Vedlegg C22 UTDRAG FRÅ OG VURDERING AV MOTSEGNER OG MERKNADER til planframlegg ved 2. gongs offentleg ettersyn



Like dokumenter
AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Notat vedrørande høyringsuttalar til Kommunedelplan Huglo

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Saksutgreiing til folkevalde organ

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør Arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers foreining RIF

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Søknad om oppstart av reguleringsplan

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Skodje kommune Teknisk avdeling

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2014 Kommunestyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 029/15 Plan- og Miljøutvalet PS /15 Bystyret PS

Ny strandsonerettleiar for Hordaland. Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: BSS Arkivsaknr: 2014/1485. Utvalsaksnr Utval Møtedato 168/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune

Radøy kommune Saksframlegg

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Kommuneplanens arealdel

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2007/474 Løpenr.: 11712/2015

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

Radøy kommune Saksframlegg

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 047/14 Plan- og Miljøutvalet PS /14 Bystyret PS

Aukra kommune Arkivsak: 2014/ Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato:

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Janneth Iren Ur GBNR - 28/1 17/3416. Saksnr Utval Dato 052/17 Forvaltningsstyret

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: ERLEVIK Arkivsaknr: 2016/1556. Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/17 Formannskapet

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester

Kommunedelplan for Sundreområdet Dette notatet skildrar endringane gjort i plankart og føresegner frå 1. gongs til 2. gongs offentleg høyring.

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 006/16 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS /16 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2007/474 Løpenr.: 9443/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 15/97 Teknisk utval

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 020/15 Plan- og miljøutvalet PS /15 Kommunestyret PS

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 62/ Kommunestyret 73/

Austevoll kommune. Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 16/ / /

AG Plan og Arkitektur AS

02/ /K1-140//LTA Manger: KOMMUNEPLAN FOR RADØY AREALDEL Føresegner

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Styre/råd/utval Møtedato Saknr Utval for plan, teknikk og næring /16

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet /13

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Utv.saksnr Utval Møtedato 34/15 Drift og arealutvalet /15 Kommunestyret

Transkript:

Oppdrag: Kommuneplan Side 1 av 23 Vedlegg C22 UTDRAG FRÅ OG VURDERING AV MOTSEGNER OG MERKNADER til planframlegg ved 2. gongs offentleg ettersyn Kommuneplan for Sande kommune 2014-2026

Oppdrag: Kommuneplan Side 2 av 23 Innhaldsliste Lise over merknader ved offentleg ettersyn 2. gong:... 3 1. Offentlege mynde... 4 2. Merknader frå private... 16 3. AREALENDRINGAR gjort med planframlegg 2 som følgje av motsegn og innspel knytt til arealområda, jf også mekling hjå FM.... 22 7.08.2015 23 kg kg 3.10.2014 kg/jbll kg Revisjon nr. Dato Tall sider rapport Utarbeidd av Kontrollert Godkjent Signert rapport original er arkivet hjå AG Plan og Arkitektur AS Oppdragsnr. Dokument nr Namn på fil 2081 C22 P:/prosjekt/2081/plandata tekst/vurdering_merknader/ 2081-vurdering_merknader_2. off_ettersyn.doc

Oppdrag: Kommuneplan Side 3 av 23 Lise over merknader ved offentleg ettersyn 2. gong: Merknad nr. Mynde, lag, person Sidetal 1 Direktoratet for mineralforvaltning 4 2 Noregs vassdrags- og energidirektorat 4 3 Statens vegvesen 4 4 Fylkesmannen i Møre og Romsdal 4-6 5 Møre og Romsdal fylkeskommune 7-14 6 Bjørn Sandvik Sølsnæs og Per Sandvik 15 7 Kjell Hauge 15 8 Annbjørg Flatøy 15 9 Sande Fastlandssamband 15 10 Monrad Hide, på vegne av Margit Hide 16 11 Einar Saure 16 12 Kari Lisbet Ulvestad og Kåre Steinar Seljeset 16 13 Kari Johanne Skarmyr 16 14 Unny Haugen 17 15 Bjørn Petter Haugen 17 16 Kjell Ristesund 17 17 Tormund Ellingsen Hauge 17 18 Kjell Dalen 18 19 Johan Hauge Gjerde 18 20 Breivik Kalkverk AS 18 21 Per Halle 18 22 Per Sandvik 19-20

Oppdrag: Kommuneplan Side 4 av 23 1. Offentlege mynde Klagar Omtale i klage/merknad Kommentar/vurdering 1 Direktoratet for DMF syner til tidlegare merknader i saka og har ikkje ytterlegare kommentarar til Ingen vesentlege. mineralforvaltning (DMF) arealplanframlegget. 2 Noregs vassdrags- og NVE har ingen merknader til 2. gangs offentleg ettersyn. Ingen vesentlege. energidirektorat (NVE) 3 Statens vegvesen (SVV) Område F3 Vi saknar svar på kva utbyggingsområde F3 er tenkt nytta til. Slik vi ser det, er ikkje dette område vurdert nærare i konsekvensutgreiinga. Kommunen har gjort greie for område F2, men ikkje område F3. 4 Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FM) Område B5 Framtidig tilkomst til planlagde bustader i dette område må skje via den kommunale sidevegen, då vi ikkje vil tillate nye direkte avkjørsler ut på fylkesvegen. Vi ber om at det også her vert teikna inn på planen ein buffersone langs fylkesvegen mellom bustadområde B5, slik at ikkje formålsgrensa for nye bustader går helt opp til vegen. Område B6 Tilkomst til dette område må her, som området B5, skje via felles avkjørsle frå sideveg. Her bør det av omsyn til miljøet, visast ei buffersone mellom område for bustader og fylkesvegen. Område B8 Vi føresett at tilkomsten til området her skal skje via etablert avkjørsel. Det er naturleg her også med ei buffersone mot veg. Område B11 Før denne gang- og sykkelvegen vert bygd langs fv61, vil det vere uansvarleg av Sande kommune, som er plan- og bygningsmyndigheit, å tillate ei slik utbygging. Vi ber om at område B11 vert trekt ut av planen eller at det i føresegnene til kommuneplanen sin arealdel vert stilt rekkjefølgjekrav om at gang- og sykkelveg må vere på plass før område B11 vert bygd ut, jf. Fylkesmannen sin uttale i saka, brev datert 17. september 2013. B7 Kjelsvika Vi ønskjer likevel ikkje å gå vidare med denne motsegna. Fh14 Kletten på Kvamsøya Vi viser til motsegna vi kom ved første gongs offentleg ettersyn. Dette er eit urøyrd naturog friluftsområde med store landskapsverdiar. Konsekvensutgreiinga har konkludert med at utbygginga vil gje middels/høg konflikt. Det er ikkje kome fram nye moment som gjer at vi meiner det rett å trekke denne motsegna. F3: er eit mindre framtidig forretningsområde. Arealet inngår i gjeldande K-plan som Framtidig byggjeområde. B5: Trafikkmengd fv10 ÅDT ca 650. Tilkomst for feltet vil vere knytt til kommunal veg. Takast inn i føresegnene. Buffersone langs fv-en vil bli sett i reguleringsplan ved fastsetting av byggjegrense i hht veglov, min 15 meter. Eigen grønkorridor vil bli liggande som eit areal utan reelt vedlikehaldsansvar om det ikkje inngår i tomteareal. B6: Trafikkmengd fv10 ÅDT ca 650. B6 vil få tilkomst frå kommunal veg. Tilknyting til fv-en vil ikkje vere naturleg ut frå terrengmessige tilhøve. Takast inn i føresegnene. Buffersone vil kome naturleg fram gjennom fastsetting av byggegrense. B8: legg til grunn at eks/etablert avkøyrsle nyttast. Buffersone, jf B5/B6 B11: Tar inn i føresegnene at gang-/sykkelvegen skal vere etablert før utbygging av B11. OK. Avgrensing avklara med FM. Fh14 Kletten med tilhøyrande naustområde Fn30 er eit svært attraktivt område for fritidsbusetnad. Det er både politisk og frå bygdefolket sett fram krav om at Kvamsøya skal få større del av fritidsbusetnaden i kommunen. Dette for å stette opp om økonomien til gardsbruka, større omsetnad i butikken og meir folkeliv i bygdesamfunnet i helgane. For gardsbruka vert ikkje arealet sett på som eit tap driftsmessig, men tvert i mot som ei muligheit for å sikre framhaldande busetnad og drift på gardane. Det er vanskeleg å finne nye argument i det dei

Oppdrag: Kommuneplan Side 5 av 23 LNFF4 Basseneset/Vestnes - Kvamsøy Vi viser til motsegna ved første gongs offentleg ettersyn. Dersom kommunen vil vidareføre desse forslaga til arealbruk ønskjer vi å synfare områda før ei eventuell mekling. B16- Dueneset Gursken Det er ikkje kome fram nye moment som endrar vårt syn her. nemnde er dei vesentlege. Kommunen opprettheld framlegget. I mekling har FM akseptert FH14 som no avgrensa. Vilkår for reguleringsarbeidet er innarbeidd i føresegnene. LNFF4 Basseneset/Vestnes Kvamsøy Kommunen kan ikkje sjå at dei få hyttepunkta vil vere til hinder for bruken av Basseneset og areala kring Nonshornet. Kommunen opprettheld framlegget. Etter avklaring med FM er arealet justert noko. Motsegn trekt. Kommunen har eit overordna mål om å auke den faste busetnaden for å oppretthalde levande bygdesamfunn. Eit klart signal frå unge etablerer er at sjønære bustadtomter er attraktive tomter som skaper bulyst. Dueneset er eit sjønært område som har tilrettelagt vegtilkomst. Avstanden frå bustadområdet til bruksfunksjonar er akseptabel slik folk er vande med i distrikta, mindre enn 4 km jf grensa med krav om buss for skuleborn. I dette område har vi bustadbygging både i Sandvika og Øvre Knotten. Dueneset fell naturleg inn som ei hus gruppe i dette bumiljøet. Feltet går ikkje heilt i strandsona, ferdsel er sikra. I2: Utviding idrettsanlegget ved skulen Landbruk I vår fråsegn ved offentleg ettersyn første gong, hadde vi motsegn mot BA8 Gursken, område for idrettshall. Kommunen har no utarbeidd ei konsekvensutgreiing, der det er vurdert tre ulike areal ut frå graden av konflikt med ulike vurderingstema. Ut frå vår oppfatning, er det lagt for lite vekt på landbruksinteresser og jordvern i denne vurderinga, samanlikna med nokre av dei andre momenta. Motsegna står difor ved lag. Yngleplass for oter finnast i sjøområdet rundt heile Dueneset. Kommunen meiner yngleområde ikkje kan avgrensast så konkret som Dueneset. Der vil vere store restområde for slik yngling i fjorsystemet sjølv om Dueneset vert bygt ut. Kommunen finn ikkje å endre planforslaget. I meklinga med FM vart motsegna trekt. Ein kan vere usamde om vektlegginga av dei ulike momenta, men slik kommunen ser det er kvart tema gitt vekt rimeleg vektlegging etter dei verdiar/kvalitetar som er knytt til alternativa. Dersom jordvernet er avgjerande og dei andre momenta ikkje skal leggast vekt på så vil utfallet kunne bli annleis. Kommunen er i midlertid usamd i slik tyngde på jordvernet. Kommunen ser på utviding av idrettsanlegget som svært viktig for bygda og at det lar seg realisere. Kommunen opprettheld framlegget. I meklinga med FM vart motsegna trekt.

Oppdrag: Kommuneplan Side 6 av 23 Barn og unge: Vi vil rå til at kommunen også innarbeider eigne minimumskrav til storleik av ulike former for leikeplassar (nærleikeplass, balløkke m.v). Føresegner Fritidshus: Vi viser føresegnene 2.6.2. Kommunen har endra føresegna frå 200 m2 til 150 BYA. Vi meiner Sande ikkje kan samanlikne seg med regi ar for hyttebygging på Bondalseidet i Ørsta og Bøanedsætra-Ulvsheim i Stryn, då dette er intensivt utbygde område som ikkje ligg i strandsona. Vi meiner at det er meir naturleg å samanlikne seg med Vanylven, Ulstein eller Herøy. Her er storleiken fastsett frå 100 til 115 BRA. Vi har motsegn til dette er endra. Naust: Vi viser til føresegnene 2.6.3. Kommunen har redusert storleiken frå 60 m2 til 50 m2 BYA. Kommuneplanen legg opp til 300 nye naust. Vi meiner difor det er ein relativt stor konflikt i høve til strandsoneinteressene å tillate så store naust. Motsegna står ved lag til føresegna er endra til 40m2 BRA. Kommunen viser til føresegnene pkt 2.72. Leike, ute- og opphaldsareal. Her er gitt retningslinje for både nærleikeplass, ute opphaldsareal og større leikeplassar (meir enn 25 bustader). Kommunen kan ikkje sjå at det er rimeleg å stille andre krav. Viser elles til føresegnene 2.4 Rekkjefølgjekrav bokstav a. der leikeplass skal vere ferdigstilt samtidig med tekniske anlegg. Kommunen opprettheld føresegnene på desse punkta. Endring av BYA til BRA er OK. Kommunen reagerer på FM si haldning ang samanlikning med andre kommunar. Kommunen vil vise til si over tid omfattande satsing på å legge til rette for den kystnære fritidsbusetnaden. Kommunen har dette landskapet, Stryn og Ørsta har andre landskapstypar som kan nyttast. At kommunen ikkje skal få nytte storleik på fritidshus tilpassa marknadskrav i sitt arbeid med å legge til rette for bygging av fritidshus vert vurdert som urimeleg. Kommunen har, som Stryn, Ørsta, Bjorli mv., særpreg i sine aktuelle område for fritidsbusetnad som må kunne nyttast som eit kysttilbod. Det er vel kjent at folk sine krav til standard på hyttene i dag er knytt til funksjonelle løysingar med gode rom - som krev store bustadareal. At fjellandskap skal tole større utbygging enn fjordlandskap er ikkje kommunen samd i. Kommunen vil hevde sin rett til å nytte sine fortrinn på same måte som kommunar i same regionale hytteområde nyttar sine fortrinn. Kommunen vil derfor ikkje endre planforslaget m.o.t. størrelse på hyttene. I mekling med FM er storleik på fritidshusa avklara, jf føresegnene. Kommunen sitt mål om prioritering av fastbuande inneber også prioritering av naust. I Sande er det framleis slik at ein båteigar brukar sjøområde til meir enn øy hopping og bading. Fiske i form snøre, line, garn og teine er det normale. Dette medføre behov for meir hus plass enn for det urbane båtlivet. Kommunen viser elles til at naust i Herøy no i stor grad vert bygde med 5x10 meter storleik. Kommunen meiner difor at eit 40 m 2 stort naust ikkje er tilstrekkelig stort. Kommunen opprettheld planframlegget. Det vert vist til godkjenning av kommuneplanen for Herøy. FM stadfester endeleg nauststorleik for Sande kommune ut frå ei samla

Oppdrag: Kommuneplan Side 7 av 23 vurdering der vedtaket for Herøy vert del av avgjerdsgrunnlaget. LNFB-områda Det som i framlegget til første offentleg ettersyn var føresegner, har fått overskrifta Retningslinje, noko vi går ut ifrå er ein skrivefeil. Retningsliner er ikkje rettsleg bindande, og overskrifta skal såleis vere Føresegner. Dersom det ikkje er ein skrivefeil, vil motsegna stå ved lag. Passusen «tilkomstveg skal så langt råd ikkje gå over dyrka mark» er heller ikkje klår nok til å vere ei føresegn, då «så langt råd» er for lite konkret. Formuleringa bør vere «tilkomstveg skal ikkje gå over dyrka mark». I føresegnene pkt 5 1. celle endrast Retningslinje til Bestemming. Kommunen er ikkje samd i at det skal setjast eit skal krav til at tilkomstveg til bustad ikkje skal kunne gå over dyrka mark. Dette er ei klar målsetting, men kan skape vanskar i enkelte samanhengar. Med dei krava som gjeld for areal som skal kunne nyttast til tomtegrunn vil desse problema truleg vere få, men kommunen vil ikkje ha ei føresegn som medfører sak om dispensasjon på dette tilkomstspørsmålet. Kommunen held fast på ordlyden. Etter drøftingar har ikkje FM lenger motsegn til ordlyden i føresegna.

Oppdrag: Kommuneplan Side 8 av 23 5 Møre og Romsdal fylkeskommune (FK) 1) KU Generelt: Planmaterialet samla er svært omfattande, men likevel ikkje uoversiktleg. Både konsekvensutgreiing, planomtale og føresegner er endra på dei punkta vi hadde motsegn spesifikt. Det er mellom anna gjort ei områdevis utgreiing knytt til strandsona, det er gitt ei vurdering av heile kommuneplanen, også temavis. Føresegnene er stramma opp. Grunnlaget for motsegn er derfor ikkje lenger tilstades, og for den reint planfaglege delen er motsegna å sjå som trekt. Sjå likevel tilrådingar under kulturminne. AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE: Generelt må ein nemne kjende kulturminne i KU alle stadar der det ligg slike i eller nær områda ein utgreier. Gjeld særskilt: a) B4 på Hauge: det er ikkje gunstig at ein skriv at det ikkje er kjent fornminne i området. b) N17 Bringsinghaug: Den flotte røysa på Bringsinghaug er ikkje nemnt i samband med N17. c) Fh16 manglar omtale av eitt av dei verkeleg store gravfelta i landet. d) Vikane I og II, B19 og B20: Det er også tilkjennegitt signal som ikkje nødvendigvis treng vere riktige, til dømes ved Vikane I og II.: «Konfliktpotensial: Lite dersom kulturminna kan frigjevast, evt. at funn ikkje er så omfattande som vist.» Realiteten er at det er stor sjanse for funn av busetjingsspor frå bronsealderen utover dei funna som allereie er påvist. e) Fi11 Breivika - Larsnes: Manglar KU. Eit fornminne ligg rett utanfor området, men vi trur dette vil gå bra om den held landanlegg unna. f) Vi stussar også på at (eitt?) byggeområde som ved førre runde var «framtidige» no er «eksisterande» (Sætre, Gursken nedom bygdeveg), og med dette er både føresegn om reguleringskrav og KU borte. a) KU B4: Tek inn tekst om kjende fornminne i område. b) KU N17: Tek inn tekst om røysa på Brisingshaug. c) KU Fh 16: Tek inn tekst om gravfelt d) KU B19 og B20: Endrar tekst på konfliktpotensiale. Føreslår: «Det er stort sannsyn for funn av busetjingsspor frå bronsealderen utover dei funna som allereie er vist. Arkeologisk undersøking vil avklare avgrensing av dei to bustadområda». Sjå også 4f). e) KU Fi11: Gjeld sjøområde kravd lagt inn av Fiskeridirektoratet. Inngår i eldre plan og er delvis utbygd. f) B9 inngår i eldre plan og er delvis utbygd og har derfor vorte om definert til noverande byggeområde. Område kring gravhaug idnr 6842 er skilt ut som eige LNF-område. g) Ved første gongs ettersyn stilte vi ikkje krav om utgreiing vedrørande eventuell flytting av bauta på Larsnes. Vi meiner likevel dette burde vore gjort. Ein bør på generelt grunnlag fastslå i planomtale/ku at potensialet for nye funn må avklarast gjennom reguleringsplan. OPPSUMMERING KU: Vi rår sterkt til at dei momenta vi nemner her blir innarbeidd/omarbeidd i endeleg KU. Dei fleste av dei punkta vi viste til ved første gongs ettersyn er likevel etterkome, og samla sett kan vi akseptere at KU gir grunnlag for vedtak om kommuneplanen, og reiser ikkje motsegn på det planfaglege grunnlaget. g) Kommunen opprettheld framlegget om flytting av bautaene og søkjer om dispensasjon for dette, jf eiga sak/søknad. Omfang av innarbeiding/omarbeiding av momenta i KU er retta i hht avklaringar som følgje av drøftingar med FK under vegs etter 2. gongs planframlegg samt mekling med FM.

Oppdrag: Kommuneplan Side 9 av 23 PLANFORSLAGET MED FØRESEGNER: 2) Automatisk freda kulturminne PLANKART OG FØRESEGNER: a) N17 Bringsinghaug: Arealbrukskonflikt: På Bringsinghaug er det sidan sist runde lagt inn hamneutviding N17 inn mot områda rett utanfor idnr 15848. Dette er ei monumentalrøys som ligg mot bytet. Hamneføremålet er ikkje akseptabelt då det reduserer verdien betrakteleg for dette kulturminnet. MOTSEGN. Bustadområdet som er regulert på landsida av N17, må mellom vegen og sjøen reduserast om lag 20 m i sør, slik at røysa får ei smal buffersone i form av omsynssone C på grønt føremål, parallelt med steingard. Kommuneplan må då her gjelde føre reguleringsplan. b) Kartmarkering D-sone/C-sone: MOTSEGN. Vi registrerer ein meir eller mindre systematisk feil: på plankartet er kjende fornminne lagt ut som omsynssone D utan at sikringssona på 5 m sona inngår. Sikringssona på 5 meter er å rekne som ein del av det automatisk freda kulturminnet og må derfor inngå i omsynssone D. a) Bustadområde B30 og N17 reduserast med 20 m mot sør. C-sone for idnr 15848 vert utvida. OK, avklara gjennom meklinga med FM. b) Så langt som råd vil omsynssone D verte utvida med 5m for alle kjende fornminne i plankartet. Der førekjem tilfelle der dette ikkje er mogleg pga. eksisterande bygningar etc. Tilsvarande vert det så langt som råd lagt til 50m C-sone kring D-sona med tilpassing til eksisterande bygde forhold. Er retta på plankartet. Generelt har vi også motsegn der kjende fornminne har utbyggingsformål under omsynsonene. Også dette er nærare omtalt nedanfor. Sjølv om ein her skal ha ein reguleringsplan og dei endelege avklaringane om fornminne vil kome der, bør alle fornminne ha grøntformål under omssynsoner i og med at utbygging som regel vil vere i strid med omsynet. c) Føresegnsområde KpBO: Markering av område for føresegn KpBO skal vere stipla, ikkje heiltrukken line, som til dømes Parkering #2, eller utan markering jamfør #1. (RpBO) gjeld reguleringsplan. Larsnes kommunedelplan/området innanfor: d) Bauta idnr 55265. MOTSEGN. Industriområde med ståande bautasteinar inn mot friområde: Umarkert i plankart anna enn med rune-r (motsegn). Betre kartmarkering må til anten bautasteinane er tenkt å skulle stå eller om dei er tenkt flytta. Ved begge høve må ein markere noverande areal, og ved flytting også framtidig areal. Permanent framtidig plassering skal uansett ha omsynsone D og C. Dersom Riksantikvaren gir løyve til flytting skal dagens lokalisering vere område for føresegn (KpBO) og det skal i føresegn til området gjerast greie for vilkår for flytting inkludert eventuell arkeologisk utgraving. Vidare vil det vere naudsynt med krav om plan for sikring under flytting. Er retta på plankartet. c) Dei to markeringane #1 og #2 vert vist med same linjetype. Retta på plankartet. d) Framlegg til K-plan byggjer på gjeldande reguleringsplan. Kommunen legg til grunn at gjeldande reguleringsplan skal gjelde vidare. Noverande plassering vert markert med rune-r og føresegnsområde. Framtidig plassering vert markert med omsynssone D og C. Plan for sikring under flytting er utarbeidd, jf søknad om flytting. e) Parkering #2 Idnr 92167 MOTSEGN. Planen legg opp til utbygging i strid med kjent fornminne, det er funne ei kokegrop. Her vil vi fremje forslag om dispensasjon frå kulturminnelova. Dette vert gjort først når planen samla sett er utforma slik at det er grunnlag for eigengodkjenning. Inntil slik dispensasjon føreligg eller til konflikten er løyst på anna vis pliktar vi å ha motsegn. e) Har avklara framgangsmåte for frigiving, jf eigen søknad. På Gjerde må vi ha ei anna løysing, sjå under. Då sit ein att med kokegropa, og sidan Løysinga for kulturminne på Gjerde fastlagt skal skje gjennom

Oppdrag: Kommuneplan Side 10 av 23 planen no ikkje er klar til oversending til Riksantikvaren bør ein vurdere ein annan framgangsmåte dersom ein ønskjer å spare tid, t.d. ved også å markere kokegropa på Larsnes som grønt, og med omsynssone og setje krav om regulering saman med eventuelt andre tiltak i nærområdet. Dersom kulturminnet skal bli frigitt utan nærare vilkår vil snitt og dateringsprøve vere naudsynt. Dette kan gjerast saman med anna registreringsarbeid i området. Dette gjeld også avklaring av flintfunnet i området. Som ei prøveordning ut 2014 kan fylkeskommunen sjølv handsame frigjeving av ei enkelt ståande kokegrop i samband med regulering, gitt at funnet er tilstrekkeleg dokumentert og registrert. f) Vikane I og idnr 148218. Dette gjeld eit funn frå eldre bronsealder som ikkje er endeleg avgrensa. 5 m sikringssone er ikkje inkludert i omsynssone D på kartet. Utover dette er C- sona grei. Utbyggingsområdet er lagt under omsynssone C i dag, men vil etter oppretting vere i konflikt med sjølve fornminnet og D-sona. Utbyggingsområdet må trekkast noko sørover og utav alle omsynsonene, også C. På dette punktet har vi MOTSEGN. g) Steinalderbuplassen idnr 92517 på Naustneset. Underliggande arealføremål må vere grønt/ikkje utbygging. Her synest C-sona mot vest å vere avgrensa mot kommunedelplan Larsnes. For heilskapen sin del må denne utvidast til same radius som elles innover på kommunedelplan for Larsnes. Inntil dette er gjort har vi MOTSEGN. h) Idnr 170352 Årvik og 92618 Lånagarden Manglar sikringssone på 5m som skal inngå i sone D. MOTSEGN. GJERDSVIKA: i) Idnr 66460 Hide. Vi kan ikkje finne grunnlag for at omsynssone C-sona er avgrensa mot steingard i vest, sidaneh er ikkje er byggeområde vestanfor. Kulturlandskapet skiftar rett nok karakter, men det er jo lov til å slå og stelle grøntareal innanfor omsynsonene. Vi kan ikkje sjå at C-sone vil vere til hinder for moderne landbruk vest av steingarden. j) Idnr 175105 Hageselle. Langrøysa er no innkome på kartet, men heller ikkje her er 5m sikringssone rekna inn i omsynssone D. Omsynssone mot sør må strekkjast heilt inn til veg. På dette punktet har vi MOTSEGN. Tilgrensande LNFB-areal må ha føresegn som sikrar at byggeløyve ikkje vert gitt før fylkeskonservatoren har gitt fråsegn. k) Gjerde, gangveg over idnr 92613. Her er det gjort klart for dispensasjonshandsaming på kommuneplannivå med merking av funnområde som #1 (rett nok utan avgrensing). Riksantikvaren melder at dei berre handsamar dispensasjonar på kommuneplannivå for arealføremål 1; Bebyggelse og anlegg. Vegar høyrer ikkje til dette. Endeleg avklaring må med andre ord avvente til reguleringsprosess eller i samband med dispensasjon/byggesak. Ut frå dette pliktar vi på generelt grunnlag å ha MOTSEGN mot kommuneplan der utbyggingstiltak ligg over fornminne. I dette tilfellet er det avgrensa kva val ein har og vi ber om at ein i føresegn for området krev regulering som også skal drøfte om det er mogleg å unngå/redusere konflikt ved plassering/alternativt fortau i staden for gangveg. reguleringsarbeidet. Kokegropa er markert på plankartet i hht anvising frå kulturavdelinga og det er søkt om frigjeving. f) PLANKART: 5m sikringssone vert lagt til på plankartet. Utbyggingsområde reduserast til avgrensing omsynsone C. Sjå også 1d). Endeleg avgrensing vert fastsett i reguleringsplan, jfr. arkeologisk registrering. g) PLANKART: K-plan: LNFB6 reduserast slik at omsynssone ikkje ligg inne på byggeområde. Kommunedelplan: Omsynssone C utvidast med same radius som elles inn på K-delplan. h) PLANKART: Sikringssone D er justert. Omsynssone C er lagt til der dette let seg gjere. i) PLANKART: C-sone er justert ihht. pkt. 4b). j) PLANKART: Sone D og C er justert ihht. innspel. FØRSESEGNER: Det vert lagt inn føresegn som sikrar at byggeløyve ikkje vert gitt før fylkeskonservatoren har gitt fråsegn. k) Ein får ikkje dispensasjon i høve gangveg, må avklarast i reguleringsplan. PLANKART: LNFB1 vert redusert, område der idnr 92613 ligg vert endra til LNF og det vert lagt på D- og C-soner kring fornminnet. FØRESEGNER: I føresegner for området vert det stilt krav om at regulering også skal drøfte om det er mogleg å unngå/redusere konflikt ved plassering/alternativt fortau i

Oppdrag: Kommuneplan Side 11 av 23 Denne konflikten må også synleggjerast i KU. Inntil dette er på plass, pliktar vi som sagt å ha motsegn. I same lokalitet må LNFB1 ut av fornminneområdet. Å tilrå dispensasjon for nye hus vil vere meir konfliktfylt enn for gangveg. Også på dette punktet har vi MOTSEGN. HAUGSBYGDA/GURSKEN: l) Haugsbygda Lillebø, idnr 45506 Her sa vi i drøftingsmøtet at ein ved område LNFB4 slik det var fremja ved første gongs ettersyn, kunne tilpasse omsynsonene til eksisterande hus og hagar. No er LNFB4 ute av forslaget, men omsynsone C er tilpassa dei næraste eigedomane. Resultatet er at C-sona har blitt svært hakkete mot sør og berre 4 m frå idnr 45506 mot ein eigedom der det ikkje er hus eller hage før 50 m lenger sør. Vi ser ingen grunn for å ta eit generelt råd så bokstavleg og ber om at ein lagar ei C-sone på minst 20 m i nedkant og jamnar linja noko ut. m) Vik idnr 92611 (Ragnhildsåkeren) Her går ein liten flik av idnr 92611 inn i eit område som er regulert til utbygging, og ein enno mindre bit av dette er allereie utbygd. (Planid 20010928 Gursken kyrkje, vedteken 09.09.1998). Her er planvedtaket gjort utan at motsegn som vi hadde er trekt eller at frigjeving ihht kulturminnelova låg føre. For den delen av planområdet der utbygging ikkje er gjernnomført og der det heller ikkje var vår intensjon å trekkje motsegna, vil vi krevje at kommuneplanen går føre gjeldande regulering (MOTSEGN mot at denne planen skal stå på lista over reguleringsplanar som skal gjelde). For parkeringsplassen som er bygd vil et vere ein ide å la den verte omfatta av reguleringskrav knytt til B6 og få formalisert frigjeving av den fliken av idnr 92611 som er utbygd knytt til denne Denne vesle fliken inneheldt den gong forstyrra sport av steinalderbuplass, med funn av øks. staden for gangveg. KU: Arealbrukskonflikten vert synleggjort i KU for LNFB1. l) Omsynsone C er justert ihht. innspel. m) Føreslåtte endringar er utført. n) B9 Sætre forhold til gravhaug idnr 6842 - Sjå også 1f): Framtidig bustadområde B9 skulle her takast ut. Dette er ikkje gjort I staden har ein omdefinert området frå framtidig til noverande byggeområde. Så vidt vi kan sjå er dette i strid med faktisk planstatus og dermed ikkje akseptabelt. Vår tanke i drøftingsmøtet var at plan om gangveg nede ved fylkesvegen kunne bli akseptert, men gangvegen er no flytta opp i bakken ved gravhaugen, inne i omsynssone C kring gravhaugen. Vi vil ikkje tilrå dispensasjon etter kulturminnelova for dette funnet. Omsynssone D må utvidast med 5 m heile vegen rundt og gangveg må flyttast ned slik det opprinneleg var føreslått. MOTSEGN. Vi rår i tillegg til at ein drøftar fortau som alternativ, gitt behovet for skjering som kan øydelegge omsynssonene for haugen. I det same har vi også MOTSEGN mot bustadområde ikring lokaliteten og utforminga av omsynssona, jamfør også generell merknad om byggeføremål under omsynssonene. o) Sætre, bauta idnr 60581: Det er viktig at denne kjem fram av kartet. Må markerast med omsynssone D (som inkluderer 5 m sikringssone). Vi kan akseptere ei lita C-sone som vektlegg austsida N-S inkludert elvefaret. Under omsynssona må det vere grønt føremål. n) Sjå kommentar til 1 f). D-sone vert utvida med 5m. Gangveg vert flytta utanfor C- sona nærare vegen. Det er eksisterande bustadeigedomar med opparbeidde hagar tett på funnet. Forslag: Avgrensing mellom bustadområde B9 og LNFområde med omsynssone C og D kring gravhaugen må avklarast. o) PLANKART: Bauta vert markert med omsynsone D med 5 m sikringssone pluss C-sone ihht. innspel. Arealformål under omsynssona vert endra til grøntområde. FØRESEGNER: Har teke inn i føresegner for

Oppdrag: Kommuneplan Side 12 av 23 Planstatus er ein plan som etter kva vi kan finne aldri har vore på offentleg ettersyn, og tilhøvet til kulturminnelova er dermed ikkje avklart. Det må derfor inngå i føresegn for nærområda/utbyggingsområda at det er meldeplikt på tiltak. Inntil dette er på plass har vi MOTSEGN. p) Utvidingsareal Myklebust verft og idnr 147411: Her har vi signal om at kommunen kan vurdere dispensasjon etter kulturminnelova i samband med kommuneplanen og dermed markere arealet som KpBO-område, eller om ein skal søke dispensasjonsfremjing i reguleringsprosess. I sistnemnde tilfelle må ein legge fornminnet inn med omsynsoner og grønt under. I planen er det lagt inn omsynssoner, men på utbyggingsføremålet. I tillegg må omsynssonene vere større; 5 m sikringsone frå Askeladden skal inn i omsynsone D og C-sona skal vere det som er tilgjengeleg utanom allereie nedbygd areal ikring. På dette punktet har vi MOTSEGN. Dersom det er aktuelt å søke fremming av dispensasjon no, må fornminnet leggast inn fornminnet som KpBO område med vilkår i føresegn. SANDSØY OG VOKSA: q) Sandsbakk/Nordre Sande. LNFB11 (tidlegare LNFB14) er justert noko for å få plass til fornminna idnr 66462 og 25568. C-sona mot vest frå 25568 er likevel berre 3 m. her har vi MOTSEGN. C-sona må utvidast til ca 20m luftline. Bustadområde B23 (1.gongshøyring B22) ved gravhaugen idnr 25568 er også strekt lenger vest og nord enn eksisterande eigedomar mot gravhaugen. Også på dette punktet har vi MOTSEGN. Hald vestgrensa til eksisterande veg i nordre del av vestkant av B23 og til eksisterande tomter synnanfor. Ved massetaket ligg røys idnr 175108 att på kanten som no er markert. Kartmarkeringa gir for lite sikringsareal: C-sona er for lita mot dei ubebygde områda austanfor, og hugs 5 m sikringssone må inn i omsynssone D. På dette punktet har vi MOTSEGN. Mot vest må avgrensast i forhold til utbygd areal (massetak reell situasjon) Lat kommuneplanen gå føre reguleringsplan. r) Idnr 92610 Pejatunet er no justert (redusert) i Askeladden og kan lastast inn på nytt. Legg grønt føremål under. Bauta idnr 15846 må også ha grønt under for å synast att. s) På regulert område på Vorren er ikkje 5-m sona lagt inn i D-sona til fornminnet idnr 92640, men som C-sone. I område som er regulert bør ein strengt tatt nytte det som ligg i reguleringsplanen. t) På Bringsvor idnr 35471 ved idrettsanlegget (I8, tidlegare I6) er planen justert til ca eksisterande anlegg som avtalt. Men her har ein heller ikkje teke 5 m sikringssona inn i omsynssone D som ein skal. Vi har MOTSEGN på dette punktet. u) På same måte er 5 m sona ikkje inkludert i D på Kyrkjesande nærområda/utbyggingsområda at det i C-områda ikkje kan gjerast tiltak som kan skade kulturminna. p) Søker dispensasjon frå kulturminnelova for idnr 147411 og markere arealet som føresegnsområde. q) LNFB11: C-sone mot vest er auka iht. innspel. LNFB11 vert redusert tilsvarande. Avgrensing av B23 mot vest vert endra til eksisterande veg. Idnr 175108: D-sona vert utvida med 5 m. C-sone vert lagt til: mot vest vert grense sett ved utbygd areal (massetak reell situasjon) og mot aust og nord vert C-sone avgrensa av eksisterande bygningar og vegar. r) PLANKART: Idnr 92610 er lasta inn på nytt. Arealføremål under vert endra til grønt. Areal under idnr 15846 vert endra til grønt. s) PLANKART: Plankart er kontrollert opp mot godkjent reguleringsplan. t) Forslag: PLANKART: D-sone kring idrn 35471 er utvida med 5m. u) Forslag: PLANKART: D-sone for idnr 85381 er

Oppdrag: Kommuneplan Side 13 av 23 mellomalderkyrkjestad/kyrkjegard idnr 85381. MOTSEGN. Når ein har fått lagt denne inn har ein nytta alt areal som i planen er lagt til C. Riksantikvaren som forvaltningsmynde for mellomalderkyrkjestadar har ikkje sett krav om ytterlegarea c-sone her. v) For idnr 45508 og 25569 på Skare er ikkje 5 m sona inkludert i omsynssone D, men derimot C. C-sona er i tillegg for knapp vest for idnr 45508 og aust for idnr 25569. MOTSEGN. Lenger oppe også får vi to andre fornminneområde lagt inn utan at 5 m sona er lagt inn i D (idnr 25569 og 25570). MOTSEGN. w) Idnr 92516 på Voksa er kome på kartet, men i D-sona er ikkje 5 meter sikringssone med. I regulerte område jamfør også Vorren, kan ein hente omsynsone frå reguleringsplan. x) På Bautaneset på Voksa er ikkje 5 m sona med i D-sone. I tillegg må C-sone mot vest utvidast slik at alt uutbygd areal er med. På dette punktet har vi MOTSEGN. y) Fh11 Voksa vi minner om at alle freda kulturminne skal ha grønt under omsynssonen. MOTSEGN. utvida med vist C-sone. v) PLANKART: D-sone er utvida med 5 m for idnr 45508, 25569 og 25570. C-sone er utvida slik at grense går 50 m vest for D-sone for idnr 45508. Fn23 er redusert til grense for omsynssone. C-sone vert utvida aust for idnr 25569. w) PLANKART: D-sone er utvida med 5 m for idnr 92516. x) PLANKART: D-sone er utvida med 5 m. C-sone utvidast mot vest slik at alt ikkje utbygd areal er med. y) PLANKART: Fh11 er redusert slik at det idnr 6285 (aktivitetsområde ikkje kjem i konflikt med felt. Det vert lagt inn grøntareal under omsynssonene. KVAMSØY: z) I det store strandgravfeltet på Røysanes/Simmonnes, Kvamsøy idnr 6479 er sikringssonene minska sidan første gongs ettersyn. 5 m sikringssone er ikkje inkludert i omsynssone D og sone C utgjer berre desse fem metrane. MOTSEGN. C-sona må gå opp til hagen på bruka på nedsida av vegen og elles opp til vegen. Utover bør den gå til bytet mot utsett eigedom. Synfaring på Røysaneset ga oss innsyn i at vestgrensa i Askeladden er for knipen og denne er no utvida noko. Området kan lastast ned på nytt. æ) For enkeltrøysa vest av gravfeltet idnr 177009 må også sikringssone inn i omsynssone D. MOTSEGN. Fh16 bør framleis trekkjast lenger nordvest eller takast ut, av omsyn til denne næraste røysa, men framfor alt i forhold til det samla gravfeltet på Røysaneset/Simonnes som utgjer ein heilt særmerkt kulturminneverdi. Avstanden er tilstrekkeleg i forhold til standarden, men i dette fagfeltet er standardmål ikkje nødvendigvis mogleg. Sunnmøre er kjent for desse storfelta; Rønstad på Lepsøya har flest røyser (150), deretter kjem Røysaneset og Løsetstranda. Vi viser til dei omsyna planen sikrar kring kyrkja og kyrkjestaden i det opne lendet på Kyrkjesande, berre gjennom å trekkje unna nye tiltak. Vi tilrår å tenke stort også på Røysaneset, om enn på anna og tilpassa vis. ø) Idnr 36473 Dysjaneset. Omsynssone C er for lita mot sør, ho ser ut til å stogge ved eigedomsgrensa. På dette punktet har vi motsegn. C-sona må utvidast, retningsgivande z) PLANKART: Funnet er lasta ned frå «Askeladden» på ny. D-sone vert utvida med 5 meter kring idnr 6479. C-sone vert utvida: opp til hagen på bruka på nedsida av vegn og elles opp til vegen, til bytet mot busett eigedom. æ) PLANKART: D-sone er utvida med 5 m kring idnr 177009. Det bør vidare drøftast om Fh16 skal flyttast lenger vestover evt. ut gå, jamfør tilråding frå Fylkeskommunen. ø) PLANKART: C-sone er utvida mot sør slik at den er min 50 m.

Oppdrag: Kommuneplan Side 14 av 23 50m. 3) FØRESEGNER: a) Retningslinjer Oversendingsplikta, 8, 9 og 14. Den som planlegg eit tiltak som kan virke inn på automatisk freda kulturminne pliktar å ta kontakt for avklaring jfr. kulturminnelova. Dette gjeld også dei ikkje kjende kulturminna mange fornminne er framleis ikkje påvist. Kommunen sender jfr. plan- og bygningslova over plansaker samt dispensasjonar frå kommuneplan/reguleringsplan. Etter kulturminnelova skal også andre sakstyper som kan vere i samsvar med kommuneplan vere avklarte. Vi finn ikkje ei slik oversendingsplikt nedfelt i retningslinjer eller føresegn i framlegg til kommuneplan for Sande. a) FØRESEGN: Føreslått formulering vert innarbeidd i føresegnene under punkt 2.9, jf. b) under. Vi tilrår følgjande formulering som generell retningsline eller føresegn under punkt 2, men ikkje 2.9. som omfattar berre kjente kulturmiljø: «Bygge- og anleggstiltak som er unnteke frå plankrav skal klarerast i forhold til kulturminnelova ved oversending til fylkeskommunen. Dette gjeld tiltak både på land og sjø.» At vi ikkje kjenner alle fornminne, inneber også at vi må ha atterhald i forhold til desse. Dette betyr at nye funn kan påverke arealbruken i område der vi ikkje har anna særskilt merknad enn denne til kommuneplan. Dette vil kome fram dersom det vert igangsett regulering eller byggjetiltak. b) Om «2 Generelle bestemmingar» Under 2.9 Bør det slåast fast at alle som planlegg tiltak som kan påverke automatisk freda kulturminne skal ta kontakt med fylkeskommunen for avklaring. Jamfør ovanfor vil det elles på ein eller annan måte ver nødvendig å opplyse om den generelle plikta til avklaring vedrørande automatisk freda kulturminne. Retningslinjer til plan er godt eigna for dette. b) FØRESEGN: Under 2.9 er det innarbeidt at alle som planlegg tiltak som kan påverke automatisk freda kulturminne skal ta kontakt med fylkeskommunen for avklaring, jf under. Det vert også innarbeidt eit generelt punkt innleiingsvis i føresegnene om den generelle plikta til avklaring vedkomande automatisk freda kulturminne: «Den som planlegg eit tiltak som kan virke inn på automatisk freda kulturminne pliktar å ta kontakt for avklaring jfr. kulturminnelova. Dette gjeld også dei ikkje kjende kulturminna.» c) Om «3 Føresegner til omsynsoner, jf. PBL 11-8 1) I 3.1.5 bør føresegn vere slik: I desse sonene skal bevaring av landskap kring freda kulturminne og nyare kulturmiljø vektleggast. I bevaring er ordinær skjøtsel av vegetasjon (t.d. slått og vedhogst). For særleg viktige minne er utarbeiding av skjøtselplan ynskjeleg. 2) Føresegna tilknytt C-sona har eigen del om «mellomalderkyrkjegardane», det vil seie ei generell fleirtalsform. Føresegna er likevel resultat av innspel vedrørande Kyrkjesande og bør vere spesifikk på dette. Innhaldet gjeld i realiteten D-sona på Kyrkjesande og må flyttast til 3.2.2. MOTSEGN c): 1) FØRESEGN: 3.1.5 vert endra iht. innspel. 2) FØRESEGN: Føresegn tilknytt C-sona gjeld no D-sone, jfr. pkt.2 u) ovanfor. Punktet flyttast til 3.2.2.

Oppdrag: Kommuneplan Side 15 av 23 Det kan ha vore fleire middelalder kyrkjegardar enn vi er kjende med. Til dømes vil det kanskje vere mogleg å lokalisere kyrkjestaden Myklebust i Gursken. Denne vil i tilfelle vere automatisk freda jamfør kulturminnelova 3 og 4. Når det gjeld omsynsona sitt omfang knytt til planar under utarbeiding, vil vi tilrå at ein i samband med reguleringsprosessar nyttar termen «endrast» heller enn «reduserast». Registreringar kan nemleg og slå andre, der fornminna enno ikkje har fått si avgrensing. 3) I tilknyting til 3.2.2 tilrår vi som retningsline å informere om at alle som planlegg tiltak som kan påverke automatisk freda kulturminne skal ta kontakt med fylkeskommunen for avklaring, jamfør også over. Under sistnemnde er det også vist til kulturminnelova. Det er bra, sjølv om ein kan diskutere om omskrivinga av 3 er dekkande. Vi kan ikkje sjå at omsynssone d inneheld anna enn det som er freda (sjølve fornminnet samt 5m.) 4) Teksten «Avgrensing av omsynssone er avklara med kulturavdelinga», er ei rein saksopplysing og unødvendig. Avgrensing av D-sona skal vere basert på Askeladden dersom det ikkje ligg føre kopierbare omsynsoner frå reguleringsplan. Askeladden kan ha manglar, mellom anna er ikkje alle fornminna endeleg avgrensa. Dette betyr at fornminna kan gå vidare enn det ein trur. Det er positivt at ein her løftar fram strandgravfeltet på Røysanes/Simones. Tilsvarande kan dersom ein ønskjer det, gjerast med mellomalderkyrkjestaden på Kyrkjesande. 3) FØRESEGN: 2.9: har lagt til punkt om at alle som planlegg tiltak som kan påverke automatisk freda kulturminne skal ta kontakt med fylkeskommunen for avklaring. Alternativt vise til nytt generelt punkt om dette, sjå 3b) ovanfor. 4) FØRESEGN: Teksten «Avgrensing av omsynssone er avklara med kulturavdelinga» utgår. 5) I 3.5 kan ikkje konflikt med kjent fornminne merka #1 løysast slik føresegna er formulert. Då sit ein att med kokegropa og sidan planen no ikkje er klar for oversending til Riksantikvaren bør ein vurdere annan framgangsmåte for å spare tid, merknad ovanfor; T.d. ved også å markere kokegropa på Larsnes som grønt og med omsynsone og setje krav om regulering. Noko meir dokumentasjon vil vere nødvendig før frigiving. Formelt skal føresegnsområde «bestemmelsesområde» (bokmål stå med nummerering under tilhøyrande hovedføremål. d) KULTURMINNE FRÅ NYARE TID: I tilknytning til føresegn punkt 2.8.1 kan ein med fordel inkorporere retningsline om å nytte estetikkrettleiar som kommunane på Søre Sunnmøre utarbeidde i 2005. Den gir veldig mange gode råd mellom anna om landskapstilpassing, regional/lokal identitet og andre omsyn som bør gjelde nye tiltak i verneverdige kultur-, og naturmiljø. Slike miljø er det mange av i Sande sjølv om dei ikkje er merka med omsynsoner. Estetikkrettleiaren må vere lett tilgjengeleg for alle som skal i gang med nye tiltak. Om 3.1.5: Vi minner om at søknad om løyve til tiltak innanfor omsynsone H570, også for nyare tids kulturminne skal sendast kulturminnestyresmakta til høyring. 5) FØRESEGN: 3.1.5 må om formulerast, konflikt med kjent fornminne merka #1 kan ikkje løysast slik føresegna er formulert. Er endra og avklara. Framgangsmåte for frigjeving er avklara. Sjå også kommentarar til punkt 2 c) teikneteknisk, 2 e) vedrørande kokegrop #2 idnr 92167 og 2 k) vedrørande #1 idnr 92613. Er endra og avklara. d) FØRESEGN: punkt 2,8.1: Ein inkorporerer retningsline om å nytte estetikkrettleiar som kommunane på Søre Sunnmøre utarbeidde i 2005.

Oppdrag: Kommuneplan Side 16 av 23 2. Merknader frå private Klagar Omtale i klage/merknad Kommentar/vurdering Del av revidert kommunal arealplan: Vågen gnr. 22 bnr. 3 6 Bjørn Sandvik Sølsnæs og Per Sandvik I dette brevet protesterer vi på det aller sterkaste mot å bruke fulldyrka og verdifulle arealer med matjord i beste klasse, til kommunal omdisponering av et større areal på 10-12 dekar der matjorda skal fjernast for å gi plass til kommunale idrettsanlegg etc. Vert bruket vårt delt på denne måten som vist på kartskissen, så vil det ikkje lenger vere mulig å drive et rasjonelt jordbruk på dei gjenverande areala og verdien på restareala vert derfor kraftig redusert slik at interessa for eit livgjevande samfunn i Gurskevågen ikkje lenger er til stede. Dei som skal forvalte jorden i framtiden, er avhengig av at vi etterlater oss gagnbare og livsnødvendige ressurser som dyrkbar matjord utan forurensing. 7 Kjell Hauge 1. Ønsker her at alt areal på 12/1 og 12/10 mellom fylkesveg og kommuneveg vert lagt ut som spreidd bustadbygging. Slik det er innlagt no, er bare den øvre del av eigedomane utlagd. Altså ei vidareføring av gjeldande plan. 2. Det vart sendt inn ønskje om at areal på sørsida av fylkesveg på 12/10 vart utlagd som rorbuder/fritidsbustadar. Dette området er merka Fn8 i framlagd utkast. Altså til naustområde. Det er eit sterkt ønskje at dette vert omgjort til ønskja formål. For vidare planlegging av dette området, er det ønskjeleg å moglegheit til både fritidsbustadar og også naustutbygging. 8 Annbjørg Flatøy Vedlegg på nytt eit kart som syner korleis vi ynskte å få omregulert dei delane på Flatøya som ikkje eigner seg for landbruk, til FT-område med høve for utbygging av hytter og eventuelt hus og også bruk av deler av området til turisme. Det vi opplever i turistnæringa er at vi på den eine sida av øya tilrettelegg for turister og bruker store summer på dette, så ankrar båten opp på andre sida av øya, og folk går i land og påberopa seg allmennretten og lova for å gjere dette. Er det best at heile øya er FT-område eller som eg tidlegare har skissert, FT-område rundt markane som er på midten av øya. Kan ein bygge bustadhus i eit FT-område, eller er det berre hytter? 9 Sande Fastlandssamband Norconsult AS jobbar no med konsekvensanalyse og kommunedelplan etter oppdrag for Sande Fastlandssamband AS / Sande kommune. Vi har utarbeidd tunnelplanar der ein tok utgangspunkt i tunnelinnslag på Bringsinghaug. Men av ulike grunnar har Norconsult AS funne det rettast å flytte dette innslaget til Nesekleiva på Simonnes. Ut frå arealplanen ser Arealet er føresett nytta til viktige samfunnsfunksjonar. Det er ei overordna målsetting for kommunen å prioritere levekåra til dei fastbuande i kommunen. I dette ligg alle. Dette medfører då at grunneigaren her ikkje vert prioritert noko som for grunneigaren vil vere i strid med målsettinga over. Det avgjerande for kommunen er likevel at arealinngrepet gjev beste løysinga for korleis idrettsanlegget kan byggjast vidare ut, jf KU-en. Kommunen ser at inngrepet gjev vesentleg inngrep i gardsbruket sitt dyrkingsareal, men finn likevel at den aktuelle omdisponeringa i sum er ei forsvarleg løysing. Så langt vi kan sjå ligg del av 12/1 inne i områda B4 og B5. Løysinga er nøye avklara med FM i tilknyting til 1. planframlegg. Summen av bustadareal og LNFB er no slik at kommunen har sett av nødvendige areal til bustadbygging i planperioden. Merknaden vert ikkje komen i møte. Ønskje om at arealet også kan nyttast til fritidsbustader er drøfta tidlegare. Naust er prioritert. Det ligg ikkje føre nye argument og kommunen finn ikkje å kome merknaden i møte. Muligheita for utvikling av turistnæring på øya er vist ved plangrense og omtale av arealet i planomtalen som følgjer K- planen. Det er vist til at berre den delen som no er vist kan nyttast og då slik at bygningar og anlegg skal trekkjast tilbake frå strandsona. Det er elles lagt til grunn at ei rekkje detaljar må avklarast i reguleringsplan. Grunnlaget for dette er m.a. den ålmenne retten knytt til bruken av strandsonearealet. I planen må elles dei konkrete turisttiltaka plasserast, bustad/driftsbygg for eigar må kunne inngå. Kommunen ser ikkje å kunne endre dette, men føreset at ei rekkje spørsmål vert avklara gjennom reguleringsplanen. Alternativ vegtrase er ikkje teikna inn på plankartet, men felt Fh10 er trekt ut av planen.

Oppdrag: Kommuneplan Side 17 av 23 10 Monrad Hide, på vegne av Margit Hide vi at der er teikna inn eit hyttefelt FH16. VI ber om at det vert teke med som innspel på arealplanen. I vårt siste brev til kommunen, datert 4.11.2013 ba vi om å få vårt ønske mht. arealplan framlagt for fylkesmannen, samt ytret vi ønske om å delta på planlagt synfaring på Hide, noe som også ble tatt opp i telefonsamtale med teknisk etat. I ettertid ser vi at ingen av våre planer/ønsker er tatt hensyn til. Hovedsaken for dagens bruker er å sikre et drivverdig bruk og bosetting framover. Dette er også en av argumentene som kommunen har for at andre brukere har fått sine ønsker inn på arealplanen. Hvorfor denne garden av samme grunn ikke kan få regulert deler av garden inn mot ønsket formål, anser ser vi forskjellsbehandling og er heller ikke besvart av kommunen. Det er også vanskelig å forstå hvorfor kommunen sier nei til dette området og dagens bruker uten at Fylkesmannen har fått vurdert saken. Igjen må vi be om at gnr. 1 bnr. 4 blir vurdert på samme måte som andre garder på Hide for å sikre videre drift og fortsatt bosetting i kommunen. 11 Einar Saure Når begrunnelsen for å ikkje tillate naustbygging på min eigedom skal vere sikring av framtidig næringsareal så har eg følgende kommentar: Slik er forstår det så går denne grensa for LNF-området ved ex Longva Mek. Verksted. Etter at dette vart LNF-område så har det kommet opp 3 naust i strandsona mellom LNFgrensa og min eigedom. Ei tomt til er klargjort for bygging og kan byggast på når dette skulle vere ynskjeleg. Alt dette er omsøkt og godkjent av Sande kommune. Det står vidare 2 naust i dette området frå før. Det er soleis 5 naust og ei nausttomt mellom min eigedom og LNF-grensa. Eg kan derfor ikkje sjå «sikring av framtidig næringsareal» som ein god argumentasjon for å nekte frådeling av ei nausttomt på eigedomen. Når det gjeld byggeareal på strekninga Hageselle Hidsneset, så er desse nøye vurdert. Vi har i planprosessen fått fleire framlegg som går på areal til ulike føremål. I planen no er nokre få areal knytt til utvikling av stadbunden næring og fastbuande prioritert. I tilknyting til synfaringa kommunen hadde med FM vart det aktuelle arealet (jf merknaden) lagt fram og synfart. Gjennom synfaring/avklaring med FM vart konklusjonen at dei no viste areala kunne godkjennast byggeareal på ¼ inngår ikkje i dette. Det er ikkje sett fram nye vesentlege moment i saka no. Vi viser elles til at del av det aktuelle området, jf merknaden, er omfatta av kulturminnevern. Kommunen finn ikkje å kome merknaden i møte, jf også tidlegare avklaringar ved 1. gongs off. ettersyn. Saka er tidlegare nøye drøfta. Det ligg ikkje føre nye argument no. Det er ikkje aktuelt å tette att strandsona i dette området med meir naustbygging. Kommunen har gjennom planen dekt dei arealbehova som gjer seg gjeldande omsynteke både byggeareal og LNF-areal. Ved seinare rullering av kommuneplanen kan det ha oppstått nye behov som må dekkjast inn, ev større behov for å sikre oppretthalding av ikkje utbygde areal i strandsona. Kommunen ser ikkje nye argument i saka og viser til at dei ulike arealbehova er dekt. 12 Kari Lisbet Ulvestad og Kåre Steinar Seljeset Vi ber om visualisering av ny dokkhall og ny sjøhall ved MMV, sett frå husvære. Som viser tap av utsikt til sjø og himmel mot sør/vest. Tap av soltimar og kveldslys. 13 Kari Johanne Skarmyr Gjeld område B17 (tidlegare B18). I vurderinga av min merknad til arealplan datert 29.08.13, meiner Sande kommune at det ikkje vil før til vesentlege ulemper for meg dersom det omtalte området vert omgjort til tomter for bustadbygging. Eg er ueinig i dette, da ein av grunnane for kjøp av tomt i Hallelia, vart gjort med bakgrunn i at området som no er tenkt omgjort til bustadformål var LNF-område. Det vil vere ei stor ulempe for meg dersom det kjem bustader i dette området, jf. tidlegare innsendte merknad (vedlegg 1): Som eigar av gard nr. 28 bruk nr. 66, vil eg klage på planane om å bygge bustadhus på område B18 i Hallelia bustadfelt slik det er lagt fram i forslag til ny arealplan for Sande kommune. Vi kjøpte tomta i Hallelia med utgangspunkt i at arealet som er planlagt omregulert til bustadbygging var eit LNF-område, og at det ikkje skulle byggast hus på I tilknyting til regulering av det aktuelle området er det naturleg og rimeleg at utbygginga vert illustrert som del av planleggingsarbeidet og konsekvensar knytt til sol belyst. Kommunen legg difor til grunn at dette vert gjort. Når det gjeld synspunkta på denne utvidinga av bustadfeltet i Hallelia, så har vi tidlegare vore tydelege på at vi ikkje ser vesentlege konfliktar i saka. Utvidinga er naturleg og svært tenleg i høve allereie utbygd infrastruktur. Kring feltet er framleis omfattande LNF-areal. Vi kan ikkje sjå at merknaden no har nye moment av vesentleg karakter. Kommunen opprettheld planen.

Oppdrag: Kommuneplan Side 18 av 23 dette arealet. Vi ser ikkje at det skal vere naudsynt med bygging av bustadar på dette arealet, då det er mange andre prosjekt på gang i og rundt Hallelia. Det er så vidt vi veit ikkje planlagt bygging på meir enn 1 av tomtene i området vest i Hallelia. Vi ber om at det vert tatt omsyn til trivselen til eksisterande bebuarar i Hallelia, og at det ikkje vert bygd bustader på område B18. Vi meinar at det er naudsynt med nokre områder i eit byggefelt som ikkje er bebygd. I vår del av byggefeltet vil det ikkje vere igjen slike områder ved ei utbygging av område B18. 14 Unny Haugen Naustområder : På folkemøtet på Breidablik 20.09.2011 vart det frå mange deltakarar etterlyst fleire nausttomter i denne delen av kommunen. I planforslaget er det utlagt kun 2 nye naustområder Fn19 (Hallebygda) er eit landbasert naustområde utan sjøtilgang og Fn20 i Vikane som har vorte flytta innover mot Grønnevika. Totalt sett vil dette ikkje være nok i planperioden. Ynskjer difor at det vert lagt ut eit naustområde noko nærmare Holmesundet enn tidlegare foreslått slik at det ikkje kjem i konflikt med kulturminne og omsynssoner her. 15 Bjørn Petter Haugen Vi registrerer at våre samla innspill til arealplan ikke er tatt til følg. Vi observerer med stor forundring og skuffelse at argumenter som blir brukt i begrunnelsen for ikke å ta våre innspill inn i arealplanen både fra kommunen sin side og deretter fra fylkesmannen, er begrunnet i omsynet til barn og unge sin tilgang til fritids/sjøareal i området. Vi vil atter en gang presisere: Skolen har hittil ikke benyttet dette området til aktiviteter og vi har ikke sett dokument vedlagt høringsforslaget som antyder behov for dette. De siste årene har barnehagen benyttet det en gang et par timer, mer konkret i 2011 rett etter at våre første innspill til arealplan var mottatt av kommunen - merkverdig. Vi ser fortsatt for oss at dette området kan bli et av Sunnmøres flotteste bolig/feriefritidssenter der en kan kombinerer bolig og fritid i et flott maritimt miljø, dette gitt at våre innspill til arealplan med tilgang til sjøtomter blir opprettholdt som skissert i våre planer. Mvh eierne av gnr. 69 bnr. 5 og 7. 16 Kjell Ristesund Merknad til arealplan Hallelia byggefelt. I tida etter at vi bygde hus i -92 opplevde vi å få ein del vatn inn på tomta vår, også naboen var plaga med mykje vatn. Etter mykje om og men, fekk vi ei avskjeringsgrøft i bakkant av dei øvste tomtene som har teke unna mesteparten av vatnet som tidlegare kom ned til oss. Denne grøfta går på skrå over omsøkt areal (sjå vedlagt oversiktsbilde). Ansvarsforholda til kven som har ansvaret for å oppretthalde denne grøfta må avklarast, 17 Tormund Ellingsen Hauge kommunen, noverande eigar av arealet eller dei nye eigarane. Eg, Tormund Hauge har nylig tatt over Indre Hauge Gnr 13 Brn 1. Under den prosessen har det for meg ikke blitt opplyst at hele min eiendom er inne på arealplan for bustadtomter og vegforbindelse fra kommunal veg til fylkesveg. Eg er under prosessen Av dei naustareala som er sett av i planen er vi samd i at Larsnes-området har mindre del naustareal enn kommunen elles. Problemet med framlegget er at arealet retning og i Holmesundet er prioritert til friområde. Dette er del av grønstrukturen i Larsnes sentrum og er gjennom plandrøftingane så langt vurdert som vesentleg å oppretthalde. Bustadbygginga i Vikane er m.a. resultat av at Holmesundet m.a. er oppretthalde som grøntområde. Vi kan ikkje sjå at der er meir areal som kan tillatast nytta til naust i området som merknaden viser til. Vi viser elles til at det i reguleringa av Vikane I skal avklarast også kva grense som gjeld for dette feltet i retning Holmesundet. Kommunen kjem ikkje merknaden i møte. Vi viser til at denne saka har vore nøye drøfta gjennom heile planprosessen. Argumenta er kjende og konklusjonen ved handsaminga av merknadene ved 1. off. ettersyn var at born og unge skal prioriterast. Isolert sett ville ein kunne etablert eit flott feriesenter som skissert av grunneigar, men vilkåra for slik arealbruk kjem i strid med overordna omsyn knytt til born og unge og naturmiljøet. Saka er nøye drøfta med FM sist i mekling og det FM kan godkjenne er eit tilbaketrekt område til fritidsbusetnad - slik planen no viser. Spørsmålet kring handsaming av overflatevatnet vert ei sak som må løysast når det aktuelle arealet skal byggjast ut. Som vist til ligg del av bruket inne i område B5 som er føresett regulert til bustadbygging. Her ligg også trase for ny sambindingsveg mellom kommunevegen og fylkesvegen.

Oppdrag: Kommuneplan Side 19 av 23 med å renovere gården, bygge meg nytt bolighus og jobber også med en løsning på og bevare alle kulturminnene som gården innbefatter. En vegforbindelse fra fylkesveg til kommunal veg over gården vil forringe det meste av mine planer både for bolig og får gården, som ellers er det ett av det eldste bruket i Haugsbygda. Som nevnt i tidligere korrespondanse er eg under prosessen med å renovere gården. Kårstova på gården får nå ny kledning, tak og drenering rundt huset. Videre skal eg renovere fjøsen og garasjen. Hovedhuset på gården er i meget dårlig forfatning og er ikke hensiktsmessig og renovere, derfor er planen å rive dette og sette opp ny bolig i nærliggende område. Eg har ikke lagt konkrete planer for verken husets utforming eller nøyaktige plassering, men siden det nå er en kommunal arealplan i emning prøver eg å skissere opp området eg skal benytte til bolig. (se vedlagt kart skisse) Vi flyttet tilbake til kommunen tidligere i år og har vert i en lang og omfattende prosess med å ta over gården. Vi hopper nå (med begge føttene) inn i en stor og omfattende oppussingsprosess av en gård som betyr mye for oss. Det har gått meg «hus forbi» att arealplanen skulle innbefatte grunnen vår og vi håper at dere kan ta med våre planer i den videre planleggingen. 18 Kjell Dalen Larsnes er i vekst og det vil i åra som kjem verte etterspørsel etter sentrumsnære bustadområde. Mitt innspel går ut på at området frå Ørbeckhalsen til Gjerde bør regulerast som bustadområde. 19 Johan Hauge Gjerde Viser til vedlegg og ber om at dette blir registrert og tatt med i arealplanen vedr. omdisponering av areal til naust/fritidsbolig. 20 Breivik Kalkverk AS Vi vil med dette gi til kjenne at Breivik Kalkverk AS og Breivik Eigedomsselskap AS er positiv til dei langsiktige planane som er nedfelt i arealplanen og ynskjer å bidra til ei berekraftig utvikling som er viktig for dagens verksemd, og som også vil kome nye verksemder og arbeidsplassar i kommunen til gode. Vi deltek gjerne i det vidare plan- og reguleringsarbeidet som nå må gjerast. Vi vil også gjere merksam på at den planlagde Rovdefjordbrua vil kunne ha vesentlege konsekvensar for utnytting av området, både for igangverande kalkuttak og ny næringsverksemd. Vi bed om at dette vert teke høveleg omsyn til i det vidare planarbeidet. 21 Per Halle 1. Turveg gjennom BA8. Turveg kan innarbeidast i arealplan i tilknyting til BA8 Ut frå skisse vedlagt merknaden er nytt bustadhus tenkt plassert i traseen for den nye sambindingsvegen. Dette skaper utfordringar som først kan løysast som del av at område B5 vert regulert og der ein ev vurderer andre trasear for vegen. Når det gjeld vidare utbygging på bruket ser vi det slik at det først må godkjennast ein reguleringsplan for området. Kommunen har såleis forståing for merknaden, men må oppretthalde planframlegget slik det no ligg føre, og så gjennom reguleringsplan søkje å løyse dei utfordringane som vert peika på i merknaden. Det vart innleiingsvis drøfta om vi kunne få til meir bustadareal i området Gjerde. Der er i planen no areal i området som kan fortettast. Arealet som vert peika på er vanskeleg å byggje ut/medfører store kostnader og vesentlege terrenginngrep og vil med vere svært eksponert i landskapet. Konklusjonen har vore at dei påpeika areala ikkje er å sjå på som byggjeareal, men må oppretthaldast som LNF-område. Kommunen finn ikkje å kome merknaden i møte. Arealet ligg allereie inne i områda B4, B5 og Fn9. Vi tek til vitande at Breivik Kalkverk ser positivt på kommuneplanen og at selskapet vil medverke til utvikling av området. Når det gjeld fastlandssambandet vert moment her å ta med i den saka. Momentet kan takast med i diskusjonen kring utforminga av BA8 ved regulering. 2. Turveg ved Hallevatnet. Turvegen skissert rundt vatnet blir fullt ut liggande i sone for naturområde og kjem såleis i konflikt. Vi er samde i at turstiar i området Larsnesskogen er ei god løysing, men førebels bør desse avgrensast til dei som går fram av planen (frå stadion til Halleosen og frå skulen til Halleosen er der no vist sti til

Oppdrag: Kommuneplan Side 20 av 23 bustadfeltet Storehaugen, jf også fortau langs vegar. Merknaden vert ikkje teken til følgje. 3. Turveg frå Larsnes skule til gapahuken. Sjå over. Elles vert stiar naturleg laga gjennom barnetråkk slik at alle aktuelle møtepunkt etterkvart nok får sine stiar utan særskild opparbeiding. 4. Gang-/sykkelveg ved OP5. Planen legg gangveg i randsone mellom friareal og seniorbustader. Det ville vere betre utnytting av friarealet om gangvegen vart lagt nærare kystlinja. 5. Badeplassar i Larsnesvika og Skitnevika. Ber om at den opparbeidde badeplassen i Larsnesvika vert oppført i planen. Ber også om at den planlagde badeplassen i Skitnevika vert teken ut av planen. 6. Bebyggelse i Skitnevika bidreg til at Larsnes vert meir attraktiv. Eit seniorbustadområde kan knytast til Skitnevika ved at ei utviding av OP5 femner om deler av Skitnevika. Sjønær bebyggelse her kan leggje til rette for attraktive tilbod, auka aktivitet og betre livskvalitet. 7.Parkeringsplass P2 ved Rådhuset. Området inneheld kulturminne og det er interessekonflikt mellom bevaring av kulturminne og forslaget om parkeringsplass. Vidare er det stor høgdeskilnad på deler av området. Nordre del av området synes lite eigna til parkering grunna høgdeskilnaden. Ein del av noverande 87/70 kan nyttast til parkering. Dette ligg inntil P2 og området har ikkje stor kulturhistorisk betyding då det ligg utanfor sjølve Rønnebergtunet. 8. Bustadareal på gnr. 87 bnr. 1. I samband med bruk av areal på gnr. 87 bnr. 4 til bustader vil eg be om at det også vert tatt inn to areal på gnr. 87 bnr. 1. Desse ligg inntil gnr. 87 bnr. 4 og vil auke det totale arealet som kan nyttast til bustader i dette området. 9. S1 ved Larsnes Buss og Last. Larsnes Buss og Last er ei næringsverksemd med mykje tungtrafikk. Etablering av seniorbustader på OP5 forsterkar ein allereie vesentleg interessekonflikt mellom Larsnes Buss og Last og annan attraktiv bebyggelse på Larsnes som består av bustader, kontor, kulturaktivitetshus, sportsanlegg, kro, naust, badeplass og småbåthamn. S1 kan heller innpassast og verte del av OP5. Dette vil gje OP5 enda betre føresetnader til å nytte dei ulike areal på Larsneset med omsyn til naturverdiar og sentrumsnær lokalisering. 10. Rønnebergeigedomen nytt kulturminne (NK) Eg ber om at austre området «NK» vert endra til friområde dvs. får same status som noverande plan. Eit anna område aust for «NK» er benemnd H570_25 og dette inneheld ein privat gravstad og bere skogdekte areal. Den private gravstaden har kulturhistorisk interesse. Gravstaden utgjer berre ein del av området og skogen rundt har ikkje kulturhistorisk verdi. Eg ber om at skogsområda rundt gravplassen vert teke ut av Planen viser sti/gangveg mellom badeplassen- rundt Nesetangen til hamna. Badeplassen i Skitnevika har vore prioritert til badeplass også i forrige kommuneplan. Arealet ligg sentralt i Larsnes sentrum og med bakgrunn i den planlagde auka busetnaden vert arealet enno viktigare enn før som badeplass og tilkomst til sjøen. Opprettheld planen. Arealbruken er nøye drøfta slik at dei ulike interesse vert tekne i vare. Område OP5 er utvida så langt som råd omsynteke rådhusområdet, badeplassen og tilhøyrande parkering. Opprettheld planen. Kulturminna er søkt avklara. Det er behov for parkeringsplassen og kommunen opprettheld planen. Omtala areal vert å oppretthalde som vist i planen, jf elles kulturinteresser/omsynssone. Det vil vere ei utfordring å få til tilkomst til det aktuelle arealet om ikkje tilkomsten skal gå gjennom Tippen. Arealet som er vist som bustadareal merka Tippen er ikkje føresett regulert og vi vil rå til at ev omdiponering som vist til i merknaden vert handsama som ei dispensasjonssak der tilkomstløysing også vert vist/dokumentert. Førebels opprettheld kommunen planen her. Gjennom ulike innspel/merknader er arealfordelinga mellom noverande trafikkområde (Larsnes Buss og Last) og nye tiltak (jf OP5, gangveg langs kyststripa mv) søkt balansert. Vi kan ikkje sjå at merknaden gjev nye moment som bør endre planen. Kommunen opprettheld planframlegget. 10. Omssynssone 570 som er lagt inn for Rønnebergeigedomen er ihht det som er avsett til verneområde ihht. PBL. Å redusere utstrekning av gjeldande omsynsone er lite realistisk. Kring gravstaden er det lagt inn omsynsone 570 basert på innspel frå fylkeskommunen og Sande kommune. Gravstaden