VINN-VINN-prosjektet Ideen om gjenbruksstasjon med verkstad og utsal Bakgrunn Kommunestyrevedtak i Hol og Ål febr. 2007: Vinn-Vinn er et samarbeid mellom Ål og Hol kommune for å utvikle arbeids- og aktivitetstiltak til personar som fell utanfor arbeid, skule og ordinære tiltak. Hol/Ål kommunestyre har vedteke å samarbeide med NAV om prosjektet. Dei to kommunane har vedteke å kjøpe utviklings- og oppfølgingstenester på det utøvande planet frå Vinn AS Hallingdal. Visjon: Aktivitet og arbeid for alle. 1
Om lag 100 potensielle brukarar i Hol og Ål med behov for eit aktivitets-/arbeidstilbod Prioritet: Ungdom, personar med psykiske vanskar og rusproblematikk Koordinator Astrid Haug Vinn Hallingdal Fretex Lokale prosjekt Gj.bruk i Kleivi?? MRA i Hol Arbeidsgjevarar Prestegardsjordet Kjøp av tjenester Private arb.gjevarar Off. arb.gjevarar Inn på tunet VINN Hallingdal Fretex med fleire Gevinstar av ein gjenbruksstasjon i Kleivi Miljømessig gull verdt manglar i dag eit slikt tilbod ved Hallingdal Renovasjon Hallingdal Renovasjon er positive til eit nært samarbeid Gjev stor variasjon i arbeidsoppgåver (sortering, reparasjon, transport, rydding, sal etc) Lett å kombinere med andre småjobbar i Kleivi Vil generere inntekter til prosjektet Positivt for Kleivi med aktivitet i bygg mot Rv 7 Positivt bidrag til omdømmebygging for kommunane 2
Ledig lokale i Kleivi NorMec bygget Riktig bygg på riktig plass Passe med areal, mogelegheit for kaldlager Gunstig leigeavtale Stort oppussingsbehov dette må avpassast etter tilgjengeleg ramme Avtale med Vinn Hallingdal AS Har kompetanse på tiltak for personar som fell utanfor arbeidslivet Har utøvande / tilretteleggjande kompetanse Har kontaktar med arbeidslivet i dalen Er Hallingdalskommunane si bedrift Er ei bedrift som må drive i balanse, går likevel inn med eigne midlar i 6 mnd. Må ta omsyn til at Hol/Ål berre utgjer nokre av eigarane 3
Hallingdal Renovasjon Interkommunalt selskap eid av Hallingdalskommunane, Ål og Hol utgjer 46% av eigarpartane i selskapet 4 Føremål: best mogeleg utnytting av avfallet og halde ein god miljøprofil. 5 Oppgåver blant anna: - Eige og drive forbrenningsanlegg, deponi, kompostanlegg og andre ombruk, gjenvinning, handsaming og mellomlager av avfall og avløpsslam - Opprette aksjeselskap eller ved aksjeteikning og/eller som medeigar delta i andre selskap med same forretningsområde. - Utføre tilsvarande oppgåver som nemnd ovanfor etter nærare avtaler med den enkelte eigar, andre kommunar og private Mogelege vegar å gå 1. Gjenbruksstasjon i Kleivi, for heile Hallingdal 2. Gjenbruksstasjon for heile Hallingdal i Kleivi, med liknande tiltak for Nedre Hallingdal på eit seinare tidspunkt 3. Eksempel frå Oppegård. 4
Oppegård Miljø- og Arbeidstreningssenter Oppegård kommune i Follo distriktet Oppegård tilhøyrer Akershus fylke Kommunesenteret er Kolbotn Areal: 37 km2 Innbyggarar: ca. 24.000 Oppegård kommune ynskjer å vera ei foregangskommune innan helse og miljø, for miljø er satsingsområda det miljøbeviste menneske, økologiske byggeprosjekt og grønt forbruk 5
Oppegård miljø- og arbeidstreningssenter (OMA) OMA er eigd av Oppegård kommune OMA er eigen eining underlagt VAR (vann, avløp og renovasjon) Det heile starta med ein ide frå ordføraren etter eit seminar i Stavanger Ideen vart vidareført. Hovudmålsetting Redusere avfallsmengda i Oppegård kommune Drive med kartlegging og arbeidstrening for personar busett i Oppegård kommune. Hovudmålsettinga for deltakarar er vidareføring til lønna arbeid eller skule/kurs i ein eller annan form. 6
Målgruppe Alle over 17 år som av ein eller annan grunn har falt ut av arbeidsmarknaden eller vidaregåande skule. Dei må vera motivert for å arbeide på OMA. Ha ynskje om å kome seg vidare inn i lønna arbeid eller skule. Arbeidsstokk 4 faste 100% stillingar (dagleg leiar Kato Wollseth og 3 avd. leiarar) 18 19 ulønna personar på arbeidstrening (kapasitet 30 personar) i 20% - 100% stilling. Personane får (korttid-)stønad frå det offentlege i kontraktperioden. Gjenbruksstasjon med verkstad og butikk Totalt 800 kvm i to etasjar fordelt på butikk, kafé, verkstad, kontor, datarom og undervisningsrom. Telt til mellomlager, bygningsvarer, syklar, hageutstyr og bygningsvarer. 30 fot gjenbrukscontainer hjå Follo Ren. OMA sel alt unntatt kvitevarer og kler. 7
Gjenbruk Oma gjenvinn 2% av husholdningsavfallet i Oppegård 40 tonn til gjenbruk i 2006 ( 10 månadar drift ) 85 tonn til gjenbruk i 2007 ( derav 20 tonn på lager pr. 01.01.08) Økonomi Lokalet er eit lager på 600kvm. med takhøgd på 6 meter, som vart gjort om til verkstad, kontor og butikklokale. OMA fekk 1,7 mill. før oppstart til dette arbeidet frå eigedomsavd. i kommunen. Alt eige inventar er gjenbruk unntatt data og oppvaskmaskiner. Årleg husleige er kr. 450.000,- for lokale, eigar er kommunen ved avd. eigedom. Brutto omsetting i 2007 var kr. 1.100.000,-. på gjenbruksvarer og kafédrift. Omsetning pr. veke i snitt er litt over 20.000,- med ei samla opningstid på 22 timar frå måndag til fredag. 8
Mogelege vegar å gå 1. Gjenbruksstasjon i Kleivi, for heile Hallingdal 2. Gjenbruksstasjon for heile Hallingdal i Kleivi, med liknande tiltak for Nedre Hallingdal på eit seinare tidspunkt 3. Gjenbruksstasjon i Kleivi for Ål og Hol - Etablering av eit selskap der Hallingdal Renovasjon og Vinn AS Hallingdal går inn på eigarsida. Høve for andre eigarar - Etableringsprosjekt der Hallingdal Renovasjon og Vinn AS Hallingdal er prosjekteigarar og Vinn-Vinn prosjektet og Hol og Ål kommune deltek i utviklingsfasen. Kva gjer me no? Forslag : Gjenbruksstasjon for heile Hallingdal i Kleivi, med liknande tiltak for Nedre Hallingdal på eit seinare tidspunkt Styret for Hallingdal Renovasjon og styret for Vinn AS Hallingdal etablerer eit prosjekt med mål om å etablere ein gjenbruksstasjon i Kleivi. Det vert etablert ei prosjektgruppe samansett av Vinn AS Hallingdal, Hallingdal Renovasjon, Ål kommune, Hol kommune, Vinn-Vinn prosjektet og regionrådet 9