Trening og tilrettelegging før pleie - eit samhandlingsprosjekt rundt førebygging og rehabilitering. Skei, 23. mai 2013. V/ Solrun Hauglum, prosjektleiar / leiar rehab.
Hagahaugen rehabiliteringssenter. Voss si nyopna base for førebygging og rehabilitering. Dagavdeling, rehab.avdeling, base for «Vossamodellen», planlegging av Friskliv- og meistringssenter m.m. 2
Voss kommune Tal innbyggjarar: 14.000. 6,8 % av innbyggjarane er over 80 år mot 4,5 i fylket og 4,6 i landet. Voss Bergen Voss sentrum
«Vossamodellen»: Rehabiliteringsprosjekt etter inspirasjon frå Fredericia og Kolding i Danmark. Rehabilitering, trening og tilrettelegging for heimebuande. Igangsett i open omsorg på Voss. Starta i 2 soner mai 2012, frå februar 2013 utvida til heile kommunen. Praktisk del og forskingsdel. Tidleg intervensjon og koordinert innsats. Tverrfagleg samarbeid. Stor grad av brukarmedverknad.
«Vossamodellen»: Skjer i brukar sin heim. Intensiv dagleg trening. Dei som søkjer om kommunal helsehjelp/bistand for første gong, eller dei som søkjer om meir hjelp/bistand. Skal ha 60 med i studien. 33 inkluderte brukarar til no, 3-4 under kartlegging. 17 er avslutta og har hatt 3 mnd. kartlegging. 4 brukarar har hatt 9 mnd. kartlegging. Prosjektet si varigheit: rundt 3 år.
Prosjektet sitt mål: Å tilpassa, implementera og evaluera ein ny modell for heimebasert rehabilitering. Har som mål å utsetja trong for hjelp blant heimebuande eldre, auka jobbtrivsel blant involvert personell og gjera helsetenestene i kommunen betre rusta til framtidige utfordringar.
Utfordringar framover: Helseutfordringar. Auke i livsstilsjukdomar og kroniske sjukdomar. WHO ser fysisk inaktivitet, usunt kosthald, røyking og høgt alkoholforbruk som nokre av dei største risikofaktorane for den totale sjukdomsbyrda i den vestlege verda. Deretter følgjer risikofaktorar som høgt blodtrykk, kolestrol og overvekt, som alle er påverka av nemnd helseåtferd. Tal personar med type 2-diabetes er dobla dei siste 30 åra. Helseutfordringane er prega av sosial skeivfordeling.
Utfordringar framover: Tal personar over 67 år i Noreg: I 2008: 614.000. I 2060: 1,6 millionar. Store utfordringar med sjukefråvær og tal uføre. «Omsorgskrisen skapes ikke av eldrebølgen. Den skapes av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag.» Kåre Hagen, Arendalskonferansen 2011.
Kva bilete har du av eldre? Og korleis styrer det tenkinga di?
Forskinga til dr. Kjersti Vik: «Både de ansatte og de eldre er hele tiden på vippen. ( ) Det er mulig å vippe over til en aktiv hverdag men også en fare for å vippe over i passivitet.» Dei fleste eldre er meir aktive enn det mange trur, og dei kjenner det ubehageleg at eldre sin situasjon vert skildra anleis gjennom media enn det dei kjenner seg att i. Personalet opplevde at eldre vart «pressa» til passivitet av pårørande som meinte dei «fortente å kvila». Personalet meinte dei ofte ga tenester som «standardpakkar» og hadde fokus på hjelpetiltak. «Når du blir kjent med personen, har du en bru som bærer, og du vet hvordan den enkelte kan motiveres.»
Kvardagsrehabilitering: Rehabilitering som skjer i brukar sin heim/nærmiljø. Brukar vanlege kvardagsaktivitetar i treninga. Tidleg tverrfagleg kartlegging og innsats. Intensiv innsats. Er i samsvar med intensjonar i lov og definisjon av rehabilitering.
Erfaringar frå andre land: Gode erfaringar frå Østersund i Sverige som starta med heimerehabilitering i 1999. Heimerehabiliteringsprosjekt i Uddevalla i Sverige frå 2007 til 2012: 90 % nådde måla sine, pårørande ga ein score på 9,2 (10 var høgast) på fornøydheit. Smerte og utryggheit var to store/vanlege problemstillingar. I Danmark har 97 av 98 kommunar sett i gang med kvardagsrehabilitering. Forsking frå Fredericia vider gode resultat: 45 % vart avslutta utan hjelp, 40 % med mindre hjelp, 13-15 % med same hjelp som før. Godt fornøyde tilsette og brukarar.
Døme frå Bodø:
Organisasjonskart Vossamodellen Styringsgruppe Styringsgruppeleiar Per Waardal Prosjektgruppe Prosjektleiar praksisdel Solrun Hauglum Kvardagsrehabilitering: Motor ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, vernepleiar. Basis heimehjelp, helsefagarbeidar, sjukepleiar. Forskargruppe Prosjektleiar forskingsdel Hanne Tuntland
Styringsgruppa. 19
Forskingsdelen av prosjektet: Forskargruppe som tek i bruk både kvalitative og kvantitative metodar. Randomisert kontrollert studie av effekt. Økonomisk analyse av kommunal ressursbruk. Datainnsamling: baseline og etter 3, 9 og 15 mnd. Kvalitativ analyse av brukarar og pårørande sine erfaringar ved å delta i kvardagsrehabilitering. Kvalitativ analyse av endringar i jobbtilfredsheit hjå involvert personell.
Inklusjons- og eksklusjonskriterier: Inklusjonskriterier: Er over 18 år og med god norsk språkforståing. Har opplevd reduksjon i funksjonsnivå. Første gongs søknad eller søknad om meir teneste. Bur heime og kan motta tenester i heimen. Eksklusjonskriterier: Kognitiv svikt som vanskeleggjer deltaking. Sjuke, trong for sjukeheimsplass, døyande. Dei som treng rehab.opphold i institusjon.
Framgangsmåte: Forvaltningskontoret gjennomgår alle søknader og plukkar ut aktuelle kandidatar. Heimebesøk med spørsmål om deltaking. Informasjonsskriv og underskrift. Kartleggingsbesøk av fysio- eller ergoterapeut. Randomisering. Opning av konvolutt. Kontrollgruppa: får «vanlege» tenester. Igangsetting av tidsregistrering.
Kartleggingsinstrument: COPM. Intervju der brukar vurderar sine daglege aktivitetar og utføring av dei. Lagar seg opp til 5 mål. Timed Up and Go. Utvikla for å undersøkja eldre sin gangfunksjon. Jamar dynamometer. Måling av håndkraft. COOP/WONKA. Avdekking av helseproblem. Generell helsetilstand.
Intervensjonsgruppa: Vedtak om kvardagsrehabilitering inntil 3 mnd., eventuelt i tillegg til andre tenester. Får utforma individuell rehabiliteringsplan som vert lagt inn i digital pasientjournal. Rehabilitering og tilrettelegging vert igangsett av fysioog ergoterapeut, eventuelt i samarbeid med sjukepleiar. Personellet i sonene overtek når dette vert vurdert som forsvarleg. Rettleiing av høgskulegruppa. Varigheit av intervensjon: inntil 3 mnd.
Oppfølging av begge grupper: Ny kartlegging etter 3 og 9 mnd. Tidsregistrering fram til 9 mnd. Etter 9 mnd. får kontrollgruppa kvardagsrehabilitering dersom dette framleis er aktuelt og ønskjeleg. Registrering av tenester/vedtak etter 15 mnd. for intervensjonsgruppa.
Plan for kvardagsrehabilitering Namn: Klara Vossing Født: xx.xx.1923 Bakgrunn / evalueringsgunnlag: Nedsett almenntilstand etter illius og pneunomi. Kraftlaus og vanskar med balanse. Tidligare femur fraktur.. Mål Tiltak Ansvar Eval uerin g Avsett tid Dusje på eigehand Gå tur med onsdagsklubben. Gå på besøk til tidligere nabo, 2 km avstand Ein person tilstades ved dusjing x 1 pr veke. Utfører alle delhandlingar sjølv. Legge til rette med dusjstol og antiskli på golvet. Gå fram og tilbake på gangen 5 g pr dag. Reise seg og sette seg 10 g kvar dag. Strekke heilt i kne, hofte, og rygg. Finne balanse og sette seg roleg ned. Gangtrening ute med gåstaver i terreng og fylgje. Gå fram og tilbake på gangen 5 g pr dag. Reise seg og sette seg 10 g kvar dag. Strekke heilt i kne, hofte, og rygg. Finne balanse og sette seg roleg ned. Gangtrening ute med gåstaver i terreng og fylgje. Silje/ Toril/ Klara / sone Vest Silje/ Toril/ Klara / sone Vest Silje/ Toril/ Klara / sone Vest 04.05 10 min x 5 30 min x 1 04.05 04.05 30 min x 2 /
Plan for kvardagsrehabilitering Namn: Ola Vossing Født: xx.xx.1918 Bakgrunn / evalueringsgunnlag: Redusert balanse etter AC. Hemiparese m redusert kraft og koordinasjon i ve ox.. Mål Tiltak Ansvar Evalu ering Avsett tid Dusje på Tren etter program x 5, inntil 10 min Silje/ Toril/ 04.05 10 min x 5 eigehand Ein person tilstades ved dusjing. Utfører Ola/ sone delhandlingar sjølv. aust Eigentrening etter program, hspl ringer og minnar om eigentrening Kle Balansevanskar på bukse etter AC. Hemiparese med noko redusert kraft og koordinering 04.05 i ve oex. sjølv 5 min x 5 Lage brødmåltid sjølv Gå til butikken med rollator Tren etter program x 5, inntil 10 min Gradert hjelp etter avtale v morgon -adl Finmotorisk trening x 3 Eigentrening etter program Tren etter program x 5, inntil 10 min Delta i frokostlaging når hspl er der Finmotorisk trening x 3 Eigentrening etter program, Tren etter program x 5, inntil 10 min Gangtrening Eigentrening etter program, hspl ringer og minnar om eigentrening Silje/ Toril/ Ola/ sone aust Silje/ Toril/ Ola/ sone aust Silje/ Toril/ Ola/ 04.05 04.05 5 min x 5 30 min x 2
Døme : søknad om hjelp til morgonstell, medisinlevering, tilsyn ved middag, hjelp til dusj og stell av hus. Alt i alt ca 11 t med teneste pr. veke innvilga for å imøtekomme behovet. Vedkommende får kvardagsrehabilitering der heimetjenestene bruker ca 10 min ekstra x 4 dg pr veke i inntil 3 mnd. I tillegg til dette er ergo / fysio inne med 1 t tilsaman pr veke. Etter 8 veker er vedkommande så bra at einaste hjelpa er heimehjelp kvar 14. dag. Rehabilitering vedtak avsluttast.
Kva betyr prosjektet for oss? Kostar ein god del innsats, energi og ressursar, også økonomisk. Drahjelp til å komma i gang med dreiing mot meir førebyggande og rehabiliterande innsats. Positivt for rekruttering og for å holda på personell. Kompetanseheving. Kursing, studieturar, hospitering. Tru på at dette er positivt og viktig for pasientane. Erfaringar frå tidlegare, «solskinnshistoriane», og erfaringar så langt med brukarane i prosjektet. Mykje merksemd, vert opplevd som både positivt og negativt.
Helseministerens besøker Voss kommune 3.09.11 (fra lokalavisen Hordaland) Hanne Tuntland, Høgskolen i Bergen
Kommunalminister Liv Signe Navarsete besøkjer Voss 31.10.2011
Hanne Tuntland, Høgskolen i Bergen
Hanne Tuntland, Høgskolen i Bergen
Temanummer om hverdagsrehabilitering Hanne Tuntland, Høgskolen i Bergen
Oppstartseminar i rehabuka 2011 på Voss
Oppstartkurset får omtale i lokalavisa «Hordaland».
Endringsprosessar: Ny måte å yta teneste på innovasjon i omsorg. «Frå passiv omsorg til aktiv rehabilitering». Fokus på brukarmedverknad og brukaren sine ressursar. Endra arbeidsmetodikk og rutinar. Nye krav til personalet. Ny metodikk for heimebesøk, nye kartleggingsinstrument. Nytt vedtak og individuell rehabiliteringsplan. Tidsregistrering, evaluering m.m.
Erfaringar så langt i prosjektet: Svært viktig med forankring «over det heile», adminstrativt, politisk, eiga avdeling og samarbeidspartar, brukarar og pårørande. Kjennskap til det i kommunen elles. Oppstartkurset vart veldig positivt, ga oss felles plattform. Må våga å satsa og holda nokonlunde stø kurs sjølv om det vert utfordringar, for det vert det.
Erfaringar så langt i prosjektet: Brukarane kan ha andre mål enn dei helsepersonell ville ha sett men dei ser ut til å nå dei. Ser også ut til at det skjer noko med einkelte i kontrollgruppa. Hadde vore enklare med eige team, men me trur at det på sikt vil gi større effekt å involvera heimetenestene. Ein billeg og effektiv måte å driva rehabilitering på for denne typen brukarar. Men kan ikkje erstatta rehab.senger.
Takk for merksemda!