Årsplan for barnehageåret

Like dokumenter
Årsplan for barnehageåret

Årsplan for barnehageåret

Årsplan for barnehageåret

1 Snøkrystallen småbarnehage

Årsplan for barnehageåret

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Månadsbrev for Rosa september 2014

Årsplan for Snøkrystallen småbarnehage Spor av kvardagsmagi. S i d e 1 18

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

I APRIL HAR VI: IKT:

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

6-åringar på skuleveg

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for Blå, november 2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Årsplan for

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Bjørnehiet SFO - informasjon

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Trollnytt for januar og februar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

OK, seier Hilde og låser.

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Informasjonshefte Tuv barnehage

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Månadsbrev Januar `18

Skjema for eigenvurdering

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Klepp kommune Tu skule

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Årsplan 2011/2012 FURUKOLLEN FAMILIEBARNEHAGE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Standera, teikn på kvalitet. Felles for alle barnehagane i kommunen. 1. Dialogisk lesing fremmer positiv interaksjon mellom barn og vaksne 2.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månedsbrev for April

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Månedsbrev april 2015

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev for Februar

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev oktober 2015

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

S i d e 1 20

Årsplan for barnehageåret 2017-2018 I haust trådde ein ny rammeplan i verk. Rammeplanen dannar grunnlaget for alt arbeid som foregår i barnehagen, og er det styrande dokumentet for oss som jobbar i barnehagen. «Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. Samfunnsmandatet til barnehagen er, i samarbeid og forståing med heimen, å vareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng.» (Rammeplanen (2017),s.7) I Snøkrystallen småbarnehage har vi begynt å gjere små endringar i samband med at vi no har fått ny rammeplan, og vil nok i tida framover fortsette med å gjere det. Ein ny rammeplan vil føre til endringar, men samstundes må vi skunde oss langsamt og sørge for at både det faglege grunnlaget for endring er på plass og at barna sine behov vert vektlagt. Vår visjon er: «Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg», og denne grunntanken går igjen i måten vi møter barn og vaksne på ja, faktisk i alt vi gjer. Vi ønsker å undre oss saman med barna og «oppdage» verda saman med dei. Barn, som vaksne, er uttrykksfulle individ som er i aktivt samspel med omgivnadane. Då er det vår oppgåve som vaksne å sjå og tolke dei uttrykka som barna kjem med. Her i eittårsplanen finn du planane vi legg for eit tema og korleis. I år har vi landa på orda: Spor med nynorsk. Barnegruppa i år er ganske likt fordelt mellom 2015- og 2016-kullet. Og rundt nyttår får vi bli betre kjende med 2017-modellane våre. Vi gleder oss til å få jobbe med temaet nynorsk, både gjennom bøker, songar, rim og regler. Nynorsk er i tillegg hovudmålet som barnet ditt vil verte møtt med i skulen, og er det målforma som er knytt opp mot lokalsamfunnet vi bur i. Nynorsk vert brukt både i daglegtale og som skriftform her vi bur, men samstundes vil barnet ditt møte mest bokmål både gjennom tv og bøker. Gjennom årsplanen og treårsplanen, som gjeld for perioden 2016-2019, håpar vi de skal bli kjende med tankane våre for å drive ein småbarnehage. Vi håpar du vil vere med på å lage ein god barnehage for dei minste, ved å vere ein deltakande forelder. Følg med på kva vi gjer gjennom både heimeside og sosiale media, snakk med barnet ditt om kva som skjer i barnehagen. Sjå på bilete i lag og ta deg tid når du kan, til ein prat når du hentar eller leverer. Kanskje vil snøkrystallen din vise deg noko? Du kan få låne bøker i barnehagebiblioteket som du kan ha med heim og lese for barnet ditt. Vi har som mål å lage bøker som kan vise deg og andre kva vi ser og opplever i barnehagen. Og du som føresett skal også få vere med på å lage bok saman med barnet ditt. Vi gleder oss til eit nytt år med nye familiar å bli kjende med. Velkomen skal du vere! Nordfjordeid 20. september 2017 Karina Kjørstad, styrar/ eigar og Bente Elise Thunem Hjelle, pedagogisk leiar. Visjonen vår: Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg. S i d e 2 20

Kontaktinformasjon: Snøkrystallen småbarnehage, Holane 12, 6770 Nordfjordeid Telefon 473 95 464 www.snokrystallen.barnehage.no E-post: snokystallen@gmail.com Barnehagen har side under nettsamfunnet Facebook. Opningstider Måndag-fredag 06.45-17.00. Vi vil ha hovudvekta av personalet frå 07.30-16.30. Det betyr at ein opnar berre tidlig om behovet er der, det same gjeld ved stenging. Stengd Barnehagen er stengd mellom jul og nyttår og onsdag før skjærtorsdag. Fellesferie for Snøkrystallen, veke 29, 30 og 31 i 2018. Dette vart bestemt på barnehagemøte for foreldra den 18.september 2017 Planleggingsdagar: 15. august 2017. 25. oktober 2017. 15. november. 2017 02. januar 2018. 11. mai 2018. Desse 5 dagane er sette av til kompetanse- og kvalitetsheving for personalet. Personalet har kurs, tilrettelegging og planleggingsarbeid desse dagane. Barnehagen er stengd. Siste dag i barnehageåret 2017-2018 er tysdag 14. august 2018. Barnehageplassar Samansetning av barnegruppa vert gjort fortløpande gjennom året, med hovudopptak om våren, Snøkrystallen samarbeider med kommunen om opptaket. Har du spørsmål om ledige plassar må du berre ta kontakt. Forsikring Kvart barn er forsikra 24 timar i døgnet så lenge barnet har plass i Snøkrystallen småbarnehage. Avtalen er gjennom Private Barnehagers Landsforbund (PBL). Trafikktryggleik Eid kommune har i samarbeid med Trygg Trafikk, arbeidd mot å bli ein trafikksikker kommune. I Snøkrystallen lærer barna gradvis, etter utvikling og alder, korleis vi skal opptre i trafikken. Foreldra får informasjonsskriv frå Helikopterbarna og Trygg Trafikk om trafikktryggleik i bil. Tryggleik ved henting og levering er fast tema på barnehagemøtet for foreldrene kvar haust. Barnehagen har rutinar for korleis vi ivaretar tryggleik i trafikken når vi er på tur til fots eller med bil. Samarbeidsutval Samarbeidsutvalet sine oppgåver er å vere rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet skal arbeide for eit godt barnehagemiljø for barn, foreldre og personale. Ein skal arbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen i barnehagen. Representantar i samarbeidsutvalet dette barnehageåret: Hilde Merete Heggen, Linda Hjelle og Karina Kjørstad. Mari H. Nilsen stiller som sekretær. Samarbeidsutvalet har møte kvart år. S i d e 3 20

Foreldrerådsrepresentant Hilde Merete Heggen vart vald til foreldrerepresentant for barnehageåret 2017-2018. Carina Grodås er vara. Det vert kalla inn til foreldrerådsmøte viss det dukkar opp saker som skal takast opp. Alle foreldra er medlem av foreldrerådet. Oppgåver for foreldrerådet er: Fremme felles interesser. Vere med å skape eit godt barnehagemiljø. Styrke samarbeid mellom barnehage og foreldregruppa. Vi sender ut ei brukarundersøking i løpet av barnehageåret slik at vi kan få evaluert arbeidet vi gjer i barnehagen i samarbeid med foreldra. Personalet Alle som jobbar i barnehagen har teieplikt, ein har likevel opplysningsplikt overfor barnevernet når ein har mistanke om at barnet eller familien kan trenge tiltak frå barnevernet. Barnehagen vil så langt som råd gjere dette i samarbeid med familien. Personalet går vakter. Barnehagen kan kome til å ta imot skuleelevar og ha praksisplassar utover året. Eigar/styrar: Karina Kjørstad Pedagogisk leiar: Bente Elise Thunem Hjelle og Mari Henden Nilsen Assistent: Linda Hjelle Heimesida På heimesida vår finn du mykje informasjon og får innblikk i kvardagen vår her i barnehagen. Under har vi lista opp litt av informasjonen du kan finne der. www.snokrystallen.barnehage.no Tavla Opningstider og stenging Parkering og trafikktryggleik Klede Idear til matpakke Idear til festmat Bilde frå kvardagen Nyheiter Årsplan Treårsplan Månadsplanar Plan for samlivsbrot Vedtekter for Snøkrystallen Lov om barnehage Og mykje anna! Assistent: Line Kathrine Dalsbø Vikarar: Else Bjørlo, Anne Mette Lillillestøl, Marte Gilleshammer, Silje Bakke, Sigrid Bjørkedal. S i d e 4 20

Vi har delt inn året slik: Haust: "Den lille larven Aldrimett" av Eric Carle. Dette er ei klassisk og verdskjend biletbok om ein svolten liten larve som et seg gjennom boksidene. Til slutt forvandlar larven seg på magisk vis til ein sommarfugl Vinter: "Henrik And" av Anna R. Folkestad. Dette er ei nynorsk biletbok om anda Henrik som gjerne skulle ha vore noko anna enn det han er. Ein sjiraff kanskje? Eller ein hund? Etter kvart finn han ut at det kanskje ikkje er så verst å vere ei heilt vanleg and. Vår: "Dagen opp ned" av Martine Grande. Denne nynorske biletboka handlar om flaggermusene Ida og Oda. Ein dag vaknar dei to flaggermusene og oppdagar at verda ser heilt annleis ut når det er lyst og ikkje mørkt. Ida og Oda brukar å vere vakne når alle dei andre dyra søv, men no oppdagar dei at dyra dei møter har ulike lydar. Sommar: Eventyret "Gullhår og dei tre bjørnane". Dette er eit engelsk folkeeventyr om Gullhår som finn huset til dei tre bjørnane i skogen. S i d e 5 20

Vi har valt å ha fokus på fire biletbøker i løpet av året. På denne måten får vi god tid til å fordjupe oss i den einskilde boka. Vi ser at gjentaking, korte songar, enkle aktivitetar og det å bruke sansane fengjer merksemda til dei yngste. Innhaldet i bøkene presenterer vi på ulike måtar og gjennom ulike media. Vi ønskjer å ta oss tid slik at vi kan følgje barna sine interesser. Vi tek omsyn til det vi ser barna gleder seg over, og er opne for at barna skal kunne kome med innspel på sin måte. Den nye Rammeplanen for barnehagen som vart gjort gjeldande frå 1. august i år seier at barnehagen skal støtte barna i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining gjennom dialog og samspel (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 10). Personalet skal anerkjenne og respondere på barna sine ulike verbale og nonverbale uttrykk, og støtte språkutviklinga deira. Samstundes skal personalet støtte fleirspråklege barn i å bruke morsmålet og aktivt fremje den norsk-språklege utviklinga deira. I fagområdet "Kommunikasjon, språk og tekst" seier Rammeplanen at barna skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale. I Snøkrystallen legg vi vekt på at barna skal få oppleve bøkene på ulike måtar og i eit tempo som er tilpassa dei yngste. I boka "Les mer! Utvikling av lesekompetanse i barnehagen" skriv Trine Solstad om kvifor høgtlesing for barn er viktig. Nokre sentrale punkt er å: gjere borna nysgjerrige og skape interesse for skriftspråk gje barna erfaringar slik at dei etter kvart utviklar språket sitt frå eit her-ogno-språk til eit der-og-då-språk, dvs at dei kan fortelje om noko dei har opplevd tidlegare på ein slik måte at det skaper meining for den som høyrer på auke barna sitt ordforråd og gje barna sjangerkompetanse, til dømes å kjenne att eventyr som startar med "det var ein gong" samtale med barna om tekst, noko som verkar positivt inn på barna si språkutvikling skape leselyst øve opp "fantasimuskulaturen" og få større forståing for eigne og andre sine følelsar, reaksjonar og måte å vere på I tillegg ser vi at høgtlesing og formidling av tekstar gjev barna felles opplevingar. Desse opplevingane skaper ei felles "plattform" som er eit godt utgangspunkt for leik og samspel. Vi ønskjer at barna skal kunne få leike ut dei inntrykka tekstane gjev dei. Difor ønskjer vi at bøkene og leikemateriell som er knytt opp mot bøkene skal kunne vere tilgjenglege for barna slik at dei sjølve kan bla i bøkene og ta initiativ til leik. Temaet for dette barnehageåret er "Spor med nynorsk". Vi bur i ein del av landet der dialekten vår ligg tett opp mot nynorsk, og dette er ein del av identiteten vår. Likevel er det oftast bokmål barna møter gjennom bøker, tv, filmar og songar. For å bli trygge nynorskbrukarar må barn i område med nynorsk som hovudmål møte nynorsk skriftspråk. Nynorsksenteret ved Ingeborg Mjør har laga ei liste med åtte innspel for ei nynorsk språkstimulering: S i d e 6 20

1. Samtal med barn om språkbruk og språkleg variasjon. Barn har mange erfaringar med språkleg variasjon og har nytte av eit vokabular som uttrykkjer denne variasjonen. Lær barna ord som "nynorsk", "bokmål", "tospråkleg", "dialekt", "samisk", "bosnisk", "morsmål" osb. Og bruk orda i samtalar med barna. 2. Bruk nynorsk i rutinesituasjonar I dei songane og tekstane ein ofte brukar: bordvers, namneleikar, fødselsdagssongar, kalenderdikt, m.m. 3. Barnehagebarn lærer gjennom øyra I høgtlesing, songar, dikt og lydbøker 4. Dialekt er ikkje alltid betre enn nynorsk Barn må få møte den nynorske skriftnormalen og det nynorske lydbiletet, slik dei kvar dag møter bokmål. Dei må få høyre ordformer som "eg", "dei", "heim", "hugse", "tenkje", "drøyme", "byrje", "spennande", "tidleg", osb. 5. Personalet må oppmuntrast og motiverast til å lese nynorsk høgt. Hugs: Sjølv om nokon kjenner seg utrygge, så vil det høyrast heilt fint ut for dei som høyrer på. 6. Bruk nynorsk skrift på veggen Til dømes kan det stå "Eg heiter Caroline" på garderobeplassen i staden for berre "Caroline". 7. Bruk nynorsk i sjangrar barn brukar når dei teiknar og skriv Til dømes "Til mamma frå Ola", "Helsing Rutt" og "Eg håpar du har det bra". Og: Gjer dette uavhengig av korleis ungane dikterer. 8. Inkluder foreldra Dagens pedagogiske og politiske vekt på tidleg språkstimulering er eit godt utgangspunkt for å motivere også foreldre til å tenkje nynorsk språkstimulering, særleg høgtlesing. (frå www.nynorsksenteret.no/8innspel) Sjølv om nokre av desse punkta kanskje er mest aktuelle for litt større barn, vil fleire av punkta vere viktige i arbeidet med språkstimulering for våre Snøkrystallar også. Vi gleder oss til spennande og gode lesestunder på nynorsk! S i d e 7 20

Kvart år arbeider vi med å ha god kvalitet på arbeidet vårt. For å sikre dette jobbar vi med ulike fokusområde der vi går gjennom og finn felles teikn på god kvalitet i lag med dei andre barnehagane i kommunen. På heimesida vår finn du alle dei ulike fokusområda vi har vore innom. I år startar vi med eit fokusområde som har ordlyden: «Språkstimulering i det fysiske miljøet» Språk har vore eit satsingsområde i arbeidet med kvalitet i fleire omgangar, der både lesing og ulike arbeidsmetodar for språkstimulering og leselyst har vore på agendaen. Vi har også arbeidd med mange andre viktige område i barnehagen, både samarbeid heim barnehage, samlingstunda, garderobesituasjon, måltid har vore gode fokusområde å sjå nærare på. Arbeidet med fokusområdet «på tur med barnehagen» var godt å kunne sjå nærare på både med tanke på formål, tryggleik og fysisk fostring.. Her lærte vi mykje, og gjorde gode erfaringar med små endringar, som kunne gjere turane våre endå betre. I fagboka «Barns språkutvikling, muntlig og skriftlig» av Anne Høigård 2013, side 79, står det: Bokstunder kan en begynne med allerede i barnets første leveår. I starten dreier det seg om å se bildene, og samtalen handler mest om å utpeke og sette navn på kjente ting i bildet. Det er viktig at den voksne er sensitiv overfor barnets innspill i boksamtalen og ikke bare tenker på å formidle teksten slik den står. Vi bruker gjerne betegnelsen dialogisk lesing om denne typen samvær omkring bøker. Vi gleder oss til arbeidet vidare utover hausten, med «Spor av nynorsk», årstidene og våre små venner, alt som gjer oss til Snøkrystallen. Spora håpar vi å finne igjen ikkje berre i temabøker, men i daglegelivet, samtalar, regler, rim, songar og i det fysiske miljøet både i barnehagen, men og i uterommet og nærmiljøet. Vi gleder oss til eit spennande, viktig og lærerikt tema for både store og små. Nynorsksenteret sitt kurs, «Klart vi les!» var inspirerande og lærerikt til å gripe tak i temaet. S i d e 8 20

Eit år saman i Snøkrystallen småbarnehage Tema: Spor med nynorsk! Sidan temaet dette året er nynorsk, vil fokuset gjennom heile året i stor grad vere knytt opp mot nynorsk gjennom bøker, songar, rim, regler etc. I tillegg vil vi fortsette å ta vare på gledene i kvardagen. Vi vil møte kvart einskild barn som ein unik person full av moglegheiter. Det er fleire morsmål representerte i barnegruppa, og dette ser vi som ein ressurs i arbeidet vårt. Kanskje kan vi lære oss nokre enkle ord på dei ulike språka? Sjølv om våre snøkrystallar ikkje er så store, så er dei midt i "ordsamlarperioden". Ordlæringa kan gå seint i starten, men når barnet kan om lag 50 ord, skyt utviklinga fart. Dei oppdagar at alle ting har eit namn, og nye, spennande og artige ord fangar interessa deira. I samarbeid med biblioteket vil vi lage til eit mini-bibliotek med bøker på ulike språk som de som foreldre kan låne med dykk heim og lese for barnet. I tillegg vil vi prøve å lage eigne bøker i barnehagen. Dette skal vere bøker der vi tek utgangspunkt i barna sine interesser og lagar biletbøker i lag med barna. Ved at vi tek tak i barna sine initiativ og følgjer desse, får barna medverke og aktivt påverke barnehagekvardagen. Gjennom året vil vi glede oss over dei ulike årstidene i lag med barna. S i d e 9 20

Hausten - September, Oktober og November. Eg er den vakande, eigande, det auga som ser, den dropen som speglar, himmelens vêr. -Olav H. Hauge- Temabok: "Larven Aldrimett" av Eric Carle Vi har valt å starte barnehageåret og hausten med biletboka "Larven Aldrimett" av Eric Carle. Dette er ei bok med ei enkel, men likevel spennande handling. Larven startar som eit lite egg, og etter kvart som han et seg gjennom boksidene, veks han og blir stor. Til slutt endrar larven seg til ein flott sommarfugl. Det finst ulike utgåver av boka - fingerdokkebok, peikebok og ei "Lek og lær med Aldrimett"-bok. Vi vil bruke dei ulike utgåvene for å presentere historia om den vesle larven. Forteljinga om den vesle larven er ein klassikar. Den er oversett til 56 språk, og det er totalt selt 38 millionar eksemplar av den! Ved presentasjon av forteljingar legg vi vekt på å bruke konkretar. Konkretane er med på å gjere forteljinga meir levande for dei yngste. Vi er så heldige å ha fleire i personalet som likar å strikke, så no har vi fått både strikka-larvar i ulike størrelsar og ein fantastisk strikka sommarfugl! S i d e 10 20

Boka har enkle teikningar med klare fargar. Boka kan lesast rett fram slik den er, men vi kan også lese boka med fokus på fargar, teljing, namn og former på frukter/mat etc. Larven et mange ulike typar frukt. Kanskje kan vi prøve ut nokre av dei same smakane og luktene? Hausten er ei fin tid i barnehagen. Det er ei tid då vi kan bruke sansane våre på mange måtar. Lauvet på trea som vi ser skiftar farge frå grønt til gult, raudt og oransje. Rognebæra vi ser på trea. Lukta av lauv og smaken av eple og plommer. Å kjenne vinden og regnet i ansiktet. Hopping, tramping og leik i søyledammane. Sjølv om vi ser at det vert mørkare om morgonen og lufta vert kjøligare, så er det noko magisk med det også. Årstidene skiftar og vi får vere med og oppleve det. Ingen har varda den vegen du skal gå. Ut i det ukjende, ut i det blå. -Olav H. Hauge- Tavla i haust: 15.august: var fyste planleggingsdag. 18. september: var barnehagemøte for Foreldra. Veke 40: Brannøving. 25. oktober: Planleggingsdag. Barnehagen er stengt. Veke 45: Foreldresamtaler 15. november: Planleggingsdag. Barnehagen er stengt. Om hausten prøver vi å få til: Vi ser på haustteikn, og spora som hausten set på det rundt oss ute. Vi plukkar plommene på treet vårt. Vi samlar fine ting i skogen Vi ser etter blåbær i skogen Vi snakkar om klede, kva vi må ha på i forhold til veret. Vi målar og lagar haustbilde, som vi dekorerer med inne. Vi lærar oss songar om hausten og blir kjende med bøker og regler om hausten. Dei eldste får gå på små turar i skogen og på biblioteket. Mot slutten av hausten lagar vi hemmelege ting, som ingen får sjå før dei sit på julekvelden og opnar gåver frå sine små! S i d e 11 20

Vinter - Desember, januar, og februar. Snøstjerne, kvitstjerne, kvar kjem de i frå? Sei, bur de der oppe i skyene grå? Snøstjerne, kvitstjerne, å, skunda dykk hit og legg dykk i haugar, så marka blir kvit. Snøstjerne, kvitstjerne, på ski vil eg stå i snøkvite bakkar, så fort det kan gå. Desember er fyrste vintermånaden, og i Snøkrystallen er denne månaden heilt magisk. Vi pyntar og gjer barnehagen klar for ei tid vi prøver å fylle med ro, sansing og opplevingar som set spor. Vi bakar og tek livet med ro. Barnehagen er full av ting å sanse og oppleve både ute og inne. Vi les bøker om vinter og jul og syng julesongar og adventsongar. I adventsstundene våre tenner vi lys. Vi ventar på den fyrste snøen. Desember i Snøkrystallen er magisk. Temabok: Henrik And I januar er det biletboka Henrik And som er temabok i Snøkrystallen. Dette er forteljinga om Henrik And. Han er ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum - han vil vere noko anna. Dersom han var noko anna, til dømes ein hund eller ein sjiraff, ville han kunne gjere heilt andre ting. Problemet er at han ikkje heilt veit kva han vil vere S i d e 12 20

Henrik And er skriven av Anna R. Folkestad. Boka har ein enkel tekst med regleelement og gjentakingar, noko som gjer at den passar godt til våre snøkrystallar. Illustrasjonane er enkle, fargesterke og morosame. Alle dyra som Henrik And ønskjer han kunne vere har nemleg hovudet til Henrik. Sidan vi har nynorsk som tema dette året, er boka sjølvsagt på nynorsk. Vi ser at dyr er noko barnegruppa interesserer seg for, og i denne boka er det verkeleg rom for å kunne bruke fantasien! Vi kan presentere boka på mange ulike måtar, til dømes høgtlesing, dramatisering og leik. Nokre av dyra som Henrik And vil vere er kjende for barna, til dømes hund og katt, medan andre av dei, til dømes hamster og flaggermus, kanskje er meir ukjende. Gjennom forteljinga om Henrik And kan vi verte betre kjende med dei ulike dyra. Forteljinga kan vi også ta med oss ut på tur. Hund og katt er dyr som vi ofte møter på turane våre rundt i nærmiljøet. Kanskje kan vi ta ein tur ned til fjorden for å sjå på endene som bur der. Snøen er her, no er det endelig kvitt på taket og kvitt på vår veg. Verda er still. Verda er varm under snøen, under snøen. Skal me gå ut, høyre på låten av føter traske i nykommen fonn. Så vert det leik, alle i leik uti snøen, uti snøen. -Odd Nordstoga- HUGS: Viktig å ha varmt tøy i barnehagen. Både til å vere ute i og ekstra varmt tøy til å sove i ute. Små nok vottar og store nok sko. Hugs å ta ut skosolen og måle, barnefoten veks fort og treng 12 mm såle framom stortåa! Hugs å merke nye klede før ein kjem etter juleferien! Barnehagen har solkrem, men det kan vere godt med solbriller. Lyset blir skarpt når vi har sol og snø ute! S i d e 13 20

Vinter i barnehagen: Songar, historier, bøker om vinteren og jul. Snø og is byggeprosjekt. Sparketurar. Former ute og inne. Sola som kjem tilbake etter nyttår. Adventsgudsteneste ein dag i desember. Felles gudsteneste for alle barnehagane i kommunen. Solfest. Ake, turne, skli i snø! Treet vårt blir pynta med lys og adventspynt, og får jobben som adventstre i desember! Tavla 01.desember: Vi opnar «Desember barnehagen» 7. desember: adventskaffi Ca. 14. desember: Barnehagegudsteneste Ca. 20. desember: Grautfest/Nissefest 22. desember: siste dag i barnehagen i 2017. 2. januar: Planleggingsdag. Barnehagen stengt. 3. januar: Første dag i barnehagen i 2018, barnehagen fyller 11 år! Ca. 16. januar- Solfest! S i d e 14 20

Vår! Mars, april og mai. Å høyr, når våren flaum og foss og storelv spelar sin bas for ossnår fonnlaup durar frå Torenut, då våren ter seg som «storegut». -Matias Orheim- Temabok: Dagen opp ned Temaboka denne våren er den nynorske biletboka "Dagen opp ned" av Martine Grande. Boka handlar om å sjå verda med heilt nye auge. Dei to flaggermusene Ida og Oda bur saman med foreldra sine høgt oppe i eit tre. Ein dag vaknar dei to flaggermusene av nokre rare lydar. Saman legg dei ut på tur. Det er uvant for dei to flaggermusene å vere ute i dagslys, og dei oppdagar etter kvart at alle dyra har ulike lydar. S i d e 15 20

Gjennom boka vert vi kjende med ulike dyr og dyrelydar. Handlinga i boka går føre seg på ein gard, så sjølv om flaggermus kanskje er eit ukjent dyr for barna, så er nok dei fleste andre dyra kjende og kjære. Illustrasjonane er fargerike og tydelege, men inneheld likevel detaljar som vi kan legge merke til og samtale om. Motsetnader er sentralt i denne boka. Lys og mørkt, varmt og kaldt, stor og liten. Etter kvart som våren vaknar til live, brukar vi så mykje tid som vi kan ute. Mange av dei dyra vi les om i boka kan vi sjå i nærmiljøet vårt. Turane våre vert lengre, og det vert kjekkare å ta med seg mat og bruke heile dagar ute. I mai feirar vi grunnlovsdagen med flagg, song og musikk. Vi deltek i barnehagetoget, og etterpå er det fest i barnehagen. Etter kvart kjem det blomstrar som vi kan plukke, og alle får vere med på hagearbeid i barnehagen. Vi rakar, plantar, kostar og gjer det fint. Både formingsaktivitetar, lesestunder og samlingar kan vi ta med oss ut. Du skal ikkje tru det blir sommar før vi jagar vinteren bort og gjer slik at sola får skine, så det kan bli sommar litt fort. Eg trollar så blomane blømer og graset blir grønt kvar du går. Ta av deg dei støvlane dine. Eg sopte bort snøen i går. S i d e 16 20

HUGS: Det er viktig å ha både varmt tøy, men og litt lettare klede utover våren. Når sola kjem for fuldt i barnehagen vår, blir det fort varmt i solveggen! Vi kjøper inn solkrem, men skyggehue/ solbriller kan vere godt å ha. Om våren prøver vi å få til: Påskelunsj for barna i barnehagen. Vi lagar påskepynt og pyntar til påske. Vi pyntar treet vårt med fine påske- egg! Vi lærer 17. mai- songar og vårsongar. Vi ser på vårteikn. Vi ryddar og gjer klart for våren ute. Plukkar rusk og rakar og kostar. Hoppar i søyler. Ser på snø og is som smeltar. Det blir spennande å sjå kva som skjer med treet vårt no om våren. Tavla: 28.mars-2.april: Påskeferie. 2. april: 2. påskedag. 1.mai: offentlig høgtidsdag 10.mai: Kristi himmelfartsdag 11. mai: Planleggingsdag 17. mai: Grunnlovsdag 20.mai: 21.mai Pinse S i d e 17 20

Sommar- Juni, juli og august Eg gjer mykje vatn i bekken som hoppar og brusar av stad. Eg gjer fullt av svaler i lufta og myggar som svala kan ta. Eg gjer nye lauvblad på trea, og fullt opp av fuglereir små. Eg gjer himmelen vakker om kvelden, heilt rosa, med gullskyer på. Temabok: Eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane Eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane er eit engelsk folkeeventyr. Vi møter Gullhår som er ute på tur i skogen der ho oppdagar huset til dei tre bjørnane. Bjørnane er ikkje heime og Gullhår går inn i huset. Ho smakar på grauten til bjørnane og prøver både stolane og sengene deira. Når bjørnane kjem tilbake, finn dei Gullhår sovande i senga til den minste bjørnen. Sidan vi har nynorsk som tema dette året, vil vi fortelje eventyret på nynorsk. Eventyret er oversett til mange språk, og vi vil prøve å skaffe eventyret på dei morsmåla som er representerte i barnegruppa. Vi håpar at foreldra kan hjelpe oss S i d e 18 20

med å lese eventyret på sitt morsmål heime. Barnet vil då få ei førforståing av kva eventyret handlar om, og det vil bli lettare for barnet å følgje handlinga på norsk i barnehagen. Eventyret kan vi presentere på mange måtar, til dømes gjennom høgtlesing, dramatisering og forteljing med bruk av konkretar. Om sommaren er vi ofte ute nesten heile dagen. Det er mykje kjekt å finne på ute, og tenk så fint å sleppe regnklede, tjukke uteklede og store støvlar! Det er i alle fall slik vi håpar sommaren blir; sol og varme. På fine sommardagar er det fint å ha kort veg til skogen. Både Vårsetra og Utsikten er fine turmål. I tillegg har vi ein sentrumsdag i løpet av sommaren. Då spaserer vi ned til sentrum og brukar dagen der. HUGS: Barnehagen har solkrem. Hugs å ta med solhatt og solbriller på varme dagar. Og jordbær det gjer eg til barna, for det meiner eg dei skal få, og andre små artige saker som passar når barna er små. Så lagar eg festlege stader der barna kan springe så lett, og da blir dei fulle av sommar og beina av hopp og av sprett. Om sommaren prøver vi å få til: Sentrumsdag med henting ved hærmuseet. Tur til Bjørkedalen. Tur til Vårsetra og Utsikta. Sommarfest med stor sporutstilling ute og inne i heile barnehagen. Mange småturar i nærområdet. Vi får vaske leikene! Vi syng sommarsongar og andre songar. Dei som skal slutte, prøver vi å få til å besøke den nye barnehagen. Vi plukkar blomstrar, lærer namn. Tavla: 5. juni: 2. pinsedag 16. juni: siste skuledag for grunnskulen 17. juli: siste dag før feriestengt Veke 29, 30 og 31 er barnehagen sommarferiestengt, bestemt på foreldremøtet 6. september 2015 14. august: siste dag i barnehageåret. S i d e 19 20

Ikkje med det eg seier Av Jan-Magnus Bruheim Ikkje med det eg seier eller med det eg gjer, heller med det som ordlaust syner deg kven eg er, ville eg røre varleg, stilt ved din hjartestreng, så solstrålar glitrar i morgondoggen over di blome-eng. S i d e 20 20