Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet



Like dokumenter
Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Bokmål. Norsk for barnetrinnet

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jon Fosse. For seint. Libretto

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Ny eksamensordning. Del 1: 3 timar (utan hjelpemiddel) / 3 timer (uten hjelpemidler)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brannsår, rus eller friheit?

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

/

DEI HISTORISKE BØKER Av Kristian og Peter Alf

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING


M/S NYBAKK SI HISTORIE

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Forslag frå fylkesrådmannen

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til deg som bur i fosterheim år

«Ny Giv» med gjetarhund

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Brødsbrytelsen - Nattverden

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1


Med god informasjon i bagasjen


Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

I N N H O L D. Forord

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Registrering av potensielle organdonores Rapport frå Norsk Intensivregister (NIR)

Vi lærer om respekt og likestilling

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kom skal vi klippe sauen

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Med tre spesialitetar i kofferten

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

spøkjelse I HUS MED EIT >>>

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Brukarrettleiing. epolitiker

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Transkript:

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet

slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen Vercingetorix. Han greidde å øydeleggje forsyningslinjene til romarane. Det vil seie at han hindra romarane i å få mat og nye våpen fram til soldatane. Han drap også mange romerske kjøp menn som var på handelsreise i Gallia. Då Cæsar tok opp kampen mot han, trekte Vercingetorix seg tilbake til ei festning som heitte Alesia. Der hadde han ein hær på 80 000 soldatar. Det var også mange menneske der som ikkje var soldatar. Cæsar kringsette festninga. Etter ei stund tok maten slutt i Alesia, men også hæren til Cæsar mangla mat. 18

Gallarane bestemte seg for å sende alle som ikkje var soldatar, ut av festninga. Det var gamle menneske, kvinner og born. Dei rekna med at romarane ville la dei sleppe forbi. Slik gjekk det ikkje. Dei blei sperra inne mellom borga og dei romerske styrkane. Der svalt dei i hel. Gallarane i Alesia greidde å få sendt ei naudmelding til andre folkegrupper i nærleiken. Ein hær på 250 000 soldatar kom for å hjelpe dei. Romarane hadde berre 70 000 soldatar. Det enda med eit stort og blodig slag. Tusenvis blei drepne på begge sider, men styrkane til Cæsar gjekk sigrande ut av kampen. Vercingetorix blei teken til fange og send til Roma i lekkjer. Etter slaget ved Alesia var så godt som heile Frankrike blitt ein del av den romerske provinsen Gallia. Trygge leirar Dei romerske legionane overnatta i leirar med vollgraver, vollar og høge gjerde omkring. Dersom leiren var i bruk lenge, blei han bygd om til ei festning med hus og gater bak gjerda. Ved dei romerske leirane kunne det vekse opp nye byar, der folk dreiv handel med romarane. Byar som Köln og Wien blei til på den måten. Forfattaren Cæsar Cæsar skreiv ei bok som han kalla Gallarkrigen. Der fortel han om si eiga krigføring i Gallia. 19

terningen er kasta Medan Cæsar var oppteken med å krige i Gallia, døydde Julia, dottera hans. Ho skulle ha barn med Pompeius, men noko gjekk gale, og ho døydde under fødselen. Både Cæsar og Pompeius var frykteleg lei seg. Like etter blei Crassus drepen i ein krig langt aust i Romarriket. Dermed var det slutt på triumviratet. Det var urolege tider. Pompeius var i Roma og ønskte å ta makta åleine. Han ordna det slik at Senatet valde han som eineherskar for eitt år, i staden for å velje to konsular. Men Pompeius var redd for at Cæsar ville konkurrere med han om makta. Han fekk derfor Senatet til å bestemme at Cæsar ikkje lenger skulle vere hærførar i Gallia. 20

Då Cæsar fekk vite det, var han i Nord Italia med ein del av hæren. Grensa mellom provinsen Gallia og resten av den italienske halvøya gjekk ved ei lita elv som heiter Rubicon. Det var forbode for Cæsar å føre hæren over Rubicon og vidare sørover. Dersom han gjorde det, var det det same som at han gjekk til krig mot Pompeius, det vil seie at det blei borgarkrig i Romarriket. Dersom Cæsar forlét hæren og drog vidare åleine, innebar det at han ikkje lenger hadde kommandoen over hæren. Kva skulle han gjere? Cæsar tenkte seg ikkje lenge om. 11. januar 49 f.kr. førte han hæren fram til elva. Så sa han: Alea jacta est! Det tyder Terningen er kasta! Då han hadde sagt det, kryssa han Rubicon med hæren. Borgarkrigen var i gang. Romerske terningar Romarane likte å spele brettspel. Soldatane spelte ofte terningspel når dei var i militærleirane. Dei brukte terningar der sidene var merkte med frå éin til seks prikkar, nett som våre terningar. Biletet viser fem romerske terningar. Dei er i British Museum i London. På nummer 4 og 5 er tala ordna slik at summen av to motståande sider alltid er sju. Slik er det på dei terningane vi bruker no for tida. På terning nummer 1, 2 og 3 er tala plasserte på andre måtar. 21

Cæsar blir diktator Cæsar førte hæren sørover langs austkysten av Italia. Då han nærma seg Roma, kom det mange menn og melde seg til teneste for han. Pompeius skjøna at han ikkje kunne greie å forsvare Roma. Han trekte seg tilbake til Sør Italia. Cæsar sette etter han med store hærstyrkar. Då flykta Pompeius sjøvegen til Hellas. Cæsar sette ikkje etter Pompeius med ein gong, men drog i staden til Roma. Det hadde gått ni år sidan sist han var i byen. Han kalla saman medlemmene av Senatet og bad dei om pengar til krigen mot Pompeius. Men det ville ikkje Senatet gi han. Då braut Cæsar seg inn i det statlege skattkammeret og tok dei pengane han trong. I Spania var det mange legionar som Pompeius hadde hatt kommandoen over. Derfor drog Cæsar først til Spania og sikra seg kontroll over den delen av hæren. Då han kom tilbake til Roma, våga ikkje Senatet anna enn å tilby Cæsar å bli diktator eineherskar i Romarriket. Cæsar takka ja til tilbodet. Så sette han kursen mot Hellas med mange skip. 22

Kampen mot Pompeius Det avgjerande slaget mellom Cæsar og Pompeius stod ved Farsalos i Hellas. Natta før slaget var Cæsar oppteken med å ofre til gudane. Han var jo hovudpresten til romarane. Han lova å byggje eit tempel for gudinna Venus i Roma dersom han sigra. Det blei eit blodig slag, som enda med at Pompeius flykta. Han sette kursen mot Egypt. 6000 av soldatane hans var blitt drepne, og 24 000 overgav seg til Cæsar. 23