Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2016/4254-6 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Behandling dispensasjon - 123/10 byggje opp att naust - Uskedalen - Mariann Pedersen, Trygve Harald Hermansen og Dag Hermansen Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealføremålet LNF i arealdelen til kommunedelplanen for Rosendal-området, og pbl. 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagd oppattbygging av naust kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til strandsoneverdiane og allemenne interesser ikkje vert vesentleg tilsidesette. Dermed vert ikkje omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, vesentleg sette til side. Ut frå ei samla vurdering er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene. Søkjar: Neset Sameie (Mariann Pedersen/Trygve Hermansen/Dag Hermansen), Søndre Skogveien 54, 5055 Bergen Søknad mottatt: 20.06.2017 Om søknaden og eigedommen: Eigedommen er ei større gardseigedom som går til sjø der det er søkt om å føre opp nytt naust. Det er ikkje andre naust på eigedomen. Det vert søkt om dispensasjon til å føre opp nytt naust til erstatning for eit sjøhus som blåste ned under Nina-orkanen i januar 2015. Det gamle sjøhuset hadde grunnflate på 9x13 m med mønehøgde på nærare 8 m. Grunnmuren står igjen etter orkanen. Det er tenkt å byggja opp at eit naust som er 9x8 m på indre del av grunnmuren, mønehøgde om lag 6,5 m. Ytre del av grunnmuren er tenkt til kai. Naustet blir i tillegg vertikaldelt då det er fleire deleigarar. Det er søkt om naust i to plan, utan rominndeling i 1. eller 2. plan. Av innsendte planteikningar er naustet tenkt brukt til båtlagring, lager/reiskap. Ein ønsker vatn til yttervegg og straum, ikkje avløp. side 1
Kart med eigedommen og kommunedelplan, sirkel rundt plassering av naust. Bilde av sjøhus som blåste ned i 2015 side 2
Teikning av nytt naust Planteikning nytt naust side 3
Arealstatus og strandsone Arealstatus for eigedommen er LNF i kommunedelplan for Rosendal-området, godkjent i 2003. Det er ikkje satt byggjegrense mot sjø i planen. Nabovarsel Naboar og gjenbuarar er varsla og det er ikkje kome merknader. Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka har vore sendt på høyring til følgjande: Fylkesmannen i Hordaland Merknad: Fylkesmannen kom med uttale 16.01.2018. Fylkesmannen trakk fram at «Den omstendighet at en bygning som følge av brann eller storm blir totalskadet, vil i alminnelighet være et sterkt argument for å tillate gjenoppføring, jf. Somb 1990 s. 163.» Ein var likevel negativ til dispensasjon her fordi ein ikkje var sikker på at naustet var tenkt som naust, då ein mangla opplysningar om rominndeling av bygget. Etter uttalen frå Fylkesmannen har søkjar gitt utfyllande informasjon med planteikningar, som no er lagt til saka. Hordaland fylkeskommune Merknad: Ingen merknader. Naturmangfaldlova Det er i området i sjø for 123/10 registrert lokalt viktig naturtype «Bløtbunnsområder i strandsonen», sjå http://www.miljostatus.no/kart/. Kulturminne Sjøbu som blåste ned i Nina-orkanen 2015 på plassen var SEFRAK-registrert, tidfesta frå 1800- talet, tredje kvartal, sjå http://faktaark.klif.no/sefrak2.cshtml?objectid=204512. Støy Ikkje aktuelt. Klimatilpassing Tiltaket må vere tilpassa påverknad frå vind, bølger og stormflo. Veg, vatn og avløp Det er ynskjeleg med tilknyting til vatn og straum. Aktuelle lovheimlar Det planlagde tiltaket krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå formålet LNF i kommunedelplanen for Rosendal-området, og pbl. 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering Det er søkt om å føre opp eit nytt naust til erstatning for eit sjøhus som blåste ned under Ninaorkanen i januar 2015. Ein vil byggja nytt naust på grunnmuren til sjøhuset, som er ei fylling ut i sjø. Sjøhuset som blåste ned var SEFRAK-registrert som eit bygg frå 2. halvdel av 1800-talet. Sjøhuset høyrte til garden på 123/10 og det er ikkje andre naust som høyrer til garden. Grunnforholda på side 4
staden gjer at det ikkje er andre plassar på eigedommen som ligg til rette for tilkomst til sjøen med naust. Grunnflate til sjøhuset var 9x13 m, med mønehøgde på nærare 8 meter. Det nye naustet ein no vil byggja vil bli mindre i grunnflate og høgde, men likevel større enn naust kommunen vil gje løyve til etter nye kommunedelplanar. Planteikningar av naustet viser at det ikkje er tenkt å rominndele 1. eller 2. plan, men naustet skal brukast til å lagre båt og reiskap. Det nye bygget vil då vidareføre bruken av bygget det skal erstatte. Arealføremål for eigedommen gjev føringar for bruken, men her vidarefører ein eksisterande bruk gjennom å byggja nytt naust. Sjølv om det ikkje har vore eit bygg på plassen sidan sjøhuset som stod der blåste ned i januar 2015, vil ein likevel ikkje sjå det nye naustet som at det legg beslag på nytt areal, eller at bruken vert endra. Sjøhuset stod på plassen i mange år og bruken og miljøet rundt det har nok tilpassa seg bygget og bruken på plassen. Visuelt vil det nye naustet vere mindre enn sjøhuset, og då noko mindre dominerande i miljøet. Strandsoneverdiane vert ikkje vesentleg råka av eller endra ved bygging av eit nytt naust, då det er planlagd på plassen der det stod eit sjøhus sidan 1800-talet. Grunngjeving Det planlagde tiltaket er ei erstatning for eit sjøhus som stod på plassen sidan 1800-talet, som blåste ned i januar 2015. Ut frå ei samla vurdering finn ein at omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vedlegg Søknad Uttale frå Fylkesmannen i Hordaland Utfyllande informasjon frå søkjar side 5