PLANPROGRAM og KONSEKVENSUTGREIINGSPROGRAM: REGULERINGSPLAN for KLIMAPARK 2469 (detaljregulering, jamfør plan- og bygningslova 12-3) Høyringsframlegg pr. 14.05.2010 Høyringsfrist 25.06.2010
FORORD. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for gjennomføring av Klimapark2469, eit område for formidling og forskning omkring globale klimautfordringar sett i samanheng med lokal avsmelting og funn av kulturminne. Planforslaget skal samtidig ivareta aktuelle miljøomsyn i eit sårbart og eksponert høgfjellsområde med store kvartærgeologiske verdiar og mange automatisk freda kulturminne. Det skal gjennomførast konsekvensutgreiing (KU) av planlagde tiltak i medhald av 4 i "Forskrift om konsekvensutredninger" av 26.06.2009. Som første fase i planarbeidet, er det utarbeidd planprogram i samsvar med forskrifta ( 6 og 7). Planprogrammet skal avklare rammer, premisser og føremålet med planarbeidet. Det skal seie kva for problemstillingar som vil bli behandla, og kva for utgreiingar som ein meiner er naudsynte for å gje eit godt grunnlag for vedtak. Forslag til planprogram skal leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring til berørte partar / myndigheiter og interesseorganisasjonar. Høyringa vert samordna med kunngjering om oppstart av planarbeidet. Ansvarleg myndigheit, Lom kommune, skal deretter fastsetje planprogrammet som skal liggje til grunn for planarbeidet. Spørsmål om planprogram og planarbeidet elles kan rettast til: Solvang og Fredheim Gudbrandsdalen AS, Storgata 19, 2670 Otta, tlf. 47333678, e-post: oyvind.pedersen@sfas.no alternativt til Lom kommune.
Innhald: 1 Bakgrunn for planarbeidet 1.1 Formålet med planarbeidet 1.2 Relevante problemstillingar i planarbeidet 2 Planutforming 2.1 Planinnhald 2.2 Avgrensing av planområdet 3 Planstatus 3.1 Gjeldande plan 4 Dagens situasjon i planområdet 4.1 Dagens arealbruk 4.2 Kulturminne 4.3 Aktuelle tiltak innanfor planområdet 5 Gjennomførte konsekvensanalyser 5.1 Konsekvensanalyse naturmiljø/ biologisk mangfald 5.1 Konsekvensanalyse kvartærgeologi 5.1 Konsekvensanalyse kulturminne 6 Behov for nye konsekvensanlyser 6.1 Konsekvensar av aktuell utbyggingstiltak for Juvvatnet som drikkevasskjelde. 6.2 Konsekvensar av aktuelle utbyggingstiltak for landskapsbilete 6.3 Konsekvensar for sikkerheit og beredskap under drift installasjonane 7 Gjennomføring av planarbeidet 7.1 Avklaring av krav til planprosess og konsekvensutgreiing 7.2 Framdriftsplan for planprosessen 8 Opplegg for offentleg informasjon og medverknad Vedlegg: Kart over planområdet
1 Bakgrunn for planarbeidet 1.1 Formål med planarbeidet Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for gjennomføring av Klimapark2469, eit område for formidling av globale klimautfordringar sett i samanheng med lokal avsmelting og funn av kulturminne. Vidare skal planen legge til rette for å utvikle dette til eit forskingsområde for klimarelaterte prosessar knytt til permafrost, høgalpin vegetasjon, nedsmelting av isbrear/ fonner og arkeologiske funn i tilknyting til dette. Konseptskisse utarbeidd under forprosjektet for Klimapark2469 skal leggast til grunn for planarbeidet. 1.2 Relevante problemstillingar i planarbeidet Planforslaget må ivareta aktuelle miljøomsyn i eit sårbart og eksponert høgfjellsområde med store kvartærgeologiske verdiar. Planområdet ligg nær opp til Jotunheimen nasjonalpark, og ved den viktigaste innfallsporten til Galdhøpiggen, det høgaste fjellet i Noreg. Det er registrert eit stort tal faste kulturminne i form av bogestillingar i området ved Juvfonna, og det er samla inn ei rekke funn av kulturminne i det same området. Det er framleis eit potensiale for funn av nye kulturminne. 2 Planutforming 2.1 Planinnhald Planen består av planframstilling, plankart og planføresegner. Med heimel i "Forskrift om konsekvensutredninger" av 26.06.2009 4 skal det utarbeidast ein plan som dekkjer dei krav til konsekvensutgreiing som blir fastlagt gjennom planprogrammet. 2.2 Avgrensing av planområdet Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt kartskisse. Mot vest følgjer planområdet yttergrensa til den gjeldande reguleringsplanen. Mot aust og delvis mot sør følgjer planområdet avgrensing for reguleringsformål i gjeldande plan. Juvasshytta turisthytte er inkludert i planområdet for å lettare å samordne bruk av parkeringsplass, eventuelt også sanitæranlegg eller andre aktuelle fasilitetar. Planområdet er på om lag 1735 da. 3 Planstatus 3.1 Gjeldande plan Gjeldande planstatus for det aktuelle planområdet er Reguleringsplan for området Juvasshø Juvasshytta Galdhøpiggen Sommerskisenter, vedteken av Lom kommune 22.02.2007, godkjent i Miljøverndepartementet 09.03.2009 etter behandling av motsegn frå Fylkesmannen i Oppland. Det aller meste av planområdet er regulert til spesialområde naturvern unntaka er byggeområde ved Juvasshytta turisthytte, spesialområde privat veg, spesialområde parkeringsplass og spesialområde vassanlegg og avløpsanlegg. I arealdelen til kommuneplan for Lom ligg planområdet innanfor område der reguleringsplan skal gjelde framfor den samla arealdelen. 4 Dagens situasjon i planområdet 4.1 Dagens arealbruk. Området er i utgangspunktet eit urørt naturområde prega av høgalpint klima og permafrost.
Med unntak av Juvasshytta turisthytte er det ingen bygningar innanfor planområdet. Enkelte andre inngrep finst også i området; bilvegen frå Galdesand til Juvasshytta og Galdhøpiggen Sommerskisenter går tvers gjennom planområdet. Innanfor planområdet finst ein meteorologisk stasjon med 10 m høg instrumentmast, og det er fleire borehol som blir nytta til temperaturmålingar i permafrosten 4.2 Kulturminne Det er i perioden 2006 2009 registrert ei rekkje funn av kulturminne knytt til jakta på villrein i området. Det vart funne fleire hundre skremmepinnar av tre. Av faste kulturminne er det registrert omkring 50 bogestillingar i området rundt Juvfonna. Eit større areal omkring Juvfonna er freda etter lov om kulturminne. 4.3 Aktuelle tiltak innanfor planområdet Aktuelle tiltak i samband med utbygging og gjennomføring av planane for Klimapark2469 går fram av konseptskissa som vart utarbeidd under forprosjektet. Hovudpunkt i denne skissa er: - Opparbeidd gangveg (gangbaner med universell utforming) frå parkeringsområde ved Juvasshytta til Juvfonna - Portal/ bygning for informasjon, utstilling, billettsal osv. kombinert med ein mindre feltstasjon for forskingsaktivitet ved starten av gangvegen ( Basecamp ). - Formidlingsstasjonar/ observasjonspunkt langs gangvegen (permanente telt som vern mot ver og vind) - Istunnel med utstillingar/ installasjonar og eit mindre auditorium inne i Juvfonna - Opparbeidd gangsti frå Juvfonna til utsiktspunkt mot Kjelen. 5 Gjennomførte konsekvensanalyser 5.1 Konsekvensanalyse naturmiljø/ biologisk mangfald Det er i 2009 2010 gjennomført sårbarheitsvurdering: Biologisk mangfold med spesiell vekt på botanikk på Juvplatået. Analysen er utført av biolog Reidar Haugan. Analysen skal leggast til grunn for arbeidet med reguleringsplanen. 5.2 Konsekvensanalyse kvartærgeologi Permafrosten i området har skapt frostjordsfenomen som m.a. strukturmark (polygonmark), og området er mykje brukt for ekskursjonar av utdannings- og forskingsinstitusjonar frå inn- og utland. Det er i 2009 2010 gjennomført sårbarheitsvurdering: Kvartærgeologiske former på Juvplatået. Analysen er utført av Rune Strand Ødegård, Høgskolen i Gjøvik. Analysen skal leggast til grunn for arbeidet med reguleringsplanen. 5.3 Konsekvensanalyse kulturminne Det er i samband med feltarbeidet/ registrering av kulturminna omkring Juvfonna i 2009 2010 gjennomført sårbarheitsvurdering av kulturminna i området. Analysen er utført av Lars Pilø, Fageining for kulturvern, OFK. Analysen skal leggast til grunn for arbeidet med reguleringsplanen. Alle aktuelle utbyggingstiltak må vurderast i høve til kjente kulturminne, og i tillegg må det takast høgde for at det kan finnast andre automatisk freda kulturminne i området. I tillegg bør alle kjende automatisk freda, faste kulturminne visast som bandlagde på plankartet.
6 Behov for nye konsekvensanalyser 6.1 Konsekvensar av aktuell utbyggingstiltak for Juvvatnet som drikkevasskjelde. Juvvatnet er drikkevasskjelde for turisthytta Juvasshytta og Galdhøpiggen Sommerskisenter. Det skal gjerast ei vurdering av mogelege konsekvensar for vasskvalitet i Juvvatnet for dei aktuelle utbyggingstiltak. Dersom det i samband med Klimapark2469 er aktuelt å etablere toalett/ sanitæranlegg eller andre installasjonar som medfører vasstilknyting skal det gå fram av vurderingane kva for krav som må setjast til behandling av avløpsvatn m.m. 6.2 Konsekvensar av aktuelle utbyggingstiltak for landskapsbilete Området ved Juvvatnet/ Juvflya er svært opent og eksponert, med lite tekniske inngrep (sjå punkt 4.1). Likevel er det svært mange turistar og tilreisande som besøkjer/ reiser gjennom området, først og fremst fordi Juvasshytta er det viktigaste startpunktet for fotturar til Galdhøpiggen. Vidare ligg planområdet nær opp til grensa for Jotunheimen nasjonalpark. Det skal gjerast ei vurdering av dei visuelle og estetiske konsekvensar som aktuelle installasjonar vil ha for landskapsbiletet. 6.3 Konsekvensar for sikkerheit og beredskap under drift installasjonane Sikkerheit for besøkjande som nyttar seg av aktuelle installasjonar og tiltak i planområdet skal vurderast. Ikkje minst gjeld dette den planlagde istunnelen, men også andre installasjonar som gangbaner i terrenget m.m. Vurderinga kan med fordel byggje på erfaringar som blir gjort med prototypar/ uttesting gjennom sommarsesongen 2010. Behovet for beredskapsplanar og -rutinar skal gå fram av vurderingane. Aktuelle utbyggingstiltak må vurderast for rasfare og flomfare. Vurderingane må så langt som råd ta høgde for framtidige klimaendringar og ekstremnedbør. 7 Gjennomføring av planarbeidet 7.1 Avklaring av krav til planprosess og konsekvensutgreiing Eventuelle nye tiltak som blir teke inn i reguleringsplanen under planarbeidet må konsekvensutgreiast i medhald av 15 i "Forskrift om konsekvensutredninger"av 26.06.2009. Forskrifta stiller utfyllande krav til saksbehandling og konsekvensutgreiing for planar og tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. 7.2 Framdriftsplan for planprosessen 14.05.2010 Oppstartsmelding, planprogram utlagt til offentleg høyring mai juni 2010 Synfaringar/ avklaringsmøter - kommune, prosjekleiing, konsulent 25.06.2010 Høyringsfrist planprogram/ KU-program juni 2010 Endeleg planprogram/ KU-program vedtak i Lom kommune 15.08.2010 Planframlegg ferdig frå konsulent ca 01.09.2010 Politisk behandling av planframlegg og KU før offentleg høyring sept. medio okt.2010 Offentleg ettersyn og høyring av planframlegg med KU okt. - nov. 2010 Justering av planframlegg etter gjennomført høyring november 2010 Planvedtak i Lom kommune, alternativt vedtak om 2. gongs høyring (nov. /des. 2010) Eventuell 2. gongs offentleg ettersyn/ høyring (jan. 2011) Justering av planframlegg etter 2. gongs høyring (febr. 2011) Planvedtak i Lom kommune etter 2. gongs høyring Prosjektgruppa for Klimapark2469 i samarbeid med Lom kommune har ansvaret for gjennomføring av nye konsekvensvurderingar etter punkt 6 i planprogrammet, medan planfirmaet Solvang og Fredheim Gudbrandsdal AS er engasjert til å utarbeide framlegget til reguleringsplan
8 Opplegg for offentleg informasjon og medverknad Etter forskrifta skal planprogrammet gjøre rede for plan- eller søknadsprosess med frister, deltakere og opplegg for offentlig informasjon og medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt". Det har vore fleire informasjonsmøte i samband med forprosjektet for Klimapark2469. Oppstart av planarbeidet blir annonsert i lokalpressa på vanleg måte. I samband med offentleg høyring og ettersyn vil det bli arrangert eit ope møte om planframlegget. Under høyringa vil planforslaget bli utsendt til alle partar som etter kommunens kjennskap har interesser innanfor planområdet. Opplegg for høyring og offentleg ettersyn vil elles følgje Forskrift for konsekvensutredninger og 12-8 og 12-9 i plan- og bygningslova.