -eit viktig bidrag til kompetanseløft i tenestene? Anne-Grethe Halding, instituttleiar/førstemanuensis Helsefag, phd HVL, Campus Førde Unn Hege
Høringsuttalelse Høring - Forslag til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning - KD Kunnskapsdepartementet
Lakkegata 3 / 0187 Oslo T: 22 04 49 70 F: 22 04 49 89 E: nso@student.no W: www.student.no Høringsuttalelse Høring - Forslag til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning - KD Kunnskapsdepartementet
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin
- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling
Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
Utdanningsdagane. Rektor Jørgen Amdam HVO
Utdanningsdagane Rektor Jørgen Amdam HVO Befolkning Framtid M&R MR UH: 21,1 % Landet: 25,9 % Volda: 31,5 % Molde: 30,2 % Ålesund: 26,9 % ARBEIDSDELING I M&R: Molde: Sjukepleie, logistikk, økonomi, samfunnsfag..
Austevoll kommune MØTEINNKALLING
Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg
STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011
STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND 2010-2011 INNHALD Strategiplan for Høgskolen i Ålesund 2010 2011 3: Innleiing 4: Visjon 5: Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon 6: Verdiane 7: Dei overordna måla 8-12:
Studieplan 2008/2009
Studieplan 2008/2009 Studiepoeng: Studiets varighet, omfang og nivå Undervisninga går over 12 veker i høstsemesteret, og tolv veker i vårsemesteret.studiet gir 30 studiepoeng Forkunnskapar Studiet krev
RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA
RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON
Psykososialt. arbeid med barn og unge. Nytt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane
Psykososialt arbeid med barn og unge Nytt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane Relevante vidareutdanningar ved HiSF Barnefagleg rettleiing Rusproblematikk og rusarbeid Spesialpedagogikk Helsepsykologi Psykisk
Side 1 av 1 Fylkesrådmannen postmottak@kd.dep.no. Sakshandsamar: Ina Therese Sørfonden E-post: Ina.Sorfonden@sfj.no Tlf.: 41530709 Vår ref. Sak nr.: 15/5202-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt
ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat
ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat Møre og Romsdal fylkeskommune Att. Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Fylkeshuset 6404 MOLDE Saksnr Løpenr Dato 2014/409 9233/2014 26.09.2014 MELDING OM VEDTAK UTVIKLINGSPLANAR
Rektorforum 15. april
Til Skolen v/ rektor IKF-Rundskriv 06-2008 Oslo, 18. februar 2008 Rektorforum 15. april Viser til særmøte under rektorsamlinga i Tromsø i januar. Der vart det bedt om at IKF arrangerer eit rektorforum
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no
Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)
rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner
Læring og undervisning. Mastergradsstudium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Oktober 2012
Læring og undervisning Mastergradsstudium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Oktober 2012 Institusjon: Studietilbod: Grad/Studiepoeng: Høgskulen i Sogn og Fjordane Læring og undervisning Mastergradsstudium,
"Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015
"Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015 Bakgrunn Mykje IT-relatert aktivitet innan offentlig sektor Raskt
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Drift 17.10.2012 057/12 KSN Sakshandsamar: Kjetil Solvi Nordstrøm Arkiv: N-031.1, N- 374 Arkivsaknr: 2012001213 ETABLERING AV KOORDINERANDE
REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET
REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET INNLEIING Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva. Reglane er fastsette av fakultetet og gir rammene
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi
SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID
SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom
BARNEHAGETILBODET 2015/2016
Kvinnherad kommune Vår ref: 2014/996 Dato: 1.07.2015 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET 2015/2016 RETNINGSLINJER OG INFORMASJON Retningslinjer og informasjon OM FALDAREN Faldaren vert sendt til alle
Møteprotokoll for Høgskulestyret
Møteprotokoll for Høgskulestyret Møtestad: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde Dato: 18.06.13 Tidspunkt: 15:00-17:45 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav
ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE
ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium Introduction to Spanish and Latin American Studies Studiepoeng 10 Undervisningssemester
Emnekode SPLA100 Emnenamn Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium Engelsk emnenamn Introduction to Spanish and Latin American Studies Studiepoeng 10 Undervisningssemester Haust Undervisningsspråk
Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026. 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012. Saksframlegg
Vedlegg 1 Saksframstilling Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: 026 Saksnr.: Utval Møtedato 10/12 Sogn regionråd 20.04.2012 Saksframlegg Sakshandsamar: Karina Nerland Arkiv: 026 Arkivsaksnr.:
Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag
Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet
STRATEGISK PLAN
STRATEGISK PLAN 2006-2010 Versjon 30.05.06 Innleiing Den strategiske planen til Høgskulen i Volda (HVO) inneheld mål og strategiar knytte til hovudoppgåvene til høgskulen: utdanning forskings- og utviklingsarbeid
OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11
OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11 Mål for kvalitetssystemet Kvalitetsprosessar... 2 Studentmedverknad... 2 Forankring i overordna planar... 3 Kvalitetshandboka... 3 Roller og ansvar i
Psykisk helsearbeid - deltid
NO EN Psykisk helsearbeid - deltid Har du lyst til å gjøre en forskjell i arbeidet mot psykiske plager og lidelser? Masterutdanning i psykisk helsearbeid gir deg spesialkompetanse på hvordan du kan hjelpe
Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid
Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse
1. Mål med samhandlingsreforma
1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til
HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA
HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING 2006-2008 HØGSKULEN I VOLDA Vedtatt i Styret for Høgskulen i Volda 27.10.06 sak 47/2006 INNLEIING Internasjonalisering er eit sentralt element i norsk utdanningspolitikk.
Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: 21.06.2013 Tid: kl 0930-1230
Sogn regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: 21.06.2013 Tid: kl 0930-1230 A. Desse møtte Faste medlemmar Noralv
Handlingsplan for Forskings- og Utviklingsarbeid ved Avdeling for samfunnsfag
Handlingsplan for Forskings- og Utviklingsarbeid ved Avdeling for samfunnsfag 2014-2017 Dekanvedtak, 24. februar 2014 1 Visjon Avdeling for samfunnsfag skal utføra forsking og fagleg utviklingsarbeid av
Helsevitenskap - Masterstudium
Studieprogram M-HELVIT, BOKMÅL, 2012 HØST, versjon 08.aug.2013 11:16:51 Helsevitenskap - Masterstudium Vekting: 120 studiepoeng Studienivå: Mastergrad iht 3, 2 år Tilbys av: Det samfunnsvitenskapelige
Strategiplan for FoU
FoU Strategiplan for FoU 2008-2011 Vedteken av styret for HVO 24. april 2008 FoU ved HVO mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak 1 INNLEIING Arbeidet med strategiplan for FoU for perioden
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1
OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I
Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013
Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 til prosjektgruppene dagsett 20.mars Delprosjekt 1 Administrativ organisering Administrative arbeidsprosessar 1. Delprosjektet skal ta utgangspunkt i den administrative
Leiing og personalutvikling
Leiing og personalutvikling INFORMASJON OM OPPTAK, EKSAMEN OG RETTLEING 2013-14 Ta eksamen og oppgrader kurset til eit verdifullt høgskulestudium. Dette er kompetanse som i aukande grad vert etterspurt!