Gunnar Hatlevik Øvre Hageby 23 5402 STORD Vår dato: 19.06.2015 Vår ref: 2015/1699-11634/2015 / 40/2 Dykkar ref: Godkjent tiltak - 40/2 - Arealoverføring til 40/172 DS-288/15 Søknad om arealoverføring, motteke 18.05.2015. VEDTAK: I medhald av 19-2, 20-1 m, 21-4 og 26-1 i plan- og bygningslova (PBL) vert det gjeve dispensasjon og løyve til arealoverføring i samsvar med søknaden på følgjande vilkår: 1. Arealoverføring mellom gnr/bnr 40/2 og gnr/bnr 40/172 vert godkjent som vist på kart stempla RBO 29.05.2015. 2. Det vert gjeve dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel frå føremål friområde, omsynssone friluft og bevaring naturmiljø. Vedlagd følgjer saksutgreiing. Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen. Klagen må vere mottatt/posttempla innan 3 veker frå den dag dette brevet er motteke, jf. Forvaltningslova 28 og 29. Klagen må grunngjevast skriftleg og signerast. Klagen skal sendast til Stord Kommune, Regulering byggesak oppmåling, Postboks 304, 5402 Stord. Med helsing Lovise Vestbøstad einingsleiar Merete Refstie Hageberg sakshandsamar Brevet er godkjent elektronisk, og har difor inga underskrift Vedlegg: Kopi av kart Orientering frå landmålar Kopi til: Yngve Sagvaag Lunde Øyvind Agdestein Linn Kari Langhelle Frode Hatlevik Regulering, byggesak og oppmåling Postboks 304 5402 Stord Rådhuset rbo@stord.kommune.no Organisasjonsnr.: 939 866 914 Telefon 53 49 68 36 Telefaks 53 49 66 01
Rådmannen 19.06.2015 Saksutgreiing for sak DS-288/15 Dokument i saka: - Søknad om arealoverføring, datert 13.05.2015 - Kart, stempla RBO 29.05.2015 - Gjenpart av nabovarsel, datert 13.05.2015 Bakgrunn: Regulering, byggesak og oppmåling (RBO) mottok 18.05.2015 søknad om arealoverføring av eit tilgrensande areal til eigedom gnr/bnr 40/172, i Øvre Hageby. Arealet har i lang tid vore nytta og opparbeida som del av eigedomen. Det er bygd terrasse på delar av dette arealet. Arealet er om lag på 125 m 2. Planstatus: Arealet som er søkt arealoverført ligg i uregulert område som i arealdelen av kommuneplan for Stord 2010 2021 er vist som friområde. I tillegg er området synt som omsynssone friluftsliv og bevaring naturmiljø A prioriterte naturtypar. Eigedom 40/172 er i kommuneplan for Stord 2010 2021 synt til område for bustad. Dispensasjon: Det er søkt om dispensasjon frå arealføremålet i kommuneplan for Stord 2010 2021. Grunngjeving: Arealet har sidan eigedomen vart etablert, av førre eigar, vore brukt og opparbeida til føremål bustad. Det er blant anna etablert ein terrasse og tilkomst til kjellar med trapp på dette arealet. Området har såleis ikkje vore brukt og opparbeida etter planen. Vurdering av dispensasjon: Området som er søkt arealoverført til ei bustadtomt er i arealdelen av kommuneplanen vist som friområde med omsynssone friluftsliv og bevaring naturmiljø. Grensa for desse sonen er lagt i eigedomsgrensa. For denne eigedomen er eigedomsgrensa i underkant av 1,5 meter frå austre hushjørne. Størsteparten av terrassen ligg dermed i området som er synt til friluftsområde og bevaring naturmiljø. Rådmannen meiner difor at det er grunnlag for å sjå på ei justering av eigedomsgrensa til denne eigedomen. Då området her er opparbeida til uteplass og nytta til privat hageareal i dag er det lite truleg at det vert nytta som del av tilgrensande ålment friluftsområde. Området som er opparbeida til hageareal er såleis heller ikkje noko verdifullt areal i samband med bevaring naturmiljø. Rådmannen kan ikkje sjå at tilgjenge for ålmenta vert råka av å justera grensa til denne eigedomen. Det er eit stort belte att til å passera langs Gullberg-fjellet. Og på nedsida av eigedomen går det ein sti ned mot friluftsområdet. Det er truleg denne stien som vert nytta av turgåarar i området. Etter ei samla vurdering meiner rådmannen at fordelane ved ein dispensasjon er større enn ulempene. Nabovarsel: Naboar er varsla, kommunen har ikkje motteke merknader til søknaden. Vurdering: Av 26-1 i plan- og bygningslova (PBL) går det fram følgjande: «Opprettelse av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer enn 10 år, jf. lov om eiendomsregistrering, eller endring av eksisterende eiendomsgrenser, må ikke gjøres på en slik måte at det oppstår forhold som strider mot denne lov, forskrift eller plan.» Arealet som er søkt arealoverført er allereie opparbeida med terrasse og hageareal. Dette har vore slik sidan eigedom 40/172 vart utbygd, på 1960-talet. Rådmannen meiner at det kan gjevast løyve til ei justering av grensene slik at opparbeida terrasse kan innlemmast i bustadeigedomen. Dette vil ikkje innskrenka tilgjenge til friluftsområdet ved Gullberg. 2
Konklusjon: Søknaden om løyve til arealoverføring frå gnr/bnr 40/2 til gnr/bnr 40/172 vert godkjent på nærare fastsette vilkår. Saka kan avgjerast etter 19-2 og 21-4 i PBL og i samsvar med delegasjonsfullmakt. 3
Oppmålingsavdelinga Til søkjar Vår dato: Vår ref: eph xx Dykkar ref: Orientering frå landmålar Ved arealoverføring frå matrikkeleining med pantehefte (typisk banklån) tinglyst i grunnboka skal det føreliggja erklæring om pantefråfall frå panthavar i det avgjevande arealet. Originalt pantedokument må sendast til tinglysing påført eller vedlagt krav om sletting eller pantefråfall. Stord kommune rår panthavarar til å formulera påteikninga som følgjande: Pant vert fråfalle i om lag x m^2 som vert overført ved arealoverføring frå gnr/bnr x/x til gnr/bnr x/x. Arealoverføringa er registrert i Stord kommune med saksnummer Eph xx/xx. Pantehavaren bør senda inn og tinglysa denne på førehand, men kan også leggjast ved til tinglysing i same ekspedisjon som resten av dokumenta når kommunen sender til tinglysing. Då må pantefråfallet leverast kommunen. Bankane vil oftast senda originale pantedokument med påteikna pantefråfall til tinglysing sjølv. Ved andre tinglyste pengehefte (typisk urådigheit, forkjøpsrett, leieavtale, utleggsforretning o.l.) må det føreliggja erklæring om pantefråfall frå panthavar Ved slike hefte er det nok at panthavar skriv ein laus erklæring (nytt dokument) med same påskrift som vist over med kursiv. Det er altså ikkje naudsynt med påteikning på originalt pantedokument. Denne typen pantefråfall kan leverast til kommunen for vidaresending til tinglysing saman med resten av dokumenta. Pantefråfall eller sletting utløyser ikkje tinglysingsgebyr. Det er ikkje mogleg å gjennomføra ein arealoverføring dersom pantehavar ikkje gjev pantefråfall eller slettar pant. Ved arealoverføring mellom matrikkeleiningar med ulike eigarar skal registrert eigar og/eller festar fylla ut og skriva under på erklæring om arealoverføring. Ta kontakt med oppmålingsavdelinga dersom De har spørsmål og/eller treng hjelp til klarlegging av pantehefte og/eller utfylling av skjema for erklæring om arealoverføring. Dersom De ordnar ovannemnde no i løpet av klagefristen for delingsvedtaket, kan oppmålinga og fullføringa av saka gå utan unødig opphald. Med helsing Landmåler Oppmålingsavdelinga 4
5
6
7