«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/1146-27 Julie Nilsen julie.nilsen@bykle.kommune.no 22.03.2018 Melding om vedtak Endring av reguleringsplan for Rv9 Bjørnarå-Optestøyl Planutvalet gjorde 21.03.2018 føljande vedtak: Endring av reguleringsplan Rv-9, Bjørnarå-Optestøyl planid 0941_201511 med plankart revidert 27.02.2018 og føresegn revidert 01.03.2018 godkjennast med heimel i plan- og bygningslovas 12-12 og 12-14. Vedlagt ligg plankart, føresegn og oppsummering av merknadar med kommentarar. Andre dokument i saka ligg på kommunens heimesider. Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Med helsing Bykle kommune Julie Nilsen rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. 1 Reviderte plankart, dat. 27.02.2018 2 Rv9_Bjørnarå_Optestøyl_Forslag reguleringsføresegner 3 Kommenterte merknader mindre endringer reguleringsplan side 1 av 5
side 2 av 5
Saksmappe: 2017/1146 Sakshandsamar: JNI Dato: 12.03.2018 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato Endring av reguleringsplan for Rv9 Bjørnarå-Optestøyl planid 0941_201511 Saksprotokoll i - Saka vart drøfta og samrøystes vedteke. Endring av reguleringsplan Rv-9, Bjørnarå-Optestøyl planid 0941_201511 med plankart revidert 27.02.2018 og føresegn revidert 01.03.2018 godkjennast med heimel i plan- og bygningslovas 12-12 og 12-14. Rådmannen si tilråding: Endring av reguleringsplan Rv-9, Bjørnarå-Optestøyl planid 0941_201511 med plankart revidert 27.02.2018 og føresegn revidert 01.03.2018 godkjennast med heimel i plan- og bygningslovas 12-12 og 12-14. SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka Reguleringsplan for Rv-9, Bjørnarå Optestøyl blei vedteken av kommunestyret i Bykle 17.11.2016. Då Statens Vegvesen byrja arbeidet med byggeplanar, grunnundersøkingar og erverving av grunn til veganlegget har det i prosessen oppstått behov for å gjere mindre endringar av den vedtekne reguleringsplanen. Komplett søknad om endring av reguleringsplanen blei sendt inn til kommunen 27.02.2018. Kommunen sendte søknaden ut til aktuelle partar 02.03.2018 med høyringsfrist 16.03.2018. Merknadar til forslaget om endring av reguleringsplan vil ettersendast når frist for merknadar går ut 16.03.2018. side 3 av 5
Det leggjast til grunn at endringa kan handsamast som ei mindre endring i samsvar med plan- og bygningslova 12-14, 2 og 3 ledd. Formelt grunnlag Plan- og bygningslova 12-12.Vedtak av reguleringsplan Når forslag til reguleringsplan er ferdigbehandlet, legges det fram for kommunestyret til vedtak, eventuelt i alternativer. Av saksframlegget skal det framgå hvordan innkomne uttalelser til planforslaget og konsekvensene av planen har vært vurdert, og hvilken betydning disse er tillagt. Kommunestyret må treffe vedtak senest tolv uker etter at planforslaget er ferdigbehandlet. Er kommunestyret ikke enig i forslaget, kan det sende saken tilbake til ny behandling. Det kan gis retningslinjer for det videre arbeid med planen. Kommunestyret kan delegere myndighet til å vedta mindre reguleringsplaner i samsvar med kommunelovens regler når planen er i samsvar med rammer i kommuneplanens arealdel, og det er mindre enn fire år siden den ble vedtatt av kommunestyret. Kommunestyrets endelige vedtak om reguleringsplan kan påklages, jf. 1-9. Når planen er vedtatt, skal registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mulig andre rettighetshavere i planområdet og naboer til planområdet, når de blir direkte berørt underrettes særskilt ved brev. Underretningen skal inneholde opplysninger om klageadgangen og frist for klage. Planen med planbeskrivelse skal kunngjøres i minst én avis som er alminnelig lest på stedet og gjøres tilgjengelig gjennom elektroniske medier. 12-14.Endring og oppheving av reguleringsplan For utfylling, endring og oppheving av reguleringsplan gjelder samme bestemmelser som for utarbeiding av ny plan. Kommunestyret kan delegere myndigheten til å treffe vedtak om endringer i reguleringsplan når endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder. Før det treffes slikt vedtak, skal saken forelegges berørte myndigheter, og eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket, og andre berørte, skal gis anledning til å uttale seg. Jf. for øvrig 1-9. Kommunestyret kan delegere myndigheten til å treffe vedtak om å oppheve plan som i det vesentlige er i strid med overordnet plan. Før det treffes slikt vedtak, skal eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket, gis anledning til å uttale seg. Jf. for øvrig 1-9. Vurderingar og konsekvensar Det er dei same reglane som gjeld for endring og oppheving av reguleringsplan som for utarbeiding av ny plan. Dette er grunngjeve med at eit planvedtak som bygger på ein grundig faglig utreiing, offentlig medverknad og politisk prosess, må være forpliktande, og ikkje skal kunne fråvikas i hovudtrekka utan etter ny og tilsvarande prosess. Samtidig kan mindre endringar som ikkje påverkar dei viktigaste hovudtrekka takast gjennom ein enklare prosess. Kommunestyret kan delegere myndigheita til å treffe vedtak om endringar i reguleringsplan når endringane i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen, ikkje går utover hovudrammene i planen, og heller ikkje påverkar omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Reguleringsplan for Rv-9, Bjørnarå-Optestøyl blei vedtatt i 26.11.2016. Målet med planen var «å øke trafikksikkerheten og fremkommeligheten på rv. 9 mellom Bjørnarå og Optestøyl i Bykle kommune ved å utvide vegbredden til 7,5 m med gul midtstripe»(frå planskildringa). I arbeidet med å prosjektere og sikre areal til vegen har Statens Vegvesen opplevd at planen ikkje er presis nok. Dei ønsker difor å endre planen på 28 område, jf matrise. Endringane går i hovudsak på flytting av regulerte avkøyringar, etablering av nye driftsavkøyringar og lastelommer, samt mindre justeringar av arealformål. Alle endringane skal gjerast innanfor planområdet. Kommunens vurdering er at endringane i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen. Mange av desse endringane er viktige for å sikre at planen kan gjennomførast. Alle endringane er innanfor planavgrensinga og dei fleste endringane er mindre formålsendringar frå køyreveg til anna veggrunn. side 4 av 5
Ei av endringane endrar LNFR til annan veggrunn-tekniske anlegg. Det er eit lite område som får endra formål, grøntområdet ligg nær riksvegen og har lite kvalitet som natur- og friluftsområde. Kommunen meiner difor at desse endringane kan handsamast i tråd med plan- og bygningslova 12-14. For detaljert oversikt over endringane visar kommunen til Statens Vegvesen sin gjennomgang av endringane som ligg som vedlegg til saka. Konsekvensar for folkehelse Lite konsekvensar for folkehelsa. Bykle, Rådmann Vedlegg: 1 Søknad om mindre endringar 2 Matrise for endringane 3 Vedteken plan, påført endringsnummer 4 Reviderte plankart, dat. 27.02.2018 5 Rv9_Bjørnarå_Optestøyl_Forslag reguleringsføresegner 6 Rv. 9 Bjørnarå - Optestøyl_Planbeskrivelse_revidert_08.03.18 Melding om vedtak blir sendt til: Partar i saka side 5 av 5
2 / 8 1 18/4 18/1 18/10 18/2 18/5 18/1 18/9 18/2/1 TEIKNFORKLARING Arealformål reguleringsplan (PBL 12-5) 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Juridiske flater, linjer og punkter Føresegnområder Hensynssoner (PBL 12-6) a.3) Faresoner 18 /1 Linjesymbol 5. Landbruks-, natur og friluftsområder samt reindrift Punktsymbol Basiskart REVISJON Mindre justering av skråninger på hovedlinje og avkjørsler DATO 2018-02-27 SAKSNR. SIGNATUR SA Sakshandsamar Bykle kommune Detaljregulering for Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl PLANID Bykle : 201511 Reguleringsføresegner fylgjer med som vedlegg SAKSBEHANDLING I FYLGJE PLAN- OG BYGNINGSLOVEN Kunngjering av oppstart av planarbeidet Lagt ut etter PBL 3-7 Offentleg ettersyn 2. gongs handsaming i det faste utval for plansaker Kommunestyrets vedtak (Egengodkjenning) Kunngjering DATO 2015.09.21 2016.06.06 2016.06.06-2016.08.08 2016.11.14 2016.11.17 2016.11.21 Teikningsdato Målestokk: Basiskart dato: Eigedomsgrenser: Profnr.: Koord. system: SAKSNR. 15/212822 CGW PS 95/16 PS 167/16 Forslagsstiller Teikningsnummer Statens vegvesen Region sør 2016-06-03 1 : 1000 2016-02-16 2015-09-03 09R0009R_16 NTM, sone 7 SIGNATUR Statens vegvesen
26 /1 17/11 17/4 TEIKNFORKLARING 18/8 Arealformål reguleringsplan (PBL 12-5) 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Juridiske flater, linjer og punkter Føresegnområder Hensynssoner (PBL 12-6) a.3) Faresoner Linjesymbol 5. Landbruks-, natur og friluftsområder samt reindrift 18/2 Punktsymbol Basiskart REVISJON Mindre justering av skråninger på hovedlinje og avkjørsler DATO 2018-02-27 SAKSNR. SIGNATUR SA Sakshandsamar Bykle kommune Detaljregulering for Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl PLANID Bykle : 201511 Reguleringsføresegner fylgjer med som vedlegg SAKSBEHANDLING I FYLGJE PLAN- OG BYGNINGSLOVEN Kunngjering av oppstart av planarbeidet Lagt ut etter PBL 3-7 Offentleg ettersyn 2. gongs handsaming i det faste utval for plansaker Kommunestyrets vedtak (Egengodkjenning) Kunngjering DATO 2015.09.21 2016.06.06 2016.06.06-2016.08.08 2016.11.14 2016.11.17 2016.11.21 Teikningsdato Målestokk: Basiskart dato: Eigedomsgrenser: Profnr.: Koord. system: SAKSNR. 15/212822 CGW PS 95/16 PS 167/16 Forslagsstiller Teikningsnummer Statens vegvesen Region sør 2016-06-03 1 : 1000 2016-02-16 2015-09-03 09R0009R_16 NTM, sone 7 SIGNATUR Statens vegvesen
17/25 17/4 17/3 17/8 17/25 17/4 17/25 17/25 Arealformål reguleringsplan (PBL 12-5) 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur TEIKNFORKLARING Juridiske flater, linjer og punkter Føresegnområder Hensynssoner (PBL 12-6) a.3) Faresoner Linjesymbol 5. Landbruks-, natur og friluftsområder samt reindrift Punktsymbol Basiskart REVISJON Mindre justering av skråninger på hovedlinje og avkjørsler DATO SAKSNR. SIGNATUR 2018-02-27 SA Bykle kommune Sakshandsamar 17/4 Detaljregulering for Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl Teikningsdato Målestokk: Basiskart dato: Eigedomsgrenser: PLANID Bykle : 201511 Profnr.: Reguleringsføresegner fylgjer med som vedlegg Koord. system: NTM, sone 7 SAKSBEHANDLING I FYLGJE PLAN- OG BYGNINGSLOVEN DATO SAKSNR. SIGNATUR Kunngjering av oppstart av planarbeidet 2015.09.21 15/212822 CGW Lagt ut etter PBL 3-7 2016.06.06 Offentleg ettersyn 2016.06.06-2016.08.08 2. gongs handsaming i det faste utval for plansaker 2016.11.14 PS 95/16 Kommunestyrets vedtak (Egengodkjenning) 2016.11.17 PS 167/16 Kunngjering 2016.11.21 Forslagsstiller Teikningsnummer Statens vegvesen Region sør Statens vegvesen 2016-06-03 1 : 1000 2016-02-16 2015-09-03 09R0009R_16
17/21 17/22 17/8 17/19 17/2 600/9 17/19 17/19 17/1 17/2 Arealformål reguleringsplan (PBL 12-5) 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur TEIKNFORKLARING Juridiske flater, linjer og punkter Føresegnområder Hensynssoner (PBL 12-6) a.3) Faresoner 17/3 17/3 Linjesymbol 5. Landbruks-, natur og friluftsområder samt reindrift Punktsymbol Basiskart 17/5 17/23 17/22 17/5 17/23 17/5 REVISJON Mindre justering av skråninger på hovedlinje og avkjørsler Bykle kommune DATO SAKSNR. SIGNATUR 2018-02-27 SA Sakshandsamar 3 17/24 Detaljregulering for Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl Teikningsdato Målestokk: Basiskart dato: Eigedomsgrenser: PLANID Bykle : 201511 Profnr.: Reguleringsføresegner fylgjer med som vedlegg Koord. system: NTM, sone 7 SAKSBEHANDLING I FYLGJE PLAN- OG BYGNINGSLOVEN DATO SAKSNR. SIGNATUR Kunngjering av oppstart av planarbeidet 2015.09.21 15/212822 CGW Lagt ut etter PBL 3-7 2016.06.06 Offentleg ettersyn 2016.06.06-2016.08.08 2. gongs handsaming i det faste utval for plansaker 2016.11.14 PS 95/16 Kommunestyrets vedtak (Egengodkjenning) 2016.11.17 PS 167/16 Kunngjering 2016.11.21 Forslagsstiller Teikningsnummer Statens vegvesen Region sør Statens vegvesen 2016-06-03 1 : 1000 2016-02-16 2015-09-03 09R0009R_16
Reguleringsføresegner for detaljregulering Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl REGULERINGSFØRESEGNER Detaljregulering Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl Bykle kommune Planid: 0941_201511 Forslagstillar: Statens vegvesen Region Sør Dato: 03.06.2015 Kommunestyret sitt vedtak: 17.11.2016 Dato for siste revisjon av føresegn: 01.03.2018 Planutvalets vedtak om mindre endringar: Signatur ordførar: 1 Generelle føresegner (pbl 12-7) a) Mellombels anleggs- og riggområde (pbl 12-7 nr. 1) Områda med skravur for mellombels anleggs- og riggområde kan i anleggsperioden nyttast til verksemd som er nødvendig for anleggsdrifta. Mellombels anleggs- og riggområde tek slutt når veganlegget er ferdigstilt. b) Frisiktlinjer og frisiktsoner (PBL 12-7 nr. 2) Omfattar alle liner som gir fri sikt som ligg i reguleringsplanen. Primærvegens kjørebane, sett frå avkøyringa, skal vere synleg i heile sikttrekanten. Innanfor sikttrekanten skal eventuelle sikthindringar ikkje være høgare enn 0,5 m over køyrebanenivå for primærvegen. c) Miljøkvalitet (pbl 12-7 nr. 3 og 12) Det skal utarbeidast ein plan for å sikre at føringar og krav for det ytre miljøet blir ivareteke på ein systematisk måte i den vidare detaljeringa og prosjekteringa. d) Tekniske planar (pbl 12-7 nr. 11) Det skal utarbeidast tekniske planar for områda som er regulert til køyreveg, annan veggrunn, annan veggrunn grøntareal, fortau, kollektivhaldeplass og konstruksjonar. e) Offentleg føremål eller fellesareal (pbl 12-7 nr. 14) Areala som er vist med eigeform o_, er offentlege. Areala som er vist med eigeform f_, er felles for fleire eigedomar. Areala som ikkje er vist med eigeform er private.
Reguleringsføresegner for detaljregulering Rv.9 Bjørnarå - Optestøyl f) Kulturminner (Kulturminneloven 8 andre ledd) Dersom arbeidet verkar inn på eit automatisk freda kulturminne, skal arbeidet stansast og Aust-Agder fylkeskommune skal kontaktast. Kulturminnemyndigheitane avgjer snarast mogleg- og seinast innan 3 veke om arbeidet kan halde fram og vilkåra for det. Fristen kan forlengast dersom særlege grunnar tilseiar det (jf. kulturminneloven 8 andre ledd). 2 Arealføremål med føresegner (pbl 12-5 andre ledd) Arealføremål 2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur a) Køyreveg I areala inngår køyrebane og skulder. b) Fortau Areala skal nyttast til fortau c) Annan veggrunn tekniske anlegg I areala inngår rabattar og grøfter, murar, fyllingar, skjeringar, d) Annan veggrunn grøntanlegg Trydalsbekken skal opparbeidast etter faglige råd. e) Kollektivhaldeplass Kollektivhaldeplassane skal være universelt utforma. f) Parkeringsplass (SPA) Parkeringsplassen kan opparbeidast som vist på plankart, og nyttast til parkering for friluftsføremål. Arealføremål 5 Landbruks-, natur- og friluftsføremål og reindrift (pbl 12-5) a) LNFR areal I areala inngår nødvendig tiltak for landbruk (og reindrift) og gardstilknytt næringsverksemd basert på ressursgrunnlaget på garden.
Kommenterte merknader mindre endringar reguleringsplan Rv. 9 Bjørnarå-Optestøyl Merknad fra Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, datert 19.03.2018 Kommentar Statens vegvesen - merknad Fylkesmannen Fylkesmannens svar er registrert.
Merknad fra Thor K. Lunden, datert 16.03.2018 Ny merknad fra Thor K. Lunden, datert 17.03.2018 Kommentar Statens vegvesen - merknad Thor K. Lunden Avkøyringa er flytta så langt sør som nødvendig for å sikre krav til stigning. Avkøyringa sikrar tilkomst til gammal vegsløyfe og eigedom 18/1 ved profil 200, og Statens vegvesen ser derfor ikkje behov for å etablere ytterlegare lommer eller avkøyringar i dette området. Snuplass kan etablerast innanfor areal regulert til annan veggrunn. Dersom det skal etablerast tiltak utanfor reguleringsplanens avgrensing må dette byggjemeldast etter plan- og bygningslova før tiltaket vert sett i gang. Statens vegvesen er i dialog med grunneigar om saka for å avklare detaljer rundt løysinga.
Merknad fra NVE, datert 15.03.2018 Kommentar Statens vegvesen - merknad NVE Endringane påverkar ikkje flaum- eller skredfare for den regulerte strekninga.
Merknad fra Otra Kraft, datert 15.03.2018 Kommentar Statens vegvesen - merknad Otra Kraft Det vil vere tilkomst til terskelen via gammal vegsløyfe frå avkøyring ved profil 200. Samankoplinga mellom ny avkøyring og gammal vegsløyfe ligg til dels utanfor reguleringsplanens avgrensing og er derfor ikkje vist på reguleringsplanen. Tiltaket vil bli byggjemeldt etter plan- og bygningslova før arbeida vert sett i gang.
Merknad fra Aust-Agder Fylkeskommune, datert 14.03.2018 Kommentar Statens vegvesen - merknad Aust-Agder Fylkeskommune Sykkelrute 3 er forlenga som følgje av endringane, og dette blir rekna for å gje ein positiv effekt på både kvalitet og opplevelsesverdi for syklande. Sidevegs flytting av sykkelrute 3 (nærare riksveg 9) er gjort for å få til ei betre tilpassing i terrenget og minimalisere terrenginngrep i området. Det vil framleis vere god avstand og høgdeforskjell mellom ny riksveg 9 og sykkelrute 3. Endringane er ikkje rekna for å ha nokon innverknad på verken kvalitet eller opplevelsesverdi for syklande langs sykkelrute 3.