Tilstandsrapport 2013. Oppvekstsektoren i Gulen kommune

Like dokumenter
Kvalitetsmelding for 2014

Kvalitetsmelding for 2015

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Månadsbrev for Rosa september 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Velkomen til Mork barnehage

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Til deg som bur i fosterheim år

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Balestrand kommune Sagatun skule

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsmelding for Tjødnalio skule 2015

10/60-14/N-211//AMS

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Øystese barneskule April - 08

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Tilstandsrapport for grunnskulen i Aurland kommune 2010

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte


HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Frå tre små til ein stor.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Informasjonshefte Tuv barnehage

Eit lærande utdanningssystem?

Kvalitetsplan for Gulen oppvekst

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Plan for overgangar. for barn og unge

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

VFL på Rommetveit skule.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Kvalitetsplan mot mobbing

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."


TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Elevundersøkinga 2016

Transkript:

Tilstandsrapport 2013 Oppvekstsektoren i Gulen kommune

OM RAPPORTEN UTARBEIDING Tilstandsrapporten er utarbeidd med utgangspunkt i talmateriale frå 2012. Resultat på prøvar og brukarundersøkingar er drøfta på einingane og eigne rapportar frå einingane er innarbeidde i rapporten. Hovudutvalet har hatt dialogmøte Byrknes barnehage og skule einingsleiarane. Leiargruppa har hatt saka oppe til drøfting i fleire møte. Då hovudutvalet for oppvekst drøfta innhald og prosess i januar vart det semje om ikkje å nytte Udir sin mal for tilstandsrapport og gjere eit forsøk å endre både form og innhald. Dei emna vi er pålagde å ta med vil de finne framleis, men presentert noko annleis. Det er og teke med glimt frå kvardagen i skule og barnehage. Intensjonen er at rapporten skal vere meir lettlest og interessant. Det er også viktig å understreke at tabellar og diagram berre syner deler av kvalitetane på oppvekstsektoren. Det kommunale tilbodet skal vere slik at enkeltbarnet opplever ein kvardag der dei kan vekse og utvikle seg. Det føreset at dei opplever å bli sett og at dei sterke sider får utfalde seg. Bilete som er teke med i rapporten skal vise andre kvalitetar enn dei som tala viser. OPPSUMMERING Barnehage: Vi har arbeidd mest med rammene for barnhagedrifta. Vi har no planar for fornying av areala og ein kapasitetsplan som skal dekke trongen framover. Vi må arbeide vidare med å lage gode uteområde/nærmiljøanlegg. Personalnormene må og vurderast. Vi greier å tilby barnehageplass til dei som ynskjer det. Det er eit klart ynskje at barnehagane arbeider tettare saman om å utvikle innhaldet i barnehagen. Dette har to sider. Dei tilsette sin kompetanse og systematisk arbeid med rammeplan for barnehagane Skule: Elevtalet på skulesektoren går ned og stillingsrammene må tilpassast nedgangen. Læringsresultata er tilfredsstillande og Gulenskulen vert plassert mellom dei beste i landet av Kommunal Rapport Kommunbarometeret. Resultata variere mykje. Det kan vere ein indikasjon på at enkeltlæraren i for stor grad driv opplæringa på eigne premissar. Kompetanse- og kvalitetsutviklingsarbeidet må rettast inn mot å skape tydlegare felles rammer for opplæringa på einingane. Arbeidet med det fysiske og psykososiale læringsmiljøet og vurderingspraksisen er og emne som må følgjast opp. 1

2 RESSURSAR

VEDTEKE RESULTATMÅL: I Gulen kommune skal tal elevar pr. årsverk vere om lag det same som i kommunegruppa. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Tabellane syner at den vedtekne reduksjonen av stillingar er gjennomført, og at det er fleire elevar pr. lærar i Gulen enn i kommunegruppa. Ein bør og merke seg at i motsetnad til tidlegare er det færre elevar pr. lærar på barnesteget enn på ungdomssteget. Dette er ynskte endringar. Utfordringane for åra framover er å redusere stillingsramma i samsvar med nedgangen i elevtalet. Denne tilpassinga bør sjåast i samanheng med personale som går av med pensjon og trongen for rekruttering. 3

RESULTAT NASJONALE PRØVAR RESULTAT 5. KLASSE: 5. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Gulen Engelsk 2,2 1,7 1,8 2 1,9 Lesing 2,2 1,7 1,9 1,8 2,3 2,0 Rekning 2,1 1,8 2,1 1,8 1,9 1,9 Sogn og Fjordane Engelsk 2 2 2 1,9 2,0 Lesing 2 1,9 2 2 1,9 2,0 Rekning 2 2 2,1 2,1 2 2,0 Landet Engelsk 2 2 2 2 2,0 Lesing 2 2 2 2 2 2,0 Rekning 2 2 2 2 2 2,0 RESULTAT 8. KLASSE: 8. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Gulen Engelsk 3 3,1 2,9 3,4 2,7 3,0 Lesing 3,1 3,4 3 3,6 2,8 3,2 Rekning 3,5 3,4 3,2 3,7 2,9 3,3 Sogn og Fjordane Engelsk 3,1 3,1 3,1 3,1 3 3,1 Lesing 3,2 3,2 3,1 3,2 3,1 3,2 Rekning 3,3 3,3 3,3 3,3 3,3 3,3 Landet Engelsk 3 3 3 3 3 3,0 Lesing 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 Rekning 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 RESULTAT 9. KLASSE: 9. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 3 Gulen Lesing 4 3,7 3,8 3,8 Rekning 3,8 3,6 4 3,8 Sogn og Fjordane Lesing 3,6 3,6 3,6 3,6 Rekning 3,6 3,6 3,6 3,6 Landet Lesing 3,5 3,5 3,5 3,5 Rekning 3,4 3,4 3,4 3,4 4

RESULTAT FOR ELEVAR FØDDE I 1998: 2007 2010 2011 Engelsk 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3 Gulen -0,2-0,1 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen -0,2 0,0 0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,0 0,1 0,2 RESULTA FOR ELEVAR FØDDE I 1999: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk 2008 2011 2012 Norge 2 3 Gulen 0,2 0,4 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen 0,2 0,5 0,3 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,1 0,6 0,6 RESULTATUTVIKLING FOR ELEVAR FØDDE I 2000: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk 2009 2012 2013 Norge 2 3 Gulen -0,3-0,3 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 Gulen -0,3-0,3 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 Gulen -0,2-0,2 5

NIVÅFORDELING AV ELEVAR I %: 5. klasse: Nivå 1 5. klasse: Nivå 3 Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Engelsk 21,6 35 35,7 19,4 27,9 Engelsk 37,8 5 10,7 16,1 17,4 Lesing 27 38,1 28,6 29,2 6,5 25,9 Lesing 43,2 9,5 14,3 12,5 32,3 22,4 Rekning 24 47,6 17,2 33,3 19,4 28,3 Rekning 32,4 23,8 27,6 16,7 12,9 22,7 S&Fj S&Fj Engelsk 24,3 25,6 24,3 27,7 25,5 Engelsk 28 22,0 23,6 20,4 23,5 Lesing 26,5 28,4 27,5 25,9 31,9 28,0 Lesing 24,2 21,8 24,1 28,1 21,5 23,9 Rekning 25,8 24,7 20,9 22,3 21,6 23,1 Rekning 24,5 28,9 27,6 29,4 25,7 27,2 Norge Norge Engelsk 25,6 23,7 24,6 26,3 25,1 Engelsk 25,6 24,7 24,5 24,5 24,8 Lesing 24,5 26,6 26,5 24,7 27,6 26,0 Lesing 26,5 23,5 26,9 27 25,1 25,8 Rekning 26,8 27,4 27,5 28,0 25,6 27,1 Rekning 24,4 25,7 26,2 24,9 24,5 25,1 8. klasse nivå1: 8. klasse nivå 5: Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 5 Engelsk 8,8 3,4 9,1 8,1 13,6 8,6 Engelsk 8,8 13,8 0 21,6 9,1 10,7 Lesing 8,3 0 3,6 8,1 9,1 5,8 Lesing 8,3 18,2 3,6 32,4 9,1 14,3 Rekning 0 0 5,9 2,8 0 1,7 Rekning 20 9,7 8,8 25 4,5 13,6 S&Fj S&Fj Engelsk 5,9 7 7,8 7,9 8,7 7,5 Engelsk 10 9,5 9,9 12,9 9,5 10,4 Lesing 5 4,9 5,4 7 5,9 5,6 Lesing 12,8 12,6 9,8 14,7 10,6 12,1 Rekning 3,1 4,7 4 4,4 5 4,2 Rekning 14 15,1 13,9 14,2 15,1 14,5 Norge Norge Engelsk 8,3 10,6 9,9 9,4 9,6 9,6 Engelsk 8,5 10,0 10,0 11,7 9,9 10,0 Lesing 7,9 7,7 7,4 7,7 7,6 7,7 Lesing 11,5 10,4 10,5 13,7 10,3 11,3 Rekning 6 6,5 6,6 6 6,1 6,2 Rekning 10,9 11,8 11,1 12,9 12,2 11,8 9. klasse nivå1: 9. klasse nivå 5: Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 3 Gulen 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt 3 Lesing 4 3 0 2,3 Lesing 44 24,2 32,4 33,5 Rekning 0 0 0 0,0 Rekning 29 21,9 40,5 30,5 S&Fj S&Fj Lesing 3 3,3 3 3,1 Lesing 25,7 25,7 23,7 25,0 Rekning 2,3 2,4 1,9 2,2 Rekning 24,4 23,3 23,7 23,8 Norge Norge Lesing 4,7 4,8 4,4 4,6 Lesing 22,1 23,6 20,5 22,1 Rekning 4,4 4,1 3,4 4,0 Rekning 19,4 20,4 21,1 20,3 Samanlikning mellom 5. klasse og ungdomsteget er ikkje mogeleg grunna ulik nivådeling 6

GRUNNSKULEPOENG, EKSAMENSRESULTAT OG STANDPUNKT I NORSK HOVUDMÅL, MATEMATIKK OG ENGELSK: Grunnskolepoeng 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 42,8 41,4 42,4 44,1 42,7 Sogn og Fjordane 40,8 41,3 41,5 41,2 41,2 Norge 39,4 39,8 39,8 39,9 39,7 Norsk eksamen 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 3 3,6 3 3,8 3,4 Sogn og Fjordane 3,5 3,6 3,6 3,9 3,7 Norge 3,4 3,5 3,5 3,4 3,5 Norsk standpunkt 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 4,2 4,1 4,1 4,2 4,2 Sogn og Fjordane 3,9 3,9 4 3,9 3,9 Norge 3,8 3,8 3,8 3,8 3,8 Matematikk eksa 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 3,6 3,3 4 2,8 3,4 Sogn og Fjordane 3,6 3,5 3,4 3,3 3,5 Norge 3,4 3,2 3,1 3,1 3,2 Matematikk st. 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 4 3,7 4 4,3 4,0 Sogn og Fjordane 3,6 3,8 3,7 3,7 3,7 Norge 3,4 3,6 3,5 3,5 3,5 Engelsk eksamen 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 3,7 4,3 3,6 4,5 4,0 Sogn og Fjordane 3,7 4,1 3,9 3,9 3,9 Norge 3,8 3,8 3,8 3,8 3,8 Engelsk st. 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 4 4 3,8 4,3 4,0 Sogn og Fjordane 3,9 3,9 4 3,9 3,9 Norge 3,8 3,8 3,9 3,9 3,9 7

VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Det nye dette året er at resultata er presentert med snittresultat for dei 5 siste åra der desse er tilgjengelege. På grunn av at det er få elevar i årskulla i Gulen, vil resultata naturleg svinge meir enn resultata i Sogn og Fjordane som har større elevgrunnlag. Samanlikningsgrunnlaget vert betre om vi reknar snittet for ein femårsperiode. NASJONALE PRØVAR: Kva syner så dei nye snittala? Resultata i 5 klasse er litt dårlegare enn snittet i Sogn og Fjordane i engelsk og rekning, men på snittet i lesing. I 2012 var resultata i lesing for Gulenelevane vesentleg betre enn i rekning og engelsk, og betre enn leseresultata i Sogn og Fjordane. Om dette er ei enkelthending, eller om det er eit resultat som held seg, må vi følgje med på. Det kan vere eit utslag av prioritering av leseopplæringa. Det kan og stillast spørsmål ved om satsinga på lesing har fått negative konsekvensar for rekning og engelsk. For 8. klasse er snittresultata i norsk og rekning lik snittresultata i Sogn og Fjordane. I engelsk er dei ein tidel under. Dei ligg på eller over landsgjennomsnittet. Resultata for 9. klasse ligg godt over resultata i Sogn og Fjordane og landet, men dette er eit snitt for berre 3 år. Resultata for 8. klasse i 2012 var ein god del dårlegare enn normalt, men ser vi på denne gruppa sine resultat i 5. klasse, har elevane i snitt hatt like god resultatutvikling som elevane i Sogn og Fjordane. Tendensen er at resultatutviklinga for Gulenelevane er betre enn for elevane i Sogn og Fjordane og på landsbasis. Dette gjeld for engelsk, norsk og rekning og for alle årskull. Dette er den sikraste indikatoren på at elevane i Gulen får ei god fagleg oppfølging. Det har vore nemnt at Gulenskulen er flinkare å følgje opp elevar med dårlege læringsresultat enn dei med gode. For å sjå om det fins dokumentasjon for slike påstandar er det laga oversikt over prosentandelen elevar på lågaste og høgaste nivå dei fem siste åra og laga snittal. Det er lite i desse tala som støttar ein slik påstand. Både lågtog høgtpresterande elevar får god oppfølging. Det er nemnt ovanfor at resultata på dei nasjonale prøvane for 5. klasse i 2012 var spesielle. Ser vi på resultata for nivå 1 og 3 utmerkar dei seg endå meir. Det er 3 gonger fleire elevar på nivå 1 i rekning samanlikna med lesing og det er 2,5 gonger fleire elevar på nivå 3 i lesing samanlikna med rekning. Dette kan berre forklarast med den undervisninga elevane har fått, og er eit tema som må føljast opp. Ein kompliserande faktor for desse samanlikningane er at resultata til elevane er grupperelaterte og ikkje målrelaterte. Det vil seie at 25 % av landet sine 5.klassingar alltid vert plasserte på nivå 1. Elevane på nivå 1 kan vere flinkare å lese enn tidlegare elevar på nivå 1, men dette vert ikkje registrert. Elevane i Gulen Klargjering av robåt. Her er 7. klassingane ved Byrknes Barnehage og skule i full gang med skraping. Skulen og fiskarbondemuseet fekk båten som gåve i 2012 8

kan verte flinkare å lese, men framgangen vert ikkje registrert om dugleiken til resten av elevane i landet utviklar seg tilsvarande. Frå 2014 er vi lova eit system der vi kan samanlikne den faktiske lesedugleiken. EKSAMENSRESULTAT Eksamensresultat og standpunktkarakter er ikkje direkte samanliknbare mellom anna fordi det ikkje er same elevgruppene som vert samanlikna. Tendensen er at standpunktkarakter er noko høgare enn eksamenskarakter. Tendensen for Gulen er at det er større avvik mellom standpunkt og eksamen enn for Sogn og Fjordane og landet. Avvik enkeltår let seg forklare med små grupper, men avviket for snittet for ein 5 årsperiode er så stort at den enkelte eining må sjå på resultata sine og vurdere om vurderingsrutinane er i samsvar med lov og forskrifter. GRUNNSKULEPOENG Grunnskulepoenga til Gulenelevane har helde seg høgt over tid. Kommunebarometeret hevdar at det er god samanheng mellom prestasjonane på nasjonale prøver og snittresultata for grunnskulepoeng. Dette er det viktig å merke seg. Det vert i enkelte samanhengar hevda at det er for enkelt å få god karakter ved skulane i Gulen. Elevar får problem når dei skal begynne på vidaregåande skule. Dei får ikkje dei karakterane dei er vane med. Desse utsegnene saman med eksamensresultata syner at vi har trong for å setje fokus på vurdering. Høgt snitt for grunnskulepoeng må ikkje vere eit resultat av for dårlege vurderingsrutinar. 9

LÆRINGSMILJØ Trivsel med lærar 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 7. 3,9 3,9 4,2 4,2 3,7 4,0 Sogn og Fjordane 7. 4,0 4,1 4,2 4,2 4,2 4,1 Norge 7. 4,0 4,0 4,1 4,1 4,1 4,1 Gulen 10. 3,7 3,6 3,8 4,0 3,8 3,8 Sogn og Fjordane 10. 3,7 3,8 4,0 3,9 3,9 3,9 Norge 10. 3,7 3,7 3,7 3,8 3,8 3,7 Mobbing 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 7. 1,7 1,5 1,1 1,4 2 1,5 Sogn og Fjordane 7. 1,5 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4 Norge 7. 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4 Gulen 10. 1,4 1,2 1,3 1,3 1,4 1,3 Sogn og Fjordane 10. 1,4 1,4 1,3 1,4 1,3 1,4 Norge 10. 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4 1,4 Fagleg rettleiing 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 7. 3,6 3,6 4 3,8 2,8 3,6 Sogn og Fjordane 7. 3,6 3,6 3,5 3,6 3,4 3,5 Norge 7. 3,5 3,5 3,4 3,4 3,4 3,4 Gulen 10. 3,1 3,3 3,3 3,6 3,1 3,3 Sogn og Fjordane 10. 3,0 3,1 3,1 3,2 3,2 3,1 Norge 10. 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 Mestring 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 7. 3,9 4 3,7 3,9 Sogn og Fjordane 7. 3,9 3,9 3,9 3,9 Norge 7. 3,9 3,9 3,9 3,9 Gulen 10. 3,8 3,9 3,7 3,8 Sogn og Fjordane 10. 3,9 3,9 3,9 3,9 Norge 10. 3,8 3,8 3,8 3,8 10

Fagleg utfordring 2008 2009 2010 2011 2012 Snitt Gulen 7. 4 4,0 Sogn og Fjordane 7. 4 4,0 Norge 7. 4 4,0 Gulen 10. 4,2 4,3 4,1 4,2 Sogn og Fjordane 10. 4,2 4,1 4,1 4,1 Norge 10. 4,1 4,1 4,1 4,1 VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Snittresultata for Gulen plassere oss stort sett der vi har mål om å vere. Resultata på alle indikatorane for læringsmiljø syner likevel dårlegare resultat for 2012 enn for 2011. Størst var nedgangen for elevane i 7. klasse. Det vert interessant å sjå på resultata for hausten 2013 om dette er ei enkelthending eller om det er ein tendens som helt seg. Om vi ikkje får endringar til hausten, bør den nye fellessatsinga på klasseleiing gje positive utslag på læringsmiljøet i åra framover. Alle elevar har krav på eit godt arbeidsmiljø både fysisk og psykososialt. Arbeidsmiljøet skal fremje læring og trivsel. Våren 2012 hadde vi fokus på mobbing der temaet skulle følgjast opp i alle elevsamtalar. Konklusjonen då var at vi hadde enkelthendingar, men ingen tilfelle av systematisk mobbing. Svara elevane gjev i elevundersøking fortel noko anna. Vi skal ha nulltoleranse for mobbing. Enkelthendingar vil førekomme. Det er viktig å ha gode system for å fange opp enkelthendingar og løyse opp i problema på ein god måte. Dette er eit lovkrav, og vi må ha fokus på at vedtekne rutinar vert følgde. Satsinga på klasseleiing vil ha fokus på dette. I tillegg må skulemiljøutvala sitt arbeid verte meir systematisk. Nedgangen for indikatorane «Trivsel med lærar» og «Fagleg rettleiing» må vi òg merke oss og følgje resultata i dei kommande undersøkingane nøye. Slike endringar er ei klar utfordring til skulane og skulekulturen. Einingane treng tydlegare felles rammer for samspelet i klasserommet og den faglege oppfølginga av enkelteleven. Elevundersøkinga gjev eit konkrete utgangspunkt for diskusjonar og prosessar rundt arbeidet med å skape eit best mogeleg læringsmiljø for elevane. Alle gjennomfører elevundersøkinga, men i kva grad ein brukar resultata i arbeidet med læringsmiljøet varierer sterkt. Ein av grunnane kan vere at vi til no har gjennomført elevundersøkinga i mars/april. Dette gjev lite rom for oppfølgingsarbeid i eit hektisk vårsemester. Dette vil betre seg ved gjennomføring på hausten slik det skal vere frå 2013. Det kan og verte aktuelt å lage felles kommunale rutinar for dette arbeidet der ein sikrar at elevrådet og skulemiljøutvalet vert involverte i arbeidet. 11

«KOMMUNAL RAPPORT» SI VURDERING: GRUNNSKULE: Karakter Plassering 2013 2012 2011 2010 2013 2012 2011 2010 Snitt grunnskolepoeng siste fire år (15) 6,0 5,7 6,0 19 28 16 Snitt grunnskolepoeng siste år (5) 6,0 5,2 4,7 5,9 7 48 84 23 Snitt nasjonale prøver 5. trinn siste fire år (10) 3,6 3,1 230 267 Snitt nasjonale prøver 8. trinn siste fire år (10) 4,8 5,0 63 48 Snitt nasjonale prøver 9. trinn siste tre år (10) 6,0 14 Andel elever som ikke har fullført og bestått videregående innen fem år, snitt siste fire år (20) 5,4 5,6 5,3 5,7 47 31 51 29 Antall elever per PC (5) 5,1 5,3 5,3 5,1 101 73 66 90 Trivsel, 7. trinn, snitt siste fem år (2,5) 3,8 4,1 274 235 Trivsel, 10. trinn, siste fem år (2,5) 5,8 6,0 28 6 Andel av lærere uten godkjent utdanning, 1.-7. trinn (5) Andel av lærere uten godkjent utdanning, 8.-10. trinn (5) 3,3 3,4 3,7 3,5 360 354 344 350 5,0 2,0 5,7 5,8 248 390 167 144 Andel ansatte i SFO uten relevant utdanning (5) 3,6 3,2 3,5 3,0 162 263 218 273 Åpningstid i SFO (5) 2,8 3,0 2,9 3,3 321 290 304 282 Nasjonale prøver og grunnskolepoeng er viktigst. For nasjonale prøver teller alle prøver like mye. Frafallet i videregående skoler er også vektet høyt; det hjelper lite med gode resultater på ungdomsskolen hvis mange ikke fullfører og består eksamen på videregående skole. Det er ganske god sammenheng mellom prestasjonene på nasjonale prøver og gjennomsnittlige grunnskolepoeng (avgangskarakterer). Elevene i Gulen presterer i all hovedsak på nivå med de aller beste i landet, enten vi ser på nasjonale prøver eller avgangskarakterer. Unntaket er nivået på 5. trinn, der elevene ligger midt på treet. Statistikk som Folkehelseinstituttet har publisert, viser også at andelen elever fra kommunen som faller fra på videregående, er lav og har vært det over tid. En relativt høy andel lærere står uten godkjent utdanning, særlig på barnetrinnet. I SFO mangler halvparten av de ansatte relevant utdanning. Åpningstiden i SFO er kort. 12

BARNEHAGE: Andelen ledere med pedagogisk utdanning er viktigst, sammen med hvor mange voksne det er per barn. Fra og med i år har vi regnet ledere og styrere med all pedagogisk utdanning som "ok". En ganske ny indikator er hvor stor andel av barn med minoritetsspråklig bakgrunn som går i barnehage. Det er en liten forskjell i telletidspunkt mellom barn med minoritetsbakgrunn og barn i barnehage. Nøkkeltallet kan derfor i noen tilfeller, særlig i små kommuner, være feil. En av tre styrere og ledere står uten pedagogisk utdanning, andelen har ligget høyt i flere år. Samtidig er det bare en av tolv assistenter som har relevant utdanning; det er mye dårligere enn før og langt under landsgjennomsnittet (27 prosent). Hvorfor er det så vanskelig å rekruttere folk med formell kompetanse? Barnehagene er ganske romslige, og barn per årsverk og oppholdstimer per årsverk indikerer begge at bemanningen er god klart bedre enn i mediankommunen. Bemanningen ble også bedre i fjor. Nesten alle minoritetsspråklige barn går i barnehage, det er klart bedre enn gjennomsnittet på 75 prosent. Vi er usikre på tallkvaliteten. 13

BARNEHAGANE I GULEN Barnehagane i Gulen har til no greitt å gje alle, som har søkt om det, tilbod om barnehageplass. Vi har hatt opptak av barn gjennom heile året. Kommunen har altså gått lenger på dette området enn lovkravet der retten til barnehageplass er knytt til eitt opptak for året. Søknaden til dei private barnehagane har vore liten dei siste åra, så dei har lagt ned drifta i august 2013. Kommunen må no dekke trongen for barnehageplassar i eigene barnehagar. I Brekke har ein greidd dette midlertidig med å ta i bruk areal i skulen. Her har vi starta prosessen med å byggje nytt barnehageareal slik at vi får ein 3-avdelings barnehage. Dalsøyra barnehage treng og auka kapasitet. Kommunen har vedteke å byggje ny toavdelings barnehage i tilknyting til Hovden byggjefelta. Med desse endringane vil ein etter prognosane kunne tilby barnehageplass til dei som ynskjer det. Uteareala knytt til skule og barnehage må oppgraderast. Ein bør satse på å utvikle gode nærmiljøanlegg som stimulerer barn i ulike aldrar til fysisk aktivitet. Desse anlegga må vere tilgjengelege også utanom skulen og barnehagen sine opningstider. Det vert fleire og fleir små barn i barnehagen og barna er til stades i barnhagen stort sett heile opningstida. Dette endrar føresetnadane for bemanningsnormene vi har. Vi kan ikkje lenger planlegge å ha ein vaksen på avdelinga med fleire småbarn til stades. Pedagogane har 4 timar arbeid som ikkje er knytt til barnegruppa. Dette resulterer i at vedteken norm med to pedagogar på avdelinga, gjev færre vaksentimar med barn. Desse endringane gjer at vi treng ein gjennomgang av normene. Personalsituasjonen i barnhagane betrar seg. Vi har tilsett fleire vaksne med ynskt kompetanse, både barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar. I tillegg er det fleire assistentar med lokal tilknyting som planlegg å ta til på desentralisert barnehagelærarutdanning. Kommunen planlegg å gje støtte til desse. Det ser altså ut til at vi vil få ei betring av situasjonen dei neste åra. I tillegg har vi meldt på 15 assistentar til ei modulbasert kompetanseheving. Dette tiltaket skal gjennomførast inneverande barnehageår og er delvis finansiert av staten. Dei siste åra har de vore jobba mest med rammene for barnehagedrifta. No er det viktig å få i gang att det systematiske arbeidet med å utvikle kvaliteten på det pedagogiske tilbodet i barnehagane. Leiarane på oppvekstsektoren vil prioritere det faglege utviklingsarbeidet. Dette vil vi samarbeide om kommunalt i tillegg til at vi har eit godt utvikla system med nettverksgrupper regionalt. Det ligg godt til rette for at vi skal oppnå resultat på dette området. 14

TILSTANDSRAPPORT FOR EIVINDVIK BARNEHAGE 2013 Eivindvik barnehage er ein toavdelings barnehage med 35 barn og 12 tilsette. Den eine avdelinga ligg på Haveland med 12 barn. Begge barnehagane ligg i flotte naturområder, som barnehagane er flinke til å nytte seg av. Til høsten, når den nye barnehagen i Eivindvik står klar, blir barna på Haveland flytta til Eivindvik. Vi ser fram til å komme i nye lokale som er tilrettelagte til små og store. I Eivindvik barnehage legg vi vekt på å jobbe med sosial kompetanse gjennom heile barnehageåret. Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar. Dette er ei av dei viktigaste oppgåvene barnehagen har. I år har dei store jobba med noko som dei kallar «hjerteprosjektet». Det går ut på å gjere andre glade, hjelpe kvarandre og vere snille med kvarandre. Vist ein har gjort noko av dette i løpet av dagen, får ein tildelt «hjerter». Dei har laga mange forskjellige hjerter, og hengt dei opp i tre i nærmiljøet. Dette for å synleggjere i nærmiljøet, noko av det vi driv med i barnehagen, og gjere folk litt nysgjerrige. Eit eksempel på å gjere folk glade; Stor avdeling i Eivindvik barnehage gjekk bortom kommunehuset for å dele ut kaker til alle dei tilsette der. Stor suksess. Sidan barn uttrykkjer og tileignar seg denne kompetansen i samspel med kvarandre og med vaksne, og at vi vaksne er rollemodellar, har vi samtidig jobba med kommunikasjonen mellom oss vaksne. Dette må vere på plass for at vi skal vere gode rollemodellar. Elles vel barnehagane ut tema angåande årstidene i løpet av året. Eit tema som dei har jobba ein del med i år er fisk. Her får ungane vere med å sette ut teiner og vere med å trekke dei. Vi kokar krabbene i barnehagen, og alle må smake. Her får vi hjelp av foreldre eller andre som er aktive på sjøen. Her er barna i naturen og lagar hjerter av naturmateriale som ein finn i skogen. 15

Krabbetur med foreldre Vi har også fått vore med foreldra på fiskeoppdrett. Det var stor suksess for både store og små å få oppleve laksen på nært hold. Elles er vi heldige som har bønder rundt oss. Her får vi komme og sjå på dyra når vi ynskjer det. Elles bidrar politiet på sykkeldagen vår i barnehagen, vi har besøk av tannlegen, helsesøster og vi bruker biblioteket. Vi har også laga oss ein naturleikeplass ovanfor kommunehuset, som vi brukar ofte i all slags ver. Vi har også tett samarbeid med skulen, der førskulebarna våra har opplegg med skulen siste året i barnehagen, og dei får vere med på rikskonsertane som er der. Vi har også i år vore med på prosjektet FORUT. Det er ein solidaritetsaksjon for utvikling. Her lærer vi om andre barn frå ulike land, der vi samlar inn pengar som vi sender til dei. Her er fokuset på å hjelpe andre barn som har det vanskeleg.. Vi avslutta prosjektet med middag, der vi inviterte både foreldre, besteforeldre og søsken. Positivt tiltak for alle. UTFORDRINGAR: Den største utfordringen vi har i barnehagen er å få utdanna folk. Det er stor mangel på førskulelærarar, og dermed blir personalgruppa veldig ustabil. Det gjer noko med den kvaliteten ein ynskjer å gje barna. Vi slit også med å få nokk tid til planlegging og evaluering. Vi må jobbe meir med å få gode system på å reflektere og vurdere det arbeidet som blir gjort i barnehagen. Vi ynskjer sterkt at assistentane får tilbake den ubundne tida si til planlegging. Ann-Norunn Leknes Styrar i Eivindvik barnehage 16

TILSTANDSRAPPORT FOR DALSØYRA BARNEHAGE 2013 Dalsøyra og Eidsbotn barnehage ligg 10 km. frå ein anna og har felles styrer. Eidsbotn barnehage har ei avdeling og helt til i eit gamalt skulebygg. Dalsøyra barnehage har 1,5 avdeling. På personalsida har desse barnehagane 7 årsverk og me har 30 barn. Det blei nyleg vedtatt at Eidsbotn barnehage skal få nye lokale i nærmiljøet. Både Dalsøyra og Eidsbotn barnehage har som mål å vere ein inkluderande barnehage. Me ynskjer at barnehagen er ein arena der alle i nærmiljøet kan møtast. Me er spesielt opptatt av at barna fra minoritets miljøet skal få høve til å møte andre barn. Pensjonistane i nærmiljøet blir ofte spurde om å vere vikar, dette til stor glede for både barna og vaksne. Me er stolt over den tredje tilsette som har hold ut i barnehagen til pensjonistalderen 67 år. Me bruker skogen og stiar til turområde og på Dalsøyra er me spesielt interessert i Rompene international airport. Flyplassen ligg på gå avstand frå barnehage og gir høve til fysisk aktivitet, mange inntrykk frå flymiljøet, høve til grilling og liknande. Alt saman med velsignelse av eigarane Berit og Roy. Me bruker skulen og fotballbana, Moldefjæra og me er, nesten daglig, på besøk på garden til Anita og Frode. Der mater me hønene og kaninane med matrestane. På Eidsbotn bruker me den flotte naturen rund Langevatnet. Det er eit fantastisk område til å gå lange turar. Me er ofte i område bak barnehagen. Her er det beite, bærbusker, ei elv og eit grenselaus område til å gå turer. Med dei minste i barnehagen er det kjekt å gå i byggefeltet. Akkurat passelig langt for å kunne «gå sjølv». På personalsida har me fått inn ein ny førskulelærer og dermed har me fått, inklusiv styraren, fire pedagogar. Me har og ein barne- og ungdomsarbeider som har søkt plass på høgskulen. Ho skal ta førskulelærer utdanning. Strukturen i barnehagane har endra seg dei siste åra. Me får inn mange små barn, ca. eit år, og det betyr at me må omorganisere. Me må bruke meir personal på dei små, og me må legge til rette fysisk. Me har og fått inn barn med minoritetsbakgrunn og mange av desse kjem frå Polen. Derfor er det fantastisk at me har fått ein to språklig assistent i 100% stilling. Ho starta hos oss som praktikant og fortsetter som assistent. No venter me spent på den nye barnehage på Eidsbotn. 17

EKSTERNVURDERINGANE Heile vurderingsrapportane er publiserte på kommunen sine heimesider og kan lesast der. I tilstandsrapporten er det berre teke med oppsummeringa EIDSBOTN BARNEHAGE Tema for vurderinga var «Kommunikasjon» Oppsummering: Eidsbotn barnehage er ein barnehage som det er godt å vere i. Det er ei roleg og god atmosfære. Det er god trivsel i barnegruppa, borna er tillitsfulle og dei er gode venner. Vi høyrer at det er ein god tone blant dei vaksne i barnehagen, både mellom kvarandre og overfor borna. Foreldra er ikkje redd for å ta opp ting med personalet og føler at dei både vert høyrd og respektert. Dei saknar eit system som sikrare informasjonsflyt mellom heim og barnehage. Borna er i fokus og deira behov vert godt i varetatt heile dagen. Vi har sett og høyrt god dialog med borna som har verbalt språk, og vi har sett at dei vaksne kan bli betre på aktiv lytting og dialog med dei minste barna. Dei vaksne er bevist at dei er viktige rollemodellar i alt dei seier og gjer. Når det gjeld konfliktløysing, kunne dei ynskje seg å drøfte praksis for å få felles strategi. Eidsbotn barnehage har ikkje rutinar for å drøfte eigen praksis, noko som er svært viktig for at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon. DALSØYRA SKULE Tema for vurderinga var «Vurdering» Oppsummering: Elevar og foreldre ved Dalsøyra skule fortel om ein trygg skule der alle kjenner kvarandre og føler seg ivaretekne. Foreldra opplever det som lett å ta kontakt med skulen, og lærarane seier det same om kontakt med heimen. Alle teama ved skulen er opptekne av utviklingsarbeid, og vi har høyrt om ein delingskultur mellom lærarane. Vårt inntrykk er at det vert gjort mykje godt vurderingsarbeid opp mot elevane, slik at dei veit kva dei har gjort bra og korleis dei kan bli betre. Skulen verkar å ha system for vurdering, sjølv om ikkje alle systema er skriftleggjorde. På vekeplanar og i klasserom ser vi døme på læringsmål. Det vert og stadfest i intervju med alle informantane at elevane veit kva dei skal lære. Det kan verke som vurderingsomgrepet er sterkt knytt til skriftleggjering. Eit viktig tiltak for skulen vil vere å gjere elevar, lærarar og foreldre medvitne om det munnlege vurderings- og tilbakemeldingsarbeidet som faktisk skjer til dagleg i klasserommet. 18