Referat Dato.: 27. oktober 2014 Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha. Til stades: Jorulf Refsnes, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Ivar Aae Frå adm.: Frode Alfarnes, Romar Skeie Olsen og Tor Skeie Olsen Sak 42/14 Godkjenning av protokoll frå tidlegare styremøte Protokoll frå tidlegare styremøte er godkjent Sak 43/14 Rekneskap pr. 31.08.2014 Dagleg leiar gjekk igjennom postane i rekneskapet Inntekter på abonnement og medlemskontingent er no fakturert og avviker ikkje mykje frå budsjett. Dei største avvika frå budsjettet per dags dato er; Kjøp og sal av tenester/arbeid Årsmøtet Pensjon Kurs/møter Marknadsføring Inntekter og utgifter på kurs Det kom opp spørsmål om det bør gjerast tiltak for å nå budsjettmåla, og det vart diskutert kva tiltak ein eventuelt skal gjera. Rekneskap pr. 31.08.2014 er teke til etterretning. Sak 44/14 Strategisk plan Ny plan er vedtatt å bygge på dagens. Mykje av dei punkta vi har i dag kan vera med i ny plan. I tillegg til overordna mål, er det viktig å konkretisere delmål for kvart år planen skal gjelde. Styret meiner at utkastet til ny plan som er lagt fram er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid. Ein må få på plass delmål, samt bruke eit namn på medlemslag, og ikkje avløysarlag, NLT-lag og laga om einannan. Det kom opp forslag om å få ein
eller to eksterne personer til å gå igjennom strategiplanen når vi har den klar for gjennomlesing. Dette forslaget var det brei einighet om. I tillegg så skal strukturutvalet kome med innspel til styret innan 30. november etter følgjande mandat; Korleis organiserer vi oss for å møte utfordringar i framtida med tanke på: a. Størrelse og geografisk dekning b. Tilbod av tenester i medlemslag c. Felles namn, profil med meir d. Administrative verktøy e. Kompetanse/opplæring f. Tilknyting mellom NLT og medlemslag Det er kome konkrete forslag på organisering av årsmøte/samlingar. Ulike alternativ som er aktuelle og som vart diskutert er: Som i dag. Årsmøtet vert slått saman med vårsamling. Årsmøte for seg, men vårsamling og haustsamling slått saman. Det er eit ønske frå styret og behalde årsmøtet som eit eige møte. Alternativet som skal sjekkast ut til neste styremøte er om det er mogleg å få årsmøte på ein dag, og ikkje over to dagar slik det er i dag. Her må ein då sjå økonomisk vinst opp mot kva ein eventuelt misser. Det er ikkje er rom for å gjera dei heilt store endringane med vår/haustsamling. Det er og kome ønske om at ein kjem i dialog med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) med tanke på fusjon. Det er fleire lag som i dag er fusjonert lokalt, og føler at det er vanskeleg å forhalde seg til to hovudorganisasjonar. Etter at NLR og Landbrukets HMS-tjeneste vart fusjonert frå 01.01.2014, er dei no inne i ein prosess der dei ser på struktur i eiga organisasjon. Basert på dette, meiner styret i NLT at det på noverande tidspunkt ikkje er rett å jobbe vidare med ein eventuell fusjon. Det må heller jobbast vidare med å få til eit enno tettare samarbeid mellom NLT og NLR. Strukturutval, administrasjon og styret arbeidar vidare med strategisk plan med målsetting om at den skal vera ferdig i løpet av styremøtet i desember. Strategiplan skal vedtakast på årsmøtet i 2015. Strategiplan skal vera eit tema på haustsamlingane. Styret ser det naturleg å ha årsmøte som eiga møte, men skal på neste styremøte vedta om det vert over ein eller to dagar. Vårsamling og haustsamling vert oppretthaldt slik som i dag. På noverande tidspunkt er det ikkje er naturleg med ein fusjon med NLR.
Sak 45/14 Høyring - Forskrift produksjons- og avløysartilskott Landbruks- og matdepartementet har sendt forslag til ny forskrift ut på høyring. Det er eit ønskje å slå saman forskrift for produksjons- og avløysartilskott. Det er samtidig foreslått å ta vekk innhaldet i dagens 5 i forskrifta. Etter gjennomgang i styret og innspel frå medlemslag setter administrasjonen opp forslag til høyringssvar. Dette vert sendt ut til styret for godkjenning. Våre synspunkt vert formidla til medlemslaga, avtalepartane og politiske parti. Det vert i tillegg avtalt møte med departementet før høyringsfristen 20. oktober. Sak 46/14 Haustsamlingane Ei grovskisse til program og kurstilbod vart lagt fram på møtet. Det har vært problem med avvikling av fylkesvise samlingar i einskilde fylke, og vi må få meir struktur på desse samlingane der det trengs. Som eit ledd i dette, må møteleiar vera klar på førehand. Endeleg program og kurstilbod vert klart i løpet av veke 38, og påmelding kjem ut i løpet av veke 39. Arbeidsutvalet/styret har ansvar for å få på plass gruppearbeid til tema om strategisk plan. Oppgåver til haustsamlingane vert fordelt etter vedtak på møtet. Sak 47/14 Møter i lag Som eit ledd i profileringa av NLT skal vi fortsetje med å besøke medlemslag. Målsetjinga er at 30 lag skal få tilbodet kvart år. Vi manglar fortsatt ein del lag som stod på planen for i fjor. Dette har stoppa litt opp av ulike årsaker. Det er ønske om å få fortgong i arbeidet, og ein bør kome i gong så tidleg som mogleg. Dagleg leiar sender så snart som råd ut ei prioriteringsliste til styret, som fordeler laga seg i mellom. Skjema skal fyllast ut og sendast/leverast administrasjonen etter møte i laga. Sak 48/14 Samarbeidsavtale Norsk Bygdeungdomslag (NBU) Dagleg leiar informerte. Medlemane i NBU er ei særs viktig målgruppe for oss. Det har vore dialog mellom NLT og NBU om eit samarbeid mellom organisasjonane. Først og fremst at NLT bidrar og vert profilert i samband med kåringa av Årets unge bonde. Dette er det no gjort avtale om.
I tillegg inviterer NBU oss til å inngå en samarbeidsavtale med dei direkte. For eit fast støttebeløp på kr. 25.000,- kan vi få ei ¼ side i medlemsbladet som vert sendt ut 4 gonger i året til 6.700 medlemmer. Styret meiner dette er vel anvendte midlar, og at dette må bli ein fast årleg avtale. Medlemmene i NBU er viktige for NLT, både som avløysar i dag og medlem i framtida. Ved å inngå eit samarbeid med NBU vil vi få sjansen til å profilere NLT til ei interessant gruppe. Sak 49/14 Møte med NLR Vi har årleg møte med dei landbruksorganisasjonar vi samarbeider med. Tidlegare LHMS og NLR er blant desse. Det er no planlagt eit samarbeidsmøte med NLR. Informasjon om utvikling og diskusjon om samarbeid står på agendaen. I tillegg så bør vi diskutere vidare arbeid i Landbrukets HMS-utval og Nasjonalt samarbeidsforum. Møtet er beramma til 16. oktober. Dagleg leiar og nestleiar i styret møter for NLT i samarbeidsmøte med NLR. Sak 50/14 Orienteringssaker A. Webtemp Dagleg leiar orienterte. Det er 11 lag som no vert med på denne satsinga. Første samling vert 24-25. september på Værnes. Desse laga er med: Brønnøy, Helgeland, Indre Nordmøre, Midtre Hålogaland, Namdal, Nordfjord, Hordaland, Nord-Salten, Oppdal, Vestfold og Ytre Sogn og Sunnfjord. NLT Hordaland bidrar sterkt i prosjektet. Det er viktig å få informasjon jamleg ut på nettsida om framdrift, samt legge ut invitasjon for neste runde så snart ein har det klart. B. Administrasjonshandbok Tor Skeie Olsen informerte Gruppa består av: Wenche Husby, Kirsti Skog, Ingvild Våg og Tor Skeie Olsen. Dei skal ha første møte på Gardermoen 1. oktober. C. Samvirkefrukost i regi av Samvirkesenteret Styreleiar stiller på dette D. Oppseiing Dalane Avløserlag Dalane Avløserlag har sendt inn oppseiing, og melder seg ut frå regnskapsåret 2015. Orientering er teke til etterretning
Sak 51/14 Referatsaker A. Årsmøte Norges Bondelag Styreleiar og nestleiar var til stades. Nestleiar informerte. Var ei flott samling, der alle dei sentrale politikarane var til stades. Styreleiar er vår representant i representantskapet. B. Tarifforhandlingar Nestleiar representerer NLT i forhandlingsutvalet NHO. Interessante møter, og dyktige folk i NHO. C. Agrisjå Stjørdal 22-24. august. Frode Alfarnes og Romar Skeie Olsen representerte NLT. Liv Lian Kosberg frå LiST var og med heile helga. Styret var representert med Ivar Aae på fredag og Finn Egil Adolfsen på laurdag. Vi var samla saman med dei andre landbruksorganisasjonane i fagteltet. Dette var ei ok messe, men ein ser i ettertid at ein bør vera 4 stykk til ein kvar tid, slik at ein kan få litt pausar innimellom. Viktig at vi i framtida avklare bemanning på førehand, og har klare tidspunkt for dei som kan vera med frå lokale lag. Liv var til stor hjelp denne helga. Vi hadde to konkurransar, der den eine var å tippe vekta på mjølkespann og den andre var ein quiz med 10 spørsmål om NLT. D. Landbruksvikarsamling Samling for Hordaland og Sogn og fjordane 26-28. august. Romar Skeie Olsen og Tor Skeie Olsen var på plass frå administrasjonen. Dette var ei flott samling på Skei. Her fekk Landbruksvikarane godt fagleg utbytte, utveksle idear og erfaringar, samt auke samhaldet på tvers av fylka og kommunane. Referat er teke til etterretning Sak 52/14 Firkantar i Bondebladet Firkantar i Bondebladet vart etterlyst då dette har vore litt fråverande i sommar. Frekvensen vert tatt opp igjen no i haust, når Tor er tilbake etter permisjon.