HiST i Sosiale Medier
Innhald Kvifor skal HiST vere tilstade i sosiale medier?... 2 HiST-tilsette i sosiale medier... 2 Facebook... 3 Korleis bruker HiST den overordna Facebook-sida?... 3 Tips til godt innhald på Facebook... 3 Instagram... 5 Korleis bruker HiST den overordna HiST-kontoen?... 5 Tips til godt innhald på Instagram... 5 Twitter... 6 Korleis bruker HiST den overordna Twitter-kanalen?... 6 Tips til godt innhald på Twitter... 6 1
Kvifor skal HiST vere tilstade i sosiale medier? Bruken av sosiale medier har dei siste åra eksplodert, innafor dei fleste demografiske gruppene. Til dømes er det over 3 millionar nordmenn på Facebook, der 2,4 millionar er innom Facebook dagleg. Det er også litt over 1 million norske brukarar på Instagram, og litt over 900 000 nordmenn på Twitter (Tala her og vidare i teksten er for 2014 og er henta frå Metronett). Med andre ord er bruken av sosiale medier i Norge betydeleg, og HiST og HiST sine studentar og tilsette vil vere omtalt, avbilda, filma og diskutert i sosiale medie-kanalar, enten HiST ynskjer det eller ikkje. Ved å vere tilstade i sosiale medier, kan HiST: - kommunisere med sine studentar - bygge kultur i organisasjonen - vise fram studiekvardagen til potensielle studentar - vise fram HiST til potensielle arbeidssøkarar - snakke direkte til media, samarbeidspartnerar og politikarar. I sosiale medier er potensiale for å kommunisere, involvere og engasjere målgruppa si større enn i dei tradisjonelle mediekanalane, noko ein kan utnytte i kontakten med både noverande studentar, tilsette, potensielle søkarar og for å rekruttere jobbsøkarar. Engasjementet på Instagram og #mitthist er eit godt eksempel på dette. Dei ulike sosiale medie-kanalane er utvikla for ulikt type innhald, og bør brukast på ulike måtar. Vidare følger ei kort innføring i kva som kjenneteiknar dei ulike media, kva som er definert målgruppe for HiST sine overordna kanalar, og tips til kva slags innhald som egner kor. Men først nokre refleksjonar rundt det å vere HiST-tilsett og ha private kontoar i sosiale medier. HiST-tilsette i sosiale medier I sosiale medier er det vanskeleg å ha eit sterkt skilje mellom din rolle som privatperson og HiSTtilsett. Det betyr ikkje at ein alltid må vere einig i HiST sine offisielle meiningar, men bruk sunn fornuft og tenk gjennom korleis andre kan oppfatte innlegga dine. Skriv gjerne i informasjonen om det sjølv at du jobbar på HiST og snakk gjerne om HiST, men ver konstruktiv! Husk også at innlegg du skriv i sosiale medier (sjølv om du har ein lukka konto) vert definert som offentlege utsegn. At Facebook-innlegg er å rekne som offentlege, vart presisert i Stavanger tingrett, 30. april 2014, då Torgeir Bjelland vart dømt for netthets. I dommen står det: «Retten slår også fast at det å skrive ting på sin Facebook-konto med 420 venner klart er å anse som et offentlig utsagn». Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga dersom du har spørsmål om dette. 2
Facebook Facebook er det absolutt største sosiale mediet, både i Norge og i verden. Det største segmentet på Facebook er brukarar i aldersgruppa 25 34 år. Facebook er prega av kvardagsliv og god stemning, men er likevel ein god kanal for å nå ut med informasjon, til mange. Facebook er også ein god kanal for å fange opp tilbakemeldingar og omtale, tilbakemeldingar du mest sannsynleg ikkje hadde fått i tradisjonell kanalar. Det har inga hensikt å opprette ei Facebook-side for «syns skuld», og den kjem ikkje til å «rulle og gå» av seg sjølv. Dersom du vil opprette ei Facebook-side for ditt studie, eller di forskingsgruppe, må du tenke gjennom kva du ynskjer å oppnå, kven du ynskjer å kommunisere med, kor mykje ressursar du har tenkt å sette av til å jobbe med det, og ikkje minst kven som har ansvar for å produsere innhald og følge opp sida. Sida Facebook lanserte promoterings-funksjonen sin, det vil seie at ein kan betale for å fremme eit innlegg eller ei annonse, har den ikkje-betalte visninga av innlegg stupt betydeleg. Dersom du ikkje betaler kan du rekne med at innlegget ditt vert synleg for omtrent 5% av følgjarane dine dersom ingen lik eller kommenter. Du kan sjå kor mange som har sett dei enkelte innlegga dine (rekkevidde) i Facebook sitt eige statistikkverktøy; Facebook Innsikt. I dette statistikkverktøyet kan du også få demografiske tall på kven som lik sida di, kva type innlegg som er populære, kor mange som trykker seg vidare på ei lenke du har lagt ut og liknande. Ofte er denne informasjonen meir interessant enn kor mange som lik eit innlegg. Korleis bruker HiST den overordna Facebook-sida? På HiST sin overordna Facebook-side skal me først å fremst å snakke til studentane som studerer på HiST. Informasjonen som vert lagt ut skal vere relevant, interessant og nyttig for HiST sine studentar. Difor måler me ikkje suksess ut i frå kor mange som lik, eller kommenterer innlegg, me måler kor mange som trykker på lenker og les sakene. HiST si Facebook-side skal ikkje brukast til å legge ut informasjon som først og fremst er retta mot potensielle søkarar, tilsette, politikarar osv. Me legg heller ikkje ut informasjon om messer og andre type arrangement som vert arrangert av andre. Slike type saker sendast til Studentparlamentet, og dersom dei vel å legge ut denne informasjonen i sine kanalar kan me dele den vidare, men HiST skal ikkje stå som «avsendar» på desse sakene. På Facebook-sida til HiST skal me vere personlege, men utan å bli private. Med personleg, meinas i denne samanheng å dele allmenn informasjon, men med utgangspunkt i eiga historie og oppleving. Tips til godt innhald på Facebook Facebook er sjølve motoren i bruken av sosiale medier, og er verdas største møteplass. Her er eit par tips til kva som kan vere godt innhald på Facebook: 1. Tenk på delinga. Ville du sjølv delt dette innhaldet med dine venner? Ein vanleg påstand er at me deler ting i sosiale medier for å bygge identitet. Dersom du klarer å skape eit innhald som er i tråd med identiteten til dei du ynskjer å nå, slik at dei vil dele bodskapet ditt med sine venner, då er du på god veg mot godt innhald. 2. Velg smart innhald; video og bilete fungerer særleg bra på Facebook. 3
3. Tenk på teksten. Ver kort og konsis dersom du kan, det aller mest engasjerande bør plasserast i starten av teksten, då dei 11 første teikna ofte er avgjerande for om du les vidare. Prøv å hald deg under 60 teikn. 4. Følg med på det som skjer elles! Er det saker på adressa som er aktuelle for målgruppa di? Eit nyheitsklipp frå NRK som seier noko om same tematikk som du jobbar med? Husk at dei som følger sida di skal få noko utav det, dei er ikkje så opptatt om innhaldet kjem frå hist.no eller nrk.no, så lenge det er riktig, og relevant. 5. Bruk statistikk-verktøy til å måle respons. Husk at mange kan klikke seg inn på, og syns at ei sak er interessant sjølv om dei ikkje lik eller kommenterer innlegget ditt. Særleg yngre målgrupper lik få innlegg på Facebook, men les mange saker. Les meir om korleis ulike aldersgrupper bruker Facebook i denne saken. 4
Instagram På same måte som Facebook, er Instagram ein kanal for det kvardagslege og underhaldande. Den største forskjellen på Facebook og Instagram er at innhaldet på Instagram er avgrensa til bilete og korte filmsnuttar (13sek maks). Det er ikkje mogleg å legge ut lenker eller dokument, slik ein kan på Facebook. I tillegg er Instagram meir estetisk orientert, dei fleste bilda som vert lagt ut der er blitt redigert, enten i sjølve Instagram-appen, eller i andre apper. Det største segmentet på Instagram er brukarar i alderen 18 29 år og det er over ein million norske brukarar. På Instagram er det også vanleg å bruke hashtag (emneord som fungerer som lenker). Det er gjerne ved bruk av hashtags at folk oppdagar kontoen din og bilda dine. Hashtag er også ein fin måte å «knyte saman» folk på, til dømes #mitthist for alle som studerer på HiST, #hhit for Handelshøgskulen, #eksamen osv. Instagram har nettopp på grunn av dette eit stort potensiale for å nå ut til nye følgjarar, fordi folk kan finne HiST-bilda på ein hashtag (#trondheim, #student, #tautdanning) utan å nødvendigvis like HiST-kontoen. Slik sett fungerer Instagram annleis enn Facebook, der ein må like (og vite om) ei side før du i det heile tatt får sjå innlegga som kjem frå sida. Etter at Instagram vart kjøpt opp av Facebook vart det i større grad lagt til rette for at innhald på Instagram kan autopubliserast vidare til Facebook. Nettopp fordi innhaldet på Facebook og Instagram er relativt likt er dette blitt ganske vanleg og fungerer bra. Korleis bruker HiST den overordna HiST-kontoen? På Instagram vil HiST snakke til både eksisterande studentar, og potensielle studentar. Me vil at dei som studerer og jobbar på HiST skal vise fram bilda frå studie-/ arbeidsdagen sin på #mitthist, både fordi det er fint at studentane våre ser bilete frå andre studie enn dei sjølv høyrer til, og fordi desse bileta er ein fin måte å vise fram studiekvardagen på HiST til potensielle søkarar. Dersom du eller din avdeling har eigen Instagram-konto, bruk #mitthist på bilda! Då dukkar bilda opp i feeden til HiST, og me kan dele dei vidare til alle HiST sine følgjarar. På HiST sin overordna konto bruker me appen Repost til å dele bileter, men det fins mange andre apper som også fungerer bra. Tips til godt innhald på Instagram Her er eit par tips til kva som er godt innhald på Instagram: 1. Bilda er det viktigaste. Eit godt bilde er tydeleg, har eit interessant, morosamt eller fint motiv. 2. Skriv ein god bilde-tekst. Kort og konsist er bra, men i nokre tilfelle fungerer det også bra med lange tekstar. Prøv deg fram, og bruk ein personleg tone. Bruk @navn for å nemne andre Instagram-brukarar og #emneknagg både for å vise kva bilde handlar om, og for å knyte det til andre interessante tema på Instagram, eller for å gruppere (#mitthist). 3. Dersom du har etablert ein hashtag (for eksempel ved konferanse eller fagområde) er det viktig at du følger opp. Bruk gjerne hjerte-funksjonen (like-funksjonen til Instagram) på bilda som er fine, eller som bruker «din» hashtag. Dette er ein fin måte å gje respons til dei som deler bilda sine med deg 4. Ha eit avklart forhold til kva slags kontoar du skal følge tilbake. Særleg hos ungdom går det sport i å ha mange Instagram-følgjarar, og dette er ein trend der me på HiST ikkje treng å bidra. Til dømes har me bestemt at HiST sin offisielle Instagram-konto bare skal følge organisasjonskontoar, ikkje «vanlige studentar». 5
Twitter Medan både Facebook og Instagram i stor grad handlar om det kvardagslege og underhaldande, er Twitter kanalen for tekst, debatt og meiningsutveksling. Twitter er betydeleg mindre enn både Facebook og Instagram, med litt under 1 million norske brukarar. Twitter skil seg litt frå dei to andre sosiale mediene og kan vere litt vanskeleg å få tak på dersom ein ikkje er vant til å bruke det. Eit par tips: - Kven som helst kan følgje deg, og du kan følgje kven du vil. - Meldingane (tweetsa) kan ikkje vere lengre enn 140 tegn, noko som gjer at formen blir kort og presis - Ein tweet kan bestå av tekst, bilde og lenke. - @brukernavn er ein person sitt brukarnamn. Består av ein @ og brukarnamnet utan mellomrom. Brukes dersom du vil snakke til/ om ein brukar, namnet kan står både først og midt i ei melding. HiST sitt brukarnamn er @HiSTnews. - #hashtag brukes på Twitter på same måte som på Instagram. Ei samling av meldingar om det same temaet. Hashtagen blir ei lenke og peiker til alle dei andre meldingar med same hashtag. Konferansar lager seg gjerne ein hashtag som alle som twitrer kan bruke under konferansen. På den måten kan ein fange opp spørsmål frå salen, følge konferansen frå ein anna stad, eller vise fram alle tweets frå konferansen på ein skjerm i vrimleareal under konferansen. - RT er retweet, twitter sin delingsfunksjon. Dersom du retweeter deler du ein anna person sin melding med alle dine følgjarar. Korleis bruker HiST den overordna Twitter-kanalen? På Twitter vil HiST snakke med eksterne partar, som for eksempel samarbeidspartnerar, andre fagmiljø og politikarar. Dersom ein har ei nyheit eller pressemelding som ein vil ha ut til flest mogleg folk, er Twitter ein flott kanal. På Twitter kan HiST «snakke» direkte til personar, enten det er NTNU, Adresseavisa, Rita Ottervik eller Torbjørn Røe Isaksen. Det er mange organisasjonar og politikarar som er aktive på Twitter, så her er det gode moglegheiter for å vise seg fram! Tips til godt innhald på Twitter For å komme i gang på Twitter kan det vere lurt å lage seg ein privat konto, finne relevante følgjarar, og bruke litt tid på å sjå gjennom feeden, slik at du får ein «følelse» av tone og språk. Eit par tips til godt innhald: 1. Dei fleste som bruker Twitter ynskjer ein sakleg tone, gjerne debatt og ordveksling. Twitter er ein fin arena for å spreie fagkunnskap på, og ikkje minst få tips sjølv. Søk etter store aktørar og hashtags innafor ditt fagfelt, følg dei og bli inspirert! 2. På Twitter er det låg terskel for å både følge og avfølge folk. Det er ikkje som på Facebook, der personen du ynskjer å følge må godkjenne deg. Ta gjerne kontakt med folk du ikkje kjenner, kommenter og del tips og ressursar. Dialog og deling er det som kjenneteiknar alle sosiale medier, og kanskje særleg Twitter. 6