Arkivsak-dok. 15/14289-2 Sakshandsamar Magne Reiersen Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 18.11.2015 Høyring - framlegg til val av administrasjonsstad for politidistrikt Sør-Øst. Forslag frå fylkesrådmannen: 1 Telemark fylkeskommune er ikkje samd i vurderingar og konklusjonar i høyringsnotat og meiner at svært mye taler til fordel for lokalisering i Skien. 2 Retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon burde bli tillagt vesentleg større vekt, særleg fordi det er lite forskjell mellom dei alternative lokaliseringane for dei andre kriteriene sin del. Grenland har gjennom mange år kome dårleg ut når det gjeld lokalisering av statlege arbeidsplassar, og større vekting av dei nemnde kriteriene ville slått ut til Grenland sin fordel. 3 Kriteriet «Rekrutteringsgrunnlag» er lite egna slik det nå blir bruka, m.a. fordi det automatisk vil favorisere nærleik til Oslo, Asker og Bærum 4 Kriteriet «Egnethet for samlokalisering» er snevert. Kostnadene ved nybygg, ombygging eller tilpassing er små i ein større samfunnsøkonomisk kost/nytte vurdering, og det synes ikkje som det er tatt omsyn til moglege inntekter ved anlegg og lokale som eventuelt kan bli frigitt/seld. 5 Ved spreiing av administrasjonsstader burde det vore naturleg at desse har ein viss avstand seg imellom. Bakgrunn for saka: Stortinget vedtok i juni 2015 at det skal gjennomførast ein politireform. Som del av første fase i reforma skal det etablerast 12 nye politidistrikt. Buskerud, Vestfold og Telemark inngår frå 1. januar 2016 i politidistrikt Sør-Øst. Politidirektoratet har førebels konkludert med at Drammen bør vere administrasjonsstad for dette distriktet. Framlegget til lokalisering av administrasjonsstad er sendt på høyring. 1
2 Saksopplysningar: Politidirektoratet sin førebels konklusjon peikar ut Drammen, Oslo, Sarpsborg og Hamar som administrasjonsstader for Sør-Øst, Oslo, Øst og Innlandet. Direktoratet definerer «administrasjonsstad» som den staden der politimeistaren med stab har sitt sete. Andre felleseiningar og fagmiljø kan lokaliserast andre stader i politidistrikta. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt direktoratet følgjande premissar for val av administrasjonsstader: a) Operasjonssentralen skal lokaliserast til administrasjonsstaden. b) Lokaliseringa skal leggje til rette for god samhandling mellom politimeister, stab og operasjonssentral. c) Operasjonssentralen skal lokaliserast saman med brann- og redningsvesenet sin naudmeldingssentral og skal leggje til rette for lokalisering saman med helsevesenet sine AMKsentralar. d) Naudmeldingssentralane skal lokaliserast vegg-i-vegg i same etasje. Det er berre administrasjonsstadene for dagens politidistrikt som er vurdert aktuelle som administrasjonsstader for nye distrikt, med tilvising til dei tids- og kostnadsrammer som er gitt for politireforma. I arbeidet med å peike ut administrasjonsstader har direktoratet lagt til grunn eit sett av operasjonaliserte kriterier, der kvart kriterium er tillagt ei relativ vekt: Kriterium Vekt Rekrutteringsgrunnlag 20% Gjennomføringskostnader for etablering av operativ leiing for ny 15% administrasjonsstad Kostnadseffektiv praktisk plassering 25% Vurdert egnethet ved nye operasjonssentralar 10% Vurdert egnethet for lokalisering saman med politi, brann og helse 10% Infrastruktur, nærleik til andre type fagmiljø, offentlege styresmakter mv. 10% Omsyn til føremålet til lokaliseringspolitikken 10% Alternativa til administrasjonsstad i politidistrikt Sør-Øst er Skien, Tønsberg, Drammen og Hønefoss. I høyringsnotat er Politidirektoratet sin førebels konklusjon at administrasjonsstad i dette distriktet blir Drammen basert på følgjande vurdering : Kommunikasjonsmessig plassering Drammen og Tønsberg vurderast relativt likt med tanke på kostnadseffektiv og praktisk plassering, både når det gjeld forholdet mellom dagens tenestestader og alternative administrasjonsstader, men også forholdet mellom befolkningsmessig tyngdepunkt og administrasjonsstad. Drammen har noe kortare reiseveg til gjennomsnittet av befolkninga, mens Tønsberg ligg meir sentralt med tanke på dei største tenestestadene, og dei mest folkerike
3 områda langs kysten. Skien og Hønefoss vurderast svakare enn Drammen og Tønsberg på dette kriteriet. Gjennomsnittleg kjøretid frå Drammen og Tønsberg til publikum (tyngdepunkt i grunnkrets) er rekna til å vere i overkant av 1 time, mens tilsvarande kjøretider frå Skien og Hønefoss er rekna til i underkant av 1 ½ time og ca. 1 ¾ time. Talet på innbyggjarar i Sør-Øst politidistrikt som bur innafor ein times kjøreavstand er omlag 380 000 for Tønsberg, omlag 365 000 for Drammen, omlag 195 000 for Skien og omlag 100 000 for Hønefoss. Gjennomføringskostnader Tønsberg vurderast å vere det alternativet som krev lågast gjennomføringskostnader med tanke på etablering av ønska kapasitet ved operasjonssentralane. For ombygging og utviding av talet på operatørplassar synes Skien og vere det mest rimelege alternativet, om lag 0,7 mill. kroner lågare enn Tønsberg og 2,9 mill. kroner lågare enn Drammen. Skien som alternativ vurderast relativt kostbart med tanke på personellrelaterte omstillingskostnader. Her synes Tønsberg å komme best ut, 0,8 mill. kroner lågare enn Drammen, 3,1 mill. kroner lågare enn Skien og 9,8 mill. kroner lågare enn Hønefoss. Tønsberg ligg forholdsvis sentralt i distriktet. Ved val av Tønsberg leggjast til grunn at eit mindretall av dei tilsette ved operasjonssentralen i Hønefoss, halvparten av dei tilsette ved Skien og alle tilsette ved Drammen kommer til å dagpendle til ny tenestestad. Andre tilsette flyttar eller ukependlar. Ved val av Drammen er det forventa at alle tilsette ved operasjonssentralane i Tønsberg og Hønefoss dagpendlar, mens dei tilsette frå Skien må flytte eller ukependle. Dersom Skien blir valt, er det forventa ein god del dagpendlarar frå Tønsberg, mens andre vil flytte eller ukependle. Dersom Hønefoss blir valt, er det forventa at alle frå Skien og eit fleirtall frå Tønsberg må flytte eller ukependle, mens alle frå Drammen og eit mindretall frå Tønsberg vil dagpendle. Med tanke på kor mange tilsette ved operasjonssentralane som blir omfatta ved de ulike alternativa, vil Skien som administrasjonssted få følgjer for færrest, framfor Drammen og Tønsberg, mens Hønefoss som alternativ vil få følgjer for klart flest. I sum vurderast gjennomføringskostnadene i Tønsberg å ligge om lag 3 mill. kroner lågare enn Drammen og 3,2 mill. kroner lågare enn Skien. Hønefoss utgjør det mest kostbare alternativet og det er ikkje klart korleis politihuset kan tilpassast for formålet. Politihusa/operasjonssentralane sin egnethet Drammen vurderast å vere mest hensiktsmessig når det gjeld summen av potensial for å ivareta omsynet til sikkerhet ved administrasjonsstaden, utsiktene for å gjennomføre ombygging og utviding utan å forstyrre den daglege operative drifta og omsynet til framtidige helse- og miljørelaterte forhold ved operasjonssentralen. Tønsberg vil også være godt egna, men vurderast som svakare enn Drammen. Skien vurderast som tilfredsstillande, mens Hønefoss vurderast som ikkje egna. Konkrete detaljer som er vurdert i denne faktoren er underlagt teieplikt, jfr. politilova 24. Egnethet for samlokalisering Politihuset i Drammen er vurdert å ha best føresetnader for samlokalisering, og synes førebels å vere det einaste i landet som ligg til rette for å kunne samlokalisere naudmeldingssentralane for politi, brann og helse i same etasje. Tiltaket krev likevel ei relokalisering av politiet sin operasjonssentral til annan plassering i noverande etasje. Tønsberg og Skien vurderast relativt likt når det gjeld potensialet for samlokalisering med brann- og redningsvesenet sine
4 naudmeldingssentralar, og vil begge ha potensial for samlokalisering i same etasje. For Hønefoss sin del er det vurdert at det ikkje er realistisk med samlokalisering. Det synest ikkje som realistisk med ein samlokalisering med helsevesenets AMK-sentralar i same etasje som politiet i dagens bygg i verken Tønsberg, Skien eller Hønefoss. Rekrutteringsgrunnlag Drammen og Tønsberg har eit svært bredt rekrutteringsgrunnlag med tanke på å kunne dekke Administrasjonsstaden sine bemanningsbehov, med særleg vekt på en tilfredsstillande bemanning på operasjonssentralen. Tønsberg har best rekrutteringsgrunnlag innafor Sør-Øst politidistrikt, tett følgt av Drammen. Skien og deretter Hønefoss ligg eit godt stykke bak med tanke på polititilsette i nærområdet innafor eige distrikt. Drammen og Hønefoss har likevel gode utsikter for også å kunne trekke på polititilsette i Oslo som rekrutteringsbase. Sjølv om Drammen og Tønsberg vurderast som best egna, synes alle alternativa å ha gode føresetnader for rekruttering, og kriteriet gir lite utslag på totalvurderinga. Infrastruktur og nærleik til samvirkeaktørar Drammen, Tønsberg og Skien vurderast som meir hensiktsmessig enn Hønefoss ut frå omsynet til nærleik til samarbeidsaktørar i forbindelse med beredskap og handtering av større kriser og hendingar. Fylkesmann og fylkesberedskapssjef er lokaliserte både i Drammen, Tønsberg og Skien, 110-sentral i Drammen og Skien, AMK-sentral i Tønsberg og Drammen. For Hønefoss sin del er de fleste beredskapsaktørane lokaliserte i Drammen. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap er også lokalisert i Tønsberg, og det er nærleik til andre nasjonale sikkerhetsmiljø. Drammen, Tønsberg og Skien vurderast å ha relativt like føresetnader ut frå eksisterande infrastruktur for effektiv reiseverksemd i tenesta, mens Hønefoss vurderast noko lågare enn dei tre andre alternativa til administrasjonsstad på denne faktoren. Lokaliseringspolitikk Val av Skien har større potensial for å bidra til det lokale tilbodet av arbeidsplassar i regionen enn Tønsberg, Drammen og Hønefoss ut frå ei vurdering av andel sysselsette i statleg tenesteproduksjon i regionen, sett opp mot folkevekst og andel sysselsette av den vaksne befolkninga. Grenlandsregionen har ei lågare folkevekst enn områda rundt Tønsberg, Drammen og Hønefoss i perioden 2004-2014 (Skien 4,2%, Hønefoss 7,5%, Tønsberg 10,6% og Drammen 13,3%). I Skien er også ein noko lågare del av den vaksne befolkninga i regionen sysselsatt. Tønsberg har ein høgare del sysselsett i statleg tenesteproduksjon enn dei andre alternativa, og Drammen den lågaste andelen sysselsett i statleg tenesteproduksjon (Tønsberg 12,7%, Skien 9,5%, Hønefoss 9,3% og Drammen 8,6% i 2013). Oppsummering Oppsummert er Drammen vurdert å vere best egna som administrasjonsstad i nye Sør-Øst politidistrikt. Det er omsynet til lokala sin egnethet og særleg utsikter for samlokalisering som avgjør til fordel for Drammen. Lågast gjennomføringskostnader gir Tønsberg et fortrinn framfor dei andre alternativa, men ikkje nok til å påverke konklusjonen. Drammen og Tønsberg vurderast relativt likt innafor dei andre kriteriene. Skien og Hønefoss kommer betre ut enn Drammen og Tønsberg i vurderinga av omsynet til lokaliseringspolitikken.
5 Vurdering frå fylkesrådmannen: Fylkesordføraren og dei seks ordførarane i Grenlandssamarbeidet sendte 31.08.15 brev til Politidirektoratet der det blei argumentert for at Grenland burde bli valt som lokalisering av ny administrasjonsstad for politidistrikt Sør-Øst. På grunnlag av høyringsnotat har kommunane i Grenland utarbeidd felles fråsegn der dei går inn for at Skien blir valt som administrasjonsstad for politidistrikt Sør-Øst. Som ei naturleg oppfølging av tidlegare felles argumentasjon for Grenland, rår fylkesrådmannen fylkesutvalet til å slutte seg til fråsegna til Grenlandskommunane. Grunngjevinga for fråsegna er slik : 1. Retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon Det er uforståeleg at dette kriteriet berre er tillagt 10% vekt. Ettersom dei andre kriteriene gir små utslag ville ei større vektlegging av desse retningslinene gitt store utslag i favør Grenland. Det har vore ei skeiv fordeling av auken i statlege arbeidsplassar mellom fylka Buskerud (+436), Vestfold (+450) og Telemark (-11) i perioden 2006-2010. Telemark har kome desidert dårlegast ut. Fire av ti nye tilsettingar i statleg verksemd skjer i Oslo. Av nesten 3000 statlege arbeidsplassar som blei oppretta i 2014, blei 1300 lagt til Oslo. Telemark har i perioden 2002-2014 hatt minst auke i statlege arbeidsplassar av alle fylka, både i totaltall og prosent. Det har blitt 50 323 fleire statlege arbeidsplassar mellom 2002 og 2014. Telemark fikk 183. Talet på statlege arbeidsplassar har auka med 21 prosent sidan 2002. I Telemark har auken vore 2,7 prosent. 2. Kriteriet Rekrutteringsgrunnlag Slik dette kriteriet nå er innretta, vil det automatisk favorisere nærleik til Oslo, Bærum og Asker. I høyringsnotatet står det følgjande: «For å vurdere alternativa sine føresetnader er det tatt utgangspunkt i det rekrutteringsgrunnlaget som i dag er rundt dei alternative hovudsetene, basert på polititilsette som bur i kommunar som ligg heilt eller delvis innafor ein times reiseveg frå dei alternative administrasjonsstadene. Det er både sett på polititilsette innafor det nye distriktet og potensial for å rekruttere polititilsette i nærliggjande nabodistrikt.» Det går ikkje fram av notatet kor stor vekt som er lagt på tilsette innafor politidistriktet og kor stor vekt som er lagt på «nærliggjande nabodistrikt». Både Asker, Bærum og ikkje minst Oslo antas å liggje innafor ein times reiseveg frå Drammen som tilrådd administrasjonsstad. 3. Kriteriet «Egnethet for samlokalisering» Kriteriene som er lagt til grunn synes å vere svært snevre sett i relasjon til den store samfunnsøkonomiske verknaden som ein lokalisering av operasjonssentralar mm vil ha. I eit eigedomsforvaltningsperspektiv, bør ein også ta omsyn til dei gevinstar ein kan oppnå gjennom frigiving og eventuelt sal av lokale/anlegg som kan frigjørast som resultat av samanslåingane.
6 4. Spreiing av administrasjonsstader Det er uforståeleg at ein ikkje har lagt inn eit kriterium som går på spreiing av plasseringa av administrasjonsstadene i forhold til kvarandre. Ei god geografisk fordeling av administrasjonsstader er viktig for å rekruttere til politiet frå heile landet sidan karriereløp ofte inneber tid ved hovudsetet. Ei geografisk fordeling av hovudseter er også viktig for at alle delar av landet skal føle reell nærleik til politiet si leiing. Det er mye verdifull kompetanse ein kan miste til dømes knytt til redning, industriberedskap og anna ved å plassere alle hovudsetene i vår del av landet, i Oslo og nærliggjande kommunar. Ei naturleg plassering av administrasjonsstaden for Politidistrikt Sør-Øst burde vore ein stad midtvegs mellom Kristiansand og Oslo. Kjørelengda mellom Oslo-Drammen er omlag 40 km og kjørelengda Drammen-Kristiansand er omlag 280 km. For Skien er tilsvarande kjørelengde omlag 130 og 180 km. Ei plassering i Grenland vil dermed, i motsetnad til tilrådd fordeling, sørge for at alle delar av sør-øst Norge har relativt kort veg til hovudsetene. 5. Anna Vi stiller også spørsmål ved den utrekningsmodellen som er brukt ved utrekning av «kjørelengde frå dei einskilde alternativa til gjennomsnittet av innbyggjarane i distriktet, basert på grunnkretsar og busettingsmønstre» under punktet «Kostnadseffektiv praktisk plassering» og om denne modellen kan være riktig når den konkluderer med at Drammen er betre enn til dømes Grenland. 6. Konklusjon Når det er så marginale forskjellar på dei fleste kriteriene som ligg til grunn for val av administrasjonsstad, burde Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon bli tillagt vesentleg større vekt. Vi meiner det manglar ei vurdering av plassering av hovudsetene i forhold til kvarandre. Vi meiner at Skien peikar seg ut som naturleg administrasjonsstad for Politidistrikt Sør-Øst. Vedlegg: Ingen Utrykt vedlegg : Høringsnotat administrasjonssteder i nye politidistrikt.